onsdag 30. januar 2013

Sterk femmar (Vinterkarusellen - 5)

No er det jo kjekt for ein som likar titlar å kunna fastslå at det femte løpet i Vinterkarusellen mandag inneheldt ein "sterk femmar". For det gjorde den. Då tenker eg ikkje minst på ein god gjeng av dei lokale heltane som persa eller sprang på sesongbeste på nettopp 5km.

Litt krøll blei det etter denne karusellen. Eg registrerer at ungdommen i huset både blei nr. 2 på 10km og nr. 203 på 5km same kveld.

No ja, her er i alle fall stoda "topp ti" (minus 10km kvinner, som berre har fire på lista) på mi høgst subjektive "lokale heltar"-liste etter 5. løp:

5 KM KVINNER
Linn Seliussen sesongbetra seg med ti sekund og sneik seg med det to sekund framfor Thyra Hevrøy på lista.

1. Silje Stenersen 19.37
2. Linn Seliussen 20.19
3. Thyra Hevrøy 20.21
4. Tuva Straume 22.27
5. Kjersti Hevrøy 23.00
6. Sanne L. Christensen 23.38
7. Pernille Hordnes Sørås 24.06
8. Marlen Eide Røssland 24.32
9. Anne-Marte Aldal Sætre 24.37
10. Sara Tyssebotn Berg 24.52

5 KM MENN
Her fekk ein altså eit aldri så lite "renn" av gode tider: Jørgen Austvik betra seg med 45 sekund, Bjarte Eikanger med ni, Andreas Iden med 12, Erlend Gjerdevik Sørtveit med tre sekund - og Inge Haukøy knalla til med 18.39 og ei sesongbetring med eitt minutt og 15 sekund.

1. Stian Øvergaard Aarvik 16.00
2. Jørgen Austvik 16.16
3. Bjarte Eikanger 16.27
4. Andreas Iden 16.55
5. Henrik Irgens Gravdal 16.56
6. Erlend Gjerdevik Sørtveit 16.58
7. Jens Larsen Åstveit 17.59
8. Inge Haukøy 18.39
9. Thomas Blücher 19.40
10. Hans-Magnus Haukøy 19.51
10. André Seliussen 19.51

10 KM KVINNER
Torun Øvergaard Aarvik vann distansen og sesongbetra seg med tre sekund i vinden.

1. Torun Øvergaard Aarvik 41.51
2. Linn Seliussen 46.13
3. Anna Serine Røssland 48.07
4. Marlen Eide Røsland 49.24

10 KM MENN
Her var det Ole Martin Røssland som representerte Gneist/BFG-miljøet denne gongen - dei fleste andre sprang altså femmaren, og Ole Martin sesongbetra seg med 43 sekund.

1. Stian Øvergaard Aarvik 33.52
2. Bjarte Eikanger 33.57
3. Jørgen Austvik 34.15
4. Ole Martin Røssland 34.28
5. Andreas Iden 36.19
6. Erlend Gjerdevik Sørtveit 36.20
7. Morten Seliussen 37.23
8. Stian Norheim 38.40
9. Jens Larsen Åstveit 40.36
10. Kristian Schjønningsen 45.45

tirsdag 29. januar 2013

Før Pingvinlekene II

Det er framleis halvanna veke igjen til årets utgåve av Pingvinlekene, men påmeldinga innan fristen fortel om rekordinteresse for Gneist sitt inne-arrangement. Og tradisjonen tru kjem det til å hagla inn etterpå-påmeldingar i tillegg.

Gneist stiller med haugevis av rekruttar og nesten to fulle 60 meter-heat med PU-utøvarar. I tillegg kjem alle desse startane for dei som er 10 år eller eldre!:

J10
- Maria Haldorsen (60m, lengde)
- Una Haukanes (60m, 600m, lengde)
- Ariel Hjelle (60m, lengde, kule)
- Ingeborg Strandenes (60m, 600m)
- Oda Ulvestad (60m, lengde)
- Emma A. Voldsund (60m, 600m)

J11
- Amalie Ellingsen Nyheim (200m, 600m)

J12
- Sara Tyssebotn Berg (600m, lengde)
- Victoria Bruun (200m, kule)
- Malin Constance Henrii (60m, lengde)
- Pia Hovland (60m, 200m, lengde)

J13
- Louise Sveva Dowsett (lengde, kule)
- Anna Evensen (60m, 200m, 60m hekk, lengde)
- Charlotte Harris (60m, 60m hekk, lengde, kule)

J14
- Michelle Floor Heggeland (60m, 200m)
- Sanne Myrmel (60m, 60m hekk, høgde, stav)
- Nora Øvergaard Aarvk (60m, 200m, 600m, høgde)

J15
- Maria Josefine Berg (600m, 1500m)
- Renate Lie (60m, 200m, 600m)
- Maren Haugen Lillefosse (60m, 200m, 60m hekk, lengde)
- Gina Milde (60m, 200m)
- Linn Seliussen (600m, 1500m)
- Tuva Straume (600m, 1500m)

J16
- Elina Drivenes (60m, 200m, 600m)
- Thyra Hevrøy (1500m)
- Ingrid Næss Johansen (600m, 1500m)
- Eline Myking (600m)
- Anna Serine Røssland (1500m)

J17
- Monika Benserud (60m)
- Vilde Lund Bjørnsen (60m, 200m)

J18/19
- Marianne Benserud (60m, stav)

G10
- Tobias Allers-Hansen (60m, 600m, lengde)
- Jonas Tyssebotn Berg (60m, 600m, lengde)
- Matias Eidsvik (60m)
- Tobias Sedberg Garden (60m, 600m, lendge, kule)
- Caspar Johan Dale Haaland (60m, lengde, kule)
- Elias Klæboe (60m)
- Henrik Nesheim (60m, 600m, lengde)

G11
- Mathias Algrøy (60m, 200m, 600m, lengde)
- Erlend Borsholm (60m, 200m, 600m, 60m hekk, lengde)
- Herman Ellingsen (60m, 200m, 600m, lengde)
- Peter Ottesen (200m, 600m, lengde)

G12
- Hans-Magnus Haukøy (60m, 200m, 600m, lengde)
- Pål Haugen Lillefosse (60m, 200m, 60m hekk, lengde, stav)
- Tobias Linde (60m, lengde)
- Håvard Rinde (60m, 200m, 600m, 60m hekk, lengde, kule)
- André Seliussen (200m, 600m, 1500m (G13))

G13
- Espen Bjørndal (60m, 60m hekk, lengde)
- Thomas Blücher (60m, 200m, 600m, 1500m)
- Torbjørn Knag (60m, 200m, 600m, lengde)
- Gjert Høie Sjursen (60m, 200m, lengde, kule)

G14
- Kristoffer Blücher (60m, 200m, 600m, 60m hekk, lengde, kule)
- Herman Hovland (60m, 200m, 600m, lengde)

G15
- Trym Andresen (600m, 1500m)
- Henrik Irgens Gravdal (600m (G16), 1500m (G16))
- Eirik Leikvoll (60m, høgde, lengde, stav)
- Sondre Rinde (60m, 200m, 60m hekk, lengde)

G16
- Henrik Almenningen (60m, lengde, kule)
- Emil Engelsen Holm (60m, 200m)

- Stian Øvergaard Aarvik (600m, 1500m)
- Jens Larsen Åstveit (600m, 1500m)


G17
- Magnus Leikvoll (60m, høgde, kule, stav)
- Aleksander Lie (60m, 200m. 600m)
- Stian Norheim (600m, 1500m)
- Amund Høie Sjursen (60m, høgde, lengde, kule)

G18/19
- Ole Martin Røssland (1500m)

Senior-markeringar, menn (første, inne, 2013)

Då får me ikkje vera verre på det enn at også mennene - det vil seia frå og med gutar som presterer på seniornivå - får seg ein oversikt over markeringar i norgesstatistikken inne så langt.

Jørgen Austvik er inne som nr. 2 med sin 1500 meter, medan den desidert yngste "senioren" på lista er Pål Haugen Lillefosse (11 1/2 år!) på 20. plass i stav.

60m
30. Amund Høie Sjursen

1500m
2. Jørgen Austvik

3000m
5. Stian Øvergaard Aarvik
6. Jørgen Austvik

Høgde
11. Magnus Leikvoll

Stav
20. Pål Haugen Lillefosse
25. Eirik Leikvoll
25. Magnus Leikvoll
27. Håvard Våge Opheim

Lengde
5. Amund Høie Sjursen

mandag 28. januar 2013

Senior-markeringar, kvinner (første, inne, 2013)

Når me snakkar om "senior-markeringar" i norgesstatistikken, så snakkar me BFG Bergen Friidrettsklubb. Heller ikkje her er det mange resultat enno - like før inne-NM i Haugesund. Men mellom dei som finst, så er her ein god del BFG Bergen å finna. Og Martine Eikemo Borge har plassert seg heilt i toppen med sine USA-resultat innomhus, på både 600 meter og 800 meter.

60m
11. Vilde Lund Bjørnsen
29. Elise Una Mikkelsen
45. Sara Berrefjord
52. Elina Drivenes

200m
20. Monika Benserud
27. Renate Lie
28. Elina Drivenes

600m
1. Martine Eikemo Borge

800m
1. Martine Eikemo Borge
8. Elina Drivenes
16. Vilde Lund Bjørnsen

1500m
3. Ingrid Næss Johansen
4. Thyra Hevrøy

3000m
5. Ingrid Næss Johansen
6. Ingrid Helene Nyhus

Høgde
17. Nora Øvergaard Aarvik

Høgde utan tilløp
3. Marianne Benserud

Stav
7. Marianne Benserud
10. Monika Benserud
19. Sanne Myrmel


I sin beste alder

BFG Bergen Friidrettsklubb er 26 år i dag.

Det er altså den klubben som før 11. desember i fjor heitte "Friidrettsklubben BFG Fana".

Det er ein vaksen ungdom me har å gjera med, altså, sjølv om svært mange av utøvarane i klubben er ei stund unna å vera myndige.

Då eg sjølv var 26 år leverte eg hovudoppgåva mi og tok til å slutta med å lura på kva eg skulle bli - eg berre blei.

Når BFG Bergen er 26 år, så er det også på tide å slutta me då lura på kva klubben skal bli - no får den bli til noko.

Jubilanten feirar med å skipa til vinterkarusell frå Fana Stadion.

Gratulerer med dagen!

Strålande spenstinnsats

Det var ein spissa Gneist-tropp som stilte i KM i hopp utan fart på Laksevåg lørdag. Det viste dei både i medaljefangsten og i resultata.

Aller best gjorde Vilde Lund Bjørnsen det. Ho slo til med heile 2,65 i lengde. Det er ny klubbrekord i BFG Bergen. Den gamle hadde Gneist-jenta Ingvild Mundal Andersen frå 2007 (2,63). Det er også naturleg nok ny klubbrekord i J17 i Gneist. Den var noko eldre, tilbake frå 1987 og halden av Kjersti Ristesund (Bjørndal), på 2,57. Hoppet til Vilde er verdt heile 1018 tyrvingpoeng.

Marianne Benserud (J18) nådde også 1000 tyrvingpoeng - faktisk akkurat - då ho betra eigen klubbrekord i Gneist med éin centimeter, til 1,37. I lengde blei det 2,37 på Marianne (838 poeng).

Emil Engelsen Holm (G16) hoppa 1,45 i høgde (957 poeng). Dermed sletta Emil ein 34 år gammal klubbrekord i Gneist, i si tid sett av Knut Thorbjørnsen (1,44). Hoppet er også desidert beste i gutar 16 i Norge så langt i vinter. I lengde blei det 2,60 på Emil (810 poeng).

Kristoffer Blücher (G14) hoppa 2,60 i lengde (925 poeng).

Eirik Leikvoll (G15) hoppa 1,30 i høgde (881 poeng) og 2,37 i lengde (745 poeng).

Magnus Leikvoll (G17) hoppa 1,25 i høgde (745 poeng) og 2,49 i lengde (720 poeng).

søndag 27. januar 2013

Monika i Malmø

Innimellom er det vanskeleg å halda kontroll på ungdommane. Til dømes om sommaren kan dei vera både her og der og av og til her og der til same tid, nesten. I alle fall finn ein ein enkeltutøvar på eit stemne i Tønsberg eller i Sverige, eller eit par slengarar i Husnes Idrettspark eller i Trøndelag.

Dette skjer litt sjeldnare om vinteren. Det er jo naturleg, det er jo færre konkurransar då, men det er også mindre flakking (reising).

Men denne helga har Monika Benserud (J17) vore ein tur i Malmø, sør i Sverige, og hoppa tresteg. Ho blei nr. 3 i tresteg-konkurransen i sjølvaste Pallas Spelen, éin centimeter frå andreplassen. Resultat: 11,43 (923 tyrvingpoeng).

Komande helg blir det 60 meter og lengde for Monika, i innomhus-NM i Haugesund.

Generalprøve

I Gneist byggjer ein stadig nye tradisjonar. Pingvinleken blir tradisjon når dei blir skipa til for andre gong 9. - 10. februar, men også "Mini-stemnet" i slutten av januar er no blitt tradisjon - etter søndagens 2. utgåve av stemnet.

Dette starta først og fremst som ein generalprøve for arrangøren før fjorårets pingvinleikar, men no er det dessutan blitt eit sjølvstendig stemnetilbod med brukbar deltaking til å vera mini.

Pål Haugen Lillefosse (G12) held fram med å betra seg med denne eine centimeteren i stav - no til 3,24 (1108 poeng)!

150 meter har eg no hatt mine meiningar om før. I Gneist har me ikkje notert klubbrekordar i øvinga, i BFG blir det notert "bestenotering" i den, sidan det er strengare skilje mellom rekordar og ikkje-rekordar der i garden. Men gode resultat kom det uansett på distansen:

Den aller første bestenoteringa i BFG for kvinner noterer me på Maren Haugen Lillefosse, som sprang på 20,44. Maren sprang også eit særs godt hekkeløp - 9,41 på 60 meter hekk.

Emil Engelsen Holm pynta på sin eigen bestenotering i BFG frå i fjor ganske monaleg - frå 19,05 og heilt ned  til 17,93. På 60 meter hekk (91,4) blei det 9,43 på Emil (og her tar me sjansen på å notera ein innomhus-klubbrekord i G16).

Også Sondre Rinde var langt under Emil si fjorårstid, med sine 18,17. Sondre (G15) sprang også sterkt på 60 meter hekk. Der fekk han tida 8,83, som er ni tidelar under Aleksander Lie sin gamle klubbrekord (innomhus) frå 2011.

fredag 25. januar 2013

På topp i Norge, gutar - pr. 25. januar 2013

Det same gjeld for gutane som for jentene, naturlegvis: Her er avgrensa med resultat, men statistikkføringa på landsplan er like fullt godt i gang. For G13 og G18/19 manglar ein likevel resultata frå Nornalekene,men me får ta det me har. Og me saknar eitt og anna løp elles av våre lokale løparar. Det kjem nok på plass etter kvart.

Og så kjem me ikkje utanom G14, der Kristoffer Blücher har planar om om å dominera i 2013, slik han dominerte i G13 i 2012...

G13
2. Thomas Blücher, 200 meter
14. Gjert Høie Sjursen, 60 meter

G14
1. Kristoffer Bllücher, 60 meter
1. Kristoffer Blücher, 200 meter
1. Kristoffer Blücher, 400 meter
1. Kristoffer Blücher, tresteg

G15
1. Henrik Irgens Gravdal, 1500 meter
1. Eirik Leikvoll, 150 meter
2. Eirik Leikvoll, stav
4. Sondre Rinde, 60 meter
4. Niklas Kviteberg, tresteg
5. Eirik Leikvoll, høgde
5. Kieran Leon, Bjarg, 60 meter
7. Kieran Leon, Bjarg, 200 meter
13. Eirik Leikvoll, lengde
18. Niklas Kviteberg, lengde

G16
2. Stian Øvergaard Aarvik, 3000 meter
2. Emil Engelsen Holm, 200 meter
3. Emil Engelsen Holm, 60 meter
3. Jens Larsen Åstveit, 1500 meter
5. Jens Larsen Åstveit, 3000 meter

G17
2. Magnus Leikvoll, stav
2. Magnus Leikvoll, kule
3. Håvard Våge Opheim, stav
4. Aleksander Lie, 800 meter
5. Stian Norheim, 800 meter

G18/19
2. Erlend Gjerdevik Sørtveit, 800 meter
5. Ole Martin Røssland, 800 meter
5. Ole Martin Røssland, 1500 meter

torsdag 24. januar 2013

God BFG-gjeng til NM i Haugesund

Arrangøren av innandørs-NM i Haugesund neste helg (2. - 3. februar) melder om rekordstor påmelding. Ja, så stor er den at tidsramma for meisterskapet er blitt utvida og starten første dag, lørdag, blir no klokka 12 i staden for tidlegare oppsette klokka 13.

Dette gjeld først og fremst forsøka på 60 meter, som blir første øving, reknar me med, når tidsskjemaet etter kvart blir klart, fram mot denne helga.

No er det kort veg til Haugesund for oss, men me satsar på at det også er utslag av ein ny giv når deltakartalet frå BFG nesten er femdobla frå NM i Steinkjer i mars i fjor til årets meisterskap. I fjor var det tre deltakarar, alle i kvinneklassen, alle i sprint. (Det vil seia Iren Vevatne Isaksen deltok også i lengde uten tilløp, der ho vel vann einaste medaljen til BFG i fjor - ein bronse.)

I år er talet oppe i 14 deltakarar! Og ungdomsprofilen på seniorgjengen vår er tydeleg, men her handlar det ikkje minst om å hausta erfaring til seinare. Mellom dei påmelde finn me to førsteårs-juniorar (i seniorklassen), Renate Lie og Henrik Irgens Gravdal. Av alle 14 er det berre to utøvarar som held senioralder - Jørgen Austvik og Robert Hisdal.

KVINNER UNDER 20
- Marianne Benserud: høgde uten tilløp
Så lenge Marianne held seg frisk og rask, så er me sikra medalje her: Marianne er éi av to påmelde deltakarar.
- Vilde Lund Bjørnsen: lengde uten tilløp
Totalt er det 7 påmelde i denne øvinga.

KVINNER SENIOR
60 meter
- Monika Benserud
- Sara Berrefjord
- Vilde Lund Bjørnsen
- Elise Una Mikkelsen
Totalt er det her heile 42 påmelde deltakarar.

800 meter
Renate Lie er ei av 17 påmelde på 800 meter.

3000 meter
- Ingrid Næss Johansen
- Anna Serine Røssland
Ingrid og Anna Serine er i felt med totalt 8 deltakarar.


Lengde
Her er Monika Benserud ei av 18 påmelde.

Stav
Her er Marianne Benserud ei av 6 påmelde i øvinga.



MENN SENIOR
800 meter
- Jørgen Austvik
- Henrik Irgens Gravdal
- Erlend Gjerdevik Sørtveit
Totalt er det påmeldt 26 utøvarar på 800 meter.

1500 meter
- Jørgen Austvik
- Henrik Irgens Gravdal
- Erlend Gjerdevik Sørtveit

På 1500 meter er det heile 33 utøvarar påmeldt.

3000 meter
- Jørgen Austvik
- Henrik Irgens Gravdal
- Andreas Iden
- Robert Hisdal
- Ole Martin Røssland
Heile fem BFG-arar mellom totalt 31 påmelde utøvarane neste søndag.

onsdag 23. januar 2013

På topp i Norge, jenter - pr. 23. januar 2013

Innomhus-sesongen er så vidt i gang og me statistikkførarar har teke til å få oversikt også på landsplan. Det er ikkje så mange resultat som ligg inne enno, men nokre er det då - og mellom dei som markerer seg finst det no alltid lokale heltar.

I dagens innlegg blir det eit første blikk på jentene sine markeringar på landsplan så langt.

Nye på denne oversikten i år er "13-åringane" - altså dei som fyller 13 år i løpet av 2013 - og her har Anna Evensen alt fem markeringar i norgesstatistikken, to av dei heilt øvst:

J13
1. Anna Evensen, 60 meter hekk
1. Anna Evensen, tresteg
3. Anna Evensen, lengde
6. Anna Evensen, 200 meter
9. Anna Evensen, 60 meter

J14
3. Nora Øvergaard Aarvik, høgde
3. Sanne Myrmel, stav
7. Sanne Myrmel, høgde
14. Michelle Floor Heggeland, 200 meter
15. Nora Øvergaard Aarvik, 200 meter
17. Michelle Floor Heggeland, 60 meter

J15
3. Renate Lie, 200 meter

J16
1. Ingrid Næss Johansen, 1500 meter
1. Ingrid Næss Johansen, 3000 meter
2. Ingrid Helene Nyhus, 3000 meter
2. Elina Drivenes, 800 meter
2. Thyra Hevrøy, 1500 meter
3. Eline Myking, 1500 meter
4. Elina Drivenes, 200 meter
9. Thyra Hevrøy, 800 meter
11. Elina Drivenes, 60 meter

J17
1. Monika Benserud, stav
2. Monika Benserud, 200 meter
3. Vilde Lund Bjørnsen, 60 meter
5. Vilde Lund Bjørnsen, 800 meter

J18/19
1. Marianne Benserud, høgde uten tilløp
4. Marianne Benserud, stav
5. Elise Una Mikkelsen, Bjarg, 60 meter
7. Sara Berrefjord, Bjarg, 60 meter

tirsdag 22. januar 2013

Årets mest framgangsrike, Gneist, 2013 - pr. 22. januar

Nei, nei, det skal ikkje kårast nokon framgangsrik for dette året enno. I tidlegaste laget, det. Men, tradisjonen tru, får me no følgja med på framgangar gjennom året - og kvifor ikkje begynna alt no?

Ja, kvifor ikkje? For sjølv for ein som har følgt den hyperlokale friidretten tett ei stund no, så har opninga på årets sesong vore imponerande for fleire utøvarar. I "Årets mest framgangsrike"-kåringa er det til vanleg fleire av dei nest-beste som markerer seg. Dei får gjerne - heilt naturleg - størst framgang frå eit år til eit neste. Fleire av desse nest-beste manglar på resultatlistene enno, men dei kjem vel i gang til Pingvinlekene i februar, vil eg tru.

Grunnlaget er tynt, så her skal berre kommenterast litt i denne omgang, så blir det klarare oversikter etter kvart:

JENTER
Det er først og fremst i løp det finst resultat så langt, og her peikar Sara Tyssebotn Berg seg ut. Ho fekk ein flott start på året med sin fine 600 meter under Nornalekene. Bak henne noterer me oss Anna Evensen, Ingrid Helene Nyhus og Ingrid Næss Johansen. I hopp er det kome nokre få resultat og også her må Anna Evensen nemnast.

GUTAR
Ein del fleire løpsresultat finst mellom gutane. Også her peikar det seg ut eitt namn framfor andre, nemleg Jens Larsen Åstveit, som over tid har konvertert frå sprint til langdistanse. Det har også medført solid framgang i løp for Jens - alt no. Også Eirik Leikvoll, Stian Øvergaard Aarvik og Emil Engelsen Holm må nemnast i denne første runden. I hopp kjem me ikkje utanom Magnus Leikvoll etter fantom-framgangen hans i høgde sist fredag.

Neste gong har me i alle fall ei bøtte med resultat frå Pingvinlekene å legga til grunn.

søndag 20. januar 2013

Nornalekene (seint same kveld) dag 3

Eg registrerer at Norna-Salhus hadde ønskt seg fleire deltakarar til sine leikar i januar. Det forstår eg: Dei har lagt dette stort opp når det gjeld talet på øvingar og eit tilsvarande stort apparat må i sving for å få det arrangert. Då vil det jo vera kjekt med fleire deltakarar.

Men samtidig er innesesongen spesiell: Her er mange som knapt konkurrerer og så er det ein god del som berre vel ut enkelte konkurransar. No får ein stadig fleire flotte (og flottare enn på Leikvang også) innomhus-hallar og tilbodet av stemne aukar tilsvarande. Då blir det få stemne som blir retteleg store innomhus - sidan løparane fordeler sine etter måten få konkurransar på fleire hallar og fleire stemne.

Neste er Gneist sine pingvinleikar. Det blir spennande å sjå om den flotte oppslutninga frå debutsesongen i fjor blir følgt opp i år.


Kristoffer Blücher (G14) hadde ein ny solid dag i Leikvanghallen. 7,66 på 60 meter er verdt 1024 tyrvingpoeng og er berre 3/100 bak klubbrekorden til Fredrik Nesslin frå 2002.

Henrik Irgens Gravdal (G15) fekk seg ein ny 3. plass i seniorklassen, då han sprang 1500 meter på 4:16,63 (1023 poeng).

Amund Høie Sjursen (G17) sprang heilt ned på 7,26 på 60 meter (1010 poeng), som er klubbrekord med elektronisk tid (i alle fall inne).

Pål Haugen Lillefosse (G12) oppnådde 8,62 på 60 meter (940 poeng) og betra med det tida si frå Estland-turen ved nyttår. I lengde blei det 4,47 på Pål (907 poeng).

Emil Engelsen Holm (G16) blei kåra til "Årets mest framgangsrike" i Gneist i 2012, men også dette året har fått ein glitrande start for Emil: 7,67 blei det på 60 meter søndag (927 poeng).

Elina Drivenes (J16) var nokre hundredelar bak pers då ho vann 60-meteren i klassen på 8,37 (913 poeng).

Anna Evensen (J13) landa på 4,48 i lengde (890 poeng) og Anna sin 60 meter på 8,83 var verdt dei same tala - 883 poeng.

Nykomlingen André Seliussen (G12) har teke opp jakta på pappa Morten. På 1500-meteren søndag blei det 5:10,79 på André - ei kjempeforbetring av pers (882 poeng). (Pappa Morten fekk 4;37 på sin 1500 meter - så han held stand enno ei (lita) stund...)

Michelle Floor Heggeland (J14) flytta sesongbeste på 60 meter ned med eitt hundredel til 8,69 (881 poeng).

Ole Martin Røssland (G18) oppnådde sesongbeste på 1500 meter med 4:19,53 (877 poeng).

Ingrid Næss Johansen (J16) vann 1500-meteren på 5:02,61, ny pers (876 poeng).

Håvard Rinde (G12) hoppa 4,25 i lengde (860 poeng).

Jens Larsen Åstveit (G16) held fram med å visa at han no er blitt mellom- og langdistanseløpar. På 1500-meteren blei det 4:33,85 (847 poeng).

Stian Norheim (G17) sin sesongdebut på 1500 meter gjekk unna på 4:30,89 (825 poeng).

Thyra Hevrøy (J16) kom i mål på 5:11,06 på 1500 meter (825 poeng).

Tobias S. Garden (G10) hoppa 3,23 i lengde (816 poeng).

Thomas Blücher (G12) oppnådde 8,71 på 60 meter (808 poeng).

Nornalekene (neste kveld) dag 2

Det blei seint på helga før dei offisielle resultatlistene frå Nornalekene dukka opp. Det var jo eit minus. Lørdag var eg ikkje i Leikvanghallen. I staden var eg svært takksam fordi ein god del andre var der, nemleg våre venner i Fana, som til vanleg trenar både vel og lenge i Høiehallen lørdag føremiddag. Denne lørdagen hadde PU-gjengen hallen så godt som for seg sjølv - og 16 utøvarar fekk springa skjorta av seg. Det var gildt!

Men samtidig, ein annan stad i byen, ein god dose saltstøv unna, så var det også lørdagen mykje gjævt å notera ned av prestasjonar. To av utøvarane var like så godt under klubbrekordane alt no i januar månad:

Kristoffer Blücher (G14) sprang ein solid 400 meter på 55,32 (1047 poeng), halvtanna tidel under Espen Liland sin klubbrekord frå 2003. I tresteg blei det 11,31 på Kristoffer (931 poeng).

Pål Haugen Lillefosse (G12) sprang eitt tidel fortare enn utomhus-klubbrekorden på 60 meter hekk, 10,12 mot 10,22 (Sondre Rinde har rekorden frå 2010). Løpet var verdt 1016 tyrvingpoeng. I tresteg oppnådde også Pål over 1000 poeng - her blei det 10,19 (1009 poeng).

Hekkespesialisten Anna Evensen (J13) kom seg heilt ned til 10,02 på 60 meter hekk (1015 poeng), og fekk også opp 10,18 i tresteg (998 poeng).

Henrik Irgens Gravdal (G15) markerer seg også i år. Med 2:05,69 på 800 meter blei det både pall-plass i seniorklassen og 969 tyrvingpoeng.

Håvard Rinde (G12) sprang 60 meter hekk på 10,38, så Håvard var i fin nornalek-form (964 poeng). I tresteg hoppa Håvard 9,40 (930 poeng).

Elina Drivenes (J16) sprang sin første 800 meter som Gneist-utøvar og betra seg med 2,5 sekund sidan ho "berre" var i BFG Bergen-drakt under romjulsstemnet: Tida blei 2:22,26 (906 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G13) opna kast-året med 11,79 i kule (897 poeng).

Thomas Blücher (G13) har hatt solide karusell-løp i vinter og lørdag sprang han 600 meter på 1:40,36 i Leikvanghallen (847 poeng).

lørdag 19. januar 2013

Nornalekene dag (natt) 1

Det blei ein strålande første dag av Nornalekene for Gneist/BFG Bergen. Ein del fantastiske prestasjonar fekk me oppleva alt 18. januar av det nye året. Det lovar ikkje bra, det lovar sterkt!

Heilt øvst på mi liste finst Pål Haugen Lillefosse (G12) som i rein Bubka-stil betra persen i stav med éin centimeter, men - som Bubka - han gjer det frå eit alt svært høgt nivå. 3,23 er den nye rekorden på - og då rekord på alle frontar - og verdt heile 1107 poeng!

Eitt av dei store høgdepunkta var eit nytt kanonløp av Stian Øvergaard Aarvik (G16) - denne gongen på bane. Han debuterte rett og slett på 3000 meter med 8:55,73 (!), verdt 1043 tyrvingpoeng og berre åtte sekund bak den 35 år gamle klubbrekorden på distansen. Dette er beste løpet i Gneist i vinter så langt.

Amund Høie Sjursen (G17) er i gang med jakta på hovud-NM- kravet (6,75) i lengde, som han var fire centimeter ifrå som 16-åring. Fredag blei det 6,42 (964 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J14) er i full gang igjen i høgde og oppnådde flotte 1,53 (962 poeng).

Ole Martin Røssland (G18) sprang på 9:06,81 på 3000 meter (954 poeng).

Emil Engelsen Holm (G16) er i kanon vinterform. Med 24,17 persa han på ny på 200 meter (943 poeng). Det er også best i landet i klassen så langt i vinter.

Og velkommen i Gneist også til Erlend Gjerdevik Sørtveit (G19). Med ei solid avslutning blei det 9:05,43 på 3000 meter (939 poeng).

Det var eit spennade oppgjer på 3000 meter i J16. Ingrid Helene Nyhus drog det aller meste, men opna spruten ein runde for tidleg. Ingrid Næss Johansen opna spurten då ho skulle og sprang i mål først, på 10:54,00 (933 poeng), mot 10:58,22 på den andre Ingrid (923 poeng).

Velkommen som Gneist-representant til Elina Drivenes (J16), som med 27,29 på 200 meter plukka med seg 911 tyrvingpoeng.

Fabelaktig var det også å oppleva Magnus Leikvoll (G17) si nærmast sjokkarta høgdeframsyning. For ei veke sidan presterte han 1,52 under Kengurukarusell i Høiehallen. Fredag kveld betra han dette med heile 28 centimeter! Persen blei også betra med ti - og altså til 1,80! Det er verdt 909 poeng, er fem centimeter over UM-kravet og berre tre ifrå junior-NM- kravet. Sterkt!

Stian Norheim (G17) arbeidde seg greitt gjennom årets første 3000 meter på 9:44,64 (879 poeng).

Jens Larsen Åstveit (G16) hugsar eg som sprintar frå eit par år tilbake. No er han milslukar og triatlet. Fredag debuterte han på 3000 meter på bane i framifrå stil. Tida blei 10:01,41 (866 poeng) og då er ikkje vegen lang ned til UM-kravet (9:50).

Sanne Myrmel (J14) har kome som eit skot i friidrettsmiljøet i vinter. I høgde blei det 1,40 (865 poeng) og i stav 2,33 (812 poeng). Forbetringa i stav var på heile 41 centimeter!

Tobias Allers-Hansen (G10) har alt vore aktiv på konkurranse-fronten nokre år (som rekrutt),l no har han som ti-åring teke til som poengplukkar. I høgde blei det 1,05 (860 poeng).

Håvard Rinde (G12) hoppa 1,30 i høgde (860 poeng).

Det blei eit rivande tett oppgjer på 200 meter i J14-klassen mellom Michelle Floor Heggeland og Nora Øvergaard Aarvik. Eitt hundredel skilde til slutt: 28,99 på Michelle (852 poeng) og 29,00 på Nora (851 poeng).

Linn Seliussen (J15) fekk sin debut i Gneist-trøya (eller det var vel ikkje akkurat Gneist-trøya), då ho ganske åleine sprang inn til 7:29,02 på 200 meter (827 poeng).

Var dete bra? Utvilsamt.

Var dette overraskande bra? Absolutt.

Blir det likevel betre? Ganske sikkert.

torsdag 17. januar 2013

Seniorar utanfor bane - 2012

Den beste plasseringa av BFG-arar i den nasjonale statistikken utanfor bane for 2012 var det Pernille Thomassen som oppnådde med 12. plass og 17,39 på 5 km. Me må altså eit stykke lenger ned på listene for å finna våre utøvarar for seniorar enn for ungdommar, men ein del av ungdommane har lurt seg inn på listene her også - noko som skulle vera gode signal for framtida også her - skulle ein tru.

Her er i alle fall oversikten over plasseringar i statistikken utanfor bane, seniorar, for 2012:

MENN
5km
35. Bjarte Eikanger 15,56
38. Espen Roll Karlsen 15,58
41. Stian Øvergaard Aarvik 16,00
53. Andreas Iden 16.11
60. Jørgen Austvik 16.15
65. Jørgen Jensen Axelsen 16.19
76. Henrik Irgens Gravdal 16.31
109. Bjørn Tore Kronen Taranger 16.49
117. Anders Daltveit 16.52
126. Erlend Gjerdevik Sørtveit 16.56

10km
71. Jørgen Jensen Axelsen 33.11
78. Bjarte Eikanger 33.17
84. Miguel Blanco 33.21
118. Stian Øvergaard Aarvik 33.56
123. Bjørn Tore Kronen Taranger 33.58
158. Ole Martin Røssland 34.25

Halvmaraton
21. Miguel Blanco 1.09.28
65. Bjarte Eikanger 1.14.26
88. Andreas Iden 1.15.42
93. Kjell Raa 1.19.14
108. Ole Martin Røssland 1.16.47

Maraton
67. Bjørn Tore Kronen Taraner 2.35.42
135. Frode Johansen 2.54.14

KVINNER
5km
12. Pernille Thomassen 17.39
16. Rebecca Wade 18.14
31. Silje Arnøy 19.05
34. Renate Lie 19.13
36. Silje Stenersen 19.20
52. Torun Øvergaard Aarvik 19.38
53. Linn Seliussen 19.39
61. Ingrid Næss Johansen 19.44

10km
20. Pernille Thomassen 37.10
37. Therese Sjursen 38.27
93. Ragnhild Anderson 40.27
149. Linn Seliussen 41.42
156. Torun Øvergaard Aarvik 41.51
165. Linda Gröning 41.59

Halvmaraton
13. Pernille Thomassen 1.20.43
39. Ragnhild Anderson 1.27.20
134. Linda Gröning 1.33.40

Maraton
131. Edna Leikvoll 3.38.16

onsdag 16. januar 2013

Ungdom utanfor bane - 2012

Det er tradisjon for at det finst mange i BFG-miljøet som spring og som spring langt. Me ser mange av dei på banen, men det er også svært mange resultat å finna utanfor bane. Mange av desse igjen er naturlegvis frå karusellane med utgangspunkt i Fana Stadion - enten på sommar- eller vintertid, men her er også resultat frå åsaneløp, sentrumsløp og andre løp.

KONDIS fører statistikk over desse resultata, frå 5 km og oppover. Den er ajourført heilt i starten av denne månaden og våre representantar finst i årsklassane der dei var heimehøyrande i 2012. (Eit par av utøvarane har jo alt i første løpet i årets vinterkarusell persa på ny.)

Nokre av utøvarane våre finst mellom topp 3 i sine klassar - Silje Stenersen (nr. 1), Renate Lie, Hans-Magnus Haukøy, André Seliussen, Stian Øvergaard Aarvik og Jørgen Jensen Axelsen.

JENTER
5km
12-13 år
1. SILJE STENERSEN 19.20
26. Sanne Lillevik Christensen 23.38

14-15 år
2. RENATE LIE 19.13
4. Linn Seliussen 19.39
5. Ingrid Næss Johansen 19.44
8. Thyra Hevrøy 20.21
13. Elina Drivenes 21.04
17. Tuva Straume 21.12
20. Eline Myking 21.33

10km
14-15 år
7. Linn Seliussen 41.42
22. Anna Serine Røssland 48.07
27. Tuva Straume 49.12

GUTAR
5km
10-11 år
3. HANS-MAGNUS HAUKØY 19.51
3. ANDRÉ SELIUSSEN 19.51

12-13 år
16. Thomas Blücher 19.40
26. Henrik Berger Ettrup 20.17

14-15 år
3. STIAN ØVERGAARD AARVIK 16.00
5. Henrik Irgens Gravdal 16.31
8. Vegard Austevoll 16.49
18. Jens Larsen Åstveit 17.59

16-17 år
5. Andreas Iden 16.11
17. Håvard Austevoll 16.50
17. Anders Bjørndal 17.03
23. Ole Martin Røssland 17.30
30. Stian Norheim 17.42

18-19 år
13. Jørgen Jensen Axelsen 16.19
18. Erlend Gjerdevik Sørtveit 16.56
25. Anders Strømblad Hansen 17.26
32. Magnus Pettersen Lunde 17.44

20-22 år
7. Espen Roll Karlsen 15.58
12. Jørgen Austvik 16.15

10km
14-15 år
2. STIAN ØVERGAARD AARVIK 33.56
13.Vegard Austevoll 37.48

16-17 år
10. Ole Martin Røssland 34.25
27. Andreas Iden 36.19
29. Håvard Austevoll 36.38

18-19 år
3. JØRGEN JENSEN AXELSEN 33.11

20-22 år
22. Jørgen Austvik 35.15

Halvmaraton - U22
10. Vegard Austevoll 1.15,19
12. Andreas Iden 1.15,42
15. Ole Martin Røssland 1.16,47
18. Håvard Austevoll 1.18,10
23. Jørgen Austvik 1.19,13
27. Erlend Gjerdevk Sørtveit 1.20,10

FRI - Arrangørane 2012

Eg fekk den gamle Vazelina-slageren Gi meg fri i kveld på hjernen då eg arbeidde fram dagens oversikt: Basert på dei innsende listene til Norges Friidrettsforbund i Hordaland har eg sett på kva for klubb som har hatt flest arrangement i 2012.

Listene inneheld alt frå små "trappeløp" til store nasjonale stemne. Men på den andre sida er dei små stemna, både på og utanfor bane, vel så viktige for mange som dei svære med over 1000 startar og slikt.

I 2011 var det ganske klart Idrettslaget Fri frå Arna som hadde flest arrangement på denne oversikten. I 2012 har klubben styrka stillinga si ytterlegare. Ganske imponerande, det.

Norna-Salhus og Osterøy er stabile arrangørar hakket bak der - der ikkje minst karusell-seriane til dei to klubbane tel godt med.

Laksevåg har overraskande mange stemne, 27 både i 2011 og i 2012. Rettnok har dei ein del "gratis" gjennom samarbeidet med Fri om kaststemna på Skansemyren, men Laksevåg har også kome i gang med seriestemne på Nygårdsmyren.

Så har Gneist auka stemnemengda si frå 17 til 24. Gneist var ivrige i 2012, både med auke i eigne stemne og med å ta tak i ein del stemne som dåverande BFG Fana sa ifrå seg. No er desse stemna på full fart over til BFG Bergen igjen.

I Sunnhordland fall listene frå Stordleikane mellom anna ut for Stord IL i 2012, slik at den klubben mista hegemoniet som mest-arrangerande i sør-fylket, medan Bremnes og Trio no deler topp-plasseringa med 16 lister kvar. Og framleis nærmar draumen seg om fast dekke på Husnes seg, om ikkje med stormsteg, så... ja, den nærmar seg.

Og BFG? Jo, BFG finst - med åtte resultatlister inne - på ein 15. plass på lista. Det betyr at ein del lister ikkje er sendt inn og det betyr at topp 10-plassering på denne lista er innanfor rekkevidde i 2013.

Her er så lista over klubbar i Hordaland etter talet på innsende resultatlister til NFIF kalenderåret 2012:


  
IL FRI
45 innsende lister
+ 3
IL Norna-Salhus
29 innsende lister
+ 1
Osterøy IL
28 innsende lister
-
Laksevåg TIL
27 innsende lister
-
IL Gneist
24 innsende lister
+ 7
Mjøsdalen IL
23 innsende lister
?
Bremnes IL
16 innsende lister
+ 2
IL Trio
16 innsende lister
-          1
Ask Friidrett
14 innsende lister
+ 1
AKS-77
12 innsende lister
?

lørdag 12. januar 2013

Kenguruar i Høiehallen

Ein kan seia mykje løye om Fana. Vel, eg veit heilt sikkert at det blir sagt mykje løye om Fana. Men skøyter det kan dei. Rettnok er Sverre Lunde Pedersen osing med finnmarking til far og trenar, men likevel, det er Slåtthaug og Fana IL som har skapt skøyteløparen.

Men det var no berre ein digresjon.

Ein kan seia mykje løye om Fana IL si friidrettsgruppe. Og tru du meg, det er då også blitt gjort denne lagnadstunge hausten.

Men kenguruar det har dei - hopparar i fleng. Eg har sagt det før og eg seier det igjen: Då Fana sist vinter innstifta "Kengurukarusellen", ja så ville det ikkje vore meir naturleg dersom Bergen by laga seg ein "Regnfestival".

Fredag kveld blei denne vinterens første kengurukarusell arrangert i Høiehallen. Dei aller fleste spretne kenguruane var frå arrangørklubben. Men brørne Magnus (G17) og Eirik (G15) Leikvoll er ein slags halv-kenguruar i Gneist-drakt. Sesongdebuten i høgde blei unnagjort denne kvelden. Det blei 1,60  på Eirik (860 poeng) og 1,52 på Magnus (713 poeng).

Hopp, hopp, Fana.

Og lørdag er det 1500 meter i EM.

fredag 11. januar 2013

Kvalitet i motvind (Vinterkarusellen-4)

Sesongens fjerde vinterkarusell gjekk mandag, men først i dag, fredag, har eg fått tørka brillene mine såpass at eg kan få skrive eit blogginnlegg om den. Eg stod i motvind på 10km-vending og helste utøvarane der. Dei færraste helste tilbake, kanskje forståeleg nok - meir imponerande var det av dei som faktisk gjorde det!

Det har vore godt underlag på alle karusellane så langt, men vind ispedd regn gjorde det i suraste laget for persing og sesongbeste for dei fleste denne gongen - med nokre heiderlege unntak, ikkje minst på mila for menn og ungdommar.

Her er min høgst subjektive oversikt, halvvegs ut i vinterens karusellar:

5 KM KVINNER
Her merkar me oss eit godt løp av mamma Hevrøy denne gongen:

1. Silje Stenersen 19.37
2. Thyra Hevrøy 20.21
3. Linn Seliussen 20.29
4. Tuva Straume 22.27
5. Sanne L. Christensen 23.38
6. Kjersti Hevrøy 23.50
7. Pernille Hordnes Sørås 24.06
8. Marlen Eide Røssland 24.32
9. Anne-Marte Aldal Sætre 24.37
10. Sara Tyssebotn Berg 24.52

5 KM MENN
Erlend Gjerdevik Sørtveit sesongdebuterte på distansen med 17.01.

1. Stian Øvergaard Aarvik 16.00
2. Bjarte Eikanger 16.36
3. Henrik Irgens Gravdal 16.56
4. Erlend Gjerdevik Sørtveit 17.01
5. Jørgen Møklebust Austvik 17.02
6. Andreas Iden 17.07
7. Jens Larsen Åstveit 17.59
8. Thomas Blücher 19.40
9. Hans-Magnus Haukøy 19.51
10. André Seliussen 19.51

10 KM KVINNER
Her er det ikkje noko nytt å melda, så her trengst det oppmodingar om fleire mil-løp utetter seinvinteren...

1. Torun Øvergaard Aarvik 41.51
2. Linn Seliussen 46.13
3. Anna Serine Røssland 48.07
4. Marlen Eide Røssland 49.24

10 KM MENN
Her betra Stian Øvergaard Aarvik seg med nye fire sekund og har dermed fem ned til trenar Bjarte. Jørgen Austvik betra seg med eit heilt minutt, Ole Martin Røssland med fem sekund, Morten Seliussen med femten, Stian Norheim med over minuttet og fykande inn på lista kom Kristian Schjønningsen. Her var det mykje kvalitet i motvinden.

1. Stian Øvergaard Aarvik 33.52
2. Bjarte Eikanger 33.57
3. Jørgen Møklebust Austvik 34.11
4. Ole Martin Røssland 35.11
5. Andreas Iden 36.19
6. Erlend Gjerdevik Sørtveit 36.20
7. Morten Seliussen 37.23
8. Stian Norheim 38.40
9. Jens Larsen Åstveit 40.36
10. Kristian Schjønningsen 45.45

... og neste løp er mandag 28. januar...

onsdag 9. januar 2013

Før Nornalekene

Det første store innomhus-stemnet lokalt blir Nornalekene neste helg, altså helga 18. - 20. januar. Påmeldingsfristen er ute og me kan studera nøgnare kven som er klare til å prøva seg med konkurranse på bane no midtvinters - for no er me også lova vinter i veret igjen - sjølv om det vel er det vanlege veret inne i Leikvanghallen.

Her er oversikten over våre deltakarar: Frå og med 10 år til og med 17 år er det Gneist-utøvarar. Over 18 år stiller utøvarane i seniorklassen i Nornalekene og representerer BFG Bergen (sjølv om eit par av utøvarane har gløymt seg ut og registrert seg som Gneist også i seniorklassen...)

J12
- Sara Tyssebotn Berg: 600m

J13
- Anna Evensen: 60m, tresteg, lengde, 60m hekk

J14
- Michelle Floor Heggeland: 60m, 200m

J15
- Linn Seliussen: 1500m, 2000m

J16
- Elina Drivenes: 60m, 200m, 800m
- Thyra Hevrøy: 800m, 1500m
- Ingrid Næss Johansen: 800m, 1500m, 3000m
- Eline Myking: 1500m
- Ingrid Helene Nyhus: 1500m, 3000m

KS
- Sara Berrefjord: 60m
- Monika Benserud: 200m

G10
- Tobias Allers-Hansen: 60m, 200m, lengde, høgde
- Jonas Tyssebotn Berg: 60m, lengde
- Tobias Sedberg Garden: 60m, lengde

G12
- Pål Haugen Lillefosse: 60m, 200m, lengde, høgde, 60m hekk, tresteg, stav
- Håvard Rinde: 60m, 200m, lengde, høgde, 60m hekk, tresteg, kule
- André Seliussen: 200m, 600m, 1500m

G13
- Thomas Blücher: 60m, 600m
- Gjert Høie Sjursen: 60m, 200m, lengde, kule

G14
- Kristoffer Blücher: tresteg, 60m, 400m, 800m

G15
- Henrik Irgens Gravdal: 400m, 800m, 1500m, 3000m (G17)

G16
- Emil Engelsen Holm: 60m, 200m
- Jens Larsen Åstveit: 1500m, 3000m
- Stian Øvergaard Aarvik: 3000m

G17
- Magnus Leikvoll: 60m, kule, stav, høgde
- Aleksander Lie: 60m, 200m, 400m
- Stian Norheim: 1500m, 3000m
- Amund Høie Sjursen: 60m, lengde

MS
- Jørgen Austvik: 800m, 1500m
- Bjarte Eikanger: 800m, 1500m, 3000m
- Egil Johan Hessen: 3000m
- Espen Roll Karlsen: 3000m
- Magnus Pettersen Lunde: 800m
- Petter Rasmussen: 800m, 1500m, 3000m
- Ole Martin Røssland: 1500m, 3000m
- Morten Seliussen: 800m, 1500m
- Erlend Gjerdevik Sørtveit: 1500m, 3000m
- Ole Hartvig Nissen Viken: stav

mandag 7. januar 2013

Farvel til Estland

Kvifor er det ingen som høyrer på meg?

Sjølvsagt måtte Gneist-arane i det baltiske innom Tallin og endå eit stemne på Estland-turneen. Det skjedde lørdag og igjen var det Eirik Leikvoll (G15) og Pål Haugen Lillefosse (G12) som var våre representantar.

Sjølv om eg snart les friidrettsk på estisk nesten som ein innfødd, så er det likevel med eit lite atterhald eg gjengir følgjande:

Eirik sprang så fort som 8,33 på 60 meter (789 poeng), der fekk Pål tida 8,90 (865 poeng).

I lengde auka Eirik med halvmeteren frå dagen før, frå 4,39 til 4,89 (748 poeng). Også Pål betra seg, frå 4,17 til 4,34 (878 poeng).

Desember-vindauget

I fotballen har ein "januar-vindauget" for spelarovergangar. Det er på vidt gap denne månaden, naturleg nok, og spelarar skiftar beite og ti- og hundretals millionar skiftar eigar kvar einaste dag heile månaden. Verst blir det når det nærmar seg sjølvaste deadline - heilt i enden av månaden.

I friidretten var denne deadline-en 31. desember klokka 24.00. Det finst berre ein deadline, ikkje noko overgangsvindauge og berre uhyre sjeldan overgangssummar - og i så fall er dei reint symbolske. Millionar er stort sett framandord i friidretten.

Men så er det eit slags vindauge likevel. I konkurranse-sesongen driv jo utøvarane på med å konkurrera. Først når denne er over og ein tar til å tenka ny sesong, så er det tid for å tenka om ein skal drassa med seg same gamle klubben og tre på seg samle gamle klubbdraka også komande sesong - eller skal ein skifta beite og ta på seg ei ny og stiligare drakt?

No ligg den offisielle lista over representasjonsovergangar føre frå Friidrettsforbundet. Og i år har det vore ekstra mange overgangar i vår lokale andedam. Her skal ikkje rippast opp i årsaka til dei fleste overgangane. Den er no likevel såpass openbar at dei fleste griper den slik utan vidare.

Heile lista finst her.

For dei som ikkje orkar å gå gjennom alt og finstudera Bøifot (75 år om ti dagar!) sin overgang frå GTI til Stavanger Friidrettsklubb og tilsvarande krumspring, så er lista over dei lokale overgangane her:

- Henrik Almenningen (G16) frå Fana til Gneist
- Silje Oksholm Arnøy (KS) frå BFG til Selsbakk IF
- Anne Skudal Dolvik (KS) frå BFG til Gular
- Rune Dolvik (MV) frå BFG til Gular
- Elina Drivenes (J16) frå Fana til Gneist
- Linda Grøning (KV) frå BFG til Gular
- Anders Strømblad Hansen (G19) frå Fana til Gneist
- Cathrine Harris (J15) frå Gneist til Fana
- Thyra Hevrøy (J16) frå Fana til Gneist
- Eivind Knudsen Hjertholm (G16) frå Fana til Gneist
- Christine Bjelland Jensen (J19) frå Bjarg til Gular
- Eline Myking (J16) frå Fana til Gneist
- Maren Risøen (J18) frå Gneist til Fana
- Vibeke Raa (KV) frå BFG til Gular
- André Seliussen (G12) frå Fana til Gneist
- Linn Seliussen (J15) frå Fana til Gneist
- Erlend Gjerdevik Sørtveit (G19) frå Fana til Gneist
- Bertine Vågenes (J14) frå Ask til Gneist

søndag 6. januar 2013

Tour de Estonia

Eg har nett sett Petter Northug gjera ting han ikkje kan - klatra i ein slalåmbakke - i Tour de Ski.

Eit par Gneist-arar har teke imot det nye året i sitt eige Tour de Estonia - Estland Rundt. Dei har halde seg i Tallin, men fredag var dei i Rakvere nord i landet og hoppa - stav og lengde og slikt.

Mi melding er; om de ikkje alt er heimkomne, så kom heim! Jada, me saknar dykk naturlegvis, men viktigast: estisk er gresk for meg - eller kanskje endå verre; estisk er estisk for meg!

Både Eirik Leikvoll (G15) og På Haugen Lillefosse (G12) hoppa brukbart i teivashüpe, medan det blei sesongdebut for begge i kaugushüpe.

Pål oppnådde 4,17 i kaugushüpe, som etter Tyrvingtabellen burde gje 844 poeng - med mindre me snakkar om kulestøt. Og for Eirik sitt hopp (vil eg velja å tru) så 4,39 så noterer me 648 poeng.

Men, altså, kom heim! - før eg tar til å lura på kva kaugushüpe utan fart heiter.

fredag 4. januar 2013

Ein dag på Leikvang nok: Jostein Lie Årets veteran 2012

Den 100 % seriøse, men like uhøgtidlege, veterankonkurransen mellom dei gamle (foreldre og andre som blir inkludert av underteikna) i Gneist og omland rullar vidare - nesten utan at nokon merkar det.

I 2012 var vel innsatsen labrare enn nokon gong før - og det har vel berre gått éin veg etter det flotte startåret, 2009.

Men, men, det skal ikkje ta glansen vekk frå årets sigerherre - Jostein Lie - som berre trong ein søndag i Leikvanghallen under veteran-NM for å ta med seg årets meistertittel. Der presterte han 2:24,95 på 800 meter og 8,41 i kule.

Toar - og den einaste som har nådd pallen - alle dei fire åra sidan denne tradisjonsrike tevlinga starta - blei Trond Leikvoll. Trond er først og fremst kastar, sjølv om me naturlegvis ventar på eit stavhopp snart!

Nr. 3 blei fjorårsvinnaren, Geir Sjursen. Geir er først og fremst 100 meter-ekspert. Der er han jo suveren, men skal han nå tilbake til toppen trengst eit par hopp utan fart, til dømes, også.

På 4. plass kom Arve Rinde, altså ned to plassar frå den flotte sølv-plassen i 2011. Men éin diskos-konkurranse kjem ein ikkje langt nok med.

Og på 5. plass den aller første kvinnelege deltakararen i konkurransen (applaus, applaus!), Kjersti Ristesund Bjørndal, som tok gull under veteran-NM på 60 meter og som pynta på tida med tre hundredelar under Norna-karusellen i august.

PANG - der gjekk startskotet for Veterankonkurransen 2013.

Og her er pallen dei andre åra:

2009:
1. Arne Lillefosse (kor i alle verda er det blitt av han - altså  banen, startordnar for godt?)
2. Trond Leikvoll (Gneist-leiaren er ein av dei mest trufaste i denne konkurransen)
3. Geir Sjursen (nesten for proff å rekna i dette sirkuset)

2010:
1. Trond Leikvoll (eit fabelaktig år for Leikvoll, dette)
2. Jostein Lie (sjå der, eit forvarsel på kva som skulle koma)
3. Sigve Stenersen (eit blaff - eller kjem Sigve tilbake (igjen)?)

2011:
1. Geir Sjursen (heilt suveren siger i fjor)
2. Arve Rinde (Arve har teke til å røra på seg - og då er det berre å sjå opp)
3. Trond Leikvoll (Igjen topp tre!)



torsdag 3. januar 2013

UM - kvalifiseringsoversikt

Det er minst like stor trong for å samla seg og prøva få oversikt over Gneist-kvalifiserte til UM 2013, som tilfellet var for dei større meisterskapa og BFG. Det har vore ein god del - og langt meir enn vanleg er - med utøvarovergangar. No er det blitt nyttår og det burde vera muleg å ha nokolunde kontroll.

Sist oversikt - den 30. november - fortalde om 23 Gneist-klarerte til UM på Lillehammer i september. Dagens oversikt tel 26 utøvarar.

Her er oversikten, håpar eg. Alt nytt av namn og øvingar i utheva:

GUTAR

Anders Strømblad Hansen, G18/19 (3000m)
Andreas Iden, G18/19 (3000m)
Ole Martin Røssland, G18/19 (3000m)
Erlend Gjerdevik Sørtveit, G18/19 (800m, 3000m)

Magnus Leikvoll, G17 (stav)
Aleksander Lie, G17 (800m)
Stian Norheim, G17 (3000m)
Håvard Våge Opheim, G17 (stav)
Amund Høie Sjursen, G17 (100m, lhøgde, lengde, tresteg)

Henrik Almenningen, G16 (tresteg, spyd)
Emil Engelsen Holm, G16 (100m, 200m)
Stian Øvergaard Aarvik, G16 (800m, 3000m)

Henrik Irgens Gravdal, G15 (800m, 2000m)
Eirik Leikvoll, G15 (stav)
Sondre Rinde, G15 (100m, 200m, 100mh, 300mh, lengde, tresteg)

JENTER

Marianne Benserud, J18/19 (200m, stav)

Monika Benserud, J17 (100m, 200m, stav, lengde, tresteg)
Vilde Lund Bjørnsen, J17 (100m, 200m, 400m, 800m, lengde)

Elina Drivenes, J16 (200m, 800m)
Thyra Hevrøy, J16 (300mh)
Ingrid Næss Johansen, J16 (800m)
Eline Myking, J16 (høgde)
Ingrid Helene Nyhus, J16 (800m)
Anna Serine Røssland, J16 (800m)

Renate Lie, J15 (100m, 200m, 800m)
Maren Haugen Lillefosse, J15 (100m, 200m, lengde)

Då vil dei observante sjå at det er fire nye, og ein auke frå 23 til 26 harmonerer ikkje med det, men me har også Cathrine Harris i avgang (til Fana).

Interessant er det også at Vilde Lund Bjørnsen i eit treningsløp og sin debut på 800 meter (under Romjulsstemnet) sikra seg UM-plass på distansen (om ho ønskjer) både i 2013 og i 2014. Ja, inneresultata har alt gitt sju kvalifiserte også til UM i 2014 - men det får me koma tilbake til...

Og til sist: Det er altså no kvalifiseringskrav også inne til UM, men berre på 200 og 400 meter. Følgjande skulle vera kvalifiserte på desse distansane til inne-UM i Steinkjer i mars:

200m:
Renate Lie (J15), Maren Haugen Lillefosse (J15), Elina Drivenes (J16), Monika Benserud (J17), Vilde Lund Bjørnsen (J17), Sondre Rinde (G15), Emil Engelsen Holm (G16)

400m:
Vilde Lund Bjørnsen (J17)

Tõkkejooks

Tõkkejooks, ja. Det kan vera lett for meg å skriva (ikkje så lett å seia rett, sikkert).

Etter eliminasjonsmetoden skal tõkkejooks bety hekk på estisk.

Dette var éi av øvingane som dei tre Gneist-utøvarane var med på i Tallin onsdag. Pål Haugen Lillefosse (G12) sprang 60 meter hekk på 9,67. Det er jo ei framifrå tid, men ifølgje rapportane så langt var det på uvanleg låge hekkar (60cm).

Magnus Leikvoll (G17) kasta i alle fall kule på 5 kilo - det var lettare å skjøna enn tõkkejooks. 11,41 er den nye 5kg-persen til Magnus på (662 poeng).

Og Eirik Leikvoll (G15) si forbetring denne gongen kom på den både generelt og for han ukurante øvinga 150 meter. Tid: 20,04.

*

Kva høgde utan tilløp heiter på estisk har eg inga peiling på. Men Marianne Benserud (J18) var i elden rett før jul i denne øvinga, i meir lokale Høiehallen. Det skjedde på hoppstemnet til Norna-Salhus. Marianne kom seg over 1,36 (990 poeng). Det er også ny klubbrekord i J18. Den gamle hadde Anne-Beth Espetvedt, sett i 1987.

onsdag 2. januar 2013

Kvalifiseringsoversikt, BFG Bergen - pr. 2. januar 2013

Godt nytt år!

Det har jo ikkje vore så mange stemna sidan sist kvalifiseringsoversikt, men det har vore litt ut og inn av utøvarar i klubben, så det er greitt å samla seg, no i starten av det nye året, og sjå på kvalifiseringsoversikten for faktiske BFG Bergen-utøvarar i 2013:

Kvalifiserte for SENIOR-NM (Tønsberg, august 2013) så langt:
- Marianne Benserud
- Monika Benserud
- Vilde Lund Bjørnsen
- Martine Eikemo Borge
- Benedikte Liland
- Maren Haugen Lillefosse
- Elise Una Mikkelsen
- Pernille Thomassen

8 kvinner, 0 menn

Kvalifiserte for JUNIOR-NM (U20) (Overhalla, august 2013):
Marianne Benserud
Monika Benserud
Sara Berrefjord
Vilde Lund Bjørnsen
Elina Drivenes
Thyra Hevrøy
Ingrid Næss Johansen
Renate Lie
Maren Haugen Lillefosse
Elise Una Mikkelsen
Eline Myking
Ingrid Helene Nyhus
Anna Serine Røssland

Henrik Irgens Gravdal
Anders Strømblad Hansen
Andreas Iden
Ole Martin Røssland
Amund Høie Sjursen
Erlend Gjerdevik Sørtveit

13 jenter, 6 gutar

Kvalifiserte til JUNIOR-NM (U23) (Overhalla, august 2013).
Jørgen Austvik
Jørgen Jensen Axelsen

0 kvinner, 2 menn