mandag 30. april 2012

Mildt sagt fantastisk...

Ja, det er fantastisk at Henrik Ingebrigtsen i nattas løp i Palo Alto, der borte i dei californiske varmare strok, sletta Lars Martin Kaupang sin 36 år gamle norgesrekord på 1500 meter.

3:36,39 er nær på nøyaktig sekundet raskare enn Kaupang si tid frå Bislett i 1976.

Men meir fantastisk er det nesten at tv2.no presterer å kalla Ingebrigtsen for ukjent, i dette oppslaget.

Ingebrigtsen er mykje, men han er ikkje ukjent. Saman med resten av familien frå Sandnes IL er han mellom dei aller mest kjente i friidrettsmiljøet i Norge. Å kalla han "ukjent" vitnar såleis mykje om den konkrete journalistens kunnskap, men det handlar nok også om friidrettens punkt-interesse i dei større media - knytt til nokre få, store arrangement.

Kombinert fører dette til den smått utrulege adjektiv-bruken om Henrik Ingebrigtsen som "ukjent"...

Fanaleikar til ti tusen

Aah, friidrettsstemne i solsteik - i april!... Dette (håpar me) lovar godt for 2012-sesongen. Årets Fanaleikar - som no altså er blitt eit vår- og opningsfenomen i staden for haust- og avslutningssak - blei eit svært vellykka stemne. Det blei arrangert på framifrå vis og spesielt søndagen var vergudane i strålande humør.

Det manglar ein del vind i resultatlistene enno, men det kjem. Og me legg til grunn at løpa er godkjent.

Og her er mykje å henta fram også frå søndagen:
.
Kristoffer Blücher (G13) held fram si ville ferd; på 200 meter blei det 25,68 og 1027 poeng. Det er også ny klubbrekord.

Sondre Rinde (G14) kvalifiserte seg til UM på Lillehammer i 2013 då han sprang 200 meter på 25,26 (960 poeng). Det er også 1/100 bak Espen Liland sin klubbrekord frå 2003. Sondre sette i staden klubbrekord på 80 meter, der han sprang på 10,40 og sletta Emil Engelsen Holm sin rekord, sett i fjoråret. Den andre UM-øvinga på Lillehammer neste år kvalifiserte Sondre seg til i tresteg. Der blei det 11,19 (919 poeng). Sondre er 11. Gneist-utøvaren som alt er klart for UM i 2013.


Amund Høie Sjursen (G16) hoppa 12,88 i tresteg (958 poeng) og sette klubbrekord på 80 meter, med 9,76 (964 poeng). Rekord i denne årsklassen, G16, blei det også på Magnus Leikvoll, då han støtte kula 10,68.


Anna Evensen (J12) hoppa heile 9,43 i tresteg (993 poeng).

Det blei svært tett mellom Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen på 80 meter i J16. Det blei høvesvis 10,45 på Monika og 10,46 på Vilde (979 og 976 poeng). Og det blei også klubbrekord for Monika.

Først på dagen blei det også sett to nye klubbrekordar i Gneist, forutan ein i BFG Fana, då ein seksmanns-gjeng sprang 10.000 meter i menn senior: Ole Martin Røssland (G17) sette klubbrekord i Gneist og i JR-20 i BFG med 33:06,61. (Det gir ikkje tyrvingpoeng for 17-åringar, men det tilsvarer 996 poeng for 18-åringar). Andreas Iden (G17) debuterte også på 10.000 meter og fekk tida 33:24.10. Klubbrekord blei det også på Stian Norheim (G16), med 36:52,60, i sin mil-debut på bane.


Pål Haugen Lillefosse (G11) hoppa 8,90 i tresteg (970 poeng) og sprang 80 meter på 12,11 (876 poeng).

Renate Lie (J14) sprang 200 meter på 27,94 (934 poeng), noko som er under UM-kravet for 15-åringar (2013).

Eit nytt UM-krav kom også Cathrine Harris (J14) under, då ho hoppa 10 meter akkurat i tresteg (920 poeng).


Hans-Magnus Haukøy (G11) svevde til 8,46 i tresteg (926 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G12) presterte beste kastresultatet i Gneist så langt i 2012, då han støtte kula til 10,03 (923 poeng). Det er også fattige 8cm bak Tom B. Haaland sin klubbrekord frå 1979...

Aleksander Lie (G16) sprang 200 meter på 25,07 (866 poeng).


Herman Hovland (G13) sprang 80 meter på 11,14 (837 poeng).

Charlotte Harris (J12) støtte kula til 7,72 (824 poeng). Ho fekk også opp eit hopp på 7,69 i tresteg (819 poeng).

Henrik Irgens Gravdal (G14) sprang 200 meter på 26,93 (818 poeng).


lørdag 28. april 2012

Våryr start

Om ungdommane sprang for å halda varmen eller om dei berre er i kanonform tidleg, ja det er vanskeleg å seia, men det rann inn med rekordløp og rekordresultat første dag av Fanalekene.

Her er ei oppsummering, frå statistikkhald:

Renate Lie (J14) slo til med ein gnistrande 600 meter på 1:38,83, som gir 1028 tyrvingpoeng og er ny klubbrekord.

Ny klubbrekord blei det også på Henrik Irgens Gravdal (G14) på 600 meter. Han sprang på 1:30,47 og sletta dermed Aleksander Lie sin to år gamle rekord på 1:30,83.

Til gjengjeld mista Henrik klubbrekorden på 600 meter i G13 til Kristoffer Blücher, som kom seg heilt ned på 1:32,74 og plukka med seg heile 1045 tyrvingpoeng så tidleg i sesongen. (Henrik hadde 1:33,95 i fjor.)

Sondre Rinde (G14) hadde eit par solide prestasjonar: 12,56 på 100 meter gir 964 poeng. Det er også fattige 4/100 bak Espen Liland sin klubbrekord frå 2003. I tillegg sveva Sondre til heile 5,41 i lengde (932 poeng), som er fire centimeter bak UM-kravet for 15-åringar. 

Eirik Leikvoll (G14) hoppa heile 1,64 i høgde (944 poeng). Også Eirik er nær klubbrekorden her; 1,68 har Torstein Onarheim frå 1998.

Monika Benserud (J16) sprang 100 meter på 13,00 (960 tyrvingpoeng; rettnok er det ikkje vind på distansen på dei resultatlistene eg har så langt, men det var vel knapt løp som hadde for mykje vind i dag, vil eg tru.)

Anna Evensen (J12) sprang 60 meter hekk på 10,70 (962 poeng) og hoppa 4,29 i lengde (913 poeng).

Pål Haugen Lillefosse (G11) hoppa heile 1,36 i høgde (986 poeng) og fekk opp 4,24 i lengde (938 poeng). I tillegg blei det 11,06 på 60 meter hekk (888 poeng).

Aleksander Lie (G16) sprang 600 meter på 1:27,85 (951 poeng), som er solid ny pers og berre 16/100 bak Mats Benserud sin klubbrekord.

Amund Høie Sjursen (G16) hoppa 6,11 i lengde (942 poeng). Amund smaug seg dessutan under 12,00 på 100 meter; 11.99 (950 tyrvingpoeng).

Håvard Rinde (G11) hoppa 1,28 i høgde (930 poeng).

Hans-Magnus Haukøy (G11) hoppa 3,99 i lengde (888 poeng).

Me noterer oss 12,68 på 100 meter (førebels utan vind) på Emil Engelsen Holm (G15), noko som gir 875 poeng.

Maren Haugen Lillefosse (J14) hoppa 4,80 i lengde (905 poeng) og sprang 100 meter på 13,92 (868 poeng).

Silje Stenersen (J12) sprang 600 meteren sin på 1:49,21 (898 poeng) - og har dermed sagt farvel til 1:50-talet... Ho hoppa dessutan 3,89 i lengde (829 poeng).

Stian Øvergaard Aarvik (G15) sprang 600 meter på 1:33,89 (859 poeng).

Cathrine Harris (J14) hoppa 4,56 i lengde (855 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J13) hoppa 1,28 i høgde (820 poeng).

Anders Bjørndal (G17) pynta på klubbrekorden sin på 600 meter, med 1:32.03 (3/100 betre enn Anders sprang på inne i vinter).

Ingrid Næss Johansen (G15) sprang 600 meter på 1:48,65, som er betring av eigen klubbrekord.

... Ein strålande start på banesesongen!...

Storeslem i maraton

BFG Fana tok seg av det aller meste under Bergen City Marathon, 1. bolken:

Frode Johansen vanna altså maraton for menn, Miguel Blanco halvmaraton for menn og Robet Hisdal var heilt suveren i det sokalla Thon-løpet over 3km. Han var 1 minutt og 52 sekund framfor andremann - over altså berre 3 kilometer...

Det siste fortel både om eit flott løp for Robert og om at deltakinga på denne 3-kilometeren ikkje var all verda. Tida til Robert var elles på 9.58.

Eline Bruce tok ein flott 4. plass på Thon-løpet for kvinner med 14.35.

Litt meir systematisk oppfølging av BFG (og omland)-løparane:

Edna Leikvoll
- sprang maraton på 3.43.11. Det gav 52. plass totalt, 4. plass mellom alle kvinner og siger i klasse K50-54.

Frode Johansen
- sprang maraton på 3.01.09. Det gav altså 2. plass totalt, siger mellom mennene og følgjeleg også klassesiger i M40-44.

Willy Hamre
- sprang ein flott maraton på 3.33.14. Det gav 35. plass totalt, 33. plass for alle menn og 3. plass i klasse M55-59.

Bente Aarbakke Oestreich
- sprang halvmaraton på 1.57.40. Det blei 446. plass totalt, 113. plass mellom kvinnene og 2. plass i K60-64.

Marlen Røssland
- sprang halvmaraton på 1.48.58. Det gav 281. plass totalt, 44. plass mellom alle kvinner og 4. plass i K45-49.

Miguel Blanco
- sprang halvmaraton på sterke 1.11.44. Det gav siger totalt, for menn og naturlegvis i K25-29.

Tom Barth
- sprang halvmaraton på 2.01.29. Det blei 507. plass totalt, 362. plass for menn og 10. plass i klasse M60-64.

Robert Hisdal
- vann altså Thon-løpet (3km) på 9.58. Han høyrer elles til i klasse M30-34.

Håvard Austevoll
- sprang ein sterk maraton på 3.27.50. Det blei 22. plass totalt, 20. plass for alle menn og siger i M15-19.

Bjarte Eikanger
- fekk også til ein solid halvmaraton: 1.14.31. Det blei 4. plass totalt (og for menn) og siger i M40-44.

Torgeir Hasås
- sprang halvmaraton på 1.22.23. Det gav 9. plass totalt (og for menn) og 3. plass i M25-29.

Bjørn Tore Kronen Taranger
- fekk slutt-tida 1.26.21 på halvmaraton. Med det blei han 28. mann totalt,. 27. for menn og nr. 3 i M30-34.

Eline Bruce
- sprang på 14.35 i Thon-løpet (3km). Det gav 18. plass totalt, 4. plass mellom kvinnene og 2. plass  i K15-19.

Per Gunnar Alfheim
- fekk 3.41.37 på maraton, som gav 48. plass totalt, 45. mellom mennene og 3. plass i M50-54.

**

Og så finst det kanskje nokre til der...

City-slutt

Då snudde det seg heilt i duellen mellom Frode Johansen og Åslaug Golf Kaardal i andre halvdel av Bergen City Marathon. Kaardal var i mål på 2:59.56 og blei klart beste kvinne med det. Frode fekk 3:01.08, altså 1 minutt og 12 sekund bak, etter å ha vore 2.14 framfor etter halvmaraton-passering. Frode blei altså likevel best av mennene i tidenes første Bergen City Marathon. Ungguten Håvard Austevoll kom heilt oppe på 22. plass, med tida 3:27.49. Nr. 48 blei Per Gunnar Alfheim på 3:41.36. Edna Leikvoll blei nr. 52, med 3:43.10.

BFG-siger blei det også i halvmaraton: Her var Miguel Blanco raskast, med 1:11.43. Med det var han 51 sekund framfor andremann. Bjarte Eikanger blei nr. 4 på 1:14.30. Torgeir Hasås var 9. mann i mål på 1:22.22. Bjørn Tore Kronen Taranger blei 28. mann med 1:26.20, medan Marlen Røssland halvmaraton-debuterte på høgst respektable 1:48.57 - 281. plass av alle.

Maraton - halvvegs

... Og her er passeringstidene halvvegs for gjengen som spring heil maraton:

1. Frode Johansen 1:25.25 (leiing med 2 minutt og 14 sekund)

15. Håvard Austevoll 1:32,51

20. Per Gunnar Alfheim 1:35.51

27. Willy Hamre 1:40.14

66. Edna Leikvoll 1:47.16

Bergen City

Nett no, når dette innlegget blir skrive, er tidenes første "Bergen City Marathon" i gang. Fint skal det vera - og då må det vera engelsk, visstnok.

Det er kaldt, med nysnø ned i liene, men sola tittar fram og det skulle vera heilt greie springeforhold.

Det kan springast ulike distansar. Maraton starta lørdag morgon kl. 8.00, halvmaraton er i gang frå klokka 10 og frå klokka 11 går det 3km lange Thon-løpet (eller "Thon Run", naturally).

Det er ein del som representerer alternativt, men eg har funne fram følgjande BFG-relaterte på startllista:

Maraton:
Edna Leikvoll (50-54)
Per Gunnar Alfheim (50-54)
Håvard Austevoll (15-19)
Anders Daltveit (25-29)
Frode Johansen (40-44)
Willy Hamre (55-59)


Halvmaraton:
Bente Aarbakke Oestreich (60-64)
Marlen Røssland (45-49)
Tom Barth (60-64)
Miguel Blanco (25-29)
Bjarte Eikanger (40-44)
Torgeir Hasås (25-29)
Bjørn Tore Kronen Taranger (30-34)

Thon-løpet (3km):
Eline Bruce (15-19)
Robert Hisdal (35-39)

torsdag 26. april 2012

Fri-dominans

Fri-stafetten blei - ifølgje rapportane - ei ny massemønstring onsdagskvelden på Espeland.

Gneist dominerte fullstendig stafettane for barn og ungdom og vann alle dei fire variantane:

I J11-14 blei det fjerde sigeren på rad, i G11-14 det same. I Mix11-14 har Gneist vunne dei fem siste åra. I Mix11-17 har ikkje Gneist vore fullt så dominerande; her er det "berre" dei to siste åra det er blitt siger. Men alt i alt viser Fri-stafetten at Gneist dominerer i topp og breidde på løpssida.

Mest suverene var gutelaget, som var 49 sekund framfor Fana. Miks 11-14 var 33 sekund framfor Kalandseid, Miks 11-17 slo Norna-Salhus med 11 sekund, medan sigeren i jenteklassen denne gongen var ganske knepen framfor eit Bergens Turrn- lag i framgang. Differensen blei på knappe fire sekund til slutt.

For BFG-laga er det stabilt eller ein liten framgang, dersom ein ser på plasseringane:

Menn senior (B) vann klasen sin, for første gongen sidan 2008. Dei måtte likevel finna seg i å bli slegne av junior-laget med fem sekund. Juniorane tok 3. plass i stafetten, det same som i 2011.

Kvinner senior blei nr. 2, det same som i 2010 og 2009. (I 2011 klarte ikkje BFG å stilla kvinnelag.) Kvinner junior-laget tok også 2. plass - og det er beste plassering sidan juniorlaget vann i 2009. Junior-laget var også knepent - 1,6 sekund - bak Norna-Salhus.

Kvinner senior-laget kom 19 sekund bak Gular. Menn junior kom 17 sekund bak vinnar Gular og 14 sekund bak toar Osterøy, medan senior B-laget slo Osterøy med 39 sekund  og Varegg med eitt minutt.

søndag 22. april 2012

Før Fanalekene

Til helga blir det altså Fanalekene, som på eit vis erstattar Laksevåglekene (fram til 2010) som opningsstemne for barn og ungdom på Fana Stadion. Det er absolutt brukbar påmelding, sjølv om det er eit veldig overfokus på sprint-distansar under årets første stemne. Det er 80m, 100m, 200m, 400m, 600m. Og så er det altså ein 10 000 meter, som ein slags (over-)kompensasjon for dei aller eldste.

Her er deltakarane frå Gneist:

J10
Amalie Ellingsen Nyheim (80m, 200m, 600m)

J11
Sara Tyssebotn Berg (kule, lengde, 200m, 600m, tresteg)
Victoria Bruun (kule, 80m)

J12
Charlotte Harris (80m, lengde, kule, tresteg)
Silje Stenersen (80m, lengde, tresteg, 600m, 200m)

J14
Maria Josefine Berg (200m, tresteg, 600m)
Renate Lie (200m, 600m)
Cathrine Harris (tresteg, 100m, 80m, lengde)
Maren Haugen Lillefosse (100m, lengde)

J15
Ingrid Næss Johansen (600m)
Anna Serine Røssland (600m)

J16
Monika Benserud (100m, 80m)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 80m, 200m)

J17
Marianne Benserud (100m)

G10
Erlend Borsholm (200m, 80m, lengde)

G11
Håvard Rinde (kule, 80m, 200m, lengde, tresteg, 60m hekk, 600m, høgde)
Hans-Magnus Haukøy (80m, 200m, lengde, tresteg, spyd, 600m)
Pål Haugen Lillefosse (80m, 200m, lengde, tresteg, 60m hekk, høgde)
Sindre Kampen Nesheim (80m, 200m, 60m hekk, spyd)

G12
Thomas Blücher (600m, 200m)
Torbjørn Knag (200m, lengde, høgde, 80m)
Gjert Høie Sjursen (80m, kule, spyd)

G13
Kristoffer Blücher (80m, 200m, 100m, 600m)

G14
Sondre Rinde (tresteg, lengde, 80m, 100m, 200m)
Henrik Irgens Gravdal (80m, 100m, 200m, 600m)
Eirik Leikvoll (80m, høgde, 100m)

G15
Emil Engelsen Holm (spyd, lengde, 100m)
Jens Larsen Åstveit (100m, 600m)

G16
Stian Norheim (10.000m - MS)
Magnus Leikvoll (100m, kule, 80m, høgde)
Amund Høie Sjursen (100m, 80m, lengde, tresteg)
Håvard Våge Opheim (100m, 80m, høgde)
Aleksander Lie (600m, 200m)

G17
Anders Bjørndal (600m)
Andreas Iden (10.000m - G18/19)
Ole Martin Røssland (10.000m - MS)

*
I tillegg deltar Egil Johan Hessen og Petter Rasmussen for BFG (10.000m).


Ingrid Næss Johansen

Nokre er travlare enn andre; Ingrid Næss Johansen er mellom dei:

Tirsdag sprang ho Tveitevannet Rundt for Gneist.

Onsdag sprang ho Sjøkrigsskolestafetten for BFG Fana, med etappe både for junior- og seniorlag.

Torsdag sprang ho første løpet i Bedriftskarusellen (og vann kvinneklassen); 3 km terrengløp på Storetveit-markene.

Og lørdag hadde så Ingrid teke turen til Florø og 5km under Rett Vest-arrangementet der. Ho vann sin klasse på særs god tid; 19:44. Pappa Tom Roger hadde denne gongen lagt vekk Kondis-kameraet og vann sin klasse på 19:49.

Nytt sekund for Martine

Den flotte formen for Martine Eikemo Borge held fram på 800 meter. I innesesongen blei det fleire særs gode løp, med 2:05,41 som det beste. No har ho teke til med ein serie med pyntingar av utepersen også.

Ho starta med 2:07,76 og har i helga følgt opp med 2:06,54. Det skjedde på heimebane i Fayetteville i Arkansas. Dermed er Martine under sekundet bak Veslemøy Hausken sin klubbrekord for senior i BFG, men det er ny klubbrekord i JR-22, der Grethe Slettom hadde den gamle, sett i Tønsberg i 1993 (2:06,73).

Og - sjølv om den sikkert er komen lengre i Arkansas-traktene - så er våren enno ung.

torsdag 19. april 2012

Eit mellombels steg tilbake

No kan eg føya Sjøkrigsskole-stafetten til min militære karriere - ved sidan av sesjonen og tre Haakonsvern-løp...

No ja. Det var eit flott arrangement der ute på Gravdal-traktene, sjølv om det var unødvendig å skru på regn-dusjen nett ved løpsstart.

BFG Fana og Gular er duellantane i denne stafetten (som sikkert i eit par til utover våren): I fjor vann BFG det meste, i år var det Gular sin tur.

Men også dersom ein ser på tider, så er det eit lite tilbakesteg for BFG-laga:

Senior, damer
2011: 26:46
2012: 27:23 (37 sekund bak)
Vinnarane frå Gular sprang på 26:29

Junior, damer
2011: ikkje med
2012: 27:13

Senior, menn
2011: 21:32
2012: 21:53 (21 sekund bak)
Her står BFG framleis med løyperekorden etter gjenopptakinga av stafetten i fjor; årets vinnarlag, Gular, sprang i mål på 21:46.

Junior, menn
2011: 21:33
2012: 22:05 (32 sekund bak)
Vinnarlaget frå Gular, som kom først av alle i stafetten, sprang på 21:18.

Alle BFG-laga var likevel tett befolka med ungdommar. Juniorlaget til Gular for menn hadde nok ganske klart høgare snittalder enn BFG sitt. Og at junior-damene til BFG slo senior-damene, ja det fortel også om at sterke saker er på veg frå BFG Fana sin løpargjeng i tida som kjem.


... Også veteranane (menn) sprang noko saktare i år, men kan i alle fall skryta over at dei hadde den minste differensen frå fjorårstidene av BFG-laga (24:26 i år, mot 24:19 i fjor)...

Landskamp rundt Tveitevatnet

Tveitevannet Rundt- stafetten tirsdag viser at det ikkje er mange klubbane som stiller i stafettar for barn og unge for tida. No blir dette truleg betre alt komande onsdag, når Fristafetten går av stabelen, men faktum er at friidrettsmiljøet lokalt no synest å kretsa rundt ganske få klubbar av ein viss storleik. I tillegg kjem ein (god) del klubbar med mindre miljø.

I gamle dagar var det vanleg med landskampar også i friidrett - Sverige har framleis sin kamp mot Finland. Tveitevannet Rundt likna denne gongen meir ein slik landskamp, mellom Gneist og arrangørklubben Bergen Turn.

Gneist tok jente- og gutestafettane og Bergen Turn vann miks-stafetten. Det betyr at Gneist sine jente- og gutelag begge har vunne dei tre siste åra - gutane har vunne fire av dei fem siste:



Tveitevannet rundt

2008
2009
2010
2011
2012
J11-16
3
3
1
1
1
G11-16
1
2
1
1
1
Mix13-19
-
1
3
1
2

mandag 16. april 2012

PU-gjengen i full vigør



Første trening ute etter vinteren for Gneist Friidrett PU gjekk av stabelen i dag, mandag. Og det begynte bra; med gode løpsøkter, men litt over midtvegs - då me var i lengdegropa - kom vinteren tilbake med kald vind, snø og hagl - og alt samtidig.

No ja, me tok det med godt humør.

Treningane har sidan oppstarten i september i fjor stort sett gått føre seg på lørdagar, men no er både underteikna og, ikkje minst, ungdommane som er med temmeleg opptekne om helgene, slik at me har teke i bruk vekselvis mandagar og onsdagar som alternativ.

Planen er å få delteke på Gneist sin første sommarkarusell 4. juni.

Og til hausten planlegg me treningsleir til Strandebarm, ikkje minst etter å ha fått til saman 50.000 kroner i tilskot for 2012; 20.000 frå Bergen kommune og 30.000 frå Norges Friidrettsforbund.

lørdag 14. april 2012

Strandebarm!

Først i denne bloggen: tusen takk til mammo for kost og losji i vårt kvinnherske overnattingsdøger på veg til UM/NM i terrengløp i Strandebarm.

Mammo er god på kost og losji. Kvifor? Jo da, fem ungar og 11 barnebarn har no hjelpt på, men før det var det eit år på husmorskulen. Kor? Jo da, ganske rett i Strandebarm.

Husmorskulen er no blitt sportell og er eit slags sentrum i idrettsanslegget i bygda. Og denne helga går altså UM/NM i terrengløp der.

Lørdag var det individuelle konkurransar, med mange flotte resultat. Gjævast var det nok med to medaljar i Jenter 15, for Ingrid Næss Johansen (sølv) og Ingrid Helene Nyhus (bronse). I "Team Kristin Størmer Steira" (ho som er kjent for sine mange plassar rett utanfor pallen i langrenn, de veit) hamna ungdommane i baksetet i Caravelle'en - Ole Martin Røssland (G17) og Anna Serine Røssland (J15), medan Stian Øvergaard Aarvik (G15) debuterte i denne typen konkurranse, med ein 4. plass også han.

Gneist elles:
- 6. plass til Andreas Iden (G17)
- 8. plass til Jørgen Jensen Axelsen (Junior - G18/19)
- 15. plass til Stian Norheim (G16)

BFG elles:
- 5. plass til Pernille Thomassen (senior)
- 24. plass til Espen Roll Karlsen (senior)
- 30. plass til Jørgen Austvik (senior)
- 33. plass til Bjarte Eikanger (senior)

Strandebarm elles:
- 1. plass for eit framifrå arrangement: Fantastisk entusiasme, grundig førebuing og gjennomføring frå 60 funksjonærar (halve bygda?) og flagget til topps i heile området som om konfirmasjonstida alt var i gang.

torsdag 12. april 2012

Lys framtid

Det er ikkje til å legga skjul på det har vore litt bekymring over BFG Fanas breidde og nivå dei siste åra. Ja da, det har vore nokre toppar, men det har ikkje vore mange av dei.

Difor er det ekstra viktig å fokusera på at framtida er uvanleg lys i klubben!

Eg har sett på landsstatistikken, senior, ute i 2011 og inne i 2011/2012 og funne følgjande:

BFG har her til saman 52 utøvarar (frårekna utøvarar som i dag konkurrerer for annan klubb). Det er jo bra i seg sjølv, men viktigare i denne samanhengen: Dei aller fleste er berre ungdommar:


77 % av dei til saman 35 kvinnene (jentene) er 19 år eller yngre.

Og talet for menn (gutar) er forbausande likt: 76 %!

Og det er ganske mange tidleg i 20-åra av dei som ikkje er tenåringar også. (91 % av kvinnene er såleis 26 år eller yngre.)

Den yngste som finst på seniorstatistikken for kvinner er 12 år! (Silje Stenersen, Gneist), medan yngstemann for gutane er 13 (Eirik Leikvoll, Gneist).

Det alderstrinnet det er flest på for kvinner/jenter, er 17 år (8 utøvarar), medan det er 3 utøvarar som er 18 og 3 som er 19 år for menn/gutar.

Og tru ikkje at her er "listefyll": Dei aller fleste av desse ungdommane markerer seg sterkt i mange, mange øvingar.

Nedanfor finst heile oversikten. Den tar sitt utgangspunkt i utøvarane sin faktiske alder i dag - for det er framover me må sjå. (Og to av dei fyller like så godt høvesvis 16 år og 17 år nett i dag, 12. april, og begge heiter Vilde...)


Kvinner

41 år
2
30 år
1
26 år
1
24 år
2
22 år
1
20 år
1
19 år
1
18 år
1
17 år
8
16 år
5
15 år
6
14 år
4
13 år
1
12 år
1

Menn

39 år
1
32 år
1
25 år
1
20 år
1
19 år
3
18 år
3
17 år
2
16 år
2
15 år
2
13 år
1

Småstemne-start

Medan me ventar på terrengløp i Strandebarm til helga og stafett-sesong i halvannan veke, så kan me også registrera at småstemne-sesongen er i gang frå neste torsdag.

"Småstemna" er samlenemninga på karusellar, rulettar og seriestemne. Kjært barn har mange namn, men dei er først og fremst småstemne, der det blir plukka poeng til seriar og der utøvarar får god konkurransetrening fram mot større stemne.

Starten her lokalt skjer, så vidt eg har registrert, på Knarvik Stadion neste torsdag, 19. april. Dei yngste (opp til og med 14 år) kan der springa 60 meter og 200 meter, i tillegg til at dei kan hoppa lengde og kasta slegge og kule. Dei frå 15 år og oppover har tilbod om 100 meter, 200 meter, 1500 meter, lengde, slegge og kule.

Litt meir varsam start når det gjeld øvingar er ein utandørs på Leikvang, der Hovding arrangerer første "Hovdingrulett" mandag 23. april. Her kan ein springa 40 meter, 60 meter, 100 meter, 200 meter og 600 meter. I tillegg står lengde og kule på programmet.

Og etter kvart kjem ein også i gang på Osterøy, Askøy, Arna og på Fana Stadion (Norna-Salhus).

mandag 9. april 2012

Før UM/NM i terrengløp: gutane

Seniorklassen for menn er den største klassen under helgas NM/UM i terrengløp i Strandebarm. Det er 44 påmelde - og her er mange gode. Våre eigne utøvarar er Jørgen Austvik og Bjarte Eikanger, men dei kjem nok ikkje til å kjempa på øvste halvdel i det sterke feltet. Her er i alle fall fem sterke løparar å nemna mellom favorittane: Morten Velde (Haugesund), Henrik Ingebrigtsen (Sandnes), Hans-Kristian Fløystad (Tjalve), Johannes Alnes (Bækkelaget), Alem Adhanom (Tjalve) - utan at denne lista på nokon måte er uttømmande.

I klassen for Gutar 18/19 er deltakartalet på 18 (akkurat halvert frå i fjor). Fire av dei representerer lokale klubbar: Jørgen Jensen Axelsen og Magnus Pettersen Lunde frå Gneist og Anders Strømblad Hansen og Erlend Gjerdevik Sørtveit frå Fana. Her er det Jørgen Jensen Axelsen som vil vera kandidat til å kjempa mellom dei beste. Favoritt er Filip Ingebrigtsen frå Sandnes, med Erik Udø Pedersen (Holum) og Magnus Sirnes Hjellum (Haugesund) som andre sterke kort. Jørgen Jensen Axelsen er outsider til medaljekampen.

Dei ti gutane i Gutar 17 har også eit sterkt lokalt preg: Heile seks av dei ti er frå Hordaland, to av dei er frå Gneist; Andreas Iden og Ole Martin Røssland. Klar favoritt her er fjorårs-toar Kristian Tjørnhom frå Kvinesdal, med Vebjørn Ljones Karlsen (Skjalg) som outsider. Både Andreas og Ole Martin er medaljekandidatar, men både Stian Bekkevoll (Kristiansand; vinnar i lang løype i Trondheim i fjor) og duoen Jørgen Tvedt og Thomas Ryngøye frå Norna-Salhus må reknast med.

I Gutar 16 er det nokre fleire, nemleg 13 deltakarar. Vårt lokale håp her er Stian Norheim frå Gneist. Her er det fire sterke namn på førehand: Markus Harbo (Skjalg), Jonas Gjesdal (Varegg), Mathias Berntzen Engevik (Nittedal) og Gustav Iden (Norna-Salhus). Stian Norheim er rangert som nr. 9 på førehand, tett bak mellompulja i feltet.

søndag 8. april 2012

Før UM/NM i terrengløp: jentene

Dei to klassane for jenter/kvinner med lokal deltaking er, som dei fleste andre klassane i Strandebarm komande helg, sparsame med omsyn til deltaking.

I seniorklassen for kvinner er det 10 deltakarar. Her er ikkje nedgangen (frå 14) så stor frå i fjor, men av dei 14 som var med i fjor, er det berre to som også stiller i Strandebarm. Det er særs overraskande. Dei to er fjorårs-toaren Ingeborg Kristine Lind frå Gular og veteranen frå Skjalg, med røter i Kvinnherad, Vigdis Bringedal Holst (4 i fjor). I 2011 var det BFG som sikra gullet i seniorklassen, ved Kirsten Marathon Melkevik, men Melkevik - også ho med røter i Kvinnherad, naturlegvis - representerer no Gular og er heller ikkje på startstreken i Strandebarm. Dermed er det Pernille Thomassen som er BFG-representanten i dette feltet. Ho er kapabel til å kjempa tett på medalje, medan nemnde Ingeborg Lind frå Gular og Hilde Aasheim frå Osterøy er favorittane.

Det vil - som i seniorklassen for kvinner, altså - i fleire klassar minna meir om eit kretsmeisterskap for Hordaland dette NM/UM-et i terrengløp, kort løype. Det er i alle fall tilfelle i den andre jenteklassen med lokal representasjon, nemleg jenter 15. Her er det berre fem deltakarar, alle er frå Hordaland og tre av dei fem er frå IL Gneist!

Favoritt i klassen må likevel bli Varegg-kometen Christina Ellefsen Hopland. Ho er mest kjent frå vinterens karusell frå Fana Stadion, der ho presterte følgjande serie på 5km: 20:37 - 20:07 - 19:43 - 19:39 - 19:46 - 19:11 - 19:05. Prestasjonen er særs imponerande. Me er naturlegvis usikre på korleis ho målar seg mot habile løparar frå Gneist på ein 2km, som løpet i Strandebarm er på. Her har vinteren vist at det er rimeleg å rangera jentene slik: Ingrid Helene Nyhus, Ingrid Næss Johansen, Anna Serine Røssland. Femte jente i klassen er Guro Fjose frå Voss.

Jakt på nye rekordar

Martine Eikemo Borge (22) er BFG Fana sin største baneprofil på seniornivå. Ho spring stort sett om natta, for tida, sidan ho held til, studerer og spring i USA (Arkansas). Ho har hatt ein serie særs gode resultat i innesesongen "over there" og er no i gang også utomhus.

Påskeafta sprang ho 800 meter i Palo Alto, California. Det gjorde ho på 2:07,76 - som er ny personleg rekord utandørs. Resultatet var elles nok til ein 13. plass i eit svært sterkt selskap; heile 75 utøvarar stilte på distansen.

Me noterer oss at klubbrekorden på distansen i BFG Fana tilhøyrer Utviklingsansvarleg i Norges Friidrettsforbund, Veslemøy Hausken, og er på 2:05:64 - heilt klart innan rekkevidde for Martine i 2012.

lørdag 7. april 2012

Nedtur i Strandebarm

Strandebarm, kor og kva er no det?

Jo, det ligg i Kvam herad (det heiter "herad" og ikkje "kommune" i dei traktene) og er ei svært så ven bygd ved Hardangerfjorden.

I denne bygda har ein også eit uhyre entusiastisk friidrettsmiljø, som har klart å spa fram eit vakkert friidrettsanlegg, med fjord i nær bakgrunn og fonn i litt lengre bakgrunnsperspektiv.

Helga etter påske har eldsjelene i Strandebarm teke på seg NM/UM i terrengløp, kort løype. Det står det respekt av - det er ikkje mange år sidan dei skipa til NM/UM i banestafettar.

Men no, når påmeldingsfristen til terrengløpsmeisterskapet er ute, så viser det seg at svært mange der ute i landet ikkje klarer å finna vegen til vene Strandebarm: Det er ein slåande stor nedgang i talet på påmelde. Ja, i J17, til dømes, er det så gale at deltakartalet er nede i 2! (Rettnok er begge to av svært god kvalitet, men det er eit anna poeng.) Nedgangen i prosent i klassen er på heile 75 prosent!

Nedgangen er stor over heile linja, som oversikten nedanfor viser. Minst er den i seniorklassen. Det kan gjerne ha å gjera med at seniorane også har stafett-meisterskap søndagen. Ein idé ville truleg vore å skipa til junior-stafett 15-19 år også søndagen, for å gjera tiltaket med å reisa på tur mindre for fleire. Kven veit...

Vermeldingane er gode, bygda er fin, arrangøren er dugande. Her er det mange som bør angra seg.

Vurderingar av våre lokale heltar sine sjansar kjem, men her er altså oversikten over påmelde:


PÅMELDE, NM/UM TERRENGLØP (kort løype)

2011
2012
Endring
i %
J15
15
5
-10
- 66 %
J16
15
7
-8
- 53 %
J17
8
2
-6
- 75 %
J18/19
14
6
-8
 - 57 %
KS
14
10
-4
- 28 %





G15
18
8
-10
- 55 %
G16
20
13
-7
- 35 %
G17
21
10
-11
- 52 %
G18/19
36
18
-18
- 50 %
MS
65
44
-21
- 32 %

mandag 2. april 2012

Stolte tradisjonar

I invitasjonen til å delta i årets stafett-sesong les eg frå IL Gneist at det er "stolte tradisjonar" å ta vare på. Det stemmer sikkert, men kor stolte er dei meir eksakt?

Stafett-sesongen lokalt startar med Tveitevannet Rundt tirsdag 17. april (Tveitevatnet er der eg trilla barnevogner rundt og rundt i andre halvdel av 90-talet), held fram med Sjøkrigsskolestafetten to dagar seinare, 19. april, før Fristafetten står for døra 25. april og det heile blir avslutta med Ask-stafetten 1. mai.

Oversikten nedanfor omfattar bestelaga til Gneist og til BFG Fana (junior- og senior) i desse stafettane sidan 2008.

Korte kommentarar:


Fri-stafetten: Her kulminerte Gneist sin dominans i 2011, med siger i alle fire hovud-klassar. I tre av klassane har det dessutan blitt siger alle dei tre siste åra, så her har verkeleg Gneist dominert. For BFG har det gått litt opp og ned, men mest det siste etter siger i alle stafettar for junior og senior i 2008.

Tveitevannet Rundt: Dette er ein rein barne- og ungdomsstafett og her er, som ein ser, klasseinndelinga noko annleis enn i Fri sin ute på Espeland. Her har Gneist-dominansen vore eit lite hakk mindre sterk enn i Fristafetten, men dei siste to åra har det vore gjort så godt som reint bord i dei tre klassane.

Sjøkrigsskolestafetten: Denne stafetten gjorde come back i 2011 - og med solid BFG-dominans.

Ask-stafetten: Det har gått opp og ned også her for dei ulike BFG-laga, med unntak av kvinner senior-laget som har vunne alle dei fire siste åra.



Fristafetten

2008
2009
2010
2011
J11-14
2
1
1
1
G11-14
2
1
1
1
Mix 11-17
5
-
3
1
Mix 11-14
1
1
1
1





KJ
1
1
4
3
KS
1
2
2
-
MJ
1
1
4
3
MS-B
1
2
2
2


Tveitevannet rundt

2008
2009
2010
2011
J11-16
3
3
1
1
G11-16
1
2
1
1
Mix 13-19
-
1
3
1


Sjøkrigsskolestafetten

2008
2009
2010
2011
KS



1
MS



1
MJ



1


Ask-stafetten

2008
2009
2010
2011
KJ
1
2
-
3
KS
1
1
1
1
MJ
1
3
2
2
MS-B
2
3
4
1