fredag 29. april 2011

Karusellen for gamle travarar (*)

Fem gongar, slik om lag anna kvar torsdag, i vår og fem gongar, slik om lag kvar torsdag, i haust går Bedriftskarusellen sine løp av stabelen. Det er tøffe saker. Dei fleste av oss er slike som her levd ei stund, trent ein del, men ikkje for mykje heller. Frå gong til gong møter me på representantar for dei meir profesjonelle løparane, som har noko å fara med på eit høgare nivå også. Men travarane, som går igjen frå løp til løp, me er stort sett slike som har trava lenge - i lengste laget - men som ikkje nødvendigvis hugsar kor gamle me er blitt. Eg meiner; sjølv trudde eg at eg var 17 då eg langa ut i dei tøffe motene frå start i gårsdagens løp, så blei eg brått nesten tre tiår eldre ein liten kilometer seinare. No ja.

For 14 dagar sidan starta det med terrengløp på Storetveit-markene, i går kveld var turen komen til løypa på Hordvikneset. Å dra te' Salhus, det er ei tøff løype. Det var ei mager trøyst at den var tøffare i fjor. då var grasbakkane der ute gjennomblaute, i går var dei berre tøffe. Løypa var 3km. Minst.

Så til det sportslege: Fotnoten i tittelen gjeld unntaket. Den desidert yngste travaren er 13 1/2 år gamle Ingrid Næss Johansen, som vann "kvinneklassen" suverent i går og som leiar for - la oss no seia det - jentene, også det suverent.

Mellom mennene finn me underteikna, LA, på 6. plass og Jostein Lie7. plass i samandraget. I gårsdagens løp kom Gneist sine representantar som perler på ei snor: Jostein med 13:29, LA med 13:31 og Ingrid med 13:32. (No er det rettnok berre Ingrid som representerer Gneist i karusellen, Jostein spring for Statoil og underteikna for Universitetet sitt bedriftsidrettslag, det velrennomerte UBIL.)

Neste høve er den kortaste runden i Hordnesskogen, den på om lag 4,2km, den 12. mai. Me må berre bli kvitt stølheten først.

Kondis sin reportasje frå løpet på Hordvikneset

torsdag 28. april 2011

1000-klubben

Ein flott vårkveld på Lonevåg opna på mange måtar utandørssesongen 2011. Heilt til slutt på kvelden (ser ein bort frå ein stakkarsleg 4 x 100 meter stafett deretter) kom kveldens høgdepunkt: 1000-meteren.

Då fekk me oppleva at unge Casper Stenersen (G13) sprang ein glitrande 1000-meter på 2:53,64. Casper måtte melda seg opp i G14 for å få lov til å springa løpet og tida ville gitt 948 poeng som 14-åring på Tyrving-tabellen. Men kveldens fangst var først og fremst at Casper slo pappa Sigve sin 28 år gamle klubbrekord på distansen på 2:55,0. Det plasserer Casper på 20. plass på distansen gjennom alle tider i Norge, med pappa Sigve på 34. plass - og Henrik Ingebrigtsen på 36. plass... Så er det nemnt. Casper hadde bestemt seg frå første stund og leverte ein sterk og godt gjennomført kilometer på banen der han etter planen skal hausta triumfar under NCC-leikane i september.

Vilde Omholt (J16) får stadig erfaring med nye distansar, denne gongen altså 1000 meter. Det var eit litt rotete felt undervegs, men Vilde bestemte seg for å ta kommandoen for si gruppe og kom i mål på 3:30,54. Med det har Vilde fått seg endå ein klubbrekord, sidan denne var ledig i J16.

Anna Serine Røssland (J14) var tredje frå Gneist i feltet. Ho hadde ein litt tyngre dag, men fekk ei grei gjennomkøyring på 3:34.12.

onsdag 27. april 2011

Kretskamp stadfesta

Dette gjeld dei som soknar til utøvarar fødde i 1997 og 1998, altså 13- og 14- åringane. Då snakkar me rett og slett om ein god del utøvarar. Gjennom sesongen skal dei prøva kvalifisera seg til kretslaget til Hordaland til NCC-leikane på Osterøy først i september. Det er kretslagets største utfordring i år, men den første utfordringa kjem alt heilt i starten av juli, 2. - 3. juli i Byrkjelo i Nordfjord.

I Byrkjelo blir Sparebank-leikane arrangert den helga. I mange år har det i dette stemnet vore innlagt kretskamp  mellom Sogn og Fjordane og Hordaland -  og oftast også Møre og Romsdal. I 2010 blei kretskampen avlyst fordi banen i Byrkjelo var under arbeid. I 2011 er den på plass igjen. Og dette året er det stadfest at alle dei tre aktuelle kretslaga stiller.

Det er muleg at øvingsprogrammet som inngår i kretskampen blir noko justert, samanlikna med det som har vore tidlegare, så her er det berre å følgja med. Arrangementet er altså på eit tidspunkt der ein del har ferieplanar og ein del i alle fall har tenkt seg inn til Strandebarm for festivalen der, så her må ein vera open for justeringar, i alle fall for utøvarane i rette aldersgruppa. Gneist har ganske mange aktuelle kandidatar til årets kretslag.

I Byrkjelo vil ein ta årets arrangementet ekstra alvorleg: Det er arrangørane sin generalprøve før senior-NM på same banen i august.

mandag 25. april 2011

Dei eldste som restkategori (17+, inne, 2010-2011)

Det er ikkje så mange utøvarar i dei eldste årsklassane i Gneist - enno. Den enkeltutøvaren mellom dei eldre som ikkje har fått med seg inneresultatat, men som me har klare forventningar til ute, er Jørgen Jensen Axelsen i G18/19.

Det er tre utøvarar, med eitt resultat kvar, som har fått notert resultat i innestatistikken. Dei er:

J17: Synne Våge Opheim - nr. 4 i stav med 2,66

G17: Johannes Holm Gjeraker - nr. 27 på 200 meter med 25,79

G18/19: Espen Holm - nr. 24 i høgde uten tilløp med 1,26.

DÅ er me ferdige med innesesongen, på same viset som me er ferdige med snø og vinter og klare til å halda fram soltilbedinga utover i resten av månaden og over i mai.

Onsdag går første karusellen på Osterøy!

fredag 22. april 2011

Stille før... (G16, inne, 2010-2011)

Gutane på 16 år i Gneist har hatt ein fredeleg innesesong. Me ventar på litt meir friidrettssatsing frå Anders Bjørndal og osingen Eirik Karstad har vore uheldig med sjukdom i vinter, men skal vera på gang igjen no.

Andreas Iden - eller Englandsfararen - har fått notert seg éi tid på innestatistikken. Det har jo elles vore ein del terrengløp og solid trening for Andreas, som no - i sommarvarme England - er meir enn klar for banesesongen. Hans 4:13,74 på 1500 meter held til ein 3. plass på norgesstatistikken denne vinteren.

Tradisjonen tru er det inne-UM som gir Ole Martin Røssland noteringar på statistikken. Hans 2:13,26 var 18. beste tida på 800 meter, medan 4:26,23 på 1500 meter er 6. best i aldersklassen inne i vinter.

torsdag 21. april 2011

Hoppjentene (J16, inne 2010-2011)

Resultata for 16års-jentene til Gneist på norgesstatistikken denne innesesongen er alle, med eitt unntak, frå hoppøvingar. Marianne Benserud står bak seks av resultata:

Marianne Benserud
- nr. 1 i høgde uten tilløp med 1,39
- nr. 2 i stav med 3,10
- nr. 3 i lengde uten tilløp med 2,39
- nr. 6 i høgde med 1,50
- nr. 6 i tresteg uten tilløp med 6,77
- nr. 30 på 60 meter med 8,57

Tina Therese H. Jenssen
- nr. 4 i stav med 2,76
- nr. 12 i tresteg uten tilløp med 6,15

Maren Risøen
- nr. 8 i lengde uten tilløp med 2,33

onsdag 20. april 2011

Travel kvintett (G15, inne 2010-2011)

I 15-årsklassen for gutane er det fem utøvarar som har vore etter måten mykje med innomhus i konkurransar denne vinteren. Dei har delteke lokalt og dei har reist til nasjonale stemne - ikkje minst var fire av dei solid med i inne-UM på Ranheim.

Slik plasserer kvintetten seg i norgesstatistikken inne denne vinteren:

Magnus Leikvoll
- nr. 2 i stav med 3,20
- nr. 22 i høgde uten tilløp med 1,18
- nr. 24 i kule med 10,53
- nr. 26 i høgde med 1,45

Aleksander Lie
- nr. 3 på 600 meter med 1:31,10
- nr. 5 på 800 meter med 2:09,34
- nr. 5 på 1500 meter med 4:30,06
- nr. 9 på 60 meter hekk med 9,79
- nr. 16 på 200 meter med 25,43
- nr. 17 i lengde uten tilløp med 2,48
- nr. 31 på 60 meter med 8,01
- nr. 33 i kule med 9,56

Stian Norheim
- nr. 10 på 1500 meter med 4:43,78 (står rettnok oppført med klubben "Gjesdal" i statistikken)
- nr. 15 på 800 meter med 2:18,28
- nr. 31 i høgde med 1,40
- nr. 34 i lengde med 4,64
- nr. 42 i lengde uten tilløp med 2,29

Håvard Våge Opheim
- nr. 3 i stav med 3,10
- nr. 3 i høgde uten tilløp med 1,34
- nr. 17 i lengde uten tilløp med 2,48
- nr. 23 i høgde med 1,50
- nr. 27 i lengde med 4,84

Amund Høie Sjursen
- nr. 6 i høgde uten tilløp med 1,30
- nr. 10 i lengde med 5,40
- nr. 21 i lengde uten tilløp med 2,45
- nr. 21 på 60 meter med 7,87
- nr. 27 i kule med 10,05
- nr. 31 i høgde med 1,40

tirsdag 19. april 2011

Grete Waitz

Vergennes, Vermont, seint på kvelden, torsdag 8. oktober 2009: Kona og eg hadde køyrt ein frykteleg lang etappe: 951 kilometer frå Clarion, Pennsylvania, via Niagara Falls og til Vergennes, Vermont. Me hadde ikkje sprunge ein meter sidan det var september og me sist var i gamlelandet.

No var me endeleg komne fram til gode venner, Meghan og Rodney. Sjølv om me var trøytte blei me sitjande til seint og mimra. Rodney hadde tilbrakt to gode somrar, saman med sin bestefar, hos ein grandonkel rett i nabolaget mitt, der eg vaks opp. Første gongen var i 1978, den andre var i 1983.

Røssland, søndag 7. august 1983: "Eg hugsar at eg såg på M.A.S.H. og Muppet Show på den einaste tv-kanalen de hadde", sa Rodney, "men veit du kva eg hugsar aller mest? Jo, det var Svente, Arnold, du og eg, framfor tv-skjermen i stova til onkel Gunvald. Me sat der i to og ein halv time og såg Grete Waitz vinna VM-gull i maraton. Det var stort!"

Søvikheia, tirsdag 19. april 2011: Eg kom på dette no i dag, då nyhendet om at Grete Waitz var gått bort nådde oss. Det var sommar og sol, me var frie og franke, men me skulle ha med oss Grete Waitz vinna tidenes første VM-gull i friidrett! Og: 26 år seinare hugsa min amerikanske gode venn, Rodney, dette klart som dagen.

Det er klart det blir ein springetur i dag!

Her er New York Times sin omtale av Grete Waitz:

Spring i fred, Grete Waitz.

Superduoen (er det nemnt før?..., J15, inne 2010-2011)

Jada, det er nemnt før - og det kjem nok til å bli nemnt igjen: Dei er ikkje mange mellom 1996-jentene, men dei to som dominerer biletet lokalt gjer det også nasjonalt. Til saman seks nasjonale bestenoteringar er det blitt denne innesesongen på dei to.

Fordelinga er slik:

Monika Benserud
- nr. 1 på 60 meter med 7,87
- nr. 1 i tresteg med 11,43
- nr. 1 på 60 meter hekk med 8,98
- nr. 1 i lengde med 5,45
- nr. 2 i stav med 2,86
- nr. 7 i høgde uten tilløp med 1,14
- nr. 14 i lengde uten tilløp med 2,25

Vilde Lund Bjørnsen
- nr. 1 på 200 meter med 25,81
- nr. 1 i lengde uten tilløp med 2,52
- nr. 2 på 60 meter med 7,96
- nr. 5 i lengde med 4,89

mandag 18. april 2011

God 14-årsgruppe (G14 + J14, inne, 2010-2011)

Litt i skuggen av denne framifrå 1998-gjengen finn me 1997-arane. Dei er etter kvart også ein "gjeng", sjølv om det berre var tre av dei som markerte seg i innesesongen. Litt uklar i innhald er også "gjengen":

Av gutane kjem naturlegvis Stian Ø. Aarvik sterkt når det blir skikkeleg utebane, medan Mats Bjørndal bit frå seg slik innimellom, når han har fri frå fotballen i Løv-Ham. Elles saknar me Håkon Helle mellom dei innmelde i den nye sesongen, han har - som ein ser nedanfor - eit par fine inneresultat frå i vinter.

Hos jentene er det først og fremst Anna Serine Røssland som ikkje har fått med seg inneresultat, men som kjem til å få det ute. I tillegg er det nokre nyinnmelde i 97-klassen mellom jentene som me håpar å sjå på bane etter kvart.

Så til dei som har markert seg. Her finn ein til og med ein norgeseinar:

Emil Engelsen Holm
- nr. 1 på 60 meter hekk på 10,09

Håkon Helle
- nr. 5 på 60 meter hekk på 10,81
- nr. 16 i høgde med 1,45

Ingrid Næss Johansen
- nr. 4 på 800 meter med 2:44,04
- nr. 10 på 600 meter med 1:52,56

søndag 17. april 2011

1998 (G13, inne 2010-2011)

Det er alt eit segnomsust år, 1998. Det var Bjørn Dæhlie sitt siste OL og Norge vann ein fotball-kamp i Marseille på sjølvaste St. Hans-afta. Det blei også ein forferdeleg våt sommar det året.

Meir relevant i vår samanheng: Det blei fødd ein bråte med ungar som har vakse opp til å bli framifrå friidrettsutøvarar. Jentene er alt nemnt, no ser me på gutane sin innesesong i 2010-2011. Det er verdt å merka seg at store profilar som Casper Stenersen og Henrik Gravdal har halde ein låg profil i innesesongen. Samtidig er det særs mykje som tyder på at begge to igjen går mot ein stor utesesong.

Derimot har Eirik Leikvoll og Sondre Rinde markert seg grundig på landsplan innomhus:

Eirik Leikvoll
- nr. 1 i stav med 2,47
- nr. 6 i tresteg uten tilløp med 5,67
- nr. 10 i høgde uten tilløp med 1,06
- nr.13 i høgde med 1,30
- nr. 25 i lengde uten tilløp med 2,08
- nr. 35 i lengde med 3,95

Sondre Rinde
- nr. 1 på 200 meter med 27,45
- nr. 2 på 60 meter hekk med 10,64
- nr. 5 på 60 meter med 8,45
- nr. 5 i lengde uten tilløp med 2,31
- nr. 6 i lengde med 4,60
- nr. 6 i kule med 9,23
- nr. 20 i høgde uten tilløp med 1,00

lørdag 16. april 2011

Kvalifiseringsoversikt etter innesesongen

Gjennom innesesongen har "troppen" til ute-UM i Fredrikstad i slutten av august auka med tre. Det er også utøvarar som er kvalifiserte til junior- og senior-NM. Alt dette er nemnt undervegs, men her følgjer ein samla oversikt, slik no i kvila før utesesongen tar til.

UM
Til UM må ein kvalifisera seg i den øvinga ein ønskjer å delta i. For nokre øvingar er det fri påmelding og oversikten nedanfor inkluderer også eit par utøvarar som det er grunn til å vera trygge på at deltar i alle fall i slike øvingar (dei aktuelle øvingane er markert med eit "ev." i oversikten)

* Jørgen Jensen Axelsen, G 18/19 (3000m, ev. 2000mh)
* Andreas Iden, G16 (800m, 3000m, ev. 1500mh)
* Ole Martin Røssland, G16 (3000m, ev. 1500mh)
* Amund Høie Sjursen, G15 (Lengde)
* Aleksander Lie, G15 (800m, 2000m, 300mh, ev. 1500mh)
* Stian Norheim, G15 (ev. 1500mh)
* Håvard Våge Opheim, G15 (stav)
* Magnus Leikvoll, G15 (stav)
* Synne Våge Opheim, J17 (stav)
* Marianne Benserud, J16 (høgde, stav, lengde)
* Tina Therese Jenssen, J16 (stav)
* Vilde Omholt, J16 (ev. 1500mh, ev. 3000m)
* Vilde Lund Bjørnsen, J15 (100m, 200m, lengde)
* Monika Benserud, J15 (100m, 200m, 80mh, lengde, stav, tresteg)

- Til saman er det altså snakk om 14 utøvarar før årets utesesong har starta.

I tillegg er følgjande kvalifiserte til junior-NM:
* Andreas Iden
* Ole Martin Røssland
* Jørgen Jensen Axelsen
* Vilde Lund Bjørnsen
* Monika Benserud
* Mariane Benserud
* Tina Therese Jenssen
* Synne Våge Opheim

...og til senior-NM:
* Vilde Lund Bjørnsen
* Monika Benserud
* Marianne Benserud

Og altså alt dette før sesongen for vel har kome i gang.

fredag 15. april 2011

Tveitevatnet rundt

Det var i dei åra då formen enno blei halden nokolunde ved like, Landås-åra, ved foten av Ulriken og med turen rundt Tveitevatnet - med ungar i barnevogn og etter kvart med ungar småsnublande bortover turvegen. Ein gong gjekk me til og med på skøyter på Tveitevatnet. Men først og fremst gjekk det rundt - mange gode minne frå Tveitevatnet rundt altså.

Og onsdagskvelden tok Gneist både alle tre stafett-sigrane ved Tveitevatnet og dermed alle sju, når me legg saman Fristafetten og den rundt Tveitevatnet. Tendensen er heilt klar dersom me ser på prestasjonane siste fire åra; pila peikar framleis berre oppover for den no solide, i forstand også av store, løpargjengen i Gneist.

Her er utviklinga for Gneist (bestelaget) for dei tre konkurranseklassane rundt Tveitevatnet:

J11-16:
2008: 3. plass
2009: 2. plass
2010: 1. plass
2011: 1. plass

G11-16:
2008: 1. plass
2009: 2. plass
2010: 1. plass
2011: 1. plass

Mix 13-19:
2008: ikkje lag
2009: 1. plass
2010: 3. plass
2011: 1. plass

torsdag 14. april 2011

2012

Då eg gjekk i ungdomsskulen fekk me ein gong ein ny gymnastikklærar. Han hadde gått på Sjøkrigsskulen og me fekk av den grunn ein veldig respekt for han, slik i starten. Men så viste det seg etter kvart at han var ein vanleg, men likandes, kar, som kunne sine saker heilt ok.

I går blei Sjøkrigsskulestafetten gjenoppliva ute i Gravdal. Ifølgje rapportane derifrå er dette ein vanleg, men likandes stafett som er heilt ok. Den er nok på kartet igjen også i 2012.

Det var tanken at eg skulle få sjå gjenopplivinga på nært hald, men i staden låg eg med dårleg helse og tenkte at formen ikkje kom til å vera på plass igjen før... i 2012.

Og no ligg den høgst preliminære - som på norsk betyr høgst førebelse - terminlista for 2012 føre. Mykje er usikkert i den, men me noterer eit par-tre interessante ting:

- Inne-UM i Sandnes er sett opp helga 9. - 11. mars. UM i mars har ikkje vore vanleg (i alle fall ikkje dei siste åra) før årets mars-utgåve i Trondheim.
- 14.-15. april går så kort-UM/NM i terrengløp i Strandebarm.
- For oss som har konfirmantar i 2012 noterer me oss Holmenkollstafetten 12. mai
- Førebels er junior-NM i Sigdal sett opp i juli månad, 27. - 29. juli. Så får i så fall også juniorane friare høve til å sjå på OL frå London frå 3. august...
-  Og UM på Askøy er sett opp 31. august - 2. september.

Så får me satsa på at helsa kjem i vater igjen og me på ny kan konsentrera oss om 2011.

tirsdag 12. april 2011

98-årgangen i gang - J13, inne 2010-2011

Då kan me setja sluttstrek for innesesongen 2010-2011. Og me gjer det med at å besøka norgesstatistikken og korleis Gneist-utøvarane har markert seg der denne innesesongen. Ein del utøvarar ventar til utesesongen tar til - av ulike grunnar - og andre har uansett sine sterkaste øvingar ute. Konkurransemengda er heller ikkje i nærleiken av å vera den same inne som ute.

Den sterke 1998-årgangen til Gneist er likevel godt i gang. Dette er første året at statistikken deira er offisiell og offentleg tilgjengeleg. Til saman tre Gneist-jenter frå denne årgangen er å finna på norgesstatistikken etter innesesongen:

Renate Lie
- nr. 1 i tresteg med 9,62
- nr. 2 på 600m med 1:47,90
- nr. 3 på 200m med 28,80
- nr. 4  i lengde med 4,63
- nr. 17 på 60m med 8,80
- nr. 17 i lengde utan tilløp med 2,13

Maren Haugen Lillefosse
- nr. 3 på 60 meter hekk med 10,11
- nr. 5 i høgde md 1,40
- nr. 6 i lengde med 4,56
- nr. 9 i lengde utan tilløp med 2,22
- nr. 13 i høgde utan tilløp med 1,05
- nr. 27 på 60m med 8,99

Cathrine Harris
- nr. 14 i lengde med 4,32
- nr. 24 i høgde utan tilløp med 1,02
- nr. 42 på 60m med 9,11

mandag 11. april 2011

Strandebarm

Nett no assosierer eg i alle fall tre ting med den vene bygda Strandebarm i Kvam herad:

* Til neste år skal det arrangerast NM og UM i terrengløp der, den kortløype-varianten det har vore litt skriverier om i samband med årets arrangement på Geithus, no helga som var.

* Første helga i juli går Hardanger Friidrettsfestival av stabelen på den flotte banen i Strandebarm. Det arrangementet assosierer eg med sol og varme (der er faktisk ganske så vanleg) og rettvis, tøff og god kappestrid frå dei aller yngste til (super-)veteranar.

* Og no i helga var det treningsleir for 29 Gneist-utøvarar og 6 framifrå lagleiarar nett i Strandebarm. Rapporten eg har fått er utelukkande positiv - fantastisk ver fekk ein også.

Både friidrettsfestivalen og treningsleiren er uttrykk for ein type positivitet rundt idretten som er slik idretten ideelt bør vera. I botnen ligg godt miljø og miljøbygging. Under friidrettsfestivalen skjer det for den lokale friidrettsfamilien (med eitt og anna hyggeleg besøk), under treningsleiren er det Gneist-utøvarar i den rette alderen som blir utsette for det gode miljøet og den gode forståinga for sunn idrett.

Terrengløpsdiskusjonen er, sett på spissen, ein diskusjon om knuffing, unfair play og det tilfeldige mot den rettvise kappestriden. Ein kan seia mykje om KM på Stord, men dei beste løparane vann i kvar einaste øving, eg er ikkje like sikker på om så skjedde i alle løpa på Geithus.

No er terrengløpsesongen både nett begynt og alt over. Banesesongen ligg like framfor oss, berre påskeferien er unnagjort. Pittelitt småknuffing på starten i eit par 600-metrar kan ein nok få seg, men stort sett ønskjer me - og vil me få - den gode Strandebarm-kjensla.

lørdag 9. april 2011

Eksperimentert med

Først av alt: gratulasjonar til dei fire terrengløpsgutane med vel gjennomførte løp i kortløype-mesisterskapet på Geithus:

Aleksander Lie nr. 7 i G15
Ole Maritn Røssland nr. 8 i G16
Stian Norheim nr. 11 i G15
Jørgen Jensen Axelsen nr. 11 i G 18/19.

Etter eit par kjappe rapportar bør det vera ekstra klart at eksperimentet med å la 15-, 16- og 17-åringar starta på likt var særs dårleg fundert.

På arrangøren si offisielle side står følgjande:

"Bakgrunnen for endringen i tidsskjema er følgende ønske fra NFIF: I terrengløp møtes utøverne på en distanse hvor det skal være trøkk og tette dueller. I de internasjonale mesterskapene (Nordisk, EM og VM i terrengløp) møter utøverne 30 - 150 utøvere på samme startstrek og vi ønsker at NM terrengløp skal være en forsmak på dette. Ved å la ungdomsklassene løpe sammen, vil vi få mye større felt og flere dueller for alle løperne. Nivået på utøverne vil være ulikt, og det vil normalt være praktisk gjennomførbart å ha 60-100 utøvere på samme startstrek. Utøverne ønsker selv disse duellene og vi får et mer komprimert arrangement som gjør det mer attraktivt også for ledere og tilskuere."

Dette er, med ein viss respekt, vissvass. Kva for utøvarar er det som ønskjer dette? Det er stor skilnad på korleis løypene - og startomåida - er ordna internasjonalt, i samanlikning med startområde på Geithus eller i Strandebarm, til dømes. I røynda skjer overgangen til større felt naturleg. Både i G18/19 og senior-klassen var det heilt naturleg store felt på Geithus. Då er det viktig at dei yngste utøvarane får motiverande felt til å halda fram til dei når alderen for slike felt - og for eventuelt internasjonal deltaking.

Det som det er muleg å tru på i sitatet ovanfor er aller siste delen: "...og vi får et mer komprimert arrangement som gjør det mer attraktivt også for ledere og tilskuere."

Håpet får vera at ein tar til fornuften når ein møtest til kortløype-meisterskapet i Strandebarm om eitt år.

fredag 8. april 2011

Eksperimentet

Lørdag er det UM og NM i terrengløp på Geithus i Modum kommune, Buskerud. Gneist har fire utøvarar med. Tre av dei fire kunne i går ettermiddag lesa på friidrett.no at dei var utsett for eit eksperiment. I oppslaget om det komande meisterskapet er leiaren for hovudkomiteen, Jonny Bekken, sitert slik:

"- Vi eksperimenterer litt i år gjennom å prøve å slå sammen ungdomsklassene 15, 16 og 17 år. Det vil bli et stort og friskt felt på 70 stk, så det blir spennende, forklarer Bekken."

Ja, det får ein seia, "...stort og frisk felt..." --- "på 70 stk".

Jo da. Det er sjølvsagt ikkje berre hurrarop for eit slikt eksperiment i seg sjølv, langt mindre er det jubel over at det kjem informasjon om eksperimentet to dagar før meisterskapet går av stabelen. I intervjuet på friidrett.no framgår det at det er "vi", altså arrangøren, som eksperimenterer. Men arrangøren i Modum Friidrettsklubb fortel til bloggen at det er friidrettsforbundet som har kome med "innspill om" at det kunne vera ein god ide å gjera det på denne måten. God ide? Kvifor? For kven?

Kva skjer i praksis?  Jo, det store feltet blir delt i rekker med 15 mann i breidden på startstreken. Etter kanpt 100 meter blir løypa snevra ganske monaleg inn, "...men det går nok 3-4 mann i bredden opp bakken ikke så lenge etter starten". Jo da, det er berre å spissa olbogane.

Ser ein på tidsskjemaet til arrangementet fører denne samanslåinga av klassar/løp til eit svært straumlinjeforma opplegg - på papiret. Sjølvsagt kan våre gjera det godt og sjølvsagt kan det vera erfaring å henta når først så gale er eksperimentert, men kom ikkje her og påstå at eksperimentet er til utøvarane sitt beste. Det er det ikkje.

torsdag 7. april 2011

Bortskjemt

No må me passa på - passa på at me ikkje tar for gitt at det går bra, ja kanonbra. Gneist dominerer i Fristafetten igjen. Denne gongen var det altså siger i alle fire klassar ein stilte opp i. I tre av klassane har Gneist vunne fleire år på rad.

Dette er ikkje noko sjølvsagt. Naturlegvis. Det er resultat av eit særs godt arbeid over lang tid.

Me må ikkje bli bortskjemde. Det betyr i alle fall to ting: Me må arbeida like godt vidare som me har gjort og me må setja pris på ein kvar framgang og ein kvar stor prestasjon!

Gneist har utøvarar som er flinke også i andre øvingar, for all del, men massemønstringa på Espeland viser at Gneist i høg grad er ein klubb av springarar.

Kven kan ein så venta seg store ting av i år? Svaret er enkelt: Av særs mange. Som den frie bloggaren eg er, vil eg gjerne trekka fram nokre enkeltutøvarar:

Ingrid Næss Johansen: nykomaren i J14 frå Fana har alt markert seg med 2. plass i KM i terrengløp sist helg. Anna Evensen (J11) hadde to glitrande sisteetappar i går (J11-14 og Miks 11-17). Så hadde to av laga søskenpar på same lag, Cathrine (J13) og Charlotte Harris (J11) på J11-14 og Anders (G16) og Espen Bjørndal  (G11) på Miks 11-17. Det er kjekt å registrera at Herman Hovland (G12) var på plass på G11-14- laget - han har vist god løpskapasitet på langturar i vinter. Og, til sist, ganske ferske namn fann me på Miks 11-14- laget i G11-utøvarane Hans Jacob Stava og Vegard Liseth.

Det er noko som heiter "...dette var berre begynnelsen", men i kontinuitetens namn: Dette var berre framhaldet!

onsdag 6. april 2011

Nye flotte lagbilete

Så blei det altså, nett som forventa (me er bortskjemde), nye flotte lagbilete etter kveldens Fri-stafett på Espeland. Gode døme av sorten finst alt lagt ut på Gneist sine friidrettssider.

Og denne gongen blei det full pott i dei fire klassane Gneist stilte lag. Me har ikkje fått heilt offisielle resultat med tidelar enno, men altså:

Jenter 11-14- laget vann (igjen) på 7:58, som ikkje er svært langt etter den gode rekordtida frå i fjor, på 7:51,6. Avstanden til nr. 2, Bergen Turn sitt 1. lag, var på om lag sju sekund.

Gutar 11-14- laget vann på uoffisielle 7:26. Det er viktig at den er uoffisiell fordi dette er særs tett opp til gjeldande løyperekord - som Gneist har også her frå fjoråret, på 7:25,6. Med til historia høyrer det at dette laget kunne ha henta endå meir på perfekte vekslingar... Avstanden til nr. 2, som var Osterøy, var på så mykje som 48 sekund...

Miks 11-14- laget fekk også seg endå ein siger, i år med tida 7:44. Også her har Gneist løyperekorden, på solide 7:23,9, frå 2009. Avstanden til nr. 2, Kalandseid, var på heile 34 sekund.

Miks 11-17- laget vann for første gong på ei god stund. Då lever me godt med at tida, 7:10, var noko bak Norna-Salhus sin løyperekord frå 2009, på 6:53,6. Her var også den stafetten med Gneist-representasjon der det var tettast i feltet. Bergen Turn sitt 1. lag blei nr. 2, tre skeund bak. Så følgde Fri sitt 1. lag, fem sekund bak Gneist og deretter Norna-Salhus sitt 1. lag, seks sekund bak vinnarlaget.

I tillegg var det mange flinke Gneist-utøvarar som sprang i rekruttklassen og det var Gneist-ungdommar som var godt representert på junior- og senior-lag i BFG-samanheng.

Og så regna det pittelitt...

tirsdag 5. april 2011

Lagbygging

Medan terrengløp-sesongen både nett har begynt og er i ferd med å ta slutt, så startar stafettsesongen onsdag kveld. Og det skjer med den gjævaste av dei alle - Fristafetten. Den har oppslutning frå dei fleste laga som driv med aktiv springing og den har oppslutning frå rekruttane til superveteranane.

Det er jo ein og annan stafett også i banesesongen, men desse stafettane - og særskilt denne på Espeland - er særs viktig for lagbygginga. Eit symbolsk uttrykk er dei flotte bileta som våre habile fotografar tar av den massemønstringa av springarar ein opplever på ein stafett som Fri-. Her er det mange med og det er mange blide fjes. Og den "Vi"-kjensla som her blir bygt er svært viktig for det gode miljøet ein heile tida ønskjer skal ligga til grunn for idretten.

Og ekstra blide er ein jo når det går godt. Det var i samband med Fri-stafetten i 2010 at Stein Fossen titulerte Gneist "superklubben frå Bergen sør". Slik har det gått dei to siste åra:

Jenter 11-14:
2009: 1. Gneist
2010: 1. Gneist

Gutar 11-14:
2009: 1. Gneist
2010: 1. Gneist sitt 1. lag, 2. Gneist sitt 2. lag

Miks 11-17:
2010: 3. Gneist

Miks 11-14
2009: 1. Gneist sitt 1. lag, 4. Gneist sitt 2. lag
2010: 1. Gneist sitt 1. lag, 5. Gneist siitt 2. lag

... Det må jo vera brukande?...

mandag 4. april 2011

Årets mest framgangsrike 2011 pr. 4. april

Det er stille før stormen, før regnet, før Fristafetten. Det som har skjedd sidan sist gjennomgang av "Årets mest framgangsrike", er at dei eldste ungdommane har gjort seg ferdig med inne-UM på Ranheim. Det er muleg at det enno kjem eit stavhopp eller to innomhus, men no skal elles det aller meste vera over når det gjeld innesesongen. Neste oversikt kjem etter planen like i etterkant av Hovdingleikane, det første lokale utestemnet på årets terminliste.

Her er oversikten pr. no:

JENTER
Løp:
- Anna Evensen
- Stine Therese Hovland
- Tina Therese Jenssen (ny)

Hopp
- Synne Våge Opheim
- Maria Jensen
- Vilde Lund Bjørnsen

Kast
- Charlotte Harris

GUTAR
Løp
- Håvard Våge Opheim
- Magnus Leikvoll (ny)
- Johannes Gjeraker (ny)

Hopp
- Erlend Biskopshavn
- Magnus Leikvoll (ny)
- Håvard Våge Opheim

Kast
- Amund Høie Sjursen
- Aleksander Lie
- Gjert Høie Sjursen

søndag 3. april 2011

Vårens vakraste eventyr

Jaja, det er sikkert gjævt med holmenkollstafett, men eg trur det er ei austlandsk mild overdriving å kalla det "vårens vakreste eventyr". Dei som var til stades under KM i terrengløp/Parkløpet på Vikastemmo på Leirvik, Stord, lørdag, vil nok plassera dette arrangementet særs høgt på ei slik liste.

Her var det mange flotte idrettsprestasjonar. Samtidig var ein uvanleg heldige med veret. Styggaveret, som meteorologane hadde sagt skulle koma, det kom til gagns - men først etter at siste løpar var trygt i mål. Undervegs var det ganske så fint og til og med solgløtt. Mest av alt var løypeområdet heilt ideelt for dette slaget arrangement. Rettnok var løypa etter måten lett, men den var tøff nok. Det var reale og sportsleg rettvise kampar løparane imellom. Og for både oss tilskodarar og for andre deltakarar var det flotte forhold for å studera heile løpa til alle undervegs. Det var rett og slett ein glitrande stad å arrangera parkløp. Hakket meir terreng i gammaldags tyding kunne det gjerne vore, men her er me ikkje storforlangande, all den tid ikkje arrangørane står i kø for å ta seg av KM i terrengløp. All ære til Stord for denne tilskipinga!

Beste klubb blei Varegg med 4 gull og 2 sølv, men Varegg tok gulla sine i heile aldersspennet frå Magnus Vonen i G11 til Johs. Gjesdal i MV50-54. Gneist var smålåtne, men systematiske, i år og stoppa på 3 gull, 3 sølv og 3 bronse - nest beste klubben totalt. Renate Lie og Casper Stenersen i høvesvis J13 og G13 tok sitt tredje strake - av tre mulege - kretsmesterskap i terrengløp! Aller mest imponert blei me vel kan henda likevel av det flotte løpet til Silje Stenersen i J11.

Elles: stor skryt til Tom Roger Johansen sin reportasje i Kondis!:

Kondis-reportasje frå KM

fredag 1. april 2011

Ingen aprilspøk

Det er viktig å gi BFG Fana ein (ny) sjanse no. Det ligg ein ressurs der som kan bli ganske så bra, om ting går rett herifrå. Kanskje kan ungdommen bli krye over å representera i den raude drakta også, etter kvart?

Det er vanskeleg å tena to herrar, å bygga lojalitet i to retningar. Det er vanskeleg å bygga ein "BFG-identitet" i tillegg til ein "Gneist-identitet". Det kan til og med vera uhyre vanskeleg.

Då er det viktig at det som kan gjerast, blir gjort. Her i familien har kona meldt seg til teneste for veteranane i BFG, eldstesonen har alt representert BFG her og der og om ikkje lenge følgjer eldstedottera etter, så kom ikkje her.

Men kva med BFG sjølv? Me skriv 1. april 2011. Og i 2011 bør nettsidene til ei verksemd - enten den er profesjonell eller frivillig - vera eit vitalt reiskap for å bygga byrgskap ("stolthet", på utanlandsk) og identitet. Det er på nettet "me" er, det er der me googlar oss av garde og leitar etter viktig info. Og det er når eg kjem til BFG Fana sine nettsider at eg må understreka: Dette er ingen aprilspøk.

På toppen av nyhenda i dag står det "Martine Eikemo Borge løp inn på tiden 2:10,56 under Stanford Invitational i Palo Alto sist helg." Så kan ein klikka på "Les mer". Der står... nøyaktig det same. Ingenting meir, ingenting mindre. Ingenting om kor god denne tida er, samanlikna med... osb. Og dette er heilt vanleg form for nyhendeoppdatering på desse sidene.

22. mars var det årsmøte i BFG. Det einaste som står nemnt på nettsidene er frå valet på møtet. Så vidt eg hugsar var sak om organisasjonsplan og, gjennom den, grunnlag for sportsleg satsing framover også oppe. Ikkje eitt ord på nettsidene om det.

11. mars var det årsmøte i Hordaland Friidretttskrets. Her står det pittelitt om det valet. Kvifor står det ingenting om at ein heilt sentral skikkelse i BFG gjennom mange år, Torstein Erichsen, fekk utmerkinga "Årets trenar"?

Til sist, kanskje det viktigaste: For dei som søker info om det sportslege opplegget kan ein, i prinsippet, trykka seg inn på linken "Trening". Trykker ein vidare på "Hopp", "Kast" eller "Sprint", finn ein... ingenting. Trykker ein derimot på "Distanse" finn ein følgjande kuriositet:

Sammen med IL Gular arrangerer vi et åpningsstevne på Fana stadion tirsdag 19. mai. - Hovedmålene for mange av våre utøvere vil være de nasjonale mesterskapene som går på Nadderud (UM), junior-NM i Bodø samt hovedmesterskapet som i år er på Lillehammer.

"I år" på bfgsk er 2009.