fredag 30. november 2012

UM 2013 - i stigning trass stille

Vel, eg tenkte eg skulle la kvalifiseringsoversikten til UM 2013 (ute) ligga til innesesongen var komen godt i gang. Men så skjer det ein del ting fram og tilbake med medlemsmassen, og først og fremst skjer det noko i samband med at BFG no blir utan Fana. Det har den konsekvensen for Gneist at opptil fleire Fana-utøvarar blir Gneist-medlemmer frå 1. januar.

Nokre har alt gjort den formelle jobben, andre ventar enno litt (sjølv om 31. desember er absolutt siste frist!) - og her er det viktig for både aktuelle utøvarar og for klubb å gjera alt det formelle korrekt.

Sidan sist oversikt, etter utesesongen, er det komen to nye til, slik at Gneist no har 23 utøvarar kvalifiserte til UM på Lillehammer i september neste år. Nett no er det ein kamp mellom G17 og J16 om å ha flest utøvarar med - stilllingen er 5-5.

Her er heile oversikten:

GUTAR
Andreas Iden, G18/19 (3000m)
Ole Martin Røssland, G18/19 (3000m)

Magnus Leikvoll, G17 (stav)
Aleksander Lie, G17 (800m)
Stian Norheim, G17 (3000m)
Håvard Våge Opheim, G17 (stav)
Amund Høie Sjursen, G17 (tresteg, 100m, lengde, høgde)

Emil Engelsen Holm, G16 (100m, 200m)
Stian Øvergaard Aarvik (800m, 3000m)

Henrik Irgens Gravdal, G15 (800m, 2000m)
Eirik Leikvoll, G15 (stav)
Sondre Rinde, G15 (200m, tresteg, 100mh, 100m, 3000mh, lengde)

JENTER
Marianne Benserud, J18/19 (stav, 200m)

Monika Benserud, J17 (stav, lengde, tresteg, 100m, 200m)
Vilde Lund Bjørnsen, J17 (100m, 200m, 400m, lengde)

Elina Drivenes, J16 (200m, 800m)
Thyra Hevrøy, J16 (300mh)
Ingrid Næss Johansen, J16 (800m)
Ingrid Helene Nyhus, J16 (800m)
Anna Serine Røssland, J16 (800m)

Cathrine Harris, J15 (kule, tresteg, lengde)
Renate Lie, J15 (200m, 800m, 100m)
Maren Haugen Lillefosse, J15 (100m, 200m, lengde)

torsdag 29. november 2012

Hopp x 2

Trass i at underteikna aldri har sett sine bein i ei stille lengde-grop, så har eg for vane å reklamera ganske heftig for eit par av stille hopp-konkurransane kvar vinter.

Det er dei hopp-konkurransane som faktisk er dei klart viktigaste for Gneist i lagserien. Vel, det er rett og slett sjelden Gneist-utøvarar har hopp-resultat utan fart frå andre stader enn nett desse to stemna.

Det første er KM i hopp utan fart, som i 2013 er sett opp på Laksevåg lørdag 26. januar.

Det andre - og det desidert viktigaste! - er det tradisjonstunge hoppstemnet på Ytrebygda skole fredag 22. februar. Det er viktigast nettopp fordi såpass mange resultat kjem her - frå rekruttar, via dei fleste aldersgrupper mellom ungdommane og til dei særs gamle (over 40).

Gneist gjer det svært bra i lagserien for tida. Utan alle dei gode resultata frå nettopp desse to hopp-stemna ville det sett noko annleis ut. Til saman 30 resultat frå stemna vinteren 2012 er teljande på laga våre i lagserien i år, fordelt på 11 hos jentene og heile 19 resultat mellom gutane.

tirsdag 27. november 2012

Lyset har gått

Dette er ei kort soge om det offentlege forfallet. Me høyrer om det kvar dag på kanskje alvorlegare arenaer - som helse og skule. Men du verda, idretten er også eit svært viktig samfunnsområde. Og ein merkar det offentlege forfallet godt også her.

Om det er blårussen eller deira frendar som styrer, det veit eg ikkje. Men budsjettstyringa er blitt oppsplitta og kortsiktig: Det handlar om å nå budsjettmål for skilde sektorar og innanfor konkrete budsjettår. Ein har slutta å sjå samanhengar - både mellom ulike område og over tid.

I eit slikt system forsvinn til dømes vedlikehald som størrelse fullstendig. Då eg vaks opp var "vaktmesteren" ein konkret person som me helste på og meinte me kjente slik nokolunde, enten det var på skulen eller på idrettsanlegget. I dag er vaktmesteren ein utdøande rase. I staden for vedlikehald dett skulebygg og andre offentlege eigedommar ned over hovuda på brukarane, heilt til det blir ropt høgt nok krise og dei falleferdige bygga blir erstatta av heilt nye.

Frå 1. oktober forsvann dei faste vaktmesterane frå idrettsanlegga til Bergen kommune, mest merkbart for svært mange at ufatteleg dugande vaktmesterar forsvann frå Fana Stadion.

Siste nytt er at lyset fullstendig har gått for dei som sit med ansvaret for dette: Frå og med i går, mandag 26. november, så er "tilbodet" stramma inn ytterlegare: Lys, garderobar og toalett blir skrudd av og stengde. Det er som ein både må springa bak ein busk og klypa seg i armen samtidig.

Det siste er sikkert ei naturleg følgje av det første i denne saka: Når vaktmestrane er fjerna, så må ein altså stenga av.

Bloggaren brukar ikkje så store ord som bloggar så ofte, men utanom bloggen er det no annleis. Men i dette tilfellet må det berre seiast også her: Når lyset har gått for byråkratar og politikarar, då må nokon koma og hjelpa dei ut frå mørket - vekk frå kalkylane og skrivebordssystema og til der verkelegheten finst.

Det offentlege forfallet er ein skandale. Dette er ein skandale.

Øvergaard Aarvik-show (Vinterkarusellen-2)

Det var fabelaktig gode forhold til "vinter" å vera, då den andre Vinterkarusellen til BFG gjekk av stabelen mandag kveld. Det blei sprunge rasfort av svært mange - inkludert mange av våre lokale heltar.

Igjen: Oversikten som finst nedanfor er fullstendig etter underteiknas eige hovud, men den tar utgangspunkt i "Gneist og omland".

Framfor alt var dette kvelden til mamma Torun og eldsteson Stian Øvergaard Arvik. Torun vann 10 km for kvinner, medan 15-åringen Stian sprang ein strålande 10 km for menn - og vann han også.

5 KM KVINNER
Her rykka Thyra Hevrøy heilt til topps på lista med sitt løp på 20.21. Thyra er offisielt Gneist-utøvar frå komande årsskifte. Her er topp ti etter to løp.

1. Thyra Hevrøy 20.21
2. Linn Seliussen 20.29
3. Silje Stenersen 21.16
4. Tuva Straume 22.27
5. Sanne Lillevik Christensen 23.38
6. Pernille Hordnes Sørås 24.06
7. Marlen Eide Røssland 24.32
8. Anne-Marte Aldal Sætre 24.37
9. Sara Tyssebotn Berg 25.07
10. Margrethe Irgens Gravdal 26.15

5 KM MENN
Heilt i toppen held alt nemnde Stian Øvergaard Aarvik stand, men både Hans-Magnus Haukøy, André Seliussen og Thomas Blücher leverte flotte løp mandagskvelden.

1. Stian Øvergaard Aarvik 16.25
2. Bjarte Eikanger 16.36
3. Henrik Irgens Gravdal 16.56
4. Jørgen Austvik 17.02
5. Andreas Iden 17.07
6. Hans-Magnus Haukøy 19.51
7. André Seliussen 19.51 (-1.07)
8. Morten Seliussen 19.56
9. Thomas Blücher 20.54 (-1.21)
10. Eirik Måren Sæle 26.23

10 KM KVINNER
Her er "lista" svært kort, sjølv om det er ein formidabel auke frå 0 sist, til 1 no:

1. Torun Øvergaard Aarvik 41.51

10 KM MENN
Her er kanonløpet til Stian Øvergaard Aarvik alt nemnt, men svært gode løp også frå trenar Bjarte Eikanger, Jørgen AustvikOle Martin Røssland, Andreas Iden og Stian Norheim:

1. Stian Øvergaard Aarvik 33.56
2. Bjarte Eikanger 33.57
3. Jørgen Austvik 35.15
4. Ole Martin Røssland 35.16 (-1.16)
5. Andreas Iden 36.19
6. Morten Seliussen 37.38
7. Stian Norheim 39.51 (-1.53)
8. Jens Larsen Åstveit 40.36

I tillegg manglar det vel ei tid på Erlend Gjerdevik Sørvtveit på 10 km. Han står oppført med ei noko tvilsam tid på 5km. Erlend sprang vel saman med Andreas og skal ha ei tid rundt hans...

Neste gong er det på med nissehua; 17. desember.


mandag 26. november 2012

Mai-nytt

Først: Sentrumsløpet i Oslo er det ein del som satsar fram mot, mellom anna har ei av våre heilt ferske Gneist-medlemmer, Linn Seliussen, alt gjort store ting i Sentrumsløpet i ung alder. Dette løpet går komande vår den 27. april.

Men, så til mai:

... Eller, aller først til juni: Gneist vann jo lagkonkurransen i Tyrvinglekene 2012, men Gneist vann i tillegg samanlagtkonkurransen for Tyrvinglekene og Romerikslekene. Nett det var ein svært sterk prestasjon, sidan Gneist-"troppen" til Romerikslekene var svært så tynn: Berre Monika Benserud forsvarte Gneist-fargane på det fine stadionet på Lillestrøm.

Éin grunn til det var at Romerikslekene i 2012 gjekk nøyaktig same helga som Mailekene i Haugesund. Til Mailekene har Gneist-kontingenten berre blitt større og større dei siste åra. Men i 2013 blir desse arrangementa å finna på ulike helger:

Romerikslekene går helga 25. - 26. mai. Det er same helga som det er NM og UM i banestafettar i Sandnes, så dei som blir tekne ut til å vera med i Sandnes kjem seg ikkje til Lillestrøm.

Mailekene går ekstra tidleg i 2013 - nemleg søndag 19. mai og mandag 20. mai. Det vil med andre ord seia at stemnet går på den splitter nye banen, like ved innandørshallen, 1. og 2. pinsedag - langhelga som startar med fredag 17. mai.

... Så då blir det vel 17. mai-feiring i Kvinnherad i 2013, vil eg tru...

Historietime: Junior-NM i 2004

Sommaren 2004 blei junior-NM skipa til i Trondheim. BFG (Fana) var inne i ein svært god tidsperiode, med flotte prestasjonar i mange - og mange varierte - øvingar.

Benedikte Liland (U20) hadde eit nytt flott meisterskap. Aller best gjekk det i tresteg, der ho blei norgesmester med 12,20, 12 centimeter framfor nr. 2. I kule blei det 10,75 og 4. plass, i lengde 5,49 og 5. plass. (Her vann dagens superhoppar i øvinga, Margrethe Renstrøm med 5,85.)

Den gongen Gneist-kastarane Steffen Nerdal og Andreas Eeg markert seg også i dette meisterskapet. Steffen vann diskos (53,38, her var han 8,3 meter framfor nr. 2), tok sølv i slegge og fjerdeplass i kule (her var han 9 centimeter bak bronsen og 10 bak sølvet...). Andreas tok to fjerdeplassar, i diskos og slegge.

Morten Benserud tok eit nytt meisterskap på 400 meter hekk, her blei broder Marius nr. 4.

Hilde Hovlandsdal vann bronse i høgde (U20) med eit hopp på 1,72.

Bronse blei det også på stafettlaget i MU20, der Espen Liland, Marius Benserud, Håvard Hasås og Morten Benserud sprang.

Eirik Karstensen hoppa 1,97 i høgde (MJ22) og tok med det ein 4. plass.

lørdag 24. november 2012

2013 er i gang...: ein pangstart

I følgje Mayakalenderen - eller tolkarane av den - skal verda gå under 21. desember. Det er ikkje difor me tar 2013 få forskot. Det handlar om at innesesongen med Gneist-auge starta i Høiehallen lørdag: Innesesongen varer til og med 30. juni 2013, utøvarane stiller i aldersklassen dei tilhøyrer til neste år og resultata gjeld i seriesamanheng 2013. Så då så...

Og det blei ein pangstart:

Pål Haugen Lillefosse (G12!) persa i stav til 3,10. Dermed har Pål nådd i tyvingpoeng-taket alt - med 1085. (Til samanlikning enda han på 1051 poeng for stavresultatet sitt sist vinter.) Det er ny klubbrekord i 12års-klassen med 85 centimeter! Og den gamle (tilhøyrande Helge Otterlei) var frå 1984 - 29 år sidan og det året Eirik Kvalfoss blei olympisk meister i Sarajevo (ikkje i stav). Fabelaktig!

Marianne Benserud (J18) sesongdebuterte med 3 meter akkurat (880 poeng). Også Marianne sette klubbrekord - her var den ledig.

Brørne Eirik (G15) og Magnus Leikvoll (G17) enda begge med 2,90 som resultat lørdag. Hoppa er verdt høvesvis 790 og 636 poeng. I mellom der, på poeng, kom Håvard Våge Opheim (G17), som med 3,00 oppnådde 706 poeng.

I tillegg til stav blei det skipa til den lite kurante og heller sjeldne øvinga tresteg utan fart i Høiehallen lørdag ettermiddag. Her har me dei siste åra likevel notert klubbrekordar, så då får me no halda fram med det:

- Pål Haugen Lillefosse (G12) hoppa 6,25 (klubbrekord; den gamle hadde Eirik Leikvoll på 5,36, frå 2010). Pål persa med 80 centimeter frå fjorårssesongen.

- Eirik Leikvoll (G15) tok tilbake éin klubbrekord, då han landa på 7,27 (ledig rekord).

- Og Magnus Leikvoll (G17) gjorde det same; fekk seg ein klubbrekord der det tidlegare ikkje har vore notert. Han landa fire centimeter lengre borte i gropa enn broder Eirik; 7.31.

fredag 23. november 2012

Kvalifiseringsoversikt, BFG - 2013

Det skal noko til å følgja med; kven er BFG-utøvarar i 2013 og kven er det ikkje? Det kjem stadig noko nytt på medlemsfronten. Det skal det ikkje gåast i detaljar om her, men i staden kjem det i dette innlegget ein oversikt over dei som er kvalifiserte til meisterskap i BFG-drakt i 2013 - av dei som pr. dato er i BFG eller ein av dei to moderklubbane.

Så får me justera oversikten etter kvart som ny informasjon måtte koma.

Kvalifiserte for SENIOR-NM (Tønsberg, august 2013) er så langt:
- Marianne Benserud
- Monika Benserud
- Vilde Lund Bjørnsen
- Martine Eikemo Borge
- Benedikte Liland
- Maren Haugen Lillefosse
- Elise Una Mikkelsen
- Pernille Thomassen

Kvalifiserte for JUNIOR-NM (U20) (Overhalla, august 2013) er:
- Marianne Benserud
- Monika Benserud
- Sara Berrefjord
- Vilde Lund Bjørnsen
- Elina Drivenes
- Cathrine Harris
- Thyra Hevrøy
- Ingrid Næss Johansen
- Renate Lie
- Maren Haugen Lillefosse
- Elise Una Mikkelsen
- Ingrid Helene Nyhus
- Anna Serine Røssland

- Andreas Iden
- Ole Martin Røssland
- Amund Høie Sjursen


Kvalifiserte for JUNIOR-NM (U23) (Overhalla, august 2013) er:
- Jørgen Austvik
- Jørgen Jensen Axelsen



JA til BFG Bergen

Den 5. desember er det kalla inn til ekstraordinært årsmøte i Friidrettsklubben BFG Fana.

Det står éi sak på agendaen: Namnebytte til "Friidrettsklubben BFG Bergen".

I praksis vil klubben forbli "BFG" for dei fleste av oss, slik den er i dag.

Likevel er eit namnebytte blitt viktig. Det er ein del av oss - bloggaren inkludert - som i lang tid har undra seg over at me har hatt to (friidretts-)klubbar med så like namn: Fana og BFG Fana. Gang på gang har eg opplevd at utanforståande har omtalt BFG som "Fana". Eit døme: Under NM i terrengløp i Trondheim hausten 2011 vann både Kristian Blummenfelt og Kirsten Melkevik gull for BFG. Speakeren sa konsekvent at desse var frå "Fana" - punktum.

Dette skjedde nesten eit heilt år før Fana IL si friidrettsgruppe fann på å gå ut av BFG-samarbeidet. Då det skjedde blei det endå meir openbart at BFG treng eit klubbnøytralt namn. Med "Friidrettsklubben BFG Bergen" kan me på eine sida halda på "BFG" som det som me til kvardags vil bruka, samtidig som "etternamnet" blir så inkluderande at me både kan invitera andre samarbeidsklubbar inn og invitera Fana IL tilbake igjen i falden, når det skulle vera.

Fana IL si friidrettsgruppe vedtok utmeldinga si under eit svært kontroversielt ekstraordinært årsmøte 26. september i år. Etter ei lang intern tautrekking internt i Fana er no utmeldinga endeleg stadfesta. Les meir om dette her.

Då meldinga først kom om at Fana ville ut, var det mange som lurte på om me no skulle heita "BG" eller liknande, sidan F'en i "BFG" står for Fana. Det er heilt uaktuelt å endra på BFG-namnet. Det er eit sterkt særnamn i friidretten og i området, som me for all del skal halda på. BFG står for "Bjarg, Fana og Gneist". Og Bjarg, Fana og Gneist vil for alltid vera klubbane som i si tid stifta paraplyklubben BFG - heilt uavhengig av kva kvar enkelt av desse klubbane finn på av krumspring i ettertid.

Det er mange måtar å sjå på forslaget om namnebytte. Éin viktig måte er at dette er ein del av ei offensiv strategi; å hevda klubben og visa at den er i høgste grad levedyktig og framtidsretta.

JA til BFG Bergen den 5. desember!

torsdag 22. november 2012

Den nasjonale lagserien

Bloggen har jo sitt sterke fokus på den lokale lagserien, i Hordaland, der Gneist gjer ein solid figur år etter år.

Men det finst altså  ein faktisk endå gjævare lagserie; den nasjonale for seniorar.

Den blei avslutta 31. oktober og det datt inn ein god del hastig raska saman stemne frå klubbar som faktisk satsar tungt på lagserien dei siste dagane i oktober månad. Slikt gjer ikkje BFG, i alle fall ikkje for tida. Ein tenker nok der at prestasjonane gjennom den eigentlege sesongen får vera det me stiller med i lagserien, og så held me oss unna desse "krampe-stemna" heilt på tampen.

BFG sine kvinner var 3. best i heile landet i 2012, og lagserie-general Bjørge Pedersen skriv "...Etter fjorårets bronse ble det 6. plass i år, selv om plassen over hadde vært i boks om de hadde dekket opp den øvelsen de manglet. BFG har mange unge og lovende utøvere, og kan fort forbedre seg til neste år."

Så det blei altså 6. plass i 1. divisjon (som er "toppserien" i denne samanheng), mot 3. plass i fjor for BFG-kvinnene sitt 1. lag. Sportsklubben Vidar sneik seg forbi Tjalve på oppløpet og vann, medan Gular - med ein solid dose Laksevåg-innslag - tok 3. plassen.

For menn har ikkje BFG vore i øvste divisjonen sidan 2006, men dei er i klatremodus: I fjor blei det opprykk frå 3. divisjon, i år var BFG-mennene (/-gutane) ikkje langt unna eit nytt opprykk frå 2. divisjon. Til slutt blei det 7. plass av dei totalt 14 laga i 2. divisjon.

Aller best - i 1. divisjon - for menn var Tjalve (for sjuande året på rad), framfor Sandnes og Norna-Salhus på 3. plass.

BFG opererer med to 2. lag også: Kvinnene sitt 2. lag blei nr. 15 i 3. divisjon (ned frå 7. plass i 2011), medan mennene sitt 2. lag blei nr. 20 i 3. divisjon (opp frå 21. plass året før).

Oppslag og tilhøyrande lenker til meir detaljar om årets nasjonale lagserie finst her.

Travel veke (terminlistenytt)

Veka frå og med helga 6.-7. april til og med helga 13. - 14. april 2013 kan bli svært travel for dei som spring lengre og i terrenget.

Det blir innleia med KM i terrengløp i regi av IL Varegg i området rundet Skansemyren lørdag 6. april.

Dagen etter - søndag 7. april - inviterer Varegg alle interesserte tilbake til historias andre "2manns-terrengstafett" i det same området. Den første gjekk av stabelen tidleg på våren i 2012 og blei vunnen av Andreas Iden og Ole Martin Røssland. Også ei rekkje andre av våre utøvarar gjorde det skarpt i nyvinninga. Her er Kondis-reportasjen derifrå. 

Onsdag 10. april blir det endå meir tradisjonsrike Fristafetten på Espeland. Her stiller både Gneist og BFG med opptil fleire lag.

Og så blir veka, for dei ivrigaste, avslutta med NM/UM i terrengløp, kort løype, på Hønefoss i Buskerud.

Heldigvis er det påskeroleg i forkant av denne veka, og det ser etter måten roleg ut på terminslista dei neste par vekene i etterkant også.

onsdag 21. november 2012

Historietime: UM 2004

Ja, det er lett å gløyma, no når tidene er gode og mange presterer godt i Gneist-trøya, at det har vore gode tider også tidlegare - og til og med for ikkje så mange år sidan.

Då det var UM på Fagernes i Valdres seinsommaren 2004, ja så blei det hausta mange medaljar og gode plasseringar frå Gneist-utøvarar.

Marius Benserud (G15) vann gull på 100 meter hekk på 14,55. Han var nesten sekundet framfor sølv-vinnaren. Marius blei dessutan dobbeltvinnar, då han også tok med seg 300 meter hekk (41,04), og han vann sølv på 200 meter (24,13).

Espen Liland (G15) vann bronse både på 100 meter med 11,99 og på 200 meter med 24,30.

Håvard Hasås (G17) er alt omtalt som dobbeltvinnar frå UM på Bislett i 2002. I 2004 var han tilbake og vann både 400 meter (51,18 - 1,25 sekund framfor nr. 2) og 800 meter (1:56,89).

Kasteklubben Gneist fanst framleis så seint som i 2004: Steffen Nerdal vann slegge (61,61) og diskos (50,27 - 7,5m framfor nr.2) og tok bronse i kule, Andreas Eeg tok bronse i slegge og blei nr. 4 i diskos (36cm bak bronsen). I tillegg blei Haakon Arnesen sjettemann i slegge. Alle desse konkurrerte i G18/19 - eit teikn på at stordomstida for kasteklubben gjekk mot slutten.

Sandra Tennøy (J16) fekk fleire fine plasseringar. Best gjekk det i høgde, der det blei sølv (1,58).

Benedikte Liland (J17) var ein av forgrunnsfigurane i meisterskapet. Ho vann gull i tresteg (12,09) og lengde (5,53). Det blei bronse i kule og på 100 meter hekk. På hekken blei Ida Marucssen nr. 4 og Hilde Hovlandsdal nr. 5. Hilde Hovlandsdal plukka også med seg medalje: sølv i høgde (1,67).

Morten Benserud (G18/19) tok sølv på 400 meter hekk.

Kristoffer Grindedal (G15) debuterte i UM med sølv på 800 meter (2:08,94).

Om ikkje alt dette var nok: To blad Benserud (Mats og Marius), Kristoffer Grindedal og Espen Liland var i tillegg på sølvlaget i 1000 meter stafett i G15/16.

Totalen: 8 gull, 6 sølv og 6 bronse.

Det er noko å sikta mot for gjengen som skal til Lillehammer hausten 2013.

*
Og for alle dei som lurer: Trass i dette gylne året, så var det ingen frå Gneist som deltok i inne-UM i Drammenshallen i 2004.

tirsdag 20. november 2012

Romjulsstemnet - oppdatert

Friidrettsklubben BFG sitt romjulsstemne blir klubbens første banestemne på ganske lenge. Det skjer lørdag 29. desember. I fjor, då det var Gneist som arrangerte romjulsstemnet, gjekk stemnet på ein fredagskveld. I år har det blitt ei arbeidsdeling mellom Stord og BFG, slik at Stord skipar til sitt romjulsstemne fredagen og BFG sitt om lørdagen.

Ei anna arbeidsdeling er at Stord arrangerer hopp og kast, forutan 60 meter, i sportssenteret sitt ved sida av Stord Stadion. BFG sitt stemne blir eit reint løpsstemne i Leikvanghallen.

Distansane blir 60 meter, 200 meter, 800 meter og 1500 meter.

Dermed blilr det naturlegvis heilt nye "romjulsstemnerekordar" (!) på 1500 meter, som blir ny distanse for året.

I terminlista ligg til og med eit tidsskjema inne alt, med start på 60 meter kl. 13.00 (200 meter kl. 13.30, 800 meter kl. 14.00 og 1500 meter kl. 14.20) - med dei justeringar som måtte koma fordi utøvarar jo melder seg på konkurransedagen til dette stemnet.

BFG er ein klubb for utøvarar frå 15 år og oppover, men dette stemnet er inkluderande og inviterer utøvarar frå 11 år og oppover til å springa.

Og det er framleis over ein månad igjen til å trena på.
















søndag 18. november 2012

Institusjonalisering

Ifølgje det moderne leksikonet, Wikipedia, så betyr ordet Institusjonalisering følgjande:

Institusjonalisering betyr å få noe inn i faste, regelstyrte former eller gjøre det til en institusjon

Hausten 2011 tok underteikna, eldstemann og Norheim-ungdommen til med meir eller faste søndagsturar på "4-fjells-sida" av byfjella. Lite visste vel me at alle desse (søn-)dagane som berre kjem og går var del av ei institusjonalisering. Men det viste dei seg altså å vera.

Andre institusjonar i vår del av verda er Gulfjell-turen til Jan Fjærestad og kompani og - faktisk - mandagsturen til Torstein Erichsen. Sistnemde starta med ein epost ein aprildag for eit par år sidan. Torstein sa at han sprang no sjølv likevel i Hordnesskogen eller på Stendafjellet mandagskvelden, så kvifor ikkje slå følgje? Og no er mandagsturen fast innslag i treningstilbodet i Gneist.

Og no søndag, godt og vel eitt år sidan me no starta med å ta oss ein tur over Vidden, ja så var det seks ungdommar og ein eldre kar (trenar Bjarte) som var på den faste søndagsturen i byfjella.

Ein institusjon er innstifta.

Og kor blei det av eldstemann av stiftarane? Jo da, han slenger no med innimellom, sjølv om det er mest som sjåfør. Men i dag var eg følgje for den andre ungdommen i heimen. Det blei "berre" ein time og tre kvarter på oss - men det var no såpass at me kjende oss som del av byfjell-institusjonen på søndagar me også.

lørdag 17. november 2012

Blåmann, blåmann (blåmann): Kronprinsar frå Gneist

Varegg driv og arrangerer løp i terreng og motbakke på stadig nye og finuerlege måtar. No på seinhausten har det vore tre løp til Blåmanen - den haugen som ligg i bakkant av Brushytten. Konseptet er å nå opp til same målgang, men langs tre ulike traséar for kvart løp. Kvart løp tel som individuell konkurranse, men det er i tillegg ein samanlagtkonkurranse.

Første løpet gjekk for fire veker sidan, det andre for to veker sidan og det siste gjekk lørdag i eit saftig regnver.

Stian Hovind-Argemund frå arrangørklubben blei kongen av dette arrangementet. Han vann like så god alle tre etappane, men i første og siste løp markerte to kronprinsar frå Gneist/BFG seg: Stian Øvergaard Aarvik blei andremann totalt i løp 1. Han slo då den sterke distanseløparan på bane, Marius Vedvik frå Gular, med god margin.

I det siste løpet var det Ole Martin Røssland sin tur å ta andreplassen. Han er etter kvart ein driven løpar i bergensfjella på Fløyen-sida, men denne gongen lærte han seg endå fleire stiar til bruk på søndagsturane i framhaldet.

torsdag 15. november 2012

Terminlistenytt (blogginnlegg nr. 600)

Innomhus-sesongen nærmar seg med store steg. I tillegg er det omtrent muleg å ha oversikt over kva for tilbod den kjem til å innehalda. Det er muleg å reisa litt, men det er også muleg å ha eit fullgodt tilbod med å halda seg i Leikvanghallen.

Stavhopparkolonien i Bergen og omland får no sine arrangement administrert av IL Gneist. Og her blir det i alle fall tre stavkonkurransar før jul, med start alt 24. november og med nye konkurransar 1. og 9. desember. Stavhopparane synest det er like triveleg i Høiehallen, så desse konkurransane finn stad der.

Nord i Åsane bevegar ein seg til når BFG arrangerer romjulsstemne lørdag 29. desember. Tredagarsstemnet til Norna-Salhus - Nornalekene - følgjer tredje helga i januar (18. - 20. januar), med eit etter måten tett og godt øvingsprogram. Gneist sine pingvinlekar blir også til tradisjon når dei blir skipa til for andre gong 9. - 10. februar. Stadig oppdatert info finst her.

I 2012 blei innomhus-KM flytta rundt omkring i terminlista. Difor får me no vera på trygge sida og seia at førebels KM-dato i 2013 er 3. mars. Dette er KM frå 15 år og oppover over éin dag, så kva som skjer med resten av tilbodet frå tredagarsstemnet i 2012, det gjenstår å få oversikt over.

Noko nytt ute? Vel, Varegg inviterer til KM i terrengløp lørdag 6. april på Skansemyren. Det har me all grunn til å tru at kjem til å bli eit framifrå arrangement. Varegg er rasande flinke til å arrangera utanfor bane.

Så blir det spennande å sjå kva Osterøy har tenkt å finna på. I følgje terminlista skal også dei arrangera KM i terrengløp - dagen etter, 7. april. Vel, etter at kretsen har slite med å finna KM-arrangør i fleire år, så kan det sjå ut som det blir skikkeleg kampanje om arrangementet i 2013. På den andre sida; det er sikkert berre nokon som tøysar med oss.

søndag 11. november 2012

Spisskompetanse - Alle tider, J17 og G17, 2012

Dei er ikkje så mange, 17-åringane våre. Dei har heller ikkje mange markeringar i historikk-oversikten. Ein annan - og meir positiv - måte å seia det på er at dei har solid spisskompetanse, som ofte er naturleg når ein er mellom dei eldre ungdommane.

Marianne Benserud er einsleg svale mellom jentene i 17års-klassen. Hennar stavhopp på 3,31 er det 6. beste i årsklassen gjennom tidene.

Dei to gutane som markerer seg i same årsklasse har vel aldri sett sine bein i ei stavgrop. Deira spisskompetanse er springing og då dei lengste løpa:

5000 meter har Ole Martin Røssland og Andreas Iden smålåtne markeringar. Der er Ole Martin nr. 70 med sine 15:35,93 og Andreas nr. 93 med 15:43,71. Men på den doble distansen, 10000 meter, kjem spisskompetansen klarare til syne: Her plasserer Ole Martin seg som nr. 7 med sitt løp frå april i år på 33:06,61, og Andras er nr. 10 med sitt mil-løp (same morgonløpet siste søndagen i april som Ole Martin) på 33:24,10. (Tidene er også 3. og 5. best i Hordaland gjennom alle tider.)

... Og i 18års-klassen har me ikkje hatt nokon representant i 2012...

lørdag 10. november 2012

Spydspissen Amund - Alle tider, G16, 2012

I serien av utøvarar som har har hatt ein framifrå sesong i 2012 er det uråd å koma utanom Amund Høie Sjursen. Han har hatt stor framgang, han har plukka med seg flotte plasseringar (inkludert UM-medalje) og prestert flotte tider og lengder. Det skjer i tillegg i ein årgang som har svært sterk konkurranse i Amund sine øvingar. Aller skarpast har Amund gjort det i lengde - og her er også den øvste markeringa i historikken - ein 18. plass.

Han er ikkje åleine som markerer seg i Alle tider-statistikken for 16-åringar. Aleksander Lie og Stian Norheim har eit kvar sitt besøk frå 1500 meter hinder-løp frå høvesvis Framolekene og UM.

Aleksander Lie
- nr. 58 på 1500 meter hinder (4:46,97)

Stian Norheim
- nr. 62 på 1500 meter hinder (4:47,78)

Amund Høie Sjursen
- nr. 18 i lengde (6,71)
- nr. 25 på 60 meter (7,27)
- nr. 62 på 100 meter (11,41)

Best i hopp - Alle tider, J16, 2012

Det er to jenter som markerer seg i Gneist-drakta i J16, Vilde Lund Bjørnsen og Monika Benserud. Til saman har dei også i år ein fin bunke markeringar i Ale tider-statistikken i sin årsklasse - Vilde har vel nokre færre enn det me er vane med og Monika har nokre færre i toppen. For hennar del er det ein tydeleg trend at ho er nærmare toppen i hopp-øvingar enn i løpsøvingar. Høgast oppe er ho i tresteg, der ho også blei juniormeister i 2012 og representerte Norge i nordisk meisterskap for juniorar.

Litt lokale duellar finn me også på denne historiske oversikten: På 400 meter er Vilde eitt hundredel bak Kjersti Ristesund (Bjørndal) si tid som 16-åring (1986...), medan det er heile fire jenter frå Hordaland mellom dei totalt ti framfor Monika i tresteg. To av hordalandsjentene representerte Gneist; Amalie Tefre Skage og Benedikte Liland. Og sistnemnde landa to centimeter lengre borte i tresteg-gropa som 16-åring enn det Monika gjorde.

Monika Benserud
- nr. 11 i tresteg (11,72)
- nr. 31 i stav (2,73)
- nr. 40 på 60 meter (8,00)
- nr. 41 i lengde (5,62)
- nr. 44 på 100 meter (12,46)
- nr. 47 på 80 meter hekk (12,05)

Vilde Lund Bjørnsen
- nr. 28 på 400 meter (57,91)
- nr. 48 på 200 meter (25,66)

fredag 9. november 2012

Stians gjennombrot - Alle Tider, G15, 2012

Ein kan seia mykje fint om Stian Øvergaard Aarvik. Han er ein sympatisk, ung mann, naturlegvis - og i tillegg har han teke til å springa nett så styggfort som me lenge har hatt mistanke om at han kan vera i stand til.

Ein del skadetrøbbel og andre vanskar har plaga Stian tidlegare, men i 2012 har han slege grundig til. Det var også den første sesongen som junior og første sesong med UM-deltaking. Formtoppen kom då også under UM på Askøy, med bronse og eit glimrande løp på 2000 meter.

2000 meter er også ein av to øvingar der Stian har fått seg ein plass mellom dei historisk beste i landet mellom 15-åringar. Tida hans frå Askøy, på 5:52,87, er den 30. beste i landet på distansen gjennom tidene.

No var det ein del av oss som blei overraska over at Stian valde vekk 1500 meter hinder som UM-distanse. Overraskinga var der fordi Stian sprang sitt først og til no einaste hinderløp under Framolekene, og det gjorde han på ein overbevisande måte. Tida blei 4:47,26, som er 21. beste tida på distansen for 15-åringar gjennom tidene.

Lengst muleg - Alle Tider, J15, 2012

Det må ha vore noko med 1997. Det må ha vore noko med alt det solskinnet, som vel varde frå mai til september. Det var rett og slett ein fantastisk sommar det året. Kanskje trudde ein del av dei nyfødde at dei var fødde på slettelandet i Afrika, eller deromkring.

Langt likar i alle fall mange frå 1997-årgangen å springa. I BFG er jente-gjengen mellom 1997-arane ganske svær - i Gneist er den også stor, og i ferd med å bli større.

Og naturlegvis har jentene markert seg også i Alle Tider-statistikken på landsplan for J15. Og trioen har delt dei til saman seks plasseringane søsterleg mellom seg:

Ingrid Næss Johansen
- nr. 4 på 5000 meter (19:06,68) - best i Hordaland
- nr. 59 på 2000 meter (6:55,77)

Ingrid Helene Nyhus
- nr. 78 på 2000 meter (6:59,18)
- nr. 88 på 3000 meter (10:41,98)

Anna Serine Røssland
- nr. 3 på 2000 meter hinder (7:49,35) - best i Hordaland
- nr. 12 på 1500 meter hinder (5:25,81) - nr. 4 i Hordaland

torsdag 8. november 2012

Svært år for Sondre og Henrik - Alle Tider, G14, 2012

Henrik Irgens Gravdal og Sondre Rinde er 14-åringane våre som markerer seg i Alle Tider-statistikken på landsbasis etter 2012-sesongen. Og dei markerer seg til gagns. Aller øvst tronar 3000 meter-tida til Henrik. Den var aldersrekord md over ti sekund - og han legg namn som Thomas Solberg Eide, Sondre Nordstad Moen og Henrik Ingebrigtsen langt bak seg. Aldersrekord nasjonalt blei det også på Sondre. Med 14,42 på 100 meter hekk (84 cm). Dette er så mykje som 8/10 betre enn Dimna-løparen Hallbjørn Hasund Thorseth si gamle bestenotering.

I tillegg til fleire glitrande plasseringar nasjonalt, så er dei også heilt i teten i Hordaland på fleire øvingar: Henrik sette kretsaldersrekord på 600 meter (11/100 framfor Jonas Gjesdal sin gamle). På 1500 meter er han nest-best i Hordaland (8/10 bak Lars Lunde sin rekord). Sondre sette kretsaldersrekord på 80 meter hekk (84cm; her har det jo vore ein del endringar fram og tilbake med hekkehøgde gjennom tidene). Tida hans på 200 meter hekk er nest best i Hordaland (16/100 bak kretsaldersrekorden til Marius Bull Hjeltnes). Nest best er han også på 300 meter hekk, der kretsrekorden tilhøyer Markus Loftås frå Osterøy.

800 meter-tida til Henrik er elles eit halvt sekund bak Henrik Ingebrigtsen si tid på distansen som 14-åring, men eit halvt sekund framfor olympiameister Vebjørn Rodal sine bravadar på same alder.

Her er oversikten:

Henrik Irgens Gravdal
- nr. 1 på 3000 meter (9:06,01)
- nr. 5 på 600 meter (1:27,72)
- nr. 10 på 1500 meter (4:16,03)
- nr. 43 på 800 meter (2:05,16)

Sondre Rinde
- nr. 1 på 100 meter hekk (84 cm) (14,42)
- nr. 3 på 300 meter hekk (43,40)
- nr. 4 på 80 meter hekk (84cm) (11,56)
- nr. 4 på 200 meter hekk (28,35)
- nr. 18 i tresteg (med planke) (12,22)
- nr. 19 på 80 meter (10,33)
- nr. 82 på 200 meter (25,25)
- nr. 102 på 100 meter (12,31

onsdag 7. november 2012

Stadig nye ungdommar (Vinterkarusellen løp 1)

Litt sein i takten i dag, etter tøff valvake. Kva for ein song var det som blei spelt på Barack Obama si vavake i Chicago, både like før han kom på scena i dag tidleg (norsk tid) og så igjen like etter talen hans? Jo da, visst var det vel We Take Care of Our Own av sjølvaste Bruce.

No er eg no alltid freista til å kåsera over noko heilt anna, når eg ser ein slik songtittel. Men det skal eg ikkje gjera. Me skal i staden ta vare på våre eigne: Nedanfor er første versjon av "Vinterkarusellen - lokale helter", med oversikt over bestetider frå Vinterkarusellen, etter kvart som den skrir fram, frå - altså - våre "lokale heltar". Kven er så dei? Jo, i stor grad utgår dei frå friidrettsmiljøet i IL Gneist (små og store), med litt ekstra dryss med BFG-løparar. Og utvalet er hundre prosent underteikna sitt. Her finst det ikkje noko klagegrunnlag!

5 KM KVINNER
Her ønskjer me (formelt frå nyttår) Gneist-nykomarane Linn Seliussen og Tuva Straume velkommen, heilt i toppen av lista. Og jammen har eg ikkje fått plass til to i familien her også (topp 10):

1. Linn Seliussen 20.29
2. Tuva Straume 22.27
3. Sanne Lillevik Christensen 23.38
4. Marlen Eide Røssland 24.32
5. Anne-Marte Aldal Sætre 24.37
6. Sara Tyssebotn Berg 25.07
7. Margrethe Irgens Gravdal 26.15
8. Selma Røssland 31.52
9. Hege Kjærgård 32.01
10. Marie Seliussen 33.55

5 KM MENN
Her sprang Stian Øvergaard Aarvik (15) og Henrik Irgens Gravdal (14) flotte løp og har besøk av BFG-trenar Bjarte Eikanger topp tre. Inn topp 10 fekk me også to Gneist-styremedlemmer, Terje Norheim og Peter Blücher. Eg reknar med at sjef Trond Leikvoll er brukande nøgd med dette, men det må skjerpings til for å halda topp 10-plassane utetter vinteren.

1. Stian Øvergaard Aarvik 16.25
2. Bjarte Eikanger 16.36
3. Henrik Irgens Gravdal 16.56
4. Jørgen Møklebust Austvik 17.02
5. Andreas Iden 17.07
6. André Seliussen 20.58
7. Thomas Blücher 22.15
8. Eirik Måren Sæle 26.23
9. Terje Norheim 27.00
10. Peter Blücher 27.09

10km kvinner noterte eg meg rett og slett for ingen på lista 1. løpet. Sist vinter var også dette den skrinnaste klassen, med berre fire løparar med tid i Gneist-familien gjennom heile vinteren.

10 KM MENN
Nokre fleire namn med her. Ole Martin Røssland sprang kontrollert dei først sju kilometrane og fekk så det for seg at han skulle ta igjen ein konkret løpar i løpet av dei siste tre. Det klarte han med glans, men i resultatlista - som av og til lever sitt eige liv - hamna han likevel to sekund bak denne konkurrenten. Pappa Seliussen, Morten, kunne ikkje vera mykje verre enn ungdommane sine og sprang ein solid første 10 km:

1. Ole Martin Røssland 36.32
2. Morten Seliussen 37.38
3. Jens Larsen Åstveit 40.36
4. Stian Norheim 41.44

Neste løp: mandag 26.november

tirsdag 6. november 2012

Duellar med Martine - Alle Tider, J14, 2012

Jada, eg får no kikka litt på Vinterkarusellen sitt første løp etter kvart også, men litt tid må dei i teljekorpset (alle er vel i mål no?) få på seg til å få alle resultatlistene fiks ferdige. Sjølv låg eg på sofaen og halvsov, men familien var godt representert - så eg halvsov med i alle fall halvgodt samvit.

Til dagens tema: Jenter 14 og våre jenter i den klassen sine markeringar i Alle Tider-statistikken etter 2012-sesongen. Renate Lie har fleire fine markeringar. I eit par av dei er ho i "tett duell" med årets fremste BFG-utøvar, Martine Eikemo Borge. Også Cathrine Harris og Maren Haugen Lillefosse er å finna på den historiske oversikten etter denne sesongen:

Cathrine Harris
- nr. 11 i tresteg (10,90)

I tresteg har det skifta gjennom åra kor vidt 14 års-jentene har hoppa med satssone eller med planke. Plasseringa til Cathrine er i oversikten over dei som har hoppa med planke.

Renate Lie
- nr. 4 på 1500 meter hinder (5:31,03)
- nr. 7 på 400 meter (60,15)
- nr. 8 på 300 meter (42,20)
- nr. 24 på 600 meter (1:38,83)
- nr. 35 på 1000 meter (3:04,85)
- nr. 57 på 200 meter (26,97)
- nr. 96 på 1500 meter (4:55,29)

Duellane med Martine? Jo, på 1000 meter er det særs tett: Her er Renate 1/100 framfor Martine. På 400 meter er Renate 0,6 sekund framfor Martine (Martine har plukka NM-medaljar i fleng på distansen, både i junior- og seniorklassen, dei siste åra.) På 400 meter er elles Renate like bak Laksevåg-jenta Vilde Svortevik, som i 2012 gjorde det godt i junior-VM.

Maren Haugen Lillefosse
- nr. 14 på 200 meter hekk (30,64)
- nr. 29 i lengde (5,42)
- nr. 32 på 60 meter hekk (9,57)
- nr. 104 på 200 meter (27,43)

mandag 5. november 2012

Mørke - lys? Eller: Ny veke - nye sjansar

29. oktober 2006 var Ole Martin og eg i Oslo Spektrum på ein fantastisk konsert med Bruce Springsteen & The Seeger Sessions Band. Eitt av høgdepunkta var ein ramlande galen versjon av gospel-slageren This Little Light of Mine.

Me får ta den med oss inn i ny veke.

Den normale bloggen kjem tilbake - om litt.


(Monday), Gave me the gift of love

(Tuesday), Peace came from above

(Wednesday), Told me to have more faith

(Thursday), Gave me a little more grace

(Friday), Told me to watch and pray

(Saturday), Told me what to say

(Sunday), Gave me the power divine

This little light of mine.

søndag 4. november 2012

Mørke

Eg veit denne bloggen blir litt kryptisk for mange. Frå tid til annan er det slik at me vaksne driv og tøysar og rotar det til. Me gløymer at barn og ungdom er med i idretten for å ha det kjekt. Det meste av tida gir dei blanke i diskusjonar av smått og stort - i alle fall slikt som fort blir stort i vaksenverdas mekanismar - og vil berre møtast, trena og ha det kjekt.

Eg hadde full bil på tur i dag. Fem ungdommar frå Friidrettsklubben BFG tok sjansen på å vera med på tur i Caravellen. Me fann oss parkeringsplass ved Svartediket, lenge før folk flest hadde gnidd svevnen ut or augo sine. Så bar det oppover til Ulriken, over "Vidden" og så litt ulike traséval ned att frå fjellet.

Litt isete var det her og der, men alle var samde om at det hadde vore ein kjekk tur.

Som Torstein pleier seia det; me gamle skal no ikkje bli til noko. Så ganske tidleg i oppoverbakkane bak Ulriksdal tok eg på musikken og stengde pusten ute.

Nett då eg tok til å sjå opp mot toppen av Ulriken, då kom Bruce med ein hjelpande song - slik han jo har for vane i mitt hovud, det er no berre slik.

No var det morgon og ikkje kveld, men kjensla stemte heilt:

'Cause tonight I'll be on that hill 'cause I can't stop
I'll be on that hill with everything I got
Lives on the line where dreams are found and lost
I'll be there on time and I'll pay the cost
For wanting things that can only be found
In the darkness on the edge of town
In the darkness on the edge of town

Eg må medgje at eg her, på utkanten av byen, driv og leitar i mørket nett no.

Sidan denne bloggen blei til i entusiasme over friidretten, over stor glede av å ha ungdommar trygt og godt plassert i gode miljø - i Gneist og BFG, så er eg nett no tvungen til å la bloggen ta pause på ubestemt tid.

lørdag 3. november 2012

Kristoffer markerer seg nasjonalt - Alle Tider, G13, 2012

2012 har vore eit framifrå år for Kristoffer Blücher. Han har prestert ei rekke gode prestasjonar, plukka med seg medaljar og anna finstas i store og små stemne, han har plukka haugevis av nye klubbrekordar i Gneist med seg og jammen markerer han seg ikkje så det susar også i den nasjonale statistikken for 13-åringar gjennom alle tider:

- 1. plass på 300 meter (41,24)
- 4. plass på 400 meter (57,33)
- 6. plass på 200 meter (24,92)
- 6. plass på 600 meter (1:32,31)
- 7. plass på 200 meter hekk (29,67)
- 9. plass på 60 meter hekk (9,51)
- 15. plass i tresteg (11,43)
- 17. plass på 60 meter (7,79)
- 40. plass på 100 meter (12,71)
- 45. plass i lengde (5,48)

Ikkje mindre enn i seks øvingar er Kristoffer no topp 10 gjennom alle tider for 13-åringar. På 300 meter er han altså heilt på topp. Den gamle aldersrekorden på 300 meter var elles på 41,69, så her var det ei solid forbetring.

Det er naturlegvis lett å hamna i skuggen av Kristoffer, men Kristian Schjønningsen er også inne på Alle Tider-statistikken etter årets sesong:

- 49. plass på 200 meter hekk (31,93)
- 86. plass på 60 meter hekk (10,34)

fredag 2. november 2012

Historietime: 1978

Retta versjon: Sjølv i USA skjer det at... The Show Must NOT Go on... New York City Marathon, som skulle ha gått av stabelen søndag, er blitt avlyst. Det er første gongen sidan starten i 1970 at det skjer. Det heile er fullt forståeleg. Og det er Sandy som har skulda.

Skulle dette innlegget vore nokolunde elegant, så burde eg kanskje ha sagt noko om 1973. For i 1973 skreiv Bruce Springsteen songen 4th of July Asbury Park (Sandy) og det var no Sandy som var årsaka til så mykje gale på den amerikanske austkysten denne veka. Og boardwalken i Asbury Park - for ikkje å snakka om casinoet - er ikkje i nærleiken av det som det var for berre ei veke sidan. (Eller hausten 2009, då eg gjekk og traska der.)

Men, altså, New York City Marathon: Eg kan ikkje sjølv skryta av anna enn ein bror som har to løp der. Men me kan naturlegvis som nasjon skryta av å ha hatt den største stjerna av dei alle, Grete Waitz. Og i 1978 var Grete Waitz på tur til New York. På kort varsel fann ho ut at ho no kunne prøva seg på denne maraton-distansen, når det først klaffa slik at ho var i byen nett når arrangement fann stad. Ja, så kort varsel var det at ho ikkje var komen på plass i programmet. Dermed sprang Grete Waitz maraton for første gongen... And the rest is history: Grete Waitz vann på 2.32.29 (og komma 8 i tillegg) - ny rekord på den tida. Seinare blei ho kåra til den største kvinnelege løparen i verda for 1978.

I NM blei det tre gull til Grete Waitz i 1978: 1500 meter, 3000 meter og 4km terrengløp. NM-gull blei det også på Heidi Benserud (lengde og femkamp) og Jan Fjærestad (25km landevegsløp og maraton). Jan blei i tillegg verdsmeister dette året - som deltakar på det norske vinnarlaget i stafett i VM i orientering.

torsdag 1. november 2012

Historietime: NM, 1987

I 1986 var det ingen frå BFG-klubbane som tok gull i hovud-NM i friidrett.

Den 28. januar 1987 blei så Friidrettsklubben BFG Fana stifta.

Eg har sagt det før - og eg seier det igjen: i 1987 var eg midt i ein idrettspause, mellom juniorlaget til IL Trio og ein kort periode på A-laget til Søre Neset IL. Eg var eit godt stykke unna BFG-fødselen, sjølv om eg faktisk var godt interessert i både NM og VM i friidrett i det segnomsuste året 1987.

Under NM i friidrett i 1987 på Nesbyen i Hallingdal gjekk det betre - mykje betre. Atle Douglas vann 800 meter på 1:49,37, 23 år gamle Truls Nygaard blei dobbeltmeister, han vann både 5.000 og 10.000 meter (høvesvis 13:45,29 og 28:51,03). Anne-Beth Espetvedt vann 100 meter hekk på 13,71, brukbart det og.

Andre interesssante norgesmeistrar frå 1987: Gisle Ellingsen (Gular, den gongen) i høgde (2,19), Mona Karin Riisnes (også Gular) var på gull-laget i 4 x 100 meter stafett og Siri Bjelland (Eidsvåg) var med på laget som vann gull på 4 x 800 meter.

Eg veit eg burde ha avslutta denne bloggen med ein skikkeleg punchline, noko om at BFG begynte med stil og den slags. Men det er eg rett og slett for trøytt til. Eg slår berre fast at det begynte i 1987. Verkeleg begynte.

Alle Tider, J13, 2012

Bjørnen ligg i sitt lune hi, men det gjer ikkje eg. For i heile sommar har eg ført statistikk for deg og meg.

No ja, poesi til sides: statistikarane er no litt inne i ein dvale nett no, sjølv om eg personleg ikkje heilt har dvalekjensla.

Det er mellomsesong, det er midt mellom utandørssesongen og den innomhus. Det betyr også at me - med ein del smårettingar ut gjennom seinhausten i mente - kan studera årets sesong i lys av ulike dimensjonar. Éin av dei er å plassera inn våre lokale heltar i "Alle Tiders"-statistikken, slik denne bloggen har gjort til vane.

Det er ein varsam start; jenter 13. Dei to einarane frå Gneist i denne klassen, Michelle Floor Heggeland og Nora Øvergaard Aarvik har hatt ein fin sesong. Nora er berre få centimeter i høgde frå å markera seg på den historiske lista over dei beste i landet i årsklassen. Hennar årsresultat her enda på 1,50.

Michelle kan me, med litt godvilje (og det må me jo ha), notera inn på ein 103. plass på 100 meter, med tida 13,47.

Og då var me i gang.

Planane klare på Osterøy

No er det ikkje alle planar som blir følgde når det kjem til stykket. Det gjeld også Osterøy IL sine planar for karusellstemne; nokre justeringar blir det no gjerne når det nye året og den nye våren skikkeleg er på plass.

Likevel; planane for karusell-stemne på Osterøy i 2013 er no klare - sjølv om dei er aldri så førebelse. Det er veldig bra. Andre som arrangerer karusell-stemne held gjerne øvingsprogram tett til brystet til eit par dagar før stemna. Her er det mykje å læra av ostringane.

Det startar på Haus 24. april, med korte distansar (for dei yngste), før det første "skikkelege" karusell-stemnet på Osterøy Stadion i Lonevåg går av stabelen mandag 6. mai. Det er elles rett i forkant av BFG sitt opningsstemne på Fana Stadion, så det er vel mest aktuelt for dei yngste. 21. mai passar gjerne betre?

1. juli og 29. juli er datoane for sommarstemna med løp. 31. juli og 2. august er det planlagt eigne stemne for høvesvis kast og hopp, medan hauststemna er planlagt 26. august og 21. september.

Og alt dette kan me notera oss medan me ventar på skikkeleg stadfesta innomhus-terminliste på Leikvang...