onsdag 30. mai 2012

Før Framo...

Då er det klart at Framolekene blir arrangert på Fana Stadion frå i morgon, torsdag, til og med søndag. Leikane vil neppe gå "som normalt", men me får håpa at utøvarane merkar minst muleg til at mannskapet er i streik.

Gneist har 256 startar til saman - så her blir det mykje arbeid for statistikaren, men det blir gledeleg arbeid, naturlegvis.

Her er dei som er ti år eller eldre:

J10
Amalie Ellingsen Nyheim, 60m, 600m
Pernille Espetvedt Wollersen, 40m, 60m, kule, lengde

J11
Sara Tyssebotn Berg, 60m, 600m, kule, lengde, tresteg
Malin Henrii, 60m, lengde
Pia Hovland, 40m, 60m, lengde

J12
Sanne Lillevik Christensen, 60m, lengde, tresteg
Anna Evensen, 40m, 60m, 60m hekk, lengde, tresteg
Charlotte Harris, 40m, 60m, kule, lengde, tresteg
Silje Stenersen, 1500m (J13), 800m (J13)

J13
Michelle Floor Heggeland, 100m, 200m, 60m, 600m, lengde
Nora Øvergaard Aarvik, 100m, 800m, høgde

J14
Maria Josefine Berg, 60m, 600m, 800m, lengde
Cathrine Harris, 100m, 60m, 60m hekk, kule, lengde, spyd, tresteg
Renate Lie, 1500m hinder, 200m, 600m
Maren Haugen Lillefosse, 100m, 200m, 60m, 60m hekk, 600m, lengde
Gina Milde, 100m, 200m

J15
Ingrid Næss Johansen, 1500m, 2000m, 800m
Ingrid Helene Nyhus, 2000m
Anna Serine Røssland, 1500m hinder, 2000m

J16
Monika Benserud, 100m, 200m, 60m, 80m hekk, lengde, tresteg
Vilde Lund Bjørnsen, 100m, 200m, 300m hekk

J17
Marianne Benserud, 100m, stav
Tina Therese Jenssen, 60m, lengde, stav, tresteg
Vilde Omholt, 800m
Maren Risøen, 100m, 200m, lengde

G10
Erlend Borsholm, 40m, 60m, 60m hekk, lengde

G11
Hans-Magnus Haukøy, 60m, 60m hekk, 600m, lengde, spyd, tresteg
Pål Haugen Lillefosse, 40m, 60m, 60m hekk, 600m, høgde, kule, lengde, stav, tresteg
Håvard Rinde, 40m, 60m, 60m hekk, høgde, kule, lengde, spyd, tresteg

G12
Espen Bjørndal, 60m, 60m hekk, høgde, lengde
Thomas Blücher, 40m, 60m, 600m
Tobias Damm, 60m, lengde, spyd
Torbjørn Knag, 40m, 60m, høgde, lengde
André Jensen Ryland, 60m, 600m, lengde, spyd, tresteg
Gjert Høie Sjursen, 40m, 60m, diskos, kule, lengde, slegge, spyd

G13
Kristoffer Blücher, 200m, 60m, 60m hekk, 600m, kule, tresteg
Herman Hovland, 100m, 200m, 60m, 600m, lengde
Kristian Schjønningsen, 200m, 60m, 60m hekk, 600m, kule, lengde, tresteg

G14
Trym Andresen, 100m, 200m, 60m, 600m, 800m, høgde, lengde
Henrik Irgens Gravdal, 100m (G15), 1500m (G15), 800m (G15)
Eirik Leikvoll, 100m, 60m, høgde, lengde, stav
Sondre Rinde, 100m, 200m, 60m, 80m hekk, kule, lengde, tresteg

G15
Ivan Berstad, 100m, 200m, 60m
Mats Bjørndal, 60m, lengde
Emil Engelsen Holm, 100m, 200m, 300m hekk, 60m, lengde
Stian Øvergaard Aarvik, 1500m hinder, 2000m, 800m
Jens Larsen Åstveit, 1500m, 200m, 2000m, 800m

G16
Magnus Leikvoll, 100m, 60m, høgde, kule, stav
Aleksander Lie, 1500m hinder, 300m hekk, 400m
Stian Norheim, 1500m hinder, 3000m, 800m
Håvard Våge Opheim, 100m, 60m, høgde, stav
Amund Høie Sjursen, 100m, 60m, høgde, lengde, tresteg

G17
Anders Bjørndal, 1500m, 800m
Andreas Iden, 1500m, 3000m
Eirik H. Karstad, 400m, 800m
Ole Martin Røssland, 1500m, 3000m

G18/19
Jørgen Jensen Axelsen, 1500m, 3000m, 800m
Magnus Pettersen Lunde, 1500m, 3000m

tirsdag 29. mai 2012

Ingen streik i treninga

Fana Stadion er ikkje i streik, ein stadion kan ikkje gå til streik. Det er arbeidstakarar knytt til Fana Stadion som er i streik frå og med i dag, tirsdag 29. mai.

Det er fullt muleg og lovleg - innanfor streikeveldets rammer (eg er sjølv i konflikt, visstnok) - å nytta Fana Stadion til å springa intervallar på eller runde eller runde på, om ein det vil. Ingen problem. Garderobar og toalett er stengde, naturleg nok, og ein kan ikkje finna seg hekkar eller anna utstyr, men elles er det berre å trena!

mandag 28. mai 2012

Stafett-supplement

Fire temmeleg unge Gneist-gutar sprang 1000 meter stafett i Haugesund lørdag. "Temmeleg unge" kan ein kalla dei fordi dei sprang i 15/16-klassen, men eldstemann var 14 år og ti månader - Emil Engelsen Holm... Dei tre andre var Kristoffer Blücher (G13), Sondre Rinde (G14) og Henrik Irgens Gravdal (G14).

Tida til dei fire var likevel ikkje dårleg; 2:17,03. Her kan me forventa ganske sterke saker når dei faktisk kan konkurrera med rett alder i øvinga.

No er det ikkje heilt enkelt å plassera denne i statistikk- og rekordsamanheng: Vanlegvis blir eit lag med berre 15-åringar plassert i G15, sjølv om dei spring i G15/16 (som her), men her er det altså G13, G14, G14 og G15 i G15/16...

No ja, for å gjera det enkelt har eg halde meg til at laget sprang i G15/16, ganske enkelt fordi denne firarbanden sprang fortare enn laget som sprang 1000 meter stafett i UM i Fredrikstad i haust (tre 15- åringar og éin 16-åring var det som sprang då). Dei sprang då på 2:18,07.

Uansett plassering er det ny klubbrekord på Emil, Kristoffer, Sondre og Henrik, men sidan dei slo dei vaksnare ungdommane si tid, så blir rekorden plassert i G16.

Monika på Lillestrøm

Monika Benserud (J16) var einsleg lokal svale under Romerikslekene på Lillestrøm/Skedsmo i helga. Meir presist var det lørdag at Monika var i elden i lengde og på 100 meter.

I lengde målte lengste svevet til Monika heile 5,60 - i 1,2 sekundmeter medvind. Ho hadde også ein fin serie på 5,47 og 5,42, så dette var solide saker. Bestehoppet til Monika i fjor var, til samanlikning, på 5,38. Og 5,60 er verdt 1027 tyrvingpoeng - og dermed er dette beste hopp-prestasjonen i Gneist i 2012.

Alt 5,38 frå i fjor er under senior-NM- kravet. Det same er prestasjonen til Monika på 100 meter: Ho blei nr. 2 i finalen på 12,68, etter å ha sprunge på 12,81 i forsøket. Finaleresultatet blei oppnådd med heile 2,8 sekundmeter motvind. Monika har 12,56 frå i fjor som pers.

Klubbrekordane i J16 i Gneist i desse øvingane er det venninnene Kjersti Ristesund (Bjørndal) og Gerd Lise Nybråt som har. Prestasjonane deira er gode, men ikkje avskrekkande for dei noverande toppane i klassen: 12,35 100 meter og 5,95 i lengde.

Sommar i Haugesund (2. bolken)

Langtidsvarselet seier ti grader og regn litt uti juni. For dei som trudde at sommaren var her, så kan det vera at den var her - og reiste igjen. Me får nett sjå. 

Gneist-utøvarane likar all slags ver; eg hugsar rekordraset under Fanalekene i haustleg ver i september i fjor - og det blei altså rekordras også under fullt sommarver i Haugesund i helga.

Her er søndagsoversikten:

Pål Haugen Lillefosse (G11) er kalla multitalent, men framfor noko er det som spenstfenomen at Pål har framstått gjennom vinteren og våren - i stav og i høgde. Søndag blei det uhyre sterke 1,45 i høgde. Det gir for det første 1049 tyrvingpoeng, men det slettar også ein gammal klubbrekord: Den var delt mellom to: Torstein Onarheim hoppa 1,38 i 1985 (27 år sidan) og Sigve Stenersen gjorde det same som 11-åring i 1981 (31 år sidan), så det er nok rett å seia at Pål knuste rekorden! Han sprang elles uhyre jamt og kom i mål på 1:51,69 på 600 meter (826 poeng).

Sigve mista ein annan klubbrekord også søndag. Det skjedde då Henrik Irgens Gravdal (G14) gjorde eit nytt fantomløp, denne gongen på 1500 meter. 4:21,88 gir 1042 tyrvingpoeng og er tre tidelar betre enn Sigve si tid frå 1984 (4:22,1).

Kristoffer Blücher (G13) pynta på eigen klubbrekord på 200 meter, då han kom i mål på 25,66, det er to hundredelar betre enn sist (1028 poeng).

Renate Lie og Maren Haugen Lillefosse (J14) presterte solid på 200 meter: Renate fekk 27,15 (996 poeng) og Maren 27,43 (974 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J13) tangerte det strålande resultatet sitt frå innesesongen, då ho vann høgde på 1,50 (985 poeng).

Broder Stian Øvergaard Aarvik (G15) slo til med eit gnistrande 1500 meter-løp. Han kom i mål på tida 4:24,63 (967 poeng).

Sondre Rinde (G14) fekk seg ein ledig klubbrekord, då han sprang 100 meter hekk (91,4cm) på 15,72 i G15-klassen. 

Anders Bjørndal (G17) debuterte med bravur på 3000 meter. 9:40,30 gir heile 891 poeng - som er tyrvingpoeng-rekord for Anders.

To gode 1500 meter-løp blei det på J15-jentene: Ingrid Næss Johansen oppnådde 5:06,25 (878 poeng) og Anna Serine Røssland fekk 5:08,28 (866 poeng). Begge persa med om lag like mykje.

Anna Evensen (J12) sprang 200 meter på 30,52 (842 poeng).

Maren Risøen (J17) hadde 4,74 i lengde alt som 13-åring i 2008. Søndag blei det 4,73 i Haugesund (827 poeng).

Marianne Benserud (J17) kom i mål på 13,69 på 100 meter, som er 1/100 betre enn tidlegare (825 poeng).

Sommar i Haugesund (1. bolken)

Ei fantastisk pinsehelg i Haugesund er over. Overveldande var veret og overveldande var resultata. Så overveldande var det at me må dela det heile opp, dag for dag, sjølv om eg sit her 2. pinsedag og har lete bloggen kvila seg gjennom pinsen - fram til no.

Her er rapport frå lørdag:

Henrik Rodal Irgens Gravdal (G14) sprang ein fantastisk 800 meter, der han - i G15 - blei klokka inn på 2:05,25. Det gir heile 1067 tyvingpoeng, er beste løpsprestasjonen for gutar i Gneist i år og er ny klubbrekord med to sekund (Andreas Iden hadde den gamle på 2:07,23 frå 2009). Henrik var heilt lik med olympiameisteren på distansen, Vebjørn Rodal, som 13-åring, no er han alt fleire tidelar framfor!

Motstykket på jentesida er Renate Lie. Ho passerte endeleg 1000 poengs-grensa på 800 meter, då ho vann eit godt J14-heat på 2:20,88 (1001 poeng).

Kristoffer Blücher (G13) herjar vidare. På 60 meter blei det 7,96 (1010 poeng). Eg minnar om Fredrik Nesslin sin 11 år gamle klubbrekord på 7,92. Klubbrekord blei det i staden på Kristoffer i lengde. Her blei det 5,10, som er 1 centimeter lengre enn Sondre Rinde hadde i fjorårssesongen (Kristoffer har endå lengre frå innesesongen). Hoppet gav elles 950 tyrvingpoeng.

Pål Haugen Lillefosse (G11) er midt inne i ein kanonsesong. Han fekk 8,77 på 60 meter (1008 poeng). Han sprang 10,4 på 60m hekk (980 poeng)

Anna Evensen (J12) er eit definitivt hekketalent. Og med manuelle 10,3 - i god motvind - blei det 1000 blanke tyrvingpoeng. På 60 meter blei det 8,90 (905 poeng).

Maren Haugen Lillefosse (J14) fekk til 9,6 på 60 meter hekk (981 poeng) og kom seg heilt ned til 8,41 i finalen på 60 meter (956 poeng).

Sondre Rinde (G14) fekk seg ein manuell klubbrekord (også) på 80 meter hekk, då han sprang på 11,6 (1035 poeng). Han sprang dessutan 7,98 på 60 meter (937 poeng).

Silje Stenersen (J12) persa solid på 600 meter, då ho vann på 1:46,90 (954 poeng).

Håvard Rinde (G11) oppnådde 11,2 på 60 meter hekk (860 poeng).

Aleksander Lie (G16) var deltakar i eit 800 meter-heat som sprang etter "Slapp reagge" i starten og dermed blei det aldri muleg med topptider. 2:07,88 er likevel sesongbeste (858 poeng).

Thomas Blücher (G12) sprang 60 meter på 9,04 (827 poeng).

fredag 25. mai 2012

Framo i fare

Det er streik. Frå tirsdag over pinse er det lagt opp til at streiken blir monaleg utvida. Då blir mellom anna idrettsanlegga i Bergen kommune tekne ut i streik - mellom dei Fana Stadion.

Det igjen inneber i utgangspunktet at dersom streiken varer til torsdag i neste veke, så blir det ikkje Framolekene i år.

Arrangøren, Norna-Salhus, vil søka om dispensasjon, men korleis ein slik søknad vil bli sett på, er temmeleg uklart i skrivande stund.

Framolekene er tidlegare blitt arrangert trass i streik, men Fana Stadion fekk då dispensasjon på grunn av eit endå større arrangement ikkje lenge etter; Europacupen for landslag.

Me får følgja med - om me har skuleungar som driv og ferierer for harde livet fleire veker for tidleg eller (også) om me er spente på om idrettsungdommane får vera med på eitt av dei store måla for sesongen.

Senior-markeringar (mai-utgåva)

Då er det på tide å - med BFG-auge - sjå på lokale markeringar også i senior-statistikken. På Bislett i går, under Hyundai Grand Prix - kom det ein god del nye seniorresultat til, mellom anna Kristian Blummenfelt sin 3000 meter på 8:40,08 (pers) og Anne Skudal Dolvik sin 400 meter på 57,20. Desse kjem med i neste oversikt.

Her er dei som ligg inne pr. 25. mai:

Kvinner
100m
6. Monika Benserud 12,87

200m
7. Vilde Lund Bjørnsen 26,19
8. Monika Benserud 26,24

400m
1. Martine Eikemo Borge 54,05

600m
1. Renate Lie 1:38,23
3. Elina Drivenes 1:40,26

800m
1. Martine Eikemo Borge 2:06,54

1500m
5. Ingrid Næss Johansen 5:06,63

3000m
2. Ingrid Helene Nyhus 10:46,03
3. Ingrid Næss Johansen 11:12,83

Kule
11. Birgit Attestog 9,56

Menn
10000m
2. Ole Martin Røssland 33:06,61
3. Andreas Iden 33:24,10

torsdag 24. mai 2012

På topp i Norge (maiutgåva, 2012), gutar

Då er dei minste i streik, og så arbeidsvilllige er me vel ikkje me andre heller i sydenvarmen. Her kjem uansett den første ute-oversikten over lokale utøvarar som markerer seg (topp 20) på landsstatistikken:

G13
ingen offisielle oversikter enno, men Kristoffer Blücher markerer seg på topp alt tidleg.


G14
ingen offisielle oversikter enno, men her er Gneist i røynda også representert i toppen i fleire øvingar og av fleire utøvarar (Henrik Irgens Gravdal, Eirik Leikvoll, Sondre Rinde).


G15
1. Henrik Almenningen, FANA, tresteg
2. Emil Engelsen Holm, 200m
3. Henrik Almenningen, FANA, spyd
3. Kristian W. Jensen, FANA, kule
3. Emil Engelsen Holm, 100m
3. Stian Øvergaard Aarvik, 1500m
4. Jakop Kjellstad, FANA, spyd

G16
1. Stian Norheim, 10000m
1. Amund Høie Sjursen, lengde
1. Amund Høie Sjursen, tresteg
2. Aleksander Lie, 200m
2. Aleksander Lie, 1500m
3. Aleksander Lie, 600m
3. Amund Høie Sjursen, 100m
3. Magnus Leikvoll, kule
4. Magnus Leikvoll, høgde
4. Magnus Leikvoll, stav
5. Aleksander Lie, 800m
8. Håvard Våge Opheim, høgde

G17
1. Andreas Iden, 1500m
1. Ole Martin Røssland, 10000m
2. Ole Martin Røssland, 1500m
2. Andreas Iden, 10000m
3. Andreas Iden, 800m

G18/19
3. Erlend Gjerdevik Sørtveit, FANA, 600m
3. Thomas Langhelle Trefall, FANA, høgde
4. Erlend Gjerdevik Sørtveit, FANA, 800m
4. Anders Strømblad Hansen, FANA, 600m
4. Jørgen Jensen Axelsen, 1500m
5. Håvard Kristiansen, FANA, lengde
6. Håvard Kristiansen, FANA, 200m
6. Erlend Gjerdevik Sørtveit, FANA, 1500m
6. Jens Martin Bolstad, FANA, lengde
8. Anders Strømblad Hansen, FANA, 1500m
19. Håvard Kristiansen, FANA, 100m
20. Jens Martin Bolstad, FANA, 100m

onsdag 23. mai 2012

På topp i Norge (maiutgåva, 2012), jenter

Grunnlaget for oss statistikarar er etter måten tynt enno. Dei verkeleg store stemna startar først no i månadsskiftet mai/juni, men nedanfor er uansett dei av våre lokale heltar som så langt markerer seg på landsstatistikken utandørs. (For 15/19 inkluderer oversikten utøvarar frå alle moderklubbane til BFG også.)

J13
5. Michelle Floor Heggeland, 60m
6. Michelle Floor Heggeland, 100m
7. Michelle Floor Heggeland, 200m

J14
1. Cathrine Harris, 80m
1. Cathrine Harris, tresteg
1. Renate Lie, 600m
1. Renate Lie, 800m
2. Renate Lie, 200m
3. Maren Haugen Lillefosse, 100m
3. Maren Hauge Lillefosse, lengde
6. Cathrine Harris, lengde

J15
1. Elina Drivenes, Fana, 600m
1. Ingrid Helene Nyhus, 3000m
1. Ingrid Næss Johansen, 1500m
2. Thyra Hevrøy, Fana, 1500m
2. Ingrid Næss Johansen, 3000m
3. Elina Drivenes, Fana, 200m
3. Anna Serine Røssland, 3000m
6. Ingrid Næss Johansen, 600m

J16
1. Monika Benserud, 60m
1. Monika Benserud, 80m
1. Monika Benserud, 100m
1. Vilde Lund Bjørnsen, 200m
2. Vilde Lund Bjørnsen, 80m
2. Monika Benserud, stav
3. Elin Marie Gjeraker, Bjarg, 80m
3. Monika Benserud, 200m

J17
2. Marianne Benserud, stav
2. Sara Berrefjord, Bjarg, 200m

J18/19
5. Birgit Attestog, Fana, kule

tirsdag 22. mai 2012

Før Mailekene

Rett over midten i mai og alt full sommar...

Mailekene i Haugesund er ei flott oppfinning, når dei i tillegg er plassert i pinsehelga og dessutan ser ut til å bli forsynt med eit nydeleg ver, ja då kan det knapt bli betre.

I 2008 var familien Lie Gneist sine representantar under Mailekene, i 2009 blei det selskap av familien Røssland og kan henda ein slengar til. No er tydelegvis den glade bodskapen nådd fram i Gneist-miljøet: heile 70 startar lørdag og søndag - fordelt på 22 utøvarar - er i dei blå Gneist-fargane.

Jonas Tyssebotn Berg og Vegard Rinde representerer rekruttane, her er dei andre som er påmeldt frå Gneist:

J12
Anna Evensen, lengde, 200m, kule, 60m, 60m hekk
Silje Stenersen, lengde, 200m, 600m, 60m

J14
Maria Josefine Berg, 60m, 200m, 800m, lengde
Renate Lie, 800m, 200m
Maren Haugen Lillefosse, 60m, 200m, kule, lengde, 60m hekk

J15
Ingrid Næss Johansen, 800m, 1500m
Anna Serine Røssland, 800m, 1500m

J17
Marianne Benserud, 200m, 100m
Maren Risøen, 200m, 100m, lengde

G11
Pål Haugen Lillefosse, 60m, 60m hekk, lengde, høgde, 600m, kule
Håvard Rinde, 60m, 60m hekk, lengde, 600m, kule

G12
Thomas Blücher, 200m, 60m, 600m

G13
Kristoffer Blücher, kule, lengde, 60m, 200m, 600m

G14
Henrik Irgens Gravdal, 1500m, 800m
Sondre Rinde, 200m, 60m, 80m hekk, kule, 100m hekk (G15)

G15
Emil Engelsen Holm, lengde, 100m, 200m

G16
Aleksander Lie, 100m, 800m

G17
Anders Bjørndal, 3000m, 800m
Andreas Iden, 3000m, 800m
Ole Martin Røssland, 3000m, 800m

mandag 21. mai 2012

AKS oppsummert

Sommaren er komen og for oss kom den til Knarvik først, for det var der me var på friidrettstur då varmen verkeleg kom. Og me presterte å bli solbrente på den smålåtne tribunen på Knarvik stadion.

AKS-leikane og Hovdingleikane er kvar for seg små stemne, som går over éin dag kvar. Likevel har dei lagt beslag på kvar sine helger. Dette må det vera ein god idé å sjå nøgnare på for dei som styrer med terminlistene.

Og attpå til måtte AKS-leikane konkurrera med Åsaneløp og mykje anna.

Så her var ikkje all verda med deltakarar, særleg ikkje mellom dei eldste.

Amund Høie Sjursen (G16) stod for, på eit vis, beste Gneist-prestasjonen mellom gutane søndag, då han sprang 100 meter heilt ned på 11,54 - godt under pers, men det var nokre vindblaff, spesielt tidleg under stemnet, og Amund blei offer for eit slikt - på 4,4 sekundmeter i pluss.

Gjert Høie Sjursen (G12) betra seg ytterlegare i kule, denne gongen til 10,33 (941 tyrvingpoeng).

Sondre Rinde (G14) sprang inn på 8,07 på 60 meter, som er sesongbeste under godkjende vindforhold (913 poeng).

Sesongbeste blei det også på broder Håvard i lengde. Han hoppa 3,64m (818 poeng).

Og så er alt Silje Stenersen (J12) sin 800 meter alt nemnt, på 2:29,95. Denne gir ingen tyrvingpoeng, sidan 800 meter først blir offisiell øving for Silje som 14-åring - forstå det den som kan.

søndag 20. mai 2012

Imponerande (2. bolken: hopp)

Så er stavhopparane også i gang igjen. Dei var jo ivrige i inne-sesongen og mange utøvarar har årsbeste derifrå, men sesongbeste blei det på fleire på Fana Stadion søndag.

Års- og sesongbeste og klubbrekord og bestenotering i landet og sikkert meir til, det blei det på Pål Haugen Lillefosse, som kom seg heilt over 2,92. Dermed skalla han også i taket av Tyrving-tabellen og passerte 1105 poeng! Fabelaktig!

Sesongbeste - altså utomhus i 2012 - blei det elles på Marianne Benserud (J17) med 3,12 (968 poeng), Eirik Leikvoll (G14) med 2,82 (867 poeng) og Magnus Leikvoll (G16) med 2,82 også han (580 poeng).

Imponerande (I. bolken: løp)

Stafett-NM/UM blei avslutta på Jessheim søndag med tre nye BFG-medaljar: sølv på 4 x 100 meter i 15/16-klassen, med Målfrid Pettersen Lunde, Elina Drivenes, Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen på laget, bronse på 4 x 100 meter for kvinner senior, med Vilde Lund Bjørnsen, Monika Benserud, Anne Skudal Dolvik og Iren Vevatne Isaksen og bronse på 4 x 1500 meter for menn junior, med Jørgen Jensen Axelsen, Andreas Iden, Erlend Gjerdevik Sørtveit og Aleksander Lie.

Medaljefangsten var imponerande i seg sjølv (i tillegg til medaljane blei det altså ein 4. plass til 4 x 800 meter-laget for kvinner junior), det var også gode tider for både lag og på enkelt-etappar. (Til dømes hadde bronselaget for kvinner ei tid på 47,88, berre halvsekundet bak vinnartida til BFG i fjor - som også er lik med klubbrekorden).

Aller mest er det viktig å understreka at det så godt som over heile linja var unge lag som stilte på startstreken, at det er mange som vil kjempa om stafett-plassar ved dei neste korsvegane (til dømes i Sandnes i 2013) og at BFG-framtida er særs lys.

Dette kan understrekast med at 12-åringen Silje Stenersen i ettermiddag sneik seg under 2.30-grensa på 800 meter under AKS-leikane i Knarvik: 2:29,95 er den nye persen på. Det er berre litt over to sekund bak May Britt Torkildsen sin 32 år gamle klubbrekord (2:27,1), så dette var det sus over. Og rundetidene: 78 - 71...

BFG-framtida er altså særs lys.

lørdag 19. mai 2012

Noko å byggja på

BFG Fana har ikkje hatt tradisjon for å stilla lag på den lengste banestafett-distansen for kvinner. Det blir det ein brå slutt på. For frå og med i dag er ordninga innført at BFG også har lag på 4 x 800 meter.

Pioner-jentene tok ein sterk 4. plass i debuten. Tyrving sitt sterke lag vann, framfor Orion og Lillehammer. BFG kneip så 4. plassen, like framfor 2. laget til Tyrving.

Tida til dei fire BFG-jentene blei 10:01,00. (Klubbrekorden i U20 i BFG er så sterk som 9:33, noko som hadde gitt gull i dagens meisterskap, så heilt blotta for tradisjonar er då ikkje klubben...)

Og altså; det var fire førsteårsjuniorar som stilte for 15-19- laget: Målfrid Pettersen Lunde (Fana), Ingrid Næss Johansen (Gneist), Ingrid Helene Nyhus (Gneist) og Elina Drivenes (Fana).

Og no skal eg ikkje påstå at eg kjenner fødselsdatoane på absolutt alle som deltok på dei ulike laga, men eg gjer det nesten og i alle fall såpass at eg vågar slå fast at BFG-laget var det (klart) yngste på startstreken i dag.


Sølv for juniorjentene

Då er 4 x 100-jentene i gang med sin NM(UM)-føljetong på Jessheim. Først ute, i dag - lørdag, har junior (U20)-laget vore.

Laget vann forsøksheatet sitt ganske greitt, med 48,91, berre 11/100 bak lagets vinnartid frå i fjor (som også er identisk med klubbrekorden for U20 i BFG), men vinnarlaget i det andre heatet, Kristiansand, var tett på, med 49,00.

Og i finalen var det nettopp Kristiansand som blei for sterke: 48,61 mot 49,04 for BFG-laget. Sølvet var, på den andre sida, aldri truga. Det var nesten sekundet ned til Tyrving på bronseplass.

Dei fire sølvjentene var Elise Mikkelsen, Sara Berrefjord, Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen.

fredag 18. mai 2012

Oppsamling - korrigert

Håvard Rinde sprang ein god 200m hekk på Nygårdsmyren 16. mai, men etter å ha lekt detektiv i vår nære historie, så er det likevel ikkje klubbrekord.

Aleksander Lie har stått med 36,23 på distansen i G11 frå 2007. Han har også stått med 76,2cm-hekkar i klubbrekord-oversikten. Det er det lite truleg at han hadde i sitt løp frå Fana Stadion 10. oktober 2007.

Difor, inntil nokon kjem triumferande med andre bevis i saka, så blir Aleksander sin G11-klubbrekord på 200 meter hekk med dette retta til å gjelda 68cm-hekkar. Tida på 36,23 blei elles oppnådd i 0,6 sekundmeter medvind.

Så då skulle me ha det...

Oppsamlingsheat

Då har endeleg dei offisielle resultatlistene frå stemna til Gular (15. mai) og Laksevåg (16. mai) nådd denne bloggen.

Det siste først: Då er ein altså i komen i gang med konkurransar og seriestemne på Nygårdsmyren. Stemnet den 16. mai var prega av hekkehopping og det var brørne Håvard og Sondre Rinde som representerte Gneist-fargane:

Sondre (G14) sprang 80 meter hekk (84) på 12,26, noko som gir 970 tyrvingpoeng og er klubbrekord. Den siste var det Kristian Haga som sette det året det var Melodi Grand Prix i Bergen (1986).

I tillegg blei det 30,18 på 200 meter hekk for Sondre (941 poeng).

Håvard (G11) sprang 200 meter hekk på 38,52. Det er den første tida med 68cm-hekkar på distansen eg har notert i mi tid som statistikkførar i Gneist, noko som i så fall inneber at tida (eventuelt inntil vidare) er gjeldande klubbrekord i årsklassen. (Aleksander Lie har betre tid med 76,2-hekkar.)

Dagen før, tirsdag 15. mai, var det Gular som skipa til løpsstemne på Fana Stadion. Her var det ein fin bukett gutar frå Gneist/BFG som sprang 800 og 1500 meter - og éi jente.

Ingrid Næss Johansen (J15) persa på 1500 meter til 5:06,63 (876 poeng).

Andreas Iden (G17) sprang sin beste 800 meter sidan persen, som er frå Världsungdomsspelen i Göteborg 3. juli 2010. Tida hans blei 2:04,86, 39/100 bak Göteborg-tida.

Anders Bjørndal (G17) held fram framgangen og persa til flotte 2:07,48 på 800 meter (820 poeng).

Aleksander Lie (G16) fekk (ute-)sesongbeste med 2:10,72 (807 poeng).

torsdag 17. mai 2012

Årets mest framgangsrike 2012 pr. 17. mai

Då er det litt stille før stormen i friidrettsårshjulet. Det var litt symbolsk at påmeldingsfristen til Framolekene blei forlenga med halvannan veke (som venta); då går ein og ventar ein stund til og Framolekene er noko av det aller største (og det største lokalt) i vårsesongen.

Nokre endringar er det blitt i oversikten over "Årets mest framgangsrike" Gneist-utøvarar sidan sist. I tillegg har eg splitta opp "løp"-kategorien i to; "løp" og "hekk/hinder". Det skjer fordi det er ein viss poengskilnad (framleis) når det gjeld løp og hekk/hinder, og samtidig blir utøvarframgangen for kvar av dei to kategoriane tydelegare.

Neste oversikt kjem etter at det meste av vårsesongen er unnagjort.

Slik ser det ut:

JENTER
Løp
Pia Hovland, Sunniva Eikestad, Silje Stenersen, Sanne L. Christensen (ny), Ingrid Helene Nyhus

Hekk/hinder
Maren Haugen Lillefosse, Cathrine Harris, Anna Evensen

Hopp
Pia Hovland, Marianne Benserud, Anna Evensen (ny), Nora Ø. Aarvik, Sara Tyssebotn Berg (ny)

Kast
Charlotte Harris, Maren Haugen Lillefosse, Cathrine Harris, Sara Tyssebotn Berg (ny)

GUTAR
Løp
Erlend Wiig Røssevold, Torbjørn Knag, Eirik Leikvoll, Emil Engelsen Holm (ny), Johannes Møllerup

Hekk/hinder
Kristoffer Blücher, Pål Haugen Lillefosse, Kristian Schjønningsen, Espen Bjørndal, Håvard Rinde

Hopp
Amund Høie Sjursen, Emil Engelsen Holm, Gjert Høie Sjursen (ny), Eirik Leikvoll, Kristoffer Blücher

Kast
Håvard Våge Opheim, Amund Høie Sjursen, Magnus Leikvoll, Håvard Rinde, Sondre Rinde

Fest på Jessheim

Gratulerer med dagen!

Fest i heile landet i dag, frå morgonprosesjonen til morgontreninga på Fana Stadion - fest på den framleis nye, flotte friidrettsstadionen på Jessheim heile helga.

Der skal det skipast til opningsfest, der viktigaste ingrediensen er banestafett-UM/NM.

Gneist har ikkje eigne lag i år (i fjor var det eit 4 x 600m- lag i G15/16 med i Drammen), men her er mange Gneist-utøvarar som pregar BFG sine lag.

Jenter 15-16, 4 x 100 meter
Her er BFG-laget eitt av åtte lag med og her er BFG tittelforsvarar. Årets lag er også svært sterkt. Mostandarane er frå BUL, Fredrikstad, Kristiansand, Ullensaker/Kisa, Tyrving (to lag) og Orion.

Kvinner, U20, 4 x 100 meter
Også her er BFG tittelforsvarar, med særs gode sjansar også i år. Til saman ti lag er med og kjempar, der dei andre er: Asker, Fredrikstad, Kristiansand, Ranheim, Sandnes, Ullensaker/Kisa, Urædd, Ren-Eng og Tyrving.

Kvinner, senior, 4 x 100 meter
Denne øvinga fullbrakte store-slemmen til BFG på den kortaste sprintdistansen for kvinner i 2011. Det er ingen grunn til å skru ned forventningane til desse laga, inkludert dette, i år. Sju andre lag stiller på startstreken: BUL, Kristiansand, Ranheim, Tjalve (to lag), Vidar og Ullensaker/Kisa.


Kvinner, U20, 4 x 800 meter
I denne klassen innleiar BFG ein ny tradisjon med stafett-deltaking. Her bør det vera eit solid grunnlag i mange år, både i juniorklassen, som dette, og seinare i seniorklassen. Heile 11 lag er påmeldt og det særs unge BFG-laget (berre 1. årsjuniorar) er i stand til å kjempa ganske høgt, om alle har ein god dag. Motstandarane er: Ullensaker/Kisa (to lag), Tjalve, Fredrikstad, Tyrving (to lag), Orion, Gular, Lillehammer og Raumnes & Årnes.

Menn, U20, 4 x 1500 meter
I denne øvinga tok BFG sin fjerde medalje i 2011, ved sidan av dei tre gulla til 4 x 100m- laga for kvinner, då det blei bronse. I år er to av utøvarane frå fjorårslaget blitt for gamle, men bytta ut med sterke erstattarar. Også her er så mange som ti lag med og kjempar og BFG bør på ny vera i ein god utfordrarposisjon: Ullensaker/Kisa (to lag), Tjalve (to lag), Tyrving, Tønsberg, Orion, Skjalg og Ås stiller i tillegg.

onsdag 16. mai 2012

Knarvik spesial

Då har bloggaren vore utomskjers nokre døger og vore eit stykke frå friidrett både i teori og praksis. Men no er me sterkt tilbake. Det har skjedd ting i veka, har eg forstått, men eg ventar i skrivande stund enno på offisielle resultatlister og må koma tilbake til det.

Det skjer også ting komande helg: Banestafett-NM/UM på Jessheim er nok det største arrangementet. Det kjem eg tilbake til.

Noko mindre tilskiping er AKS-leikane på Knarvik. Det skjer ofte noko særeige når AKS skipar til friidrettstemne. Denne gongen noterer me interessante sprik mellom øvingsprogrammet som ligg på AKS-77 sine nettsider og det som ligg i online-påmeldinga. Mellom anna fortel øvingsprogrammet at det er 1500 meter for alle frå 15 år og oppover, medan 800 meter er lengste øvinga for alle i påmeldingssystemet. Me registrerer også at 14-åringane må halda seg til "innomhus-hekken" på 60 meter og ikkje den vanlege utomhus, på 80 meter.

Vel, vel, dei får no finna ut av det over 17. mai-helga. No er no påmeldingsfristen uansett ute og Gneist sine påmelde på Knarvik komande søndag er desse (10 år og eldre):

G11
Håvard Rinde (kule, lengde, 60 meter, 60 meter hekk)


G12
Gjert Høie Sjursen (60 meter, kule)

G14
Sondre Rinde (lengde, 60 meter, kule, 60 meter hekk)

G16
Amund Høie Sjursen (100 meter)

J12
Silje Stenersen (800 meter)


J15
Anna Serine Røssland (800 meter)

Her er altså ikkje mange påmelde, men dei vil nok - i god Gneist-ande - markera seg desse også.

lørdag 12. mai 2012

Etappetider og lagoppstillingar

Så tikka etappetidene frå Holmenkollstafetten også inn. Her er det mykje interessant å lesa, mellom anna at veteranen i heimen hadde betre generalprøve enn premiere... Men så stoppar det, for lagoppstillingane til BFG er av det kreative slaget: Her er mange namn på utøvarar som ikkje var med og her er mange som manglar av dei som var med. Og av dei som var med, så har dei fått til dels heilt andre etappar enn det dei verkeleg sprang. Silje Arnøy på 1. etappe står det å lesa, men ho som sprang likna då svært på Ingrid Næss Johansen. Og på herrelaget står det å lesa at Robert Hisdal avslutta, men Eivind Gamst er det uråd å ta feil av....

Det betyr at her må ein finlegga den verkelege etappefordelinga på tidene, før ein har studert dette til botnar. Men det som heilt trygt kan slåast fast er at både Aleksander Lie (4. beste etappetid), Andreas Iden, Jørgen Jensen Axelsen og Ole Martin Røssland frå Gneist-land sprang særs habile etappar denne gongen, samanlikna med dei fleste. Heller ikkje Anders Bjørndal gjorde seg bort på kort-etappen sin.

Eit kjempehopp i Kollen

Nei da, det gjeld ikkje hopp i hoppbakken. Det er jo mai og vår og halvvegs sommar, i alle fall i Oslo. Det gjeld rett og slett herrelaget til BFG Fana som har gjort sin desidert beste innsats i Holmenkollstafetten i "moderne tid", det vil seia etter at resultatlistene blei nettbasert i 2005. Beste plasseringa i denne perioden før i dag, det stod laget i fjor for, då det blei nr. 16.

I dag blei BFG-laget nr. 8! Det er strålande og ein ganske fantastisk framgang. Og framleis er altså dette laget eit temmeleg ungt lag - og med fleire sterke ungdommar framleis i emning rundt om i moderklubbane.

Her er den nære historikken, inkludert i dag, for menn:


MENN
2012
8. plass, Eliten
2011
16. plass, Eliten
2010
17. plass, Eliten
2009
19. plass, Elilten
2008
17. plass, Eliten
2007
3. plass, Menn senior (under Eliten)
2006
10. plass, Menn senior (unde Eliten)
2005
6. plass, Menn senior (under Eliten

Damelaget er endå yngre enn herrane, her er det ei røys med ungjenter og også her bankar fleire kvalitetsløparar på døra mellom dei som enno ikkje har nådd junioralder. Eit lite steg tilbake i dag var såleis ganske naturleg, med det vesle generasjonsskiftet som no er på gang. Likevel blei det ein flott 10. plass på jentene/kvinnene.

KVINNER:
2012
10. plass, Eliten
2011
7. plass, Eliten
2010
7. plass, Eliten
2009
6. plass, Eliten
2008
3. plass, Eliten
2007
6. plass, Eliten
2006
9. plass, Eliten
2005
11. plass, Eliten


Meir facts frå Holmenkollstafetten får ein koma tilbake til - det er kræsj på nettsidene til stafetten... (Men me såg då på Dagblad-tv mammo i heimen tapa duellen i veteranklassen på oppløpet...)

fredag 11. mai 2012

Kvalifiseringsstatus, BFG (pr. 11. mai 2012)

Denne kvalifiseringsoversikten for BFG er temmeleg lik den som blei publiset 31. mars, men den har i alle fall éi viktig endring; her er lagt til kva for øvingar den enkelte har oppnådd sine kvalifiseringsresultat i.

Her må ein hugsa på at i junior- og senior-NM er det slik at har ein utøvar oppnådd kravet i éi øving, så kan ein delta i kva som helst øving i meisterskapet. 

Oversikten er uansett nyttig: Den er med på å læra oss alle opp i kva for utøvarar me faktisk har i klubben og kva for øvingar dei presterer i. Og den er også viktig på den måten at slik kan den store, vakne allmennheten der ute lettare vera med på å retta opp feil og manglar i denne oversikten!

Slik ser den ut frå mi side:

JR19 (17 jenter, 7 gutar)
Birgit Attestog (kule)
Monika Benserud (100m, 200m, stav, lengde, tresteg)
Marianne Benserud (stav)
Sara Berrefjord (200m)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, 400m, lengde)
Eline Bruce (tresteg)
Elina Drivenes (800m)
Evelyn Hove Eeg (kule, diskos)
Christine Bjelland Jensen (100m, 200m, 400m)
Tina Therese Jenssen (stav)
Ingrid Næss Johansen (1500m, 3000m)
Målfrid Pettersen Lunde (800m)
Elise Una Mikkelsen (100m, 200m)
Eline Myking (1500m)
Ingrid Helene Nyhus (1500m, 3000m)
Synne Våge Opheim (stav)
Anna Serine Røssland (1500m)

Jørgen Jensen Axelsen (1500m, 3000m, 5000m)
Kristian Blummenfelt (3000m, 5000m)
Andreas Iden (3000m, 1500m)
Adrian Manum Kvinge (lengde)

Ole Martin Røssland (5000m, 3000m)
Amund Høie Sjursen (lengde)
Thomas Langhelle Trefall (tresteg, høgde)

JR22 (2 gutar)

Jørgen Austvik (1500m)
Martin Cappelen Smith (2000m hinder)

Senior-NM (10 kvinner)
Marianne Benserud (stav)
Monika Benserud (100m, 200m, lengde, tresteg)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, 400m)
Martine Eikemo Borge (400m, 800m)
Anne Skudal Dolvik (100m, 200m, 400m)
Evelinn Hovi Eeg (Diskos)
Iren Vevatne Isaksen (100m, 200m)
Christine Bjelland Jensen (100m, 200m)
Elise Una Mikkelsen (100m)
Pernille Thomassen (3000m)

torsdag 10. mai 2012

Kvalifiseringsstatus, UM, pr. 10. mai 2012

Aah, endeleg ein fin vårdag. Det er berre synd at det ikkje er konkurransedag i dag, men flotte forhold for trening er det i alle fall.

Det er framleis 18 Gneist-utøvarar som er kvalifiserte til haustens UM på Askøy. I tillegg reknar me inn minst eit par til på fri påmelding. Nytt sidan sist når det gjeld årets oversikt er Emil Engelsen Holm si kvalifisering også på 100 meter.

Her er heile oversikten:

G15
Emil Engelsen Holm (100m, 200m)

G16
Magnus Leikvoll (stav)
Aleksander Lie (800m, 300mh)
Håvard Våge Opheim (stav)
Amund Høie Sjursen (100m, lengde, tresteg)

G17
Andreas Iden (800m, 3000m)
Ole Martin Røssland (3000m)

G18/19
Jørgen Jensen Axelsen (3000m)

J15
Ingrid Næss Johansen (800m)
Anna Serine Røssland (800m)

J16
Monika Benserud (100m, 200m, 80mh, lengde, stav, tresteg)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, lengde)

J17
Marianne Benserud (200m, 100mh, høgde, stav, lengde)
Tina Therese Jenssen (stav)
Vilde Omholt (800m)
Maren Riøsen (lengde)

J18/19
Synne Våge Opheim (stav, tresteg)
Anne Marte Aldal Sætre (stav)

I tillegg reknar me innanfor øvingar med fri påmelding altså med Ingrid Helene Nyhus (J15) og Stian Norheim (G16) mellom dei som er klare for Ravnanger-UM i august/september.

* * *

Så er det interessant også å følgja med på kvalifiseringa til UM på Lillehammer i 2013. Årets resultat er teljande som kvalifiseringsgrunnlag for neste år. Det er alt no 13 utøvarar som er kvalifiserte - og her er det framleis fleire av den sterke 1998-generasjonen som kjem til å melda seg på, i tillegg til dei meir garva ungdommane. Her er Vilde Lund Bjørnsen (J17 i 2013) og Sondre Rinde (G15 i 2013) dei nyaste tilskota mellom dei kvalifiserte.

onsdag 9. mai 2012

Før Holmenkollen

Lørdag skal ei rekkje BFG-ungdommar i alle aldrar springa stafett i Oslo - Holmenkollstafetten. Det er 89 år sidan stafetten blei skipa til første gongen - og då var ikkje ein gong eldste superveteran fødd.

Det er fem BFG-lag på startstreken. Veteranar og superveteranar er faktisk mellom våre sterkaste kort, men dei får no ta seg ut. Her er det dei to elitelaga det gjeld:

Menn
Resultat-historikken på nettet fører oss tilbake til 2005: Faktisk var fjorårets 16. plass den beste plasseringa til BFG i "moderne tid" (altså frå og med 2005):


2011
16. plass, Eliten
2010
17. plass, Eliten
2009
19. plass, Eliten
2008
17. plass, Eliten
2007
3. plass, Menn senior (under Eliten)
2006
10. plass, Menn senior (unde Eliten)
2005
6. plass, Menn senior (under Eliten


2012-stafetten er femte året på rad at laget er i Elitedivisjonen. I 2009 blei det eigentleg nedrykk, men laget fekk likevel halda plassen. 

Årets lag er framleis ungt: 7 av dei 15 er 19 år eller yngre. 5 av 15 er Gneist-utøvarar: Jørgen Jensen AxelsenAndreas Iden, Ole Martin Røssland, Aleksander Lie og Anders Bjørndal.

Kvinner
Kvinnelaget til BFG har gjennomgåande hevda seg betre enn mennene sitt lag. Kvinnene har vore i Eliten i alle dei omtalte åra, frå 2005. Toppen blei nådd i 2008, då det blei 3. plass. Begge dei to siste åra har det blitt 7. plass:


2011
7. plass, Eliten
2010
7. plass, Eliten
2009
6. plass, Eliten
2008
3. plass, Eliten
2007
6. plass, Eliten
2006
9. plass, Eliten
2005
11. plass, Eliten

Korleis årets lag vil hevda seg, det gjenstår å sjå, men laget har uansett framtida framfor seg: Også her er 7 av 15 løparar tenåringar. Ikkje berre det; 5 av 15 er førsteårs-juniorar (15-årsklassen). Fire av utøvarane er frå Gneist: Ingrid Næss Johansen, Vilde Lund Bjørnsen, Monika Benserud og Anna Serine Røssland.

Sportsklubben 909

Det blei sprunge overraskande godt av mange under Gneist sitt opningsstemne på Fana Stadion tirsdagskvelden. Overraskande var det fordi veret var i suraste laget; kaldt, regntungt og innimellom litt i meste laget med vind.

Monika Benserud (J16) sprang 100 meter på 12,87 (980 poeng).

Renate Lie (J14) sprang ein framifrå 800 meter. Tida blei 2:22,53, noko som gir 977 tyrvingpoeng.


Emil Engelsen Holm (G15) følgjer opp kanonformen frå innesesongen: På 200 meter kom han seg heilt ned på 24,57, som gir 951 poeng. Tida er nærmare 8/10 under UM-kravet på distansen. 100 meter blei det 12,31, som gir 938 poeng og som også er under UM-kravet på 100 meter.

Andreas Iden (G17) sprang inn til 4:16,31 på 1500 meter (927 poeng).

Jørgen Jensen Axelsen (G19) fekk tida 4:12,45 på 1500 meter (912 poeng).

Så klarte tre løparar i ulike aldersklassar det kunststykket å springa 1500 meter til same poengverdi same kvelden: 909 poeng. Det var Stian Øvergaard Aarvik (G15), som sprang på 4:32,90, Aleksander Lie (G16), som kom i mål på 4:24,88 og det var Ole Martin Røssland (G17), som enda på 4:18,93.


Maren Haugen Lillefosse (J14) kom seg no også under UM-kravet på 100 meter i J15. Ho fekk 13,61 (918 poeng).

Michelle Floor Heggeland (J13) sprang 100 meter på 14,07 (892 poeng).

Marianne Benserud (J17) sprang 100 meter på 13,70 (824 poeng).

Anders Bjørndal (G17) oppnådde 4:32,88 på 1500 meter (811 poeng).

Så var det ein god bukett løparar som sprang gode løp på distansar som ikkje gir tyrvingpoeng. Det galdt til dømes både 100 meter og 800 meter, men eg vel no - heilt inhabilt - dei tre J15-jentene som sprang 3000 meter som representant for dei som sprang "ukurante" øvingar: Ingrid Helene Nyhus kom i mål på framifrå 10:46,03, Ingrid Næss Johansen (med 10:54 frå i fjor) fekk 11:12,83 denne gongen og Anna Serine Røssland debuterte på 11:30,51. (Tidene er verdt høvesvis 951, 889 og 849 poeng for 16-åringar.)

mandag 7. mai 2012

Vind-vind- situasjon

Det blei ein del forfall frå dei påmelde Gneist-utøvarane til årets Hovdingleikane.

Dei som var der fekk oppleva vindfulle tilstandar. Det var i alle fall kaldt og særs skiftande i konfirmantland på Søreide; resultatlistene frå Leikvang tyder på noko av det same der.

Svært mange brukande sprintresultat blir underkjent i statistikken på grunn av for mykje vind. Innanfor det godkjende var til dømes Monika Benserud (J16) som fekk notert 26,24 på 200 meter (992 tyrvingpoeng).


Michelle Floor Heggeland (J13) hadde om lag same vindforholda på sin 60 meter, der ho sprang på 8,67 (927 poeng). I lengde blei det 4,21 under godkjende vindforhold (834 poeng) og på 200 meter blei det 29,44 på Michelle (864 poeng).

Endeleg sneik Håvard Rinde (G11) seg på rett side av vindgrensa (+1,9), då han sprang på 9,48 på 60 meter (816 poeng).

... Og det er meldt om godt med vind på Fana Stadion tirsdag kveld under Opningsstemnet også... (Berre det ikkje blir for kraftige haglbyger.)

lørdag 5. mai 2012

Sterk 400 meter i Arkansas

Det er på sin amerikanske heimebane, i Fayetteville, Arkansas, at Martine Eikemo Borge gjer det for tida. Sist natt, norsk tid, sprang ho 400 meter og vann heatet sitt på 54,05. Det er ei forbetring frå fjorårstida til Martine på 18/100.

Ei forbetring av eigen klubbrekord i BFG Fana i JR-22 (22 år eller yngre) er det også. Klubbrekorden for seniorar er det Mona Karin Riisnes som har, på 53,88, så den må seiast å vera i fare.

54,05 er 15. best i landet gjennom alle tider for seniorar og 3. best i Hordaland.

onsdag 2. mai 2012

Kontrastar på Leikvang

Etter vinterens store arrangement innomhus ute på Leikvang, så blir det litt kontrastfylt når Hovdingleikane går av stabelen komande lørdag.

Deltakinga var nok monaleg større både på Nornalekene og Pingvinlekene inne. I tillegg var ein sikra stille og opphald der inne i hallen, medan vermeldingane er temmeleg dystre for komande lørdag. Ja, ein kan nok bli freista til å springa innomhus i staden for å vera ute på stadion, men så er det berre det at hallen er sommarstengt alt.

No ja, medan me andre er bekymra for konfirmasjons-vermeldinga, så er følgjande Gneist-utøvarar over rekrutt-alder påmeldt Hovdingleikane:

J12
Silje Stenersen (60m, 600m)

J13
Michelle Floor Heggeland (60m, 200m, lengde)

J14
Maria Josefine Berg (600m)

J15
Ingrid Næss Johansen (600m)

J16
Monika Benserud (60m, 200m - J16/17)

G11
Håvard Rinde (60m, kule)

G12
Gjert Høie Sjursen (60m, kule, lengde)

G14
Sondre Rinde (lengde, 60m, 200m)

G15
Emil Engelsen Holm (200m, lengde)

G16
Stian Norheim (600m - G16/17)
Amund Høie Sjursen (60m, lengde - G16/17)

tirsdag 1. mai 2012

Mykje bra på Ask

Ja, det var ikkje berre veret som var strålande på Ask under årets Ask-stafett. Det var mykje god springing også.

Best, sett med BFG-auge, gjorde kvinner senior-laget over fire etappar det. Dette laget vann stafetten for femte året på rad! Sigeren var på 22 sekund, framfor AKS-77, som var nye 22 sekund framfor BFG sitt 2. lag. Dei fire på vinnarlaget hadde alle beste etappetid på sine etappar: Vilde Lund Bjørnsen, Anne Skudal Dolvik, Pernille Thomassen og Monika Benserud.

No kan det innvendast at sigeren kom lettare på denne stafetten i år, fordi Gular stilte sterkare i nyvinninga i kvinner senior over seks etappar. Her stilte BFG med mange særs unge seniorar og tok ein 2. plass første gongen dette blei arrangert, altså. Her var det mykje vatn mellom dei tre båtane: Gular var 1 minutt og 11 sekund framfor BFG, som var - faktisk! - 1 minutt og 11 sekund framfor trear Osterøy. Både Elina Drivenes og Marianne Benserud hadde likevel beste etappetid på høvesvis 1. og 3. etappe på 6 etappars-laget.

Det var ikkje kvinner junior-lag denne gongen, nettopp fordi junior-jentene i staden befolka dei to seniorlaga - som enda opp på 1. og 3. plass på 4 etappars-stafetten.

Både juniorlaget for menn og seniorlaget tok 3. plass. Begge laga har teke ulike plasseringar dei siste åra, som tabellen nedanfor syner. Juniorlaget var 31 sekund bak vinnarane frå Gular, men knepne åtte sekund bak toarlaget Osterøy. Senior-ane var 13 sekund bak Gular sitt klasse B-lag, medan dei var eitt sekund bak toar Ask.


Ask-stafetten

2008
2009
2010
2011
2012
KJ
1
2
-
3
-
KS (4etp.)
1
1
1
1
1
KS (6etp.)




2
MJ
1
3
2
2
3
MS-B
2
3
4
1
3