torsdag 31. mars 2011

Fire utfordrarar

Terrengløpsesongen blir innleia i høljregn og liten kuling - skal me tru vermeldarane, og det plar vera nærare sanninga når meldingane er negative enn motsett - på Leirvik komande lørdag. Den blir avslutta ei veke seinare med UM/NM på Geithus i Modum, Buskerud. Dette er kortløype-meisterskapet der dei aldersbestemte spring 2 km. Gneist er representert med fire ungdommar: Stian Norheim, Aleksander Lie, Ole Martin Røssland og Jørgen Jensen Axelsen. (Det var tanken at Andreas Iden, G16, også skulle delta, men han har måtta prioritera annleis denne gongen.)

I G15 stiller me altså med to løparar, Stian Norheim og Aleksander Lie. Fjorårets to sterkaste, rekordjegarane Anders Sørensen frå Lambertseter og Edvard Kamperud Nygaard frå Ås, må vera favorittar. Bak dei er Aleksander normalt med i kampen, saman med løparar som Jonas Gjesdal, Mathias Berntzen Engevik og Markus Harbo. Eit lite hakk bak der igjen rangerer me Stian Norheim, saman med ein fin liten gjeng til. Totalt er 16 løparar påmelde i klassen. Og, som alltid i terrengløp, møter ein også langrennsløparar, ein og annan orienteringsløparar og kanskje ein syklist. I denne klassen finst i alle fall to langrennsløparar som kan blanda seg inn på øvste del av resultatlista.

I G16 er Ole Martin Røssland kandidaten frå Gneist. Her er medaljekandidatane i utgangspunktet klare i Magnus Hannevig Pettersen frå Sturla, Gustav Follerås frå Lillehammer og Jørgen Elisenberg frå Orion. Bak der er det ei sterk pulje på 4-5 løparar, der Ole Martin heilt klart er med. Han debuterte i kortløype-UM med 9. plass i Tønsberg i fjor. Det er absolutt von om betring av denne plasseringa i år. Totalt 19 er meldt på i G16.

Den kanskje sterkaste av våre fire utfordrarar er Jørgen Jensen Axelsen. Han debuterer i dobbeltklassen G18/19 neste lørdag. Det gjer han som kanskje den yngste i feltet - Jørgen fylte 17 så seint som i desember. Likevel er det liten grunn for nokon overdriven respekt frå Jørgen si side. Den største favoritten er Thomas Solberg Eide frå Haugesund, med Jørgen sin jamaldring Ferdinand Kvan Edman frå Sturla som ein annan sterk medaljekandidat, i tillegg til Sandnes sin Ahmad Muktar Adam. Bak der er Jørgen normalt med, ikkje minst i lys av sterkt testløp på Lanzarote og gode karusell-løp nyleg. Jørgen skal kjempa med heile 29 andre i G18/19.

onsdag 30. mars 2011

Farvel karusell

Medan arrangøren enno sorterer innkomande sms-ar og epostar med deltakarane sine eigne tider, så tar me med dette farvel med Vinterkarusellen 2010-2011. Eg stod, som alt nemnt, og tok tida på utvalde løparar i målområdet. Eg har for skams skuld inkludert BFG sin eigen Martin Cappelen Smith i min oversikt, med tida 17:15, som er sesongens 17. beste tid. Han er i skrivande stund enno ikkje registrert i det offisielle systemet.

Det har variert kva det har vore som har svikta, men det er - for å seia det varsamt - ikkje ofte at resultatservicen i det nye systemet har fungert knirkefritt. No ja, det er ikkje fritt for at ein kan høyra ein Arne Scheie i bakgrunnen her: "Hvordan er dette mulig i 2011?!" Nei, sei det.

Til idretten: Torstein Erichsen fekk tittelen "Årets trenar" på årsmøtet i Hordaland Friidrettskrets tidlegare i mars. Og Torstein er hovudmannen bak denne massemønstringa av løpstalent som Gneist har vist fram i fleire år alt og der 2011 kan bli eit nytt høgdepunkt - skal ein døma etter Vinterkarusellen.

Her er oppsummeringa:

Menn, 5km:
6. Jørgen Jensen Axelsen 16:33
16. Ole Martin Røssland 17:10 (frå siste karusell)
21. Aleksander Lie 17:38
24. Casper Stenersen 17:50 (frå siste karusell - fantastisk prestasjon av Casper. Dette minnar om Andreas Iden på same alder - og vel så det.)
36. Henrik Gravdal 18:26 (frå siste karusell - utruleg framgang for Henrik gjennom denne vinteren)
50. Stian Ø. Aarvik 18:53
70. Stian Norheim 19:28

Kvinner, 5km:
8. Renate Lie 20:19 (frå siste karusell)
11. Ingrid Næss Johansen 20:31
21. Anna Serine Røssland 21:50
30. Silje Stenersen 22:19

Menn, 10km:
22. Ole Martin Røssland 38:11
73. Stian Norheim 41:43

Kvinner, 10km:
8. Ingrid Næss Johansen 43:11
43. Anna Serine Røssland 51:12

tirsdag 29. mars 2011

Svikt

Planen var å oppsummera Vinterkarusellen 2010-2011 i dag, men det får me legga på is. Det er på ny svikt i resultatsystemet til BFG og resultata frå gårsdagen er venta "i løpet av tirsdag". Eg var privat tidtakar i går og kunne fastslå at det vart sprunge til dels sjokkerande bra av ein del løparar. Nokre av desse kjem eg heilt sikkert tilbake til under den ordentlege oppsummeringa, men det er kjekt å kunna nemna Anders Bjørndal (G16) særskilt. Han har vore borte frå karusellen ei stund, men slo til med pers på nesten 3 minutt - ! - til 19,46. No bør neste naturlege mål vera 3000-kravet til UM (9,50), men så var det dette med motivasjonen då...

Påmeldingssystemet til KM i terrengløp har heller ikkje fungert på ein slik måte at det berre er til å lita på. For ordens skuld blei påmeldingsfristen forlenga til og med gårsdagen. No har påmeldingane auka på og deltakinga blir både god og spennande. Siste Gneist-tilskota er søskena Nora og Stian Ø. Aarvik. Nora har tre andre konkurrentar på 600 meter i J12. Her er det vanskeleg å spå, ikkje minst fordi grunnlaget for å veta kva slag jentene er i, er så tynt no i slutten av mars. Sjansane er der likevel, normalt sett. Stian skal springa 800 meter i G14. Det gjer han saman med fem andre. Favoritt i klassen ville normalt vore Øystein Ekrheim frå Etne, men han er (enno) ikkje påmeldt. Då er det kan henda duka for ein ny knall-duell mellom Stian og Stord sin eigen Lars Lunde. Eg minnar om at Stian var 1/100 framfor Lars på 1500m-statistikken i fjor, til dømes.

... Og det er ikkje sikkert me er ferdige med dette... Henrik Gravdal (G13) - ein av fleire som sprang sjokkerande godt på karusellen i går - gav i går kveld inntrykk av at han var på veg for å etterpåmelda seg til KM...

mandag 28. mars 2011

Halvtårsløpet

Det er i alle fall håp om at snøfnugga som dansar i lufta utanfor er mellom dei siste denne vinteren. På den andre sida er det vel litt passande at sesongens siste vinterkarusell blir følgt av litt vinterleg ver. Men i kveld er det meldt om eit par plussgrader og opphaldsver til godt forbi målgang for alle deltakarar.

Deretter kjem regnet - og vinden og alt det der. Det skal visst vara fram imot påske. Etter påske blir det naturlegvis minimum 15 grader og strålande idrettsver fram til og med 28. september. Ja, for i dag er det nøyaktig eit halvt år til det som for mange vil vera avslutninga på sesongen, det som er no blitt det svært tradisjonsrike (blir tredje gongen i år) løpsstemnet til Gneist. Så medan me avsluttar vinteren med vinterkarusell, så er me samtidig i full gang på halvtårsløpet.

Og då passar det å presisera informasjonen om helgas KM i terrengløp i regi av Stord IL. Etter at påmeldingsfristen gjekk ut er ein fin ballett med etterpåmelde (mellom anna ein del av Stord sin eigne) komne med på lista. Dermed er deltakarskilnaden langt mindre frå i fjor enn det som det blei fortalt om i går: 13 færre deltakarar enn på Stend er siste oppteljinga og rimeleg god deltaking i mange klassar. Framleis aller best deltaking i G15, der Gneist har to med og der heile 12 skal kjempa om medaljane.

søndag 27. mars 2011

Håp om fem igjen

Komande lørdag, 2. april, går KM i terrengløp av stabelen på Leirvik. Det første som slår ein no når påmeldingsfristen har gått ut, er ein klar nedgang i talet på deltakarar frå arrangementet på Stend for eit år sidan. Om eg ikkje har talt feil, så er det snakk om ein total nedgang på 39 deltakarar frå i fjor. Og då er eg snill sidan samanlikninga er talet på påmelde, samanlikna med dei som faktisk deltok i fjor. Eg har altså ikkje teke høgde for at det kan bli forfall mellom dei påmelde. Samtidig er det vel muleg med ein etterpåmeld eller to. Kor er til dømes kvinnheringane og etnebuen??

Så til dei som faktisk er påmelde. Gneist har deltakarar i til saman sju klassar. Dei to siste åra har det blitt fem KM-gull til Gneist og håpet er absolutt til stades om å kunna gjenta dette, sjølv om marginane skal tippa rett veg i eit par-tre klassar om så skal skje.

I tre klassar er det klare Gneist-favorittar: Casper Stenersen i G13, søster Silje Stenersen (J11) og Renate Lie (J13). Renate og Casper har kvar sine to KM-gull i terrengløp frå tidlegare og kan ta sitt tredje på rad. Silje spring 600 meter og Casper og Renate 800 meter.

I J14 er både regjerande (i J13, naturlegvis) meister Anna Serine Røssland og Ingrid Næss Johansen mellom kandidatane til gullet. Det lokale håpert er Marthe Johanne Mehus, men den på papiret tøffaste utfordraren for Gneist-jentene er Målfrid Pettersen Lunde frå Os. J14-jentene spring 800 meter. I fjor var det akkurat i lengste laget for Målfrid på Stend, men løypa på Leirvik er nok noko mindre tung og det passar Målfrid betre.

I G15 er det heile 12 deltakarar, ein av dei svært få klassane der deltakinga er betre i år enn i 2010. Her stiller to sterke Gneist-kort i Aleksander Lie og Stian Norheim. Løypa skal vera på 1000 meter. Aleksander skal i ny beintøff duell med Jonas Gjesdal frå Varegg om seieren, medan Stian er ein av mange som kjempar om plassane deretter.

G16 spring også 1000 meter. I fjor fekk me ein av mange, mange tette duellar mellom Norna-Salhus sin Jørgen Tvedt og Ole Martin Røssland. I utgangspunktet forventar me ein ny slik ein på Stord lørdag, sjølv om det er sterke folk mellom dei tre andre i feltet også.

Også i G 18/19 er det fem påmelde deltakarar. Dei skal springa 1500 meter. Fire av dei fem er treningskompisar frå BFG-miljøet, ein av dei representerer Gneist - Jørgen Jensen Axelsen. Dette blir ein svært spennande konkurranse, der Jørgen i utgangspunktet har gode sjansar. Minuset er at han har vore skadd i det siste.

Alt i alt er det teoretisk muleg med sju gull i sju klassar. Det er gode sjansar for i alle fall fire, så då bør det vera håp om... fem (igjen)?

torsdag 24. mars 2011

Forventningar

Gårsdagens blogg - som kunne lesast som eit noko forseinka morsdagsinnlegg - fekk ein innsiktsfull kommentar frå andre sida av Nordsjøen - frå vår utsende medarbeidar Jon Iden. Og det er klart at i gårsdagens oversikt manglar mange nyansar. Det er no litt av det som gjer det kjekt å blogga, det at ein kan sjå gjennom fingrane med alle nyanseringskrava slik innimellom.

Men to viktige ting står igjen - og dei heng saman:

1. Oversikten viser at det er grunn til å ha forventningar til BFG Fana dei komande sesongane. Det som så fjongt blei kalla rekrutteringsopplandet (-), er ganske formidabelt. Fana kjem med ein absolutt brukande gjeng, Gneist ser ut til å koma med eit osean, ja i alle fall ein halv nordsjø. Oversikten viser altså at BFG Fana  absolutt bør vera ein sportsleg suksessklubb i løpet av dei neste fem åra, sånn circa.

2. Det andre, samanhengande, poenget er todelt: Så sterke moderklubbar som det her er snakk om må og skal ha stor innverknad i sin eigen overbygning. Det bør vera sjølvforklarande. Like sjølvforklarande bør det vera at skal det potensialet som ligg der slå til, så må styringa og eigarskapskjensla frå moderklubbane overfor overbygning BFG vera heilt klar og udiskutabel.

-- Så vidt eg har forstått gjekk årsmøtet i BFG tirsdag i positiv retning i forhold til poenga ovanfor. Så då får me halda fram med å konsentrera oss om å legga forholda best muleg til rette sportsleg for ungdommen.

onsdag 23. mars 2011

Ei super-mor

Nokre mødre står altså på kjøkkenet og held verda på plass. Gneist si friidrettsgruppe utgjer ei slik mor, gitt den målestokken som blir lagt til grunn i denne bloggen - ei super-mor.

Pr. skrivande stund opererer friidrettsforbundet med 10 overbygningsklubbar og 24 moderklubbar, der IL Gneist er ein slik moderklubb - i forhold til overbygningsklubben BFG Fana (saman med altså Fana IL og IL Bjarg).

Som nemnt er det i alderen 15-19 år at moderklubbens utøvarar kan delta i konkurransar for overbygningsklubb (til og med "skal" delta i visse typar øvingar). Difor har eg undersøkt følgjande: korleis markerte dei 24 moderklubbane seg i norgesstatistikken i 13- og 14- årsklassane sist år, i 2010? Desse årsklassane er jo det direkte rekrutteringsopplandet for overbygningsklubbane - på kort sikt. Det er denne undersøkinga som viser at IL Gneist si friidrettsgruppe er ein uvanleg sterk moderklubb - ei supermor (har eg nemnt det før?).

Tala i denne lista er altså det totale talet på markeringar i dei fire norgesstatistikkane G13, G14, J13 og J14 i utesesongen 2010: (I parentes namnet på overbygningsklubb)

1. IL Gneist 63 (BFG Fana)
2. Fana IL 29 (BFG Fana)
3. Breimsbygda IL 25 (Gloppen FIL)
4. Sandane TIL 16 (Gloppen FIL)
5. IL Koll 15 (IK Tjalve)
5.  Bremnes IL 15 (Stord IL)
7. Straumsnes IL 14 (Tingvoll FIK)
8. IL Brodd 12 (Gloppen FIL)
9. Sørum IL 11 (Ullensaker/Kisa IL)
10. Tingvoll IL 10 (Tingvoll FIK)
11. Bergens TF 9 (IL Gular)
11. Lambertseter IF 9 (IK Tjalve)
11. Nesodden IF 9 (IL i BUL)
11. Overhalla IL 9 (Namsen FIF)
15. TIL Hovding 4 (IL Gular)
16. Hurdal IL 3 (Ullensaker/Kisa IL)
17. Strandebarm IL 2 (IL Gular)
18. Hyen IL 1 (Gloppen FIL)
19. Eidsvold Turn 0 (Ullensaker/Kisa IL), IL Heming 0 (IL Koll), IL Triumf 0 (Tingvoll FIK), Loddefjord IL 0 (IL Norna-Salhus), Fjellhug/Vereide IL 0 (Gloppen FIL), IL Bjarg 0 (BFG Fana)

Farar e flinke te å finna på ting,
men de e bare farar for det.
For kor kan du gå med litt vondt i ein fing
og ken kan vel blåsa på det?
Jo, det e morer, det e morer...

(Sveing Tang Wa)

tirsdag 22. mars 2011

BFG

I kveld er det årsmøte i noko som heiter "BFG". Det er ein friidrettsklubb her i området. Så langt er det muleg å fastslå ting, men vidare er det lett muleg å bli forvirra. Ein treng ikkje å bli forvirra av at BFG på sine nettsider - under Klubbinfo og Om oss - fortel at klubben heiter "BGF Fana". Det er ein skrivefeil, sjølv om det ikkje er eit godt teikn på det som på dårleg norsk heiter "skikkelighet".

Vidare står det å lesa at BFG er frå 1987 (ein ungdom framleis) og at det er ein paraplyklubb for friidrettsgruppene i Fana IL, IL Gneist og IL Bjarg. Kva er ein paraplyklubb? Det er eit kjernespørsmål for å forstå kva BFG er for noko, naturlegvis. Friidrettsforbundet kallar denne typen klubbar for overbygningsklubb. Begge nemningane gir bod om noko vernande, noko som held oss tørre på beina.

Samtidig fortel Organisasjonsplanen for friidrettsklubben BFG Fana i punkt 1 at "...FIK BFG Fana er selveiende og frittstående med utelukkende personlige medlemmer. Klubben skal være en paraplyklubb for friidrettsgruppene i IL Bjarg, Fana IL og IL Gneist." I dette ligg eit klart paradoks - som det er muleg å leva godt med, men som det også ligg mykje potensielt trøbbel i: BFG er både frittståande, samtidig som den er nært avhengig av tre såkalla moderklubbar. Det heiter faktisk "moderklubbar" i friidrettsforbundet sin sjargong. Så her er det altså mødrene som blir verna med paraply og overbygning. No ja. (Di Derre syng i si ungdomsskildring i songen "75" at "...på kjøkkenet stod mor og holdt verden på plass...", eg trur det er langt nærare sanninga.)

Også IL Gneist er naturlegvis frittståande, med sine ulike grupper, inkludert friidrett. For å ordna forholdet mellom det frittståande BFG og det frittståande Gneist (og Fana og Bjarg) blir det inngått noko som heiter "Avtale om samarbeidende klubber". Det viktigaste punktet i avtalen reint praktisk er at "...Gutter og jenter 15-19 år fra moderklubb skal representere overbygningsklubb i konkurranser for senior og junior..." I praksis gjeld det eit par stafettar no på våren, stor-KM og junior- og senior-NM- konkurransar. I alle andre konkurransar deltar utøvarar frå Gneist i Gneist si blå drakt (BFG har raud, same som Fana IL, sikkert for å forvirra?).

Eg trur ikkje det berre er meg; eg trur det er forvirrande å forstå forholdet mellom BFG og Gneist. Eg trur det er svært mange utøvarar og foreldre som får ei slik aha-oppleving av forvirring (om det er muleg) når utøvarane nærmar seg 15 års alder. Samtidig meiner eg at ei slik forvirring er uheldig, og  at ein bør arbeida for å gjera linjene mellom desse mødrene og mødrene sine paraply-haldarar (rett og slett dårleg metaforbruk over heile linja her) klarare og meir i pakt med det som i jussen blir kalla for rettskjensla til alle engasjerte rundt friidretten i stroket rundt Fana Stadion.

søndag 20. mars 2011

Sondre Rinde

Eg hugsar for eit par år sidan - eg hadde ei straffe-trening på Fana stadion ein søndag. På bortre langside var familien Rinde samla til sprint-trening. Alt då var det noko på gang. Eldstemann sine bravadar på Stange i helga er nok berre begynnelsen, 10-åringen Håvard gjorde det også godt (persa seinast på 60 meter søndag ettermiddag, til 10,03) og etter kvart kjem rekrutt Vegard...

G13-utøvaren Sondre Rinde har altså arbeidd godt i lang tid. Under Bamselekene kjempa han seg til siger og ny pers på 60 meter i går. I dag blei det ny siger på 200 meter - og ny pers på 27,45. I tillegg persa han seg til 4. plass i kule i dag. (Me har heller ikkje gløymt 4,60 i lengde frå lørdag.)

Kor godt er dette når alle dei beste samlar seg etter kvart? Det er vanskeleg å seia, men dersom me opnar det hemmelege arkivet og ser på G12-statistikken frå i fjor, så fortel det følgjande:

* Sondre var:
- nr. 12 i lengde
- nr. 9 i diskos
- nr. 8 i kule
- nr. 8 i landet på 60 meter
- nr. 5 på 200 meter
- nr. 4 i tresteg
- nr. 2 på 80 meter
- nr. 2 på 60 meter hekk
- nr. 1 på 200 meter hekk

... Og:  svært mykje tyder på at Sondre er i solid framgang!...
... Og (II): Med seg i G13 har han sterke kort som Casper Stenersen, Henrik Gravdal og Eirik Leikvoll. Det kan bli mykje Gneist under NCC-leikane første helga i september.

lørdag 19. mars 2011

Tette duellar - og vel så det

Bamseleikane sin første dag rapporterer om flotte resultat og ei rad tette duellar - og vel så det. Brørne Rinde er i stadig framgang. Lengde og - ikkje minst - 60 meter for Sondre (G13) vitnar om ein aldri så liten ketchup-effekt der borte på Stange. I forsøka var det tett, tett med heile tre utøvarar på 8,61 og ein på 8,62. I finalen kom tydelegvis vinnarviljen til Sondre sterkt fram og førte han heilt ned på 8,45 og til siger. Nest beste poengsum for Gneist-fararane stod Håvard for med 3,60 i lengde i G10, noko som gir 890 poeng. (Håvard har 3,66 og så vidt over 900 poeng frå Høiehallen i sist månad.)

Best enkeltpoengsum stod Aleksander Lie for, med 932 poeng på 600-meteren i G15, der han kom i mål til 3. plass på 1:31,10. Både UM på Ranheim og dette løpet fortel det meste om at det kjem til å bli knallharde fightar utover i utesesongen på 600, 800 og 1500 med Jonas Gjesdal frå Varegg (1:30 og 2. plass) og Mathias Berntzen Engevik frå Nittedal (med slekt på Søreide) (1:29 og 1. plass).

Aller tettast blei det likevel mellom Renate Lie og Tyrving si Mari Drabløs på 600. Sistnemnde trekte det lengste strået med 1:47,86, berre fire hundredelar framfor Renate. Siste ord er likevel ikkje sagt mellom desse to duellantane i J13, tvert om: det har berre så vidt begynt.

Ikkje fullt så tett for Ingrid Næss Johansen, som hamna på 6. plass totalt på 600 med 1:52,56. Men det var ein god fartstest som lovar godt for lengre løp enn som så for Ingrid når ein no etter kvart bevegar seg utomhus.

Bamseleikane held fram søndag med mellom anna spennande 200-meterar.

torsdag 17. mars 2011

Fana - Flytting - Funksjonærar

Stemne-oversikten på Gneist sine sider er "høgst uoffisiell", som det heiter. Det kan til dømes enno skje endringar, der arrangørar rundt om får tenkt seg om.

Tenkt seg om har Fana IL gjort - og funne ut at fram og tilbake er like langt, eller noko slikt. I alle fall er Fanalekene no hamna tilbake på den vante helga, den siste i september - etter å ha vore på vandring både til mai og til august undervegs. Nærare bestemt er det lørdag 24. september som no er sett av til Fanalekene.

Det er jo ein tradisjon at Fanalekene er avslutning på stemnesesongen og tradisjonar skal ein vera varsam med å endra på, ikkje minst når ein held seg i Bergen by.

Konsekvensen av flyttinga er akkurat no at ein god del utøvarar står utan tilbod siste helga i august og første helga i september. Siste helga i august er det UM i Fredrikstad. Det gjeld utøvarar frå 15 år og oppover, men ei rekkje foreldre - og såleis aktuelle funksjonærar - reiser også til Østfold og dermed blir det vanskeleg å arrangera stemne her lokalt. Første helga i september er det NCC-leikane på Osterøy. Det gjeld berre 13- og 14-åringar, men her gjeld mykje av det same: det er vanskeleg å arrangera for dei som blir igjen sidan mange aktuelle arrangørar vil mangla funksjonærar. Her kjem det i tillegg at 13- og 14-åringane er store og viktige aldersgrupper, slik at ein vil gå glipp av mange startar.

Flyttinga av Fanalekene vil såleis truleg gjera dei to gjenverande august-stemna meir attraktive: Stordleikane 19- 21. august og - ikkje minst - Gneistspelen/KM 11-14 frå 12. til 14. august.

onsdag 16. mars 2011

Bamse - Stanges sterkaste bjørn

I 1970-åra vaks eg opp på heilmjelk og teikneseriar. Og sikkert litt til. Men altså teikneseriar av alle slag. Ein av dei, sikkert frå dei heilt yngste åra, heitte "Bamse - Verdens sterkeste bjørn" og heilt utan nokon vidare grunn kom eg på denne teikneserien no når det er dagar unna dei tradisjonsrike Bamselekene i Stangehallen på Hedmarken.

Kvifor det heiter Bamselekene? Det har ingenting med teikneseriar å gjera, men mykje med bjørnar. "Alle premier er bamser i ulike størrelser." So enkelt er det. Bamselekene blir arrangert for 14. gong og har i år over 800 deltakarar og er eit svært innomhus-stemne. Så blir det spennande å sjå om stemnet klarer å halda på statusen i åra framover når det dukkar opp endå betre hallar mange stader rundt om i landet.

Fem deltakarar frå Gneist stiller på Stange til helga. Det er to blad Lie, to blad Rinde og Ingrid Næss Johansen. Aleksander Lie (G15) stiller på 200 og 600 meter. Me er spente på å sjå kor raskt det kan gå unna på begge desse distansane etter vinterens trening. Spesielt er det rimeleg å ha forventningar til 600-meteren. Renate Lie (J13) skal sannsynlegvis i knallhard duell med Mari Drabløs frå Tyrving på sin 600 meter. Renate skal også springa 200 og hoppa lengde. Sondre Rinde (G13) kan bita frå seg i fleire øvingar og han stiller då også i fire: kule, lengde, 60 meter og 200 meter. Basert på fjorårsprestasjonar er mulegeins 200 meteren sterkaste øvinga? Broder Håvard Rinde (G10) er ein entusiastisk og særs lovande 10-åring. Han er påmeldt 60 meter, lengde, kule og 600 meter. Her er det vanskeleg å spå om konkurrentar, men Håvard kan fort koma høgt i det meste han stiller opp i denne helga. Til sist reiser Ingrid Næss Johansen bortover for å prøva seg på 600-meteren i J14. Også den har god deltaking og dei beste i klassen er særs gode. Ingrid har trent veldig godt i vinter, så dette blir spennande.

tirsdag 15. mars 2011

Opp mellom dei store

Den uoffisielle medaljeoversikten etter helgas inne-UM fortel at IL Gneist er oppe mellom dei beste klubbane i landet og er nest beste klubb frå Hordaland. Det er ingen overoptimistisk prognose å spå at posisjonen til Gneist minst blir halden på - og sannsynlegvis styrka - dei neste par-tre åra.

Her følgjer oversikten over dei ti beste klubbane - etter medaljefangst - i inne-UM 2011, i tillegg til dei andre hordalandsklubbane:

1. DIMNA 7 gull, 2 sølv, 0 bronse
(frå Sunnmøre, der bestemannspris-vinnar Karsten Warholm i G15 åleine tok 5 gull)
2. SANDNES 6 gull, 3 sølv, 6 bronse
(arrangør av neste års inne-UM)
3. FRI 6 gull, 1 sølv, 5 bronse
( beste klubb frå Hordaland)
4. MOELVEN 5 gull, 2 sølv, 2 bronse
(ikkje minst sterke i stavsprang)
5. BUL 4 gull, 5 sølv, 6 bronse
(stor og sterk klubb frå Oslo)
6. SKJALG 4 gull, 2 sølv, 1 bronse
(og: stor og sterk klubb frå Stavanger)
7. MOSS 4 gull, 1 sølv, 2 bronse
(mellom anna gode i sprint - i Geir Moen-tradisjonen)
7.  SANDVIN 4 gull, 1 sølv, 2 bronse
(solid friidrettsklubb frå Vestfold)
9. TYRVING 3 gull, 5 sølv, 5 bronse
(Norges største klubb, med - som vanleg - solid tropp i UM)
10. GNEIST 3 gull, 4 sølv, 3 bronse)
(god på sprint, god på mellom-/langdistanse, god i hopp - stav!...)

11. LAKSEVÅG 3 gull, 3 sølv, 4 bronse
(knepent bak...)
12. OSTERØY 3 gull, 2 sølv, 7 bronse
(fleire medaljar enn Gneist, men litt stang ut og flest bronsar av alle)

15. VIKING 3 gull (kappgang, kappgang...)
36. BJARG, 1 gull, 1 sølv (flott UM for Elise Una Mikkelsen i J16)
45. GULAR 1 gull (... fint løp, men heilt åleine...)
45. LODDEFJORD 1 gull (ved landets største kast-talent på gutesida - G16)
52. NORNA-SALHUS 0 gull, 3 sølv, 1 bronse (ikkje så stor tropp denne gongen)
62. BERGENS TURNFORENING 1 sølv (tresteg)
62. FANA 1 sølv
62. STRANDEBARM 1 sølv
73. OS 1 bronse

Etter UM - fordøying av inntrykk

Ja, det har teke litt tid å fordøya all den gode friidretten, både frå Gneist-utøvarar og andre i den fine friidrettshallen på Ranheim. Søndagen bydde også på ei rad høgdepunkt. Først litt etterrakst etter lørdag, nemleg stafettane. Gutane gjorde ein heroisk innsats på 1000 meter stafett i G15/16 og tida 2:22,18 er berre tre sekund bak klubbrekorden tilbake frå år 2000. Jentene i J15/16 kan me derimot gratulera med ny klubbrekord, sidan det ikkje har vore notert rekord for dei i 1000 meter stafett tidlegare. Tida blei 2:28,10 og laget bestod av Tina Therese Jenssen, Marianne Benserud, Maren Risøen og Vilde Lund Bjørnsen.

Vilde avslutta også eiga og Gneist si totale deltaking i dette UM søndag kveld med solid siger på 200 meter i J15 på 25,81. Tida gir 1053 Tyrving-poeng og er klubbrekord. Tida er elles under alle kvalifiseringskrav - frå UM til senior-NM (noko Vilde også ordna i denne øvinga i 2010).

Marianne Benserud måtte "nøya seg" med 3. plass i stav i J16, men oppnådde sesongbeste med 3,10. Det er stadig betring av eigen klubbrekord. Marianne har med det også dette året klart alle krav til og med senior-NM (som i fjor).

Til sist til ei anna jente, som tidlegare har fått mykje ros for framgang i stav. Synne Våge Opheim gjorde det igjen fint i stav, med 4. plass og 2,60, like bak persen på 2,66. Vel så imponerande var konkurranse-debuten i tresteg. Der enda Synne på 9,75, som gav ein 9. plass, ikkje langt frå 8., som hadde gitt finaleplass i J17.

søndag 13. mars 2011

Eit eventyr i stavsvingen

Det var stor innsats og mange gode prestasjonar under UM sin andre dag i Trondheim. Dobbeltsigeren på 60 meter, J15, for  Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen var naturlegvis eitt høgdepunkt.

Men den største prestasjonen stod likevel sølvmedaljør Magnus Leikvoll og bronsevinnar Håvard Våge Opheim for i stavsvingen i G15. Før lørdagens konkurranse hadde Håvard 2,87 og Magnus 2,82 som pers. Det gav Gneist eit lite håp om å få éin på pallen. Men i løpet av konkurransen betra Håvard persen sin med 23 centimeter og vann altså bronsen med flotte 3,10. Endå betre gjekk det for Magnus. Han betra persen sin med heile 38 centimeter og stoppa på 3,20.

Då stavsatsinga til gutane starta var håpet å kunna kvalifisera seg til UM. Den grensa er for lengst nådd (2,60). Lørdag hadde Magnus gode forsøk på grensa til junior-NM - 3,30. Så her går det unna.

Og i stavsvingen regjererer Paavo - formelt heimehøyrande i IL Fri, men raus og inkluderande for heile Hordaland stavlag, inkludert ein god gjeng med Gneist-arar.

fredag 11. mars 2011

Grensesprengande UM-opning

Det er ein sosial Gneist-gjeng med særs godt humør som har innteke barteland. Første dagen under UM i Trondheim og Ranheimshallen blei ei mjuk opning, med to startar, men både Monika Benserud og Magnus Leikvoll braut nye grenser.

Monika vann 60 meter hekk i J15 på 8,98 og braut altså 9,00-grensa i øvinga. Det er naturlegvis forbetring av Monika sin eigen klubbrekord.

Magnus blei nr. 11 i kule med 10,53, over halvmeteren lengre enn tidlegare pers og dermed over 10,00-grensa med 4-kiloskula i G15. Det er framleis eit stykke opp til UM-kravet i øvinga på 12 meter, men avstanden verkar ikkje lengre fullt så stor.

Og lørdag blir ein travel dag i den splitter nye hallen på Ranheim.

torsdag 10. mars 2011

Karusell-travarar

I dag blir det ein liten kunstpause før UM i form av ei kort oppdatering etter mandagens vinterkarusell. Det var dei færraste som klarte å persa mandag. Delvis var det vind å kjempa imot, delvis var det litt sleip slaps på sidene og delvis var det hestar (!) - alltid noko spennande å møta langs den traseen.

Det var såleis ingen frå Gneist som betra sine sesongbeste på 5 eller 10 km, sjølv om det var fleire gode løp, med Ingrid Næss Johansen sitt vinnarløp for kvinner 5km (21:17) og Casper Stenersen sin nesten-pers på 18:19 som dei aller kjappaste.

Denne sesongoversikten over beste tider er eitt element som framleis saknast i det nye resultatsystemet til Karusellen, samanlikna med det gamle. Ei fullverdig oversikt kjem me tilbake til etter sesongens siste løp 28. mars.

Det som derimot er kome på plass igjen hos BFG er Adelskalenderen over flest løp. Eg har kikka kjapt på den og leita etter kjentfolk. Det er godt muleg eg har oversett nokon i dagens Gneist-familie - mellom anna er det fleire alternative "klubbnamn" på lista - men englandsfararane i Iden-familien ligg godt an. Her er eit lite utdrag frå Vinterkarusellens adelskalender:

- Jon Iden 57 løp
- Andreas Iden 30 løp
- Stian Norheim 30 løp
- Jostein Lie 27 løp
- Trond Leikvoll (representing Norwegian Hull Club) 25 løp
- Ingrid Næss Johansen 24 løp
- Aleksander Lie 23 løp
- Renate Lie 23 løp
- Glenn Jensen Ryland 22 løp
- Ole Martin Røssland 22 løp
- Stian Aarvik 22 løp

tirsdag 8. mars 2011

Før inne-UM (VII): Siste bolken

Tidleg lørdag kveld i Ranheimshallen stiller Gneist med to stafettlag: 1000 meter stafett for J15-16 og same lengde for G15-16. Det er god påmelding til stafettane og her er ikkje enkelt å spå. Ein av grunnane til det er at sjølve samansetnaden av laga ikkje blir endeleg før same dag. Denne typen stafett er også spesiell i og med at dei enkelte klubbane skal setja saman 100 meter, 200 meter, 300 meter og 400 meter på best muleg måte. Samtidig er det ikkje å ta for hardt i å påstå at dei største forvetningane kan knytast til jentelaget.

Så gjenstår det - dersom me har fått rubbel og bit med oss no - tre øvingar med Gneist-deltaking som ikkje er nemnt.

I G15 har me ikkje vore innom stav enno - og det sjølv om det fort kan bli ei spennande øving å følgja med Gneist-auge. Det er seks påmelde i klassen og både Håvard Våge Opheim, som har persa til 2,87 i vinter, og Magnus Leikvoll, som ligg like bak med 2,82, er i høg grad i medaljekampen.På førehand er Håvard rangert som nr. 3 og Magnus som nr. 4.

Så, til sist, til J17 og til dei to startane for Synne Våge Opheim. Ho er påmeldt i tresteg og der må eg vera så ærleg at eg fastslår at eg ikkje veit kva Synne står for no i denne øvinga. Det er 12 deltakarar totalt. I stav er det berre fire deltakarar. Dei har alle gode resultat på førehand. Sjølv om Synne er rangert som nr. 4 av dei kan konkurransen bli spennande, sett i lys av den markerte framgangen ho har hatt i øvinga, ikkje minst gjennom denne innesesongen.

Før inne-UM (VI)

Då er me komne fram til nest-siste bolken i gjennomgangen av Gneist-utøvarane sine øvingar i UM i Ranheimshallenn komande helg.

Det er tilfeldig at me i dag, på kvinnedagen, ikkje har jenter å presentera, til gjengjeld har me ein 15-årsjubilant.

På 1500 meter i G15 stiller Aleksander Lie og Stian Norheim - og dei stiller sterkt. Av dei 16 deltakarane er begge to på øvste havldel av tablået. Dersom ikkje dei offisielle seedarane har misforstått burde såleis begge hamna i beste heatet av dei to heata. Aleksander er 4. rangert med 4:28,51 og Stian er rangert som nr. 8 med 4:40,31. For Aleksander gjeld det same som for 800 meter: Han er i outsiderrolle, men med klar medaljesjanse.

I kule i G15 er Magnus Leikvoll vår mann. Han støtte 4 kilos-kula 9,67 langt i fjor og har forlenga det til 9,97 inne i vinter. Det er 15 påmelde i klassen og å bryta 10 meters-grensa kan vel vera eit naturleg mål her?

Så til dei to lengste distansane for G16, der klassekameratane gjennom snart ti år, Ole Martin Røssland og Anders Bjørndal, stiller. På 800 meter er det påmeldt 22 gutar og det er sett opp fire heat. Ole Martin er rangert som nr. 14 og er med det i skjeringa mellom andre og tredje heatet. I Drammenshallen i fjor var han tett på utepersen frå året før på distansen. Fjorårets utepers var på 2:11,67. Anders har 2:24,75 frå Nadderud sist juni og om helsa blir i orden og beina vil lystra, så bør absolutt persen kunna ryka.

På 1500 meter i G16 blir det eitt tett befolka heat på 12 utøvarar. Her er Ole Martin 4. rangert med 4:26,09 frå i fjor og er i utfordrar-posisjon til medalje. Anders har ein einaste 1500-meter i bagasjen (frå Stordleikane i fjor). Då sprang han på 4:54,36. Saman med 2000-metertida blir han rangert som nr. 10 i feltet.

mandag 7. mars 2011

Før inne-UM (V)

Me ser nærare éi øving i fire ulike klassar denne gongen - alle øvingane i løp.

Johannes Gjeraker i G17 er påmeldt 200 meter. Det er tilsaman 29 påmelde. Johannes sprang på 25,13 utandørs i 2010. Det er eit stykke bak dei aller sterkaste i klassen (som er sterke).

200 meter spring også to av jentene i J16. Det er 45 påmelde og, basert på fjorårsstatistikken, er Maren Risøen rangert som nr. 26 av desse, med sitt resultat på 28,89 i 2010. Stine Therese Hovland er noko bak der igjen, med 29,74 frå utandørssesongen i fjor.

Hedda Magnerud i J17 er ei av 11 jenter påmeldt. Hedda var nr. 21 utandørs på distansen i fjor, noko som rangerer ho som nr. 8 av dei 11 påmelde på Ranheim. Også her er dei aller beste svært gode, men det er tett like framom Hedda på fjorårsstatistikken.

Til sist i dag er me komne fram til den nest lengste distansen for G15, 800 meter. Her er det 26 påmelde lørdag ettermiddag. Begge Gneist-deltakarane er rangert på øvste halvdel. Aleksander Lie har 4. beste tida (2:07,66) frå 2010 av dei påmelde, tett bak dei framfor. Aleksander er heilt klart medaljekandidat i øvinga. Stian Norheim er rangert som nr. 10 (2:18,51), noko som truleg plasserer han i det nest-beste av dei fire heata. Heat-siger kan i så fall vera eit mål?

søndag 6. mars 2011

Før inne-UM (IV)

Etter ein dags pause med kakeeting og festivitas i bloggeheimen held me fram med førehands-studeringa av inne-UM. I dag er det fire særs interessante øvingar, der spenst/teknikk er involvert i alle fire.

Først Jenter 15:

I stav er det fem påmelde deltakarar og det finst ein klar gullfavoritt og ein like klar sølvfavoritt. Lene Retzius frå Moelven set aldersrekordar på løpande band og har 3,37 inne i vinter. Det er halvmeteren framfor inneresultatet til Monika Benserud (2,86), men Monika har 3,07 frå ute i fjor. Ingenting er bestemt på førehand, naturlegvis...

60 meter hekk er det derimot Monika som er klar favoritt. Ho er best inne i vinter med 9,12 og ho var klar nr. 2 ute i fjor, med 9,21. Då var ho berre knepent slegen av Mari Forbord Andersen frå Kristiansand, som ikkje er påmeldt UM. Det er totalt 16 påmelde i øvinga.

Så til to spennande øvingar for Jenter 16:

I høgde er det Marianne Benserud som er Gneist sin deltakar mellom dei totalt 13 som er påmeldt. Marianne var på delt 24. plass ute i fjor, med 1,40, men har betra seg til 1,50 inne i vinter, som gir ein delt 5. plass. Ei plassering mellom dei seks beste er såleis muleg, men det er mange gode høgdehopparar som stiller til start.

I stav blir det som vanleg spennande og to av dei fem påmelde er frå Gneist. Marianne Benserud er her i utfordrar-rolla til Laksevåg si Paula Llano. Paula enda på 3,36 ute i fjor, mot Marianne sitt hopp på 3,25. Inne i vinter har Marianne 2,94, medan Paula har vore over 3,20. Det er såleis tettare her enn i J15, men i utgangspunktet er det Gneist-utøvaren som er utfordrar også her. Samtidig er begge dei to som ikkje er frå Hordaland mellom deltakarane (frå høvesvis Orion og Urædd) svært habile stavhopparar som absolutt er å rekna med i toppkampen. Tina Therese Jenssen er også tett på toppsjiktet. Ho er jamn på hopp rett i nærleiken av persen på 2,76 frå ute/inne i fjor. (Det blei oppnådd i september i fjor, men inne i Høiehallen).

fredag 4. mars 2011

Før inne-UM (III)

I dag - ei veke før avreise - ser me nærmare på tre av øvingane til Jenter 16 og éi øving for Gutar 17 før inne-UM neste helg.

1500 meter i J16 stiller Vilde Omholt til start i sitt første innemeisterskap. Ho fekk fin erfaring på 2000 meter i fjorårssesongen og gjorde ein god figur under ute-UM i Molde i september. Vilde har derimot berre ein einaste 1500 meter å skilta med så langt, den ho sprang i steikande sunnhordlandssol på Stord i august. Då kom ho i mål på 5:33,16. Denne tida har Vilde absolutt kapasitet til å slå i Ranheimshallen. Det er åtte deltakarar til start. Dei fire alle beste i landet stiller, men bak desse er det alle sjansar.

60 meter i denne klassen, J16, har Gneist heile fire deltakarar mellom dei totalt 48 påmelde. Her er Marianne Benserud høgst rangert av våre, rundt 15-20. Det er vanskeleg å rangera 60 meter for desse aldersklassane, sidan det i stort monn først og fremst er ei inneøving. Marianne har 8,69 frå 2010 og 8,57 frå inne i vinter. Maren Risøen, som i fjor konkurrerte for Os, Tina Therese Jenssen og Stine Therese Hovland ser temmeleg jamne ut på papiret, eit hakk bak Marianne. Tina Therese har til dømes 8,92 frå ute i fjor, medan Stine Therese (her må ein halda tunga beint i munnen) har 8,93 inne denne vinteren.

I lengde for J16 manglar me Marianne Benserud, som var nr. 3 i landet ute i 2010. Det er påmeldt 28 deltakarar, to av dei frå Gneist. Uteresultata til desse to skulle tilseia ein spennande konkurranse, ikkje veldig langt unna finaleplass, men det eine forsøket dei to har hatt inne i vinter fortalde at dei i alle fall då (7. januar) hadde eit stykke igjen til toppformen. Legg ein likevel fjorårsresultata til grunn, så er Tina Therese Jenssen rangert som nr. 10 mellom dei påmelde med 4,84 frå i fjor og Maren Risøen som nr. 17 (4,61).

Til sist bevegar me oss over i G17, der Gneist har med Johannes Gjeraker. Johannes konkurrerer ikkje veldig mykje og bloggen har heller ikkje god kontroll over treningsgrunnlaget hans, men han gjorde ein særs god innsats under inne-UM i Drammen i fjor. Då sprang han i mål på 7,96. Det er 27 påmelde i øvinga. Dei aller beste i klassen er veldig gode, men i eit midtsjikt er det svært jamt, så får me sjå om Johannes får fart på beina denne gongen også.

torsdag 3. mars 2011

Før inne-UM (II)

Me held fram med å studera startlistene til inne-UM neste helg. Og me held fram der me slapp i går, med J15 og med favorittar frå Gneist.

I lengde i J15 er det framleis Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen som er Gneist sine deltakarar og samtidig favorittane i øvinga. I lengde er det Monika som på førehand er hakket framfor Vilde, ikkje minst etter heile 5,45 innandørs i Høiehallen i januar månad, som er klart beste resultatet i landet så langt i vinter. Monika hadde 5,28 ute i fjor og var med det nr. 1 også ute i Norge, med Vilde som ein god nr. 2. Ho enda på 5,14. Det er påmeldt 29 deltakarar i lengde i klassen. J15 er nok den klassen der Gneist på førehand kan ha størst forventningar.

På 200 meter i J17 er Hedda Magnerud påmeldt. Hedda har 28,25 frå utesesongen i fjor. Det er 26 påmelde i øvinga i klassen og Hedda vil kunna sikta seg inn på topp 20-plassering, i tillegg til å jakta på pers.

Så godt som det same kan seiast om Hedda sine sjansar på 60 meter i J17. Her er det 28 påmelde jenter. Hedda har 8,53 frå utesesongen i 2010.

Jakt på pers er det ein kan håpa på også for Anders Bjørndal når han skal forsøka seg på 60 meter i G16. Anders har 8,67 utandørs frå 2010. Det er ei stund sidan sist Anders forsøkte seg på sprint, så me er temmeleg usikre på sprintformen hans. Det er heile 34 påmelde gutar i øvinga.

onsdag 2. mars 2011

Før inne-UM (I)

Då er påmeldingsfristen til årets innandørs-UM i Ranheimshallen gått ut og me kan ta til å studera startlistene i Gneist-utøvarane sine øvingar. (UM går neste helg, 11. - 13. mars.)

Håvard Våge Opheim (G15) er påmeldt på 60 meter. Det er til saman 31 påmelde i denne øvinga og 96-årgangen har ei rekkje sterke sprintarar. Håvard har 8,39 frå utandørssesongen i fjor på distansen, ei tid han har forbetra til 8,31 inne i vinter. Ei ny persforbetring vil vera eit naturleg mål i Trondheim.

Håvard får med seg Magnus Leikvoll i høgde for G15. Her er det 14 påmelde deltakarar. Etter dei aller beste er det ganske tett. Ei topp ti-plassering for Håvard er absolutt eit rimeleg mål. Han er på førehand eit lite hakk framfor Magnus. Håvard har 1,52 som pers (og 1,50 inne i vinter), medan Magnus har 1,46 (1,45 inne i vinter).

På 200 meter i J15 er Vilde Lund Bjørnsen påmeldt. Det er heile 45 påmelde og Vilde er i utgangspunktet klar favoritt i øvinga. Ho var best i landet i 2010 med sine 25,71. Ho hadde klubbvennine Monika nærmast seg på statistikken. Monika er den einaste av dei som var topp ti i landet i fjor som ikkje stiller i denne øvinga.

Monika Benserud stiller til gjengjeld på 60 meter i J15, saman med Vilde. Her er det så mange som 49 påmelde, men det er rimeleg forventning at både Vilde og Monika kan kjempa om øvste trinnet på pallen på distansen. Vilde var best i klassen ute i 2010, med 7,91. Monika var 4. best ute i fjor. Men Monika toppar innandørsstatistikken med 7,87 frå innandørs-NM i same hall i februar.

tirsdag 1. mars 2011

Årets mest framgangsrike 2011 pr. 1. mars

Då er innesesongen nesten slutt. Det er viktig å understreka nesten, for eit UM og nokre bamseleikar gjenstår i mars. Men for dei yngste her lokalt er det meste over inne og neste store konkurranse vil vera utomhus. Oversikten om ein månad over "Årets mest framgangsrike" vil såleis vera ein endå meir komplett "etter innesesongen"-oversikt, men nedanfor følgjer status så langt.

Dei tre som ligg best an ("Dei førebels nominerte"...) er:

JENTER
Løp:
- Anna Evensen (ny)
- Stine Therese Hovland
- Charlotte Harris

Hopp
- Synne Våge Opheim
- Maria Jensen (ny)
- Vilde Lund Bjørnsen

Kast
- Charlotte Harris

GUTAR
Løp:
- Håvard Våge Opheim
- Eirik Leikvoll
- Amund Høie Sjursen

Hopp
- Erlend Biskopshavn
- Håvard Våge Opheim
- Torbjørn Knag (ny)

Kast
- Amund Høie Sjursen (ny)
- Aleksander Lie
- Gjert Høie Sjursen