mandag 31. januar 2011

Heime og borte

Nokon visare enn meg må ein dag forklara meg skilnaden mellom ein region og ein krets. Ja, normalt meiner eg at eg veit det (og kanskje også at eg er nokolunde vis), men i tilfellet "Regionsmesterskapet for Hordaland" melder eg pass. Kretsane føl stort sett fylkesgrensene. I geografien elles vil ein "region" vera ei samling av fleire fylke, ein region kan også vera eit mindre område. Men så vidt eg har forstått er her "regionen" og "kretsen" det same?...

Vel, vel, første delen av dette Regionsmesterskapet blei i alle fall avslutta søndag. Det var dei eldste gruppene som gjorde seg heilt ferdige borte i Høiehallen. Monika Benserud (J15) gjer det framleis skarpt i hekkeløp, med 9,12 på "gamlehekken", 60 meter (76,2). Når me kjem utomhus, så er det 80 meter som gjeld (men der har Monika alt samla seg erfaring frå fjoråret). Søster Marianne (J16) vann høgde på 1,50 (etter omhopp, like så godt). 1,50 er 2 centimeter over UM-kravet. Amund Høie Sjursen (G15) var for så vidt fem centimeter bak UM-kravet i lengde, då han prestert 5,40, men han var jo godt over dette med 5,85 ein haustdag på Osterøy i fjor.

No er det mange av oss som ser fram til innomhusmesterskapet i 2012 (enten om det er region- eller krets-), ute på Leikvang med løp som er lengre enn 60 meter også! Symbolsk for lengten etter det litt lengre får Ingrid Næss Johansen (J14) vera: Ho sprang 800 meter i Stangehallen søndag, der ho kom i mål på 2:44,04. Vel er det eit stykke å køyra til Leikvang, men noko nærmare enn Stangehallen er det i alle fall! Me gler oss.

søndag 30. januar 2011

Eit hav av tal

Det går litt rundt nett no, etter ein vellykka blogg-treningsleir der sør. Eg har nett lagt bak meg ein liten maraton - i resultatlister frå fjern og nær. I den nye Ranheimshallen kan dei ikkje styra seg, der arrangerer dei stemne minst ein gong i veka. Dei får ein formidabel arrangementerfaring, men dei må også passa på å unngå å bli utbrende - før tida og før UM...

Eg har notert meg i alle fall fire klubbrekordar sidan sist. To av de er vel i eit slags grenseland, i den utradisjonelle og uoffisielle øvinga tresteg utan fart. Prestasjonane gir 0 poeng på Tyrvingtabellen og det finst ingen tradisjon for rekord-registrering, men det har neppe vore mange tresteghopp utan fart opp igjennom åra heller. Og når så prestasjonane kom på Gneist sitt eige stemne den 15. januar, så må ein vel ta dei på alvor? Eirik Leikvoll, som sikra seg tilsvarande rekord i 12-årsklassen i fjor, hoppa 5,67 i G13. Marianne Benserud hoppa 6,77 i J16 i same stemnet. Marianne har også heva eigen rekord i stav i J16, til 2,94 (persen er framleis frå 2010: 3,25).

Frå regionsmeisterskapens første dag merkar me oss i alle fall tre ting:

- Eit framifrå hekkeløp av Maren Haugen Lillefosse (J13), på solide 10,11. Det er godt betre enn gjeldande klubbrekord, Kristin Lilands 10,23 frå 2002 - og det gir 998 poeng på tyrvingtabellen.

- Solide hekkeløp også frå Emil Engelsen Holm og Håkon Helle (G14). Løpa plasserer dei på høvesvis 1. og 3. plass på norgesstatistikken så langt.

- Og det er framleis ikkje mange kastarar i Gneist... Me får håpa på at dei yngste stiller i større mengder når dei skal i gang med sitt regionsmeisterskap om litt. Det var mange innandørskast som heva poengsummane i lagserien i 2010. Til så lenge får me gleda oss over fin forbetring for Sondre Rinde (G13) med 3kilos-kula, til 8,45.

onsdag 19. januar 2011

Intervallar langs promenaden

Å springa intervallar langs promenaden frå/til Arguineguin er ein prövelse. Eg meiner: Folk slentrar av garde i alle retningar og nektar å flytta seg. Det er oss, springarane, som må driva med slalåmspringing med högt risikonivå. I tillegg kjem at eit kraftig uver i desember faktisk öydela delar av promenaden, slik at me må driva med steinklatring i strandkanten slik innimellom også.

Men når det er sagt: me klarer det, sjölvsagt gjer me vel det. Og så ordnar me oss, slik at intervallar blir tekne ved soloppgang, med sola i ryggen og folk sovande i sengene sine - eller ved solnedgang, der dei slentrande (pensjonistane, stort sett) er langt faerre og slalåmövingane blir tilsvarande mindre.

Temperaturen er behageleg, det er lite holkeföre...

Me lever til og med godt med at tastaturet er svensk

torsdag 13. januar 2011

Bloggen på treningsleir

Bloggen dreg no på treningsleir.

Den treng for det første kvile: Dette er blogg nr. 39 sidan oppstarten først i desember. Og bloggaren oppdagar innimellom nokre ungar som spring rundt om her - kor kom dei ifrå? - og det ligg ei mappe her på pulten det står "Jobb" på, kva var no det igjen? Jo da...

For det andre treng bloggen ny oppfrisking, nye impulsar - og slike ting. Nye impulsar for ein friidrettsblogg finst ikkje i snø, slaps, kaldt regn, sludd, holke. Dei finst i sol og varme og palmesus. Vonleg.

Ei von er det også at det skal bli eit par-tre oppdateringar også frå bloggens treningsleir, så følg med, følg med.

Og når impulsane og den nye frisken er på plass, så er det mykje å oppdatera: Her skal det springast og hoppast (kanskje pittelitt kulestøtast også?) for harde livet også utover i januar. I tillegg stig sola (når ho er framme) og det nærmar seg betre tider klimatisk og vermessig og friidrettsmessig.

Takk for mange gode tilbakemeldingar!

Hasta la vista...

tirsdag 11. januar 2011

Rapport frå Manchester

Dette skuleåret bur Andreas Iden i England, nærmare bestemt i Manchester. Denne rapporten kjem frå papen, Jon:

"Mye er annerledes i England. For eksempel har de allerede nå i begynnelsen av januar satt frem påskegodtet i nærbutikken vår (Tesco), og det uten at folk flest har pakket vekk julen.
En annen forskjell er friidrettsåret. Mens vi i Norge legger vekk piggskoene i vinterhalvåret, skifter engelskmennene bare om fra ”track and field” til ”cross country”.  Fra oktober til mars er det terrengløp som gjelder. I oktober deltok skolen til Andreas i tre konkurranser med andre skoler. Etter skoletid på fredag ble laget fra skolen hans kjørt med innleid buss til parken der terrengløpet var. Løpet var på ca. 1500m, og det ble konkurrert i skoleuniformen, dvs. gymtøy-uniformen. De fleste brukte joggesko. Det var skikkelig bløtt og sølete, og guttene var så skitne etterpå at bussjåføren ba dem om å ta av seg på føttene før de fikk komme inn i bussen. Gneist gjorde det bra, med førsteplass i alle tre løpene J. På mandagen etter kom nesten alle lærerne på skolen for å gratulere Andreas. De likte at skolen vant.
I begynnelsen av november var Andreas med på det engelske mesterskapet i terrengløp, stafett. Det var tre utøvere på hvert lag, og hver etappe var på 3000 meter. I England har de ikke klasser for hver aldersgruppe, så Andreas konkurrerer i gutter 17 (U17 boys). I hans klasse var det over 100 lag med, og som det framgår av av bildet var det trengsel på startstreken. Andreas løper for Sale Harriers Manchester, de var tre femtenåringer på laget, alle med 1500m pers på rundt 4.10. Det ble en fin 25. plass.


Andreas har også vært med på tre terrengløp som klubbene her i Greater Manchester arrangerer. Løypene varierer fra 4000m til 6000m, og det er virkelig terrengløp; det blir løpt på jorder, i skog, på stier, i gjørme, oppoverbakker og nedoverbakker. Knallhardt! Og farten er høy, de stormer ut fra start. På disse løpene har Andreas fått tredje- og fjerdeplasser, noe han er svært fornøyd med siden han konkurrerer i 17 års klassen.
Før terrengløpsesongen er over planlegger Andreas å få med seg klubbmesterskapet for Nord-England, som i år går i Sunderland, og det store engelske skolemesterskapet, som i år går i Birmingham. Det siste løpet vises direkte på TV. Tune inn på Europort J.

mandag 10. januar 2011

Landsstatistikk

Mange kjenner til friidrettsforbundets nasjonale statistikk, andre gjer det ikkje. Underteikna har vore medlem i NFIF sitt Rekord- og statistikkutval sidan 2008 og er såleis i gang med min fjerde sesong som nasjonal statistikkførar. Det finst knapt gjævare tittel?

No er eg involvert i statistikken for jentene fødd i 1997 (mellom dei Anna Serine Røssland), gutane fødd i 1995 (mellom dei Anders Bjørndal, Andreas Iden og Ole Martin Røssland) og gutane fødd i 1997 (mellom dei Mats Bjørndal, Emil Engelsen Holm og Stian Ø. Aarvik).

Spesielt spennande er det truleg i år for dei av utøvarane (og foreldre til slike utøvarar...) som er fødde i 1998. Deira statistikk blir for første gong offentleg i år. I 1998-årgangen har Gneist ei rekkje gode utøvarar som markerer seg i mange øvingar, så følg med, følg med!...

(No skriv eg i parentes: Det finst også ein ikkje-offentleg, men på eit vis offisiell, statistikk for jenter og gutar 10-12 år, men dei er det berre me "på bakrommet" som har innsikt i. Det er mellom anna denne innsikten som gjer at eg skråsikkert kan slå fast at Gneist kjem til å markera seg nasjonalt i 1998-årgangen.)

Den nettbaserte statistikken finst her:

NFIF sin statistikk

Og her finn ein, som ein vil sjå, årsstatistikkar tilbake til 2003.

søndag 9. januar 2011

Fleire solide hopp

Fleire presterte solide hopp under stille-KM i Laksevåghallen lørdag. På gutesida er det lett å legga merke til Håvard Opheim (G15) sitt høgdehopp på 1,34, som gir 915 poeng på Tyrvingtabellen.

Same høgda oppnådde Marianne Benserud (J16). Det er 4cm lågare enn den sterke prestasjonen frå innesesongen i fjor, men det er både 990 poeng på tabellen og sletting av den 38 år gamle klubbrekorden til Sissel Kartveit frå 1973 (1,26).

1985 var eit sterkt jenteår i Gneist. Då hoppa Kjersti Ristesund 2,52 i stille lengde. Lørdag hoppa Vilde Lund Bjørnsen (J15) nøyaktig like langt då ho blei kretsmeister.

lørdag 8. januar 2011

Den unge senioren

Alt i begynnelsen av januar er det mange som er kvalifiserte både til UM og til junior-NM. På jentesida har me også utøvarar som er kvalifiserte for senior-NM. Tidlegare har både Vilde Lund Bjørnsen (100m) og Marianne Benserud (stav) vore under senior-NM- kravet. Monika Benserud har dessutan vore under kravet i stav og tresteg.

Monika konkurrerer no i J15, men er ein etter måten fersk 14- åring. Som senior er ho med andre ord rimeleg ung. Fredag kveld hoppa ho 10 centimeter over kravet til senior-NM i lengde (5,45, kravet er 5,35). Imponerande start på den nye sesongen!

Det er mange legendariske klubbrekordar i Gneist. Gerd Lise Nybråt sin lengderekord i J15 er på 5,70 og tilbake frå det segnomsuste året 1985. Her er det altså duka for endå eit spenningsmoment i 2011-sesongen.

Monika stoppa ikkje der på fredagskvelden. 7,97 på 60-meteren er under gjeldande klubbrekord på distansen for J15, Benedikte Liland sin 8,17 frå 2002. Sidan klubbrekord-oversikten offisielt er ein utandørsstatistikk (med unnatak av hopp utan tilløp), så tar me med oss både Benedikte Liland og Monika sine tider i oversikten - inntil vidare.

Lovande start for topp og breidde

Innandørsstemnet i Høiehallen fredag kveld hadde god deltaking - sjølv om nokre lada opp til hopp-KM, andre var stinne av trening og atter andre synest 60 meter er minst 540 meter for kort.

Resultata er ferske og her er mykje som framleis må gjennomanalyserast, naturlegvis, men det er eit par iaugnefallande trekk:

Eit par av dei velkjende toppane er tidleg i form: Renate Lie (J13) sprang og hoppa godt, det same gjorde i høgste grad Monika Benserud (J15). Det er definitivt verdt å merka seg når det blir prestert over 1000 poeng på Tyrvingtabellen i ny årsklasse, ein av dei første dagane i det nye året. 5,45 i lengde gir 1018 poeng, medan 7,97 på 60 meter gir heile 1048 poeng. Det er ikkje eit særleg vågalt tips å spå at tabellpoenga kjem til å enda høgare opp enn som så i løpet av 2011.

Men også breidda har lyspunkt denne fredagskvelden: Både 2000- og 2001- årgangen verkar å vera omfattande både for jenter og gutar. 2001-årgangen plukkar poeng for aller første året. Her er alt solide bidrag frå utøvarar som Miriam Haugland, Pål Haugen Lillefosse, Håvard Rinde og Hans Magnus Haukøy. Kjekt er det også å notera heilt nye namn, som Hans Jakob Stava, Vegard Liseth, Erlend Wiig Røssevold, Kristoffer Nyegaard, Jesper Gjelsvik og Madeleine Sande.

torsdag 6. januar 2011

Sjekk alltid 3-4-5 gongar

Dene meldinga blei lagt ut på friidrett.no i går:

Påmeldingsfeil, NM/UM innandørs

Så vidt eg kan sjå finst framleis alle alt påmelde Gneist-utøvarar til UM i systemet, men det er ikkje alt eg får med meg, så her er det berre å følgja oppmodinga om å sjekka. Sjekk i dag, sjekk gjerne om ei veke og eit par gongar til også.

Det minnar meg om han karen som for kvar epost han sende alltid måtte ta ein telefon til den han sendte eposten til - for å forsikra seg om at eposten var komen fram.

Og: For dei som ikkje finst på påmeldingslista - enten om dei skulle vore påmelde eller ikkje - så er det rikeleg med tid igjen. Fristen er 1. mars.

onsdag 5. januar 2011

KM-året i gang

Lørdag startar KM-året. Og som dei fleste etter kvart veit: KM løner seg. Kursen i 2010 var på 1000 kommunale kroner pr. meister, så her får ein berre trå til frå første høve.

Og første høve er innomhus i Laksevåghallen til helga, der ein skal hoppa heilt utan fart - både langt og høgt. Det er ei rekkje sterke utøvarar mellom dei påmelde. Mange av dei er medaljekandidatar og vinnarkandidatar. Det er verdt å legga merke til at både Geir Sjursen (representerer BFG, men det ser me naturlegvis stort på) og veterankongen Trond Leikvoll har meldt seg klare til dyst.

Me minnar om hopp-kretsmeistrane i 2010 (der dei aller fleste stiller for å forsvara tittelen i år):

- Sondre Rinde (lengde, G12)
- Emil Engelsen Holm (høgde, G13)
- Espen Holm (høgde, G17)
- Renate Lie (lengde, J12)
- Monika Benserud (høgde, J14)
- Vilde Lund Bjørnsen (lengde, J14)
- Marianne Benserud (høgde, J14)
- Geir Sjursen (høgde + lengde, MV45-49)

tirsdag 4. januar 2011

Nye milslukarar

Det er ikkje vanskeleg å forstå dersom ein del heldt seg unna vinterkarusell nr. 4 fordi dei trudde det ville vera sleipt og glatt. Julevinterveret blei sakte, sakte avløyst av eit varsamt mildver i løpet av mandagen. Men føret var langt frå dårleg. Faktisk var det slik at fordi det ikkje var fullt så mange deltakarar som vanleg, så gjekk det endå betre. Det heng saman med at det ikkje blei fullt så mange i breidden i delar av løypa og då blei det lettare å finna bar løype for dei fleste. Glatte parti, snø, slaps og nok væte fanst det likevel, naturlegvis.

På 5km for gutane sprang Jørgen Jensen Axelsen fort og kom i mål på 17:05. Med det hoppa Jørgen opp frå 26. til 7. plass over vinterens beste 5km-tider for menn. På topp 20-lista finst frå før også Ole Martin Røssland (10), Aleksander Lie (12) og Casper Stenersen (19). Elles er det interessant å sjå at Henrik Irgens Gravdal, som var ute det meste av hausten med skade, no er i godt gjenge igjen: 21:37 denne gongen.

På 5km for jentene var det ingen endringar i oversikten over vinterens bestetider, men 13 år gamle Ingrid Næss Johansen var på ny best i kvinneklassen. Ho er nr. 6 på den totale vinterstatistikken, med Renate Lie (9) og Anna Serine Røssland (14) også inne på topp 20-lista.

Det var familien Røssland som representerte dei nye innslaga på 10km. Ole Martin sesongdebuterte på 38:11, utan å ta seg heilt ut. Det plasserer han på 12. plass på vinterens statistikk. Anna Serine sprang sin aller første 10km, der underteikna var medspringande sekundant. Skjemaet var til 49:59, men ein tung periode midtvegs gjorde at me måtte opp i like over 51, 51:12, men no er debuten unnagjort. Tida held til ein 32. plass på den totale vinterstatistikken på distansen for kvinner, der klubbvenninne Ingrid held 6. plassen.

mandag 3. januar 2011

Vinterkarusell-tull

Bloggen kjem tilbake med meir oppdatering etter Vinterkarusellens 4. løp mandag kveld. Bloggen følgde mellom anna debutant på 10km Anna Serine Røssland heile vegen.

Men resultatservicen frå karusellen er slik at det no er tradisjon for at det er eit eller anna tull og tøys. Det får så vera, at ting må rettast opp i og at det kan ta tid før resultata er klare. Men ein kan jo ikkje lata som om resultata er klare når dei ikkje er det!

I kveld fortel BFG på sine nettsider at Mikal Iden vann 10km framfor Bjørn Tore Taranger. Eg såg med eigne auge - heilt utan briller - at Bjarte Eikanger og Alemayehu Sitotaw sprang framfor der ein stad. Og det finst ei rekkje andre som manglar på dei listene som ligg ute. Vinnaren på 5km, Ingrid Næss Johansen, er ei av desse.

Igjen: det kan ein irritera seg over og det er ikkje bra, men verre er det at ein kommenterer resultatlistene som ferdige (lenge) før dei faktisk er det.

Årets mest framgangsrike 2011

Hallo, året er knapt tre dagar gammalt, så det er ein smule tidleg å kåra "Årets mest framgangsrike 2011", men:

Tittelen "Årets mest framgangsrike" blei teken i bruk til markeringane under grautfesten i desember i fjor. Vilde Omholt og Stian Norheim blei dei to første som blei tildelt denne heideren.

Det er viktig å trekka fram dei som kjem bakifrå, som drahjelp i prosessen fram til at dei også er mellom rekordsetjarane og medlemmene i 1000 poengsklubben - og slike ting.

I løpet av 2011 vil denne bloggen med jamne mellomrom kasta eit sideblikk til kven som har markert seg med framgang frå året før. Slik sett kan desse oversiktene heilt uformelt sjåast på som ein "Dei nominerte er..." fram til styret tar endeleg og høgtidleg avgjerd på sitt møte i november månad.

Innesesongen dominerer dei neste par månadene, forståeleg nok (snøen ute legg seg fint oppå all isen, går snart over til regn som igjen skal bli avløyst av meir sludd/snø/regn etc.). Og i gang skikkeleg er me komande helg, med stemne i Høiehallen fredag og hopp-KM i Laksevåghallen lørdag.

Så langt i innesesongen er det først og fremst stavframgangen til Synne Våge Opheim som peikar seg ut. Den åleine må sjåast på som ein solid søknad om plass mellom "Dei nominerte".

So er me i gang.

lørdag 1. januar 2011

Veteranane: Trond Leikvoll regjerande meister

Godt nytt år!

Holkeføret ute fortel at dette definitivt ikkje er veteranane sin dag. Me får finna oss våre eigne dagar seinare i 2011.

Då er året 2010 fullstendig over og Veterankonkurransen 2010 er avslutta. Og den som dei andre i det nye året må jaga som regjerande meister er ingen ringare enn Trond Leikvoll. Den eminente økonomiansvarlege i friidrettsgruppa viser såleis veg og korleis ein tar denne konkurransen på alvor. Han hamna på outsiderplassen, 2. plassen, i 2009 og har arbeidd målmedvite fram mot topp-plassen i 2010. (Vinnaren i 2009, Arne Lillefosse, tok seg eit kvileår i 2010, men er forventa å koma knallhardt tilbake i det nye!)

Den offisielle konkurransen for 2011 er naturlegvis i gang og her blir det i første omgang knytt forventningar (eg let vera å bruka adjektivet "store" her, for ikkje å legga unødig press på dei aktuelle) til innandørs-stemna i Høiehallen og - ikkje minst! - hoppstemnet på Ytrebygda skole.

Her er endeleg liste for 2010 (plassering i 2009 i parentes):

1. Trond Leikvoll 1595 poeng (2)
2. Jostein Lie 1389 poeng (5)
3. Sigve Stenersen 1090 poeng (-)
4. Arve Tjønn Rinde 866 poeng (4)
5. Jens V. Opheim 841 poeng (-)
6. Geir Sjursen 732 poeng (3)
7. Lars Arve Røssland 630 poeng (10)
8. Peter Blücher 321 poeng (-)