fredag 30. september 2011

Veldig tidleg terminliste"nytt"

Ja, det er så tidleg og så lite nytt at det må vera "nytt", altså i hermeteikn. Eg snakkar no ikkje om innomhus-terminlista - som heller ikkje er klar - der det er godt håp  om spennande arrangement i den splitter nye Leikvang-hallen (open for trening frå og med mandag). Eg snakkar om neste utesesong.

Juni månad er jo ein månad for reising, det er berre spørsmål om kor og når. Først ei melding til Hordaland Friidrettskrets: Det bør vera (kanskje til og med god) plass til stor-KM i juni månad igjen i 2012.

Veidekke-lekene på Lillehammer har tradisjonelt gått over fire dagar rundt St. Hans - ofte har dei begynt før skulane (i alle fall her vestpå) har teke ferie og blitt avlsutta i første feriehelga. No syslar lillehamringane med planar om å flytta stemnet så tidleg som til 8. - 10. juni - og altså gjera det til eit tredagarsstemne. Dette er ikkje avgjort, men det er spennande planar. Det plasserer i så fall stemnet mellom Framo her lokalt og Tyrvinglekene. Eit konkret problem for Veidekke er at 8. - 10. juni vil kollidera med Donald Duck-stemnet på Bislett, i samband med Bislett Games 7. juni. Dette kan nok vera ein effektiv stoppar for planane.

Skulle denne endringa likevel finna stad, vil altså helga 22. -24. juni vera heilt ledig og fri (igjen).

... To be contiuned...

torsdag 29. september 2011

Årets mest framgangsrike 2011 pr. 29. september

Då er me neste ferdige med 2011-sesongen. Det gjenstår truleg nokre få resultat før me skrur igjen og avsluttar, men det aller meste er i boks. Statistikaren skal i ledige stundar kladda ein første oversikt til Lagserien - der Gneist gjorde det solid i fjor. Før det kjem ein nest-siste - og altså nesten fullstendig - oversikt over "Årets mest framgangsrike 2011". Denne versjonen inneheld 5 namn pr. kjønn pr. øvingskategori - men i to avdelingar; ei avdeling for alle og ei avdeling for dei som ikkje har oppnådd medlemskap i 1000 poengs-klubben.

Slik ser det ut pr. no:

JENTER
Løp - alle
Silje Stenersen, Anna Evensen, Maria Tyssebotn Berg, Charlotte Harris, Cathrine Harris
Løp under 1000 poeng
Silje Stenersen, Maria Tyssebotn Berg, Charlotte Harris, Cathrine Harris, Anna Serine Røssland

Hopp - alle
Synne Våge Opheim, Anna Evensen, Nora Ø. Aarvik, Cathrine Harris, Maria Jensen
Hopp under 1000 poeng
Synne Våge Opheim, Maria Jensen, Sanne L. Christensen, Silje Stenersen, Vilde Lund Bjørnsen

Kast - alle (ingen over 1000 poeng)
Maria Tyssebotn Berg, Cathrine Harris, Renate Lie, Monika Benserud, Maren H. Lillefosse

GUTAR
Løp  - alle
Kristoffer Blücher, Eirik Leikvoll, Stian Norheim, Espen Bjørndal, Herman Hovland
Løp under 1000 poeng
Eirik Leikvoll, Stian Norheim, Espen Bjørndal, Herman Hovland, Håvard Opheim

Hopp - alle
Erlend Biskopshavn, Kristoffer Blücher, Eirik Leikvoll, Magnus Leikvoll, Thomas Blücher
Hopp under 1000 poeng
Erlend Biskopshavn, Eirik Leikvoll, Magnus Leikvoll, Thomas Blücher, Håvard Opheim

Kast - alle
Amund Høie Sjursen, Gjert Høie Sjursen, Henrik B. Ettrup, Emil E. Holm, Kristoffer Blücher
Kast under 1000 poeng
Amund Høie Sjursen, Henrik B. Ettrup, Emil E. Holm, Kristoffer Blücher, Magnus Leikvoll

Frå tusen til ti tusen

Det blei mykje springing den siste onsdagskvelden i september, slik tradisjonen tilseier. På Fana Stadion gjekk altså Gneist sitt eige løpsstemne av stabelen. Her kom det særleg mange gode prestasjonar på 1000 meter, men også litt av kvart anna.

Emil Engelsen Holm (G14) noterte seg for 10,94 på 80 meter, som skal vera ny klubbrekord.

På 1000 meter sletta Silje Stenersen (J11) den gamle 1000 meter-rekroden til Renate Lie, sett under tilsvarande stemne i 2009, til gagns. Silje si tid blei 3:19,94. Gamlerekorden var på 3:33,28. Til gjengjeld sprang Renate Lie (J13) eit nytt godt 1000 meter-løp denne gongen, på 3:11,99, som er ny klubbrekord i denne årsklassen.

Fanalekene har no sendt inn sine resultatlister offisielt, og dei viser at det brått er blitt for mykje vind i eit ikkje uvesentleg 100 meter-heat. Det var heatet der Sondre Rinde (G13) sprang på sterke 12,82. No er vinden justert frå +0,6 til + 2,4 og dermed er 13,06 Sondre si bestetid på distansen med godkjent vind framleis. Det betyr også at Torgeir Hasås held på sin klubbrekord frå 1997. I kveld var Sondre på seriestemne i Arna og prøvde seg på nytt. Denne gongen var vinden 1,1 imot og Sondre blei klokka inn på 13,23.

Til gjengjeld sprang Jørgen Jensen Axelsen 100 gongar så langt og vann 10 000 meter på 34:37,79. Det gir 941 tyrvingpoeng og er klubbrekord i G18. Dette var elles den tredje 10 000-meteren i kretsen denne sesongen - alle tre i løpet av dei siste åtte dagane.

tirsdag 27. september 2011

40 meter

Rett skal vera rett, så får det ikkje vera så nøye med det andre.

Dagen etter at mange - både i rett og i "feil" alder - sprang 40 meter under sesongens siste Norna-karusell på Fana Stadion sist onsdag, så tok brørne Rinde (og rekrutt Tobias Allers-Hansen) turen til Leikvang Stadion der nord i bydn.

Det var fine løp på dei andre også, men viktigast i ein statistikk-samanheng og for å vera oppdatert og kompletterande: Sondre Rinde (G13) betra sin dagsgamle pers og klubbrekord på 40 meter, under den fjerde Hovding-ruletten, då han sprang på 5,80 (i 1,4 m/s motvind). Det var nøyaktig eitt tidel betre enn dagen før.

So e da nemnt.

Stemnerekordar

Ein kan seia mykje forskjellig om Gneistspelen, men noko konsistent øvingsprogram er det synd å seia at me har hatt dei siste åra... Er det noko som i alle fall kan gje inntrykk av ein viss stil ved større stemne, så er det samlinga av stemnerekordar bak i programheftet: Det fortel om lange tradisjonar og klare og konsistente linjer. Det får me framleis lengta etter når det gjeld Gneistspelen.

I mellomtida får me gleda oss til tradisjonen Gneist sitt løpsstemne, som blir arrangert for 3. gong onsdag kveld. Her er det faktisk ein ganske god samanheng i øvingsprogrammet.

Her er stemnerekordane for øvingane som går i år!:

80m
J10 Nina Tveite, Fana 13,28 (30.9.09)
J11 Anita Norheim, Gneist 13,47 (30.9.09)
J12  Målfrid Pettersen Lunde, Os 11,88  (30.9.09)
J13 Vilde Lund Bjørnsen, Gneist 10,71 (30.9.09)
G10 Magnus Vonen, Varegg 12,82 (30.9.09)
G11 Henrik Gravdal, Gneist 11,81 (30.9.09)
G12  Jakop Kjellstad, Fana 13,17 (30.9.09)
G13 Jonas Gjesdal, Varegg 10,59 (30.9.09)
G14 Stefan Nautnes, Varegg 10,87 (30.9.09)
G15 Suthiphat Skare, Laksevåg 11,20 (30.9.09)
G16 Martin Vikse, Laksevåg 10,29 (30.9.09)

200m (første gong arrangert 2011)

600m
J11 Michelle F. Heggeland, Kalandseid 2:06,36 ( 29.9.10)
J13 Målfrid Pettersen Lunde, Os 1:55,03 (30.9.09)
J14 Paula Llano, Laksevåg 1:38,93 (30.9.09)
J16 Solveig Ohnstad, Laksevåg 1:44,03 (30.9.09)
J17 Solveig Ohnstad, Laksevåg  1:38,27 (29.9.10)
G11 Henrik Gravdal, Gneist 1:50,07 (30.9.09)
G12 Sondre Strøm, Laksevåg 2:02,13 (30.9.08)
G13  Aleksander Lie, Gneist 1:43,10 (30.9.09)
G14 Tom Skjæråsen, Varegg 1:36,48 (30.9.09)
G15 Brede Kristensen, Laksevåg 1:36,69 (29.9.10)
G16 Magnus Pettersen Lunde, Os 1:37,74 (30.9.09)

1000m
J11 Renate Lie, Gneist 3:33,28 (30.9.09)
J12 Renate Lie, Gneist 3:20,46 (29.9.10)
J13 Ingrid Næss Johansen, Fana 3:23,09 (29.9.10)
G11 Casper Stenersen, Gneist 3:17,70 (30.9.09)
G13 Jonas Gjesdal, Varegg 2:51,64 (30.9.09)
G14 Andreas Iden, Gneist 2:48,41 (30.9.09)
G15 Tom Skjæråsen, Varegg 2:52,02 (29.9.10)
G17 Magnus Pettersen Lunde, Os 2:59,85 (29.9.10)

3000m
MS Lars Nesbø Bakke, Fri  8:25,12 (29.9.10)
U23 Lars Nesbø Bakke, Fri 8.25,12 (29.9.10)
G18/19 Jaad Orten, Fri 9:03,30 (29.9.10)
G14 Alexander Meyer, Norna-Salhus 10:16,29 (29.9.10)
G15 Jørgen Tvedt, Norna-Salhus 9:15,74 (29.9.10)
G16 Bjørn Rusten Lundberg, Norna-Salhus 10:19,73 (29.9.10)
G17 Jørgen Jensen Axelsen, Gneist 9:14,10 (29.9.10)
MV35-39 Terje Simmenes, Osterøy 9:19,49 (29.9.10)
MV50-54 Brigt Strømmen, Fri 10:03,63 (29.9.10)

1500m hinder
J13 Anna Serine Røssland, Gneist 5:53,17 (29.9.10)
J15 Ragnhild Seim, Laksevåg 6:02,22 (29.9.10)
G13 Aleksander Lie, Gneist 4:59,86 (30.9.09)
G14 Ole Martin Røssland, Gneist 5:01,27 (30.9.09)
G15 Bjørn Rusten Lundberg, Norna-Salhus 5:39,23 (30.9.09)

Tidlegare er også 40m, 100m, 300m, 5000m og 400m hekk blitt arrangert.

mandag 26. september 2011

Ukurant Nytt

Sjå der, der var me oppdaterte igjen. For eit halvårsidan (28. mars) skreiv eg at me var klare for halvårsløpet, sommarhalvåret fram til avslutninga under Gneist sitt løpsstemne den 28. september. No er me der og banesesongen går definitivt mot slutten. Me har notert oss at det er seriestemne i Arna 16. oktober. Spørsmålet er meir om har fått skifta dekk på bilen til dess og er klare til å møta nattefrosten.

Til helga, derimot, er det meldt om full sommar (!). Det einaste tilbodet som finst då, ved sida av nokre kastøvingar for 10-12- åringane fredag, er Fanaløpet. Elles er det altså konkurransefri på bane for dei aller, aller fleste etter onsdagskvelden. Onsdag er det meldt om alt muleg ver - slik me er vane med for tida - og det er muleg å ha flaks på kvelden enno, kan det sjå ut til.

Eit par ikkje så vanlege distansar er sett opp på programmet der, til dømes 80 meter og 1000 meter. Det blir i seg sjølv kjekt. Sist onsdag, under årets siste Norna-karusell, var det fleire av dei eldre ungdommane som gjekk i barndommen og sprang 40 meter. Sondre Rinde (G13) sprang på 5,90 og var med det eitt hundredel under Amund Høie Sjursen sin klubbrekord frå to år tilbake.

Innimellom kjem tvilen om kva statistikarane skal føra og ta med. Til dømes gjeld det "treningsdistansen" 150 meter, som blir brukt slik då og då. På 40 meter er spørsmålet meir kor gammal ein skal få vera når ein får bokført tid. Her er følgjande val teke: Ein er for gammal til å få tid bokført på norgesstatistikken når ein er 15 år, men Aleksander Lie (G15) og Stian Norheim (G15) får tidene med i Gneist-statistikken. Tvilen har mulegeins lege der tidlegare også: Det er første gongen det blir notert klubbrekord på 40 meter i G15. Men dette kan også ha å gjera med at det er sjelden det blir sprunge 40 meter i offisielle former for dei eldste.

Oppdatering på vent

... Og for dei som ventar på at nyhenda om rekordar og poeng og store bragder også skal finna vegen til den oppdaterte statistikken på Gneist-sidene, så må me/eg avventa at serveren som tener slike ting har sove frampå og kome seg i orden igjen...

søndag 25. september 2011

Store finaleprestasjonar - 2. bolken

Talet er 3 - for 3000 meter og for tresteg. Det var her det først og fremst blei prestert framifrå under Fanalekenes 2. dag.

Eg skal ikkje garantera at eg har full oversikt over tresteg-resultata. Den første versjonen av resultatlistene eg kasta meg over mangla vindmålingar. Difor blei det litt lappeteppe då eg fekk målingane inn nett-døra nyleg.

Men:

Hans-Magnus Haukøy (G10) er nytt medlem i 1000 poengs-klubben med sitt 8,43-hopp i nettopp tresteg! Det gir 1023 poeng. To poeng og eit par centimeter bak hamna Pål Haugen Lillefosse i same klasse.

Sondre Rinde (G13) slo Marius Benserud sin rekord frå 2002 på 10,85 i tresteg med nøyaktig halvmeteren: 11,35 (1025 poeng). Han sletta også Fredrik Nesslin sin ti år gamle 200 meter-rekord. Sondre sprang på 26,02, som er 4/100 betre enn den gamle noteringa (998 poeng).

Kristian Schjønningsen (G12) sette ny klubbrekord i G12, tresteg, med 10,46 (1036 poeng). Kristoffer Blücher hadde frå tidlegare i år 10,12.

Anna Evensen (J11) har hatt ei svær helg. I tresteg blei det 8,95 (1015 poeng), 15 centimeter bak Monika Benserud sin klubbrekord. På 200 meter fekk Anna 30,92 (904 poeng).

Cathrine Harris (J13) landa på 10,75 i tresteg - 23 centimeter lengre enn Monika Benserud sin to år gamle rekord (1055 blanke tyrvingpoeng for Cathrine).


Espen Bjørndal (G11) persa til 8,54 i tresteg (934 poeng).

Kristoffer Blücher (G12) betra eigen klubbrekord på 200 meter, då han presterte 27,44 (1013 poeng).

Og på 3000 meter fekk me to makalaust gode løp: Ingrid Næss Johansen (J14) sletta Ingrid Sandvoll sin 33 år gamle klubbrekord. Det gjekk nett så vidt, med 10:54,07. Og Henrik Irgens Gravdal (G13) oppnådde fantastiske 9:53,07. Det er altså berre tre sekund bak UM-kravet i G16... Og det er om lag 16 sekund framfor Andreas Iden sin klubbrekord frå Lonevåg i juli 2008.

lørdag 24. september 2011

Store finaleprestasjonar - 1. bolken

Dersom me seier at neste veke inneheld den store finalen - med løpsstemnet (og for så vidt med eit ekstra kaststemne for dei yngste), så er helgas Fanalekene 1. bolken av årets banefinale. Medan bloggar og statistikar var oppteken med første trening for PU-gruppa vår, så blei det gjort svære ting også av mange utøvarar på Fana Stadion.

Anna Evensen (J11) er ei flink sprintjente. I dag fekk ho i tillegg til ein fin 600 meter, men først og fremst imponerer Anna på korthekken - 60 meter. Med ein eminent hekke-teknikk fauk ho i dag i mål til 10,45. Det gir 1085 tyrvingpoeng og er - meiner eg - Anna sin aller første klubbrekord. (Den gamle hadde Renate Lie, frå den gongen ho framleis hoppa hekk, på 10,50 i 2009.) Ho oppnådde også 1,22 i høgde (910 poeng).

Sondre Rinde (G13) braut 13.00-barrieren på 100 meter, kom seg heilt ned til 12,82, som gir 996 tyrvingpoeng, og er ny klubbrekord (Torgeir Hasås hadde den gamle på 12,99, frå 1997).

Håvard Rinde (G10) kom seg i mål til 11,41 på 60 meter hekk. Det gir 978 tyrvingpoeng. Han støtte også kula til 7,70m (952 tyrvingpoeng).

Hekkepers blei det også på Kristian Schjønningsen (G12), på 10,42 (956 tyrvingpoeng). I kule betra Kristian seg til 8,59 (810 poeng).

Pål Haugen Lillefosse (G10) kom i mål til 1:55,72 på 600 meter (903 poeng).

Charlotte Harris (J11) fekk 6,84 i kule (870 poeng), medan Sara Tyssebotn Berg (J10) støtte kula 4,32m (784 poeng).

fredag 23. september 2011

Born to Run

Born to Run er ei særs interessant bok av Christoper McDougall. Han skriv om springing og om det å vera fødd til det, naturleg springing og barfot-springing.

"A thinking exploratijon of mankind's most ancient pursuit, Born to Run will make you realize that the secret to happiness could be right at your feet" - som forlaget seier det på vaskesetelen.

Born to Run er naturlegvis også tittelen på Bruce Springsteen sin song og album frå 1975. Den handlar ikkje om springing, men om å flykta av garde på landevegen i ein etter måten rask bil.

Begge delar handlar likevel om fridom.

Så i dag tar me ein god joggetur og deretter eit kakestykke - og gratulerer med 62-årsdagen til Bruce...

Tøffingar

Ok, då er siste meteren sprungen for i år - og siste orda skal her seiast om sjølvaste Bedriftskarusellen. Like før start ved Tveitevatnet torsdag kveld kom det eit skybrot som gjorde at me kjende at me var mellom dei tøffaste idrettsutøvarane i byen. Rettnok var det nesten blitt opphald til starten, men dei dammane me måtte springa tvers gjennom, då, nei, dei skulle ein ha kjent gjennom joggeskoa og sokkane for å kunna forstå!

Ti løp er over - frå april til september, med heilt nødvendig sommarfri i to og ein halv månad. No blir det å liggja på sofaen i sju månader, til 2012-sesongen startar med terrengløpet på Storetveit-markane.

Jostein Lie og underteikna gjennomførte alle løpa for første gong, eg har vore nærmast tidlegare - med ni av ti løp i 2009. Jostein tok ein imponerande 3. plass samanlagt og avslutta med å slå både samanlagtvinnar og -toar i siste enkeltløpet. Så får me sjå om formen også kan brukast opp Stoltzen lørdag. Eg hamna - på trygg avstand - på plassen bak, den 4. Til saman 12 menn gjennomførte alle ti løpa.

Ingrid Næss Johansen vann alle ti løpa i dameklassen. Neste år vil me vel tru at det blir vanskeleg å kombinera bedriftskarusell-deltaking heile sesongen med tyngre satsing på baneløp for Ingrid.

Pappa Tom Roger sin reportasje i Kondis er beste beviset på overskrifta idag - Tøffingar.

torsdag 22. september 2011

Fanalekene

Av særs gode grunnar jakta Fana IL si friidrettsgruppe sist vinter på ei alternativ helg for sine Fanalekene. Ein prøvde seg på mai, ein prøvde seg på august, berre for å oppdaga det dei informerte av oss visste: alt var oppteke. (Det mest desperate utslaget fekk me då Fanalekene brått bestemte seg for å innta same helga som KM 11-14/Gneistspelen. Ja, det skulle teke seg ut.)

I staden er altså Fanalekene på plass igjen på si vante helg, den aller siste i september. Deltakinga er so som so. Her er det snakk om to ytterpunkt: på den eine sida har me dei utøvarane som enten har funne toppformen seint og som kjem til å gjera det godt eller dei som uansett klarer å ta ut sitt aller beste, fordi det er siste stemnet. På den andre sida finn me dei som manglar - dei som rett og slett er ferdige med sesongen. I alle fall nesten - for på onsdag er det løpsstemnet til Gneist.

No ja. På Fana IL sine nettsider ligg det ei startliste. Den blei nok teken ut noko før påmeldingsfristen, sidan den inneheld i alle fall eitt namn som strauk seg før fristen gjekk ut (ein utøvar i nært slektskap med bloggaren), så her får økonomiansvarleg passa på at me ikkje betaler for mykje i startpengar...

Eg har notert meg følgjande påmelde elles (ti år og oppover):

J10:
- Sara Tyssebotn Berg (200m, 600m, kule, tresteg)


J11:
- Anna Evensen (200m, 60m hekk, 600m, tresteg)
- Charlotte Harris (200m, høgde, kule, tresteg)
- Madeleine Sande (200m, 600m, kule, tresteg)
- Sanne Lillevik Christensen (60m hekk)

J13:
- Cathrine Harris (100m, 200m, høgde, kule, tresteg)
- Maren Haugen Lillefosse (100m, 200m, 600m)
- Maria Tyssebotn Berg (200m, diskos, kule)
- Renate Lie (200m, 600m, kule

J14:
- Ingrid Næss Johansen (800m, 3000m)


J15:
- Monika Benserud (kule)


J16:
- Marianne Benserud (høgde, tresteg)
. Tina Therese H. Jenssen (100m, tresteg)


G10:
- Hans-Magnus Haukøy (200m, 600m, høgde, tresteg)
- Håvard Rinde (200m, 60m hekk, høgde, kule, tresteg)
- Pål Haugen Lillefosse (200m, 60mh, 600m, høgde, spyd, tresteg)
- Sindre Kampen Nesheim (200m, 60m hekk, 600m, spyd, tresteg)


G11:
- Espen Bjørndal (200m, 60m hekk, høgde, tresteg)
- Gjert Høie Sjursen (60m hekk, kule, spyd)
- Thomas Blücher (200m, 600m)

G12:
- Kristian Schjønningsen (200m, 60m hekk, 600mh, kule, tresteg)
- Kristoffer Blücher (200m, 600m)

G13:
- Eirik Leikvoll (100m, høgde)
- Henrik Irgens Gravdal (100m, 200m, 600m)
- Sondre Rinde (100m, 200m, diskos, kule, tresteg()

G14:
- Emil Engelsen Holm (200m)
- Mats Bjørndal (100m)

G15:
- Aleksander Lie (100m, 200m, høgde)
- Magnus Leikvoll (100m, 200m, diskos, høgde, kule)

G16:
- Anders Bjørndal (800m)

... Og veret?... La oss nøya oss med å seia at det ser ut til å bli bra til onsdag 28...

onsdag 21. september 2011

Ny springegjeng i Gneist

I mine auge blir lørdag 24. september ein merkedag, ja, det bør til og med bli ein merkedag i Gneist Friidrett og IL Gneist si historie. 

Klokka 12 startar historias første trening for Gneist Friidrett si løpsgruppe for psykisk utviklingshemma. Til saman ti barn og ungdommar i ulike aldrar er førebels påmeldt. Norges Friidrettsforbund støttar prosjektet med førebels 40.000 kroner - og dei har lova meir støtte i 2012 dersom prosjektet blir vellykka. 

Flinke ungdommar frå Gneist Junior er med og hjelper til for at dette skal bli vellykka. På sikt er målet deltaking både her og der, treningsleir(ar) og andre turar. Først og fremst håpar me å utvikla ein kultur for springing! 

Det finst mange gode vegar til integrering. Mi meining og røynsle er at det å samla ein gjeng for seg - altså i utgangspunktet det motsette av integrering - er ein god start. Der får dei utvikla seg på eigne premissar og ha det kjekt i lag, for så å ha ein langt tryggare plattform til å delta i ulike former for konkurransar saman med andre seinare. Konkret satsar me lokalt i alle fall på å dukka opp i Løpskarusellen og i Gneistspelen, etter kvart.

Kryss fngrane - og ønsk oss lykke til!

tirsdag 20. september 2011

Gamle Folk Nytt

Mentalt utlada (II): Etter eit par sesongar med skikkeleg trøkk og interne stridar i foreldreflokken (fedreflokken) i Gneist, så synest det som om mange av oss kjenner at me har fortent ein kvil. Ikkje veit eg kor me i så fall har fått det ifrå.

Sanninga er i alle fall at banedeltakinga i 2011 har vore særskilt tynn for Avdelinga for Gamle - som ungdommane seier det. Me kan telja resultata frå utesesongen på to fingrar: Geir Sjursen sin 100 meter på Fana Stadion 17. august og Jostein Lie sitt diskoskast same staden den 14. september.

Totalt i Veterankonkurransen 2011 - med ein liten bukett inne-resultat i tillegg - er det nemnde Geir Sjursen som leiar suverent, framfor Arve Rinde (med ein intens innsats inne i februar månad) og Trond Leikvoll (fjorårsvinnaren, som også ser ut til å ha satsa alt på vinteren dette året). Nr. 4 er Jens Opheim, 5 er Jostein Lie og nr. 6 er Mads Holm.

Jostein Lie kan på si side trøysta seg med solid innsats i årets Bedriftskarusell i regi av Hordaland Bedriftsidrettskrets. Her er det berre å gjennomføra torsdagens 10. og siste løp for å sikra seg pall-plass (3.). Her er det mykje vatn mellom båtane: alle dei første plassane er klare, så sant folk stiller opp for to rundar rundt Tveitevatnet i ausande regn. Bloggaren er på trygg 4. plass.

Her er alle sjansar til å ta seg saman, i Avdelinga for Gamle Folk. Det kan til dømes skje under veteran-KM i Knarvik (men arrangert av Laksevåg...) dei to første dagane i oktober. Påmeldingsfrist: 28. september!

Mentalt utlada

Bloggen har hatt helgefri (langhelg, like så godt). Det har skjedd parallelt med siste friidretts-turen for året. Den gjekk til UM/NM i terrengløp, lang løype, i Trondheim. Ein kan seia mykje om Trondheim og trønderar, men det skal eg ikkje begynna med no - då blir bloggen for lang. Éin ting må likevel slåast fast: dette blei eit flott arrangement. Veret hadde dei fiksa, slik at regntunge folk frå lengre sør - både frå aust og vest - fekk tørka seg skikkeleg. Og løypa rundt og ved Kristiansten Festning var glitrande. Nokre av løparane ville kanskje hatt løypa endå tøffare, men veldig publikumsvennleg var den - og her blei det også terrengløp og ikkje, til dømes, gateløp.

Jørgen Jensen Axelsen (G18) sprang i juniorklassen. Han hadde lagt opp ein fornuftig plan og følgde den til punkt og prikke. Utgangen frå start var passe tung, så her var det klokt å spara litt på kruttet. Løypa var på 2 km og Jørgen var gjennom den tre gongar. Ved passering siste gong låg han på 12. - 13. plass, men på sisterunden kom det fornuftige løpsopplegget til sin rett  og Jørgen plukka løpar etter løpar og hamna til slutt på ein sterk 6. plass. Med det er Jørgen aktuell for Nordisk meisterskap seinare i haust, men her er nålauga trongt. Berre det å vera aktuell i første forsøk, står det respekt av.

Ole Martin Røssland (G16) er også ein planleggjar, av og til synest vel folk i hans umiddelbare nærleik at det kan bli i meste laget med planlegging, men, men... Hans klasse sprang to rundar i løypa, slik at det blei 4 km, noko som godt kunne vore lengre, etter Ole Martin sitt syn. 15-, 16- og 17-åringane sprang saman i eitt heat og frå start var Ole Martin heilt i teten, saman med sterke 17-åringar som Erik Udø Pedersen (vinnaren i den klassen) og Magnus Sirnes Hjellum (toar). Som ved eit par tidlegare høve i år, så blei Ole Martin noko meir respektfull for dei eldre undervegs i løpet. Medan dette hende nytta ein kar frå Kristiansand høvet og stakk frå som beste 16-åring, medan Ole Martin sprang inn til klar sølvplass.

Stian Norheim (G15) sprang altså i same heatet som Ole Martin. Her kunne det sjå ut som om Stian hadde hakket betre oppdraging enn Ole Martin; tilsynelatande respektfull alt frå start. Sanninga var i staden at oppladninga ikkje var optimal; først sjukdom helga før og deretter litt tunge bein etter karusell-løp (200m og 1500m) onsdagen. Her kjem Stian sterkare igjen. Langløype-terreng burde normalt passa godt for han.

På veg heim att søndag var tema nr. 1 treningpause og haustferie (til varmare strok for Jørgen sin del). Det seier sitt; sesongen er aldri lang, men den er intens og den mentale utladinga er i full gang.

fredag 16. september 2011

Kastdugnad

Gneist er ingen kasteklubb. Det er ingen påstand det er muleg å diskutera - akkurat no. For dei av oss (ja da, eg veit me er ikkje mange) som er opptekne av lagserien, så er det slik at med berre nokre få habile kast til i klubben, så ville plasseringa som kretsens beste vera sikra både for gutar og jenter.

Gneist er ingen kasteklubb, men med det første eigne kaststemnet torsdagskvelden, så er det kanskje etablert ein liten tradisjon som i alle fall kan hjelpa til med ein kastdugnad inn mot lagserien - slik at  kan ha håp om å ha nok resultat i kast til alle våre lag.

Slengball
Her kom nokre av kveldens aller beste resultat, målt etter tyrvingtabellen. Pål Haugen Lillefosse (G10) fekk opp 18 meter jamt (892 poeng). Charlotte Harris (J11) nytta høvet til å etablera ny klubbrekord med 13,44. Ny klubbrekord blei det også på Gjert Høie Sjursen (G11), som med 28,18 sletta Øyvind Liland sin 40 år gamle rekord (!) på 21,66. Kastet til Gjert gir også flotte 972 tyrvingpoeng.

Diskos
Her noterer me oss følgjande teljande resultat til serien:
- Pål Haugen Lillefosse (G10): 15,43 (781 poeng)
- Sindre Kampen Nesheim (G10): 11,11 (565 poeng)
- Magnus Leikvoll (G15): 33,27 (368 poeng)
- Charlotte Harris (J11): 11,17 (266 poeng)
- Eirik Leikvoll (G13): 20,56 (228 poeng)
- Amund Høie Sjursen (G15): 30,08 (209 poeng)

Kule
I kule fekk me fire nye eller forbetra resultat:
- Sindre Kampen Nesheim (G10): 5,49 (740 poeng)
- Magnus Leikvoll (G15): 10,84 (648 poeng)
- Maria Josefine Tyssebotn Berg (J13): 5,83 (490 poeng)
- Eirik Leikvoll (G13): 7,13 (397 poeng)

Spyd
I spyd fekk me også ein ny klubbrekord, då Amund Høie Sjursen betra Aleksander Lie sin ferske rekord i G15 med det nyaste 0,6-spydet (vel me å tru; resultatlista seier at gutane kasta med kilo-spyd...) til 31,11 (372 poeng). Elles:
- Pål Haugen Lillefosse (G10): 14,75 (690 poeng)
- Sindre Kampen Nesheim (G10): 8,88 (455 poeng)
- Magnus Leikvoll (G15): 28,88 (283 poeng)
- Stian Ø. Aarvik (G14): 22,80 (256 poeng)
- Eirik Leikvoll (G13): 17,82 (92 poeng)

torsdag 15. september 2011

Ein spydspiss for eit skikkeleg miljø

Eg må vedgå det: Eg måtte berre forsikra meg om at den stemte, tida til Silje Stenersen (J11) på 1500 meter. Ho debuterte altså på distansen under Norna-karusellen i går kveld - og sprang på fantastiske 5:06,17. Det er første noterte tid i J11-klassen på distansen og følgjeleg klubbrekord. Ein får ikkje tyrvingpoeng på 1500 meter før som 12-åringar, men i J12 ville tida gitt 1052 poeng, så me kan berre gleda oss til framhaldet.

Silje sitt fantomløp viser også noko anna: Me har no fått ein flott-gjeng med mellom- (og i alle fall etter kvart) langdistansejenter, med høg kvalitet. Silje på 11 er med dette spydspissen for ein gjeng, som også tel Vilde Omholt, Ingrid Næss Johansen, Anna Serine Røssland, Renate Lie, Maria Tyssebotn Berg og Nora Øvergaard Aarvik (og innimellom fotballjenta Ingrid Helene Nyhus). Det er ganske kort tid sidan Gneist ikkje kunna skilta med nokon jenter på mellom- og langdistanse, no er det altså ein heil bukett - og dei er etter måten flinke! Aldersspennet fortel også tydeleg at dette er eit Gneist-miljø, ikkje eit BFG-miljø - som det er opp til Gneist å ta vare på, naturlegvis i samarbeid med BFG.

Elles noterer me oss:

- Ein flott 1500 meter på Henrik Irgens Gravdal (G13), faktisk berre hans andre. Den første var då han vann sjølvaste Tyrvinglekene i juni. I går flytta han persen ned til 4:33,29, som gir heile 1032 poeng.

- Endeleg fekk Jørgen Jensen Axelsen (G18) lønn for 5000-strevet og fekk godkjent 15:48,84 (971 poeng), som er pers-betring på om lag fire sekund frå junior-NM.

Ja, Stian Norheim (G15) er kvitt sjukdom og er klar for terrengløp-UM i Trondheim søndag. I går blei det 28,46 på 200 meter og ei grei gjennomkøyring på 1500 meter.

- Sondre Rinde (G13) sprang 400 meter på 64,28.

- Aleksander Lie (G15) er i ferd med å bli ein habil lengdehoppar (etter at kast-karrieren er lagt på is): 4,86 landa han på i går kveld.

- Trym Andersen (G13) dukka opp igjen på friidrettsbanen i går, mellom anna med eit høgdehopp på 1,30.

- Endeleg noterer me oss at Jostein Lie (G45) mulegeins pussa på veteran-KM- formen, der han har fine bragder å forsvara, då han slengte diskosen 23,90.

onsdag 14. september 2011

Trondheim

Trondheim har hatt ei sentral rolle i meisterskapsfloraen i norsk friidrett i år. Ja, byen har innkapsla sesongen med eit par innandørsmeisterskap i nyhallen på Ranheim tidleg og no UM/NM i mangekamp sist helg og UM/NM i terrengløp (lang løype) komande helg.

Resultatlistene frå mangekamp-meisterskapet har ikkje nådd meg på offisielt vis enno, sjølv om me registrerer flott sølvmedalje til Marianne Benserud (J16).

Komande helg reiser ein ny mini-tropp frå Gneist oppover til bartebyen. Stian Norheim (G15) og Ole Martin Røssland (G16) spring i eit fellesheat på sin 4km, der også 17-åringane får stilla opp i eit stort heat.

15-årsklassen har 20 deltakarar og Stian vil normalt vera i øvste sjiktet her, om enn ikkje heilt i toppen. Mellom favorittane finst Markus Harbo frå Skjalg, Jonas Gjesdal frå Varegg, Gustav Iden frå Norna-Salhus og Kristoffer By Vollset frå Klæbu. I tillegg er Rasmus Vonen frå Varegg i god haustform. Tar me med brørne Mæland frå Stord, så har me vel nemnt dei fleste utfordrarane. Stian leverte nyleg ein sterk 5000 meter og han er eit klart sterkare kort på ein 4km enn på kortare (terreng-)løp. Så får me håpa at ikkje helgas sjukdom har sett han tilbake.

Også Ole Martin er sterkare på 4km enn på 2km, som ungdommane sprang i kortløype-versjonen på Geithus i april. I fjor fekk han ein 4. plass på distansen på Lillehammer. Sjansane på papiret bør vera minst like store i år til ei god plassering. Berre Magnus Hannevig Pettersen frå Sturla, kortløype-vinnaren, er klar favoritt. Bak der er det fleire om beinet; Ole Petter Fjeld frå Tønsberg, Tomas Renå frå Hommelvik, Ådne Lund frå Verdal og Jørgen Tvedt frå Norna-Salhus, saman med Ole Martin. Totalt 13 utøvarar er påmeldt i klassen.

Jørgen Jensen Axelsen (G18) kom  heim frå Lillehammer i fjor med bronsemedalje i tilsvarande meisterskap. Då var det i G17, no deltar han i G18/19, som har 19 utøvarar på startstrek. Sander Sekkingstad Terum frå Aurland, Sindre Løchting frå Orion, Ferdinand Kvan Edman frå Sturla, Harald Kårbø frå Stord, Adam Ahmad Muktar frå Sandnes og Filip Ingebrigtsen frå Sandnes er berre nokre av dei sterke konkurrentane Jørgen her har. Men dette er både ein type løp og ein type distanse som passar Jørgen - og han forsøker alltid i meisterskap.

mandag 12. september 2011

Bergen - oppsummert

Då går det definitivt mot slutten av årets banesesong. Haustens største stemne, Bergenslekene, gjekk av stabelen på Fana Stadion denne helga. Komande helg er det fri for dei fleste, før Fanalekene avsluttar helgestemna. I tillegg kjem det tre onsdagar med tilbod - først to Norna-karusellar og til slutt Gneist sitt løpsstemne.

Mykje gjævt blei oppnådd denne helga. Her kjem eit forsøk på oppsummering av noko av det gjævaste:

Kristoffer Blücher (G12) sette sin fjerde sprint-klubbrekord i årsklassen då han sprang inn på 8,39 på 60 meter lørdag. Det gir 1002 poeng i tillegg! Så tar me med at Kristoffer var fattige 2/100 unna Amund Sjursen sin klubbrekord på 80 meter søndag (11,28 mot 11,26). Det er den Kristoffer manglar for å vera fulldekka med rekordar frå og med 60 meter til og med 300 meter. Det er vel ein sjanse til på løpsstemnet?

Kristian Schjønningsen (G12) fekk vel sin aller første klubbrekord, etter overgangen frå Frisk, då han kasta diskosen til 22,73. Sondre Rinde hadde den gamle rekorden frå i fjor, på 21,22. Kristian persa også i lengde, til 4,66 (940 poeng).


Pål Haugen Lillefosse (G10) sprang 60 meter på 9,37 (954 poeng) og 80 meter på 12,59 (903 poeng).

Espen Bjørndal (G11) markerer seg stadig meir. I lengde fekk han denne gongen pers med 4,21 (932 poeng), medan han oppnådde 11,05 på 60 meter hekk (her er det Stian Norheim som har klubbrekorden på 10,80).

Aleksander Lie (G15) sprang ein habil 200 meter hekk, på 29,29 (946 tyrvingpoeng).

Jørgen Jensen Axelsen (G18) viser fin form framfor helgas UM/NM i terrengløp. Lørdag persa han solid på 800 meter, til 2:03,27 (860 poeng). Søndag betra han pers/klubbrekord (i både Gneist og i BFG) på 2000 meter, til 5:48,91 (964 tyrvingpoeng).


Eirik Henriksen Karstad (G16) sprang endeleg ein UM-relevant distanse, då han persa til 2:09,41 på 800 meter. Her bør G17-kravet på 2:05,00 vera eit naturleg mål gjennom treningsvinteren! Formidabel framgang på stadig fleire distansar registrerer me også på Anders Bjørndal (G16). Over 5,5 sekunds betring på 800 meter blei det denne gongen, til 2:14,05.

Det er også verdt å nemna at Herman Hovland (G12) betra spyd-persen sin, til 28,16 (758 poeng). Det er trass alt langt mellom kast-prestasjonane i Gneist.

Renate Lie (J13) sprang ein formidabel 800 meter lørdag - i J15- klassen. Ho persa solid til 2:25,59 - og tok 2. plass mellom 15-åringane. Klubbrekorden er her likevel på sterke 2:22,1 frå 1979 (Beate Sejrup).


Anna Evensen (J11) persa på 60 meter, til 9,25 (892 tyrvingpoeng).

Nora Ø. Aarvik (J12) pynta på 600 meter-persen sin, til 1:51,06.

Anna Serine Røssland (J14) betra si 800 meter-tid til 2:31,70. Med det kvalifiserte ho seg også for distansen under UM på Askøy neste haust, og kan no i praksis velja mellom 1500 meter hinder, 2000 og 800.

lørdag 10. september 2011

Å gjera ting ein ikkje kan

Det går mot slutten av sesongen og ein del utøvarar nyttar sjansen til å "gjera ting ein ikkje kan". Det er jo sjølvsagt eit utsagn ein må moderera (ganske kraftig). Det er langt frå slik at ein ikkje kan, men ein er med på øvingar ein ikkje elles prioriterer så høgt og som ein ikkje er fullt så flink i - i utgangspunktet.

Onsdag blei det såkalla (jada, eg held nok fram med å bruka den nemninga) "Stor-KM" avslutta på Fana Stadion. Stian Norheim (G15) debuterte på 400 meter med 61,44 (714 poeng), medan Aleksander Lie (G15) prøvde seg på tresteg og landa på 10,47 (767 poeng). Litt mindre unormalt var det då Aleksander også sprang 100 meter hekk, sjølv om det er langhekk han likar best. Her blei tida 17,31 (745 poeng).

Eg registrerte absolutt ingen Gneist-jenter frå 15 år og oppover onsdag. Det kan ein jo tolka som ein vil, men at det er ansvarlege i og rundt Kretsen som også kan gjera tinga betre, det er ganske sikkert. Ein kan altså begynna med å følgja med på terminlista og jakta på betre plasseringar i den for kretsmeisterskap alt frå 2012. Det er ikkje lett, men det er heller ikkje noko hokus pokus. Finn ein ikkje ledige helger i vårsesongen, så finn ein i alle fall to onsdagar då!

(Eg kjem gjerne med tips når ramma for terminlista ligg føre rundt årsskiftet.)

fredag 9. september 2011

Göteborg 2012

Ein del av oss har gjort det til ein fin tradisjon å besøka Nya Ullevi sommarstid. Der møter sjølv dei beste av våre utøvarar uhyre sterk konkurranse frå både Sverige og andre land i sjølvaste Världsungdomsspelen.

Nya Ullevi er ein fantastisk fin stadion. Den er utforma på særs godt vis i forhold til ver og vind, noko me oppdaga særleg på første dag i år, då det var godt med både regn og vind.

Normalt har Världsungdomsspelen vore arrangert første helga i juli. I år var rockebandet Iron Maiden innbooka den helga og Världsungdomsspelen og Öresundspelen i Helsingborg bytta helger. I 2012 held rockemusikken seg unna og Världsungdomsspelen er tilbake ei (god) veke tidlegare. Ja, alt fredag 29. juni er arrangementet i gang, og det varer til og med søndag 1. juli. Me tar for gitt at dette betyr at Öresundspelen då er tilbake helga etter, frå 6. juli.

Då er altså langtidsplanlegginga i gang!

Bergenslekene

Om Bergenslekene i helga fortener namnet sitt og gir oss godt med regn, gjenstår å sjå. Faktisk ser det ut til at me skal få det nokolunde leveleg, både utøvarar og ulike former for publikummarar. Rest-Irene har gitt seg og Rest-Katia kjem først mandagskvelden - etter at me har vore og stemt, vonleg.

Bergenslekene minnast eg elles som eit stemne der mange faktisk "får ut" sitt potensial; det handlar om låge skuldrar og slutten-av-sesongen- kjensle. Konkurransen er brukande - til dømes er det tradisjon at Haugesund IL reiser til Bergen midt i september - og veret er gjerne frå nokolunde til særs bra.

Her er dei påmelde frå IL Gneist (frå 10 år og eldre; håpar eg har fått med alle)

J10
- Miriam Haugland (60m, lengde)
- Sara Tyssebotn Berg (40m, 60m, 600m, lengde)

J11
- Anna Evensen (60m, 60m hekk, 600m, 80m, lengde)
- Charlotte Harris (60m, 80m, lengde)
- Madeleine Sande (60m, 600m, 80m, lengde)
- Silje Stenersen (60m, 600m, lengde)

J12
- Nora Ø. Aarvik (60m, 600m, høgde)

J13
- Cathrine Harris (100m, 200m, 60m hekk, lengde)
- Maren Haugen Lillefosse (100m, 200m hekk, 60m hekk, lengde)
- Maria Tyssebotn Berg (200m, 600m, lengde)
- Renate Lie (200m, 800m)

J14
- Anna Serine Røssland (800m, 2000m)

J16/17 (fellesklasse)
- Hedda Magnerud (100m)
- Vilde Omholt (800m)

G10
- Hans-Magnus Haukøy (60m, 600m)
- Håvard Rinde (40m, 60m, 60m hekk, kule, lengde)
- Pål Haugen Lillefosse (60m, 60m hekk, 600m, 80m, høgde, lengde)
- Sindre Kampen Nesheim (60m, 60m hekk, 600m, lengde)

G11
- Andreas Gidske (60m, lengde - debutant)
- Espen Bjørndal (60m, 60m hekk, 80m, høgde, lengde)
- Gjert Høie Sjursen (60m, diskos, lengde, spyd)
- Thomas Blücher (60m, 600m, 80m, lengde)

G12
- Herman Hovland (60m, 600m, 80m, lengde, spyd)
- Kristian Schjønningsen (60m, 60m hekk, 600m, 80m, diskos, lengde)
- Kristoffer Blücher (60m, 60m hekk, 600m, 80m, lengde)

G13
- Henrik Irgens Gravdal (100m, 200m, 60m hekk, 600m, lengde)

G14
- Mats Bjørndal (100m, lengde)
- Stian Ø. Aarvik (800m, 1500m)

G15
- Aleksander Lie (100m, 200m, 200m hekk)
- Amund Sjursen (100m, lengde)
- Håvard Våge Opheim (100m, 200m, høgde)
- Stian Norheim (100m, 2000m, lengde)

G16/G17 (fellesklasse)
- Anders Bjørndal (800m)
- Ole Martin Røssland (800m, 2000m)
- Eirik H. Karstad (800m)

onsdag 7. september 2011

Den kontinuerlege anger (Bedriftskarusellen)

Kvar gong står eg der, på startstreken, ulike stader rundt om i Bergen by, og så tenker eg: "Kvifor er eg her? Kvifor er eg ikkje heilt andre stader? Kva er no så gale med ein kopp (ok då, to-tre koppar) kaffi, eit par sjokoladebitar (ok då, ei halv plate) og noko fullstendig uviktig på tv-skjermen? Eg meiner, sånn eigentleg?

Likevel er eg der, på startstreken i Hordaland Bedriftsidrettskrets sin løpskarusell. No er sju løp unnagjort. Det begynte så bra, kroppen verka i alle fall slik nokolunde. Men no merkar eg at kroppen er som min gamle Caravelle; den verkar heilt flott til tider og så stoppar den heilt uforklarleg til andre tider.

I morgon kveld, torsdag, er det løp nr. 8. Det går føre seg i Isdalen, skuggane sin del. Eg kjem ikkje til å skjøna det, men eg er der nok likevel, på startstreken.

Og eg er ikkje åleine: Heile 20 personar har gjennomført alle sju løpa så langt i karusellen: 5 kvinner og 15 menn. Aller best er min kollega frå Universitetet i Bergen, Ronny A. Bertelsen. Han har 1 minutt og 4 sekund å gå på til Morten Vestvik frå Eiendomskreditt. På tredjeplass kjem den yngste arbeidaren, frå Gneist A/S, Ingrid Næss Johansen. Ho er følgjeleg også beste kvinne. Avstanden oppover er stor, men ho har ikkje ukjende Jostein Lie (Statoil/Gneist) hakk i hæl, seks sekund bak.  Deretter kjem Bloggaren, gode to minutt bak der igjen, på ein respektabel 5. plass.

mandag 5. september 2011

Topp 30

Det må nesten kommenterast: Gneist blei 30. beste klubb i årets UM i Fredrikstad - og det sjølv om det ikkje  blei skipa til krykkeløp! Oversikten er over poengfangsten for dei ulike klubbane og det er slett ikkje dårleg, troppens forfatning denne gongen teke i betraktning.

BUL frå Oslo var beste klubben, svære Tyrving nr. 2 og Sandnes nr. 3. Gneist er "berre" sjette beste klubben frå Hordaland, men me vel heller å fokusera på dei som er bak oss denne gongen. Der finst BUL Tromsø, der finst Sandvin, der finst Tjalve... I det heile finst det 120 klubbar som er bak Gneist på oversikten.

Gneist var 59. beste klubb mellom jentene og 21. beste klubb mellom gutane. Igjen: Her er særs mykje å gå på naturlegvis. Heile oversikten, inkludert oversikt over medaljefangst også, finst her

NCC - det var dét

Det var mange imponerande resultat på Hatland, Lonevåg, Osterøy lørdag-søndag, då 13- og 14-åringane frå Nordfjord til Aust-Agder møttest til kappestrid - og til kjekk sosial omgang. Imponerande var det fordi det i alle fall for ein del kom ganske heftig med regn (sjølv om søndagen stort sett gjekk over all forventning), men også fordi diverse faktorar gjorde sitt til at søvn og slikt ikkje blei heilt som vanleg.

Andre tar seg av medaljefordeling og slikt - eg registrerer berre at det var mykje Gneist-folk på pallen. Her er dei personlege rekordane eg har notert meg etter helga:

Emil Engelsen Holm  (G14) sprang 200 meter på 27,28 (789 poeng)

Maren Haugen Lillefosse (J13) hoppa 4,89 i lengde (976 poeng). Ho hoppa også 1,49 i høgde (977 poeng)

Ingrid Næss Johansen (J14) sprang 600 meter på 1:47,89 (810 poeng) og 1500 meter på 5:08,17 (920 poeng)

Ingrid Helene Nyhus (J14) sprang 600 meter på 1:50,24 (754 poeng)

Cathrine Harris (J13) sprang 60 meter på 8,71 (916 poeng)

... Og Hordaland vann kretskonkurransen for (minst) 8. gong på rad...

torsdag 1. september 2011

Lite stor-KM

Dag 1 av det sokalla "stor-KM" gjekk av stabelen på Fana Stadion i går kveld - og jammen er ikkje den offisielle resultatlista alt klar. Den fortel at det er ei god overdriving å kalla dette KM-et for "stor", eg veit ikkje heilt kva omgrepet har rot i. Ein del ser ut til å ha kvilt seg litt etter UM, ein del andre var ivrige etter meir. Men, som omtalt tidlegare: det å halda eit slikt meisterskap etter at alle større meisterskap for sesongen er over, er ikkje akkurat eigne til å gjera KM "stor(t)".

Me noterer oss at Aleksander Lie (G15) sitt kast-eventyr (på Stord) no er erstatta med lengde, ei øving Aleksander stort sett har halde seg unna dei siste åra. I går landa han på 4,64, noko som gir 698 poeng (og for så vidt KM-sølv).

Framfor alt merkar me oss at Stian Norheim (G15), etter å ha sprunge 1500 meter hinder og 2000 meter i UM og etter å ha sykla Rallarvegen tidleg i veka, fekk seg ein flott debut på 5000 meter. Han blei nr. 4 i seniorklassen med 16:45,76. Det er berre godt og vel 15 sekund bak junior-NM- kravet. Det er også desidert beste tida i G15 i år, 23 sekund framfor triathlon-utøvar og habil distanse-springar, Gustav Iden frå Norna-Salhus.

Karusell medan me ventar

Me ventar på offisiell resultatliste frå Stor-KM sin første dag, vonleg kjem den før andre dag neste onsdag. Me ventar også naturlegvis på regntunge (...) NCC-dagar på Osterøy.

Til så lenge får me markera at det er ein månad sidan siste sommarkarusell i dag og dermed oppsummera sommarens karusellar slik:

5km, menn
Her fekk Anders Huun Monsen frå Gular bestetida i sommar med 15:13, men Jørgen Jensen Axelsen blei totalt nr. 2 med 16:01. Elles på "Topp 100"-lista:

10. Andreas Iden 17:12
15. Ole Martin Røssland 17:23
23: Stian Øvergaard Aarvik 18:05
25. Aleksander Lie 18:10
25. Stian Norheim 18:10
33. Henrik Gravdal 18:42
61. Jostein Lie 20:19
83. Lars Arve Røssland 21:00
85. Henrik Berger Ettrup 21:03
86. Jon Iden 21:13
96. Hans-Magnus Haukøy 21:31

5km, kvinner
Her var det Cecilie Pernille Thomassen frå BFG Fana som fekk sesongens raskaste tid, på 18:15. Her var det fleire av jentene som me til vanleg finn på karusell-løp vinterstid som heilt stod over. På lista finn me i staden fleire i mamma-generasjonen: Torun Øvergaard Aarvik fekk 6. beste tida med 20:01, Beate Jensen den 31. beste tida med 23:51 og Ann-Mari Tyssebotn Berg den 93. beste tida med 27:54. I tillegg noterer me oss den noko yngre Sanne Lillevik Christensen, som med 25:26 var 58. best i sommar.

10km, menn
På den lengste distansen for menn var det ganske klart Bjarte Eikanger, BFG Fana, mellom- og langdistansetrenar, som fekk sesongens beste tid med lett-å-hugsa- tida 33:33. Elles finn me heller ikkje her dei yngste utøvarane, dei dukkar nok opp eit par av dei når det blir vinter igjen. Torgeir T. Hasås hadde 11. beste tid med 36:37, Tom Roger Johansen den 36. beste med 39:34

10km, kvinner
Stine Sanden frå AKS-77 betra si bestetid i siste løpet til 39:08. Her var Torun Øvergaard Aarvik nr. 2 med 41:19.

... Og første vinterkarusell er terminfesta til 31. oktober - vinteren kjem tidleg i år.