mandag 30. juli 2012

Kvalifiseringsoversikt, Overhalla 2013

Årets junior-NM i Sigdal er nett avslutta og det er knappe 51 veker igjen til neste års arrangement i Overhalla. Det blir eit nytt år med grundig reiseplanlegging, med både fly- og biltur opp til Namsens breidder i Nord-Trøndelag ein stad.

No ja. Til årets junior-NM hadde BFG Fana 29 kvalifiserte utøvarar, 19 av dei deltok i Sigdal.

Pr. 30. juli 2012 er det alt 26 utøvarar som er kvalifiserte frå BFG/moderklubbane til neste års junior-NM. Og her er fleire som er tett på, utanom desse.

Her er oversikten:

Junior-19
Kvinner
Monika Benserud
Marianne Benserud
Sara Berrefjord
Vilde Lund Bjørnsen
Eline Bruce
Elina Drivenes
Thyra Hevrøy
Christine Bjelland Jensen
Ingrid Næss Johansen
Renate Lie
Maren Haugen Lillefosse
Målfrid Pettersen Lunde
Elise Una Mikkelsen
Eline Myking
Ingrid Helene Nyhus
Anna Serine Røssland

Menn
Kristian Blummenfelt
Anders Strømblad Hansen
Andreas Iden
Ole Martin Røssland
Amund Høie Sjursen
Erlend Gjerdevik Sørtveit

Junior-22
Menn
Jørgen Austvik
Jørgen Jensen Axelsen
Adrian Manum Kvinge
Thomas Langhelle Trefall

Dobbel medaljefangst

Vikersund/Prestfoss/Heima: Då er årets junior-NM over i fagre Prestfoss, Sigdal. Dette blei eit godt meisterskap. Det var godt å vera til stades på den intime arenaen. Og det er nesten alltid slik at ei lita bygd med stor dugnadsånd skaper dei beste arrangementa. Dei har noko å leva opp til no, der ute på Askøy til UM i august/september.

Søndag sikra Martine Eikemo Borge dobbel individuell siger i år som i fjor i U23, då ho vann 800-meteren på 2:11,09. Det var BFG sin tredje gullmedalje.

I fjor blei det trippel på Martine, då ho også var på vinnarlaget på 1000 meter stafett. I år blei det sølv i staden, knepent bak Vidar frå Oslo. På laget sprang Monika Benserud, Christine Bjelland Jensen, Vilde Lund Bjørnsen og Martine Eikemo Borge. (Tid: 2:14,41).

Eit sølv til blei det avslutningsdagen: Anna Serine Røssland debuterte på 2000 meter hinder i sjølvaste junior-NM og gjorde det til 2. plass på 7:49,35. Anna Serine var for to år sidan første jente på 13 år i Hordaland som sprang 1500 meter hinder. Søndag blei ho første jente i Hordaland på 15 år som gjennomførte ein 2000 meter hinder. Tida er dermed også den første kretsaldersrekorden på distansen i J15 (og klubbrekord i Gneist...).

Den tredje og siste medaljen avslutningsdagen stod Marianne Benserud for, med sine 3,10 i stav.

For å komplettera: Jørgen Jensen Axelsen sprang i mål på 6:26,41 på sin 2000 meter hinder, noko som gav 5. plass.

Totalt gir dette BFG Fana 8 medaljar i årets junior-NM: 3 GULL, 2 SØLV og 3 BRONSE. I 2011 blei det 3 gull og 1 sølv. Sjølv om talet på gullmedaljar var det same i år som i fjor, så er altså den totale medaljefangsten dobla - frå fire til åtte.

Og prognosen er god for ytterlegare auke i Overhalla i Nord-Trøndelag i august 2013...

lørdag 28. juli 2012

Gull i Blåfjell

Vikersund: Ok, eg må vedgå det: I dag har eg ikkje vore på junior-NM i Sigdal. Eg har vore litt i London (via tv), eg har vore mykje på Blaafarveværket her i Modum og så til sist, i kveld, har eg vore på lang springetur i dei flotte Furumo-løypene ved Modum Idrettspark på Geithus (der dei har skøytebane, flott friidrettsbane, symjehall og altså eit flott nett av glitrande springeløyper).

Eg kan skulda på mykje, men det enklaste er å skulda på veret: Det slo til med kraftig regn i føremiddag, over i litt meir "vanleg" regn i ettermiddag. Men no er det ferdig: No skin det over og gjer klart for ei like flott avslutning av meisterskapet som det tok til fredag: Det blir meldt om opp til 24 grader og kraftig sol og slikt.

Men: Via nett-tv fekk eg sjå GULL til Monika Benserud, som også betra seg med ein heil centimeter i tresteg - til 11,72 (982 poeng), eg fekk sjå GULL til Martine Eikemo Borge på 400 meter i U23, sjølv om det blei svært så spennande og tett mellom dei tre som hamna på pallen - og eg fekk sjå BRONSE til Vilde Lund Bjørnsen på 400 meter i U20.

No skal eg ingen slå billege vitsar på at det hjelpte på medaljefangsten at eg ikkje var til stades.

I staden legg eg til at Jørgen Austvik sprang ein habil 1500 meter i U23, kom i mål på 4:03,23, som er beste 1500-meteren i BFG Fana så langt i 2012.

fredag 27. juli 2012

I gang i eventyrland

Prestfoss/Vikersund: Junior-NM er godt i gang her i indre Buskerud. Dette med "eventyrland" var det arrangøren som tok opp under opningsseremonien i ettermiddag. Theodor Kittelsen, eventyrteiknaren, budde nemleg her ein stad og det er Kittelsen-museum i nærleiken. Men også veret var eventyraktig dag 1, sjølv om vinden var "feil" i lengde og sprint.

Og våre? Monika Benserud skaffa første medalje, då ho tok bronse i lengde med 5,53 (med god medvind).

Jørgen Jensen Axelsen og Andreas Iden leverte solide 5000 meter-løp: Jørgen sprang på 15:30,08 (969 tyrvingpoeng i G19) og Andreas persa med sju sekund til 15:43,71 (1009 tyrvingpoeng).

Og Anna Serine Røssland presterte, som ei av dei ytterst få, å persa under forsøka på 1500 meter. Nye bestetida er 5:07,23 (872 poeng).

I morgon, lørdag, seiest det at det skal bli "ekstremver" på Austlandet. Av og til betyr "ekstremver" på austlandsk ei lett vestlandsk byge, men me får no nett sjå...

Vilde Lund Bjørnsen og Martine Eikemo Borge (i høvesvis U20 og U23) skal springa 400 meter-finalar lørdag ettermiddag, etter solide forsøksheat fredag.

onsdag 25. juli 2012

Stordleikane avlyst

Ein årviss tradisjon for underteiknas familie og mange andre i Gneist-familien, Stordleikane, er i år avlyst. Grunnen er at ein ikkje når å få ferdiglagt nytt banedekke i tide, slik ein ser det i Stord IL. Leverandøren av det nye dekket seier derimot noko anna og lovar at dekket skal vera på plass til 10. august, slik det var lova.

Meir om dette kan ein lesa her.


På topp i Norge (juliutgåva, 2012), gutar

For gutar er det Gneist-utøvarar i toppen i fleire øvingar i alle aldersklassar frå 13 til 18/19. Bjarg og Fana har "hol" i nokre årsklassar, men til saman ser dette ganske så flott ut:

G13
1. Kristoffer Blücher, 200m (-)
1. Kristoffer Blücher, 600m (-)
1. Kristoffer Blücher, 60m hekk (-)
1. Kristoffer Blücher, 200m hekk (-)
1. Kristoffer Blücher, lengde (-)
1. Kristoffer Blücher, tresteg (-)
2. Kristoffer Blücher, 60m (-1)
2. Kristian Schjønningsen, tresteg (-)
4. Kristoffer Blücher, 800m (-3)
4. Herman Hovland, 100m (-3)
4. Kristian Schjønningsen, lengde (-2)
5. Kristian Schjønningsen, 60m hekk (-2)
7. Kristian Schjønningsen, 600m (-2)
10. Kristoffer Blücher, kule (-4)
13. Herman Hovland, 200m (-7)
15. Kristian Schjønningsen, kule (-6)
16. Herman Hovland, 600m (-5)
17. Kristian Schjønningsen, 200m (-9)

G14
1. Henrik Irgens Gravdal, 600m (-)
1. Henrik Irgens Gravdal, 1500m (-)
1. Sondre Rinde, 80m hekk (-)
1. Sondre Rinde, 200m hekk (-)
1. Sondre Rinde, 300m hekk (-)
2. Henrik Irgens Gravdal, 800m (-)
2. Eirik Leikvoll, stav (-)
4. Eirik Leikvoll, høgde (-1)
4. Sondre Rinde, tresteg (-1)
6. Sondre Rinde, 100m (-2)
6. Sondre Rinde, lengde (-)
7. Sondre Rinde, 200m (-2)
8. Sondre Rinde, 60m (-)
8. Henrik Irgens Gravdal, 200m hekk (ny)
17. Sondre Rinde, kule (ny)

G15
1. Henrik Almenningen, Fana, spyd, 0,7 (ny)
2. Henrik Almenningen, Fana, tresteg (-)
2. Jakop Kjellstad, Fana, slegge (-)
3. Stian Øvergaard Aarvik, 1500m hinder (-1)
3. Emil Engelsen Holm, 60m (-)
5. Emil Engelsen Holm, 200m (-)
5. Henrik Almenningen, Fana, spyd (-)
6. Stian Øvergaard Aarvik, 1500m (-)
6. Preben Sylvester Jensen, Bjarg, 300m (ny)
7. Stian Øvergaard Aarvik, 2000m (-1)
7. Kristian W. Jensen, Fana, kule (-1)
10. Jakop Kjellstad, Fana, spyd (-)
12. Preben Sylvester Jensen, Bjarg, 100m (-)
16. Preben Sylvester Jensen, Bjarg, 400m (-1)
17. Stian Øvergaard Aarvik, 800m (-)
17. Emil Engelsen Holm, 100m (-)

G16
1. Amund Høie Sjursen, 60m (-)
1. Stian Norheim, 5000m (-)
2. Stian Norheim, 10000m (-1)
3. Aleksander Lie, 600m (-)
3. Aleksander Lie, 1500m hinder (-)
4. Stian Norheim, 1500m hinder (-)
4. Amund Høie Sjursen, lengde (-)
4. Amund Høie Sjursen, 100m (+7)
5. Amund Høie Sjursen, tresteg (-1)
5. Amund Høie Sjursen, høgde (-)
7. Aleksander Lie, 300m hekk (-1)
7. Håvard Våge Opheim, stav (-1)
8. Magnus Leikvoll, stav (-1)
8. Håvard Våge Opheim, 60m (-)
10. Magnus Leikvoll, høgde (-)
11. Magnus Leikvoll, kule (-1)
12. Aleksander Lie, 1500m (-5)
14. Stian Norheim, 1500m (ny)
18. Håvard Våge Opheim, høgde (-1)
20. Stian Norheim, 3000m (-3)

G17
1. Ole Martin Røssland, 10000m (-)
1. Ole Martin Røssland, 5000m (ny)
2. Andreas Iden, 10000m (-)
3. Andreas Iden, 5000m (-2)
3. Andreas Iden, 3000m (-)
6. Andreas Iden, 1500m (-)
9. Ole Martin Røssland, 1500m (-1)
11. Ole Martin Røssland, 3000m (-)
13. Anders Bjørndal, 3000m (-)
14. Anders Bjørndal, 1500m (-3)
15. Anders Bjørndal, 800m (-1)
17. Andreas Iden, 800m (-2)

G18/19
2. Jørgen Jensen Axelsen, 5000m (-1)
2. Thomas Langhelle Trefall, Fana, tresteg (-1)
4. Thomas Langhelle Trefall, Fana, høgde (-)
5. Kristian Blummenfelt, Fana, 3000m (-)
6. Jens Martin Bolstad, Fana, tresteg (-2)
9. Håvard Kristiansen, Fana, lengde (-1)
10. Erlend Gjerdevik Sørtveit, Fana, 600m (-3)
10. Jørgen Jensen Axelsen, 3000m (-2)
10. Jørgen Jensen Axelsen, 1500m (+4)
12. Anders Strømblad Hansen, Fana, 600m (-4)
15. Erlend Gjerdevik Sørtveit, Fana, 3000m (-3)
16. Erlend Gjerdevik Sørtveit, Fana, 1500m (ny)

(Og med det var blogg-innlegg nr. 500 publisert!...)


Før junior-NM - VII

Sjuande og siste bolken med førehandsvurderingar før junior-NM til helga tar for seg to hopp-øvingar for gutar U20 og ein langdistanse for jenter U20:

Thomas Langhelle Trefall er BFG-representanten i tresteg og høgde. Det som er litt spesielt er at det er ein 16-åring som er favoritt i begge øvingane, nemleg Karsten Warholm frå Dimna. På papiret er sjansane til Thomas best i tresteg. Der er han fjerde-rangert på førehand av dei åtte påmeldte. Thomas har 13,35 i år, knapt ein meter bak favoritt Warholm. Opp til dei andre medaljefavorittane er det ikkje så langt. I høgde har Thomas 1,85 i år, medan Warholm har 2 meter. Også her er det rimeleg jamnt elles.

3000 meter for jenter, U20, er det 11 utøvarar påmeldt. Ei av dei er Ingrid Helene Nyhus, som har sprunge tre 3000 meterar i år og betra tida si med om lag to sekund i både løp to og tre. Ho er no komen ned på 10:41,98, som er sjette beste tida i dette feltet på 11 utøvarar. Det er fire 9 minutts-løparar på startlista, med junior-VM- deltakarar Karoline Skatteboe frå Tyrving som på førehand den sterkaste.

To store gratulasjonar

Medan andre av oss dreiv med maraton i konsert-gjengeri nede på Koengen, var det friidrettsutøvarar i gang med årets først Norna-karusell på Fana Stadion.

"Take me higher", bad Bruce Springsteen, mellom anna, og Pål Haugen Lillefosse (G11) tok han på ordet og svinga eg over 2,95 i stav. Det er forbetring av pers og klubbrekord og verdt heile 1110 poeng på Tyrvingtabellen. Gratulerer!

Ein stor gratulasjon også til aller siste tilskotet til junior-NM- troppen til BFG: Anders Strømblad Hansen kvalifiserte seg på siste sjanse, då han sneik seg under kravet på 1500 meter. Kravet er 4:14,99 og Anders blei klokka i mål på 4:14,87!


mandag 23. juli 2012

På topp i Norge (juliutgåva), jenter

Då er det igjen tid for ein kikk på Gneist- og BFG-jenter som pregar norgesstatistikken. Hovudtrenden er at det blir jamnt fleire markeringar utover sesongen. Særleg mange frå BFG-miljøet finst i J15, medan det er mange toppar i J16.

Her er lista over topp 20-markeringar pr. 23. juli:

J13
3. Nora Øvergaard Aarvik, høgde (-)
4. Michelle Floor Heggeland, 100m (-2)
8. Michelle Floor Heggeland, 800m (ny)
13. Michelle Floor Heggeland, 600m (+2)
18. Michelle Floor Heggeland, 200m (-5)
19. Michelle Floor Heggeland, lengde (ny)

J14
1. Renate Lie, 1500m hinder (-)
1. Renate Lie, 300m (ny)
1. Renate Lie, 400m (ny)
1. Cathrine Harris, 80m (-)
1. Cathrine Harris, tresteg (+1)
2. Renate Lie, 800m (-)
2. Maren Haugen Lillefosse, lengde (-)
2. Maren Haugen Lillefosse, 60m hekk (-)
2. Maren Haugen Lillefosse, 200m hekk (-)
3. Renate Lie, 1500m (-1)
3. Renate Lie, 600m (-)
6. Renate Lie, 200m (-2)
8. Maren Haugen Lillefosse, 60m (-)
9. Maren Haugen Lillefose, 200m (-4)
12. Cathrine Harris, 60m hekk (-2)
17. Maren Haugen Lillefosse, 100m (-7)

J15
1. Elina Drivenes, Fana, 600m (-)
1. Ingrid Helene Nyhus, 3000m (-)
1. Ingrid Næss Johansen, 2000m (+3)
2. Ingrid Næss Johansen, 3000m (-)
2. Anna Serine Røssland, 1500m hinder (-)
3. Ingrid Helene Nyhus, 2000m (-1)
3. Elina Drivenes, Fana, 800m (-1)
3. Ingrid Næss Johansen, 1500m (-)
3. Thyra Hevrøy, Fana, 3000m (ny)
4. Anna Serine Røssland, 3000m (-1)
4. Anna Serine Røssland, 2000m (-)
4. Ingrid Helene Nyhus, 1500m (-)
5. Elina Drivenes, Fana, 400m (-2)
5. Thyra Hevrøy, Fana, 300m hekk (-1)
5. Anna Serine Røssland, 1500m (-)
6. Thyra Hevrøy, Fana, 2000m (-)
7. Thyra Hevrøy, Fana, 1500m (-1)
7. Eline Myking, Fana, høgde (-1)
7. Ingrid Næss Johansen, 600m (-1)
8. Målfrid Pettersen Lunde, Fana, 600m, (ny)
9. Eline Myking, Fana, 1500m (-2)
10. Elina Drivenes, Fana, 200m (+5)
12. Ingrid Helene Nyhus, 800m (ny)
13. Målfrid Pettersen Lunde, Fana, 800m (ny)
20. Ingrid Næss Johansen, 800m (-)

J16
1. Monika Benserud, 60m (-)
1. Monika Benserud, 80m (-)
1. Monika Benserud, 80m hekk (-)
1. Monika Benserud, lengde (-)
1. Monika Benserud, tresteg (-)
1. Vilde Lund Bjørnsen, 400m (-)
2. Vilde Lund Bjørnsen, 80m (-)
2. Monika Benserud, stav (-)
3. Vilde Lund Bjørnsen, 200m (-)
4. Elin Marie Gjeraker, Bjarg, 80m (-)
5. Monika Benserud, 100m (-)
9. Monika Benserud, 200m (-4)
10. Vilde Lund Bjørnsen, 100m (-2)

J17
1. Elise Una Mikkelsen, Bjarg, 60m (-)
3. Marianne Benserud, stav, (-)
4. Elise Una Mikkelsen, Bjarg, 100m (+6)
5. Sara Berrefjord, Bjarg, 200m (+1)
7. Sara Berrefjord, Bjarg, 100m (+4)
12. Marianne Benserud, 200m (ny)

J18/19
4. Christine Bjelland Jensen, Bjarg, 100m (+1)
5. Eline Bruce, Fana, tresteg (-1)
5. Christine Bjelland Jensen, Bjarg, 400m (ny)
6. Christine Bjelland Jensen, Bjarg, 200m (-)
10. Eline Bruce, Fana, 100m hekk (-)
14. Birgit Attestog, Fana, kule (-)

Før junior-NM - VI

Heldigvis er det ikkje slik at Martine Eikemo Borge spring alle løpa sine i junior-NM same dagen, men det er ikkje noko hinder for å gå gjennom dei i same blogg-innlegget:

Martine, som er BFGs største medaljehåp, startar med 400 meter forsøk i U23 (semifinale i praksis) fredag føremiddag. Her er det 16 påmeldt og Martine har bestetida i år, med 54,05. Klart sterkast imot blir Line Kloster frå Vidar (54,14). Også Tara Norum frå Steinkjer har under 55.

800 meter skal det vera direkte finale søndag føremiddag, sidan det berre er 8 påmelde utøvarar i denne eldste juniorklassen. Her har til gjengjeld Martine eit større favorittstempel enn på 400 meter. Med sine 2:06,54 utomhus i år er ho to sekund raskare enn nr. to på lista. På den andre sida har utfordrar Trine Mjåland frå Kristiansand hatt stor framgang denne sesongen.

Også på 1000 meter stafett i U23 er det særs gode medaljesjansar. Her må Martine ha selskap av U20-utøvarar på laget, men det er framleis eit sterkt lag. Samtidig er det slik at dei to stafettane - U20 og U23 - er sett opp like etter kvarandre i programmet, så korleis dette blir løyst, er bloggaren i skrivande stund usikker på. Vidar, med nemnde Line Kloster på 400 meter-etappen, blir nok sterk utfordrar. Dei andre laga her er Moelven, Tjalve og Ranheim.

søndag 22. juli 2012

Før junior-NM - V

Det er særs gledeleg at osingen Målfrid Pettersen Lunde er klar for å springa i junior-NM - etter ein lang periode med skadetrøbbel. Målfrid skal springa 800 meter, med forsøk fredag kveld og finale neste søndag. Målfrid utesesong-debuterte på 2:25 i Strandebarm nyleg - og er i gang igjen. Det er 28 påmeldt øvinga og Målfrid må berre jakta på ny framgang. Her er mange sterke løparar - ikkje mindre enn fire på 2:11 i år (Frida Berge, Gular, Aurora Dybedokken, Tyrving, Frida Thorsås, Urædd og Veronica Undseth, Herkules). Den andre BFG-jenta på 800 meter er Elina Drivenes. Ho har vore nede på 2:21,30 i år og er rangert som nr. 20 på førehand. Eit anna 20-tal - 2:20 - er vel eit naturleg mål for Elina.

400 meter i U20 har BFG med Christine Bjelland Jensen og Vilde Lund Bjørnsen - og begge to skal vera å rekna med i det øvste sjiktet. Julie Håskjold (Trondheim) og Vilde Svortevik (Gular) er sterkaste på førehand, men Vilde er rangert på 4. plass og Christine på 5.

Heilt mot slutten av meisterskapet skal Anna Serine Røssland få sin debut på 2000 meter hinder. Her er det berre fem jenter påmeldt, men i alle fall tre av dei er særs sterke: Frida Berge (Gular), Kristine Helle (Tjalve) og Heidi Mårtensson (Modum). Sistnemnde tar dagsturen innom eins ærend til hinderløpet frå nabokommunen Modum. Femte jente på startstrek er Marte Hjortland Hundhammer frå Norna-Salhus, så her ser me vel for oss ein lokal duell om 4. plassen.


lørdag 21. juli 2012

Årets mest framgangsrike 2012 - pr. 21. juli

Det har vore ein del aktivitet sidan sist oversikt over "Årets mest framgangsrike", men mange av resultata som er oppnådd (ikkje minst under Världsungdomsspelen) er oppnådd av utøvarar som også i 2011 hadde svært sterke resultat å visa til. For desse er det alltid ei utfordring å få framgang - og i alle fall stor framgang.

Lista nedanfor er såleis i stor grad ei repetisjonsøving frå junioversikten. Til neste oversikt er i alle fall haustsesongen (godt) i gang.

JENTER
Løp
Pia Hovland, Silje Stenersen, Maren Haugen Lillefosse, Sanne L. Christensen, Charlotte Harris, Nora Ø. Aarvik

Hekk/hinder
Monika Benserud, Anna Serine Røssland, Anna Evensen, Maren Haugen Lillefosse, Cathrine Harris

Hopp
Maren Haugen Lillefosse, Monika Benserud, Pia Hovland, Sara Tyssebotn Berg, Marianne Benserud, Sanne L. Christensen, Anna Evensen, Nora Ø. Aarvik

Kast
Charlotte Harris, Maren Haugen Lillefosse, Cathrine Harris, Sara Tyssebotn Berg

GUTAR
Løp
Erlend Wiig Røssevold, Torbjørn Knag, Eirik Leikvoll, Gjert Høie Sjursen, Emil Engelsen Holm

Hekk/hinder
Kristoffer Blücher, Pål Haugen Lillefosse, Stian Norheim, Aleksander Lie, Sondre Rinde, Kristian Schjønningsen, Håvard Rinde, Espen Bjørndal

Hopp
Amund Høie Sjursen, Emil Engelsen Holm, Gjert Høie Sjursen, Eirik Leikvoll, Pål Haugen Lillefosse, Kristoffer Blücher, Tobias Damm, Sondre Rinde

Kast
Håvard Våge Opheim, Amund Høie Sjursen, Henrik Irgens Gravdal, Magnus Leikvoll, Pål Haugen Lillefosse

Før junior-NM - IV

Det store målet for Jørgen Jensen Axelsen under årets junior-NM er utvilsamt 5000-meteren på fredag, men Jørgen er også påmeldt 2000 meter hinder i U20 neste søndag, avslutningsdagen. 11 utøvarar er påmeldt og Erik Udø Pedersen (Holum) og junior-VM- deltakar Filip Ingebrigtsen (Sandnes) er to av fleire sterke namn. Jørgen spring ikkje hinder svært ofte, men i fjor hadde han i alle fall eitt godt hinderløp under Framolekene. Det er litt vanskeleg å rangera heile feltet, ikkje minst basert på tynt hindergrunnlag, men Jørgen er ein plass frå 4. - 6. på førehand.

I stav for jenter, U20, er Marianne Benserud vår representant. Marianne blei faktisk juniormeister alt som 15-åring, på Ravnanger i 2010. I fjor gjekk det ikkje fullt så godt, men i år bør Marianne vera tilbake på pallen igjen. Det er berre fem påmeldt øvinga i år, der Paula Llano frå Gular og Julie Farseth Berg frå BUL i utgangspunktet skal gjera opp om sigeren, med Marianne like bak der.

Så, til sist i dag, til dei jentene som skal aller først i elden, nemleg 1500 meter-løparane. Dei startar med sine forsøksheat fredag føremiddag. Mellom dei 26 påmelde er heile fire 1. årsjuniorar frå BFG. Her skal det haustast verdfull erfaring til seinare høve, for det er ei sterk startliste og det blir tilsvarande to gode forsøksheat. Aller sterkast er VM-deltakar Frida Berge frå Gular (ho persa til 4:18 i Barcelona nyleg), med Tyrving-jentene Aurora Dybedokken og Karoline Skatteboe nærmast. Våre fire - Ingrid Næss Johansen, Ingrid Helene Nyhus, Anna Serine Røssland og Eline Myking - har alle bestetider mellom 5:04 og 5:08 og er rangert frå 21 og nedover, men her skal det i alle fall jaktast på gode tider og god trening i å springa forsøksheat.

fredag 20. juli 2012

Før junior-NM - III

I skrivande stund er det så godt som nøyaktig éi veke igjen til den offisielle starten på årets junior-NM i Prestfoss i Sigdal kommune, Buskerud. Rettnok skal det tevlast mykje i om lag fire timar før den offisielle opninga fredag - med 1500meter-jentene aller først i elden.

Neste lørdag morgon skal jentene på 200 meter i U20 i elden på sine førsøksheat. Her er det 4 BFG-jenter med og to av dei må seiast å ha finalesjansar (finalen går neste søndag). Christine Bjelland Jensen har med si tid på 25,45 den 7. årsbeste-tida av dei 48 påmelde. Ikkje langt bak der - med 9. årsbeste - følgjer Vilde Lund Bjørnsen med 25,69 som årsbeste (og 25,51 som pers frå i fjor). Elina Drivenes er rangert på 34. plass med 27,04, og siste BFG-jente på startlista er Elise Una Mikkelsen, som er 38. rangert på førehand med sine 27,23 i år.

Så, til sist i dag, er me komne til U20 for gutar sin 5000 meter, der det også stiller heile 3 frå BFG i eit felt på 18 utøvarar. Her skulle det med andre ord vera muleg å samarbeida i alle fall i store delar av løpet. Éin utøvar skil seg ut som nokolunde klar favoritt (Jørgen Frost Bø frå Ullensaker/Kisa). Bak der  er det vel berre to-tre av dei resterande 17 som normalt ikkje er i medaljesjiktet, så dette kan fort bli særs jamnt. Basert på årsbeste er Jørgen Jensen Axelsen rangert på 3. plass (etter sigeren i G19 i Gøteborg), Ole Martin Røssland på 4. plass og Andreas Iden rettnok på 13. plass, men tett,tett på i det store beitet der alle er outsiderar til medalje.

torsdag 19. juli 2012

Før junior-NM - II

Me held fram med to U20-øvinga for jentene først i dag: I tresteg er det - til liks med i lengdekonkurransen - Monika Benserud som er BFG-representanten. Og på same viset som i lengde er Monika på førehand å rekna i medaljekampen. Tresteg-konkurransen har 17 påmelde utøvarar og Monika har 3. lengste svevet av desse i år. Likevel er det slik at i lengde, der ho altså har 4. beste hoppet på førehand, er ho nærmare dei beste enn i tresteg. Begge dei med lengst hopp i år har over 12 meter - Monika har 11,71 frå Gøteborg nyleg. Spennande blir det i alle fall. Tresteg går av stabelen neste lørdag - med kvalifisering på føremiddagen og finale på ettermiddagen.

Medaljesjansen er også god i 1000 meter stafett i U20-klassen. Her er åtte lag påmelde og BFG stiller eit godt lag. Dei andre som er meldt på er Fredrikstad, Ullensaker/Kisa, Runar, Asker, Tyrving (x 2) og Kristiansand. Her ser Kristiansand ut til å vera det sterkaste laget. Stafetten går heilt mot slutten av meisterskapet, neste søndag.

Til sist i denne runden; ein svippom innom den eldste klassen for gutar, U23, der Jørgen Austvik stiller på 1500 meter. Jørgen, som testa formen med 2:04 på 800 meter på Osterøy ondagskvelden, sprang på fine 4:05,08 i Gøteborg. Men i dette feltet er det mange sterke løparar. Best av dei påmelde er naturlegvis europameister og norgesrekordhaldar Henrik Ingebrigsten. Kor vidt han faktisk deltar, berre seks dagar før OL, er eit anna spørsmål. Andre sterke namn er Thomas Solberg Eide, Thomas Roth, Johannes Alnes,  og Vetle Asland. I utgangspunktet er det forsøk fredag og finale lørdag, men her vil eg tru det blir direkte finale. Her er nemleg 15 påmelde utøvarar. Jørgen er rangert på 12. plass mellom desse.

Vind i Lonevågen

Nokre sprintarar frå Gneist hadde teke turen til Lonevåg og karusellstemnet der onsdag kveld. Habile løp var det både på 100 meter og 200 meter, men dessverre var det for mykje vind på dei aller fleste sprint-heata.

Dette råka til dømes Pål Haugen Lillefosse (G11) sin 100 meter på 14,34 (+2,5) og Michelle Floor Heggeland (J13) sin 200 meter på 28,51 (+2,8).

I tillegg var Andreas Iden (G17) med som harehjelp, saman med BFG-kollega Erlend Gjerdevik Sørtveit, i eit forsøk på å få Anders Strømblad Hansen under kravet til junior-NM. Anders var særs nære på 1500 meter i Gøteborg for ei god veke sidan. Denne gongen var forsøket gjort på 3000 meter, sidan passeringstida på 3000 meter var godkjent under det som eigentleg var eit 5000 meter-løp. Anders gjorde eit iherdig forsøk og passerte 3000 meter på i høg grad godkjende 9:20,96 - dessverre seks sekund bak kravet på 9:14,99. (Resten av 5000 meteren gjekk langt meir bedageleg; slutt-tid like under 20 minutt...)

onsdag 18. juli 2012

Før junior-NM - I

Påmeldingsfristen til neste helgs junior-NM i Buskerud-bygda Sigdal gjekk ut i går. Det er vanskeleg å spå, særleg om framtida, men det ser ut til å bli eit kvalitativt godt stemne, dette. BFG sender til saman 18 utøvarar bortover. 29 utøvarar var kvalifiserte, så her er eit aldri så lite bortfall.

Av dei 18 er det 12 jenter og 6 gutar - og to av dei 18 deltar i U23, altså i "ekstraklassen" for dei som er 20, 21 eller 22 år. Dei andre deltar i "vanleg juniorklasse", 15-19 år.

I dag kikkar eg nærmare på lengde, høgde og 100 meter for jenter, U20:

I lengde for jenter er Monika Benserud BFG sin representant. Som i svært mange øvingar er det mange gode utøvarar med - til saman 25 - og det er særs tett mellom dei beste. Monika betra seg til 5,62 i Göteborg nyleg, noko som faktisk er 4. best av årsbeste på førehand. Første naturlege mål bør såleis vera å nå finalen for Monika, men det er svært kort opp til dei som er topp tre på førehand! Kvalifiseringa går føre seg neste fredag føremiddag, med finale på ettermiddagen.

I høgde er det særs gledeleg å sjå at BFG er representert denne gongen, mellom dei til saman 13 påmelde. Der finn me 1. årsjunioren Eline Myking. Eline er kvalifisert gjennom ein god 1500 meter i inne-UM i vinter, men har også lenge vore ein habil høgdehoppar. Ho er rangert på delt 12. plass på førehand, med sine 1,50. Høgde i denne klassen har kvalifisering lørdag føremiddag, med finale avslutningsdagen, neste søndag.

100 meter for jenter, U20, har BFG heile fire utøvarar med, mellom dei totalt 39 påmelde. Her er det også særs tett mellom årsbeste-tidene. Dei fire frå BFG er alle i outsider-sjiktet til finaleplass, men realistisk sett skal me vera særs godt nøgde om me får ei eller to med i det gjævaste heatet neste fredag ettermiddag (kvalifiseringa går føre seg fredag føremiddag). Monika Benserud og Christine Bjelland Jensen har lik årsbeste (12,46), noko som rangerer dei på delt 10. plass på førehand. Vilde Lund Bjørnsen er nr. 18 på førehand med 12,69 og Elise Una Mikkelsen like bak der, på 20. plass, med 12,74.

fredag 13. juli 2012

Kvalifiseringsnytt, UM, pr. 13. juli 2012

Ingrid Helene Nyhus (J15) blei Gneist-utøvar nr. 22 som formelt er kvalifisert til årets UM på Ravnanger då ho sprang 800 meter på 2:25,81 i Strandebarm sist helg.

Fristen til årets UM går først ut 21. august, så her finst enno nokre sjansar for dei som ikkje måtte vera kvalifisert eller for dei som ønskjer kvalifikasjon i fleire øvingar.

Sidan sist er Anders Bjørndal (G17) kvalifisert på 800 meter, Stian Øvergaard Aarvik (G15) kvalifisert med solid margin på 2000 meter - i tillegg til Ingrid Helene.

Fullstendig oversikt tar me like i forkant av at fristen går ut.

Og etter årets UM kjem me tilbake til oversikten over 2013-kvalifiserte. Så langt er det 15 utøvarar klare til Lillehammer-UM. Sidan sist har Sondre Rinde (G15 i 2013) kvalifisert seg for 100 meter og 300 meter hekk, Marianne Benserud (J18/19 i 2013) kvalifisert seg for 200 meter og Vilde Lund Bjørnsen (J17 i 2013) for 400 meter - også her i tillegg til Ingrid Helene Nyhus (800 meter).

onsdag 11. juli 2012

Kvalifiseringsstatus, BFG (pr. 11. juli 2012)

Seks dagar gjenstår før fristen til årets junior-NM går ut. Det er såleis tid for ein siste kikk på dei kvalifiserte frå BFG. Sidan sist oversikt er det komne to nye namn til i denne oversikten; Thyra Hevrøy, som klarte kvalifiseringskravet på 3000 meter, og Erlend Gjerdevik Sørtveit, som har klart kravet både på 1500 meter og 3000 meter.

Ein del andre har klart kravet i nye øvingar sidan sist, men til junior-NM held det for så vidt med å ha klart det i ei einaste øving.

Og, igjen, denne lista fortel berre om kven som er kvalifiserte, den seier ikkje noko om kor aktive dei ulike utøvarane er (lenger) eller om dei faktisk vel å melda seg på meisterskapet i Sigdal om drøye to veker (det siste kjem me tilbake til):

JUNIOR-19 (18 kvinner, 8 menn)
Birgit Attestog
Marianne Benserud
Monika Benserud
Sara Berrefjord
Vilde Lund Bjørnsen
Eline Bruce
Elina Drivenes
Evelyn Hove Eeg
Thyra Hevrøy
Christine Bjelland Jensen
Tina Therese Jenssen
Ingrid Næss Johansen
Målfrid Pettersen Lunde
Elise Una Mikkelsen
Eline Myking
Ingrid Helene Nyhus
Synne Våge Opheim
Anna Serine Røssland

Jørgen Jensen Axelsen
Kristian Blummenfelt
Andreas Iden
Adrian Manum Kvinge
Ole Martin Røssland
Amund Høie Sjursen
Erlend Gjerdevik Sørtveit
Thomas Langhelle Trefall

JUNIOR-22 (1 kvinne, 2 menn)
Martine Eikemo Borge

Jørgen Austvik
Martin Cappelen Smith

tirsdag 10. juli 2012

3G i Sverige (dag 3): Grådig greitt i Gøteborg

Så er det över her i Göteborg. Opphaldet blei innleia med eit kraftig regnskyll fredagen, men sjølve dei tre idrettsdagane blei velsigna med eit nesten normalt VUspel-ver.

Generelt er det på sin plass å slå fast at Bloggen slik normalt ikkje er så systematisk på medaljar og premiar og slikt. Det ansvaret ligg til vanleg hos dei meir offisielle nettsidene til idrettslaga. Her blir det fokus på forbetringar og litt rekordar og slikt. Så Bloggen er ikkje nokon motstandar av medaljar, det kan berre sjå slik ut av og til.

Men så til siste dag:

Ok, medaljesankaren framfor nokon blei uansett Kristoffer Blücher (G13). Han blei ein av to gull-vinnarar frå Gneist i årets spel. Sigeren kom på 600 meter, der tida blei 1:32,31. Det er betring med fire tidelar frå det flotte løpet under opningsstemnet til Fanalekene i april. Løpet er verdt 1056 poeng og er betring av Kristoffer sin klubbrekord.

Monika Benserud (J16) betra lengdepersen med to centimeter - til 5,62 (1031 poeng). (Vinden var elles på Monika si side i helga, med +1,8 i tresteg og +1,6 i lengde.)

Det aller siste som skjedde i årets spel var heat 2 på seniorane sin 5000 meter. Det heatet blei vunne av Ole Martin Røssland (G17). Han kom i mål på 15:35,93, som er pers med 27 sekund og verdt 1021 tyrvingpoeng.

Søster Anna Serine Røssland (J15) klatra eitt hakk oppover på lista frå fjorået på 1500 meter hinder i klasse Flickor 17 (6. plass). Tida blei 5:30,79, som er pers med 5,5 sekund frå Framolekene i år. Det er også verdt 996 tyrvingpoeng og betring av eigen klubbrekord.

Den andre gullvinnaren til Gneist i årets VU-spel blei Jørgen Jensen Axelsen (G19), som i eit klokt gjennomført 5000-løp kom i mål på 15:31,90 - pers med 15 sekund (967 poeng).

Thomas Blücher (G12) persa fint på 600 meter til 1:45,62 (827 poeng).

Det blei eit nytt fint løp for Ingrid Næss Johansen (J15), då ho kom i mål på 2:30,89 på 800 meter. Det er årsbeste (814 poeng).

Sondre Rinde (G14) hadde litt for mykje vind i sitt lengdehopp på 5,43 (+2,3) - to centimeter over persen.

Amund Høie Sjursen (G16) vann bronse i lengde på 6,51. Det er tangering av pers, men det er verdt å merka seg at det mandag skjedde i minus ein sekundmeter, medan det sist (Framolekene i juni) blei oppnådd i to sekundmeter i pluss.

Heilt til slutt: Håvard Rinde (G11) var med og slengde - ja, eg veit det ikkje heiter det - kula i G12. Det betyr at det var 3 kilos-kule i plassen for 2 denne gongen for Håvard. Lengde: 7,05.

... Og med mindre ein av rockens bestemødre eller dinosaurar kjem til Nya Ullevi neste sommar og forkludrar det heile, så er Världsungdomsspelen 2013 alt anonsert til helga 28. - 30. juni...

mandag 9. juli 2012

Godsaker også i Strandebarm


Til hotellrommet her i Göteborg har resultatlista frå sjølvaste friidrettsfestivalen i Hardanger falle ned i epost-kassen. Også her har det vore Gneist-utøvarar i ivrig kappestrid - og opptil fleire av dei har fått persar og årsbeste:

Cathrine Harris (J14) oppnådde årsbeste i tresteg. Det blei 10,38 på Cathrine (958 poeng). På 100-meteren sprang ho på 14,24 (817 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) hoppa til 10,48 i tresteg og betra seg med det med fem centimeter (938 poeng). På 200 meter kom Kristian i mål på 28,21 (812 poeng).

Ingrid Helene Nyhus (J15) fekk sin offisielle debut på 800 meter lørdag - og det gjekk strålande. Heilt ned på 2:25,81 på kom ho - og dermed er Ingrid Helene også formelt kvalifisert til UM... På 3000-meteren søndag heldt ho fram med på pynta på persen med slik om lag to sekund ved kvart høve; starta med 10:46, heldt fram med 10,44 og no blei det 10:41,98.

Herman Hovland (G13) betra seg monaleg på 200 meter, då han kom seg heilt ned til 27,29 (i god motvind); verdt 890 poeng.

Og så tar me til sist med at Michelle Floor Heggeland (J13) fekk sin 800-debut, tid: 2:38,63.

søndag 8. juli 2012

3G i Sverige (dag 2)

Sommaren kom for fullt til Göteborg 2. dag av Världsungdomsspelen. Og Gneist-resultata heldt fram med å imponera:

Først og fremst var me vitne til ein svær 200 meter av Kristoffer Blücher (G13). Søvvinnaren kom heilt ned på 24,92 på distansen. Det er over sju tidelar betre enn gamle-persen, som også var den gamle klubbrekorden. Tida gir 1091 tyrvingpoeng

Renate Lie (J14) sprang ein flott 300 meter i J15-klassen søndag føremiddag. Tida blei 42,20, som gir heile 1060 poeng.

Vilde Lund Bjørnsen (J16) er i høg grad "på gang" og i stadig betring. På 200 meter enda ho opp med 25,69 i finalen, som er årsbeste og verdt 1035 poeng.

Sondre Rinde (G14) har vist flott form i helga og klarte 14,42 på 100 meter hekk, denne gongen med 84-hekkar. (Og då har Sondre klubbrekorden på distansen, både med 91- og 84-hekkar.)

Monika Benserud (J16) persa i tresteg i ein tøff konkurranse. Det blei 11,71 på Monika (981 poeng).

Ingrid Næss Johansen (J15) sletta Ingrid Helene Nyhus sin klubbrekord på 2000 meter, då ho kom seg under 7 blank og presterte 6:55,77 (960 poeng).

Anna Evensen (J12) persa på 200 meter til nøyaktig 30,00 (883 poeng). Og det same gjorde Thomas Blücher i G12: Noko i skuggen av storebror Kristoffer persa Thomas med nesten sekundet til 29,09 (873 poeng).



lørdag 7. juli 2012

3G i Sverige (dag 1): Godt - Gneist - Gøteborg

Världsungdomsspelen i Göteborg opna for mange av oss på våtaste viset, då me kom til byen fredag ettermiddag og kveld. Men så viste det seg at svenskane gav oss det verste først: Lørdagen baud på til dels flotte friidrettsforhold - overskya, om lag 20 grader og ikkje for mykje vind - og søndagen og mandagen skal også bli frå levelege til fine vermessig.

Også idrettsleg blei dag 1 i Gøteborg fin:

Vilde Lund Bjørnsen (J16) avslutta Gneist-dagen, då ho sprang 400 meter i Flickor 17. Det gjorde ho på solid vis; sprang på 57,91 (18/100 bak persen frå i fjor). Det gav 1033 tyrvingpoeng og er fattige fire hundredelar bak Kjersti Ristesund sin 26 år gamle klubbrekord på distansen.

Så var det særs hyggeleg at Sondre Rinde (G14) presterte godt på sin 100 meter. Først fekk han til eit meir enn habilt løp i forsøket, før Sondre slo til med 12,31 i A-finalen. Det gir 1006 tyrvingpoeng og er betring av eigen klubbrekord.

Ettermiddagen på Nya Ullevi blei ei svært hyggeleg stund for Team Fjærestad/Eikanger i BFG: Dei aller fleste utøvarane i mellom- og langdistansegjengen deira, som stilte til start her i Gøteborg, persa på 1500 meter. Ein av dei var Andreas Iden (G17), som sprang sin beste 1500 meter på to år og persa til fine 4:09,46. Dermed har Andreas brote 9:00-grensa på 3000 meter og 4:10-grensa på 1500 på kort tid. Løpet var verdt 975 poeng.

Jørgen Jensen Axelsen (G19) var ein av dei få som ikkje persa, men han sprang likevel sin nest-beste 1500 meter i karrieren (også den beste er frå Sverige; Stockholm i august i fjor) midt i ein ganske tung treningsperiode. Det lovar godt. Jørgen sin nye sesongbeste på distansen er på 4:07,16 (949 poeng).

Ole Martin Røssland (G17) sprang sitt første "skikkelege" løp på to månader, då han relativt smertefri (i kneet) persa til 4:15,83 på 1500 meter (931 poeng). Og det stoppa ikkje der: Stian Norheim (G16) smadra sin 1500 meter-pers; frå 4:33 til 4:27,69 (890 poeng), medan Anna Serine Røssland (J15), ved dette høvet for første gong i seniorklassen på eit baneløp, pynta pittelitt på sin pers, til 5:08,18 (866 poeng). (I tillegg var det fleire av BFG-gutane som fekk solide nye 1500-persar.)

Men også andre gjorde det godt: Marianne Benserud (J17) pynta på sinn 100 meter-pers; til 13,53 (851 poeng). 

Anna Evensen (J12) oppnådde 11,95 på 80 meter tidleg på morgonkvisten (821 poeng).

Og Thomas Blücher (G12) sprang sin 80 meter på 11,80 - pers med over halvsekundet, til ein verdi av 802 tyrvingpoeng.

No skal litt regn vaska litt på Gøteborg, før me er klare til å ta imot sola søndag. Då startar dagen med morgonfriske hekkeløparar og hopparar og endar med langdistanseløparar på 3000 og 2000 meter på tidleg kveldstid.

torsdag 5. juli 2012

Før VU-spelen: komplettering

Ja, no nærmar det seg avreise til Göteborg og Världsungdomsspelen. Det er vel berre stryking av regnfrakken som gjenstår.

Tidlegare er Gneist-troppen presentert. Nedanfor følgjer dei andre i BFG-familien som har meldt seg på til storstemnet på Nya Ullevi. Det er ei lita, men god kjerne på til saman åtte utøvarar, som representerer Bjarg, Fana og BFG. Den desidert ivrigaste av desse er utvilsamt Erlend Gjerdevik Sørtveit, Fana, som like så godt står påmeldt to gongar (med to unike startnummer) både på 800 meter og 1500 meter.

Vel, vel, her er dei som kompletterer Gneist-gjengen i BFG-familien til Värdsungdomsspelen:

Sara Berrefjord, Bjarg, F17, 100m, 200m
Elise Una Mikkelsen, Bjarg, F17, 100m, 200m

Christine Bjelland Jensen, Bjarg, F19, 100m, 200m

Preben Sylvester Jensen, Bjarg, P15, 100m, 300m

Anders Strømblad Hansen, Fana, P19, 800m, 1500m
Erlend Gjerdevik Sørtveit, Fana, P19, 800m, 1500m (x 2...)

Anne Skudal Dolvik, BFG, KS, 200m, 400m

Jørgen Austvik, BFG, MS, 800m, 1500m, 5000m

tirsdag 3. juli 2012

Sommarkarusellen over halvvegs

Gneist sin sommarkarusell er i og med løpet mandag kveld over halvvegs i debutsesongen. Og dette har gått temmeleg bra så langt. Sjølvskryt skal ein som kjent lytta til; det kjem frå hjartet.

Dei to første gongane har underteikna konsentrert seg om Team PU sin innsats, men denne gongen var gjengen spreidd for alle vindar, med minst eit par av dei i heftig varme på Mallorca.

Nedanfor finst ein høgst selektiv oversikt, basert på eit slags "Gneist og omland"-prinsipp, over bestetider så langt. Her er ein del som ikkje spring, ein del som spring med ungar/søsken og ein del som har spesielle treningsopplegg knytt til karusell-springinga, men slikt tar denne oversikten null omsyn til. Frå gårsdagen legg me spesielt merke til at Ingrid Næss Johansen sneik seg under 20 blank - med 19.57 - og Selma Røssland (8) kom seg under 30 blank - med 29.25...

Så - her er oversikten - etter tre løp:

KVINNER
1. Ingrid Næss Johansen 19.57
2. Marianne Haukøy 21.09
3. Renate Lie 22.10
4. Sanne Lillevik Christensen 22.27
5. Marlen Eide Røssland 23.40
6. Anne-Martel Aldal Sætre 24.23
7. Pernille Hordnes Sørås 24.38
8. Sara Tyssebotn Berg 24.42
9. Beate Jensen 25.01
10. Selma Røssland 29.25
11. Maria Josefine Berg 31.40
12. Ane Dybedal 31.50
13. An-Magritt Hasås 33.19

MENN
1. Bjarte Eikanger 15.55
2. Andreas Iden 16.10
3. Jørgen Jensen Axelsen 16.19
4. Stian Øvergaard Aarvik 16.52
5. Anders Bjørndal 17.03
6. Torgeir Hasås 17.25
7. Magnus Pettersen Lunde 17.44
8. Stian Norheim 17.57
9. Aleksander Lie 19.03
10. Jens Larsen Åstveit 19.08
11. Hans-Magnus Haukøy 20.02
12. Henrik Berger Ettrup 20.53
13. Thomas Blücher 21.00
14. Inge Haukøy 21.07
15. Jon Iden 21.47
16. Mads Holm 22.58
17. Terje Norheim 23.39
18. Torbjørn Knag 25.36
19. André Jensen Ryland 25.36
20. Jon-Anders Haukøy 29.32
21. Jonas Tyssebotn Berg 31.40

... Og no er det pause til 6. august...

mandag 2. juli 2012

Før Strandebarm

Eitt av Norges vakraste friidrettsstemne går føre seg i Strandebarm kvar sommar - denne gongen komande helg. Hardanger Friidrettsfestival hadde fortent endå betre oppslutning enn den har, men dette året kolliderer den med Världsungdomsspelen i Göteborg - og det er nok ingen genistrek.

For dei som ikkje likar å bli våte, så er meldingane langt lysare for det norske Vestlandet enn for det svenske komande helg...

Her er Gneist-utøvarane som er påmelde til Strandebarm:

J11
Pia Hovland, 60m, 200m

J12
Charlotte Harris, 60m, kule, lengde

J13
Michelle Floor Heggeland, 800m, lengde, 100m, 200m

J14
Cathrine Harris, 100m, lengde, tresteg, kule

J15
Ingrid Helene Nyhus, 800m, 3000m

G13
Herman Hovland, 100m, 200m, lengde
Kristian Schjønningsen, spyd, 100m, 200m, lengde, tresteg

G15
Emil Engelsen Holm, 100m, 200m

G18/19
Magnus Pettersen Lunde, 800m

Amund Høie Sjursen

Så har endeleg vindforholda vore med Amund Høie Sjursen på 100 meter! Det skjedde i Helsingborg søndag, då Amund smadra den offisielle persen sin på distansen - frå 11,85 til 11,41. (Han har vore nede på 11,32 med for mykje medvind.)

Dette er endå eit bevis på at Amund har teke svære steg som sprintar. Løpet er verdt heile 1049 tyrvingpoeng og det er ny klubbrekord i Gneist. Den gamle med elektronisk tidtaking hadde Espen Liland, på 11.46 frå 2005. Tre utøvarar har også stått med 11,4 manuelt - den eldste av desse blei sett i 1963 (!).

Öresundspelen i Helsingborg er starten på Sverige-turnéen for familien Sjursen. I Göteborg komande helg møter dei på ein bunke Gneist-arar til.

Og, la det vera sagt: Om tidlegare meldingar frå denne bloggen har gått i retning av at regnkler og paraply burde leggast igjen heime, så kjem det ei kontramelding her til dei som skal reisa austover: Ta med to-tre sett med regnkler og gjerne ein lynavleiar i tillegg...

Leikvoll-ar i Byrkjelo

Medan nokre av oss gjekk av hengslene då Henrik Ingebrigtsen blei europameister på 1500 meter i Helsingfors, så er dei tradisjonsrike Sparebankleikane blitt avvikla i Byrkjelo denne helga - heilt utan den tradisjonsrike kretskampen mellom Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland. Det siste betyr at 13- og 14- åringane må venta til NCC-leikane på Osterøy for sin kappestrid.

Utan kretskamp var det også monaleg færre deltakarar denne gongen - både totalt og i Gneist-fargar. Gneist blei representert av brørne Magnus (G16) og Eirik Leikvoll (G14).

Det blei i alle fall fleire sesongbeste på gutane: Eirik hoppa 2,90 i stav (895 poeng) og 4,64 i lengde (778 poeng), medan Magnus fekk opp 5,06 i lengde (732 poeng) og sprang 12,93 på 100 meter (790 poeng).