lørdag 30. juni 2012

Innan Världsungdomsspelen

I skrivande stund er me halvvegs i året, men det er framleis ein god porsjon igjen av årets friidrettssesong.

Eitt av dei store høgdepunkta for mange er Världsungdomsspelen i Göteborg, som i år går frå neste lørdag, 7. juli til mandag 9. juli. Det er etter måten passande å ta presentasjonen av Gneist-troppen nett no når alle vermeldarane bankar i bordet og seier "flott Göteborg-helg" - og det etter ein ganske våt vår og forsommar i Västra Götalands hufvudstad.

Her er Gneist-gjengen som åker til Sverige:

J12
Anna Evensen, 80m, 200m, 60m hekk, lengde
Silje Stenersen, 600m, 1500m (J13)

J14
Renate Lie, 300m (J15), 800m

J15
Ingrid Næss Johansen, 800m, 2000m
Anna Serine Røssland, 1500m (KS), 1500m hinder (J17)

J16
Monika Benserud, 100m, 100m hekk, lengde, tresteg
Vilde Lund Bjørnsen, 200m (J17), 400m (J17)

J17
Marianne Benserud, 100m, 200m

G11 
Håvard Rinde, 60m hekk (G12), lengde (G12), kule (G12)

G12
Thomas Blücher, 80m, 200m, 600m
Gjert Høie Sjursen, 80m, kule, spyd

G13
Kristoffer Blücher, 200m, 600m, 60m hekk, lengde, tresteg

G14
Sondre Rinde, 100m, 100m hekk, lengde

G16
Aleksander Lie, 800, 1500
Stian Norheim, 800/3000, 1500
Amund Høie Sjursen, 100m, lengde

G17
Andreas Iden, 1500, 3000
Ole Martin Røssland, 1500, 5000 (MS)

G19
Jørgen Jensen Axelsen, 1500, 5000

torsdag 28. juni 2012

Ulvik - 1 månad etter

På dagen éin månad etter årets Ulvikaleikane ligg endeleg resultatlista føre. Det er naturlegvis på høg tid. Eg har vore rundt omkring ein del etter kvart, men til Ulvikaleikane har eg ikkje vore. For dei av oss som er glad i å få resultatlister så snart som muleg, og helst med ein gong, så driv ikkje ulvikingane med god marknadsføring.

Og det råkar også eigne: Ulvik sin eigen Marius Bull Hjeltnes hoppa faktisk over 7 meter i godkjent vind under eigne leikar den 28. mai, men står framleis bokført med "berre" 6,84 i den offisielle statistikken.

No ja, men kva med våre eigne? Jo, ein del fekk faktisk årsbeste - i alle fall sesongbeste - som har gått oss hus forbi, av nemnde naturlege årsaker, og ein del har forbetra desse i løpet av stemna deretter.

Men:

Charlotte Harris (J12) har sitt beste kulestøt frå Ulvik. Det er på 8,19 (879 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) har sitt beste lengderesultat frå Ulvikaleikane: I perfekt vind (+2,0) blei det 4,73 på Kristian (876 poeng).

Cathrine Harris (J14) sin sesongbeste i lengde er frå Ulvik. Ho hoppa 4,65 (874 poeng). Det same gjeld for 100-meteren til Cathrine: 14,44 er den på frå dei indre delane av Hardanger (785 poeng).

Michelle Floor Heggeland (J13) har me tidlegare skrytt av for innsatsen under Veidekkelekene på Lillehammer. Der hoppa ho mellom anna 4,57 i lengde, men no viser det seg at ho hoppa nøyaktig like langt i Ulvik (909 poeng).

Magnus Leikvoll (G16) sitt sesongbeste på 100 meter er frå Ulvik. Han sprang på 13,22 (741 poeng).

Då skulle me ha det.

Men, altså, Ulvik; éin månad er alt for lang tid!

onsdag 27. juni 2012

Sju frå 97

Ein god gjeng med BFG-utøvarar tok turen til Lonevågen og stadion på Hatland, Osterøy, onsdag kveld. Ja, i praksis var dei vel BFG-arar alle, sjølv dei som står med "Gneist" og "Fana" i resultatlistene, all den tid dei (meir eller mindre) sprang i seniorheat.

Og då er det - med BFG-auge - først viktig å gratulera Thyra Hevrøy med plass i junior-NM i Sigdal om nøyaktig ein månad. Thyra debuterte på 3000 meter med sterke 11:16,43 - tre og eit halvt sekund under kravet. Med det er ho i tillegg den sjuande førsteårs-junioren av jentene som er kvalifisert! Det er sterkt i seg sjølv og det lovar uvanleg godt for framtida.

Så noterer me oss at Monika Benserud (J16) kom seg under 26 blank på 200 meter (25,96), men hadde for mykje vind i ryggen denne gongen.

Og så fekk Andreas Iden (G17) ein liten revansj mot kompis Anders Bjørndal på 800 meter, etter Tyrvinglekene - der rollene var bytta om. Andreas var sterkast på 2:04,97, godt og vel eit halvt sekund framfor Anders. Andreas har sprunge pittelitt fortare tidlegare, medan Anders - som var heilt nede på 2:04,09 på Nadderud, beviste at han har stabilisert seg på dette nivået på 800 meter.

Senior-markeringar (juni-utgåva)

 I slutten av mai var det berre 13 markeringar i senior-statistikken frå utøvarar frå BFG og moderklubbane. No er talet så godt som femdobla, så det må vera bra. Best markerer Martine Eikemo Borge seg, både med best 400 meter-tid og som nr. 2 på 800 meter, bak Ingvild Måkestad Bovim. Martine si neste store oppgåve er under det pågåande Europamesterskapet i Helsinki, der ho spring på det norske 4 x 400 meter-laget.

Kvinner
60m
10. Monika Benserud 8,00 (ny)
12. Elise Una Mikkelsen 8,19 (ny)
17. Maren Haugen Lillefosse 8,28 (ny)

100m
15. Iren Vevatne Isaksen 12,36 (ny)
20. Monika Benserud, 12,46 (-14)
23. Anne Skudal Dolvik 12,47 (ny)
25. Christine Bjelland Jensen 12,48 (ny)
37. Vilde Lund Bjørnsen 12,69 (ny)
42. Elise Una Mikkelsen 12,74 (ny)
56. Sara Berrrefjord 12,92 (ny)

200m
10. Anne Skudal Dolvik 24,98 (ny)
13. Iren Vevatne Isaksen 25,13 (ny)
21. Christine Bjelland Jensen 25,41 (ny)
32. Vilde Lund Bjørnsen 25,97 (-25)
48. Monika Benserud 26,24 (-40)
79. Elina Drivenes 27,04 (ny)
84. Sara Berrefjord 27,14 (ny)
85. Renate Lie 27,15 (ny)

400m
1. Martine Eikemo Borge 54,05 (-)
15. Anne Skudal Dolvik 57,30 (ny)
23. Vilde Lund Bjørnsen 58,95 (ny)
24. Christine Bjelland Jensen 59,10 (ny)
36. Renate Lie 60,15 (ny)
46. Elina Drivenes 61,28 (ny)

600m
5. Renate Lie 1:38,83 (-4)
8. Elina Drivenes 1:40,26 (-5)

800m
2. Martine Eikemo Borge 2:06,54 (-1)
33. Renate Lie 2:20,88 (ny)
37. Elina Drivenes 2:21,40 (ny)

1500m
31. Renate Lie 4:55,29 (ny)
32. Silje Stenersen 4:56,09 (ny)
45. Ingrid Næss Johansen 5:04,08 (-42)
53. Ingrid Helene Nyhus 5:07,44 (ny)
54. Anna Serine Røssland 5:08,28 (ny)

2000m
2. Ingrid Helene Nyhus 6:59,18 (ny)
3. Anna Serine Røssland 7:01,47 (ny)
5. Ingrid Næss Johansen 7:11,14 (ny)
7. Thyra Hevrøy 7:19,65 (ny)

3000m
12. Pernille Thomassen 10:13,86 (ny)
20. Ingrid Helene Nyhus 10:44,03 (-18)
32. Ingrid Næss Johansen 11:12,83 (-29)

Høgde
39. Eline Myking 1,50 (ny)
39. Nora Øvergaard Aarvik 1,50 (ny)

Stav
7. Marianne Benserud 3,20 (ny)
12. Monika Benserud 2,73 (ny)

Lengde
10. Monika Benserud 5,60 (ny)
15. Maren Haugen Lillefosse 5,42 (ny)

Tresteg
6. Monika Benserud 11,48 (ny)
19. Eline Bruce 10,65 (ny)
35. Cathrine Harris 10,00 (ny)

Kule
36. Birigt Attestog 9,56 (-25)

Menn
60m
3. Amund Høie Sjursen 7,27 (ny)

1500m
45. Jørgen Austvik 4:08,03 (ny)

3000m
22. Kristian Blummenfelt 8:40,33 (ny)
40. Andreas Iden 8:59,54 (ny)

5000m
17. Jørgen Jensen Axelsen 15:46,64 (ny)
20. Andreas Iden 15:50,70 (ny)

10000m
4. Ole Martin Røssland 33:06,61 (-2)
5. Andreas Iden 33:24,10 (-2)

Høgde
20. Thomas Langhelle Trefall 1,85 (ny)

Tresteg
8. Thomas Langhelle Trefall 13,25 (ny)

tirsdag 26. juni 2012

På topp i Norge (juniutgåva, 2012), gutar

Då har også G13 og G14 kome i gang med statistikkoppdatering på landsplan, men det må understrekast at oppdateringa heng godt etter, slik at mange viktige resultat - også for våre utøvarar - så langt manglar.

Men her er mykje å henta ut med Gneist-auge: Kristoffer Blücher har i G13 åleine smått utrulege åtte  topp-plasseringar! I G14 markerer både Henrik Irgens Gravdal og Sondre Rinde seg sterkt.

G13
1. Kristoffer Blücher, 60m
1. Kristoffer Blücher, 200m
1. Kristoffer Blücher, 600m
1. Kristoffer Blücher, 800m
1. Kristoffer Blücher, 60m hekk
1. Kristoffer Blücher, 200m hekk
1. Kristoffer Blücher, lengde
1. Kristoffer Blücher, tresteg
1. Herman Hovland, 100m
2. Kristian Schjønningsen, lengde
2. Kristian Schjønningsen, tresteg
3. Kristian Schjønningsen, 60m hekk
5. Kristian Schjønningsen, 600m
6. Herman Hovland, 200m
6. Kristoffer Blücher, kule
8. Kristian Schjønningsen, 200m
9. Herman Hovland, 1500m
9. Kristian Schjønningsen, kule
11. Herman Hovland, 600m
20. Herman Hovland, 60m

G14
1. Henrik Irgens Gradval, 600m
1. Henrik Irgens Gravdal, 1500m
1. Sondre Rinde, 80m hekk
1. Sondre Rinde, 200m hekk
1. Sondre Rinde, 300m hekk
2. Henrik Irgens Gravdal, 800m
2. Eirik Leikvoll, stav
3. Eirik Leikvoll, høgde
3. Sondre Rinde, tresteg
4. Sondre Rinde, 100m
5. Sondre Rinde, 200m
6. Sondre Rinde, lengde
8. Sondre Rinde, 60m
14. Trym Andresen, 800m
19. Henrik Irgens Gravdal, 200m

G15
2. Stian Øvergaard Aarvik, 1500m hinder (ny)
2. Henrik Almenningen, Fana, tresteg (-1)
2. Jakop Kjellstad, Fana, slegge (ny)
3. Emil Engelsen Holm, 60m (ny)
5. Emil Engelsen Holm, 200m (-3)
5. Henrik Almenningen, Fana, spyd (-2)
6. Stian Øvergaard Aarvik, 1500m (-3)
6. Stian Øvergaard Aarvik, 2000m (ny)
6. Kristian W. Jensen, Fana, kule (-3)
10. Jakop Kjellstad, Fana, spyd (-6)
12. Preben Sylvester Jensen, Bjarg, 100m, (ny)
15. Preben Sylvester Jensen, Bjarg, 400m (ny)
17. Stian Øvergaard Aarvik, 800m (ny)
18. Emil Engelsen Holm, 100m (-15)

G16
1. Amund Høie Sjursen, 60m (ny)
1. Stian Norheim, 5000m (ny)
1. Stian Norheim, 10000m (-)
3. Aleksander Lie, 600m (-)
3. Aleksander Lie, 1500m hinder (ny)
4. Stian Norheim, 1500m hinder (ny)
4. Amund Høie Sjursen, lengde (-3)
4. Amund Høie Sjursen, tresteg (-3)
5. Amund Høie Sjursen, høgde (ny)
6. Aleksander Lie, 300m hekk (ny)
6. Håvard Våge Opheim, stav (ny)
7. Aleksander Lie, 1500m (-5)
7. Magnus Leikvoll, stav (-3)
8. Håvard Våge Opheim, 60m (ny)
10. Magnus Leikvoll, høgde (-6)
10. Magnus Leikvoll, kule (-7)
11. Amund Høie Sjursen, 100m (-8)
17. Stian Norheim, 3000m (ny)
17. Håvard Våge Opheim, høgde (-9)
20. Aleksander Lie, 800m (-15)

G17
1. Andreas Iden, 5000m (ny)
1. Ole Martin Røssland, 10000m (-)
2. Andreas Iden, 10000m (-)
3. Andreas Iden, 3000m (ny)
6. Andreas Iden, 1500m (-5)
8. Ole Martin Røssland, 1500m (-6)
11. Ole Martn Røssland, 3000m (ny)
11. Anders Bjørndal, 1500m (ny)
13. Anders Bjørndal, 3000m (ny)
14. Anders Bjørndal, 800m (ny)
15. Andreas Iden, 800m (-12)

G18/19
1. Jørgen Jensen Axelsen, 5000m (ny)
1. Thomas Langhelle Trefall, Fana, tresteg (ny)
4. Thomas Langhelle Trefall, Fana, høgde (-1)
4. Jens Martin Bolstad, Fana, tresteg (ny)
5. Kristian Blummenfelt, Fana, 3000m, (ny)
7. Erlend Gjerdevik Sørtveit, Fana, 600m (-4)
8. Jørgen Jensen Axelsen, 3000m (ny)
8. Anders Strømblad Hansen, Fana, 600m (-4)
8. Håvard Kristiansen, Fana, lengde (-3)
12. Erlend Gjerdevik Sørtveit, Fana, 3000m (ny)
14. Jørgen Jensen Axelsen, 1500m (-10)

søndag 24. juni 2012

Sprintspurt på vårsesongen: Lillehammer dag 4

Medan eit par av medaljevinnarane under Veidekkelekene var på Camp Basement i kjellaren i Søvikheia og hadde full utladning etter vårsesongen, ja så var det framleis Gneist-utøvarar på plass også siste dag på Stampesletta. 

Her var det først og fremst 100 meter det galdt: 100 meter - og ikkje minst 100 meter-finalane er ein klassikar søndagen under Veidekkelekene.

Aller sprekast var Monika Benserud (J16) som i finalen kom seg heilt ned på 12,46; ein fin ny pers. Det gir 1046 tyrvingpoeng og er nest beste 100 meter-løpet også i BFG denne sesongen. Det seier faktisk sitt; på sprint for kvinner er nivået temmeleg godt i BFG.

Sondre Rinde (G14) fekk fullklaff søndag: Først persa han i forsøka med eitt hundredel - til 12,55, før han slo til med 12,43 i finalen. Det gir 986 tyrvingpoeng og det slettar Espen Liland sin 9 år gamle klubbrekord med elektronisk tidtaking (Geir Fjære har 12,1 manuelt frå 1973).

Marianne Benserud (J17) pynta på si tid på 100 meter også. Ho sprang på 13,57 (i god motvind), noko som gir 844 poeng. Det var også habile løp av dei andre Gneist-jentene i G17; Maren Risøen, som sneik seg under 14 blank (13,99) under godkjende vindforhold og Tina Therese Jenssen, som fekk 14,27.

Då er det ein pust i bakken før dei større stemna er i gang igjen. Og takk for det.


lørdag 23. juni 2012

St. Hans-fest på Lillehammer (dag 3)

I skrivande stund lakkar det og lir det mot St. Hans-feiring. Det er jo ein dag som blir markert så ulikt ulike stader. På Lillehammer går det i friidrett. Her har det vore ei kjerne Gneist-utøvarar som har halde til heile stemnet og så har desse fått besøk av andre utøvarar både no til helga og på enkeltdagar. 

Også lørdagen blei det eit par strålande resultat sett med Gneist-auge:

Best av alle var ei som var på snar-visitt, Renate Lie (J14), som sprang ein svært sterk 400 meter i Jenter 15-klassen. Ja, ho vann like så godt heile konkurransen. Det gjorde ho på 60,15. Det er ei tid som både er verdt 1055 tyrvingpoeng i J14-klassen og - ikkje minst - er sletting av Nanna Gjerde sin 39 år gamle klubbrekord (!). (Den var på 60,5.)

Sondre Rinde (G14) sprang også i klassen over lørdag. Det gjorde han på 100 meter hekk - nett som han gjorde det på Nadderud. Det blei også for Sondre ein flott siger - og ei flott tid: 14,70. Dessverre var det denne gongen 2,5 i medvind. På 60 meter var Sondre langt heldigare: Her blei det først pers på 7,95 i forsøket, før han slo til med 7,89 i finalen (962 poeng). (I kule blei det 9,69 på Sondre - 726 poeng.)

Og så er Michelle Floor Heggeland (J13) også komen på plass på Lillehammer. Ho betra seg på 60 meter, til 8,54 (962 poeng), under glitrande vindforhold (+1,9), og i lengde blei det 4,57 (909 poeng).

Håvard Rinde (G11) fekk heilt optimale vindforhold i a-finalen på 60 meter: Der blei det super-pers på 9,08 (altså i +2,0), som gir 924 tyrvingpoeng (ei poengforbetring på over 100).

På topp i Norge (juniutgåva, 2012), jenter

Ganske mange stemne og ganske mange resultat ligg til grunn for norgesstatistikken når me no er komne til slutten av juni. Halve Veidekkelekene ligg meir eller mindre inne her også. Som oversikten nedanfor viser; det er eit vell av unge talent i Gneist og - for dei frå 15 år og oppover - også i dei andre moderklubbane i BFG-systemet. (Oversikten konsentrerer seg om dei som er innanfor topp 20 i ei øving.)

J13
2. Michelle Floor Heggeland, 100m (+4)
3. Nora Øvergaard Aarvik, høgde (ny)
13. Michelle Floor Heggeland, 200m (-6)
15. Michelle Floor Heggeland, 60m (-10)

J14
1. Cathrine Harris, 80m (-)
1. Renate Lie, 1500m hinder (ny)
2. Cathrine Harris, tresteg (-1)
2. Renate Lie, 800m (-1)
2. Renate Lie, 1500m (ny)
2. Maren Haugen Lillefosse, lengde (+1)
2. Maren Haugen Lillefosse, 60m hekk (ny)
2. Maren Haugen Lillefosse, 200m hekk (ny)
3. Renate Lie, 600m (-2)
4. Renate Lie, 200m (-2)
5. Maren Haugen Lillefosse, 200m (ny)
8. Maren Haugen Lillefosse, 60m (ny)
10. Maren Haugen Lillefosse, 100m (-7)
10. Cathrine Harris, 60m hekk (ny)

J15
1. Elina Drivenes, Fana, 600m (-)
1. Ingrid Helene Nyhus, 3000m (-)
2. Ingrid Helene Nyhus, 2000m (ny)
2. Ingrid Næss Johansen, 3000m (-)
2. Anna Serine Røssland, 1500m hinder (ny)
2. Elina Drivenes, Fana, 800m (ny)
3. Ingrid Næss Johansen, 1500m (-2)
3. Anna Serine Røssland, 3000m (-
3. Anna Serine Røssland, 2000m (ny)
3. Elina Drivenes, Fana, 400m (ny)
4. Ingrid Helene Nyhus, 1500m (ny)
4. Ingrid Næss Johansen, 2000m (ny)
4. Thyra Hevrøy, Fana, 300m hekk (ny)
5. Anna Serine Røssland, 1500m (ny)
6. Thyra Hevrøy, Fana, 1500m (-4)
6. Thyra Hevrøy, Fana, 2000m (ny)
6. Eline Myking, Fana, høgde (ny)
7. Ingrid Næss Johansen, 600m (-1)
7. Eline Myking, Fana, 1500m (ny)
15. Elina Drivenes, Fana, 200m (-12)
20. Ingrid Næss Johansen, 800m (ny)

J16
1. Monika Benserud, 60m (-)
1. Monika Benserud, 80m (-)
1. Monika Benserud, 80m hekk (ny)
1. Monika Benserud, lengde (ny)
1. Monika Benserud, tresteg (ny)
1. Vilde Lund Bjørnsen, 400m (ny)
2. Vilde Lund Bjørnsen, 80m (-)
2. Monika Benserud, stav (-)
3. Vilde Lund Bjørnsen, 200m (-2)
4. Elin Marie Gjeraker, Bjarg, 80m (-1)
5. Monika Benserud, 100m (-4)
5. Monika Benserud, 200m (-2)
8. Vilde Lund Bjørnsen, 100m (ny)

J17
1. Elise Una Mikkelsen, Bjarg, 60m (ny)
3. Marianne Benserud, stav (-1)
6. Sara Berrefjord, Bjarg, 200m (-4)
10. Elise Una Mikkelsen, Bjarg, 100m (ny)
11. Sara Berrefjord, Bjarg, 100m (ny)

J18/19
4. Eline Bruce, Fana, tresteg (ny)
5. Christine Bjelland Jensen, Bjarg, 100m (ny)
6. Christine Bjelland Jensen, Bjarg, 200m (ny)
10. Eline Bruce, Fana, 100m hekk (ny)
14. Birgit Attestog, Fana (-9)

fredag 22. juni 2012

Hekk i vinden - Lillehammer dag 2

Resultatlistene frå Veidekkelekene fortel om godt med medvind i løpsøvingane fredag ettermiddag og kveld. I sprintøvingane var det ei rekkje gode tider, men også ei rekkje tider med for mykje vind.

For Gneist-gjengen var det først og fremst tre hekkeløp som blei skrivne heim om:

Sondre Rinde (G14) har frå tidlegare 11,6 manuelt på 80 meter hekk. På Lillehammer kom han også ned på same nivået med elektronisk tidtaking. Tida blei 11,85 og dermed er dette den nye klubbrekorden elektronisk.

Monika Benserud (J14) sprang også 80 meter hekk. Tida hennar blei 12,05, som gir 1021 tyrvingpoeng.

Og så sprang Håvard Rinde (G11) denne gongen 60 meter hekk i 12 års-klassen, noko som betyr at hekkane var åtte centimeter høgare enn normalt er for Håvard. Tida med 76,2cm-hekkar blei 11,56.

Til sist eit løp som ikkje var over hekkar: Maren Risøen (J17) betra seg på 200 meter til 28,44 (i god medvind) - 801 tyrvingpoeng.

Framleis gode prognosar - ein KM-oversikt

Sjølv om det i år var "Stor-KM", der 11- 14- åringane ar inkludert, så er det meiningsfullt å studera nøgnare medaljeoversikten berre for dei mellom 11 og 14. Dei er jo i høg grad ein indikasjon på kva for klubbar som har gode prognosar dei komande 3- 5 åra.

I oversikten har eg følgt spesielt nøye med tre andre klubbar i tillegg til Gneist dei siste åra: Fana, Norna-Salhus og Laksevåg. I år blir også Bergens Turn inkludert, fordi det i høg grad er ein klubb i solid framgang.


Her er først medaljeoversikten for KM 11-14 år i 2012. Den fortel for det første at Gneist er suverent beste klubb i aldersgruppa, den fortel også at Bergens Turnforening har overteke som nest-beste klubb. I fjor var Bergens Turn på 4. plass på denne oversikten - med Fana på 2. og Norna-Salhus på 3. plass. Skogsvåg si sterke plassering er også verd å merka seg.



Gull
Sølv
Bronse
Gneist
41
15
9
Bergens TF
13
15
11
Norna-Salhus
11
5
3
Fana
9
14
10
Skogsvåg
7
7
 5
Aks-77
5
4
3
Fri
4
2
4
Osterøy
3
6
6
Ask
2
2
2
Bjarg
1
3
8
Voss
1
2
1
Kalandseid
1
1
1
Stord
1
0
1
Varegg
1
0
0
Hovding
0
2
2
Laksevåg
0
1
1
Os
0
1
1
Viking
0
1
0




Så kikkar me litt på utviklinga for Gneist og nokre andre klubbar. Denne oversikten syner at Gneist sitt store steg inn i einar-posisjonen skjedde frå 2008 til 2009. I 2008 var framleis Norna-Salhus beste klubb i denne samanhengen, i 2009 var Gneist gått forbi - og i 2010 var avstande stor. Dei to siste åra har Gneist vore i ein eigen klasse.

Fana har vore i jamn framgang, med eit lite tilbakesteg i år. Norna-Salhus var størst og best for fem sesongar sidan, men har gått jamt tilbake deretter. Tilbakegongen har vore svært stor for Laksevåg. Klubben var marginalt bak Norna-Salhus i 2008 - med 22 gull og 51 medaljar. Fire år seinare blei det 0 gull på Laksevåg og berre to medaljar i dei yngste årsklassane:



2008
2009
2010
2011
2012
Gneist
13-14-10
30-26-22
32-25-16
40-28-20
41-15-9
Fana
6-13-5
7-7-7
7-8-11
15-15-11
9-14-10
Norna
22-16-7
26-24-18
18-6-7
13-13-8
11-5-3
Laksevåg
22-14-15
11-10-6
6-6-6
3-0-1
0-1-1
Bergens TF



12-9-7
13-15-11


torsdag 21. juni 2012

Godt i gang på Lillehammer

Då er Veidekkelekene på Lillehammer i gang. Det har vore ein varsam start i dag, torsdag, og så rullar det på med fleire øvingar dei tre neste dagane.

Brørne Håvard (G11) og Sondre Rinde (G14) leverte to gode 200 meterar første dag: Håvard persa solid, til 30,55 (885 poeng), medan Sondre persa nett så vidt, med eitt hundredel, til 25,25. Rein statistisk var det eit viktig hundredel: Tida er nemleg identisk med klubbrekorden til Espen Liland, frå 2003, så no er det altså to som deler den.

Ingrid Næss Johansen (J15) varta opp med ein god 1500 meter: 5:04,08 er pers med gode to sekund (891 poeng), det er også tredje beste tida i landet så langt i 2012, bak dei to som kom framfor ho på Lillehammer torsdag kveld.

Til sist: Jørgen Austvik, BFG, sprang sin beste 1500 meter sidan seinsommaren i fjor, då han kom i mål på 4:08,03. Det er beste 1500 meter i BFG så langt i år.

onsdag 20. juni 2012

Årets mest framgangsrike 2012 - pr. 20. juni

Då er det meste av vårsesongen over - og det har skjedd mykje sidan sist oversikt. Det er mange med stor framgang i Gneist, men hugs også på at mange av dei som har gjort det svært godt i år også hadde glitrande resultat i fjor (sjølv om enkelte har spissa dette ytterlegare så langt i år).

Oversikten nedanfor inneheld minst fem namn for kvar øvingstype. Der det er utøvarar som har over 1000 tyrvingpoeng mellom dei fem med aller mest framgang, har eg plussa på med "erstattarar" mellom dei som har mindre enn 1000 poeng.

Neste oversikt kjem midt i sommarstilla, tenker eg.

Slik ser det ut:

JENTER
Løp
Pia Hovland, Silje Stenersen, Maren Haugen Lillefosse (ny), Sanne L. Christensen, Charlotte Harris (ny), Nora Ø. Aarvik (ny)

Hekk/hinder
Anna Evensen, Maren Haugen Lillefosse, Anna Serine Røssland (ny), Monika Benserud (ny), Cathrine Harris

Hopp
Maren Haugen Lillefosse (ny), Pia Hovland, Monika Benserud (ny), Sara Tyssebotn Berg, Marianne Benserud, Sanne L. Christensen (ny), Anna Evensen, Nora Ø. Aarvik

Kast
Charlotte Harris, Maren Haugen Lillefosse, Cathrine Harris, Sara Tyssebotn Berg

GUTAR
Løp
Erlend Wiig Røssevold, Torbjørn Knag, Eirik Leikvoll, Gjert Høie Sjursen (ny), Emil Engelsen Holm

Hekk/hinder
Kristoffer Blücher, Pål Haugen Lillefosse, Stian Norheim (ny), Aleksander Lie (ny), Sondre Rinde (ny), Kristian Schjønningsen, Håvard Rinde, Espen Bjørndal

Hopp
Amund Høie Sjursen, Emil Engelsen Holm, Gjert Høie Sjursen, Eirik Leikvoll, Pål Haugen Lillefosse (ny), Kristoffer Blücher, Tobias Damm (ny), Sondre Rinde (ny)

Kast
Håvard Våge Opheim, Amund Høie Sjursen, Henrik Irgens Gravdal (ny), Magnus Leikvoll, Pål Haugen Lillefosse (ny)

tirsdag 19. juni 2012

Før Veidekkelekene

Frå og med torsdag og til og med søndag går tradisjonsrike Veidekkelekene av stabelen på Lillehammer. Dette er det nest største stemnet i landet - etter Tyrving (knapt føre Framo) - og går, til liks med Framolekene, altså over heile fire dagar.

Det er eit flott arrangert stemne, på ein god arena i ein fin by. No vil eg vel påstå at stemnet er aller best for dei som spring kortare distansar. For dei som er yngre enn senior er det berre 800 og 1500 av "lange distansar" og dei går like så godt første dag og siste dag - så det kan bli mykje sightseeing på mellomdagane... (Eg snakkar av erfaring.)

Profilen på Gneist-troppen som dreg til Lillehammer stadfestar i stor grad påstanden min: Her er mange som spring kort, eit par utøvarar som er til stades på kvar sin enkeltdag og éin som spring fleire lengre distansar - men då i seniorklassen.

Her er oversikten:

J13
Michelle Floor Heggeland, 60m, 100m, lengde


J15
Ingrid Næss Johansen, 1500m


J16
Monika Benserud, 100m, 200m, 80m hekk, lengde


J17
Marianne Benserud, 100m, 200m, stav
Tina Therese Jenssen, 100m, 200m, lengde, stav
Maren Riøsen, 100m, 200m, lengde

G11
Håvard Rinde, 60m, 200m, 600m, 60m hekk, høgde, lengde, kule, spyd


G14
Sondre Rinde, 60m, 100m, 200m, 80m hekk, lengde, kule

G16
Aleksander Lie, 800m

MS
Jørgen Jensen Axelsen, 800m, 1500m, 3000m

*

I tillegg til Jørgen er følgjande andre BFG-utøvarar påmeldt Veidekkelekene:

Anne Skudal Dolvik, 100m, 200m, 400m
Iren Vevatne Isaksen, 100m, 200m

Jørgen Austvik, 800m, 1500m, 3000m

Team PU med karusell-"pers"

2. Sommarkarusellen innebar også 2. karusellstafett i Team PU si historie. Denne gongen blei me litt "sommar-amputerte" når det galdt deltakarar, men det hindra oss ikkje i å persa til 26.45 (29.53 sist...). No får me framleis særs god hjelp av eit par av assistentane, men det gjorde me altså sist også:

Nicholas fekk også denne gongen 1. etappe. Og mandag hadde han skikkeleg sjarmøretappe; rundt heile banen på Fana Stadion. Dette er ein etappe som skapt for Nicholas! Han trakka skikkeleg til frå første meter og imponerte alle tilskodarane! Han gav så pinnen til Nkomba, ved porten ut frå stadion. Nkomba - den fødde springar - gjorde jobben sin over parkeringsplassen på Fana Stadion, kryssa vegen og gav pinnen til Bentine. Bentine, som karusell-debuterte, er eit skikkeleg allsidig talent - og springing har ho verkeleg i blodet. Ho sprang ein lang og god etappe ned heile fortauet på Grimseidvegen. Der overtok Ole Martin, som steppa inn på "Mathias si etappe" over brua over Fanavegen. Der venta Gina og deretter Martine, som i flott stil brakte laget heilt til Byggern. Oppover frå Byggern var det Anna Serine og Vilde (frå vending på Stend) som steppa inn og gjorde jobben, før Vilde overbrakte pinnen til ein ambisiøs Heine på siste-etappen. Heine hadde valt seg ei ekstra lang etappe. Han begynte knallhardt og med flott teknikk, men gjekk tom litt for tidleg, før han blei løfta fram av publikum ved målområdet og gjennomførte i flott stil.

Det er ei god kjensle at me har gjort denne deltakinga til tradisjon alt! Me har lagt bak oss eit nytt semester og tar sommarferie med godt samvit. Alt midt i august er me i gang igjen, med førebuingar ikkje minst til Gneistspelen siste helga i august.

Første-etappe- kometen Nicholas var dessverre fråverande på biletet, elles er gjengen samla:


mandag 18. juni 2012

10 000 til Gneist - sensasjonelt bra!

Gneist var suverent beste klubb under Tyrvinglekene - ser ein bort frå arrangørklubben, som ikkje er med i lagkonkurransen. Gneist fekk 271 poeng, medan Norna-Salhus på neste plass hadde "berre" 177. Avstand: 94 poeng! Fjorårsvinnar Sandnes var 111,5 bak Gneist i år!

For sigeren i Tyrvinglekene fekk Gneist med seg ein stor, flott pokal.

Men den sensasjonelle meldinga er at Gneist også har vunne - suverent også her! - samanlagkonkurransen for Romerikslekene og Tyrvinglekene. Grunnen er først og fremst nettopp den enorme sigeren under Tyrvinglekene. For under Romerikslekene hadde Gneist éin - 1 - deltakar, Monika Benserud. Rettnok gjorde Monika det framifrå på Lillestrøm siste helga i mai, men tenk om Mailekene-gjengen hadde vore på Lillestrøm i staden: Då hadde "utklassing" blitt eit for mildt uttrykk.

For sigeren i totalkonkurransen får altså Gneist 10.000 blanke kroner!

BUL på 2. plass er 92 poeng bak Gneist, Norna-Salhus på 3. er 107 poeng bak.

Årets Gneist-tropp er den desidert sterkaste i moderne tid - og vel så det, ingen tvil om det. Og hugs også at Gneist ikkje har ein einaste senior-utøvar, ja heller ingen utøvarar i 18/19-klassen. (Også i år var Ole Martin Røssland eldste i troppen: 17 år og fire månader gammal.)

Oppslag og oversikter over slutt-stillingar i lagkonkurransen finst her.

2012: Den segnomsuste året!

Tyrvinglekene dag 3: Essa i ermet

Gneist har gjennomført fantastiske tyrvingleikar. Eg har ikkje heile klubboversikten her eg sit - tilbrakte søndagen i bil - men Gneist dominerte overalt under friidrettens største stemne. Sist eg registrerte lagstillingen i Tyrvinglekene isolert (det er jo no primært ein kombinert lagkonkurranse mellom Romerikslekene og Tyrvinglekene og under Romerikslekene stilte me "berre" med Monika Benserud), ja så leia Gneist suverent av laga utanom arrangørklubben.

Søndagen då? Jo, ein ny serie av fantastiske resultat av nokre av Gneist sine fremste ess:

Først og fremst sprengte Silje Stenersen (J12) tyrvingskalaen, då ho på 1500 meter i Jenter 13 tok andreplassen og pressa persen ned frå 4:59 til 4:56,09. Det er verdt heile 1113 tyrvingpoeng for 12-åringar! (Naturlegvis betring av Silje sin eigen klubbrekord.)

Også Henrik Irgens Gravdal (G14) flyttar nye grenser på same distanse, 1500 meter. Frå før hadde Henrik fenomenale 4:20, men kva skal me då seia om 4:17,83 som blei vinnartida søndag? Den er verdt 1071 tyrvingpoeng, er 12. beste i klassen gjennom alle tider i landet og tredje best i Hordaland - berre rundt to sekund bak kretsaldersrekorden. (Det seier seg då sjølv at det også er klubbrekord, altså betring av Henrik sin eigen.)

Anna Evensen (J12) er flink til mykje, men framfor alt er ho suveren på korthekken: På 60 meter hekk blei det 10,18 siste tyrvingdag (1060 poeng). Dermed har Anna også klubbrekorden åleiene, etter at ho har delt den ei lita stund med Maren Haugen Lillefosse (10,24).

Kristoffer Blücher (G13) sprang sin korthekk - 60 meter - på 9,51. Det er verdt 1058 poeng.

Også Pål Haugen Lillefosse (G11) avslutta eit framifrå stemne med 60 meter hekk. 10,22 blei det på Pål. Pål var ein ny i rekka som betra eigen klubbrekord (frå 10,36).

Renate Lie (J14) kom seg under 5 blank på 1500 meter: 4,55,29 er den nye persen på (998 poeng).

Og Vilde Lund Bjørnsen (J16) sprang ein fin 400 meter i J17. Tida blei 58,95 (994 poeng).

... Og så er spørsmålet om Gneist med dette har nådd toppen eller om denne fantastiske rekka kan toppast neste juni?...

søndag 17. juni 2012

Tyrving: over halvvegs

Ja, det blir ikkje heilt rapport "etter dag 2" dette. Først var det Marka som kalla seint lørdag kveld: halvannan mil i glimrande terreng... Og no, søndag morgon, er det vene Søreidgrend som kallar - det vil seia ein lang biltur heim. Dessverre går me glipp av dag 3 "live" denne gongen.

Men, tilbake til (det meste av) lørdagen:

Pål Haugen Lillefosse (G11) sprang ein fantastisk 200 meter, der han vann på 28,42. Det gir heile 1066 tyrvingpoeng, og med det sletta også Pål Marius Benserud sin klubbrekord på 29,08 frå 2000.


Kristoffer Blücher (G13) sitt eventyr av eit Tyrving-stemne fekk sitt framhald: Først blei det 7,93 i forsøket på 60 meter. Det var tangering av pers, men i finalen klinka Kristoffer til med 7,79 (!), som inneber 1056 tyrvingpoeng og som også slettar Fredrik Nesslin sin 11 år gamle klubbrekord (7,92). Kristoffer vann med det 60 meter suverent, men meir suveren var sigeren i lengde. Der blei det 5,48 - 1026 poeng - og pynting på eigen klubbrekord (5,37 innomhus, 5,10 ute).

Maren Haugen Lillefosse (J14) kom i mål på glitrande 31,13 på 200 meter hekk (denne gongen med vindmåling) - 1018 poeng.

Sondre Rinde (G14) vann like så godt 100 meter hekk i G15. 15,09 er også solid betring av eigen klubbrekord i G14.

Monika Benserud (J16) hoppa 11,48 i tresteg (958 poeng).

Stian Øvergaard Aarvik (G15) viste knallform Tyrving-helga. På 800 meter blei det 2:08,92 - over to sekunds betring av pers (911 poeng).

Søster Nora Øvergaard Aarvik (J13) sprang ein flott 60 meter på 8,74 (908 poeng).

Og så har ikkje "Friidrettssagaen Anders Bjørndal" nokon ende: På 800 meteren i G17 blei det, på stein fossensk, "super-pers" på 2:04,09 (gamle på 2:06,68): 881 poeng og dermed under UM-kravet på ny distanse.

Stafettar, 4 x 60 meter:
Gutar 10-12: 35,39 (Tobias Allers-Hansen, Pål Haugen Lillefosse, Håvard Rinde og Thomas Blücher)
Gutar 13-14: 30,83 (Henrik Irgens Gravdal, Kristoffer Blücher, Eirik Leikvoll, Sondre Rinde): Ny klubbrekord (den gamle var på 31,70, frå i fjor.)
Jenter 13-14: 32,64 (Anna Evensen, Nora Øvergaard Aarvik, Maren Haugen Lillefosse, Renate Lie)

lørdag 16. juni 2012

Tyrving dag 1: "helt kanon"

(Nadderud/Nittedal): Ok, eg veit eg missa "Før Tyrving-bloggen", men då me kom til Nittedal torsdag tordna og lynte det og planen om full gjennomgang forsvann i dei mørke skyene like ved marka her i Nittedal. Fredag føremiddag braut breibandet i huset saman, så då får me i staden ta full gjennomgang etter første dag.

Og det er jo rimeleg å sitera Torstein sin velkjente uttrykk "helt kanon!!!" for å skildra mykje av det som hende dag 1:

Henrik Irgens Gravdal (G14) held fram med å skriva seg inn i historiebøkene. Denne gongen senka han persen til 1:27,72 (nesten tre sekund ned). Det var eit fantastisk gjennomført løp - verdt 1085 poeng. Og naturlegvis er det klubbrekord - det var jo betring av Henrik sin eigen.

Stian Øvergaard Aarvik (G15) melde seg inn i 1000 poengs-klubben med hinderløpet sitt under Framolekene. Fredag tok han også med 2000 meter i samlinga: Det blei 6:02,92 og 1009 poeng.

Andreas Iden (G17) følgde opp ein solid 5000 meter under KM, då han sneik seg under 9 blank på 3000 meter for første gong og persa på distansen for første gongen sidan våren for to år sidan. Tid: 8,59,54 - og dermed blei det også 1001 poeng.

Jamt 1000 poeng oppnådde Marianne Benserud (J17) for sitt stavhopp på 3,20. Marianne har 3,32 frå innomhus-sesongen, men 3,20 er beste resultatet oppnådd ute av ei 17års-jente i Gneist-historia.

Silje Stenersen (J12) er i kjempeslag før helgas største mål; 1500 meter søndag. Fredagen blei det nemleg ny pers på 600 meter, med 1:45,69 (verdt 983 poeng).

Naturleg nok blei dagens høgdepunkt for bloggaren Anna Serine Røssland (J15) sitt bronesløp på 2000 meter. Tida 7:01,47 er verdt 938 poeng og er pers med ti sekund frå løpet under Framolekene.

Broder Ole Martin Røssland (G17) gjennomførte sitt første baneløp sidan Opningsstemnet 8. mai. Berre det var jo gildt. 9:30,79 er sesongbeste, verdt 916 poeng.

Håvard Rinde (G11) braut 4-meters grensa i lengde  og hoppa 4,02 (894 poeng).

Magnus Leikvoll (G16) tangerte persen i høgde, på 1,70 (874 poeng).

Og endeleg må me ta med Ingrid Helene Nyhus (J15), som sprang 3000 meter i J16. Det enda både med sølv og med pers med nøyaktig to sekund: 10:44,03.

tirsdag 12. juni 2012

Kvalifiseringsstatus, UM, pr. 12. juni 2012

Det er framleis godt over to månader igjen til påmeldingsfristen til årets UM på Ravnanger, Askøy (21. august). Og det kjem både store og små stemne i den perioden. Svært mange er kvalifiserte alt - og det dett stadig nye inn som er kvalifiserte også til UM på Lillehammer i 2013.

Totalt er no 21 utøvarar kvalifiserte til årets UM - tre fleire enn ved sist oversikt tidleg i mai. Dei nye utøvarane er Stian Øvergaard Aarvik (G15), Stian Norheim (G16) og Anders Bjørndal (G17). I tillegg er det kome til nokre nye øvingar for ein del av dei som alt var kvalifiserte. Me reknar også med Ingrid Helene Nyhus (J15) mellom dei kvalifiserte, ho spring i utgangspunktet øvingar der det er fri påmelding.

Her er oppdatert oversikt (og igjen; eg vurderer ikkje kor vidt alle utøvarane framleis er aktive - dei er uansett kvalifiserte...):

G15
Emil Engelsen Holm (100m, 200m)
Stian Ø. Aarvik (800m)

G16
Magnus Leikvoll (stav, høgde)
Aleksander Lie (800m, 300m hekk)
Stian Norheim (3000m)
Håvard Våge Opheim (stav)
Amund Høie Sjursen (100m, lengde, tresteg, høgde)

G17
Anders Bjørndal (3000m)
Andreas Iden (800m, 3000m)
Ole Martin Røssland (3000m)

G18/19
Jørgen Jensen Axelsen (3000m)

J15
Ingrid Næss Johansen (800m)
Anna Serine Røssland (800m)

J16
Monika Benserud (100m, 200m, 80mh, lengde, stav, tresteg)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, lengde)

J17
Marianne Benserud (200m, 100mh, høgde, stav, lengde)
Tina Therese Jenssen (stav)
Vilde Omholt (800m)
Maren Risøen (lengde)

J18/19
Synne Våge Opheim (stav, tresteg)
Anne Marte Aldal Sætre (stav)

***

Meir detaljert oversikt over kvalifiserte til UM i 2013 kjem først etter at årets UM er over - det får vera måte på forvirring, men alt no er 15 utøvarar kvalifiserte til UM på Lillehammer. Dei to nyaste er Henrik Irgens Gravdal (G15, 800m) og Emil Engelsen Holm (G16, 200m).

mandag 11. juni 2012

KM dag 3: Vaksen avslutning

Då var det dei frå 15 år og oppover som hadde søndagen åleine på Fana Stadion under KMs siste dag i 2012. Framleis var det sommarveret som dominerte. Og mykje bra blei oppnådd også denne dagen:

Andreas Iden (G17) sprang ein svært god 5000 meter, kom i mål på solid pers, 15:50,70, og plukka 998 tyrvingpoeng.


Henrik Irgens Gravdal (G14) sprang denne gongen 400 meter i G-15, der han fekk 56,62, som er verdt 995 tyrvingpoeng for 14-åringar.

Amund Høie Sjursen (G16) ventar på optimale vindforhold på 100-meteren - det er enten for mykje medvind eller i meste laget med motvind. Søndag var det heile -3 i mot. Likevel blei det flotte 11,85 på Amund (974 poeng). Amund persa også i høgde, til 1,75 (909 poeng).

Jørgen Jensen Axelsen (G19) sprang på 15:46,64 på 5000 meteren, som er verdt 945 poeng.

Anders Bjørndal (G17), som rettar kursen mot USA og eit high school-år i august, held fram sin eventyrlege framgang. Søndag blei det 9:35,96 på 3000 meter. Med det er Anders i alle fall kvalifisert til UM på Askøy på distansen (sjølv om han altså er å finna i Minnesota på den tida) og Anders bikka også over 900 tyrvingpoeng for første gongen (902). No får Anders jakta på UM-kravet for 18-åringar (9:30), så er det i boks før han returnerer neste vår.

Magnus Leikvoll (G16) fekk det endeleg til å klaffa igjen: Med 1,70 i høgde svinga Magnus seg over UM-kravet i øvinga, som andremann frå Gneist. Hoppet er verdt 874 poeng.

Aleksander Lie (G16) hadde to 3000 meter-løp bak seg i karrieren før søndagens: eitt som 13-åring og eitt som hare i fjor haust. Persen frå tre år tilbake blei i alle fall slegen. Tida blei 10:12,03 (837 poeng).

Og Marianne Benserud (J17) hoppa 1,40 i høgde (805 poeng).

søndag 10. juni 2012

KM dag 2: Sommar på Fana Stadion

KM meg her og meg der, lørdag var det no den veldige sommarkjensla som prega oss på Fana Stadion. Du veit, det er no ikkje sommarver og sommarvarme me har mest av me som har til vane å besøka Fana Stadion og omland det aller meste av året. Så lørdag var det berre å nyta det!

Men opptil fleire presterte i varmen også:

Kristoffer Blücher (G13) slo til med eit nytt storløp, lørdag blei det 29,67 på 200 meter hekk (1091 poeng). Det er knappe to tidelar betre enn Sondre Rinde sin gamle klubbrekord. Kristoffer sprang også ned til 7,93 på 60 meter (1018 poeng) - og det er 1/100 bak Fredrik Nesslin sin 11 år gamle klubbrekord.

Maren Haugen Lillefosse (J14) sprang ein strålande 200 meter hekk på 30,64. I skrivande stund manglar løpet vindmåling. Eg reknar med at det kjem på plass etter kvart. Tida er berre 6/100 bak Monika Benserud sin to år gamle klubbrekord.

Og då tok det berre éin dag til før Gjert Høie Sjursen (G12) også i år blei kast-representanten i 1000 poengs-klubben. Det klarte han med 32,73 i diskos (1009 poeng). Det er også betring av Gjert sin eigen klubbrekord. Gjert hoppa også 4,17 i godkjent vind i lengde (4,31 i for mykje medvind), noko som gir 844 tyrvingpoeng.


Pål Haugen Lillefosse (G11) hoppa 4,52 i lengde (994 poeng).

Anna Evensen (J12) pynta på persen sin i lengde til sterke 4,66 (991 poeng). (Ho nærmar seg stadig Vilde Lund Bjørnsen sin klubbrekord på 4,77.)

Sondre Rinde (G14) vann heatet der Kristoffer Blücher sprang så fort i G13 på 200 meter hekk. Det gjekk såleis endå fortare med Sondre; 29,43 (986 poeng). Rettnok fortel dei første resultatlistene at Sondre i dag heitte "Arnstein Borge" og representerte "Osterøy IL". Det skjer eitt døger etter at Sondre var blitt til Henrik og Henrik til Sondre på 200 meter. No ja.

Emil Engelsen Holm (G15) held fram framgangen på 200 meter og er no topp 3 i Norge, etter lørdagens løp på 24,40 (966 poeng).

Hans-Magnus Haukøy (G11) presterte 4,34 i lengdegropa (958 poeng).

Michelle Floor Heggeland (J13) hoppa 4,50 i lengde (895 poeng).

Espen Bjørndal (G12) oppnådde sesongbeste i høgde med 1,35 (895 poeng).

Cathrine Harris (J14) sprang 60 meter på 8,83 - førebels utan vindmåling på mi resultatliste. Sesongbeste blei det i lengde på Cathrine, med 4,62 (867 poeng).

Aleksander Lie (G16) sprang ein 800 meter ganske etter planen og hamna på sesongbeste på 2:06,64 (880 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) hoppa 4,56 i lengde (842 poeng).

Anders Bjørndal (G17) tapte duellen med Aleksander Lie på 800 meter med 4/100, men på den andre sida betra Anders persen sin med 1/100 - frå 2:06,69 til 2:06,68 (834 poeng).

Thomas Blücher (G12) pynta på tida si på 60 meter - den blei på 9,03 (829 poeng).

Ingrid Næss Johansen (J15) sprang inn til 2:31,55 på 800 meter (804 poeng), i ein tett duell med Anna Serine Røssland, som enda på 2:32,03, begge tidene er sesongbeste.

lørdag 9. juni 2012

Tresteg utan vind

Då er det blitt stadfesta at det ikkje var vindmåling i det heile i tresteg i dei yngste årsklassane (11 og 12 år) under KM på Fana Stadion fredag.


Sannsynlegvis var det medvind og sannsynlegvis var denne medvinden (godt) innanfor det godkjende, men så lenge det ikkje finst offisiell dokumentasjon må desse resultata setjast i parentes i rekordsamanheng og når det gjeld bruk i lagserie (til dømes).

Det råkar dei flotte resultata til Pål Haugen Lillefosse (skulle/kunne ha vore klubbrekord i G11), Håvard Rinde og Sanne Lillevik Christensen.

Men her er mange sjansar til å pynta på desse resultata under dokumentert godkjende forhold enno.

KM dag 1: Seinkveld på Fana

Litt krøll i starten under KM sin første dag førte til at det blei seine kvelden før stemnet var unnagjort, men det var fina veret og blide ansikt, så då går det meste.

Pål Haugen Lillefosse (G11) betra eigen klubbrekord på 60 meter hekk (68cm), då han i vindstille sprang på 10,36 (1028 poeng), Pål hadde 10,41 frå tidlegare. Klubbrekord blei det også i tresteg for Pål. Der hoppa han 9,78, medan Marius Benserud hadde 9,52 frå 2000. Heilt offisiell er ikkje den rekorden før me har fått vindmåling på Pål, men det aller meste av vind-øvingar var godt innanfor det godkjende fredagskvelden. Hoppet er - om godkjent - verdt heile 1058 tyrvingpoeng. Han kom elles i mål på 29,83 på 200 meter (946 poeng).

Anna Evensen (J12) viste igjen at ho er ein eminent hekkeløpar. Med 10,24 på 60 meter hekk plukka ho med seg heile 1049 tyrvingpoeng. Tida er også tangering av Maren Haugen Lillefosse sin to år gamle klubbrekord. På 200 meter blei det 30,18 på Anna (868 poeng).

Kristoffer Blücher (G13) er i gang med eit nytt solid stemne: I tresteg blei det 11,43 (1033 poeng). Det er betring av Sondre Rinde sin årsgamle klubbrekord med åtte centimeter. På 60 meter hekk blei det 9,70 (1020 poeng).


Gjert Høie Sjursen (G12) nærmar seg 1000 poengs-grensa også i år. Med 11,21 i kule - ei solid forbetring frå 10,42 - blei det 994 poeng. Resultatet var også tilsvarande betring av Gjert sin klubbrekord.

Sanne Lillevik Christensen (J12) er også ei av dei me ventar på vindmåling på tresteghoppa på. 9,28 er i utgangspunktet verdt fine 978 poeng.


Sondre Rinde (G14) landa på 11,56 i tresteg-gropa (956 poeng).

Renate Lie (J14) sprang i mål på like over 5:03 på 1500 meter (resultatlista manglar korrekt hundredel, det kjem) - 952 poeng og årsbeste på Renate.

Håvard Rinde (G11) betra seg også i tresteg (med atterhald om at det inntil vidare manglar vindmåling), resultatet blei 8,58 (938 poeng). Han slengte kula av garde til 9,06 (913 poeng) og sprang 200 meteren på 31,12 (836 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) gjennomførte ein solid tresteg-konkurranse og enda opp på 10,43 som resultat (933 poeng).

Michelle Floor Heggeland (J13) pynta på persen sin, då ho sprang på 28,68 på 200 meter (923 poeng).

Sesongbeste/utepers blei det på Ingrid Helene Nyhus (J15) på 1500 meter med tida 5:07,44 (871 poeng).

Henrik Irgens Gravdal (G14) konsentrerte seg om 200 meter denne gongen. Der oppnådde han 26,69, som gir 839 poeng (sjølv om den førebelse resultatlista generøst har gitt Henrik tida til Sondre.)

Hans-Magnus Haukøy (G11) oppnådde 11,37 på 60 meter hekk (826 poeng) og kom i mål på 31,29 på 200 meter (822 poeng).

torsdag 7. juni 2012

Før KM

Då er streiken over, sola er tilbake og det er i tillegg meldt om omtrent vindstille komande helg - årets KM-helg. For i år er det éi helg og eitt arrangement, medan det dei siste åra har vore delt opp i 11-14 og 15+. Og alt går føre seg på Fana Stadion.

GNEIST har naturleg nok ein heil haug med påmelde til KM. Og her er dei:

J11
Sara Tyssebotn Berg, 60m, 600m, lengde, tresteg, 200m
Malin Henrii, 60m, lengde

J12
Sanne Lillevik Christensen, 200m, kule, tresteg
Anna Evensen, lengde, 60m, 200m, tresteg, 60m hekk
Charlotte Harris, kule

J13
Michelle Floor Heggeland, 60m, lengde, 200m

J14
Maria Josefine Berg, lengde, 60m, 1500m
Cathrine Harris, lengde, 60m, spyd, 60m hekk, tresteg
Renate Lie, 1500m, 600m, 200m
Maren Haugen Lillefosse, lengde, 60m, 60m hekk, 200m, 200m hekk

J15
Ingrid Næss Johansen, 800m
Ingrid Helene Nyhus, 800m, 1500m
Anna Serine Røssland, 800m, 1500m

J16
Monika Benserud, 100m hekk (i J17)
Vilde Lund Bjørnsen, 100m, 200m

J17
Mariane Benserud, stav, høgde
Tina Therese Jenssen, lengde
Maren Risøen, 200m, lengde

G11
Hans-Magnus Haukøy, lengde, 200m, 60m, 60m hekk, tresteg, 600m, spyd
Pål Haugen Lillefosse, lengde, 200m, 60m, 60m hekk, høgde, tresteg, stav
Håvard Rinde, lengde, 200m, 60m, 60m hekk, høgde, tresteg, kule, 600m

G12
Thomas Blücher, 600m, 60m, 200m, tresteg
Gjert Høie Sjursen, 60m, lengde, kule, spyd, slegge, diskos

G13
Kristoffer Blücher, 200m, 600m, 60m, 200m hekk, 60m hekk, tresteg
Kristian Schjønningsen, lengde, 200m, 600m, 60m hekk, tresteg, kule

G14
Henrik Irgens Gravdal, spyd, 60m, 600m, 200m, 1500m, 400m (G15)
Eirik Leikvoll, høgde, 60m, stav
Sondre Rinde, lengde, 200m hekk, 60m, tresteg, 200m, 60m hekk, 80m hekk

G15
Mats Bjørndal, lengde
Emil Engelsen Holm, 100m, 200m

G16
Magnus Leikvoll, stav, høgde
Aleksander Lie, 800m, 400m, 3000m
Stian Norheim, 1500m
Håvard Våge Opheim, 100m, stav, høgde
Amund Høie Sjursen, lengde, 100m, høgde, tresteg

G17
Anders Bjørndal, 3000m, 800m
Ole Martin Røssland, 3000m

G18/19
Magnus Pettersen Lunde, 800m, 3000m


Det er også ein fin bukett BFG-utøvarar i seniorklassane:

KS
Anne Skudal Dolvik, 200m, 100m
Iren Vevatne Isaksen, 100m
Christine Bjelland Jensen, 100m


MS
Jørgen Austvik, 800m, 1500m, 5000m
Jørgen Jensen Axelsen, 800m, 1500m, 5000m
Bjarte Eikanger, 1500m, 5000m
Egil Johan Hessen, 5000m
Dag Hilland, 5000m
Andreas Iden, 5000m
Miguel Blanco Maldonado, 5000m
Stian Norheim, 5000m
Petter Rasmussen, 5000m
Morten Seliussen, 5000m

onsdag 6. juni 2012

Kvalifiseringsstatus, BFG (pr. 6. juni 2012)

I og med at ein kan kvalifisera seg til meisterskap alt året før meisterskapet finn stad, så betyr også det at det er muleg å få temmeleg god oversikt over kven som skal delta og kor mange ganske tidleg. Dei aller fleste av dei som er gode nok til å kvalifisera seg i år, var gode nok alt i fjor - for å seia det på ein annan måte.

Ein del av utøvarane har klart kravet i fleire øvingar, men til junior- og senior-NM treng ein altså berre klara kravet i minst éi øving, så er ein kvalifisert for kva ein vil.

Det er såleis vel så interessant å løfta blikket og sjå kven som alt no er kvalifisert for meisterskapa neste år, i 2013. Det siste nye på den fronten er kjempesvevet til 14-åringen Maren Haugen Lillefosse i lengde under Framo-lekene, på 5,42, eit resultat som kvalifiserer Maren til senior-NM i Tønsberg neste seinsommar.

Vel, her får ein oversikten både for dette året - og for det neste:

2012

SENIOR-NM (10 kvinner)
Marianne Benserud 
Monika Benserud
Vilde Lund Bjørnsen
Martine Eikemo Borge
Anne Skudal Dolvik
Evelinn Hovi Eeg
Iren Vevatne Isaksen
Christine Bjelland Jensen
Elise Una Mikkelsen
Pernille Thomassen

JUNIOR-22 (1 kvinne, 2 menn)
Martine Eikemo Borge

Jørgen Austvik
Martin Cappelen Smith

JUNIOR-19 (17 kvinner, 7 menn)
Birgit Attestog
Marianne Benserud
Monika Benserud
Sara Berrefjord
Vilde Lund Bjørnsen
Eline Bruce
Elina Drivenes
Evelyn Hove Eeg
Christine Bjelland Jensen
Tina Therese Jenssen
Ingrid Næss Johansen
Målfrid Pettersen Lunde
Elise Una Mikkelsen
Eline Myking
Ingrid Helene Nyhus
Synne Våge Opheim
Anna Serine Røssland

Jørgen Jensen Axelsen
Kristian Blummenfelt
Andreas Iden
Adrian Manum Kvinge
Ole Martin Røssland
Amund Høie Sjursen
Thomas Langhelle Trefall

2013

SENIOR-NM (9 kvinner)
Marianne Benserud
Monika Benserud
Vilde Lund Bjørnsen
Martine Eikemo Borge
Anne Skudal Dolvik
Iren Vevatne Isaksen
Christine Bjelland Jensen
Maren Haugen Lillefosse
Pernille Thomassen

JUNIOR-22 (4 menn)
Jørgen Austvik
Jørgen Jensen Axelsen
Adrian Manum Kvinge
Thomas Langhelle Trefall

JUNIOR-19 (14 kvinner, 4 menn)
Monika Benserud
Marianne Benserud
Sara Berrefjord
Vilde Lund Bjørnsen
Eline Bruce
Elina Drivenes
Christine Bjelland Jensen
Ingrid Næss Johansen
Renate Lie
Maren Haugen Lillefosse
Målfrid Pettersen Lunde
Eline Myking
Ingrid Helene Nyhus
Anna Serine Røssland

Kristian Blummenfelt
Andreas Iden
Ole Martin Røssland
Amund Høie Sjursen

mandag 4. juni 2012

God sommar med Team PU

Sommar her vestpå, det er det når kalenderen fortel det. Mandag kveld inviterte Gneist til historiens første "Sommerkarusellen" i eigen regi. Det skjedde i ikkje så veldig mange gradene og i pistrande regn. "Gode springeforhold", var hovudkommentaren frå temmeleg blide deltakarar, som talde om lag 225.

Team PU debuterte også med sin første offisielle stafett. Det store forbildet her er Lauf Club 21 i Tyskland si deltaking i maratonstafettar rundt om i dei store tyske byane. Den klubben er så stor at ein kan dela opp ein heil maratondistanse og få gjennomført den som lag.

Me starta såleis varsamt i Team PU, med 5 km - og med drahjelp frå våre eigne assistentar Vilde Omholt og Anna Serine Røssland, i tillegg til Heine si veslesøster, Selma.

Alle utøvarane la i veg med full konsentrasjon, fokus og iver. Nicholas med konkurranseinstinktet var naturleg startmann. Han gav pinnen vidare til Fredrik, som la i veg nedover fortauet mot Fanaveien. Over fotgjengarovergangen nede i krysset var det Mathias som overtok. Han forserte brua over vegen og neste fotgjengarovergang, der Gina overtok pinnen. Ho sprang som vanleg godt og leverte pinnen til si gode venninne Martine. Martine blei heia fram mot Byggern. Her overtok Anna Serine pinnen. Ho la i veg heilt opp til Stend, der først Selma sprang ein etappe ved Stend stasjon, før Vilde sprang ei lengre etappe "på heimveg". Ho stoppa ikkje før ho fann Nkomba om lag 500 meter før mål. Nkomba hadde venta tålmodig på pinnen og langa av garde. Heine var nestemann ut - og iveren stod i stil med at det no nærma seg målgang: Han gav pinnen til ankerjenta Sofie, som i fin stil sprang i mål ved Byggern.

Tida blei 29 minutt og 53 sekundar, som er ein kjempeprestasjon.

Også Andreas og Ole Martin var nødvendige bidragsytarar, saman med foreldre-ledsagarar, for at denne debuten blei så vellykka som den blei.

Her er den blide gjengen. Legg merke til Nkomba sin "Usain Bolt": Only the sky is the limit (og knapt nok den)...:


søndag 3. juni 2012

Framo dag 4: hyllest

Då er Framolekene over for denne gongen og det er på sin plass med ein liten hyllest til Norna-gjengen som har klart å gjennomføra på fint vis igjen - og denne gongen med vaktmeistrar og haugevis med andre i streik. Vel blåst!

Og hyllest er det også på dag 4 mange Gneist-utøvarar som fortener:

Først tar me med eit nytt kanonløp av Amund Høie Sjursen (G16), denne gongen på 100 meter. Det blei 11,32! - men denne gongen var medvinden for sterk (+3,1), men likevel; det var rein utklassing av svært sterke sprintarar i G16-klassen. I lengde var det også for mykje vind på lengstehoppet (6,63), men 6,51 med godkjent vind er likevel særs godt (1022 poeng). Den gamle klubbrekorden i lengde var på 6,44 og var frå 1988/1979...

Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen (J16) sprang eit sterkt 100 meter-løp, med høvesvis 12,58 (1027 poeng) og 12,69 (1009 poeng) som resultat.

Imponert blei me også av kometen Michelle Floor Heggeland (J13) på 100 meteren. Den gjekk unna på sterke 13,47 (988 poeng) - og no er ikkje avstanden ned til nemnde Vilde Lund Bjørnsen sin klubbrekord veldig stor (13,32). På 600 meter blei det 1:50,21 på Michelle (802 poeng).


Pål Haugen Lillefosse (G11) sprang 40 meteren på 6,41. Det er ein særs bra prestasjon, verdt 996 tyrvingpoeng, men det er framleis 7/100 ned til Mats Bjørndal sin klubbrekord... I kule blei det 8,68 på Pål (890 poeng).

Jørgen Jensen Axelsen (G19) sprang på 9:01,61 på 3000 meter (949 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G12) støtte kula til 10,42 (947 poeng), som også er gjeldande klubbrekord i G12 med 3kg-kula.

... og rykta frå innomhus- og terrengløpsesongen om at den sterke mellom- og langdistansetrioen i 97-årgangen mellom jentene var blitt redusert til ein duo, må vel sjølv ein inhabil bloggar få lov til å slå fast no at var monaleg overdrivne: Trioen lever i beste velgåande, med Ingrid Helene Nyhus som spydspissen og med Ingrid Næss Johansen og Anna Serine Røssland (berre) eit lite steg bak. Ingrid Helene sprang 2000 meter på 6:59,18 (947 poeng og betring av Ingrid Helene sin eigen klubbrekord frå innesesongen, på 7:01,47), Ingrid kom i mål på 7:11,14 (899 poeng) og Anna Serine på 7:11,50 (898 poeng).


Håvard Rinde (G11) hoppa 1,30 i høgde (944 poeng), sprang 40 meteren på 6,61 (926 poeng) og støtte kula til 8,95 (907 poeng).

Stian Norheim (G16) sa seg ikkje heilt nøgd med 3000 meter-løpet sitt på 9:47,23, men uansett er Stian med det klar for UM på distansen og det er no verdt 904 tyrvingpoeng då.

Andreas Iden (G17) sprang denne gongen i seniorklassen på 3000 meter. Det enda med 9:27,81 som resultat (924 poeng).

Herman Hovland (G13) imponerte på 100 meter, då han sprang på 13,44 (891 poeng).

Cathrine Harris (J14) støtte kula til 8,67 (872 poeng).

Søster Charlotte Harris (J12) sitt kuleresultat blei på 8,08 (868 poeng).

Espen Bjørndal (G12) kom seg over 1,30 i høgde (860 poeng).

Eirik Henriksen Karstad (G17) sprang ein fin 400 meter, på 55,03 (858 poeng).

Aleksander Lie (G16) sprang 400 meter på 56,10 (856 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) sprang 600 meter på 1:40,53 (843 poeng).




lørdag 2. juni 2012

Framo dag 3: Høg WOW-faktor

Det var mykje "wow!" både på Fana Stadion og då eg på systematisk vis gjekk gjennom lørdagens resultatliste frå Framolekene. Her var igjen særs mykje å skriva heim om - eller skriva blogg om!:

WOW: Silje Stenersen (J12) knuste alt og alle på 1500 meter og kom seg under 5 minutt! Tida blei 4:59,58 og det er ein klubbrekord som kjem til å stå ei stund! (Den gamle hadde Renate Lie, på 5:09,24 frå 2010). Løpet er verdt heile 1092 tyvingpoeng! Det er desidert beste løpsprestasjonen i Gneist i 2012.


WOW: Henrik Irgens Gravdal (G14) sprang 1500 meter i G15, blei knepent slegen av spurtsterke Vegard Austevoll frå Kalandseid, og kom i mål på 4:20,13. Med det pynta Henrik på eigen klubbrekord, sett i Haugesund for ei lita veke sidan og plukka med seg 1055 tyrvingpoeng!

WOW: Amund Høie Sjursen (G16) utklassa eit svært sterkt 60 meter-felt og sprang heilt ned på 7,27! Det gir heile 1035 tyrvingpoeng og er ny klubbrekord! Amund kom seg også over 1,70 i høgde (874 poeng), som er identisk med UM-kravet i øvinga.

WOW: Maren Haugen Lillefosse (J14) fekk også 1035 tyrvingpoeng for sitt kjempesvev i lengde: 5,42 er ein kjempepers og det er ny klubbrekord. Den gamle (med planke) hadde Monka Benserud frå 2010 på 5,28. På 60 meter hekk blei det også eit knallresultat for Maren: 9,57 (1024 poeng) og på 60 meter blei det 8,28 (991 poeng).


Pål Haugen Lillefosse (G11) fekk denne gongen elektronisk tid (manuell i Haugesund sist helg) på 60 meter hekk. Det blei 10,41, som er verdt 1018 tyrvingpoeng og som er ny klubbrekord. Stian Norheim hadde den gamle utomhus, frå 2007, medan Pål sjølv hadde 10,55 inne i vinter.

Monika Benserud (J16) sprang 60-meteren på nøyaktig 8,00. Denne gongen var det godt innanfor godkjent vind. Det gir 1013 poeng og er 22/100 betre enn den gamle ute-klubbrekorden, sett av Benedikte Liland i 2003. (Monika har 7,94 frå innesesongen.)

Sondre Rinde (G14) melde seg opp i G15 og sprang 300 meter hekk der. Det gjorde han bra: 44,45 er verdt 1011 poeng og er under UM-kravet for 15-åringar.

Kristoffer Blücher (G13) sitt hekkeløp over 60 meter gjekk unna på 9,87 (986 poeng).

Anna Evensen (J12) slo til med heile 4,63 i lengde. Det gir 985 poeng og er berre 14 centimeter bak Vilde Lund Bjørnsen sin klubbrekord frå 2008.

Eit nytt solid kastresultat blei det på Gjert Høie Sjursen (G12). Denne gongen blei det 25,54 i slegge (970 poeng), som er ny klubbrekord med 3kg/110cm-slegge.

Andreas Iden (G17) pynta på sesongbeste på 1500 meter, då han i seniorfeltet sprang inn på 4:15,47 (933 poeng).

Sanne Lillevik Christensen (J12) hoppa 4,19 i lengde (892 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) sprang 60 meter hekk på 10,34 (892 poeng).

Michelle Floor Heggeland (J13) hoppa 4,44 i lengde (882 poeng).

Håvard Våge Opheim (G16) sneik seg under 8 sekund på 60 meter; 7,98 (843 poeng). Håvard hoppa også 1,60 i høgde (804 poeng).

Aleksander Lie (G16) sprang 300 meter hekk på 45,24 (841 poeng).

Charlotte Harris (J12) fekk 3,88 i lengde med godkjent vind (827 poeng), medan det blei fine 4,01 i for mykje medvind (+3,5).


Håvard Rinde (G11) hoppa 3,68 med godkjent vind i lengde, som gir 826 poeng (3,85 i for mykje medvind på Håvard).

Cathrine Harris (J14) sprang 60 meter på 8,91 (821 poeng).


Hans-Magnus Haukøy (G11) sprang 60-meteren på 9,50 (811 poeng).

Herman Hovland (G13) plukka med seg nøyaktig 800 poeng for sin 60 meter på 8,74.