onsdag 31. august 2011

Før NCC: Jentene

Under NCC-leikane representerer utøvarane kretsen sin og dette blir gjort elegant - ? - slik at kvar krets får eigne t-skjorter med eigen farge (ny farge kvart år). I fjor var hordalendingane vel lysegrøne. Åtvaring: Denne t-skjorta kjem til å bli god og våt lørdag. Den må altså tørkast før søndag. Me får håpa ostringane tilbyr eige tørkerom på ungdomsskulen der ute, slik at ikkje tørking og soving går føre seg same staden... Det var det hintet eg gidd å gi om vermeldinga denne gongen - dette året vergudane gløymte.

Her er titten på Gneist-jentene før NCC-leikane 2011. Som for gutane gjeld det at me forventar mykje Gneist i toppen i mange øvingar:

J13
Renate Lie
- 600 meter (16 deltakarar: rangert som nr. 1 med god margin)
- 1500 meter (8 deltakarar: rangert som nr. 1 med god margin)
- 60 meter (23 deltakarar: rangert som nr. 2)
- 200 meter (22 deltakarar: rangert som nr. 2)

Cathrine Harris
- Tresteg (14 deltakarar: rangert som nr. 1 med god margin)
- Kule (16 deltakarar: rangert som nr. 1)
- Lengde (21 deltakarar: rangert som nr. 2)
- 60 meter (23 deltakarar: rangert som nr. 3)

Maren Haugen Lillefosse
- Høgde (20 deltakarar: rangert som nr. 2, tett bak nr. 1)
- 200 meter hekk (8 deltakarar: rangert som klar nr. 2)
- 60 meter hekk (9 deltakarar: rangert som nr. 2 med god margin)
- Lengde (21 deltakarar: rangert som nr. 3)

J14
... Her ser me på dei to øvingane i staden for deltakarar for deltkarar, sidan dei tre Gneist-jentene som er med i J14 alle er med på to øvingar kvar, som også er dei same øvingane; 600 meter og 1500 meter:

600 meter, 17 deltakarar
- Anna Serine Røssland: rangert som nr. 8
- Ingrid Næss Johansen: rangert som nr. 9
- Ingrid Helene Nyhus: utan tid på distansen så langt

Her skal det vera to heat og delinga mellom dei to kjem på eit eller anna vis til å gå "midt imellom" dei tre Gneist-jentene.

1500 meter, 10 deltakarar
- Ingrid Helene Nyhus: rangert som nr. 3
- Anna Serine Røssland: rangert som nr. 4
- Ingrid Næss Johansen: rangert som nr. 5

Tett og spennande oppgjer, i alle fall på papiret.

tirsdag 30. august 2011

Før NCC: Gutane

Til helga tar Osterøy IL imot friidrettsutøvarar på 13 og 14 år frå Nordfjord i nord til Agder-fylka i sør. Det blir heilt sikkert eit nytt flott arrangement for erfarne ostringar. IL Gneist er rikt representert, med til saman 11 av Hordaland sine 60 utøvarar. Dessverre har Casper Stenersen (G13) fått haustsesongen sin spolert av ein skade. Han er einaste av dei først uttekne frå Gneist som har måtta kasta inn handkleet. Til gjengjeld kom Ingrid Helene Nyhus (J14) inn i siste liten, via flott innsats under Stordleikane, og fekk plass på 600 meter og 1500 meter.

No skal me ikkje ta noko for gitt, det viste seinast UM i Fredrikstad, men likevel; det er god grunn til å tru at ikkje berre Hordaland, men Gneist, kjem til å dominera mange av øvingane i Lonevåg.

Me ser på Gneist-gutane sine øvingar først:

G13
Sondre Rinde
- 60m hekk (10 deltakarar: rangert som nr. 1 med god margin)
- 200m hekk (8 deltakarar: rangert som nr. 1 med god margin)
- 200 meter (17 deltakarar: rangert som nr. 2)
- 60 meter (20 deltakarar: rangert som nr. 3, tett bak dei to fremste)

Henrik Gravdal
- 600 meter (16 deltakarar: rangert som nr. 1, men får nok kamp)
- 60m hekk (10 deltakarar: rangert som nr. 2 - berre bak Sondre...)

Eirik Leikvoll
- Stav (2 deltakarar: rangert som nr. 1 med god margin)
- Høgde (15 deltakarar: rangert som nr. 1)
- Tresteg (10 deltakarar: ikkje Eirik si sterkaste øving...)

G14
Emil Engelsen Holm
- 200m hekk (5 deltakarar: rangert som nr. 3)
- 80m hekk (9 deltakarar: rangert som nr. 4)
- 60 meter (22 deltakarar: her blir det nok tøft for Emil, svært mange sterke utøvarar)
- 200 meter (26 delakarar: også her særs godt nivå og tøffe tak for Emil)

Stian Øvergaard Aarvik
- 1500m (14 deltakarar: rangert som nr. 3)
- 600m (17 deltakarar: rangert som nr. 5)

mandag 29. august 2011

Welcome to Ravnanger

Det var med ein viss olympisk avslutningsseremonisk stil at Ask Friidrett mottok "stafettpinnen" frå Fredrikstad IF på Lisleby søndag ettermiddag. Det var årets UM-arrangør som overlet ansvaret til neste års arrangør, våre venner i Askøy-alliansen ute på Ravnanger.

Det er all grunn til å sjå framover også for Gneist-gjengen. Her er magne som er revansjelystne etter å ha blitt sett på sidelinja - eller meir eller mindre på sidelinja - ved dette høvet. Og alt no tel Gneist-troppen til Askøy 2012 ganske mange:

Gutar:
- Jørgen Jensen Axelsen, G18/19: kvalifisert på 3000 meter og klar også til start på 2000 meter hinder
- Andreas Iden, G17: kvalifisert på 800 meter (med margin på 4/100) og på 3000 meter, med god margin
- Ole Martin Røssland, G17: kvalifisert på 3000 meter og truleg også klar til å springa 2000 meter hinder
- Amund Høie Sjursen, G16: kvalifisert på 100 meter og i tresteg (sjølv om lengda her ikkje har fått offisiell vindmåling enno...)
- Aleksander Lie, G16: kvalifisert på 800 meter og 300 meter hekk og klar også til 1500 meter hinder.
- Stian Norheim, G16: klar for 1500 meter hinder
- Håvard Opheim, G16: kvalifisert i stav
- Magnus Leikvoll, G16: kvalifisert i stav

Jenter:
- Synne Våge Opheim, J18/19: kvalifisert i stav og i tresteg
- Anne Marte Aldal Sætre, J18/19: kvalifisert i stav
- Marianne Benserud, J17: kvalifisert på 200 meter, i høgde, i stav og i lengde (og 1/100 frå på 100m)
- Tina Therese H. Jenssen, J17: kvalifisert i stav
- Vilde Omholt, J17: kvalifisert på 800m, klarert også for 3000 meter og 2000 meter hinder...
- Maren Risøen, J17: kvalifisert i lengde
- Vilde Lund Bjørnsen, J16: kvalifisert på 100m, 200m og i lengde
- Monika Benserud, J16: kvalifisert på 100m, 200m, 80mh, lengde, stav og tresteg
- Anna Serine Røssland, J15: klar for 1500 meter hinder og 2000 meter
- Ingrid Næss Johansen, J15: kvalifisert for 800 meter, klar i alle fall for 2000 meter
- Ingrid Helene Nyhus, J15: klar for 2000 meter?....

Alt no, eitt år og éin dag før Askøy-UM startar, er det altså 19 utøvarar som er klare frå Gneist.

søndag 28. august 2011

Stafett er stafett

Vel heime frå UM i Fredrikstad er det mykje som kan slåast fast, mellom anna: austlandsveret er monaleg oppskrytt, me må ta betre vare på helsa og stafett er stafett.

Dei to siste ting heng jo på eit vis saman. Man tager det man haver og lagar to stafettlag. Slik kjende me det vel litt, etter at både den eine og den andre hadde måtta kasta inn handkleet før og under UM.

UM blei avslutta med 1000 meter stafettar søndag ettermiddag. Jentene stilte som BFG Fana, med ei Bjarg-jente først, ei Fana-jente deretter og deretter to habile etappar av Marianne Benserud, som måtte ut på den sjeldne 300 meteren for eigen del, og av Vilde Omholt, som rett og slett debuterte på 400 meter då ho tok avslutningsetappen. 7. plass var absolutt akseptabelt for dette laget.

Gutane hamna på 9. plass, med våre to gode stavhopparar på dei to kortaste etappane, Magnus Leikvoll og Håvard Våge Opheim. Så følgde Andreas Iden på 300 meter- etappen og Aleksander Lie på 400 meter-etappen. Dette laget har definitivt potensial. Tida 2:18,07 er faktisk ny klubbrekord. Den gamle var på 2:19,05 og var frå året 2000 - sett av kvartetten Eirik Aadland, Torstein Onarheim, Torgeir Hasås og Morten Benserud.

Me tar det med oss! Og som klubb er det kjekt at det er nye utøvarar som får stafett-erfaring i større samanhengar.

Då var det å få tørka seg og telja ned til dei sikkert solfylte dagane under neste års UM på Ravnanger, Askøy...

lørdag 27. august 2011

Meisterskapsløparen Jørgen

Jørgen Jensen Axelsen (G18) dannar skule for tilnærming til springing i meisterskap. På nært hald har me fått oppleva han bryta barrierar, men først og fremst alltid satsa hundre prosent når det er snakk om meisterskap. Første gongen var under 3000-meteren i UM i Molde i fjor, då Jørgen såg fullstendig vekk frå styrkeforholdet på papiret frå før og sprang tett på dei to storfavorittane. Belønninga blei då UM-bronse og ei kraftig forbetring av personleg rekord. Ny bronse blei det under UM i terrengløp, lang løype, på Lillehammer kort tid etter løpet i Molde.

I år var både 5000-meteren under junior-NM og 3000-meteren fredag på Lisleby under årets UM nye bevis på ei særs offensiv meisterskapsspringing. Det blei fine plasseringar, men framfor alt markerte Jørgen seg med solide forsøk undervegs.

Og under lørdagens 2000 meter hinder løfta han seg på ny. Jørgen er blitt ein særs habil hinderløpar. Denne gongen kjempa han om medalje i 18/19-klassen det aller meste av løpet. Til slutt måtte han gi tapt for BFG-klubbkamerat Martin Cappelen Smith, som gledeleg nok endeleg fekk til eit godt hinderløp igjen og vann bronsen. 6:17,08 var likevel ny pers for Jørgen og heile 991 tyrvingpoeng. Faktisk er hinderløpet Jørgens beste løp totalt sett i år, målt etter Tyrvingtabellen.

Så får me sjå om Jørgen inspirerer andre av ungdommane til å yta sitt beste i meisterskap framover.

Bronselaget

Håvard Våge Opheim slo altså an tonen då han sikra bronse i stav i G15 først på dagen. I sola på tidleg ettermiddag blei det ny bronse, på nytt i stav. Den stod Marianne Benserud  for i J16. Ikkje berre det, med 3,11 blei det også årsbeste, ny klubbrekord og 1002 tyrvingpoeng.

Dei to stavbronsane på sentralidrettsanlegget på Lisleby kom i finaveret. Under siste øving fredagskvelden - etter ein god dose regnbyger med store dråpar i - skaffa Ole Martin Røssland (G16) bronse nr. 3 på 1500 meter hinder. Tida 4:37,16 var også persforbetring med godt og vel to sekund, betring av eigen klubbrekord og 1015 tyrvingpoeng.

Fine hinderløp blei det også på Aleksaner Lie og Stian Norheim i G15. Dei blei høvesvis nr. 5 og 7 i øvinga. Aleksander kom i mål på 4:48,27, som er verdt 998 tyrvingpoeng, medan Stian sin nye pers, 4:50,77, er verdt 984 poeng.

fredag 26. august 2011

Bronsestart

Gneist-troppen i UM er på plass i Østfold. Det er vindstille, det er opplett og regnet og vinden kjem først til kvelden/natta...

Dei som var tidlegast oppe i dag, var stavgutane Håvard Våge Opheim og Magnus Leikvoll (G15). Dei viste igjen at dei kan heva seg når det gjeld. Håvard persa like så godt til 3,16 i UM og sikra seg med det bronsemedalje! Magnus hamna denne gongen like bak pallen, men tett på med sine 3,11.

Amund Høie Sjursen (G15) sprang inn til 4. plass i sitt forsøksheat på 100 meter. Tida blei 12,05, 1/100 bak persen, men godt nok til å gå vidare til semifinalen som går 13.15 i dag, fredag.

Dette må absolutt kunna sjåast på som ein flott start og som fine helsingar til dagens "jubilant"; leiaren i friidrettsgruppa Jostein Lie!

torsdag 25. august 2011

Årets mest framgangsrike 2011 pr. 25. august

Då er me nådd fram til det som må bli nest-siste blikket på "Årets mest framgangsrike" dette året. Om ein god månad er bane- og utesesongen over og innesesongen (ikkje minst i nyehallen på Leikvang) står for døra. Når me kjem til innesesongen bikkar me over i 2012, sjølv om kalenderen viser 2011... (Friidrett kan både vera noko av det enklaste og noko av det mest kompliserte ein kan tenka seg.)

Sidan sist har det vore både KM og Stordleikar. Nokre få endringar er det blitt i "toppen" og det er også ein del som ikkje blir nemnde her som nærmar seg dei fremste i mest framgang sidan 2010.

Slik er stoda:

JENTER
Løp
Silje Stenersen, Maria Tyssebotn Berg, Charlotte Harris, Anna Evensen (ny), Cathrine Harris

Hopp
Synne Våge Opheim, Nora Ø. Aarvik, Maria Jensen, Cathrine Harris (ny), Anna Evensen

Kast
Cathrine Harris, Maren H. Lillefosse, Charlotte Harris, Anita Norheim

GUTAR
Løp
Kristoffer Blücher, Eirik Leikvoll, Stian Norheim, Herman Hovland, Sondre Rinde

Hopp
Erlend Biskopshavn, Kristoffer Blücher, Eirik Leikvoll (ny), Magnus Leikvoll, Thomas Blücher

Kast
Amund Høie Sjursen, Gjert Høie Sjursen, Henrik B. Ettrup (ny), Emil E. Holm (ny), Kristoffer Blücher

Før UM - IV (siste)

Då har vel ungdommane pakka reiseveska si ferdig og er klare for tur til UM i Fredrikstad (Lisleby). Og vergudane har funne ut at dei berre skal servera ei moderat dårleg austlandshelg i staden for det uveret dei først truga med - men vått kan det fort bli for ein del utøvarar, kanskje særleg lørdagen.

Ole Martin Røssland (G16) plukka med seg sølv frå UM-debuten i Molde i fjor, då på 1500 meter hinder. Og det er siste øvinga første dag, i morgon fredag, han har størst sjansar på også i år. På den andre sida er det utvilsamt eit sterkare felt i Fredrikstad i år. Av dei i det 12 mann (-) sterke feltet som har sprunge hinder i år, har Ole Martin nest beste tida. Men her er fleire sterke utøvarar som ikkje har sprunge nett denne distansen, så om me rangerer litt meir skjønsamt er Ole Martin nr. 4-5 på førehand. Sagt på ein annan måte: ein eventuell medalje i år vil henga eit par hakk høgare enn i fjor. På 3000 meter er det heile 20 påmelde, her er Ole Martin rangert som nr. 9 på førehand, men - som Norna-Salhus sin trenar Arne Tømmernes sa det under Stordleikane nyleg: her er opp til 12 utøvarar som kan ta medalje.

Jørgen Jensen Axelsen (G18) kompletterer Gneist-troppen. Han er truleg yngste utøvaren i G18/19-klassen, men kjenner me Jørgen rett vil han ikkje stå med lua i handa når løpa går av den grunn. På 2000 meter hinder er det 15 utøvarar påmeldt. Jørgen fekk det ikkje heilt til å stemma på distansen under junior-NM først i august, men har faktisk 4. beste tida i år av dei som stiller - sprunge under Framolekene i juni. På 3000 meter sprang Jørgen eit fantastisk løp i Molde i fjor, då han tok bronse i G17. Her det 17 utøvarar med i klassen i år. Jørgen har 6. beste tida i feltet, men persen til Jørgen frå Molde ville ha vore 3. beste tida i år. Fleire av dei beste stiller ikkje, på den andre sida så er ikkje ukjende Thomas Solberg Eide frå Odda/Haugesund påmeldt distansen.

Aller sist: Gneist er involvert i to stafettar til slutt i UM, eit BFG-lag for jenter 15/16 og eit Gneist-lag for gutar 15/16 - begge deler er 1000 meter stafett. Av alle usikre ting før meisterskapet er både kven andre lag stiller med og kven våre låg stiller med det aller mest usikre... Me nøyer oss med å seia at det er påmeldt 13 lag i guteklassen og det same i jenteklassen og at jentene normalt vil ha dei beste sjansane her.

tirsdag 23. august 2011

KM-apropos til Torstein

I dagens treningsmelding frå Torstein heiter det: "I løpet av mine 16 år i friidrettsgruppen har klubben aldri vært så bra som nå".

Så spørs det om Torstein berre er i godt humør eller om han har sine ord i behald? Vel, Gneist blei truleg beste i klubben under Stordleikane for (minst) tredje året på rad, men la oss sjå på medaljestatistikken frå KM 11-14 år. Den er (også) talande:

Her er topp seks-lista for i år:

1. Gneist 40 gull, 28 sølv, 20 bronse
2. Fana 15 gull, 15 sølv, 11 bronse
3. Norna-Salhus 13 gull, 13 sølv, 8 bronse
4. Bergens TF 12 gull, 9 sølv, 7 bronse
5. Viking 3 gull, 4 sølv, 0 bronse
6. Fri 3 gull, 2 sølv, 5 bronse

40 KM-gull altså!

Men kva med utviklinga? Jo, også her må me gje Torstein rett (tala fortel om gull-sølv-bronse):



2008
2009
2010
2011
Gneist
13-14-10
30-26-22
32-25-16
40-28-20
Fana
6-13-5
7-7-7
7-8-11
15-15-11
Norna-Salhus
22-16-7
26-24-18
18-6-7
13-13-8
Laksevåg
22-14-15
11-10-6
6-6-6
3-0-1






Me snakkar altså om frå 13 gull i 2008 til 40 i 2011. Det er jo brukande... Eller: 115 KM-gull på bane for 11 til 14 år siste fire sesongane. (I tillegg kjem 15-19 år, terrengløp, mangekamp...)

Før UM - III

Det er nesten litt skummelt å skriva om Gneist-deltakarar før UM, fordi det stadig dukkar opp meldingar om sjukdommar, skadar og formsvikt. No sist er det Synne Våge Opheim (J17) som har måtta kasta inn handkleet.

Så det får vera med eit allment atterhald me går laus på dagens trio:

Den travlaste av dei blir Amund Høie Sjursen (G15). Han er påmeldt dei to kortaste løpa, 100 meter og 200 meter, og hoppøvingane lengde og tresteg. På 100 meter er Amund 14. rangert av deltakarane med 12,04. Her er det spesielle at alle dei 13 framfor Amund på årets utestatistikk også er påmelde UM. Totalt er det 25 med på 100 meter. På 200 meter er Amund nr. 22 av dei påmelde med si tid på 25,12. Det er også 25 påmelde 200 meter i årsklassen.

Sjansane ser på førehand ut til å vera større i lengde og tresteg for Amund. Her er finaleplass heilt klart realistisk. Årsbeste i lengde er 5,57 og det er 8. beste av dei 13 påmelde, men Amund var ein god del lengre under fjorårets største arrangement, NCC-leikane. I tresteg manglar framleis vindmåling frå hoppet på Stord i helga, men me rangerer Amund på 6. plass og altså tryggare innanfor finaleplass i denne øvinga. Her er det totalt ti med.


Stian Norheim (G15) er påmeldt 1500 meter hinder fredag og 2000 meter søndag. Me kan ta det siste først: På 2000 meter oppnådde Stian 6:16 under Framolekene 5. juni. Det er 12. best av dei heile 32 påmelde. Stian viste god form under 1500 meteren på Stord søndag, så topp ti er i alle fall naturleg siktemål.

På hinder er sjansane til Stian monaleg større. Her er det 14 påmelde og berre Mathias Berntzen Engevik frå Nittedal (og halvvegs frå Søreide) ser ut til å vera utanfor rekkevidde. Stian, med eminent hinderteknikk, har heilt klart medaljesjanse, sjølv om det er fleire tøffingar imot - ikkje minst frå naboar på Stord og Norna-Salhus. På hinder håpar me også me møter på Aleksander Lie (G15). Han kunne ha delteke på mykje under UM, men har slite med framleis udefinerte plager det meste av sesongen og håpar no i alle fall å kunna stilla på hinder (og kanskje stafett?) fredag. Det er av same grunnane uråd å spå om Aleksander sine sjansar. I ein normal sesong ville han ha kjempa med nemnde Engevik om gullet, men i år håpar me altså berre på deltaking, så får me ta det derifrå.

(Og eg nemner framleis ingenting om verutsiktene i Østfold til helga, det har truleg å gjera med at det ser såpass heilsvart ut at det ikkje er verd å nemna...)


mandag 22. august 2011

Stord - med mangellappar

Seint i går kveld låg det føre ei resultatliste frå Stordleikane på resultatstidene til friidrett.no. Det var for godt til å vera sant. Det er jo som regel det. Lista har store manglar, her manglar heile øvingar og her manglar - ikkje minst - vindmålingar på alle relevante hopp. Vindmålingane på løp er også underlege ein del stader.

Når det er sagt; eg har likevel krota meg gjennom listene, samtidig som det er klart at det må revideringar og rettingar til når skikkelege lister er innsende.

Pål Haugen Lillefosse (G10) hadde ei spenstig helg. Han svinga seg over 1,34 i høgde, som er verdt 1063 tyrvingpoeng (!) og kapra med 11,10 på 60 meter hekk også 1047 poeng her. Det er solide saker!

Sondre Rinde (G13) sprang med 14-åringane på 80 meter hekk (84cm). Her har det berre vore klubbrekordar med 76cm-hekkar tidlegare, slik at Sondre sitt løp på 12,95 er endå ein rekord i samlinga hans.

Kristoffer Blücher (G12) pynta på eigen 200-rekord då han sprang på 27,64 i 1,7 sekundmeter motvind. Den gamle var på 27,81.

Så er Magnus Leikvoll (G15) tidlegare gjort urett. Hans spydkast på 24,01 var det første noterte spydkastet med moderne spyd (600 gram) for 15-åringar. I helga betra den nye storkastaren, Aleksander Lie, dette til 27,62.

Så får det sjekkast og dobbeltsjekkast når stordabuen har finvaska listene sine.

søndag 21. august 2011

Kjempetid og dementi

Så har me teke til å tørka opp etter ein tidleg ettermiddag på Leirvik i striregn. Og naturlegvis har sola teke til å skina der ute. No ja, nye kjekke Stord-leikar er over - ikkje minst kjekke fordi me der treffer så mange i Gneist-familien. Det er nett som Gneistspelen, berre med det unntaket at her er me tilskodarar og ikkje funksjonærar. Litt meir avslappande det då.

Me er ikkje godt vane med resultatlister snøgt frå Stordleikane, så me får vera glade for det når dei dukkar opp og presentera gjæve resultat på systematisk vis då. Til så lenge noterer me likevel ein knalldebut på bane for Ingrid Helene Nyhus (J14) på 5:08,03 på 1500 meter. No luktar det svidd av trioen med henne, Ingrid Næss Johansen og Anna Serine Røssland. Alle tre har persar på 5:08...

Kjempetida denne helga noterte likevel 11 år gamle Silje Stenersen seg for lørdag. Då var me rettnok i full avslappingsmodus på Halsnøy, men Silje fann likevel på å springa 800 meter på 2:34,97. Det er solid ny klubbrekord. Den gamle hadde Renate Lie frå 2009 på 2:37,42.

Så, eit dementi: Eirik Leikvoll (G13) sette likevel ikkje ny klubbrekord i stav under Norna-karusellen onsdag. Resultatlista derifrå lyg rett og slett. Det var broder Magnus som hoppa 2,77 då, slik at Eirik framleis står med 2,73 frå Arna tidlegare i månaden. Så noterer me oss likevel at ein nær slektning av Eirik har bestilt 2,90 til NCC-lekene.

(Og i dag skal eg ikkje nemna eit ord om at vermeldingane for Lisleby, Østfold, til helga brått har teke til å bli pittelitt lovande igjen...)

lørdag 20. august 2011

Rekordar midt i veka

Nei, nei, nei, det er ikkje for å sluntra unna i regnveret at me har teke oss ein kvinnhersk kvil i bakken i dag, lørdag. Me dukkar opp igjen på Stord-leikane søndag og då er me lova bøttevis med regn og brukande med motvind. Då er me klare!

Onsdag i veka var eg og feira papen sin 81-årsdag og gjekk glipp av store ting - som vanleg! - på Norna-karusellen på Fana Stadion. Tre fine klubbrekordar fekk ein oppleva der:

Eirik Leikvoll (G13) sin framgang i stav held berre fram. Onsdagskvelden noterte han seg for 2,77 - fire centimeter opp frå hoppet i Arna tidlegare i sommar.

Sondre Rinde (G13) hadde det som vanleg travelt, mellom anna med å pynta på eigen klubbrekord på 300 meter hekk - no til 46,60.

Til sist: Amund Sjursen (G15) viste form før UM då han sletta Marius Benserud sin sju år gamle klubbrekord på 60 meter. Den gamle var på 7,70, den nye er på 7,57. Det er også verdt heile 994 tyrvingpoeng.

Mykje bra skjedde i helgas finaste ver på Leirvik fredag ettermiddag og kveld. Det skal me - saman med øvingane dei to andre dagane - koma tilbake til når resultatlistene ligg føre.

torsdag 18. august 2011

Før UM - II

Fire morgonar på rad har eg ete frukost ute på terrassen i vene Sunnhordland. Eg vel såleis galant å sjå bort ifrå vermeldingane for Vikjo, Stord, som fortel om både vått og vind. Me får ta det som det kjem.

Det gjeld også langtidsmeldingane om ny austlandsk rotbløyte borte i Østfold, til UM, neste helg. Fysj, der var det gløymt.

I staden går me vidare i førehandsgjennomgangen før UM:

Vilde Omholt (J16) sprang i fjor 2000 meter i Molde, i år er ho påmeldt 800 meter. Det er til saman 18 påmelde jenter og Vilde har 14. beste tida i år av desse, men det er temmeleg tett opp til topp ti. Me er spente på om Vilde held fram den solide framgangen ho viste under løpet på Osterøy då ho kvalifiserte seg (2:29,17).

Synne Våge Opheim (J17) er påmeldt to øvingar, stav og tresteg. I stav er det - som undar innandørsmeisterskapet i Ranheim i mars - berre 4 deltakarar. Til gjengjeld er det dei fire beste i aldersklassen som stiller og Synne er rangert som nr. 4. Normalt skal det nok ein del til å ta steget opp til medalje, men i stav veit ein aldri. I tresteg er det 12 påmelde og her er Synne nr. 9 så langt i år - med sitt hopp frå Framolekene. Med fullklaff er finaleplass heilt klart innan rekkevidde.

Til sist tar me for oss stavgutane i G15 - Magnus Leikvoll og Håvard Våge Opheim. Dei plukka med seg fine medaljar i inne-UM og medan Jonas Bergkvist Melå frå Moelven må seiast å vera favoritten, så er begge våre medaljekandidatar. Magnus er rangert som nr. to på førehand, Håvard som nr. fem. Framfor noko viste konkurransen i inne-UM at dei to meistra meisterskapssituasjonen glitrande.

onsdag 17. august 2011

Før UM - I

Då er påmeldingsfristen til årets ute-UM i Fredrikstad - meir presist på sentralidrettsanlegget i Lisleby - over og me kan studera Gneist-utøvarane sine sjansar nærare. Sjølve arrangementet går av stabelen neste helg, 26. - 28. august.

Dessverre er troppen til Gneist hemma av skadar: Både Andreas Iden (G16) og Monika Benserud (J15) er borte frå fleire mulege medaljar, sjølv om begge reiser på tur til Fredrikstad og er med i Gneist-gjengen sosialt. Kor vidt dei kan vera aktuelle for etappar på 1000 meter stafett, er uklart i skrivande augneblink. (Monika var skada også då ho var med på vinnarlaget til BFG Fana under junior-NM nyleg...)

Vilde Lund Bjørnsen (J15) blir då representanten vår mellom 1996-jentene. Ho er ein sterk representant. Ho er påmeldt 100 meter, 200 meter og lengde. Ho er nr. 1 i alle tre øvingar av dei påmelde deltakarane så langt i år. I lengde er ho berre bak Monika Benserud. Det blir tett i alle tre øvingane, men tre medaljar er høgst realistisk, kanskje to i gull? På 100 meter er det 28 deltakarar, på 200 meter 30 deltakarar og i lengde 13.

Marianne Benserud (J16) er påmeldt 200 meter og stav. På 200 meter er Marianne nr. 19 i årsklassen så langt i år, slik at det er stav største vonene blir knytt til. Her er Marianne nr. 4 på norgesstaistikken i år, men formen i stav må opp eit hakk eller to frå junior-NM i Kristiansand skal det bli medalje denne gongen. Det er 26 påmelde på 200 meter, 6 i stav.

Tina Therese Jenssen (J16) deltar i stav. Her ligg ho på plassen bak Marianne på statistikken i år, men til liks med Marianne har stavformen vore varierande så langt. 

Maren Risøen (J16) er påmeldt lengde. Som nemnt i går hadde Maren ein flott lengdekonkurranse under Framolekene først i juni. 5,03 derifrå plasserer henne på 11. plass på årets statistikk. På den andre sida har ikkje Maren vore stabil på desse lengdene, så her får me berre kryssa fingrane for at godkjensla kjem tilbake der nede i Østfold. Maren er i selskap med 15 andre utøvarar i lengde.

tirsdag 16. august 2011

Heia Os

Som halvt osing var det naturlegvis som godt nøgd at eg såg to flinke ungdommar flytta frå den vesle friidrettsgruppa i Os Turn til IL Gneist i vinter. Det var dei to 95-arane Maren Risøen og Eirik H. Karstad. Begge har mykje å fara med og har vore høgt oppe i fleire øvingar i sine årsklassar opp gjennom åra. Maren var mellom dei flinkaste i lengde alt som 13-åring, medan Eirik henta heim bronse til Os - i høgde - så seint som under UM i Molde sist september.

No er dei på gang igjen. Maren kvalifiserte seg før sommaren til UM i lengde, med 5,03 under Framolekene. Mandagskvelden var ho og prøvde formen på karusellstemnet på Osterøy. Ho deltok i 200 meter og i lengde. I lengde stoppa det på 4,41 denne gongen, men me får håpa at Framo-formen er tilbake i Fredrikstad neste helg.

Eirik H. Karstad hadde ein problematisk forsesong, men har kome i siget no. Det spesielle med Eirik er at han - etter mandagens karusell på Osterøy - har tre konkurransar bak seg denne sesongen: eine på 1500 meter og to på 400 meter. Han har såleis ikkje prøvd seg i UM-øvingar og slik kvalifisert seg der: han var fem fattige centimeter under årets UM-krav då han vann bronsen i høgde i fjor. På den andre sida har Eirik gjort særs habile løp når han har stilt. Mandag flytta han persen på 400 meter ned til 55,88. Han hadde vore kjekk å ha som muleg stafettmann på 1000 meter stafett i UM!

mandag 15. august 2011

Ikkje småtteri

Regnet kom først til dei to siste løpa, 1500 meterane - og regn gjer godt på dei lengre løpa, så dette var eit fantastisk KM ser ein på veret og forholda. Deltakinga var rettnok skuffande, men arrangørklubben dominerte i særs mange øvingar, med Fana som ein god nr. to.

Sondre Rinde (G13) plukka med seg heile 1081 tyrvingpoeng for sitt løp på 29,85 på 200 meter hekk. Det er også ny klubbrekord, 7/100 under Aleksander Lie sin to år gamle rekord.


Kristoffer Blücher (G12) hamna på 10,12 i tresteg, noko som både gir 1002 tyrvingpoeng og er ny klubbrekord. Den gamle hadde Sondre Rinde frå i fjor (9,88). Kristoffer persa også på 60 meter, til 8,51, noko som er eitt fattig hundredel bak Amund Høie Sjursen sin elektroniske klubbrekord i årsklassen.

Cathrine Harris (J13) betra persen sin i tresteg, til 10,37. Det gir 1017 tyrvingpoeng og er tett bak Monika Benserud sin klubbrekord.

Klubbrekord noterer me også på Emil Engelsen Holm (G14) i noko så sjeldan for han som spyd (0,6kg), med nyaste spydtypen (29,41).

Espen Bjørndal (G11) er no nesten fullt medlem i høgdetalent-stallen i årsklassen, saman med dei sterke Fana-gutane på 11 år. 1,35 gir 979 tyrvingpoeng og er berre 3cm bak klubbrekorden til Sigve Stenersen (1981) og Torstein Onarheim (1995).

Amund Høie Sjursen (G15) sprang godt under UM-kravet på 200 meter med sine 25,12.

Til sist: Dei to eldste stafettlaga sette norsk årsbeste lørdag ettermiddag. På gutelaget i G13/14 (4 x 100m) var følgjande med: Sondre Rinde, Henrik Irgens Gravdal, Emil Engelsen Holm og Jens Larsen Åstveit. På jentelaget var det berre 13-åringar som var med på J13/14-laget: Anita Norheim, Maren Haugen Lillefosse, Cathrine Harris og Renate Lie.


lørdag 13. august 2011

(Jenter til tusen (og tjueto)

Aaah.... Tenk å få oppleva å bli solbrent under Gneistspelen!... Sjølv om det grånar til, no når det er blitt lørdag kveld og me neppe får like fantastisk ver siste dag, så har fredagen og lørdagen alt overgått det meste av forventningane.

Også sportsleg er det mange høgdepunkt å trekka fram. Dei to fremste suste inn i 1000 poengs-klubben, for ikkje å seia 1022 poengs-klubben. Nora Øvergaard Aarvik (J12) heiv seg over heile 1,47 i høgde, sletta Vilde Lund Bjørnsen sin tre år gamle klubbrekord (1,44) og fekk altså 1022 poeng. Same poengsum oppnådde Anna Evensen (J11) i 60 meter hekk, då ho sprang distansen på 10,78 - i 3,2 sekundmeter motvind!

Klubbrekord både her og der blei det også på Jørgen Jensen Axelsen (G18). Han sprang 2000 meter på 5:49,87, noko som er rekord i aldersklassen i Gneist, men også ny klubbrekord i BFG Fana. Det er dessutan verdt 960 poeng.

To kast-klubbrekordar noterer me også: Sondre Rinde (G13) sletta Amund Høie Sjursen sin tre år gamle rekord i diskos (0,75kg), då han noterte 27,28. Og Cathrine Harris (J13) pynta på eigen kulekord, frå 11,09 til 11,16. Det gir heile 997 tyrvingpoeng.

Til sist tar me med ein som nærmar seg (endå) ein klubbrekord, nemleg Kristoffer Blücher (G12), som med sin nye pers på 4,78 (966 tyrvingpoeng) berre er 11 centimeter bak Jim Erik Liland sin 25 år gamle rekord i aldersklassen.

fredag 12. august 2011

Fantastisk fin opningskveld

Gneistspelen blei innleia i eit strålande ver fredagskvelden. Stadion-termometeret på Fana viste 23 grader og ein fin bukett ungar til og med ti år prøvde seg på 60 meter, lengde og i kule (10-åringane). Her er ingen nemnde og ingen gløymde denne gongen, sjølv om statistikken blir oppdatert etter kvart også for dei yngste.

Me er lova ein regnfri lørdag også under det som då blir det kombinerte KM/Gneistspelen. Til gjengjeld skal det koma ein del vind, men her vil det nok variera, slik at ein del kan bli heldigare enn andre.

Mengda deltakarar/startar er ein del ned frå stor-suksessen KM/Gneistspelen i 2009. Det kan skuldast at me enno har ferie i ei god veke her i Bergen, men dei som er påmelde kan fort få ei fin oppleving.

15- 19- åringane har ei lita handfull øvingar i sin gneistspel. Fredagskvelden opna det med to Gneist-ungdommar i stav. Dei har ein del å gå på før dei skal til UM i Fredrikstad om to veker...

I stav viste til gjengjeld Eirik Leikvoll (G13) framleis flott stavform alt onsdagskvelden i Arna Idrettspark då han betra pers og klubbrekord med éin centimeter, til 2,73.

Lite smålåtne

Så ser det ut til at me får "full pakke" når det gjeld veret til Gneistspelen: Strålande forhold for dei yngste i dag, fredag, flott - men med ein del vind - lørdag og det tidlegare i veka varsla sørpeføret søndag. Det kan me leva med, flott er det også at det er dei aller yngste som får det finast, no når det likevel skal fordelast.

Det er rimeleg å tru at IL Gneist kjem til å vera særs lite smålåtne når det gjeld medaljefangsten i sitt eige KM, for årets Gneistspelen er - som for to år sidan - også KM for dei mellom 11 og 14 år. (Så får me håpa at Gneistspelen ganske snøgt finn si form, med eige øvingsprogram, også når det ikkje blir arrangert KM!) Det tilseier både påmeldingane og kvaliteten på Gneist-utøvarane i dei aktuelle aldersgruppene, slik allment.

For dei to eldste årgangane, 13- og 14-åringane, så er uttaket til dei regionale ungdomsleikane første helga i september eit anna uttrykk for Gneist si sterke stilling for tida. Første helga i september møtest dei beste 13- og 14-åringane frå Sogn og Fjordane i nord til Agder-fylka i sør til dyst på Osterøy Stadion i Lonevåg. Det første uttaket låg føre torsdag og der er heile 11 Gneist-utøvarar med. Faktisk er nabo Fana IL nest største klubb her, med 7 utøvarar med, medan veslebror i Bergen Nord, Norna-Salhus, må nøya seg med 4.

tirsdag 9. august 2011

Yr vs. Storm

Det har vore mykje spennande ver i sommar, det er sikkert. Like sikkert ser det ut til å vera at når det stundar mot Gneistspelen, ja så skrur vermeldarane på sine dystraste miner. I går kveld sat eg og tenkte på finurlege oppfinningar som kunne gjera det muleg å skriva resultat utan å koma til sekretariatet med oppsmuldra filler etter konkurransane. Korleis An-Magritt klarte å få noko vettugt ut av listene for to år sidan, det skjønar eg enno ikkje.

For to år sidan var det jo også Gneistspelen/KM 11-14 år og det var ei rotbløyte utan like. I tillegg er me lova godt med vind til helga. Men la oss ta det positive: Fredagen, med livlege rekruttar og 10-åringar i elden, er me lova absolutt brukande ver. Og så var det slutt på det positive, i alle fall i følgje yr.no. Både lørdag og søndag (om enn i noko varierande grad) skal det både regna og blåsa såpass at det neppe blir behageleg. 

Men så, så får me setja vår lit den skarpe konkurransen mellom Yr og Storm, for sistnemnde meiner i alle fall at nedbøren skal bli ein god del mindre, sjølv om også Storm seier me bør halda på hatten.

Vel, vel, alt i alt ser det ut til at me kan flytta Gneistspelen til kva helg me vil, styggaveret følgjer etter likevel.

mandag 8. august 2011

Ymse i Kristiansand

Etter ei nettlaus helg i den mellomstore byen Kristiansand, er eg oppe og går igjen og på nett inne i skogen i Vest-Telemark.

I tre dagar  i Kristiansand fekk me oppleva det aller meste av ver: det aller meste av fredag og søndag føremiddag plaska det ned med regn, av ein type me sjelden opplever heime. Lørdag fekk me ein strålande sommardag.

På banen, på det flotte nye dekket på Kristiansand Stadion, gjekk det også opp og ned for våre utøvarar.

Monika Benserud har på den eine sida fått seg ein skade som gjorde at ho ikkje stilte i nokon av dei individuelle øvingane, på den andre sida fekk ho oppleva å bli juniormeister då ho sprang ein habil første etappe (100 meter) på 1000 meter stafett i JR22 (U23) søndag ettermiddag. Det var stor spenning heilt inn, der Martine Eikemo Borge tok igjen Benedicte Hauge på heimelaget Kristiansand IF på den avsluttande 400 meter-etappen. Hauge hadde ei "umuleg" leiing, men stivna fullstendig på oppløpet.

Jørgen Jensen Axelsen gjorde eit realt forsøk på 5000 meter fredag kveld og var mellom topp tre i store delar av løpet. På slutten blei det for tungt og han hamna på 7. plass, men flytta persen ned til 15:52,14. Det gir 966 tyrvingpoeng. På hinder var Jørgen einaste av dei tre frå BFG som fullførte, på 6:35,03.

Marianne Benserud var i ein heilt annan stavform på Ravnanger for eit år sidan enn ho var i finaveret lørdag. Denne gongen blei det 2,60 og 8. plass på tittelforsvararen.

Ole Martin Røssland hamna ugreitt til i feltet på 5000 meter og først den eine ryggen, så den andre forsvann ut av feltet, før han - ganske tidleg - fann seg i eit åleineløp på halen av feltet. Det blei 9. plass, på 16:10,59. På 2000 meter hinder var målet å gjennomføra med stil under debuten med 91-hinder. Etter to rundar sprang han jamt og fint og følgde eit skjema til rundt 6:40, men like etter passering kræsja han kneet inn i hinderet og måtte gi seg.

torsdag 4. august 2011

Ein god sommar

Norna-karusellen onsdag kveld viste at det har vore dårleg med unnasluntring for Gneist-utøvarane i sommar. Ei rekkje framifrå resultat blei oppnådd i sommarveret.

Eirik Leikvoll (G13) hoppa bokstavleg talt over 2,60-talet i stav og betra persen og klubbrekorden til heile 2,72 - imponerande!

Så er mulegeins ei ny sangstjerne fødd? La meg forklara: Renate Lie (J13) sette ny norsk rekord, med elektronisk tidtaking, på 400 meter med 61,29. Manuelt er det sprunge heilt ned på 60,0 i tidlegare tider. I 1971 ein gong sprang Melodi Grand Prix-stjerna frå min eigen ungdom, Anita Skorgan frå IL Tyrving, på 61,2 - om lag der Renate blei klokka inn i går kveld. Så er det nemnt. Den gamle klubbrekorden i Gneist hadde Marianne Sæverås på 62,5 - frå 1979 - nesten Skorgan-generasjonen altså.

Elles noterer me habile årsdebutar på 200 meter for Andreas Iden og Anders Bjørndal i G16 - med respektive 26,05 og 26,90.

onsdag 3. august 2011

Vegen til Kristiansand (før junior-NM)

No gjeld nok dette berre dei færraste, til og med dei færraste med utgangspunkt i bergenstraktene, men vegen vår til Kristiansand går altså via Kvinnherad. Her er det hundedagar og heitt, heitt - i alle fall til og med torsdag. Natt til fredag er det veromslag i heile Sør-Norge og metereologane har nett fortalt at me kan venta oss kva som helst og det aller meste på kort tid når me kjem til Sørlandets hovudstad.

At me er på veg, og i alle fall halvvegs er ferierande, gjer at eg ikkje har fått finstudert startlistene og eg veit heller ikkje om eg har hundre prosent kontroll på våre deltakarar. Desse er dei eg noterte meg før eg begynte turen sørover:

Marianne Benserud
Marianne er faktisk tittelforsvarar i øvinga ho er påmeldt i, stav i KJ19. Ho var i særs god stavform då junior-NM gjekk av stabelen på Askøy i fjor. I år har Marianne 7. beste junior-resultatet i landet før meisterskapet startar.

Monika Benserud
Monika debuterer i junior-NM og er påmeldt i (i alle fall) fire øvingar: to løp (100 meter og 200 meter) og to hopp (lengde og tresteg). På sprintdistansane er konkurransen hard og tett, men Monika kan på sitt beste nå ganske langt. Eg har notert 10. beste juniortid på 100 meter og 17. beste juniortid på 200 meter så langt. I lengde har Monika 9. beste hoppet for juniorar og i tresteg er ho heilt oppe og har 4. beste juniorhoppet før NM.

Jørgen Jensen Axelsen
Jørgen er eldstemann av Gneist-utøvarane under junior-NM og har eit par meisterskaps erfaring alt. Han sprang ein særs god 1500 meter under DN Galan Youth sist helg og har store planar under 5000-meteren fredag. Jørgen har ikkje sprunge distansen så langt i år og bør kunna persa solid frå fjorårets 16:10,96. Det blir spennande å sjå nett kor langt ned Jørgen kan koma i tid - og kor langt opp på resultatlista. Det aller meste er muleg!

Søndag er Jørgen påmeldt 2000 meter hinder. Også her har Jørgen fått seg god erfaring etter kvart, sidan han slengte seg med på distansen i Bodø for eit par sesongar sidan. Under Framo-lekene i juni viste Jørgen at han verkeleg har lært seg hinder og sprang heilt ned på 6:18. Det er 6. beste tida for juniorar så langt.

Ole Martin Røssland
Ole Martin debuterte i junior-NM på Askøy i fjor - med å få krampe i leggen tidleg på 5000-meteren og deretter jogga han rundt og hamna eit par-tre minutt etter dei beste. I år håpar han på ei betre oppleving. Det er få i feltet på 5000 meter som har sprunge distansen i år, Ole Martin er ein av dei og er 4. beste junior med 16:02. I det femten mann sterke feltet får han vera nøgd med ei topp ti-plassering. Og så får han jakta på ei eller anna tid med 15 først...

Så er også Ole Martin påmeldt 2000 meter hinder søndag. Dersom beina held denne gongen, blir det såleis debut med 91-hinder. Då er kan henda Jørgen sin klubbrekord i G16 frå 2009 eit muleg mål (6:47,58)?

mandag 1. august 2011

Vilde Omholt

Nokon brukte sommarkvelden den første dagen i august til å springa karusell langs Flyplassvegen, andre av oss tok oss ein roleg treningstur, enten i Hordnesskogen eller rundt omkring ved Skranevatnet. Søstrene Maren (J13) og Vilde Omholt (J16) på si side tok turen til karusellen på Osterøy. Der blei det meldt om 18 fine grader og noko vind. Til dels var det god medvind på sprinten, til dels noko for sterk vind. Maren utvida sitt banerepertoar med ein 60 meter, i tillegg til at ho dobla si mengd med 100-metrar (frå ein til to). Men det spørs om ikkje også Maren må prøva seg på lengre distansar etter kvart.

Storesøster Vilde debuterte i UM som 15-åring, i Molde i september i fjor. Det gjorde ho på ein framifrå måte på 2000 meter. I år er det i utgangspunktet tre relevante distansar for Vilde under UM i Fredrikstad, i J16: 3000 meter erstattar 2000 meter som lengste distanse. Der har ikkje Vilde baneerfaring enno. I tillegg er det 1500 meter hinder, som ho debuterte på under løpsstemnet til Gneist i september i fjor. For begge desse distansane gjeld det at det ikkje er kvalifiseringskrav.

På 800 meter, derimot, er det krav. Det er på 2:31,00 for J16. Før kveldens karusell var persen til Vilde på 2:34,70, etter i kveld er den på solide 2:29,17. Dermed er ho ikkje berre kvalifisert til årets UM på 800 meter, men også i J17 på Askøy neste år (krav: 2:30,00). Tida er 19. beste i klassen i Norge i år. Gratulerer!