onsdag 29. februar 2012

Før inne-UM (I)

Då er påmeldingsfristen til inne-UM i Sandnes neste helg gått ut og det er muleg å sjå nærmare på øvingane som den store Gneist-troppen skal vera med i. Troppen er vel på 26 (!) utøvarar og er "rekordstor" (hermeteikna er der berre fordi eg ikkje har full oversikt lang tid tilbake, men eg kan vanskeleg sjå at det finst større Gneist-tal i historiebøkene enn dette). Samtidig er det venta at 2013-UM vil ha endå fleire frå Gneist med!

Gneist var 10. beste klubben i medaljeoversikten i inne-UM i Ranheimshallen i mars i fjor. Då blei det 3 gull, 4 sølv og 3 bronse.

Øvingane eg ser nærare på i dag er lengde J17, 60 meter  J17, 60 meter J15 og stav, G16.

I lengde, J17, er det totalt 17 påmeldt - to av dei frå Gneist. Maren Risøen ventar me framleis på at skal nærma seg topp-nivået sitt igjen i lengde. Eit nytt fem-meters hopp vil vera tett på finaleplass (åtte beste). Basert på resultata inne i år og ute i fjor, så er Maren rangert som nr. 9. Tina Therese Jenssen har det vore stille rundt på konkurransefronten ei god stund. Ho er rangert som nr. 14 i lengde. Dei tre favorittane i øvinga er Anne Engen Andersen (Frol), Anna Kvam (Kristiansand) og Astrid Marie Gussiås (Molde-Olymp).

På 60 meter i J17 er det to Gneist-jenter med. Her er også Maren Risøen med, medan Tina Therese er "bytta ut" med Marianne Benserud. Totalt er 28 utøvarar påmelde i øvinga og dei beste held eit godt nivå. Bak desse er det ganske tett. Marianne er rangert som nr. 17 og Maren som nr. 22 på førehand. Av våre lokale håp elles er det Bjarg-løparen Elise Una Mikkelsen det er størst voner til. Ho er medaljekandidat. Sidsel Bjørgo Adam (Fagernes) er favoritten.

På 60 meter, J15, har me to debutantar med. Det er Sara Lise Lund Alfheim og Kaja Heldal Trovåg. Den siste er debutant heilt og fullt, så vidt eg veit, medan Sara Lise har éi stemne-deltaking bak seg: hoppstemnet på Ytrebygda i februar 2011. Det er såleis ganske uråd å spå om kva dei vil vera gode for på denne 60-meteren, men dei vil nok ikkje prega dei øvre delane av resultatlistene. Totalt er her heile 48 påmelde i øvinga - og toppen i J15 er vel så god som toppen i J17. Det ligg an til eit knallsterkt finaleheat der Nesbyen si Grace Ogoti er favoritten, medan Synnøve Bjørgo Adam (søster av Sidsel, J17, frå Fagernes) og Alice Ulla Berg (Ålesund) er sterke utfordrarar. Fana-jenta Elina Drivenes er outsider til ein finaleplass.

I stav, G16, har me også to Gneist-utøvarar med - og her har me også to medaljekandidatar. Magnus Leikvoll og Håvard Våge Opheim hadde eit fantastisk inne-UM på Ranheim i fjor (sølv og bronse), der dei berre steig høgare og høgare. Det er naturlegvis håp om det same i år også, i ein tett klasse. Jonas Bergkvist Melå er favoritten, men her er det tett og definitivt reelle medaljehåp også i år for Magnus og Håvard.

Skuffande løpsprogram

Då er invitasjonen til dei første vår-Fanalekene (i alle fall i moderne tid...) klar. Her er eit rikhaldig sprint-program, men med eitt for så vidt spennande unntak - for dei eldste - så er løpsprogrammet for dei som spring lenger enn langsprint skuffande.

For haust-Fanalekene har me vore vane med at det har vore 600 meter for dei yngste og 800 meter for dei eldste. Det er i og for seg også ganske smålåte tilbod det også, men monaleg betre enn berre 600 meter for alle aldersgrupper, til og med 19 år!

Fanalekene kjem ei veke før Hovdinglekene. Og, ganske rett, under Hovdinglekene er det tradisjon for å ha 600 meter som lengste distanse for alle aldersgrupper. Å ha to stemne lokalt på ei veke der 600 meter er lengste distanse, det er temmeleg dårleg overfor dei som spring mellom- og langdistanse!

Så seint som i haust eksperimenterte Fanalekene med eit meir spennande øvingsprogram og hadde då mellom anna 3000 meter på programmet. Det er heilt borte no.

Og sprint? Jo da, her er 40 meter, 80 meter, 100 meter, 200 meter, 400 meter og 600 meter...

Og unntaket? Vel, det er jo hyggeleg nok: dei siste åra har det berre vore tilbod om 10.000 meter på sein haustpart her lokalt - og til og med eit par mil-løp innanfor éi veke på terminlista. No blir det tilbod om 10.000 meter for 18/19 og oppover under Fanalekene søndag 29. april.

Nett dette er jo spennande, men det tar ikkje bort kritikken om manglande tilbod til dei frå 12 år og oppover som synest 600 meter er i kortaste laget. Her er mykje å velja i: 800, 1000, 1500, 2000... 2000 meter ville jo vore eit godt alternativ, sidan dette var fast innslag under Laksevåglekene dei siste året det arrangementet fanst, om lag på same tida som årets Fanalekene.

No ja.

tirsdag 28. februar 2012

Topp tre

Trond Engevik har laga endå fleire statistikkar på nettstaden sin. Dei to nyaste gjeld dei 25 klubbane som har flest resultat innandørs sesongen 2011/2012 og dei ti arenaene som har flest stemne innandørs 2010/2011.

På den første oversikten tronar (så langt) Norna-Salhus med til saman 493 resultat, framfor Haugesund med 433 og Gneist med 421. Også denne gongen er storklubben Tyrving å finna bak Gneist, på 4. plass med 397 resultat. Fana er på 10. plass på ovesikten med 276 resultat. I det heile er det mykje frå vest på lista.

Det er nett så vidt Ranheim Friidrettshall - som var ny til sesongen 2010/2011 som har hatt aller flest stemne, med 11. Leikvang ligg på ein klar 2. plass med 10. Interessant er det at Høiehallen er på 3. plass med 7 stemne, slik at Leikvang/Høiehallen samanlagt tronar klart øvst på lista.

Og framleis finn ein detaljane i desse statistikkane (og mange andre) her.

mandag 27. februar 2012

Høgde og andre høgdepunkt frå KM

Innomhus-KM er eit av dei få stemna eg har planlagt meg vekk ifrå dette året. Mine inntrykk er såleis denne gongen berre frå resultatlistene. Dei er til gjengjeld litt rotete, så her må ein halda hovudet kaldt: Eg ser at den absolutt brukande sprintaren Håkon Sundland (Fri) har hamna i Gneist og at Eirik Dolve er gitt ein ny stavrekord (4,92), sjølv om det denne gongen "berre" blei 4,82. Eg reknar med at ei meir ryddig resultatliste er på veg.

Men så til dei frå Gneist-gjengen som deltok og som presterte på høgt nivå:


Maren Haugen Lillefosse (J14) hadde ei flott KM-helg. Med 9,64 på 60 meter hekk passerte ho 1000 poengs-grensa på distansen (1011). Det blei dessutan 28,14 på 200 meter (918 poeng) og 4,81 i lengde på Maren (907 poeng).

Broder Pål Haugen Lillefosse (G11) hoppa heile 1,40 i høgde og har med det hatt ein eventyrleg hoppsesong inne (2,60 i stav!). Hoppet er verd 1014 tyrvingpoeng og er to centimeter over klubbrekorden til Sigve Stenersen (1981) og Torstein Onarheim (1995). Pål fekk også opp nøyaktig 8 meter i kule (826 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J13) hadde ein flott høgde-sesong i 2011 og sesongdebuterte søndag med heile 1,50 i øvinga (985 poeng).


Henrik Irgens Gravdal (G14) sprang 1500 meter på 4:34,78 fredagskvelden, eit løp som er verd 952 tyrvingpoeng.

Michelle Floor Heggeland (J13) held fram framgangen sin, spesielt på 60 meter: Ho flytta tida si ned frå 8,78 til 8,58 lørdag, eit løp som er verd heile 951 tyrvingpoeng.

Sondre Rinde (G14) sprang også ein fin 60 meter og kom seg under 8,00-grensa nett så vidt; 7,99 er verdt 935 poeng. Sesongbeste blei det også i lengde, med 5,03 (856 poeng).

Ingrid Helene Nyhus (J15) har vore i fin inneform i vinter. Fredag blei det pynting på innepersen til 5:08,71 (863 poeng) berre tidelar bak utepersen frå i fjor haust.

Emil Engelsen Holm (G15) sprang inn til 3. plass på 200 meter søndag og betra seg med to tidelar til 25,62 (862 poeng) - og nærmar seg med det UM-kravet utandørs.

Håvard Rinde (G11) fekk opp 9,12 i kule, noko som er verd 917 tyrvingpoeng og er beste kastresultatet i Gneist inne i vinter. Han hoppa 1,25 i høgde (909 poeng) og sprang 60 meter hekk på 11,48 (804 poeng).

Då er det vel ein slengar som skal vera med på Bamselekene i mars, elles er det ungdommane som avsluttar innesesongen med sitt UM i Sandnes om knappe to veker. Innesesongen så langt har vore fantastisk god og den suverent beste i mi tid som statistikkførar. 2012 kan bli sterke saker!

torsdag 23. februar 2012

Gneist og Pingvinane (nesten) på topp

Med lån frå Trond Engevik sin meir og meir omfattande statistikk-nettstad, så kan me slå fast at Gneist så langt i innesesongen 2011/2012 er den klubben - saman med Ranheim IL - med flest stemne på arrangør-samvitet i landet! Begge har sju stemne, medan vesle Tyrving (...) ligg like bak med seks.

Dersom ein kombinerer begge "mine" klubbar, så ser det verkeleg bra ut: Trio og Gneist har til saman 11 stemne!

Og Pingvinlekene er 3. største stemnet, målet i talet på resultat. Avstanden opp til Skedsmolekene og Julestevnet til Oslo Friidrettskrets er ganske liten. Det er 201 fleire resultat frå Pingvinlekene enn det var frå Nornalekene i januar (5. plass på lista).

Dei fullstendige listene finst altså på nettstaden til Trond Engevik her.

Første KM

Våren er på full fart på besøk ute og det ebbar mot slutten på innandørssesongen for denne gongen. Men før det skal me endeleg få avvikla det første innomhus-KM i Leikvanghallen. Sagaen får vonleg ein lykkeleg slutt i og med arrangementet komande fredag til søndag. 

Det er sagt mykje tidlegare om val av helg og kræsj med vinterferie og slikt, det skal ikkje repeterast her. Det skal berre slåast fast at KM blir det og deltakarar frå Gneist blir det også - sjølv om det naturlegvis ville vore fleire deltakarar og fleire startar, til dømes siste helga i januar...

Til saman er det like over 500 startar i eit KM frå 11 år og til og med senior. Gneist har "berre" med 16 utøvarar, men nokre av dei (til dømes dei i G11) er med på alt som rører seg.

J13
Michelle Floor Heggeland: 60 meter, lengde
Nora Øvergaard Aarvik: høgde

J14
Cathrine Harris, 60 meter, 60m hekk, kule, lengde, 200 meter
Maren Haugen Lillefosse: 60 meter, 60m hekk, kule, lengde, 200 meter, 600 meter

J15
Ingrid Helene Nyhus: 1500 meter
Anna Serine Røssland: 1500 meter

G11
Pål Haugen Lillefosse: 60 meter, lengde, 60m hekk, 600 meter, høgde, kule, 200 meter, stav
Håvard Rinde: 60 meter, lengde, 60m hekk, 600 meter, høgde, kule, 200 meter

G12
Johannes Møllerup: 60 meter, lengde

G14
Henrik Irgens Gravdal: 1500 meter (G15), 60meter, lengde
Eirik Leikvoll: 60 meter, lengde, høgde, stav
Sondre Rinde: kule, 60 meter, lengde, 200 meter, 60m hekk

G15
Emil Engelsen Holm: 200 meter, lengde, kule
Stian Øvergaard Aarvik: 1500 meter

G16
Magnus Leikvoll: 60 meter, stav, høgde, kule, lengde
Håvard Våge Opheim: 60 meter, stav, høgde

tirsdag 21. februar 2012

På topp i Norge (februarutgåva, 2012), gutar

Sist mangla me G13 og G14 i gjennomgangen av våre lokale utøvarar sine relative plasseringar i norgesstatistikken (her er me altså ikkje opptekne av resultata i seg sjølv, men korleis resultata plasserer seg i forhold til andre utøvarar i landet i dei ulike øvingane). Det er snakk om topp 20 og i parentes finst endringane sidan sist.

Det er svært mange plasseringar som kjem til, no når G13 og G14 også er med! Og Kristoffer Blücher (G13) har altså åtte øvingar der han pr. no er best i landet i årsklassen...

G13
1. Kristoffer Blücher, 60m
1. Kristoffer Blücher, 150m
1. Kristoffer Blücher, 200m
1. Kristoffer Blücher, 600m
1. Kristoffer Blücher, 60m hekk
1. Kristoffer Blücher, lengde
1. Kristoffer Blücher, lengde uten tilløp
1. Kristoffer Blücher, tresteg
2. Kristian Schjønningsen, 60m hekk
2. Kristian Schjønningsen, tresteg
3. Kristian Schjønningsen, 600m
3. Kristian Schjønningsen, 1500m
4. Kristoffer Blücher, tresteg uten tilløp
4. Kristian Schjønningsen, lengde
5. Herman Hovland, 600m
6. Kristian Schjønningsen, 200m
10. Kristian Schjønningsen, tresteg uten tilløp
11. Herman Hovland, 200m
15. Herman Hovland, lengde
18. Jesper Høie Hausberg, 200m

G14
1. Sondre Rinde, 150m
1. Sondre Rinde, 60m hekk
1. Sondre Rinde, tresteg
1. Sondre Rinde, tresteg uten tilløp
1. Henrik Irgens Gravdal, 600m
1. Henrik Irgens Gravdal, 800m
1. Henrik Irgens Gravdal, 1500m
1. Eirik Leikvoll, stav
2. Eirik Leikvoll, høgde
2. Eirik Leikvoll, høgde uten tilløp
2. Eirik Leikvoll, tresteg uten tilløp
3. Sondre Rinde, 200m
4. Sondre Rinde, lengde uten tilløp
7. Sondre Rinde, 60m
9. Sondre Rinde, høgde
10. Sondre Rinde, kule
12. Trym Andersen, 600m
14. Henrik Irgens Gravdal, 200m
16. Trym Andersen, høgde

G15
1. Emil Engelsen Holm, høgde uten tilløp (ny)
1. Kristian W. Jensen, Fana, høgde (-)
1. Kristian W. Jensen, Fana, lengde (-)
2. Emil Engelsen Holm, 150m (ny)
2. Kristian W. Jensen, Fana, 60m hekk (-1)
2. Henrik Almenningen, Fana, tresteg (-)
4. Emil Engelsen Holm, 60m hekk (-2)
4. Kristian W. Jensen, Fana, 400m (-1)
5. Emil Engelsen Holm, 400m (-1)
5. Kristian W. Jensen, Fana, kule (-1)
6. Kristian W. Jensen, Fana, 60m (-3)
8. Eivind Knudsen, Fana, 800m (-1)
14. Emil Engelsen Holm, 200m (-6)
14. Emil Engelsen Holm, lengde uten tilløp (ny)
15. Kristian W. Jensen, Fana, 200m (-6)

G16
1. Håvard Våge Opheim, 150m (ny)
3. Amund Høie Sjursen, høgde uten tilløp (ny)
3. Håvard Våge Opheim, stav (-1)
3. Amund Høie Sjursen, lengde (ny)
3. Magnus Leikvoll, tresteg uten tilløp (ny)
4. Aleksander Lie, 800m (-1)
4. Håvard Våge Opheim, høgde uten tilløp (ny)
5. Aleksander Lie, 1500m (-2)
5. Magnus Leikvoll, stav (-5)
6. Håvard Våge Opheim, høgde (-1)
6. Magnus Leikvoll, høgde (-1)
6. Amund Høie Sjursen, høgde (ny)
6. Magnus Leikvoll, høgde uten tilløp (ny)
7. Amund Høie Sjursen, 60m (-)
7. Amund Høie Sjursen, kule (ny)
9. Magnus Leikvoll, kule (-5)
13. Amund Høie Sjursen, lengde uten tilløp (ny)
14. Stian Norheim, 800m (-4)
14. Magnus Leikvoll, lengde (-9)
15. Kristoffer Brakstad, Fana, høgde (ny)
16. Håvard Våge Opheim, lengde uten tilløp (ny)
19. Håvard Jonassen, Fana, lengde (ny)
20. Håvard Jonassen, Fana, 200m (ny)

G17
1. Ole Martin Røssland, 3000m (-)
2. Ole Martin Røssland, 1500m (-1)
4. Andreas Iden, 1500m (-2)
6. Anders Bjørndal, 600m (ny)
6. Anders Bjørndal, 1500m (-2)
6. Andreas Iden, 800m (-5)
7. Ole Martin Røssland, 800m (-5)
10. Anders Bjørndal, 800m (-6)

G18/19
1. Jørgen Jensen Axelsen, 3000m (-)
2. Adrian Manum Kvinge, lengde (-)
3. Jørgen Jensen Axelsen, 1500m (-2)
3. Thomas Langhelle Trefall, Fana (-1)
6. Magnus Pettersen Lunde, 1500m (ny)
7. Erlend Gjerdevik Sørtveit, BFG, 1500m (-4)
8. Tom Anders Brakstad, Fana, høgde (ny)
12. Håvard H. Kristiansen, Fana, lengde (-6)
16. Jørgen Jensen Axelsen, 800m (-14)

mandag 20. februar 2012

På topp i Norge (februarutgåva, 2012), jenter

Då tar me ein rask sveip innom landsstatistikken og våre lokale plasseringar "topp 20" akkurat no  - i dag på jentesida. Dette er altså innomhus-statistikken. I parentes finst endringar sidan sist (januar). Michelle Floor Heggeland er ny som einaste representant i J13. Renate Lie (J14) er no på topp i Norge i heile fire løpsøvingar, Ingrid Helene Nyhus (J15) framleis i to, medan Marianne Benserud (J17) sitt besøk på Ytrebygda skole fredagskvelden førte henne heilt til topps i høgde uten tilløp.

I klassane frå 15 år og oppover ser me stort på det og inkluderer utøvarar frå Fana og Bjarg også.

J13
11. Michelle Floor Heggeland, 600m (ny)
13. Michelle Floor Heggeland, 200m (ny)
15. Michelle Floor Heggeland, lengde (ny)

J14
1. Renate Lie, 400m (-)
1. Renate Lie, 600m (ny)
1. Renate Lie, 800m (-)
1. Renate Lie, 1500m (ny)
3. Maren Haugen Lillefosse, 60m hekk (ny)
5. Cathrine Harris, lengde (+1)
5. Cathrine Harris, kule (ny)
8. Maren Haugen Lillefosse (-5)
9. Maren Haugen Lillefosse, 600m (ny)
9. Cathrine Harris, 60m hekk (ny)
11. Maren Haugen Lillefosse, 200m (-5)
13. Maren Haugen Lillefosse, 60m (-5)

J15
1. Ingrid Helene Nyhus, 1500m (-)
1. Ingrid Helene Nyhus, 2000m (-)
1. Målfrid Pettersen Lunde, Fana, 600m (ny)
2. Ingrid Næss Johansen, 2000m (-)
2. Elina Drivenes, Fana, 800m (-)
2. Elina Drivenes, Fana, 600m (ny)
2. Eline Myking, Fana, 1500m (ny)
3. Ingrid Næss Johansen, 1500m (-1)
4. Elina Drivenes, Fana, 200m (-)
5. Anna Serine Røssland, 1500m (ny)
6. Målfrid Pettersen Lunde, Fana, 400m (-5)
7. Eline Myking, Fana, høgde (-2)
7. Målfrid Pettersen Lunde, 200m (ny)
7. Thyra Hevrøy, Fana, 600m (ny)
8. Ingrid Næss Johansen, 600m (ny)
10. Elina Drivenes, Fana, 60m (+9)
10. Målfrid Pettersen Lunde, Fana, høgde (ny)
11. Ingrid Næss Johansen, 800m (-3)
11. Anna Serine Røssland, 600m (ny)
12. Målfrid Pettersen Lunde, Fana, 60m hekk (ny)
13. Anna Serine Røssland, 800m (-4)
17. Thyra Hevrøy, Fana, 60m hekk (ny)

J16
2. Monika Benserud, 60m (ny)
2. Monika Benserud, stav (ny)
10. Monika Benserud, lengde uten tilløp (ny)

J17
1. Marianne Benserud, høgde uten tilløp (ny)
3. Marianne Benserud, stav (-1)
3. Elise Una Mikkelsen, Bjarg (+1)
3. Sara Berrefjord, Bjarg (ny)
4. Vilde Omholt, 800m (-1)
6. Elise Una Mikkelsen, Bjarg (ny)
9. Marianne Benserud, 200m (-5)
12. Sara Berrefjord, Bjarg (ny)
16. Marianne Benserud, 60m (-7)

J18/19
3. Eline Bruce, Fana, tresteg (ny)
7. Elisabeth Gjelsvik, Fana, lengde (ny)
10. Evelyn Hove Eeg, Fana, kule (-7)
13. Eline Bruce, Fana, 200m (ny)
15. Elisabeth Gjelsvik, Fana, 200m (ny)

lørdag 18. februar 2012

Borte og heime

Tidleg på 'an i dag; har vore og fått av garde dagens ferske 17-åring til treningsleir på Lanzarote. Jan Fjærestad og Bjarte Eikanger si springe-gruppe dreg av garde lørdag morgon til to veker i sol og vind. Dei kanariske øyene er etter måten stabile når det gjeld finaveret, men er også godt vindutsette. Temperaturutsiktene framover kan verka noko under det ideelle for dei solbadande, men nærmast optimale for dei som først og fremst skal trena. Me får satsa på flotte forhold og ein godt førebudd gjeng - for dei som det gjeld - før inne-UM i Sandnes, som det er seks dagar igjen til når gjengen kjem attende.

Her heime har regnet skylt vekk nesten all snø og is i løpet av natta. No er me lova påfyll med snø i løpet av det neste døgeret, men det er visstnok berre eit blaff på veg mot meir vår...

Og for dei som er heime-heime, det vil seia verken er på kanariske øyer eller andre stader i vinterferien, så er det neste helg KM innomhus i Leikvanghallen. Og arrangøren har her ikkje gitt seg med å forundra:

I invitasjonen til meisterskapet blei påmeldingsfristen sett til 17. februar, altså i går, medan det i online-påmeldingssystemet heile tida har stått 21. februar. I mellomtida har den opphavlege fristen (17.) blitt utvida til 19. februar. Stadig forvirra? Vent litt, for det kjem meir:

Like før påmeldingsfristen - påmeldingsfristane - går ut, så kjem det melding om at arrangøren har bytta ut 2000 meter som lengste distanse med 1500 meter. Det er i og for seg eit fornuftig val, det harmonerer til dømes betre med distanse-utvalet under inne-UM, men igjen er det underleg at kretsen synest å oppdaga ting undervegs. Dei som alt var påmeldt 2000 meter, er no berre flytta over til 1500 meter. Just like that. (I skrivande stund er stordabuen Lars Lunde påmeldt både 1500 meter og 2000 meter, så ein har framleis ein ryddejobb å gjera.)

Forbetringspotensial, heiter det visst.

fredag 17. februar 2012

Fest utan fart

Fredagskvelden var det ny hoppfest på Ytrebygda skole, som vanleg ein fest heilt utan fart.

No er det kanskje berre eg som kjenner på at åra går og synest at alt var betre før, men ei heilt uvitskapleg - til statistikarar å vera - kjensle av at det var fleire og kanskje endå kvassare resultat på Ytrebygda-stemnet tidlegare har kome over meg.

Samtidig; her var absolutt ein del høgdepunkt - og lengdepunkt:

Marianne Benserud (J17) var i høg grad i farta, på veg til BFG-samling og deretter utanlandstur lørdagsmorgonen. Men før det rakk ho å hoppa 1,36 i stille høgde, noko som gir nøyaktig 1000 tyrvingpoeng og som er 12 centimeter over Bente Lervik (Liland) sin gamle klubbrekord frå 1979.

Pål Haugen Lillefosse (G11) viste styrke også i desse øvingane, først og fremst i høgde, det det blei 1,05 (957 poeng). I lengde blei det 2,02 (870 poeng).

Hans-Magnus Haukøy (G11) kopierte Pål og fekk også 1,05 i høgde (altså også heile 957 poeng på han).

Eirik Leikvoll (G14) pynta på persen frå Lonevåg i janaur - til fine 1,30 i høgde (940 poeng).

Kristoffer Blücher (G13) pynta også på sitt hopp frå Lonevåg og landa på 2,45 (925 poeng). Kristoffer betra med det sin ferske klubbrekord frå nettopp KM i januar frå 2,41.

Gjert Høie Sjursen (G12) viste at han kan meir enn å kasta, då han hoppa 1,10 i høgde u/t (915 poeng).

Broder Amund Høie Sjursen (G16) hoppa 1,35 i stille høgde (872 poeng) og 2,58 i lengde (800 poeng).

For meg heilt ferske Olve Legreid (G12) hoppa heile 2,16 i lengde (855 poeng).

Herman Ellingsen (G10) hoppa 1,78 (840 poeng).

Håvard Våge Opheim (G16) betra seg til 1,30 i høgde (830 poeng)

Charlotte Harris (J12) oppnådde 1,00 i høgde (810 poeng)

Beint 800 poeng var lengdehoppet til Erlend Krog Solvang verd - det målte 1,70.

tirsdag 14. februar 2012

Fana - det nye Laksevåg

Fana IL si friidrettsgruppe har vakse seg stor og sterk, både på utøvar- og leiarsida, dei siste åra. Eg skal ikkje overdriva samanlikninga, men kanskje Laksevåg IL har blitt mindre om lag samtidig?

I alle fall har Laksevåg "sagt frå seg" det som i fleire år var sjølve opningsstemnet for barn og unge, Laksevåglekene. I fjor stod det på terminlista, men blei avlyst, i år ligg det ikkje inne på planen i det heile.

På den andre sida har Fana jakta på eit alternativt tidspunkt for sine Fanalekene, som me har vore vane med har avslutta sesongen, slik om lag siste helga i september. Noko må jo avslutta sesongen også, men i Fana har ein jakta på helger i mai og ein har jakta på helger i august som alternativ, men no ser det ut til at ein endar opp heilt i andre enden av terminlista frå der me altså har vore vane med å finna Fana sine leikar:

I 2012 er Fanalekene sett opp 28. - 29. april, som det aller første todagarsstemnet lokalt, og vel det einaste på minst to dagar før Framolekene ein god månad seinare.

I mitt nærmiljø var ungdommane gode og leie då me kom til Fanalekene sist i september i fjor, så her vil nok nyhendet om Fanalekene som opningsstemne bli ønskt velkomment. I fjor la Fanalekene litt om på øvingsprogrammet, det gjenstår å sjå kva som blir utvalet i slutten av april.

Og så kan kanskje den nye avslutningstradisjonen for heile det lokale friidrettsmiljøet bli Gneist sine kast- og løpsstemne i september?

Vinter-vår-vinter (etter 6. vinterkarusellen)

Våren kjem. I alle fall ein slags første vår, det går berre så utruleg seint med å få snøen og isen bort. Og så tar våren seg eit par kvileskjær - som venteleg kan vera når me sånn om lag berre er midtvegs i februar. Og det gjer den på litt løgne tidspunkt.

Slik som i går: Då la gjengen ut på sine løp på høvesvis 10 og 5 kilometer utanfor Fana Stadion (for vinteren bur framleis rundt banen inne på stadion) på nokolunde greitt føre. Men så forverra underlaget seg heile vegen og, avhengig av fottøyet, blei det Bambi på isen her og der. Som erfaren brukar av Ytrebygdsvegen, forbi Plantasjen, så veit eg at gangstien der er ein av dei som frys på tidleg.

Mange av Gneist-ungdommane stod over mandag, etter mykje springing i Leikvanghallen i helga. Andre av dei tok det veldig med ro, gjerne i ein kombinasjon av godt brukte bein og det glatte føret.

Eg har notert meg tre endringar på Gneist og omland sin vinterkarusell-adelskalender:

Sanne Lillevik Christensen er det grunn til å følgja med vidare framover. Ho tok eit jafs på over to minutt på sesongbeste sist gong og klarte å betra seg med ytterlegare 1 minutt og 32 sekund på 5km i går! No er ho nede i 23:59, 4. beste jenta i Gneist-systemet i årets vinterkarusell er ho med det.

Så får eg vel skjenn dersom eg ikkje nemner Marlen Røssland, som rettnok betra seg med berre to sekund på 10km, men det var det ikkje mange andre som gjorde på gårsdagens føre. Nye bestetida er 50:42.

Og så debuterte Andreas Iden på 10km og det gjorde han på 36:44, absolutt ein godkjent debut - og 3. beste i Gneist-familien på distansen i vinter.

Silje Stenersen

Silje Stenersen (J12) gjorde to framifrå løp under Pingvinlekene. Spesielt skil 1500-meteren hennar seg ut. Løpet på 5:11,37 gav henne heile 1021 tyrvingpoeng, i ei øving ho kjem til å springa ein god del gongar seinare i sesongen også. Og då er det rimeleg å tru at formen er endå betre.

For alt i fjor sprang Silje ned på 5:06,17. 1500 meter er ikkje offisiell øving for 11-åringar, så difor vanka det heller ingen tyrvingpoeng, men eit enkelt overslag fortel oss at prestasjonen hadde gått langt opp på 1000-talet dersom ho det hadde fått.

No er statistikk og historikk for dei under 13 år av den mindre offisielle typen, men pappa Sigve Stenersen har, via Stein Fossen - som jo har kontrollen på ikkje "det meste", men på alt - leita fram følgjande informasjon om Silje sin prestasjon som 11-åring:

* 5:06,17 var suverent beste tida på 1500 meter av ein 11-åring i Norge i 2011.

* Nest-beste tida var på 5:35,25.

* Det er også temmeleg klart beste tida i Norge for 11-åringar gjennom tidene:

* Den gamle beste-tida hadde Margit Katrine Strand frå Skarphedin (Bø i Telemark) på 5:13,09, sett i 1989.

* Den beste tida i Hordaland før Silje sitt løp haddeTherese Kongshavn Olsen frå Norna-Salhus på 5:15,8 - sett tilbake i 1983.

Så langt i innesesongen er Silje sitt 5:11-løp det einaste for 12-åringar, medan Kristiane Sekkingstad Terum og Silje sine løp på 600 meter frå søndag under Pingvinlekene er nr. 1 og 2 i Norge for 12-åringar.

mandag 13. februar 2012

Årets mest framgangsrike 2012 pr. 13. februar

Etter mange fantastiske prestasjonar under Pingvinlekene (og Hyundai Indoors), så har det skjedd endringar i oversikten over "Årets mest framgangsrike" etter første versjon i januar. 

Fleire av dei me har lagt merke til for topp-pretasjonane er ikkje så markante i denne oversikten. Det har enkelt og greitt å gjera med at dei (t.d. Kristoffer Blücher og Pål Haugen Lillefosse) også var særs gode i 2011, slik at det er vanskeleg å få svært stor framgang. Ein del som har lege litt bak, har alt no fått eit lite byks framover. Og ein kan legga merke til at eit par av utøvarane i Nils Møllerup sin Hjellestad-gjeng ser ut til å vera på god veg framover.

Neste gong er både KM innomhus og UM lagt bak oss, men her er oversikten over dei mest framgangsrike, etter kjønn og øvingskategori, så langt:

JENTER
Løp
Pia Hovland (ny), Sunniva Eikestad, Silje Stenersen (ny), Ingrid Helene Nyhus, Monika Benserud (ny)

Hopp
Pia Hovland (ny), Sunniva Eikestad, Mariane Benserud, Silje Stenersen, Maren Haugen Lillefosse

Kast
Maren Haugen Lillefosse (ny), Cathrine Harris (ny), Charlotte Harris (ny)

GUTAR
Løp
Erlend Wiig Røssevold (ny), Torbjørn Knag (ny), Johannes Møllerup (ny), Eirik Leikvoll, Trym Andresen (ny)

Hopp
Amund Høie Sjursen (ny), Emil Engelsen Holm (ny), Eirik Leikvoll, Kristoffer Blücher, Johannes Møllerup (ny)

Kast
Amund Høie Sjursen (ny), Magnus Leikvoll, Sondre Rinde, Håvard Rinde, Kristoffer Blücher

søndag 12. februar 2012

Happy Feet-suksess III

Der var me i mål, med Pingvinlekene 2012, og heilt uhilda vil eg seia at me har grunn til å vera kry over dette arrangementet. Store ovasjonar til dei som har stått i bresjen for det!

Sportsleg er eg imponert over ganske utruleg kvalitet i mange øvingar og av mange utøvarar, når me enno skriv berre andre helga i februar månad.

Eit par utøvarar er i nesten urimeleg god form, ein av dei er Pål Haugen Lillefosse (G11). Søndagen fekk han 10,55 på 60 meter hekk. Det er verd 990 tyrvingpoeng og er klubbrekord (med (i) bak), 25/100 betre enn Stian Norheim si fem år gamle utetid med 68cm-hekkar. Og Pål storma vidare: I lengde blei det 4,37 (964 poeng) og på 200 meter pressa Pål seg ned til 29,79 (949 poeng)

Den andre enkeltutøvaren som har imponert aller mest i helga, er utvilsamt Kristoffer Blücher (G13). Søndagen fekk han 9,76 på 60 meter hekk og fekk med det ei ny øving over 1000 poeng - alt så tidleg (1008). Over 1000 poeng bar det også i lengde, med solide 5,37 (1004 poeng). Det er også godt lengre enn Sondre Rinde sin ute-klubbrekord på 5,09. På 600 meter persa Kristoffer med fire sekund og sprang på 1:36,89 (937 poeng).

Anna Evensen (J12) er ein annan hekke-spesialist. Ho fekk 10,65 på 60 meter hekk (971 poeng). På 200 meter blei det 30,43 på Anna (849 poeng).

Amund Høie Sjursen (G16) fekk til eit flott hopp i lengde, på 6,37, som er verd 994 poeng og er sju cm bak uterekorden i aldersklassen på 6,44. Han oppnådde vidare 1,65 i høgde (839 poeng). Det betyr at tre G16-gutar har oppnådd same høgde i vinter (Magnus Leikvoll og Håvard Våge Opheim, i tillegg til Amund).


Sondre Rinde (G14) persa på ny på 60 meter hekk (84cm), til 9,19. Og det er framleis Sondre som også har klubbrekorden i øvinga i aldersklassen.

Renate Lie (J14) sprang på ei tid det er lett å hugsa på 60 meter: 1.44,44. Renate har sprunge fortare før, men dette er faktisk 9/100 under klubbrekorden ute i J14, sett av Ingrid Solheim i 2002.

Henrik Irgens Gravdal (G14) sprang ein jamn og solid 600 meter (igjen) og fekk denne gongen notert 1:34,87 (899 poeng).

Ein kvar sin klubbrekord blei det også på Ingrid Næss Johansen (J15) og Anders Bjørndal (G17) på 600 meter. I begge klassane var rekorden ledig på distansen: Ingrid sprang på 1:50,60, medan Anders - som er i solid vinterform - flytta persen sin heilt ned til 1:32,06.

Espen Bjørndal (G12) hadde ein spennande og god duell i lengde med Fana sin Erlend Bolstad Raa. Espen fekk opp ny pers og leiing med 4,34 i siste omgang, men Erlend svara til 4,50 i aller siste hopp. 4,34 er uansett verd fine 878 tyrvingpoeng for Espen. I same konkurranse - som talde 19 utøvarar - oppnådde Thomas Blücher 3,98 (806 poeng) og Johannes Møllerup 3,95 (800 poeng). Thomas sprang elles 200 meteren på 29,56 (833 poeng).

Silje Stenersen (J12) var utvilsamt endå meir i sitt ess på 1500 meter lørdag, men var med i ein rivande duell på Aurland-jenta Kristiane Sekkingstad Terum på 600 meter søndag. Der blei Silje knepent slegen, med tida 1:49,61 (889 poeng).


Michelle Floor Heggeland (J13) held fram framgangen sin. I lengde blei det 4,45 (884 poeng).


Marianne Benserud (J17) pynta på 60 meter-tida si inne i år, til 8,50 (865 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) betra seg med 1/100 på 60 meter hekk til 10,33 (894 poeng). Endå betre gjekk det i lengde, der det blei 4,90 (910 poeng).


Håvard Rinde (G11) hoppa 3,91 i lengde (872 poeng), Hans-Magnus Haukøy (G11) oppnådde 3,78 (846 poeng) og heilt ferske Filip Lorentzen Gram-Knutsen (G11) fekk 3,69 (828 poeng).

Herman Hovland (G13) hoppa 4,38 i lengde (806 poeng).

At eg er imponert over alt dette - og meire til - er å ta varsamt i.

Kvalifiseringsnytt - ei presisering

Som observante lesarar av førre innlegg vil sjå, så kvalifiserte lørdag både Ivan Berstad og Ivan Høie (begge G15) seg for 200 meter under inne-UM i Sandnes om fire veker. Begge to gjorde det med solid margin.

Ivan B. si tid på 26,15 er 18. beste i landet så langt i vinter, medan Ivan H. si på 26,34 er 21. beste tida i klassen.

Og rett skal vera rett: G15-gjengen har naturlegvis også Emil Engelsen Holm mellom dei kvalifiserte på distansen: Han har 11. beste tida i landet i vinter med 25,82.

Så då skulle me ha det på plass.

Happy Feet-suksess II

Første dag av Pingvinlekene blei ein knallsuksess for arrangøren. Eg ser fullstendig vekk frå at tidtakaranlegget svikta ein halvtime på ettermiddagen, det var arrangøren heilt utan skuld i. Før det skjedde opplevde ein eit arrangement som følgde tidsskjemaet betre enn eg kan hugsa å ha opplevd nokon gong. Dette var bra saker! (Og dei manuelle tidtakarane gjorde ein formidabel suksess som back-up...)

Og sportsleg? Her er det rett og slett ei heilt røys å ta tak i, alt på eit stemne i februar månad:

Pål Haugen Lillefosse (G11) betra seg på ny kraftig i stav og er no oppe på heile 2,60! Det er verdt heile 1051 tyrvingpoeng - og klubbrekorden har han sjølv snart forbetra med ein heil meter! I tillegg sneik han seg under 9 sekund på 60 meter: 8,96 (956 poeng).

Silje Stenersen (J12) fekk endeleg poeng på 1500 meter. Etter eit jamt og godt løp blei ho klokka inn på 5:11,37. Det er alt i februar månad verd 1021 tyrvingpoeng og er berre litt over to sekund bak Renate Lie sin to år gamle klubberekord (Silje var jo heilt nede på 5,06 alt i fjor). Renate Lie (J14), sjølv, vann heatet der Silje sprang og fekk 5:09,10 (915 poeng). Og medan me er inne på jentene sin 1500 meter: Ingrid Helene Nyhus (J15) pynta på sin årsbeste, til 5:10,40 (853 poeng).


Monika Benserud (J16) er tilbake for fullt: På 60 meter fekk ho 7,94, som er 1029 tyrvingpoeng og beste løpet for jenter i Gneist så langt i 2012. Det er også langt under klubbrekorden. Også i stav er Monika om lag på gamle høgder: Her blei det 2,80 (880 poeng).


Amund Høie Sjursen (G16) var med på ein kanonsterk 60 meter og senka eigen pers til 7,42. Det er verdt 994 poeng og må i alle fall noterast som klubbrekord innomhus: Espen Liland har 7,50 ute frå 2005. Amund vann også kule med 10,56. Eg oppdaga no at G16 ikkje har klubbrekord i kule med 5 kilos-kule. (Den nokolunde kjende kastaren Steffen Nerdal har den med 4kg-kula).

Kristoffer Blücher (G13) heldt fram der han slapp på Stange sist helg: Det bar heilt ned på 25,91 på 200 meter, som er klubbrekord (førebels med ein (i) i parentes, Sondre Rinde har 26,02 ute), det er verd 1007 tyrvingpoeng og er beste løpet for Gneist-gutar så langt i 2012. Han fekk i tillegg 8,07 på 60 meter (981 poeng).


Sondre Rinde (G14) svarar Kristoffer jamleg: På 60 meter innebar det 8,02 (927 poeng).

Ei anna som berre susar vidare, er Gneist-ferske Michelle Floor Heggeland (J13): No er ho nede på 8,78 på 60 meter (897 poeng) og på 29,18 på 200 meter (884 poeng).


Anna Evensen (J12) betra seg i lengde til 4.20 (895 tyrvngpoeng). Ho sprang også 60 meter på 9,13 (843 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G12) har endå sterkare kast-øvingar når han kjem utomhus, men støtte kula heilt til 9,61 lørdag (898 poeng).


Håvard Rinde (J11) støtte kula 8,40m (874 poeng).

Våre to Ivan-ar i G15, Ivan Berstad og Ivan Høie, hadde ein fin lørdag i Leikvanghallen: På 60 meter fekk Ivan B. 8,11 (848 poeng) og Ivan H. 8,25 (811 poeng). Begge deler er solide persar. Og på 200 meter følgde dei opp med 26,15 (Ivan B.) og 26,34 (Ivan H), som er endå sterkare forbetringar. I tillegg er begge to med det kvalifisert for inne-UM på distansen.

Jørgen Jensen Axelsen (G19) fekk årsbeste på 1500 meter med 4:12,66 (911 poeng).


Anders Bjørndal (G17) gjorde eit nytt kanonløp, etter ein dag med lite mat og eit halvt døger etter at han tvilte på start på grunn av eit skranglete kne: 4,28,15 på 1500 meter er kjempepers, i alle fall innomhus (845 poeng).

Hans-Magnus Haukøy (G11) fekk 9,52 på 60 meter (805 poeng).

torsdag 9. februar 2012

Kvalifiseringsoversikt pr. 9.2. 2012

Det er like før Pingvinlekene. Der er det ikkje kvalifiseringskrav for å vera med, ikkje på nokon måte. Men det byr likevel på nye sjansar til å oppnå kvalifiseringskrav for mange ungdommar. Me har enno ikkje svært mange som er aktuelle for junior- og senior-NM, men nokre er det. Desse får me koma meir spissa tilbake til.

Den store oversikten gjeld Ungdomsmeisterskapet, som til hausten går på Askøy. Arrangementa i 2013 blir snart tildelt.

NB! Oversiktene nedanfor tar ikkje innover seg kor aktive eller satsande dei ulike utøvarane er nett no, den fortel berre kven som faktisk er kvalifisert.

Til inne-UM i Sandnes er det blitt innført kvalifiseringskrav på 200 meter og 400 meter for første gong. Me har tre utøvarar som har oppnådd kvalifiseringskrava på 200 meter:

- Marianne Benserud
- Monika Benserud
- Vilde Lund Bjørnsen

Til ute-UM 2012 er følgjande kvalifisert så langt - godt og vel eit halvt år før den lange turen (-) til Ravnanger Idrettspark:

- Jørgen Jensen Axelsen (3000m)
- Andreas Iden (800m, 3000m)
- Ole Martin Røssland (3000m)
- Amund Høie Sjursen (100m, tresteg)
- Aleksander Lie (800m, 300m hekk)
- Håvard Våge Opheim (stav)
- Magnus Leikvoll (stav)
- Synne Våge Opheim (stav)
- Anne Marte Aldal Sætre (stav)
- Marianne Benserud (200m, 100mh, høgde, stav, lengde)
- Tina Therese Jenssen (stav)
- Vilde Omholt (800m)
- Maren Risøen (lengde)
- Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, lengde)
- Monika Benserud (100m, 200m, 80mh, lengde, stav, tresteg)
- Anna Serine Røssland (800m) - gratulerer med dagen!
- Ingrid Næss Johansen (800m)

* I tillegg er det fri påmelding i følgjande øvingar og (svært) sannynleg deltaking frå følgjande:
- 2000m hinder (Jørgen Jensen Axelsen)
- 1500m hinder (Aleksander Lie, Stian Norheim, Anna Serine Røssland, Ingrid Næss Johansen, Ingrid Helene Nyhus, Vilde Omholt)
- 2000m (Anna Serine Røssland, Ingrid Næss Johansen, Ingrid Helene Nyhus)

Frå og med inneverande innesesong er det også muleg å kvalifisera seg til UM i 2013. Det er interessant for fleire, ikkje minst for 14-åringane. Dei tre første 14-åringane (1998) er alt kvalifiserte til neste års ute-UM (utheva nedanfor).

Lista så langt ser slik ut:

- Ole Martin Røssland (3000m)
- Aleksander Lie (800m)
- Håvard Våge Opheim (stav)
- Magnus Leikvoll (stav)
- Eirik Leikvoll (stav)
- Marianne Benserud (stav)
- Monika Benserud (stav)
- Renate Lie (800m)
- Cathrine Harris (kule)

tirsdag 7. februar 2012

Happy Feet-suksess I

Dette skal bli ein trilogi - etter planen. Ja, ein suksess-trilogi - etter planen.

Det startar godt: Første del handlar om påmeldinga til Pingvinlekene komande helg. Den har overgått alt det som det kunne vore rimeleg å forventa. Me snakkar om 4-500 utøvarar og godt over 1000 startar. Midt på vinteren. Det er ikkje berre "ikkje dårleg", det er temmeleg framifrå.

Det blir eit vesentleg større arrangement enn Nornalekene frå januar. Og me må nok vera så ærlege at me også sender nokre takk til kretsen som omplasserte sitt KM til eit mindre interessant tidspunkt enn det Pingvinlekene har no. Pingvinlekene framstår rett og slett som vinterens store inne-høgdepunkt lokalt.

Så gjenstår to heilt sentrale delar i trilogien: det som gjeld arrangementet og det sportslege. Me har naturlegvis stor tru på at begge deler skal bli nye suksess-historier, men ikkje noko kjem av seg sjølv. Og her er full innsats heile vegen til mål - for både funksjonærar og utøvarar.

søndag 5. februar 2012

Varmande resultat på kalde Hedmark (2. dag, Stange)

Gjengen med 13- og 14- åringar frå Gneist markerte seg sterkt i iskalde Hedmark i helga. Det er mange år sidan Gneist har hatt kvalitetsutøvarar frå dei heilt yngste, via desse i "NCC-alderen" til Jørgen Jensen Axelsen som eldstemann (konkurrerer som 19-åring i år), som det som er tilfellet no.


Kristoffer Blücher (G13) synest å gå mot ein ny kanonsesong. På 200-meteren søndag flytta han seg heilt ned til 26,11, som alt så tidleg på året er verdt 990 tyrvingpoeng! Det er i tillegg fattige ni hundredelar bak Sondre Rinde sin klubbrekord frå i fjor.

Me har eitt kast-alibi i Gneist for gutar (Gjert Høie Sjursen), men me har i høg grad også eit hopp-alibi på gutesida. Eirik Leikvoll (G14) har hatt ein fantastisk framgang. Tidlegare har me skrytt av stav-prestasjonane hans, men søndag gjekk han over heile 1,60 i høgde også. No er han berre 5cm frå UM-kravet i G15 til neste år! 1,60 er verdt 916 poeng. Og no blir det jakta på klubbrekord både i stav og i høgde. I høgde er den på 1,68.

Nemnde Sondre Rinde (G14) sprang også fort på 200 meter: 25,77 gir heile 917 poeng og også Sondre kan snart ta til å kikka på UM-kravet i G15 (som i alle fall førebels er på 25,35).

Maren Haugen Lillefosse (J14) vil me også tru vil bevega seg raskt ned mot UM-kravet i J15 på 200 meter. Søndag sprang ho på 28,61, verdt 882 poeng og 41/100 bak dette kravet. I lengde fekk ho 4,69, noko som finurleg nok er verdt nett det same som 200-meteren: 882 poeng.

Cathrine Harris (J14), som hadde ein strålande hoppsesong i 2011, fekk opp 4,79 søndag - eit hopp verdt 903 poeng.

Og Gneist-debutant Michelle Floor Heggeland (J13) hoppa også godt i lengde: 4,23 (838 poeng) og fekk i tillegg 29,73 på 200 meter (841 poeng).

Strålande!

Og så var det heim til pingvinane.

lørdag 4. februar 2012

Raske gutar og jenter (Dei koreanske innomhusleikane, dag 1)

Dei ni Gneist-utøvarane har markert seg sterkt alt første dag i leikane for 13- og 14- åringane i Stangehallen i helga.

Kristoffer Blücher (G13) sprang 60 meter på 8,12, noko som gir heile 967poeng. Han oppnådde dessutan 1:40,76 (837 poeng) på 600 meter.

Cathrine Harris (J14) sprang 8,69 på 60 meter (881 poeng) og fekk 10,34 på 60 meter hekk (878 poeng). Og når jentene først fekk opp eit kastresultat, så kom det skikkeleg: Cathrine oppnådde 9,70 i kule (934 poeng).

Maren Haugen Lillefosse (J14) sprang heilt ned på 9,84 på 60 meter hekk, som er verdt heile 975 poeng. Det er beste løpsresultatet for jenter i Gneist så langt i år. Maren fekk også 8,56 i finalen på 60 meter (916 poeng).

Sondre Rinde (G14) fekk kanontida 9,22 på 60 meter hekk, som er betring av eigen klubbrekord med 84cm-hekkar. Han sprang også 60 meter på 8,06 (914 poeng).

Henrik Irgens Gravdal (G14) skaffa Gneist ein av mange sigrar lørdagen (Kristoffer hadde vel fire), då han vann 600 meter på 1:37,34 (834 poeng).

Stemnedebutanten i Gneist-drakt Michelle Floor Heggeland (J13, tidlegare Kalandseid IL) slo til med 8,88 på 60 meter (870 tyrvingpoeng).

torsdag 2. februar 2012

Før "Stange-leikane"

Jajaja, det heiter noko anna, noko med eit koreansk bilmerke, som får meg til å tenka på sommar-OL i Seoul i 1988. Komande helg er det innandørs-leikar for 13- og 14- åringar i Stangehallen - det første arrangementet av denne typen i historia. På hausten er det jo utandørs regionale leikar for denne aldersgruppa, sponsa av eit bygg- og eigedomsselskap.

No ja, misforstå meg rett, sjølv om eg alltid er i tvende sinn når det gjeld kommersialiseringa av samfunnet (om det er råd å seia når det, samfunnet, alt er gjennomkommersialisert), ja så er det på eit vis hyggeleg at også friidretten får større sponsarar. Fleire stemne har i alle fall delte namn (DnB Nor Tyrvinglekene), medan det største her lokalt heiter Framolekene og det nest-største på landsplan heiter Veidekkelekene. Og den nye hallen i Haugesund? Jo da, den heiter Deep Ocean Arena. (Så no kan fotballen berre ha sin komplett.no arena.)

Tilbake til idretten: Gneist reiser med ni utøvarar til dei koreansk-engelske leikane, Hyundai Indoor Games, på gode gamle Hedmarken:

J13
Michelle Floor Heggeland (stemnedebutant): lengde, 60m, 200m, 600m

J14
Cathrine Harris: liten ball, lengde, 60m, kule, 60m hekk
Maren Haugen Lillefosse: 200m, lengde, 60m, 60m hekk

G13
Kristoffer Blücher: lengde, 600m, 60m, 200m, kule, liten ball
Herman Hovland: 600m, 60m, 200m

G14
Trym Andersen: 200m, høgde, liten ball, 600m, 60m
Henrik Irgens Gravdal: liten ball, 600m, 60m, 1500m
Eirik Leikvoll: høgde, 60m, lengde, stav
Sondre Rinde: 200m, liten ball, 60m, lengde, kule, 60m hekk