torsdag 28. februar 2013

Før inne-UM - II

Dei eksperimenterte med dagsprogrammet under inne-UM i Sandnes i fjor. Det førte til ein god del rabalder i friidrettsandedammen i etterkant. I år er det meste på "rett" plass igjen. Det gjeld mellom anna dei lengste distansane, som minus Sandnes i fjor har gått lørdag (800) og søndag (1500).

Neste lørdag er det mellom 800 meter, gutar 18/19. Her stiller Gneist med tre utøvarar i ein tøff konkurranse. Totalt 22 utøvarar er påmeldt. Erlend Gjerdevik Sørtveit er best rangert av våre, som nr. 13, medan Anders Strømblad Hansen og Ole Martin Røssland følgjer som nr. 17 og 18. Klar favoritt er arrangørklubbens Roald Hagbart Frøskeland, medan Ådne Norland (Vollan) og Abduljaleel Hir (Selsbakk) gjer medaljetipset komplett trøndersk.

60 meter, gutar 17 har me ein sterk deltakar i Amund Høie Sjursen. Han har vore heilt nede på 7,24 i vinter og er med det 2. rangert av dei 32 påmelde - saman med Marius Bull Hjeltnes (Hovding). Andre sterke namn er Karsten Warholm (Dimna), Even Meinseth (Sørild) og Ingar Kiplesund (Trondheim).

Til slutt i dag ikkje mindre enn tre øvingar der Maren Haugen Lillefosse er Gneist-representanten. Det skjer i Jenter 15. På 60 meter hekk  er Kristi Strømmen Kjerpeset frå Florø klar favoritt, medan Maren nesten er like klar sølvfavoritt. Tredje medaljefavoritten er Wendel Marie Håvardstun (Sandefjord). Det er 18 påmelde på hekken. I lengde - der det er 25 på startlista - er Maren 3. rangert, bak nemnde Kjerpeset og Nathalie O. Johnsen (Sørild). Det er på førehand litt lengre opp til medalje på 60 meter, men Maren er klar kandidat til finaleplass, med si 5. rangering på førehand. Og det er jo solid, når det er heile 40 utøvarar som er påmeldt øvinga. Helene Rønningen (Tyrving) er favoritten på 60 meter, med alt omtalte Nathalie O. Johnsen (Sørild) og Kristi Strømmen Kjerpeset (Florø) som andre medaljekandidatar.

onsdag 27. februar 2013

Før inne-UM - I

Påmeldingsfristen til inne-UM i Steinkjer neste helg gjekk ut i går, tirsdag. Gneist reiser oppover med ein heil liten batajon. Som tradisjonen tilseier, så skal bloggen kikka nærmare på deltakarane i dagane fram mot avreise.

Men, dette er ikkje lett. Å vurdera kva ulike utøvarar er gode for no midtvinters, er i staden uhyre vanskeleg. Nokre er med for å "ta turen", andre kjem rett frå tung treningsleir, andre har prikka inn ein liten innetopp til UM. Men me får legga til grunn det som det er muleg å legga til grunn.

Først ut er våre to reprsentantar på 60 meter, jenter 18/19. Det er Marianne Benserud og Anne-Marte Sætre. Begge er - som mange andre i Gneist-troppen - i innspurten av treningsleir på Lanzarote i desse dagar. Det er 33 påmelde utøvarar til denne 60-meteren. Marianne blir rangert som nr. 21, medan Anne-Marte må finna seg i å stilla i køen bak der igjen. Astrid Mangen Cederkvist frå Vidar er favoritt, medan største vona om lokal medalje er det den gamle Bjarg-jenta Christine Bjelland Jensen (no Gular) som har.

200 meter, jenter 16 er det Elina Drivenes som er vår representant, mellom til saman 23 jenter på startstrek. Elina er også framleis på Lanzarote, men bør ha håp om ei plassering i det øvste sjiktet i Steinkjer. På førhand blir ho rangert som nr. 8. Alice Ulla Berg (Ålesund), Jenny Marie Labråten (Tyrving) og Oda Mohus (Runar) er medaljetipset.

Aleksander Lie har knalltøff konkurranse på sin 400 meter, gutar 17. Det er 14 deltakarar på startllista og Aleksander blir rangert som nr. 12 på førehand. Det blir spennande å sjå medaljegrossisten Karsten Warholm (Dimna) prøva seg på 400 meter. I tillegg er Sondre Dingsør Skogen (Bergens TF), Sigurd Blom Breivik (Sandvin) og Haavard Lien (Tyrving) berre nokre av mange sterke namn i øvinga.

Siste individuelle øving i dette innlegget er 60 meter, jenter 17. Og her stiller det fremste medaljehåpet av dagens utvalde, nemleg Monika Benserud. Ho har 7,98 på distansen frå denne innesesongen, noko som gir ho ei 5. rangering. Det er vanskeleg å koma utanom Naomi van den Broeck (Hovding) som favoritt. I tillegg tar me med Vilde Gjesbakk (Rana) og Signe Sævareid (Asker).

Gneist stiller også eige stafettlag på 4 x 200 meter i J15-17. Om det er vanskeleg å rangera individuelt, så er det alltid eit par hakk verre å rangera stafettlag. Men om jentene er friske og (ikkje minst) raske, så er det utvilsamt eit medaljelag Gneist stiller med. Dei andre laga som er påmelde er: Fagernes, Ullensaker/Kisa, Haugesund, Lørenskog, Sem og Sandnes. (Eg ser ikkje vekk ifrå at denne lista ikkje er uttømmande, stafettpåmeldingar går gjerne sine eigne vegar.)

tirsdag 26. februar 2013

Historietime: UM 2006

2006 er faktisk blitt ei stund sidan alt: Det var den gongen Petter Northug framleis var "for ung" til å vera med i OL, sjølv om han slo alt og alle i NM like før - til dømes.

Og Gneist var framleis sterke til å markera seg under ungdomsmeisterskapa i friidrett, som i utandørsmeisterskapet i Byrkjelo:

Marius Benserud (G17) vann gull på 400 meter 300 meter hekk og tok bronse på 110 meter hekk. På 400 meter fekk han selskap av to andre Gneist-arar (!), Kristoffer Grindedal Janson (sølv) og Espen Liland (bronse). Kristoffer vann sitt gull på 800 meter (1:56,63).

Kristoffer, Espen og Marius hadde selskap av Håvard Hasås på den avsluttande stafetten over 1000 meter, der det blei sølv, bak BUL.

Erik Hovlandsdal (G17) sprang på 9 blank på 3000 meter og tok bronse med det, fem sekund bak vinnaren Sindre Buraas. Erik fekk også med seg bronse på 2000 meter hinder.

Amalie Tefre Skage (J15) vann sølv i stav (2,80) og bronse i tresteg (11,50).

Ingvild Mundal Andersen (J16) vann stav med 2,81.

Då har eg summert til 4 gull, 3 sølv og 5 bronse for Gneist i Byrkjelo-UM i 2006!

Litt meir smålåtne var ein innomhus i Drammen i februar (då det altså var OL i Torino). Gullet der gjekk til Ingvild Mundal Andersen (J16), i stav, på same måten som ute, med 2,70. Amalie Tefre Skage tok sølv i stav i sin årsklasse, J15, og inne var ho så høgt som 3,12. Ho fekk også bronse i høgde med 1,51. To bronsemedaljar blei det dessutan på Benedikte Liland (18/19) i kule med 11,25 og i lengde med 5,40.

mandag 25. februar 2013

Årets mest framgangsrike, Gneist, 2013 - pr. 25. februar

Ikkje minst etter Pingvinlekene datt det inn såpass med resultat at det gir meining i å kikka på "Årets mest framgangsrike". Det er kjekt å fastslå at det dukkar opp så godt som heilt nye namn, i tillegg til solide framgangar alt no i vintersesongen på litt meir kjende utøvarar. Her er oversikten:

JENTER
Løp
Sara Tyssebotn Berg, Gina Birkeland Milde, Amalie Ellingsen Nyheim, Charlotte Harris, Maren Haugen Lillefosse

Hekk/hinder
Anna Evensen

Hopp
Vilde Lund Bjørnsen, Nora Øvergaard Aarvik, Anna Evensen, Marianne Benserud, Silje Stenersen

Kast
Charlotte Harris, Victoria R. Bruun

GUTAR
Løp
Jens Larsen Åstveit, Torbjørn Knag, Eirik Leikvoll, Emil Engelsen Holm, Trym Andresen

Hekk/hinder
Espen Bjørndal, Håvard Rinde, Pål Haugen Lillefosse

Hopp
Magnus Leikvoll, Emil Engelsen Holm, Pål Haugen Lillefosse, Espen Bjørndal, Håvard Rinde

Kast
Magnus Leikvoll, Eirik Leikvoll, Gjert Høie Sjursen, Henrik Irgens Gravdal, Sondre Rinde

Neste oversikt rundar av innesesongen, der det i praksis "berre" er inne-UM (15+) som gjenstår.

lørdag 23. februar 2013

Hopptradisjonen lever

Ein trønder blei verdsmeister i hopp lørdag. Og apropos hopp...

Ein fredag i februar kvart år samlast ein Gneist-gjeng til offisielt hoppstemne. Denne gongen skjedde det første fredagen i skulane sin vinterferie, men trass i det var oppmøtet godt på Ytrebygda.

Igjen kom det mange gode resultat, som blir nyttige når ein kjem til lagserie-oppsummering i oktober.

Spenstfenomenet Sanne Myrmel (J14) fekk til eit hopp på heile 2,35 i lengde (922 poeng). I høgde blei det 1,15 på Sanne (857 poeng).


Pål Haugen Lillefosse (G12) hoppa 1,05 i høgde (872 poeng) og 2,09 i lengde (820 poeng).


Una Haukanes (J10) er godt i gang med sin første poengplukkarsesong. Ho hoppa 85 centimeter i høgde (857 poeng), og i lengde blei det 1,79 (844 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G13) viser forbetringar i fleire øvingar alt så tidleg på året. Denne gongen blei det 1,10 i høgde (838 poeng) og 2,34 i lengde (830 poeng).

Jonas Tyssebotn Berg (G10) hoppa 80 centimeter i høgde (830 poeng). Det same gjorde Erlend Krog Solvang (G10).

Hans-Magnus Haukøy (G12) hoppa over 1 meter i høgde (830 poeng).

Det same gjorde Håvard Rinde (G12). Han landa også på 2,07 i lengde (810 poeng).

Herman Ellingsen (G11) fekk opp 1,93 i lengde (825 poeng).

Emma Dahl Sørbo (J10) og Katrine Holm Gjeraker (J10) hoppa begge 80 centimeter i høgde (810 poeng).

Sondre Rinde (G15) hoppa 2,49 i lengde (805 poeng).

... Så er det også tradisjon at ein bunke med veteranar samlar seg resulatat til Veterankonkurransen under dette hoppstemnet på Ytrebygda. Av alle dei glitrande resultata må naturlegvis Geir Sjursen sitt lengehopp på 2,68 trekkast fram. Det er beste seniorprestasjon i BFG Bergen i vinter i lengde utan tilløp. Sprekt!

Heimebane

Det er framleis eit par vitale hol og manglar i meisterskapslista for 2014, etter at sentralstyret i Norges Friidrettsforbund gjorde sine tildelingar fredag. 

Det viktigaste først, sett med lokale auge: BFG Bergen skal arrangera NM/UM i terrengløp, lang løype, hausten 2014! Det gler me oss til!

Rettnok søkte BFG om arrangementet i kort løype, men det arrangementet er det neste års 100-årsjubilant Stord IL som tar seg av. Dermed går altså begge meisterskapa i terrengløp i 2014 på heimebane.

Junior-NM i blir hos ein "gammal kjenning" for oss som var på UM utandørs i 2011. Det er Fredrikstad IF som har fått arrangementet, på sitt sentralidrettsanlegg i Lisleby.

UM ute i 2014 er eit av dei arrangementa som førebels ikkje har nokon tilskipar Arrangementet blir følgjeleg lyst ut på nytt.

UM inne gjekk, ikkje overraskande, til IL Tyrving, som skipar til UM i si splitter nye storstove i Bærum (opnar i desse dagar).

Siste arrangementet som har fått arrangør er også temmeleg lokalt. Det er idrettslaget med det forfriskande namnet Ny Von som tar seg av NM i motbakkeløp i sitt Hovlandsnuten Opp, i Sauda i Ryfylke.

Medan det skal reisast ein del i 2013, så blir det mindre til neste år, med andre ord. Men UM kan jo framleis hamna i Alta...

Hovud-NM i 2014 er alt tildelt Ullensaker/Kisa og skal såleis gå på Jessheim. For hovud-NM gjeld det eitt års lengre planleggingshorisont. I 2015 skal Haugesund IL ta seg av det aller gjævaste arrangementet, så godt som på heimebane det også...


torsdag 21. februar 2013

Historietime: Terreng og banestafettar 2005

Dersom eg ikkje har blingsa aldeles feil, så var BFG fråverande frå deltaking i banestafett-NM i både 2003 og 2004. I 2005 derimot, i Steinkjer, var fleire lag på plass og markerte seg:

Det blei tre medaljar og alle medaljane kom i juniorklassane. Det eine gullet var det gutane på 4 x 400 meter som vann. Espen Liland, Håvard Hasås, Mats Benserud og Marius Benserud var dei fire på langsprint-laget. Tida blei 3:25,37

Tre av desse var også deltakarar på sølv-laget på 4 x 100 meter i menn junior. Det var Espen Liland, Håvard Hasås og Marius Benserud. Dei sprang dei tre siste etappane, medan Jonathan Haugland var startmann på det laget. Tid: 44,59.

Den tredje medaljen, og den andre sølvmedaljen, var det juniorjentene på 4 x 800 meter som stod for. Her sprang Karen Hansen, Marianne Dalland, Synne Rørvik og Martine Eikemo Borge. Tida, 9:59,63, var berre halvtanna sekund under det som dei fire 15-åringane på det tilsvarande stafettlaget frå BFG oppnådde på Jessheim sist mai.

Éin einsleg medalje blei det på BFG i dei to terrengmeisterskapa i 2005. Det var Kirsten Melkevik Otterbu som vann sølv, då ho sprang 2 kilometer i Åheim på Sunnmøre på 7,07 - sju sekund bak vinnaren Susanne Wigene. Martine Eikemo Borge hadde eit travelt førsteår som junior: I kortløypa i terreng-NM stilte ho i juniorklassen og blei nr. 5. Ho hadde fleire råsterke distanseløparar framfor seg: Karoline Bjerkeli Grøvdal (som vann, også ho førsteårs junior den gongen), Silje Fjørtoft og Kristine Eikrem Engeset.

tirsdag 19. februar 2013

Heimeverande innsats (Vinterkarusellen-6)

Svært mange av våre lokale heltar, som også har til vane å prega Vinterkarusellen, er for tida på Lanzarote og spring og spring. 

Slik sett var det dei heimeverande som fekk sjansen til å markera seg mandag kveld.

Og: Etter ein periode med snø og is og holke, ja så ordna det seg med bare gangstiar, grei temperatur og rett og slett gode forhold også denne gongen. Seks løp har det så langt vore i sesongens vinterkarusell og ingen av dei har gått føre seg under vinterlege forhold. Og det trass i at det absolutt har vore vinterver innimellom.

Skikkelege langdistanseløparar synest det er ein skam å snu. Difor var det nokre av løparane som ifølgje rapportar sprang for langt før dei vende på 5-kilometeren. I tillegg skal nokon ha kryssa ei rundkøyring på ureglementert vis (?). Det må då ha vore på 10-kilometeren, det er der det finst rundkøyring. Og eg meiner også eg registrerte utøvarar som sprang etter måten fort og som ikkje finst på resultatlistene i skrivande stund.

Men, men. I den frie bloggingas namn. Me set ei grense her og oppsummerer etter seks løp slik - på den høgst subjektive "lokale heltar"-lista:

5 KM KVINNER
Her var det Pernille Hordnes Sørås som betra seg mest av dei høgast på lista; ho sprang sesongbeste ned med 27 sekund til 23.39. Aller best forbetring hadde Selma Røssland (9), som på storebror sin 18-årsdag og med solid pes betra seg med 35 sekund til 31.17 (17. plass på lista). 

1. Silje Stenersen 19.37
2. Linn Seliussen 20.19
3. Thyra Hevrøy 20.21
4. Tuva Straume 22.27
5. Kjersti Hevrøy 23.00
6. Sanne L. Christensen 23.38
7. Pernille Hordnes Sørås 23.39
8. Marlen Eide Røssland 24.32
9. Anne-Marte Aldal Sætre 24.37
10. Sara Tyssebotn Berg 24.52

5 KM MENN
Her var det fredeleg på topp 10-lista denne gongen, men me noterer oss 23.10 på Jon Iden og 30.44 på Arne Aarvik. Solid forbetring blei det på Erlend Borsholm (20. plass), som gjekk ned frå 28.23 til 27.42.

1. Stian Øvergaard Aarvik 16.00
2. Jørgen Austvik 16.16
3. Bjarte Eikanger 16.27
4. Andreas Iden 16.55
5. Henrik Irgens Gravdal 16.56
6. Erlend Gjerdevik Sørtveit 16.58
7. Jens Larsen Åstveit 17.59
8. Inge Haukøy 18.39
9. Thomas Blücher 19.40
10. Hans-Magnus Haukøy 19.51
10. André Seliussen 19.51

10 KM KVINNER
Dette er jo ei særs eksklusiv liste, så det er ikkje til å undrast over at den ikkje blei utvida denne gongen (heller).

1. Torun Øvergaard Aarvik 41.51
2. Linn Seliussen 46.13
3. Anna Serine Røssland 48.07
4. Marlen Eide Røssland 49.24

10 KM MENN
Her sneik Inge Haukøy seg inn topp 10 med eit solid løp på 38.31. Dermed er Inge nr. 8 både på 5 og 10 km.

1. Stian Øvergaard Aarvik 33.52
2. Bjarte Eikanger 34.57
3. Jørgen Austvik 34.15
4. Ole Martin Røssland 34.28
5. Andreas Iden 36.19
6. Erlend Gjerdevik Sørtveit 36.20
7. Morten Seliussen 37.23
8. Inge Haukøy 38.31
9. Stian Norheim 38.40
10. Jens Larsen Åstveit 40.36


søndag 17. februar 2013

Stusseleg KM

Eg nøyer meg med studering av resultatlistene frå KM (15+) denne gongen. Det må også ei rekkje andre gjera. Etter nettopp resultatlistene å døma så var det eit stusseleg stemne i Leikvanghallen søndag. Deltakinga var skral, sjølv om det ikkje skal ta bort glansen frå dei kretsmeisterskapa som trass alt blei vunne.

Nei, med mindre konkrete klubbar kastar seg rundt og vil ha KM på spesielle tidspunkt, så bør inne-KM bakast inn i vekselvis Nornalekene og Pingvinlekene. Dei er store og - etter to år - etablerte stemne. Det vil også innebera eit fullverdig KM-tilbod for alle aldersklassar.

No ja.

Maren Haugen Lillefosse (J15) oppnådde sesongbeste (med to centimeter) i lengde, til 5,29 (og vann eit suverent KM-gull). Det gir også 985 tyrvingpoeng.

Eirik Leikvoll (G15) vann KM-gull med ny pers i høgde (igjen!), med flotte 1,70 (930 poeng).

Emil Engelsen Holm (G16) nytta KM mellom anna til å gjera noko han ikkje gjer så ofte, nemleg hoppa lengde. Det blei 4. plass med 4,89 (748 poeng).

er det i alle fall inne-UM andre helga i mars som er neste (og siste) på dagsorden innomhus, i alle fall for denne aldersgruppa.

fredag 15. februar 2013

Historietime: Hovud-NM 2005

Som de forstår: Dette er snakk om "nærare" eller "moderne" historie. Mellomalder-historie får me fordjupa oss i ved seinare høve, når me har klart å grava oss ned i det sinnrike arkivet (eller "arkivet") i BFG-huset.

I 2012 arrangerte BFG null banestemne. Det er naturlegvis noko ein ikkje treng å vera stolt over. Alt i 2013 er det planlagde talet (inne/ute) oppe i fire.

Men midt i siste tiår så blei dei største banearrangementa i landet skipa til på Fana Stadion, rettnok berre det eine året med BFG som åleinearrangør (junior-NM i 2006). I 2008 blei den nordiske juniorlandskampen arrangert der, medan det var "Bergensalliansen" som i godt samarbeid tok seg av houvd-NM i 2005.

Det var godt med lokal deltaking under NM for åtte år sidan. Også den gongen var alderen på dei fleste BFG-deltakarane svært låg, sjølv om Kirsten Melkevik Otterbu (som ho heitte den gongen) drog snittalderen opp. Kirsten blei også den einaste medaljevinnaren på heimebane, då ho tok bronsen på 5000 meter, der Susanne Wigene blei suveren vinnar. Tida til Kirsten blei 16:28,03.

Martine Eikemo Borge var førsteårs junior (15 år gammal) og var med i forsøka på 400 meter (58,08).

Brørne Marius og Morten Benserud deltok i hekkeøvingane. På 400 meter hekk var det direkte finale; Marius blei nr. 5 (55,27) og Morten nr. 6 (56,22).

Hilde Hovlandsdal blei nr. 6 i høgde (1,70).

Stafettlaga på 1000 meter stafett blei nr. 6 (menn) og nr. 8 (kvinner).

torsdag 14. februar 2013

KM for heimeverande

Eg veit at klubbar likar å telja opp meisterskapsmedaljar - til dømes i KM - ved sesongslutt. Sett i eit slikt lys er det mange KM-medaljar som reiser på tur til Lanzarote fredag. Då dreg ein god delegasjon utøvarar på to vekers treningsleir, med naturleg siktemål å førebu seg best muleg til utesesongen.

For det er no ute som tel, først og fremst. Å få plassert eit inne-KM best muleg i terminlista har vore utfordrande. Første versjonen, i fjor, gjekk vel i vinterferien. Dei som framleis er heime får seg ein siste test før inne-UM i Steinkjer andre helga i mars.

I 2012 var det fullt KM, frå 11 år, over fleire dagar. I år er det berre 15 år og oppover som får sitt meisterskap - komande søndag.

Her er dei lokale påmelde:

J15
- Maria Josefine Berg (800m)
- Maren Haugen Lillefosse (60m, 60m hekk, lengde)

G15
- Eirik Leikvoll (høgde, stav)
- Sondre Rinde (60m, 200m, 60m hekk, lengde)

G16
- Emil Engelsen Holm (60m, 200m, 60m hekk, lengde)

G17
- Magnus Leikvoll (høgde, stav, kule)
- Amund Høie Sjursen (60m, høgde, lengde, kule)

tirsdag 12. februar 2013

Rekordras

PU-gjengen sette ei heil røys med rekordar under si deltaking i Pingvinlekene lørdag 9. februar:

* Deltakarrekord: I fjor var det seks utøvarar med, i år var det 17 (nr. 18 måtte melda sjukdsomforfall konkurransedagen). Det er ein auke på nesten 300 %. Brukbart, det!

* 60meter-rekord: PU-rekorden vår er no på 8,92!

* 12 utøvarar persa på 60 meter!

* I kule hadde me vår debut - med mjuk kule - så der persa smått utrulege alle 17...

* Den nye PU-rekorden i kule er på 10,23!

* Og i lengde er me komne heilt bort til 3,98 i gropa!

* Det blei også sett rekord i lengde i kor mange som hoppar ut i gropa.

* 12 utøvarar - nett som på 60 meter - persa i lengde!

* Til saman har me no sidan oppstarten 41 ulike besteresultat i fem øvingar for gutar.

* Og me har 23 ulike besteresultat i fire øvingar for jenter.

Neste utfordringar er Gneist sitt rekruttstemne i mai, karuselldeltaking i juni og Gneistspelen i august!


søndag 10. februar 2013

Flukt over pingvinane

Då er Gneist i hamn med sine andre pingvinleikar - og det er flukt over pingvinane i arrangørstaben og dei litt yngre som spring, hoppar og kastar. (Kor vidt det kan vera flukt over ein fugl som ikkje flyr, nei det er ein filosofisk diskusjon eg får la ligga, poenget burde no vera forstått, vil eg tru.)

Og så er det no slik: Jo betre våre utøvarar gjer det, jo tøffare jobb er det for statistikaren. Ja, ikkje berre det: jo fleire lokale heltar som deltar, jo meir omfattande jobb. Men det finst arbeid som er kjekkare enn anna arbeid - og dette er absolutt av ein slik type.

Henrik Irgens Gravdal (G15) har i den seinare tid gjort strålande løp på 1500 meter og 3000 meter. Men det var på 600 meter Henrik i si tid først markerte seg kraftig. Søndag sprang han glitrande på den distansen igjen. Han vann G16-klassen på 1:26,75, eit løp verdt heile 1045 poeng. Det er 1,8 sekund bak Håvard Hasås sin segnomsuste klubbrekord i G15 på 1:24,99 frå 2002.

Den store, vesle stavkjempen, Pål Haugen Lillefosse (G12), sprang søndag 60 meter hekk på 9,99. Det er verdt heile 1042 tyrvingpoeng. Det er også pynting på klubbrekorden. På 200 meter blei det 27,95 (970 poeng) på Pål og i lengde 4,62 (934 poeng). Så han er no brukande til eitt og anna utanom stavsprang også, Pål.

Kristoffer Blücher (G14) kom seg heilt ned til 1:30,16 på 600 meter (1021 poeng).

Amund Høie Sjursen (G17) pynta på eigen klubbrekord på 60 meter, frå 7,26 til 7,24 (1016 poeng). Amund hoppa også 1,75 i høgde (874 poeng).

Anna Evensen (J13) tangerte bestetida si på 60 meter hekk (10,02 - 1015 poeng). I lengde blei det 4,52 på Anna (899 poeng).

Renate Lie (J15) følgde glimrande opp sprintløpa sine frå lørdag. På 600 meter blei det 1:39,02 (987 poeng), ny klubbrekord med ni sekund.

Maren Haugen Lillefosse (J15) sprang 60 meter hekk på 9,20, som er åtte hundredelar bak Monika Benserud sin klubbrekord frå 2011. I lengde hoppa Maren 5,27 (981 poeng).

Så kan me gratulera Elina Drivenes (J16) med sin første klubbrekord i Gneist. Den kom med 1:41,19 på 600 meter (899 poeng).

Eirik Leikvoll (G15) pynta på høgdepersen sin med éin viktig centimeter, frå 1,64 til 1,65. Dermed er Eirik over UM-kravet i høgde. Hoppet er verdt 895 tyrvingpoeng.

Herman Ellingsen (G11) hoppa 3,94 i lengde (878 poeng) og sprang 200 meter på 31,11 (837 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G13), som først og fremst har vore feira for sine kast dei siste par sesongane, fekk søndag opp eit flott lengdesprang på 4,72 (874 poeng).

Sondre Rinde (G15) hoppa 5,49 i lengde (868 poeng), medan broder Håvard Rinde (G12) hoppa 4,27 i lengde (864 poeng).

Tobias Sedberg Garden (G10) hoppa 3,46 i lengde (862 poeng).

Aleksander Lie (G17) overtok klubbrekorden på 600 meter i årsklassen, då han sprang på 1:29,37 (860 poeng). Den gamle rekorden sette Anders Bjørndal i fjor, på 1:32,03.

Jens Larsen Åstveit (G16) spleisa sprintkvalitetane sine frå gammalt av med den nye uthaldenhetsstyrken sin og sprang ein habil 600 meter. Tid: 1:31,56 (855 poeng).

Hans-Magnus Haukøy (G12) hoppa 4,18 i lengde (846 poeng).

Silje Stenersen (J13) hoppa 4,26 i lengde (844 poeng).

Marianne Benserud (J18) sprang 60-meteren sin på 8,43 (870 poeng).

Charlotte Haris (også J13) hoppa 4,18 i lengde (827 poeng).

Espen Bjørndal (G13) hoppa 4,47 i lengde (824 poeng).

Sanne Myrmel (J14) debuterer i stadig nye friidrettsøvingar, denne gongen på 60 meter hekk. Tida blei 10,72 (806 poeng).


... Og no flatar det snart litt ut med innesesongen, sjølv om hoppstemnet på Ytrebygda skole naturlegvis gjenstår, i tillegg til det nesten like viktige inne-UM for dei på 15 år og oppover...

Stolt og kry (eller: Europeisk toppklasse)

Første dag av Pingvinlekene gav oss alle mange svære idrettsprestasjonar, der Pål Haugen Lillefosse sitt stavhopp på 3,31 var den fremste. Det var europeisk rekord for 11-åringar! Den fenomenale stavinnsatsen til Pål var verdt 1120 tyrvingpoeng.

Men toppklasse hadde også sjølve arrangementet. Det er lett å vera stolt og kry over å vera del av Gneist-familien når ein får vera med på dette!

Stolt og kry er me også over nye PU-rekordar - på 3,98 i lengde og 8,92 på 60 meter!

Silje Stenersen (J13) flytta tida si på 1500 meter frå Stangehallen sist helg ned med heile 12 sekund, til 4:56,29. Det er fire sekund under Renate Lie sin to år gamle klubbrekord - og verdt heile 1052 tyrvingpoeng.

Renate Lie (J15) sjølv  knuste til med to solide sprintløp: På 60 meter sprang ho så raskt som 8,12 (1008 poeng), medan det blei 26,66 på 200 meter (987 poeng).

Ein annan som berre betrar seg og betrar seg, sjølv om han alt er på eit toppnivå, er Kristoffer Blücher (G14). På 60 meter er no persen (og klubbrekord) komen ned på 7,60 (1040 poeng)!

Superlativa om Stian Øvergaard Aarvik (G16) er blitt frykteleg mange no. På 1500 meter kom Stian heilt ned på 4:11,95 (1000 blanke tyrvingpoeng).

Nøyaktig 1000 poeng var også Maren Haugen Lillefosse sin 60 meter på 8,15 verdt. I tillegg blei det 27,15 (949 poeng) på 200 meter.

Sidsel Møllerup (J10) får heile 977 tyrvingpoeng for sitt kulestøt på 6,42. I lengde blei det 3,24 (819 poeng) på Sidsel.

Ein annan som me har skrytt mykje av - og ikkje minst på 200 meter - er Emil Engelsen Holm (G16). Denne lørdagen kom han seg under magiske 24 blank, til 23,93 (963 poeng)! På 60 meter pynta han også på tida si, til 7,66 (929 poeng).

Sondre Rinde (G15) sprang inn på 24,64 på 200 meter (945 poeng).

Elina Drivenes (J16) sprang 200-meteren sin på 27,09 (926 poeng).

André Seliussen (G12) er ein av mange som spring fortare og fortare. Denne gongen blei det 5:04,63 på 1500 meter (925 poeng).

Det blei ein framifrå 60 meter på Nora Øvergaard Aarvik (J14). Ho sprang heilt ned på 8,55 (919 poeng). På 200 meter blei det 28,64 (879 poeng) på Nora.

Anna Evensen (J13) sprang på 28,94 på 200 meter (903 poeng). På 60 meter blei det 8,77 (900 poeng) på Anna.

Ingrid Næss Johansen (J16) kom seg under 5 blank på 1500 meter, då ho sprang inn til 4:58,40 (901 pooeng).

Tobias Sedberg Garden (G10) støtte kula 6,57 (870 poeng) og sprang 60-meteren på 9,82 (832 poeng).

Nora Møllerup (J10) støtte kula til 5,03 (869 poeng).

Emma A. Voldsund (J10) sprang på 9,78 på 60 meter (856 poeng).

Thomas Blücher (G13) hadde ein finfin lørdag i Leikvanghallen. På 1500 meter kom Thomas seg under 5 blank: 4:59,19 (851 poeng), på 200 meter blei det 27,77 (849 poeng) og på 60 meter 8,67 (819 poeng).

Thyra Hevrøy (J16) held fram med å betra seg på 1500 meter, no til 5:06,87 (850 poeng).

Håvard Rinde (G12) sprang under 9 blank på 60 meter - med 8,97 (846 poeng).

Henrik Almenningen (G16) sprang 60-meteren på 8,01 (835 poeng).

Herman Ellingsen (G11) sprang 9,42 på 60 meter (832 poeng).

Kristian Schjønningsen (G14) hoppa 4,81 i lengde, som er sesongbeste (832 poeng).

Stian Norheim (G17) innepersa på 1500 meter til 4:29,92 (832 poeng).

Same lengda - 4,81 - blei det på Herman Hovland (G14). Han sprang 8,41 på 60 meter (821 poeng).

Gina Milde (J15) sprang 60-meteren sin på 8,85 (811 poeng).

16års-jubilanten Anna Serine Røssland (J16, altså) sprang på 5:14,79 på sin 1500 meter (803 poeng) - med stiv legg. Det blei solid innepers - med 27 sekund.

onsdag 6. februar 2013

The Comeback Club

No er det avgrensa med krigstypar som er muleg å bruka i denne bloggen, men skandaleoverskrifta kom på plass då Laksevåglekene blei avlyst tilbake i 2011. Seinare har stemnet som i mange år var sjølvaste opningsstemnet på Fana Stadion, i alle for dei yngste årsklassane, vore borte - og meir eller mindre forsvunne frå medvitet.

I fjor plasserte like så godt Fana sine Fanaleker (som frå 2013 heiter noko heilt anna) heilt i slutten av april og nærmast sementerte at no var Laksevåglekene borte for godt.

Men nei då, laksevågingane kjem tilbake på ny og på ny. Dei har hatt ein gylden generasjon utøvarar, og så tenker ein at no stoppar det vel litt opp der ute? Men så kjem det nye og nye. I fjor kom til dømes Christian Steen Orbekk (G16) som ein komet.

Og i 2012 kom også seriestemna på nye Nygårdsmyren i Laksevåg-regi. Ei ny tid var i emning.

Og første helga i mai ser det ut til å bli komplett: Då gjer Laksevåglekene come back. Det skjer, i følgje terminlista, søndag 5. mai. Og det nye er nettopp at stemnet skal leggast til Nygårdsmyren. Dette blir jo spennande og me får følgja med i spenning.

Det kan bli ein massiv start for dei ivrige, når utesesongen først kjem i gang: Hovdingleikar lørdag 4. mai, Laksevåglekene søndag 5. mai og BFG sitt opningsstemne på Fana stadion tirsdag 7. mai.

Men i denne omgang satsar me på at rykta om Laksevåglekene sitt come back held stikk og ønskjer stemnet velkommen tilbake!

tirsdag 5. februar 2013

Historietime: Junior-NM 2005

Apropos Haugesund: For åtte år sidan var det junior-NM på Haugesund Stadion - ein stadion som no ein har pløya opp og gjort klart for potetsetting til våren.

Junior-NM i 2005 er faktisk det einaste junior-meisterskapet dei siste åra der BFG har kome heim utan gullmedalje. Med fire sølv og to bronse var likevel ikkje medaljefangsten så galen.

Sølva først:
Steffen Nerdal plukka med seg ein ny kastmedalje i BFG-drakta, før han etter kvart skifta den ut med den svarte frå klubben nord i byn. Sølvet kom i diskos i U23-klassen (36 cm bak gullet).

Dagens BFG-flaggskip, Martine Eikemo Borge tok sølvet på 800 meter som førsteårs junior. Tida var 2:17,60.

Og brørne Marius og Morten Benserud vann ein kvar sin sølvmedalje på same distansen - 400 meter hekk - i høvesvis U20 og U23.

Dei første av dei to bronsemedaljane gjekk til ein annan frå siste kast-perioden til BFG (og Gneist), nemleg Andreas Eeg. Han kasta 43,97 i diskos i U20. Andreas Eeg blei elles nr. 5 i slegge, der han var nøyaktig halvmeteren framfor nr. 6, ein viss Eivind Henriksen - deltakar i slegge i OL i London i fjor sommar.

Den andre bronsen var det Eirik Karstensen som vann. Det skjedde også den gongen i høgde, der han stoppa på 1,94.

Ein siste kuriositet: Benedikte Liland blei nr. 4 i kule med 10,94. Ho var tre centimeter framfor nr. 5, Kristin Sundsteigen frå IL Trio. Kristin Sundsteigen er Norges desidert beste kulestøtar på kvinnesida i dag. Og ho vaks altså opp i den finaste delen av Kvinnherad og representerte storklubben Trio, før ho flytta over til mindre renommerte klubbar som Stord og Tyrving.

mandag 4. februar 2013

Gneist-dominansen held fram i 2013

Gneist har slutta å vera smålåten og stå med hua i handa, slik ein gjerne gjorde ei stund. Eg hugsa då eg var med til Tyrvinglekene første gongen for snart fem år sidan: Du verda så gjævt det var å trå inn på sjølvaste Nadderud Stadion, der Jo Nesse og - den gongen - Jon Gelius regjerte i speaker-teltet og respekten låg utanpå både oss foreldre og alt for mange av utøvarane.

No er det heilt slutt på den slags. No reiser Gneist ut og vinn ikkje berre enkeltøvingar, men klubbkonkurransar i Norges gjævaste barne- og ungdomsstemne: Romerikslekene og Tyrvinglekene og... Hyundai Indoor Games: Dei hedmarks-opplandske innandørsleikane, sponsa frå Korea.

Gneist vann like godt lagkonkurransen suverent!

Kristoffer Blücher (G14) har planar om å utfordra Hjalmar "Hjallis" Andersen sin påstand om at det ikkje går an å gå på "0". Denne gongen flytta han 200-persen (og hans suverene klubbrekord) ned til 24,31 (1041 poeng) - og det er enno berre midtvinters!

Så er Silje Stenersen (J13) i gang for sesongen: Ho sprang 1500 meter på 5:08,36 (979 poeng), ein svært grei start på baneåret for Silje.

Michelle Floor Heggeland (J14) var ei av fleire som betra seg på 200 meter denne søndagen. Det blei 28,50 på Michelle (890 poeng).

Så fekk me to framifrå hopp-resultat: Etter eit tungt høgde-år i 2012 slo endeleg Espen Bjørndal (G13) til igjen i øvinga, med 2. plass og 1,44 (881 poeng) - to centimeter frå siger på Stange. Flott, Espen!

Og stav-kometen Sanne Myrmel (J14) persa med nye 17 centimeter og dermed har ho flytta persen godt over halvmeteren sidan debuten tidlegare i vinter. Ny pers: 2,50 (880 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J14) betra seg også på 200 meter: 28,68 blei tida til Nora (876 poeng).

Og Anna Evensen (J13) slo også ho til på 200 meter - 29,38 og 868 poeng.

Thomas Blücher (G13) leverte to habile løp, med 5:05,47 på 1500 meter (807 poeng) og 28,35 (800 poeng) på 200 meter.

Ikkje plass i statistikken, dessverre, men likevel: Gjert Høie Sjursen (G13) vann snøballkasting med 40,35...

søndag 3. februar 2013

Til ungdommen

Ein tropp på 14 utøvarar frå BFG Bergen Friidrettsklubb var med i årets inne-NM i Haugesund. Det er ein auke på nær 500 % (...) frå fjoråret. Det er eit solid teikn på at klubben er på rett veg. Skal dei unge seniorane våre ta nye steg og løfta klubben, så må dei ut der og prøva seg. Dei må hausta erfaring og vera så røynde meisterskapsdeltakarar når dei er unge vaksne som me ser at ei rekkje andre ganske unge seniorar frå andre klubbar alt er det.

Andre dag var det kjekt å sjå Andreas Iden (framleis berre 17 år) fullføra 3000-meteren sin etter mykje trøbbel. No er det om å gjera å få trent heilskapleg og godt og få bukt med skadetrøbbelet. Tida: 9:24,21 (907 poeng).

Monika Benserud (16 år) hoppa 5,10 i lengde. Ho har naturlegvis mykje å gå på, men det er heilt greitt å ha det når ein skriv 3. februar. Hoppet var verdt 905 tyrvingpoeng.

Renate Lie (14 år framleis i tre veker til) sprang inn til 2:25,46 (895 poeng) i sin NM-debut. Renate skal vera med i mange meisterskap i åra framover - viktig å få henne i gang!

I gang kom også Anna Serine Røssland (15 år i seks dagar til...) etter ei halvdramatisk førjul og ufrivillig treningspause i tre veker rundt nyttår. Ho sprang heilt etter planen på sin 3000 meter i NM-debuten. Tida var underordna, men 11:21,65 var no verdt 869 tyrvingpoeng.

Så tar me også med Erlend Gjerdevik Sørtveit (18 år), som sprang på 2:06,09 på 800 meter (782 poeng). Erlend har 2:03 frå romjulsstemnet, men då var han enno eit par-tre døger unna sin nye Gneist-status .

BFG Bergen plukka to medaljar: 1 gull og 1 sølv - i høvesvis stille høgde (Marianne Benserud) og stille lengde (Vilde Lund Bjørnsen). Me tar det med det også.

lørdag 2. februar 2013

Rask som ein (koreansk) bil

Resultatlistene frå Stangehallen, der 13- og 14-åringar boltrar seg denne helga, fortel om at Gneist-utøvarar viser veg. Ein må nesten ha lov til å føya til; "som venta".

Men sjølv om det var venta aldri så mykje at det skulle bli gode resultat, så er det likevel ting å bli imponert over i tillegg:

Kristoffer Blücher (G14) har ei travel helg. Aller sterkast gjorde han det på 60 meter, der han no er heilt nede på 7,62 (1035 poeng), som er eitt hundredel under Fredrik Nesslin sin klubbrekord frå 2002! Også på 60m hekk (84,0) kom Kristoffer seg ned under klubbrekorden. Tida blei 9,04 (15/100 under Sondre Rinde si tid frå i fjor.) Og i lengde blei det 5,49 på Kristoffer (948 poeng).

Imponert er det absolutt muleg å bli også over høgdehoppinga til Nora Øvergaard Aarvik (J14). Med 1,57 (992poeng) vann ho suverent. No er det berre to centimeter opp til Amalie Tefre Skage sin åtte år gamle klubbrekord. På 60 meter sprang Nora på 8,72 (873 poeng).

Anna Evensen (J13) oppnådde 8,81 i 60 meter-finalen (889 poeng).

Silje Stenersen (J13) sesongdebuterte på 600 meter med 1:48,87 (835 poeng).

Og Espen Bjørndal (G13) hoppa 4,36 i lengde (802 poeng).

Flotte NM-debutar

Medan det var halvvegs vinterleg utanfor, så blei det ei rekke gode NM-debutar for BFG-utøvarar i inne-NM i Haugesund lørdag.

Sterkaste debut var det yngstemann, Henrik Irgens Gravdal (G15), som stod for. 15-åringen slo til med 4:12,78 og offensiv og god springing i heatet sitt. Det var rett og slett ein knallsterk seniordebut. Løpet er verdt 1050 tyrvingpoeng og er berre to sekund bak Rodgeir Vigestad sin legendarisk G15-klubbrekord i Gneist. Og det er i praksis åtte månader å gjera det på enno...

Ei som ikkje debuterte i NM-samanheng var Monika Benserud (J17). Med 7,98 på 60 meter var ho noko bak pers og tre fattige hundredelar frå semifinaleplass på distansen. Løpet var verdt 1005 tyrvingpoeng og er ny J17-klubbrekord i Gneist.

Marianne Benserud (J18) vann NM-gull i høgde utan tilløp. No skal ein ikkje brifa for mykje, men sigeren var i høg grad venta. Det var berre to utøvarar påmeldt til denne øvinga og med 1,37 frå KM i hopp nyleg var Marianne grei favoritt. Ho måtte nøya seg med 1,30 denne gongen, men det var likevel 10 cm framfor nr. 2. I stav blei det sesongbeste på Marianne med 3,10 (920 poeng) og dermed held ho fram med å pynta på eigen klubbrekord i Gneist i J18.

Gjennomgangen av dag 1 i Haugesund starta med ein debutant, Henrik. I same heat måtte han likevel sjå seg slegen med fem hundredelar av den godt og vel tre år eldre Erlend Gjerdevik Sørtveit. Erlend si tid blei dermed 4:12,73, verdt 910 tyrvingpoeng i G19.

fredag 1. februar 2013

Korea-leikar i Peab-alderen

Hehe, den tok nok berre dei innvigde - tittelen altså. Men det er ikkje berre NM i Haugesund denne helga, det er også sjølvaste Hyundai Indoor Games i Stangehallen på Hedmarken.

Dette var eit nytt arrangement sist vinter, og då nytta ein bukett Gneist-utøvarar høvet til å dra på tur - både konkurrera og ha ei fin sosial ramme attpå. Det skjer også i år.

Men kva er "Peab"-alderen? Jo, i ein god del år no har me snakka om "NCC" som om det var noko friidrettsk. Kvar gong me har køyrt forbi ein byggeplass med eit "NCC"-skilt, så har dei eldste ungane undra seg over kvifor det i all verda er reklame for noko friidrettsk nett der. Men i vår reklame- og sponsorinfiserte verd så varer ingenting evig. No er NCC skifta ut med Peab. No skal eg vakta meg vel for å forklara kva "Peab" er for noko - kva dei driv med, delvis fordi dette er ein nokolunde reklamefri blogg og fordi eg har altfor lita peiling. Men, NCC-lekene er historie, no er det Peab-lekene det handlar om til hausten.

Og Hyundai Indoor Games er altså for utøvarar i den alderen som Peab-lekene då gjeld; 13- og 14- åringar.

Her er Gneist-utøvarane som dreg på tur til Hedmark i helga (og dei får det travelt...):

J13
- Anna Evensen (60m, 200m, 60m hekk, lengde)
- Charlotte Harris (60m, 200m,60m hekk, lengde, kule)
- Silje Stenersen (600m, 1500m)

J14
- Michelle Floor Heggeland (60m, 200m, liten ball)
- Sanne Myrmel (60m, høgde, stav)
- Nora Øvergaard Aarvik (60m, 200m, høgde)

G13
- Espen Bjørndal (60m, 60m hekk, lengde)
- Thomas Blücher (60m, 200m, 600m, 1500m)
- Gjert Høie Sjursen (60m, 200m, lengde, kule, liten ball)

G14
- Kristoffer Blücher (60m, 200m, 600m, 60m hekk, lengde)
- Herman Hovland (60m, 200m, 600m, 1500m, lengde)
- Kristian Schjønningsen (200m, 600m, 60m hekk, lengde, liten ball)