søndag 30. september 2012

Kretskamp... No, ja...

Dei skal no uansett ha for initiativet, dei som stod bak kretskampen frå 15 til 19 år på Fana Stadion i helga, med til sist Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal på startstreken med ein god del utøvarar. (Sogn og Fjordane avstod).

Men det er klart, når arrangementet kjem siste helga i september, så har mange enten faktisk eller i alle fall mentalt teke til med sesongpausen og sjølve kretskampen blir no deretter.

Og såpass på hausten er det no gjerne haustver også: Stavhopparane flykta av gode grunnar innomhus og solide dusjar blei det innimellom på dei som våga seg utomhus.

For statistikarane blei det ei etter måten roleg helg: Svært få presterte persar eller årsbeste.

Eit heiderleg unntak i Gneist-samanheng var i alle fall Ingrid Helene Nyhus (J15), som satsa friskt på sin 1500 meter og blei lønna med ny pers på 5:04,57 (888 poeng), like under innomhus-tida frå Leikvang sist vinter.

Årbeste i lengde blei det på Vilde Lund Bjørnsen (J16) i lørdag, då ho hoppa 5,06 (913 poeng).

Elles presterte også Marianne Benserud (J17) eit par-tre årsbeste-resultat. Det blei 1,45 i høgde (842 poeng), 4,59 i lengde (798 poeng) og 9,99 i tresteg (779 poeng).

Og blir det ny kretskamp for dei eldste i 2013? Det gjenstår å sjå. Ideelt sett bør den leggast til eit betre tidspunkt, men så spør det om det finst betre tidspunkt? Uansett når eit nytt slikt arrangement måtte koma, så bør det annonserast langt tidlegare enn ved årets høve.

Det er eit lite tilbod eller to til på utomhus-terminlista, men elles er det sesongpause og deretter klart for lang oppkøyring til ny sesong - med eit interemesso innomhus.


lørdag 29. september 2012

Nytt sølv i heimen

Når ein no driv ein blogg heilt på eige initativ, så må det vera lov å heisa flagget til topps når ungdommane i huset gjer det bra, slik innimellom. Dagens debut i UM terrengløp, lang løype, for Anna Serine Røssland (J15) er nettopp eit slikt høve. Denne gongen var underteikna forhindra frå å vera ringside - viktig ærend på Stord i staden for å vera på Ås - men då det tikka inn nytt om sølvmedalje til Anna Serine og eit temmeleg sterkt gjennomført løp, ja då blei det stor glede på Rommetveit! Anna Serine var ni sekund bak gullet.

Ole Martin Røssland (G17) var også nær medalje. Han blei nr. 4 etter å ha hatt tredjeplassen kort før mål, men eit fall øydela ny pall-plass (sølv i fjor). Avstanden opp til sølv var sju sekund og til bronse tre sekund etter ein tung 4km.

Ingrid Næss Johansen (J15) opna friskt, men fekk det tungt etter kvart og måtte nøya seg med ein 5. plass.

Og Jørgen Jensen Axelsen (Menn Junior) hamna nett der me tippa han - mellom 5 og 10 - då han kom i mål på 9. plass i eit felt som talde 25 utøvarar.

Stian Norheim (G16) måtte dessverre kasta inn handkleet før start, etter å ha slite med sjukdom den siste tida før UM.

fredag 28. september 2012

Songar frå 1987


Friidrettsklubben BFG Fana er frå 1987. Det er også ein del songar som er frå 1987. Naturleg nok. I 1987 var eg i ein ung og sårbar alder, som det gjerne heiter, og mange av mine songar frå 1987 avspeglar på mange måtar dette.

På sine vis avspeglar kan henda også mine songar frå 1987 forholdet mellom Fana IL Friidrett og Friidrettsklubben BFG Fana nett no også.

Eg er ikkje på nokon måte nokon stor U2-fan, men – som sagt – i 1987 var eg i ein ung og sårbar alder, slik at albumet «The Joshua Tree» likevel sette sitt preg. Sentrale songar her og i vår saga:

I Still Haven’t Found What I’m Looking For

Og

With or Without You

Men no var det no utgivinga i månadsskiftet september/oktober 1987 (altså så nøyaktig 25 år sidan som det nesten kan få blitt) av Bruce Springsteen sin «Tunnel of Love» som var det store for underteikna det året. Og her finst:

One Step Up (and two steps back)

Og

When You’re Alone

No kan eg naturlegvis bli skulda for å meina noko med sitatet til slutt, men det er no berre ein fin tekst då...:

Times were tough, love was not enough
So you said “Sorry Johnny I’m gone gone gone”
You said my act was funny
But we both knew what was missing, honey
So you lit out on your own
Now that pretty form that you’ve got, baby
Will make sure you get along
But you’re gonna find out some day, honey

When you’re alone you’re alone
When you’re alone you’re alone
When you’re alone you’re alone
When you’re alone you ain’t nothing but alone

… to be continued…

Fem til Ås

Surprise, surprise. Det er framleis idrett som går føre seg - midt oppe i all møte- og administrasjonsverksemd.

Lørdag er det UM/NM i terrengløp, lange løyper, på Ås i Akershus. Fem Gneist-utøvarar tar turen bortover; fire i aldersbestemte UM-klassar og ein i Menn Junior:

Jentene først:

Begge dei to som deltar er med i Jenter 15. Her er det til saman åtte jenter påmeldt og våre to, Ingrid Næss Johansen og Anna Serine Røssland er i utfordrarposisjon i det 4 kilometer lange løpet i parken til Universitet på Ås. Det knyter seg stor spenning til dei sterke ski- og orienteringsløparane Gina Granstvedt frå Halden og Ingvild Skogan Brensholm frå Steinkjer. Begge må reknast i favoritt-sjiktet. Spennande er det også om meisteren frå kortløypa i Strandebarm i april, Christina Ellefsen Hopland frå Varegg, er tilbake i form. Våre jenter blir rangert "rundt medaljeplass". Dette er trass alt debuten i terreng-varianten i så lang løype.

I Gutar 16 er det Stian Norheim som representerer i den blå Gneist-drakta. Dette er både eit sterkt, godt og stort felt: Her er heile 20 utøvarar på startstrek lørdag. I favoritt-sjiktet finn me Jonas Gjesdal (Varegg), Benjamin Schøn (Tønsberg) og Endre Wigaard (BUL), med outsider-spørsmål knytt til Håvard Irgens (Innstrandens), Gustav Iden (Norna-Salhus) og Markus Borge Harbo (Skjalg). Stian blir på førehand rangert som nr. 11 i feltet, så får me sjå om Stian er kvikk nok etter sjukdom til å stilla.

Også i Gutar 17 er det denne gongen éin Gneist-utøvar med - Ole Martin Røssland. Her er noko færre med enn i den eitt år yngre klassen, 12 utøvarar, men det er nok av sterke folk. Her er det ikkje så mykje spenning knytt til meir eller mindre ukjente ski- eller orienteringsløparar, men i staden er spenninga stor knytt til come back-et til Magnus Hannevig Pettersen (Sturla), som fram til denne avslutninga har mista heile 2012-sesongen grunna skade. Det einaste me har høyrt frå Magnus er 10 km i samband med Drammen Maraton for eit par veker sidan og det var eit særs sterkt løp. Magnus er likevel berre outsider i feltet. Favoritt er Kristian Tjørnhom (Kvinesdal). Her er mange medaljekandidatar elles: Ved sidan av Pettersen er dei sterkaste på papiret Ole Petter Fjeld (Tønsberg), Jørgen Tvedt (Norna-Salhus), Aksel Rosenvinge (Tønsberg) og Ole Martin frå Gneist.

Endeleg har me vår mann i Kongens kler, Jørgen Jensen Axelsen, som tar vegen frå rekruttskulen på Madla til terrengløp på Ås. I eit svært felt - på 29 utøvarar - er Jørgen i eit felt bak dei aller beste - mellom 5 og 10. Juniorane spring 2 kilometer lengre enn i dei aldersbestemte klassane, altså 6 km. Erik Udø Pedersen (Holum), Sindre Løchting (Orion), Filip Ingebrigtsen (Sandnes), Snorre Holtan Løken (Herkules), Jørgen Frost Bø (Ullensaker/Kisa) er mellom dei største favorittane. Triathlon-utøvaren Kristian Blummenfelt representer BFG Fana i dette løpet. Han er regjerande meister i juniorklassen, etter sigeren i Trondheim i fjor. Han kan absolutt vera høgt oppe også i år.


onsdag 26. september 2012

Tilbake til idretten: Henrik i skyene

Eg måtte nesten ut og ta han i lanken og gratulera skikkeleg: Henrik Irgens Gravdal (G14) sprang eit av tidenes beste norske langdistanse-løp av ein ungdom under 15 år under Gneist sitt løpsstemne onsdagskvelden.

Tida 9:06,01 er solid ny norsk bestenotering i Gutar 14. No er det berre åtte andre 14-åringar som står notert med 3000-tid, men det er til gjengjeld ingen smågutar: Thomas Solberg Eide (Gular) hadde best tid før Henrik knuste den. Eide si tid er på 9:16,5. Bak der finst Sondre Norstad Moen (Strindheim), som dominerer listene på lengre løp frå og med 15 år. Ein viss Henrik Ingebrigtsen hadde 9:20 som 14-åring og... Andreas Iden hadde 9:28. Det siste var også den gamle klubbrekorden i Gneist... Henrik får ikkje tyrvingpoeng på 3000 meter før han er 16 år, men onsdagskveldens tid er verdt heile 1016 poeng for 16-åringar. Det seier også sitt.

På 1000 meter blei det tett på målet for Renate Lie (J14). Målet var under 3 blank - ho hamna til slutt på 3:04,85, berre to sekund bak den 32 år gamle klubbrekorden til Beate Sejrup. Men tida er god, den er verdt 1041 tyrvingpoeng.

Ein bukett fine persar (men utan tyrvingpoeng) blei det på 100 meter:

Anna Evensen (J12): 14,45. Anna fekk i tillegg godkjent tid under 30 blank på 200 meter for første gongen: 29,91 (890 poeng).

Pål Haugen Lillefosse (G11), 14,41

Håvard Rinde (G11), 15,09

Gjert Høie Sjursen (G12), 14,21. I tillegg blei det årsbeste på pappa Geir Sjursen (12,41).

Thomas Blücher (G12) pynta på 600 meter-persen sin, frå 1:44,00 til 1:43,60 (880 poeng).





Farvel til Fana


Okei, så var det gjort. Så enkelt. Så komplisert.

Onsdag kveld bestemte eit fleirtal på det ekstraordinære årsmøtet i Fana IL Friidrett å seia opp samarbeidsavtalen med Friidrettsklubben BFG Fana.

Det var ei noko spesiell jubileumsgåve frå ein av moderklubbane, 25 år etter at Bjarg, Fana og Gneist var med på å stifta friidrettsklubben.

Kva betyr dette?

Det vil vera feilaktig å påstå at det ikkje betyr noko. Men det vil vera like gale å hevda at avgjerda rokkar ved den kursen som BFG er på: Friidrettsklubben BFG har svært mykje positivt på gang og Fana sin avgang hindrar ikkje noko som helst av dette.

Det er all grunn til å imøtesjå 2013-sesongen med forventningar. Det er forventningar knytt til sportslege resultat, men det er også forventningar knytt til klubb- og miljøbygging.

Friidrettsklubben BFG tar mål av seg å bli den krafta i det lokale og nasjonale friidrettsmiljøet som klubben alltid har hatt potensial til å bli.

Fana har teke sitt val. Om farvelet blir førebels eller varig, det gjenstår å sjå. Det som no er «naboklubben», meir enn «samarbeidsklubben», er uansett velkommen tilbake.

mandag 24. september 2012

Stemnerekordar, løpsstemnet

I fjor laga eg til ein oversikt over "stemnerekordar" for Gneist sitt løpsstemne. Då skulda eg på at det var vanskeleg å gjera det med Gneistspelen, all den tid det der var stadig nye øvingar i ei (u)salig blanding. No er det faktisk stemnerekordar i Gneistspelen og ein ny æra der, så no må eg skulda på noko anna.

No gjer eg det fordi det er kjekt.

Ok?

Onsdag går Gneist sitt løpsstemne for 4. gongen og her er stemnerekordane for årets øvingar:

1500m hinder
J13 Anna Serine Røssland, Gneist 5:53,17 (29.9.10)
J14 Anna Serine Røssland, Gneist 5:46,35 (28.9.11)
J15 Ragnhild Seim, Laksevåg 6:02,22 (29.9.10)
G12 Knut Haukeland, Bergens Turn 5:57,62 (28.9.11)
G13 Aleksander Lie, Gneist 4:59,86 (30.9.09)
G14 Ole Martin Røssland 5:01,27 (30.9.09)
G15 Sondre Mæland, Stord 4:54,76 (28.9.11)

100m
J11 Michelle F. Heggeland, Kalandseid 15,79 (29.9.10)
J13 Mia L. Bjørlykke, Bergens Turn 14,85 (29.9.10)
J16 Vilde Svortevik, Laksevåg 12,85 (29.9.10)
G14 Jonas Gjesdal, Varegg 13,38 (29.9.10)
G15 Filip Rørbakken, Fri 12,91 (29.9.10)
G18/19 Robin Kallekleiv, Laksevåg 13,57 (29.9.10)
MV45-59 Geir Sjursen, BFG Fana 12,58 (29.9.10)

200m
G10 Hans-Magnus Haukøy, Gneist 32,36 (28.9.11)
G14 Emil Engelsen Holm, Gneist 27,65 (28.9.11)
G15 Erlend Mæland, Stord 26,69 (28.9.11)

600m
J11 Michelle F. Heggeland, Kalandseid 2:06,36 (29.9.10)
J13 Målfrid Pettersen Lunde, Os 1:55,03 (30.9.09)
J14 Paula Llano, Laksevåg 1:38,93 (30.9.09)
J16 Solveig Onstad, Laksevåg 1:44,03 (30.9.09)
J17 Solveig Onstad, Laksevåg 1:38,27 (29.9.10)
G10 Hans-Magnus Haukøy, Gneist 2:02,56 (28.9.11)
G11 Henrik Irgens Gravdal, Gneist 1:50,07 (30.9.09)
G12 Sondre Strøm, Laksevåg 2:02,13 (30.9.09)
G13 Aleksander Lie, Gneist 1:43,10 (30.9.09)
G14 Tom Skjæråsen, Varegg 1:36,48 (30.9.09)
G15 Brede Kristensen, Laksevåg 1:36,69 (29.9.10)
G16 Magnus Pettersen Lunde, Os 1:37,74 (30.9.09)

1000m
J11 Silje Stenersen, Gneist 3:19,94 (28.9.11)
J12 Renate Lie, Gneist 3:20,46 (29.9.10)
J13 Renate Lie, Gneist 3:11,99 (28.9.11)
J14 Ingrid Næss Johansen, Gneist 3:18,66 (28.9.11)
J15 Marte H. Hundhammer, Norna-Salhus 3:07,13 (28.9.11)
G11 Casper Stenersen, Gneist 3:17,70 (30.9.09)
G13 Jonas Gjesdal, Varegg 2:51,64 (30.9.09)
G14 Andreas Iden, Gneist 2:48,41 (30.9.09)
G15 Sondre Dingsør Skogen, Bergens Turn 2:45,44 (28.9.11)
G16 Tom Skjæråsen, Varegg 2:46,94 (28.9.11)
G17 Anders Strømblad Hansen, Fana 2:54,28 (28.9.11)

3000m
G14 Lars Lunde, Stord 9:26,58 (28.9.11)
G15 Jørgen Tvedt, Norna-Salhus 9:15,74 (29.9.10)
G16 Thomas Ryngøye, Norna-Salhus 9:26,66 (28.9.11)
G17 Jørgen Jensen Axelsen, Gneist 9:14,10 (29.9.10)
G18/19 Jaad Orten, Fri 9:03,30 (29.9.10)
U23 Lars Nesbø Bakke, Fri 8:25,12 (29.9.10)
MS Lars Nesbø Bakke, Fri 8:25,12 (29.91.10)
MV35-39 Terje Simmenes, Osterøy 9:19.49 (29.9.10)
MV 50-54 Brigt Strømmen, Fri 10:03,63 (29.9.10)

søndag 23. september 2012

Kort og langt

Fantastisk haustver har prega denne september-helga. Renate Lie (J14) var mellom dei lure og fann seg eit banestemne, sjølv om ho då måtte heilt til Sandnes. Der sprang ho mellom ein sterk 100 meter på 13,28 (971 tyrvingpoeng).

Me andre måtte klara oss med Fanamilen som lokalt tilbod denne helga. Det blei ein fin tur. På sjølve Fanamilen var Bjarte Eikanger sterkast - eit solid løp av Bjarte. (Eg såg han gav alt då me møttest ved vending - på kvar vår side av Stend stasjon.)

Dei fleste av våre lokale håp sprang 5 km. For kvinner kom Ingrid Helene Nyhus heilt oppe på 2. plass. Visstnok er 5-kilometeren så lang som 5350m, så tida på godt og vel 21 minutt var absolutt brukande.

For menn tok Jørgen Jensen Axelsen 3. plass, medan Stian Øvergaard Aarvik held fram med å visa solid form og blei nr. 4. Erlend Gjerdevik Sørtveit og Jørgen Austvik følgde opp med 6. og 7. plass.

(Og underteikna kom nøyaktig 1 minutt bak målet på 45:00, men spurten var det klasse over... Det heldt til ein delt 131. plass...)

torsdag 20. september 2012

Jostein Lie på pallplass

Den ærverdige bedriftskarusellen til Hordaland Bedriftsidrettskrets susar vidare, med Kondis-reporter Tom Roger Johansen som primus motor. I kveld er ein komne til det 9. løpet i årets karusell - av totalt ti - og det går føre seg på, for mange av oss, vante trakter i Hordnesskogen.

Bedriftskarusellen er både ti enkeltløp rundt om i Bergen by og samtidig eit etappeløp der alle ti etappar tel med. Underteikna låg på ein solid 9. plass før familiekabalen gjorde at eg måtte kasta inn handkleet til Isdalen-løpet sist torsdag. (Det hadde altså naturlegvis ingenting å gjera med at Isdalen-løpet er karusellens lengste og tøffaste, nei då.)

Men så er me likevel representert i toppen: Fjorårs-trear Jostein Lie ligg an til ny 3. plass i år - to løp for slutt. Og då må det leggast til at han er godt framfor begge dei to som slo han i fjor. I år har ein av dei sterkaste karane frå tidlegare år klart å gjennomføra heile vegen (tidlegare har han måtta "stå av", ofte på grunn av skade), i tillegg at det har kome ein komet frå Søvikheia (som altså ikkje då er meg).

Jostein har 2 1/2 minutt opp til 2. plass, så ein er i overkant optimistisk dersom ein trur på avansement, men det er til gjengjeld nesten to minutt ned til 4. plass, så det skulle vera trygt også den vegen.

Ingrid Næss Johansen - frå bedriften IL Gneist - er heilt oppe på 5. plass totalt og suverent i leiing mellom kvinnene. Her har ho over fire minutt å gå på før dei to siste løpa.

Og så veit eg at det er mange som lever i villfaringa om at Bedriftskarusellen er fullbooka. Det stemmer ikkje; der er plass - god plass - så det er berre å setja frå seg stokken og koma...

onsdag 19. september 2012

Beste hekkeløp og beste kast

Det var ikkje frykteleg mange deltakarar under årets siste Norna-karusell på Fana Stadion tirsdagskvelden. Éin illustrasjon er Gular-løparen som heilt utan konkurranse sprang inn til KM-gull på 10.000 meteren. Her var det nesten freistande å jogga rundt 25 rundar og få seg ein medalje...

Men nokre var det der då, i noko av det beste veret som har vore på ei stund. Og Gneist fekk både aller beste hekkeløpet for sesongen og beste kastet:

Pål Haugen Lillefosse (G11) slo til med 32,91 på 200 meter hekk. Det er ny klubbrekord med over tre sekund. (Aleksander Lie hadde den gamle, frå 2007, på 36,23.) Det er også verdt heile 1113 tyrvingpoeng og er altså største poengsummen i hekk/hinder i Gneist i år. Også Håvard Rinde (G11) sprang under den gamle klubbrekorden, då han betra seg med over tre sekund sidan sist. 35,05 blei det på Håvard (985 poeng).

Beste kastet i Gneist i år har, ikkje overraskande, Gjert Høie Sjursen (G12) etter sine 29,94 i slegge (3kg/110cm). Det er ei betring av eigen pers/klubbrekord med 4,20. Og dermed er også sleggeprestasjonen til Gjert over 1000 poeng: 1029, for å vera nøyaktig.

Og så tar me med at pappa Geir Sjursen kom seg heilt ned på 12,44 på 100-meteren. Det er nr. 7 i BFG på distansen i år - av dei 16 som er har prøvd seg.

søndag 16. september 2012

Snakke sammen

I gamle dagar var eg borti ein idrett som heiter fotball. Eitt av uttrykka som heng igjen frå den tida er "snakke sammen" (eller "snakka saman", som det heitte på originalspråket mitt). Det gjekk på at spelarane måtte, nettopp, snakka saman undervegs i kampen, slik at god kommunikasjon kunne føra til godt spel.

Eg kom på det nett no, då eg såg siste nytt på terminlista no seinhaustes. Laksevåg IL - ja, dei lever no enno der ute på Laksevåg, ja - har sett opp seriestemne onsdag 26. september. Dersom det er nokon som synest det let kjent med den datoen, så stemmer det: Det er datoen for Gneist sitt tradisjonsrike (det er 4. gongen og såleis kjempetradisjon etter bergensk målestokk) løpsstemne.

Her har altså Laksevåg fått godkjent seriestemne nett same kvelden ute på Nygårdsmyren. Ei av hovudøvingane på Gneist sitt løpsstemne - der det er planlagt eit sterkt og godt felt - er 3000 meter. Og tru om ikkje laksevågingane har sett opp 3000 meter dei og, nøyaktig samstundes!

I fjor opplevde me at det gjekk ein 10.000 meter i Arna eine dagen og ein på Fana Stadion den neste. Overraskande nok var det ingen som deltok begge stader.

Er det ingen som koordinerer dette lenger? Eg meiner; av og til er det knapt tilbod av stemne nokon stad, andre gonger må ein klona seg for å kunna delta på alt.

Det einaste eg kan lova, er naturlegvis at stemnet på Fana Stadion den 26. september langt vil overgå det alle konkurrentar måtte ha å tilby! Naturlegvis.

Og no må medlemmene i friidrettsfamilien ta til å ta til vetet, både her og der og både på det eine og andre viset. Ein bør rett og slett ta til å "snakke sammen".

Bergenslekene - eit tilbakeblikk

Då er Bergenslekene i mål, som det heiter, og resultatlistene er endeleg gjort tilgjengelege for oss alle. Det var mindre ver enn det som var meldt på førehand, men det var rikeleg nok, i alle fall med vind - og i alle fall for dei som er mest og minst glad i vind.

Ein del glitrande resultat blei det oppnådd likevel, på dette siste todagarsstemnet lokalt i 2013.

Først av alt: Henrik Irgens Gravdal (G14) som sprang på glitrande 5:54,09 på 2000 meter. Løpet er verdt heile 1116 tyrvingpoeng, som i seg sjølv er aller beste løpet for gutar i Gneist i 2012. I tillegg er det kretsaldersrekord (og naturlegvis klubbrekord) og 4. beste tida for 14-åringar på distansen i Norge gjennom "alle tider".

Kristian Schjønningsen (G13) betra seg på 200 meter hekk (i god motvind) til 31,80 (964 poeng).

Ole Martin Røssland (G17) fekk seg ein noko billeg klubbrekord på 2000 meter - den var ledig - då han sprang på 5:56,36 (953 poeng).

Håvard Rinde (G11) er også ein av desse som likar å springa i motvind... I alle fall blei det 10,77 på 60 meter hekk (946 poeng). I lengde hadde han derimot gode + 2,0 då han hoppa 4,18 (926 poeng).

Renate Lie (J14) sprang godt under UM-kravet på 100 meter i J15, då ho kom i mål på 13,46 (942 poeng).

Anna Serine Røssland (J15) hadde ei fin helg, der ho arbeidde hardt for å persa nærmast muleg med eitt sekund: På 800-meteren lørdag blei det 2:29,72 (831 poeng) - pers med 1 sekund og 1 hundredel. På 2000-meteren søndag blei det så 7:00,47 (942 poeng) - pers med nøyaktig 1 sekund.

Aleksander Lie (G16) sprang 200 meter hekk etter gammalt, og kom i mål på 29,23 (902 poeng). Noko meir overraskande er det at Aleksander også no er innehavar av klubbrekorden i G16 med 700 gram-spydet: 32,33 var nok til det - rekorden var ledig.

Gjert Høie Sjursen (G12) fekk god klaff i spyd, då han slengde det av garde heilt til 33,12 (902 poeng). Han har også hatt flott framgang på sprint i år, i tillegg til alle sine fine kastresultat. På 60 meter fekk Gjert 9,12 (805 poeng).

Cathrine Harris (J14) har vore i god haustform. I lengde blei det 5,12 (972 poeng), og ho pynta på bestetida si på 100 meter med eitt hundredel - til 14,10 (840 poeng).

Eirik Leikvoll (G14) oppnådde 4,82 i lengde (814 poeng).

* * *

... Og så gammalt nytt: Stein Fossen har spadd fram vindmålinga på Maren Haugen Lillefosse sitt løp på 200 meter hekk under KM på Fana Stadion 9. juni. Då sprang Maren på 30,64 (i +0,5). Løpet var verdt heile 1043 poeng og var berre nokre få hundredelar bak Monika Benserud sin klubbrekord.

Så no skulle me ha det.


fredag 14. september 2012

Kast-eliten

Ein skal ikkje kimsa av eit einaste av kasta som gjengen på Fana Stadion (grus og gras) gjennomførte torsdag kveld. Éin ting er at veret var utriveleg (det blei no mykje verre etterpå), ein annan er at alle kasta - uansett lengde - er viktige i seriesamanhengen. For Gneist er ingen kasteklubb (heller ikkje BFG), så me får vera glade for alt me får.

Aller gjævast var endå ein klubbrekord frå kast-einaren vår, Gjert Høie Sjursen (G12). Denne gongen var det i slengball. Han slengde ballen heilt til 34,54. Det gir 978 tyrvingpoeng og er betring av ein 42 år gammal klubbrekord med nesten åtte meter (26,72). Den var det trenaren til Martine Eikemo Borge, Johnny Aadland, som hadde...

Håvard Rinde (G11) betra persen sin i spyd til 24,95 (846 poeng). I slengball blei det 19,99 (789 poeng) og i diskos 19,72 (726 poeng). Så utanom i spyd var det kvelden for "nesten 20 meter" for Håvard.

Pål Haugen Lillefosse (G11) oppnådde 21,69 i slengball (840 poeng) og 18,30 i diskos (655 poeng).

Hans-Magnus Haukøy (G11) var også med i slengball, og oppnådde resultatet 18,02 (730 poeng). I diskos blei det 16,13 (546 poeng).

Viktige poeng plukka også jentene Charlotte Harris (J12) og Sara Tyssebotn Berg (J11):

Charlotte: 15,22 i diskos og 14,15 i slengball

Sara: 11,67 i diskos og 9,78 i slengball

Ein del veteranar var også i elden. Slengball-resultata deira let eg liggja (sjølv om eit par av dei var ganske gode), men både i diskos og i spyd noterer eg første BFG-resultata med skikkeleg vekt i år! (Det seier det meste om "kastklubben" BFG): I diskos blei det 25,15 på Jostein Lie, 21,09 på Arve Rinde og 20,58 på Trond Leikvoll. Trond kasta i tillegg 800gram-spydet til 25,44.

onsdag 12. september 2012

BFG Fana utan Fana

Friidrettsgruppa i IL Fana kallar inn til ekstraordinært årsmøte 26. september med sak gjengitt nedanfor. Fana ønskjer altså å forlata BFG Fana. No er det vel ei stund sidan Fana har vore i BFG Fana, sjølv om dei ikkje er utmeldt nett enno, men det er ei anna soge.

Fana viser i denne saksutgreiinga ei grunnleggande mangel på forståing for kva BFG er for noko: BFG er ikkje ein "fjerde klubb", men ein overbygningsklubb for dei tre andre. Sagt på ein annan måte: BFG er alle i Bjarg, Fana og Gneist sin klubb. Det er ikkje "oss i Fana" og "de andre i BFG (Fana)". Å vera i ein moderklubb og kritisera overbygningen utan å bidra til å betra overbygningsklubben, det er i beste fall ei misforståing. I verste fall er det undergravande.

Her er saka:


SAK – Avslutning av Fana ILs samarbeidsavtale med BFG Fana
Styret anbefaler det ekstra ordinære årsmøtet å si opp Fana IL Friidretts 
mangeårige avtale med BFG Fana fra og med 28. september 2012. Med tre 
måneders oppsigelsestid, innebærer dette at Fana IL friidrettsgruppen fra og med 
januar 2013 skal ha tilbud til utøvere, også etter fylte 20 år.
Fana IL har planer og ressurser til selv å gi våre utøvere et tilfredsstillende 
treningstilbud både når det gjelder kvalitet, kvantitet og oppfølging. Dette er 
presentert til medlemmer på eget møte 12. september og er i tillegg gjennomgått 
spesielt med de fleste av utøverne og foreldre som blir spesielt påvirket den 10. 
september. 
BFG Fana har over tid manglet strategi og mål i forhold til friidrett på bane og er 
ikke opplevd å ha et tilfredsstillende eller attraktivt tilbud til våre utøvere.
BFG Fana er opplevd over tid å være en organisasjon som har hatt store 
utfordringer med å få ressurser til sentrale verv og det vil også fremover kreve stor 
innsats å få dette til å være en velfungerende organisasjon. Idretten er drevet av 
frivillige og styret i Fana IL mener at det å fokusere kreftene i egen klubb vil gi 
større utbytte tilbake for våre utøvere. 
Friidrettsgruppen satser på å bygge opp egen organisasjon både når det gjelder 
ledere og trenere og planlegge for fremtiden. En paraplyklubb som BFG, ‘utarmer’ 
moderklubbene ved at ledere, trenere og foreldre ‘følger med over’ når utøveren 
blir ungdom. 
Styret uttaler at klubben vil være åpen for å samarbeide med Gneist og Bjarg mht 
utøvere og trenerkapasiteter der hvor det er hensiktsmessig og mulig, og ser ikke 
behov for en fjerde klubb for å få dette til.
Styret i Fana IL friidrett vil satse på å bli en ledende klubb og ønsker å bruke alle 
våre ressurser på å få dette til. Vi ønsker også å beholde våre utøvere i klubben
når de blir juniorer og skape kontinuitet.
Styret anbefaler det ekstra ordinære årsmøtet å si opp Fana IL Friidretts 
mangeårige avtale med BFG Fana fra og med 28. september 2012.

På topp i Norge, gutar - pr. 12.9. 2012

Også mellom gutane finst det toppar heile vegen, frå 13 år og oppover. Nokre av gutane markerer seg veldig sterkt i norgestoppen.

Her er topp 20-markeringar (sist 25.7):

G13
1. Kristoffer Blücher, 200m (-)
1. Kristoffer Blücher, 600m (-)
1. Kristoffer Blücher, 60m hekk (-)
1. Kristoffer Blücher, 200m hekk (-)
1. Kristoffer Blücher, lengde (-)
1. Kristoffer Blücher, tresteg (-)
1. Kristoffer Blücher, 300m (ny)
1. Kristoffer Blücher, 400m (ny)
2. Kristoffer Blücher, 60m (-)
2. Kristoffer Blücher, 100m (ny)
2. Kristian Schjønningsen, tresteg (-)
4. Kristian Schjønningsen, lengde (-)
5. Kristoffer Blücher, 800m (-1)
6. Herman Hovland, 100m (-2)
7. Kristian Schjønningsen, 60m hekk (-2)
8. Kristian Schjønningsen, 600m (-1)
9. Herman Hovland, 200m (+4)
16. Kristoffer Blücher, kule (-6)
19. Herman Hovland, 600m (-3)
19. Kristian Schjønningsen, 200m (-2)

G14
1. Henrik Irgens Gravdal, 600m (-)
1. Henrik Irgens Gravdal, 1500m (-)
1. Sondre Rinde, 80m hekk (-)
1. Sondre Rinde, 200m hekk (-)
1. Sondre Rinde, 300m hekk (-)
1. Sondre Rinde, 100m hekk (ny)
1. Sondre Rinde, 80m (ny)
2. Eirik Leikvoll, stav (-)
3. Sondre Rinde, lengde (+3)
3. Henrik Irgens Gravdal, 800m (-1)
4. Eirik Leikvoll, høgde (-)
5. Sondre Rinde, tresteg (-1)
6. Sondre Rinde, 100m (-)
8. Sondre Rinde, 200m (-1)
8. Henrik Irgens Graval, 200m hekk (-)
9. Sondre Rinde, 60m (-1)
16. Eirik Leikvoll, slegge (ny)
18. Sondre Rinde, kule (-1)
18. Eirik Leikvoll, tresteg (ny)

G15
1. Henrik Almenningen, Fana, spyd, 0,7 (-)
3. Henrik Almenningen, Fana, tresteg (-1)
3. Stian Øvergaard Aarvik, 200m (+4)
4. Stian Øvergaard Aarvik, 1500m hinder (-1)
5. Jakop Kjellstad, Fana, slegge (-3)
5. Emil Engelsen Holm, 60m (-2)
5. Kristian W. Jensen, Fana, kule (+2)
6. Henrik Almenningen, Fana, spyd (-1)
7. Stian Øvergaard Aarvik, 1500m (-1)
7. Preben Sylvester Jensen, Bjarg, 300m (-1)
9. Emil Engelsen Holm, 200m (-4)
10. Jakop Kjellstad, Fana, spyd (-)
13. Emil Engelsen Holm, 100m (+4)
14. Stian Øvergaard Aarvik, 800m (+3)
17. Preben Sylvester Jensen, Bjarg, 400m (-1)
18. Preben Sylvester Jensen, Bjarg, 100m (-6)

G16
1. Amund Høie Sjursen, 60m (-)
1. Stian Norheim, 5000m (-)
2. Stian Norheim, 10000m (-)
4. Amund Høie Sjursen, lengde (-)
5. Aleksander Lie, 1500m hinder (-2)
5. Amund Høie Sjursen, tresteg (-)
5. Amund Høie Sjursen, høgde (-)
6. Aleksander Lie, 600m (-3)
7. Stian Norheim, 1500m hinder (-3)
7. Håvard Våge Opheim, stav (-)
8. Magnus Leikvoll, stav (-)
8. Amund Høie Sjursen, 100m (-4)
10. Aleksander Lie, 300m hekk (-3)
12. Aleksander Lie, 1500m (-)
13. Magnus Leikvoll, høgde (-3)
14. Stian Norheim, 1500m (-)
15. Magnus Leikvoll, kule (-4)
16. Stian Norheim, 3000m (+4)
19. Håvard Våge Opheim, høgde (-1)

G17
2. Ole Martin Røssland, 10000m (-1)
2. Ole Martin Røssland, 2000m hinder (ny)
3. Ole Martin Røssland, 5000m (-2)
3. Ole Martin Røssland, 3000m (+8)
3. Andreas Iden, 10000m (-1)
4. Andreas Iden, 3000m (-1)
5. Andreas Iden, 5000m (-2)
6. Andreas Iden, 1500m (-)
9. Ole Martin Røssland, 1500m (-)
15. Anders Bjørndal, 3000m (-2)
15. Anders Bjørndal, 1500m (-1)
16. Andreas Iden, 800m (+1)
18. Anders Bjørndal, 800m (-3)

G18/19
2. Thomas Langhelle Trefall, Fana, tresteg (-)
4. Jørgen Jensen Axelsen, 5000m (-2)
5. Jørgen Jensen Axelsen, 2000m hinder (ny)
5. Thomas Langhelle Trefall, Fana, høgde (-1)
7. Kristian Blummenfelt, Fana, 3000m (-2)
7. Jens Martin Bolstad, Fana, tresteg (-1)
10. Erlend Gjerdevik Sørtveit, Fana, 600m (-)
10. Jørgen Jensen Axelsen, 1500m (-)
12. Anders Strømblad Hansen, Fana, 600m (-)
13. Håvard Kristiansen, Fana, lengde (-4)
14. Jørgen Jensen Axelsen, 3000m (-4)
17. Erlend Gjerdevik Sørtveit, Fana, 1500m (-1)


tirsdag 11. september 2012

På topp i Norge, jenter - pr. 11.9. 2012

Neste gong me studerer norgesstatistikken, så er det etter at utesesongen er avslutta. Enno er det eit par-tre høve igjen til å pynta på persar, sjølv om det i ein god del øvingar også er viktig at veret spelar på lag. Og det...

Det er haugevis av topp 20-markeringar av lokale heltar i alderen 13- 19 år (sist oversikt: 23.7):

J13
3. Nora Øvergaard Aarvik, høgde (-)
5. Michelle Floor Heggeland, 100m (-1)
9. Michelle Floor Heggeland, 800m (-1)
13. Michelle Floor Heggeland, 60m (ny)
19. Nora Øvergaard Aarvik, 60m (ny)
19. Michelle Floor Heggeland, 200m (-1)
20. Nora Øvergaard Aarvik, 600m (ny)

J14
1. Renate Lie, 1500m hinder (-)
1. Renate Lie, tresteg (-1)
2. Renate Lie, 300m (-1)
2. Renate Lie, 400m (-1)
2. Renate Lie, 800m (-1)
2. Cathrine Harris, 80m (-1)
2. Maren Haugen Lillefosse, lengde (-)
2. Maren Haugen Lillefosse, 60m hekk (-)
2. Maren Haugen Lillefosse, 200m hekk (-)
3. Renate Lie, 1500m (-)
3. Renate Lie, 600m (-)
6. Cathrine Harris, 60m hekk (+6)
7. Renate Lie, 200m (-1)
8. Cathrine Harris, lengde (ny)
8. Maren Haugen Lillefosse, 60m (-)
10. Maren Haugen Lillefosse, 200m (-1)
14. Renate Lie, 60m (ny)
15. Maren Haugen Lillefosse, 100m (+2)

J15
1. Elina Drivenes, Fana, 600m (-)
1. Ingrid Helene Nyhus, 3000m (-)
1. Ingrid Næss Johansen, 2000m (-)
1. Ingrid Næss Johansen, 5000m (ny)
1. Thyra Hevrøy, Fana, 200m hekk (ny)
1. Anna Serine Røssland, 2000m hinder (ny)
2. Anna Serine Røssland, 1500m hinder (-)
2. Anna Serine Røssland, 3000m (+2)
2. Målfrid Pettersen Lunde, Fana, 1500m (ny)
3. Ingrid Helene Nyhus, 2000m (-)
4. Ingrid Næss Johansen, 3000m (-2)
4. Ingrid Næss Johansen, 1500m (-1)
4. Elina Drivenes, Fana, 800m (-1)
4. Anna Serine Røssland, 2000m (-)
5. Thyra Hevrøy, Fana, 3000m (-2)
5. Thyra Hevrøy, Fana, 300m hekk (-)
5. Anna Serine Røssland, 1500m (-)
5. Ingrid Næss Johansen, 1500m hinder (ny)
5. Målfrid Pettersen Lunde, Fana, 800m (+8)
6. Elina Drivenes, Fana, 400m (-1)
6. Eline Myking, Fana, 1500m (+3)
7. Ingrid Helene Nyhus, 1500m (-3)
7. Ingrid Næss Johansen, 600m (-)
8. Eline Myking, Fana, høgde (-1)
8. Målfrid Pettersen Lunde, Fana, 600m (-)
9. Thyra Hevrøy, Fana, 1500m (-2)
10. Thyra Hevrøy, Fana, 2000m (-4)
12. Elina Drivenes, Fana, 200m (-2)
13. Ingrid Helene Nyhus, 800m (-1)
20. Anna Serine Røssland, 800m (ny)

J16
1. Monika Benserud, 60m (-)
1. Monika Benserud, 80m (-)
1. Monika Benserud, 80m hekk (-)
1. Monika Benserud, lengde (-)
1. Monika Benserud, tresteg (-)
1. Vilde Lund Bjørnsen, 400m (-)
2. Vilde Lund Bjørnsen, 80m (-)
3. Monika Benserud, stav (-1)
4. Elin Marie Gjeraker, Bjarg, 80m (-)
5. Vilde Lund Bjørnsen, 200m (-2)
5. Monika Benserud, 100m (-)
9. Vilde Lund Bjørnsen, 100m (+1)
12. Monika Benserud, 200m (-3)
17. Vilde Lund Bjørnsen, lengde (ny)

J17
1. Elise Una Mikkelsen, Bjarg, 60m (-)
3. Marianne Benserud, stav (-)
4. Elise Una Mikkelsen, Bjarg, 100m (-)
5. Sara Berrefjord, Bjarg, 200m (-)
7. Sara Berrefjord, Bjarg, 100m (-)
13. Marianne Benserud, 200m (-1)

J18/19
1. Christine Bjelland Jensen, Bjarg, 60m
4. Christine Bjelland Jensen, Bjarg, 100m (-1)
5. Christine Bjelland Jensen, Bjarg, 400m (-1)
6. Christine Bjelland Jensen, Bjarg, 200m (-1)
6. Eline Bruce, Fana, tresteg (-1)
10. Eline Bruce, Fana, 100m hekk (-)
15. Birgit Attestog, Fana, kule (-1)

mandag 10. september 2012

Før Bergenslekene

Då lakkar det og lir det mot slutten av årets utesesong. Heilt ufrivillig er Bergenslekene no avslutningsstemne lokalt når det gjeld todagarsstemne. I mange år har det vore Fanalekene som, ei helg eller to seinare, har avslutta stemnesesongen, men i år blei Fanalekene opningsstemne i staden.

No ja, vergudane er klare med det aller meste dei har å tilby til å ta imot Bergenslekene og alle dei påmelde. Det er 99 startar frå Gneist innan fristens utløp, og her er dei som er 10 år eller eldre:

J11
Sara Tyssebotn Berg (60m, 600m, lengde)
Ida Karoline Michelsen (60m, 80m, lengde)

J12
Sanne Lillevik Christensen (lengde, 80m)
Anna Evensen (lengde, 60m, 80m, 60m hekk)
Charlotte Harris (lengde, 60m, 80m, diskos)

J13
Michelle Floor Heggeland (200m)

J14
Maria Josefine Berg (800m)
Cathrine Harris (100m, 200m, 60m hekk, lengde)
Renate Lie (100m (J15), 200m (J15), 800m (J15))
Maren Haugen Lillefosse (100m, 200m, 60m hekk, lengde, kule)

J15
Ingrid Helene Nyhus (2000m)
Anna Serine Røssland (800m, 2000m)

J16/17 (fellesklasse)
Vilde Lund Bjørnsen (lengde, 100m, 200m)

G11
Pål Haugen Lillefosse (60m, 80m, 60m hekk, høgde, lengde, spyd)
Håvard Rinde (60m, 600m, 80m, 60m hekk, høgde, lengde, spyd)

G12
Thomas Blücher (60m, 80m, 600m)
Gjert Høie Sjursen (60m, 80m, diskos, lengde, spyd)

G13
Kristoffer Blücher (200m, 600m, 60m hekk, kule)

G14
Trym Andresen (lengde, spyd, 800m, 1500m)
Henrik Irgens Gravdal (800m (G15), 2000m (G15))
Eirik Leikvoll (lengde, høgde, 100m)
Sondre Rinde (lengde, 100m, 200m, 80m hekk, 100m hekk (G15), 200m hekk)

G15
Emil Engelsen Holm (100m, 200m)

G16/17 (fellesklasse)
Aleksander Lie (200m, lengde, spyd, 200m hekk)
Stian Norheim (100m, 800m, 2000m)
Ole Martin Røssland (800m, 2000m)
Amund Høie Sjursen (100m, høgde, lengde)

søndag 9. september 2012

NCC - dag 2

I vinden i Lonevågen blei det likevel fleire flotte Gneist-resultat andre dag av NCC-lekene for 13- og 14- åringar.

Henrik Irgens Gravdal (G14) hadde lagt bak seg 2. plassen frå 600 meter lørdag og var fullt fokusert på viktigaste øvinga, 1500 meter. Den vann han på ny pers, 4:16,03, nesten to sekund betre enn kanontida frå Tyrvinglekene i juni. 4:16,03 er verdt 1083 tyrvingpoeng og er berre 1,04 sekund unna junior-NM- kravet! (Og ja, det var Henrik som også hadde den gamle klubbrekorden...)

Sondre Rinde (G14) var ein annan i 98-gjengen som var i kanonform i helga. Med 28,35 (i god motvind) på 200 meter hekk blei det 1051 poeng og ny klubbrekord. Den gamle hadde Aleksander Lie frå 2010 (28,41). Dermed har Sondre hekke-klubbrekordane i G14 frå 80 meter, via 100 og 200 meter til 300 meter. Det stoppa ikkje med det for Sondre: Han hoppa også over 12 metersgrensa i tresteg. Han stoppa på 12,22 (1022 poeng), som er godt over Morten Benserud sin 13 år gamle klubbrekord (11,73).

Cathrine Harris (J14) var også i solid tresteg-humør: Ho hoppa 10,90 (1010 poeng). I tillegg blei det sesongbeste på 60 meter: 8,77 (859 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) sprang 200 meter hekk på 32,33 (932 poeng), og Eirik Leikvoll (G14) fekk opp 10,20 i tresteg (820 poeng).

NCC-lekene er ein kretskamp. Hordaland har vunne denne kretskampen veldig mange år på rad no. Eg har ikkje følgt med i sjølve kretskampen undervegs, men Hordaland må då ha vore (klart) best igjen...


Liatårnet Opp

Det er stille tider for dei som er 15 år eller eldre denne helga. Eit kvart må ein no finna på: Marlen Røssland tok såleis ungdommane Ole Martin og Anna Serine Røssland med seg på motbakkeløp på Tellnes, Sotra, søndag: Liatårnet Opp.

Liatårnet Opp har ei lengde på 2,22 km og ei stigning på om lag 25 % på dei siste 1.040 metrane. Totalt er det 281 høgdemeter.

Ole Martin vann like så godt løpet på 15,48, som er nest-beste tida i løpets to-årige (...) historie. Han var 46 sekund framfor nr. 2.

I kvinneklassen var det norgesmeister i motbakkeløp, May Britt Buer frå Gular, som vann (rettnok godt og vel minuttet bak Ole Martin), men her følgde Anna Serine på ein fin 3. plass (20,40) og Marlen på 6. plass (23,17).

Fin tur. (Korreksjon: Fin tur heilt fram til bilen nekta å starta på heimvegen der ute på Tellnes...)

lørdag 8. september 2012

Tyrvingtabellen - ei repetisjonsøving


(Første gong: 27. februar 2011.)

Eg veit det, det er lett å ta ting for gitt når ein står midt oppe i det. I det sivile hender det at eg underviserer i journalistikk. Eg har mellom anna forska på ei kriminalsak som i alle fall ein del vil hugsa som "Orderudsaka". Her eit semester oppdaga eg at studentane såg på meg med spørsmålsteikn i ansikta då eg nemnde "Orderudsaka". Dei var nett begynt i småskulen då drapa på Orderud gård skjedde og - heldigvis! - var dei interesserte i heilt andre ting enn VG-framsider den gongen. Dei hadde altså ikkje noko forhold til det som eg tok for gitt.

I friidretten er "Tyrvingtabellen" ein slik ta-for-gitt-  størrelse. Alle på innsida snakkar om "Tyrvingtabellen" som om alle og ein kvar veit kva dette er. Det er truleg å ta for hardt i.

Tyrvingtabellen er, enkelt sagt, ein måte å rekna om resultat til poengsummar for utøvarar i alderen 10 til 19 år. Alder er ein særs viktig faktor. Same poengsum i same øving som 12-åring og som 17-åring skal, i teorien, tilseia same prestasjon.

1000 poeng er tabellens utgangspunkt for ein framifrå prestasjon. I praksis betyr det at tabell-makarane har bestemt seg for kva som er eit kjemperesultat i ei øving i ein aldersklasse og sagt at det gir 1000 poeng. Så blir eit system av ulike faktorar sett inn for å rekna ut poenga for prestasjonar under og over denne 1000 poeng-grensa.

Tabellens namn kjem frå største friidrettsklubben i landet, IL Tyrving i Bærum, som har fått æra for å finna på tabellen i si tid. Den har kanskje vore i bruk i større grad tidlegare, men er særs aktuell i sambad med lagserieresultata. I tillegg blir den lagt til grunn for alle bestemannspremieringar på stemne rundt om.

Tabellen blei siste gong revidert i mai 2011.

Tal og fakta om tabellen finst her:

Tyrvingtabellen

(Og trippeldrapet på Orderud gård skjede i pinsa i 1999...)

NCC - dag 1

Då registrerer me som venta ein god bunke solide resultat frå Gneist-utøvarar under første dag av NCC-lekene for 13- og 14- åringar på Osterøy.

Aller først gratulasjonar til Sondre Rinde (G14), som senka pers og klubbrekord to gongar på 80 meter hekk: Først blei det 11,71 i forsøket, før han kom heilt ned til 11,56 i finalen. Det gir 1068 tyrvingpoeng i tillegg.

Renate Lie (J14) vann 600-meteren seinare på dagen, men større prestasjon var det likevel då ha kom seg under 27 blank på 200 meter: 26,97 er nye persen på (1010 poeng).

Heilt offisiell vindmåling har me vel ikkje fått på lengdehoppet til Cathrine Harris (J14), men det meste tyder vel på at det var innanfor lovleg måling. 4,97 er uansett årsbeste for Cathrine (941 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) var ein annan som braut ei viktig grense: Han hoppa nemleg over 5 meter i lengde: 5,05, som også er verdt 940 tyrvingpoeng.

Michelle Floor Heggeland (J13) pynta på sin 200 meter-pers. Den er no nede på 28,51 (936 poeng).

Berre ei lita veke etter broder Stians UM-bronse, så viste Nora Øvergaard Aarvik (J13) flott form. Ho oppnådde pers på 200 meter med 28,67 (924 poeng) og på 600 meter med 1:47,55 (866 poeng).

Perspynting blei det til sist også på Herman Hovland (G13) på 600 meter. Ny bestetid er 1:42,78 (784 poeng).

fredag 7. september 2012

Senior-markeringar, menn (sist 7.8)

Vel, det er framleis vesentleg fleire nasjonale markeringar på kvinnesida enn for menn i BFG-systemet.   Men også mennene har plussa på tre nye sidan sist, sjølv om markeringane mellom dei aller beste manglar.

Her er oversikten:

60m
6. Amund Høie Sjursen (-)

100m
77. Amund Høie Sjursen (-11)

1500m
47. Jørgen Austvik (-4)
62. Jørgen Jensen Axelsen (-5)
75. Andreas Iden (-4)
77. Erlend Gjerdevik sørtveit (-4)

3000m
30. Kristian Blummenfelt (-7)
55. Ole Martin Røssland (ny)
57. Andreas Iden (-12)

5000m
29. Jørgen Jensen Axelsen (-3)
34. Ole Martin Røssland (-4)
35. Jørgen Austvik (-4)
41. Andreas Iden (-5)

10000m
24. Ole Martin Røssland (-11)
27. Andreas Iden (-12)

2000m hinder
7. Jørgen Jensen Axelsen (-1)
11. Ole Martin Røssland (ny)

Høgde
26. Thomas Langhelle Trefall (-2)
38. Amund Høie Sjursen (-3)

Stav
35. Håvard Våge Opheim (ny)

Lengde
15. Amund Høie Sjursen (-)

Tresteg
13. Thomas Langhelle Trefall (-2)

torsdag 6. september 2012

Kjempesprang

I 2011 blei Gneist 30. beste klubben i UM i Fredrikstad. I 2012 har klubben klatra til 12. plass! Det er rett og slett eit kjempehopp oppover listene.

Tyrving plukka flest poeng, framfor Norna-Salhus og BUL.

Av klubbane frå Hordaland er også Laksevåg og Stord å finna framfor Gneist, men Gneist er 4. beste klubben frå Hordaland dette året, mot 6. best i fjor.

Er det då meir å henta frå denne oversikten? Å ja da, jentene har klatra endå meir formidabelt: Dei var 59. beste jenteklubben i 2011 og er 15. best i 2012. Ikkje dårleg! Også gutane har klatra: frå 21. best i 2011 til 12. best i 2012.

Alle detaljane - både totalpoeng, poeng for jenter og gutar og aldersbestemte lister - finst her.

Senior-markeringar, kvinner (sist: 6.8)

Her kjem ein siste titt på senior-statistikken, før me oppsummerer endeleg etter at utesesongen er over. Ikkje alle resultata frå UM er inne på denne statistikken, men me fryst no fast det som er lagt ut akkurat no.

60m
3. Iren Vevatne Isaksen (ny)
6. Monika Benserud (+4)
13. Christine Bjelland Jensen (ny)
17. Elise Una Mikkelsen (-3)
24. Maren Haugen Lillefosse (-4)
40. Renate Lie (ny)

100m
14. Iren Vevatne Isaksen (+1)
21. Christine Bjelland Jensen (-1)
24. Monika Benserud (-4)
26. Anne Skudal Dolvik (-1)
42. Vilde Lund Bjørnsen (-2)
47. Elise Una Mikkelsen (-2)
62. Sara Berrefjord (-3)

200m
11. Iren Vevatne Isaksen (+6)
16. Anne Skudal Dolvik (-1)
25. Christine Bjelland Jensen (-)
28. Martine Eikemo Borge (+5)
33. Vilde Lund Bjørnsen (-1)
54. Monika Benserud (-)
65. Sara Berrefjord (-2)
95. Elina Drivenes (-8)
103. Renate Lie (-8)

300m
5. Renate Lie (-2)

400m
1. Martine Eikemo Borge (-)
17. Anne Skudal Dolvik (-1)
20. Vilde Lund Bjørnsen (-1)
30. Christine Bjelland Jensen (-2)
40. Renate Lie (-1)
57. Elina Drivenes (-2)

600m
6. Renate Lie (-)
9. Elina Drivenes (-)

800m
2. Martine Eikemo Borge (-)
35. Renate Lie (+5)
49. Elina Drivenes (-5)
54. Målfrid Pettersen Lunde (+18)
82. Ingrid Helene Nyhus (-11)

1500m
28. Renate Lie (+8)
40. Silje Stenersen (-2)
45. Målfrid Pettersen Lunde (ny)
57. Ingrid Næss Johansen (-4)
67. Anna Serine Røssland (-5)
68. Eline Myking (-5)
69. Ingrid Helene Nyhus (-5)

2000m
3. Ingrid Næss Johansen (-2)
5. Ingrid Helene Nyhus (-2)
6. Anna Serine Røssland (-2)
11. Eline Myking (ny)
14. Thyra Hevrøy (-7)

3000m
20. Pernille Thomassen (-6)
36. Ingrid Helene Nyhus (-12)
49. Anna Serine Røssland (ny)
57. Ingrid Næss Johansen (-20)
59. Thyra Hevrøy (-19)

5000m
13. Pernille Thomassen (ny)
20. Ingrid Næss Johansen (ny)

100m hekk
25. Eline Bruce (-1)

200m hekk
6. Maren Haugen Lillefosse (-1)

2000m hinder
6. Anna Serine Røssland (-3)

Høgde
55. Eline Myking (-6)
55. Nora Øvergaard Aarvik (-6)

Stav
8. Marianne Benserud (+1)
17. Monika Benserud (-2)

Lengde
13. Monika Benserud (-3)
20. Maren Haugen Lillefosse (-3)

Tresteg
7. Monika Benserud (-)
24. Cathrine Harris (+11)
26. Eline Bruce (-1)

Kule
47. Birgit Attestog (-1)

Før NCC-lekene: Stort Gneist-preg

11 Gneist-utøvarar stiller til start under NCC-lekene for 13- og 14- åringar på Osterøy til helga. Og det er ein svært sterk tropp frå 98- og 99-årgangen som stiller. Det er høgst sannsynleg at utøvarane kjem heim med mange topp- og pall-plasseringar. Motstandarane kjem altså frå Sogn og Fjordane, Rogaland og Vest-Agder, forutan andre sterke frå Hordaland. Merk også at kvar utøvar kan stilla i maksimalt fire øvingar.

Her er rangeringa på førehand:

Jenter 13
Michelle Floor Heggeland
200m: nr. 3
60m: nr. 4
lengde. nr. 5

Nora Øvergaard Aarvik
Høgde: nr. 1
60m: nr. 5
200m: nr. 6
600m: nr. 7

Jenter 14
Cathrine Harris
Tresteg: nr. 1
Kule: nr. 2
Lengde: nr. 4
60m: nr. 9

Renate Lie
600m: nr. 1
1500m: nr. 1
200m: nr. 3
60m: nr. 5

Maren Haugen Lillefosse
60m hekk: nr. 2
200m hekk: nr: 2
lengde: nr. 2
60m: nr. 4

Gutar 13
Kristoffer Blücher
60m: nr. 1
200m: nr. 1
60m hekk: nr. 1
200m hekk: nr. 1

Herman Hovland
200m: nr. 2
600m: nr. 3
60m: nr. 6

Kristian Schjønningsen
lengde: nr. 1
tresteg: nr. 1
kule: nr. 2
200m hekk: nr. 2

Gutar 14
Henrik Irgens Gravdal
600m: nr. 1
1500m: nr. 1
200m hekk: nr. 3

Eirik Leikvoll
høgde: nr. 1
stav: nr. 1
tresteg: nr. 10
lengde: nr. 12

Sondre Rinde
80m hekk: nr. 1
200m hekk: nr. 1
lengde: nr. 2
tresteg: nr. 2

onsdag 5. september 2012

Welcome to Lillehammer

Dei eldste UM-deltakarane til Gneist i 2013 vil vera fødde etter at det var OL på Lillehammer i 1994. Ein av dei store slagarane frå den gongen var ho dama med hårprakten, Kate Gulbrandsen, sin song "Welcome to Lillehammer" - på godt austlands-engelsk.

Neste september er det nettopp Lillehammer og Stampesletta som er arena for Ungdomsmeisterskapet.

På Askøy nyleg hadde Gneist ein rekordstor tropp på 17 utøvarar. Alt no er 21 Gneist-utøvarar kvalifiserte til neste UM. Slik er stoda, 51 veker før...:

GUTAR
Andreas Iden, G18/19 (3000m)
Ole Martin Røssland, G18/19 (3000m)

Magnus Leikvoll, G17 (stav)
Aleksander Lie, G17 (800m)
Stian Norheim, G17 (3000m)
Håvard Våge Opheim, G17 (stav)
Amund Høie Sjursen, G17 (tresteg, 100m, lengde, høgde)

Emil Engelsen Holm, G16 (100m, 200m)
Stian Øvergaard Aarvik, G16 (800m, 3000m)

Henrik Irgens Gravdal, G15 (800m)
Eirik Leikvoll, G15 (stav)
Sondre Rinde, G15 (200m, tresteg, 100mh, 100m, 300mh, lengde)

JENTER
Marianne Benserud, J18/19 (stav, 200m)

Monika Benserud, J17 (stav, lengde, tresteg, 100m, 200m)
Vilde Lund Bjørnsen, J17 (100m, 200m, 400m)

Ingrid Næss Johansen, J16 (800m)
Ingrid Helene Nyhus, J16 (800m)
Anna Serine Røssland, J16 (800m)

Cathrine Harris, J15 (kule, tresteg, lengde)
Renate Lie, J15 (200m, 800m)
Maren Haugen Lillefosse, J15 (100m, 200m, lengde)

tirsdag 4. september 2012

Krets vs. Forbund

Komande helg er det NCC-lekene på Osterøy. Då møtest 13- og 14- åringar frå Agder-fylka i sør til Sogn og Fjordane i nord til kretskamp på Hatland, Lonevåg. Det blir ei spennande og fin oppleving for ungdommane som er med.

Den kretskampen får me koma tilbake til. Her skal det handla om nyvinninga "kretskamp 15-19 år", som er blitt sett inn på terminlista siste helga i september. Det er ein kretskamp for Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Den skal gå føre seg på Fana Stadion.

Alt dette er vel og bra og spennande.

Men: Lørdag 29. september er det samtidig nasjonalt meisterskap, nemleg NM/UM i terrengløp, lang løype, på Ås.

Det er, for å seia det mildt, ein smule underleg at fire kretsar rottar seg saman og arrangerer eit konkurrerande stemne til forbundet sitt nasjonale.

Dette er altså terrengløp i lang løype. Til overmål er kretskampen sett opp slik at den lengste distansen for mellom- og langdistansegjengen skal gå lørdagen, altså same dagen som terrengløp-meisterskapet, medan den kortaste distansen for dei er sett opp søndagen.

Min snart 90 år gamle onkel sitt favoritt-uttrykk er "hol i hovet". Eg kan vera tilbøyeleg til å meina at uttrykket her er på sin plass.

mandag 3. september 2012

Gammalt, men viktig nytt

Gneist Junior-sjef Terje har gjort meg merksam på at 1000 meter-stafett- klubbrekorden for gutar 15/16 må vera ifrå 2005, ikkje først frå 2011 og så frå 2012, som tidlegare annonsert.

For alt den 4. september 2005, under UM i Moss, sprang ein Gneist-kvartett med 16-åringar heilt ned på 2:02,21. Det er ikkje berre klubbrekord, det er framleis gjeldande meisterskapsrekord for UM!

No kan eg ikkje anna enn å skulda på andre... - og underleg nok mangla denne rekorden på den lista eg fekk overlevert då eg overtok ansvaret for klubbrekordane for eit par år sidan.

Dei fire som sprang på laget på Melløs for sju år sidan var: Erik Hovlandsdal (solid sesong i Gular i år), Kristoffer Grindedal, Espen Liland og Marius Benserud.

Gratulerer med ny, gammal klubbrekord!

søndag 2. september 2012

Bronsar gode som gull

Så er Askøy-UM historie. Arrangementet har verka framifrå sett frå sidelinja. Det har for så vidt undra meg at arrangøren av dei litt stusselege Askøylekene får til slike fulltreffarar som dette både ein og fleire gongar - no sist junior-NM i 2010 før årets UM. Og no står søknad om hovud-NM på trappene.

Gneist enda opp med tre bronsar i heile UM i Fredrikstad i fjor. I år blei det tre bronsar berre siste dagen. Det betyr at det blei 3 gull og 4 bronsar totalt - ein ganske formidabel framgang frå i fjor. Og den kjem til å bli endå større i 2013. Eg minnar om at 1998-gjengen - som blir UM-debutantar neste år - dominerer norgesstatistikken både for gutar og jenter...

Dagens bronsar:

Stian Øvergaard Aarvik (G15) sprang ein fantastisk 2000 meter, enda opp med 5:52,87, som er nest-beste 2000-meteren av ein 15-åring i Gneist-soga (bak Andreas Iden). Løpet er verdt 1054 tyrvingpoeng.

Amund Høie Sjursen (G16) tok ein velfortent bronse i lengde, med eit hopp på 6,59 i siste omgang. Amund hadde fleire knepent ugyldige hopp, som var minst like lange.

Og den tredje bronsen gjekk til Marianne Benserud (J17), som med 3,31 hoppa sesongbeste (1022 poeng).

Andreas Iden (G17) sprang ein særs god 800 meter, etter gammalt: Det var eit godt gjennomført løp, med to etter måten jamne og gode 400 meterar. Slutt-tida blei 2:03,41, pers med godt over sekundet (893 poeng).

Vilde Lund Bjørnsen (J16) oppnådde årsbeste på 200 meter, då ho blei nr. 5 med 25,66. Litt meir smålåten var ho i lengde, der det blei 4,80 og 9. plass (859 poeng).

... Og då er det å finna vegen til Lillehammer litt uti september neste år...

Nye gull

No skal det mykje til dag 3 under UM på Ravnanger om medaljefangsten til Gneist skal bli så stor som førehandsvurderinga på denne bloggen innebar, men gullfangsten er heilt der me hadde håpa - og vel så det.

Ei av dei som skulle vera garantist for medaljar (og gull) var Monika Benserud (J16). Lørdag innfridde ho i den vindfulle idrettsparken på Askøy og vann gullet i tresteg, fem centimeter framfor nr. 2. (På 80 meter hekk måtte Monika kasta inn handkledet i finalen grunna skade, dessverre.)

Gull nr. 3 - og dermed gull nr. 2 til ungdommane her i huset - stod Ole Martin Røssland (G17) for, då han på sin skikkelege debut på distansen, klarte å halda seg på beina og sprang inn til 6:37,65 og gull på 2000 meter hinder (948 tyrvingpoeng også).

Jørgen Jensen Axelsen (G19) sprang sitt aller siste UM-løp med sin 2000 meter hinder i G18/19. Det blei ein solid 4. plass, etter at Jørgen hadde arbeidd seg godt oppover etter ein moderat start. Tida blei 6:24,23 (942 poeng), som er årsbeste.

I tillegg tar me med at Vilde Lund Bjørnsen (J16) og Emil Engelsen Holm (G15) gjennom forsøksheata sine lørdag føremiddag kvalifiserte seg for kvar sin 200 meter-finale søndag morgon.

Så får me satsa på at det får regna og blese frå seg i natt...

lørdag 1. september 2012

Lite smålåtne i heimen

UM på Ravnanger er i gang. Veret første dag var over forventning, det må seiast. Medaljefangsten til Gneist var om lag på pari - i forhold til førehandstipset, medan medaljefangsten i bloggarheimen var rett over pari:

Anna Serine Røssland (J15) beviste at førehandsvurderinga frå Tom Roger i Kondis var rett: Øving gjer meister, slo han fast, og eit sterkt hinderløp gav gull til Anna Serine. Ikkje berre det; tida 5:25,81 var pers med nesten fem sekund, betring av eigen klubbrekord og den førte også Anna Serine inn i 1000 poengs-klubben for aller første gong (1019 tyrvingpoeng).

Den andre Gneist-medaljen på dag 1 gjekk til broder Ole Martin Røssland (G17); med 9:02,58 på 3000 meter blei det bronse.

Emil Engelsen Holm (G15) viste styrke før favorittøvinga 200 meter, då han sprang inn til 12,15 i forsøket på 100 meter. Løpet gir 966 tyrvingpoeng.

Stian Norheim (G16) sprang eit godt hinderløp, i eit heat som starta svært bedageleg. Glitrande passeringar - ikkje minst av vassgravene - førte likevel Stian til ny pers til slutt (og 5. plass), med 4:47,78. Pers er pers, sjølv om denne var med fire hundredelar (957 poeng).

Ingrid Næss Johansen (J15) debuterte på 1500 meter hinder. Det gjorde ho på 5:41,50 (947 poeng).

Og så klarte Håvard Våge Opheim (G16) igjen å få ut eit godt nivå i eit meisterskap. Det blei 5. plass i stav med 3,01, som er sesongbeste (713 poeng).