søndag 31. mars 2013

Konsolidering

12. april i fjor presenterte Bloggen aldersprofilen i BFG, basert på dei som hadde markert seg i banestatistikken utandørs i 2011 og innomhus i 2011/2012-sesongen. Dei som ikkje lengre var i klubben på blogginnlegg-tidspunktet blei ikkje rekna med.

Totalt var det 52 utøvarar på den lista - 35 var kvinner, 17 menn. Bloggen gjorde i tillegg eit poeng av at over tre fjerdedelar av dei 52 var 19 år eller yngre.

Det som har skjedd, etter at Fana IL fann seg nye jaktmarker, kan kallast ei konsolidering. Det er monaleg færre BFG-utøvarar på listene i 2012 og 2012/2013, men det er ei sterk og endå yngre gruppe me snakkar om.

Til saman 34 utøvarar frå BFG finst på listene frå siste ute- og innesesong, når utøvarar som i dag ikkje lengre er i klubben er rekna frå. Talet på kvinner har gått ned frå 35 til 21 utøvarar, medan talet på menn har gått ned frå 17 til 13 utøvarar.

Medan gjennomsnittalderen for kvinnene i 2012 var på 18,6 år, så er den pr. i dag nede i 17,8 år. Då er Pernille Thomassen (42 år) rekna med. Yngste på lista er Silje Stenersen (13 år).

Gjennomsnittsalderen for menn var i 2012 på 19,7 år. Her er den i år nede i 16,3 år (!). Det er temmeleg ungt for ein seniorklubb. Jørgen Austvik er "veteranen" på lista med 20 år, medan 11 år gamle (!) Pål Haugen Lillefosse er yngstemann.

Av dei 13 "mennene" så er Pål for ung og Jørgen overårig, men så godt som alle dei andre er kvalifiserte til årets junior-NM. Også for "kvinnene" er prosentdelen kvalifiserte for dei i rett alder stor. Her er det med andre kvalitet og ein sterk base å byggja vidare på over i reell senioralder.

torsdag 28. mars 2013

Historietime: junior-NM 2006

Junior-NM i 2006 gjekk faktisk føre seg på Fana stadion i regi av ein klubb med namn BFG (Fana). Det er altså berre sju år sidan det var eit såpass arrangement i regi av BFG. Hausten 2014 er ein i gang igjen, med eit noko mindre meisterskap, men likefullt eit NM - i terrengløp, lang løype.

I 2006 var det Morten Benserud som sikra BFG gullmedaljen, då han vann 110 meter hekk i MJ22 (16,05).

Men så blei det heile seks sølvmedaljar:

* Amalie Tefre Skage tok sølv i stav med 2,90

* Anne Lise Forsetløkken fekk med seg sølv både i spyd (39,19) og i diskos (28,98) i KJ22.

* Marius Benserud tok sølv i 400 meter hekk (56,11).

* Og broder Morten Benserud fekk også med seg sølv på sin 400 meter hekk, i MJ22, på 58,86.

* Endeleg vann stafettlaget i MJ19, 1000 meter stafett, sølv på 2:01,59. På laget sprang Ole Førsund, Kristoffer Grindedal Jansson, Espen Liland og Marius Benserud.

Og så blei det bronsemedaljar til Ingvild Mundal Andersen i stav (2,80) og til Espen Liland på 400 meter (51,26).

Arrangørklubben hadde ein god bunke deltakarar med på heimebane og det var også mange fine plasseringar utanom desse pallplassane. Til dømes sprang Martine Eikemo Borge ved dette høvet 400 meter (6. plass på 59,31).


tirsdag 26. mars 2013

Årets mest framgangsrike, Gneist, 2013 - pr. 26. mars

Etter sist presentasjon av "Årets mest framgangsrike" (25. februar) er det stort sett berre ungdommane som har konkurrert (UM). Det betyr at det ikkje er store endringane, men me legg merke til at "Årets mest framgangsrike" 2010, Vilde Omholt, er i gang igjen etter mykje trøbbel i fjorårssesongen. Med sitt 800 meter-løp i UM i Steinkjer er ho i solid framgang. Her er oversikten, før utesesongen startar:

JENTER
Løp
Vilde Omholt (ny), Sara Tyssebotn Berg, Gina Birkeland Milde, Amalie Ellingsen Nyheim, Charlotte Harris.

Hekk/hinder
Anna Evensen

Hopp
Vilde Lund Bjørnsen, Nora Øvergaard Aarvik, Anna Evensen, Marianne Benserud, Silje Stenersen

Kast
Charlotte Harris, Victoria R. Bruun

GUTAR
Løp
Jens Larsen Åstveit, Torbjørn Knag, Eirik Leikvoll, Emil Engelsen Holm, Trym Andresen

Hekk/hinder
Erlend Borsholm (ny), Espen Bjørndal, Håvard Rinde, Pål Haugen Lillefosse

Hopp
Magnus Leikvoll, Emil Engelsen Holm, Pål Haugen Lillefosse, Espen Bjørndal, Håvard Rinde

Kast
Magnus Leikvoll, Eirik Leikvoll, Gjert Høie Sjursen, Henrik Irgens Gravdal, Sondre Rinde

Til neste oversikt er me i alle fall i gang med utesesongen.

mandag 25. mars 2013

Vinterkarusellen 2012/2013 - oppsummert

Eit skummelt fint ver ligg over Vestlandet. I følgje dagens BT har me no brukt opp finversdagskvoten for heile året - og det er jo, mildt sagt, synd.

Men varmt er det ikkje. Det er absolutt vinterleg, sjølv om det skal vera vår.

Vinterkarusellens åtte løp gjekk forbausande nok føre seg på bart underlag alle som ein. Etter at siste løpet blei gjennomført sist mandag er det også muleg å oppsummera dei høgst subjektive "Gneist og omland"-listene. Listene er omfangsrike no når sjølvaste oppsummeringa kjem. Her er ei rekkje strålande tider:

5 KM KVINNER
1. Silje Stenersen 19.04
2. Linn Seliussen 19.47
3. Thyra Hevrøy 20.21
4. Tuva Straume 21.43
5. Kjersti Hevrøy 22.54
6. Sara Tyssebotn Berg 23.19
7. Sanne Lillevik Christensen 23.38
8. Pernille Hordnes Sørås 23.39
9. Marlen Eide Røssland 24.32
10. Anne-Marte Aldal Sætre 24.37
11. Margrethe Irgens Gravdal 25.56
12. Ingvei Helen Seliussen 27.01
13. Ann-Mari Tyssebotn Berg 27.02
14. Hege Kjærgård 29.37
15. Sunniva Eikestad 30.24
16. Selma Røssland 30.26
17. Nora Øvergaard Aarvik 30.43
18. Sofie Ellingsen 31.11
19. Marie Seliussen 33.29
20. An-Magritt Hasås 36.11

5 KM MENN
1. Stian Øvergaard Aarvik16.00
2. Jørgen Møklebust Austvik 16.16
3. Henrik Irgens Gravdal 16.25
4. Bjarte Eikanger 16.27
5. Ole Martin Røssland 16.29
6. Erlend Gjerdevik Sørtveit 16.50
7. Andreas Iden 16.55
8. Anders Strømblad Hansen 17.30
9. Jens Larsen Åstveit 17.59
10. Inge Haukøy 18.39
11. Thomas Blücher 19.30
12. Hans-Magnus Haukøy 19.48
13. André Seliussen 19.51
14. Morten Seliussen 19.56
15. Henrik Berger Ettrup 20.08
16. Jon Iden 23.10
17. Torbjørn Knag 24.05
18. Terje Norheim 25.15
19. Erlend Borsholm 26.01
20. Eirik Måren Sæle 26.23
21. Peter Blücher 26.40
22. Herman Ellingsen 26.46
23. André Jensen Ryland 26.59
24. Arne Aarvik 30.44
25. Trond Leikvoll 31.30

10 KM KVINNER
1. Torun Øvergaard Aarvik 41.51
2. Linn Seliussen 46.13
3. Anna Serine Røssland 48.07
4. Marlen Eide Røssland 49.20

10 KM MENN
1. Stian Øvergaard Aarvik 33.52
2. Bjarte Eikanger 33.57
3. Jørgen Møklebust Ausvik 34.15
4. Ole Martin Røssland 34.28
5. Andreas Iden 36.19
6. Erlend Gjerdevik Sørtveit 36.20
7. Morten Seliussen 37.23
8. Vegard Austevoll 38.13
9. Inge Haukøy 38.31
10. Stian Norheim 38.40
11. Jens Larsen Åstveit 40.36
12. Kristian Schjønningsen 45.45
13. André Seliussen 46.13

søndag 24. mars 2013

På topp i Norge, gutar - inne, 2012/2013

Då rundar me av besøket i norgesstatistikken for innesesongen med Gneist-gutane sine posisjoneringar på topp 20 i landet. Her er det ikkje muleg å koma utanom Kristoffer Blücher, med heile åtte topp-plasseringar i gutar 14. Det andre det er lett å sjå, er at denne lista er lang; Gneist-utøvarar har rett og slett markert seg skikkeleg inne i vinter.

(I parentes blir det vist til endring i forhold til plassering i oversikten presentert her på bloggen 25. januar.)

G13
1. Gjert Høie Sjursen, kule
2. Thomas Blücher, 150 meter
2. Thomas Blücher, 200 meter (-)
2. Gjert Høie Sjursen, lengde uten tilløp
3. Thomas Blücher, 600 meter
3. Thomas Blücher, 1500 meter
4. Gjert Høie Sjursen, lengde
5. Gjert Høie Sjursen, høgde uten tilløp
5. Espen Bjørndal, høgde
8. Espen Bjørndal, lengde
9. Espen Bjørndal, 60 meter hekk
15. Thomas Blücher, 60 meter
15. Gjert Høie Sjursen, 200 meter

G14
1. Kristoffer Blücher, 60 meter (-)
1. Kristoffer Blücher, 200 meter (-)
1. Kristoffer Blücher, 400 meter (-)
1. Kristoffer Blücher, tresteg (-)
1. Kristoffer Blücher, 600 meter
1. Kristoffer Blücher, 60 meter hekk
1. Kristoffer Blücher, lengde
1. Kristoffer Blücher, lengde uten tilløp
1. Herman Hovland, 1500 meter
6. Kristian Schjønningsen, 60 meter hekk
7. Kristian Schjønningsen, 600 meter
8. Herman Hovland, lengde
9. Kristian Schjønningsen, lengde
19. Kristian Schjønningsen, 200 meter
20. Herman Hovland, 200 meter

G15
1. Henrik Irgens Gravdal, 1500 meter (-)
1. Henrik Irgens Gravdal, 600 meter 
1. Henrik Irgens Gravdal, 800 meter
1. Sondre Rinde, 150 meter
1. Sondre Rinde, 60 meter hekk
2. Eirik Leikvoll, høgde (+3)
2. Eirik Leikvoll, 150 meter (-1)
2. Eirik Leikvoll, stav (-)
2. Sondre Rinde, lengde
4. Eirik Leikvoll, høgde uten tilløp
4. Andreas Jensen, Kalandseid, 1500 meter
5. Sondre Rinde, 60 meter (-1)
5. Trym Andresen, 1500 meter
6. Niklas Kviteberg, Bjarg, tresteg (-2)
6. Sondre Rinde, 200 meter
7. Kieran Leon, Bjarg, 60 meter (-2)
8. Kieran Leon, Bjarg, 200 meter (-1)
9. Sondre Rinde, 600 meter
10. Trym Andrsen, 600 meter
14. Sondre Rinde, lengde uten tilløp
15. Sondre Rinde, kule
16. Eirik Leikvoll, lengde uten tilløp

G16
1. Emil Engelsen Holm, 150 meter
1. Emil Engelsen Holm, høgde uten tilløp
2. Stian Øvergaard Aarvik, 3000 meter (-)
2. Emil Engelsen Holm, 200 meter (-)
2. Henrik Almenningen, lengde
4. Stian Øvergaard Aarvik, 1500 meter
4. Emil Engelsen Holm, 60 meter hkk
5. Jens Larsen Åstveit, 3000 meter (-)
6. Petter Villanger, Kalandseid, lengde
8. Jens Larsen Åstveit, 600 meter
8. Emil Engelsen Holm, lengde uten tilløp
13. Jens Larsen Åstveit, 1500 meter (-10)
13. Stian Øvergaard Aarvik, 800 meter
14. Emil Engelsen Holm, 60 meter (-11)
14. Henrik Almenningen, kule
15. Jens Larsen Åstveit, 800 meter

G17
2. Magnus Leikvoll, kule (-)
3. Magnus Leikvoll, stav (-1)
4. Amund Høie Sjursen, lengde
4. Amund Høie Sjursen, 60 meter
4. Magnus Leikvoll, høgde
4. Amund Høie Sjursen, høgde uten tilløp
5. Håvard Våge Opheim, stav (-2)
5. Magnus Leikvoll, høgde uten tilløp
6. Aleksander Lie, 600 meter
6. Stian Norheim, 3000 meter
7. Håvard Våge Opheim, høgde uten tillø
10. Håvard Våge Opheim, lengde uten tilløp
11. Amund Høie Sjursen, lengde uten tilløp
11. Amund Høie Sjursen, høgde
13. Stian Norheim, 1500 meter
15. Aleksander Lie, 400 meter
19. Håvard Våge Opheim, høgde
20. Aleksander Lie, 800 meter (-16)

G18/19
8. Erlend Gjerdevik Sørtveit, 3000 meter
9. Erlend Gjerdevik Sørtveit, 1500 meter
10. Ole Martin Røssland, 3000 meter
11. Ole Martin Røssland, 1500 meter (-6)
13. Andreas Iden, 3000 meter
17. Erlend Gjerdevik Sørtveit, 800 meter (-15)
18. Steffen Algrøy Boga, Kalandseid, 1500 meter

onsdag 20. mars 2013

På topp i Norge, jenter - inne, 2012/2013

Me held fram med gjennomgang av innesesongen og lokale heltar si plasseringar i landsstatistikken. I denne omgang ein fin bukett med jenter 13- 18/19 år, der det er ei rekkje solide plasseringar å slenga i bordet. (I parentes endringar frå presentasjon på bloggen 23. januar i år.)

Og her er det topp 20 me stoppar ved.

J13
1. Anna Evensen, 60 meter hekk (-)
1. Anna Evensen, tresteg (-)
1. Anna Evensen, 150m
1. Silje Stenersen, 1500m
3. Anna Evensen, 200m (+3)
3. Silje Stenersen, 600m 
5. Anna Evensen, lengde (-2)
11. Anna Evensen, 60 meter (-2)
17. Silje Stenersen, lengde
19. Silje Stenersen, lengde uten tilløp
20. Charlotte Harris, lengde

J14
1. Sanne Myrmel, lengde uten tilløp 
2. Sanne Myrmel, stav (+1)
3. Nora Øvergaard Aarvik, høgde (-)
4. Sanne Myrmel, høgde uten tilløp
12. Sanne Myrmel, høgde (-5)
14. Sanne Myrmel, 60m hekk
16. Nora Øvergaard Aarvik, 60 meter
16. Nora Øvergaard Aarvik, 600 meter
17. Michelle Floor Heggeland, 200 meter (-3)
19. Nora Øvergaard Aarvik, 200 meter (-4)

J15
1. Renate Lie, 600 meter
1. Renate Lie, 800 meter
1. Maren Haugen Lillefosse, 150 meter
1. Linn Seliussen, 2000 meter
2. Renate Lie, 1500 meter
2. Maren Haugen Lillefosse, 60m hekk
2. Maren Haugenn Lillefosse, lengde
3. Linn Seliussen, 1500 meter
4. Renate Lie, 200 meter (-1)
5. Renate Lie, 60 meter
6. Maren Haugen Lillefosse, 200 meter
6. Linn Seliussen, 600 meter
7. Maren Haugen Lillefosse, 60 meter

J16
1. Eline Myking, 1500 meter (+2)
1. Ingrid Næss Johansen, 3000 meter (-)
2. Ingrid Helene Nyhus, 3000 meter (-)
3. Ingrid Næss Johansen, 1500 meter (-2)
3. Elina Drivenes, 600 meter
3. Anna Serine Røssland, 3000 meter
4. Elina Drivenes, 800 meter (-2)
5. Ingrid Næss Johansen, 600 meter
6. Thyra Hevrøy, 1500 meter (-4)
9. Elina Drivenes, 200 meter (-5)
9. Anna Seriner Røssland, 1500 meter
13. Elina Drivenes, 60 meter (-2)
18. Anna Serine Røssland, 800 meter

J17
1. Vilde Lund Bjørnsen, lengde uten tilløp
1. Monika Benserud, tresteg
2. Monika Benserud, stav (-1)
3. Monika Benserud, 60m hekk
4. Monika Benserud, lengde
6. Monika Benserud, 60 meter
7. Vilde Lund Bjørnsen, 60 meter (-4)
12. Vilde Lund Bjørnsen, 800 meter (-7)
15. Monika Benserud, 200 meter (-13)

J18/19
1. Marianne Benserud, høgde uten tilløp (-)
4. Marianne Benserud, stav (-)
4. Sara Berrefjord, 200 meter
6. Marianne Benserud, tresteg
8. Marianne Benserud, lengde uten tilløp
11. Vilde Omholt, 800 meter
12. Elise Una Mikkelsen, 60 meter (-7)
17. Sara Berrefjord, 60 meter (-10)

tirsdag 19. mars 2013

Senior-markeringar, menn, innesesongen 2012/2013

Då får me ta også gutane/mennene i BFG sine markeringar i norgesstatistikken for seniorar denne innesesongen. Her er fleire solide plasseringar. Og ikkje minst er utøvarane temmeleg unge og dermed tilsvarande lovande. (Sist presentasjon var 29. januar i år.)

60 meter
31. Amund Høie Sjursen (-1)

150 meter
2. Emil Engelsen Holm

200 meter
85. Emil Engelsen Holm

600 meter
9. Henrik Irgens Gravdal

1500 meter
15. Jørgen Austvik (-13)

3000 meter
16. Jørgen Austvik (-10)
22. Stian Øvergaard Aarvik (-17)

Høgde
22. Magnus Leikvoll (-11)
33. Amund Høie Sjursen

Stav
22. Eirik Leikvoll (+3)
30. Pål Haugen Lillefosse (-10)
34. Magnus Leikvoll (-9)
36. Håvard Våge Opheim (-9)

Lengde
12. Amund Høie Sjursen (-7)

Senior-markeringar, kvinner, innesesongen 2012/13

Då kan me vera nokolunde trygge - med kanskje eitt og anna unntaket - at innesesongen er over og at me kan studera BFG Bergen sine markeringar i norgesstatistikken innomhus denne sesongen. Først ut: kvinnene (eller i stor grad: jentene). I parentes: endring frå plassering i oversikten presentert 28. januar 2013.

60m
41. Vilde Lund Bjørnsen (-30)
46. Elise Una Mikkelsen (-17)
55. Renate Lie
64. Maren Haugen Lillefosse
64. Sara Berrefjord (-19)
94. Elina Drivenes (-42)
134. Marianne Benserud

200m
31. Sara Berrefjord
36. Renate Lie (-9)
50. Monika Benserud (-30)
57. Elina Drivenes (-29)
65. Maren Haugen Lillefosse

600m
1. Martine Eikemo Borge (-)
3. Renate Lie

800m
1. Martine Eikemo Borge (-)
24. Elina Drivenes (-16)
39. Renate Lie
49. Vilde Lund Bjørnsen

1500m
16. Silje Stenersen
17. Eline Myking
18. Ingvild Myking
21. Ingrid Næss Johansen (-18)
29. Thyra Hevrøy (-25)
32. Renate Lie
36. Linn Seliussen
39. Anna Serine Røssland

3000m
11. Ingrid Næss Johansen (-6)
12. Ingrid Helene Nyhus (-6)

Høgde
20. Nora Øvergaard Aarvik (-3)

Høgde uten tilløp
3. Marianne Benserud (-)

Stav
9. Marianne Benserud (-2)
12. Monika Benserud (-2)
18. Sanne Myrmel (+1)

Lengde
13. Maren Haugen Lillefosse

Lengde uten tilløp
3. Vilde Lund Bjørnsen 

Tresteg
25. Marianne Benserud

søndag 17. mars 2013

Eitt år eldre Renate Lie

Eg har mange gode minne frå Stein Fossen som speaker på Fana Stadion, sidan eg tok til å vanka der for snart sju år sidan.

Ein gjengangar har vore at Stein har vore frå seg av begeistring over Renate Lie sine prestasjonar, frå i alle fall 10 års alder og oppover. Renate langa ut på sin 600 meter - til dømes - og låg mange titals meter framfor nr. 2 alt tidleg i løpet.

Renate har vore ein einar frå ho starta, og ho har hatt jamn framgang heile vegen. Etter å ha dominert lokalt har ho fått tøff og viktig konkurranse frå utøvarar frå andre delar av landet. I inne-UM nyleg blei det to sølvmedaljar på henne i meisterskapsdebuten. Seinare i år kan det vanka meir når me kjem til junior-NM og UM - og vel så det.

For søndag sprang Renate 200 meter-tida si heilt ned til 26,43 (1005 tyrvingpoeng) under Bamselekene på Stange. Og då er ikkje vegen svært langt ned til hovud-NM- kravet på denne distansen heller (26,10).

Tida til Renate er også nest-beste tida for seniorar i BFG i vinter. Berre Sara Berrefjord har (knepent) sprunge fortare.

Og, til alt overmål, den ferske 15-åringen vann etter måten klart 200 meter i jenter 16 med dette løpet.

lørdag 16. mars 2013

Sølv på Stange

Me feira 60-årsdag i Bloggen i går. I dag feirar Bloggen innlegg nr. 700. (Eg tar eit glas Farris til, tenker eg.)

Og så var ikkje innesesongen heilt slutt: I mange år har Stangehallen i Hedmark stått som den fremste innebastionen i norsk friidrett. Den tida er ugjenkalleleg over: No er det hallar i Steinkjer, Bærum, Haugesund som tar over.

Men leikane med dei mange mjuke bamsane lever no vidare. Med Bamselekene ebbar i alle fall innesesongen ut, med påske og deretter så smått utesesong med terrengløp aller først.

Det har vore eit par-tre Gneist-utøvarar til stades under Bamselekene dei siste sesongane, så også i år:

Ingrid Næss Johansen (J16) blei nr. 2 på 600 meter lørdag. Det gjorde ho med solid ny pers, 1:45,01 (807 poeng).

Sølvbamse blei det også på Renate Lie (J15, men ho stilte i J16) på 60 meter. Ho sprang like så godt på 8,23 både i forsøksheatet og i finalen. Renate har vore heilt nede på 8,12 tidlegare i vinter.

fredag 15. mars 2013

Torstein Erichsen

Rykta vil ha det til at Torstein Erichsen fyller 60 år i dag, fredag 15. mars. I så fall: Gratulerer på det aller hjartelegaste, Torstein!

Når eg seier "rykta vil ha det til...", så er det naturlegvis fordi det er smått utruleg at Torstein - som har vore "ein av gutta" sidan han var gutunge - no er 60 år.

Og når det gjeld 60 år: I september 2009 drog eg til USA og til the Jersey Shore same dagen som ein kompis av Torstein og meg, Bruce Springsteen, fylte 60 år. Og etter å ha sett Bruce frå scena ein del gongar: Det er ingen tvil om at både Bruce og Torstein er vitale ungdommar!

For meg så er Torstein friidretten på og rundt Fana Stadion. Det er mange som gjer ein dugande jobb på mange område, mange er innom i kortare eller litt lengre periodar, men Torstein berre er der.

Sjølv har han sagt at han er "ungdomsarbeidar" meir enn trenar. Men så er han i staden kombinasjonen av ungdomsarbeidar og trenar i ein og same person.

For på den eine sida har Torstein gjennom sin leiarstil og veremåte skapt seg ein svær venneflokk mellom ungar, ungdommar og foreldre gjennom mange år.

På den andre sida: Torstein har også skapt ein haug av landets fremste friidrettsutøvarar mellom barn og ungdom. Ein kjem langt med "treningstalent og det å holde seg skadefri". Og ein kjem langt med å vera på lag med og bry seg om ungar og ungdommar.

Torstein har i ein samanheng sagt til meg at "ingen er uerstattelige". I så fall er Torstein unntaket som stadfestar regelen.

Igjen: Tillykke og lykke til!

onsdag 13. mars 2013

UM - kvalifiseringsoversikt

Etter at innesesongen på det nærmaste er over, så er det også tid for å kikka på kvalifiserte til haustens UM på Lillehammer.

Talet på kvalifiserte er det same som ved innesesongens begynnelse, nemleg 26. Det er kome til nokre fleire øvingar, for til UM er det altså slik - i motsetnad til i NM - at ein kvalifiserer seg for kvar enkelt øving. I løpet av utesesongen reknar eg med at talet på kvalifiserte i alle fall vil nærma seg 30.

Her er oversikten i skrivande stund. Nye øvingar finst i utheva form:

GUTAR

G18/19
Anders Strømblad Hansen (3000m)
Andreas Iden (3000m)
Ole Martin Røssland (3000m)
Erlend Gjerdevik Sørtveit (800m, 3000m)
G17
Magnus Leikvoll (høgde, stav)
Aleksander Lie (800m)
Stian Norheim (3000m)
Håvard Våge Opheim (stav)
Amund Høie Sjursen (100m, høgde, lengde, tresteg)
G16
Henrik Almenningen (lengde, tresteg, spyd)
Emil Engelsen Holm (100m, 200m)
Stian Øvergaard Aarvik (800m, 3000m)
G15
Henrik Irgens Gravdal (800m, 2000m)
Eirik Leikvoll (høgde, stav)
Sondre Rinde (100m, 200m, 100mh, 300mh, lengde, tresteg)

JENTER

18/19
Marianne Benserud (200m, tresteg, stav)
J17
Monika Benserud (100m, 200m, stav, lengde, tresteg)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, 400m, 800m, lengde)
J16
Elina Drivenes (200m, 800m)
Thyra Hevrøy (300mh)
Ingrid Næss Johansen (800m)
Eline Myking (høgde)
Ingrid Helene Nyhus (800m)
Anna Serine Røssland (800m)
J15
Renate Lie (100m, 200m, 800m)
Maren Haugen Lillefosse (100m, 200m, lengde)

Det skulle bli 15 gutar og 11 jenter - så langt. I J15 er både 1500m hinder og 2000m øvingar som det ikkje er kvalifiseringskrav i, så her er det eit par-tre aktuelle til.

Aller størst endringar gjennom vinteren har det skjedd når det gjeld kvalifiserte til UM i 2014. I januar månad var det sju utøvarar som var kvalifiserte til UM i Haugesund om halvtanna år, no er talet kome opp i 20.

tirsdag 12. mars 2013

Kvalifiseringsoversikt, BFG Bergen - pr. 12. mars 2013

Etter innesesongen er det ein del utøvarar som har klart kravet til junior-NM i fleire øvingar, men til junior- og senior-NM er det slik at klarer ein kravet i éi øving, så kan ein i prinsippet delta i alle andre øvingar. No skjer det sjeldan at stavkvalifiserte forsøker seg på 10.000m, men prinsippet er no der altså.

SENIOR-NM (Tønsberg, i august)
I 2012 var det 10 kvalifiserte til senior-NM, alle kvinner. To av desse har gått til Gular, éi blei verande i Fana, éi har lagt opp. Slik sett er det positivt at det alt no likevel er 8 kvalifiserte - framleis alle kvinner - også til årets hovud-NM:

* Marianne Benserud
* Monika Benserud
* Vilde Lund Bjørnsen
* Martine Eikemo Borge
* Benedikte Liland
* Maren Haugen Lillefosse
* Elise Una Mikkelsen
* Pernille Thomassen

JUNIOR-NM (Overhalla, i august)
I 2012 var det heile 30 kvalifiserte frå BFG til junior-NM i Sigdal.

Av dei 19 kvinnene har 4 blitt verande i Fana, éi har gått til Gular, éi har lagt opp og éi har nådd senioralder (Martine). Likevel er det pr. mars månad 13 kvalifiserte jenter til junior-NM:

* Marianne Benserud
* Monika Benserud
* Sara Berrefjord
* Vilde Lund Bjørnsen
* Elina Drivenes
* Thyra Hevrøy
* Ingrid Næss Johansen
* Renate Lie
* Maren Haugen Lillefosse
* Elise Una Mikkelsen
* Eline Myking
* Ingrid Helene Nyhus
* Anna Serine Røssland

 Det var altså 11 kvalifiserte gutar til fjorårets junior-NM. Her har 3 blitt verande i Fana og ein har lagt opp. Her er det likevel alt 10 kvalifiserte også i 2013 - med Eirik Leikvoll i stav som sistemann:

* Henrik Irgens Gravdal
* Anders Strømblad Hansen
* Andreas Iden
* Eirik Leikvoll
* Ole Martin Røssland
* Amund Høie Sjursen
* Erlend Gjerdevik Sørtveit
* Stian Øvergaard Aarvik
* Jørgen Austvik (U23)
* Jørgen Jensen Axelsen (U23)



mandag 11. mars 2013

Snart Norges beste ungdomsklubb

Gneist har lagt bak seg eit framifrå inne-UM i Steinkjer. Det er ei friidrettsgruppe i kraftig medvind og på veg mot toppen av ei ny bølgje me har med å gjera. For toppen er ikkje nådd.

I 2011 var Gneist 10. beste klubben på medaljeoversikten frå inne-UM på Ranheim. 3 gull, 4 sølv og 3 bronse var fasiten den gongen. Fri var beste klubben frå Hordaland.

I 2012 var Gneist 15. beste klubben under meisterskapet i hallen i Sandnes - og framleis var IL Fri framfor Gneist frå vårt fylke. 2 gull, 2 sølv og 2 bronse blei det totalt på Gneist i 2012.

I 2013 har så pila berre flytta seg radikalt oppover, etter helgas meisterskap i Steinkjer: Totalt 21 medaljar, fordelt på 5 gull, 11 sølv ("Silverklubben") og 5 bronse!

Med dette er Gneist 4. beste klubben totalt på medaljeoversikten frå inne-UM. Berre Tyrving, Dimna/Karsten Warholm og BUL er framfor. Dermed er også Gneist beste klubben frå Hordaland.

Og framfor alt er det breidden i Gneist som imponerer: Det er ein stor og god gjeng som plukkar medaljane. Og på lista over den totale medaljefangsten er Gneist berre knepent slegen av IL Tyrving. Og landets største klubb og landets mest framoverstormande er i ein klasse for seg på nett den oversikten.

Og: Det var ikkje stong-inn alt denne helga heller. Og: Me har ein "Karsten Warholm" i 99-klassen i Gneist også. Det kan bli ny kraftig markering i ute-UM på Lillehammer til hausten, for ikkje å snakka om  2014. Barometerpila peikar stadig oppover.



INNE-UM 2013: 
MEDALJEOVERSIKT – topp 10 – etter medaljefordeling
TYRVING
10 GULL
5 SØLV
8 BRONSE
DIMNA
9 GULL
3 SØLV
3 BRONSE
BUL
7 GULL
5 SØLV
4  BRONSE
GNEIST
5 GULL
11 SØLV
5 BRONSE
MOELVEN
5 GULL
3 SØLV
2 BRONSE
SELSBAKK
5 GULL
1 SØLV
2 BRONSE
ÅLESUND
5 GULL


ORION
4 GULL
2 SØLV
4 BRONSE
SANDVIN
4 GULL
2 SØLV
1 BRONSE
KRISTIANSAND
4 GULL
1 SØLV
1        BRONSE


INNE-UM 2013: 
MEDALJEOVERSIKT – topp 10 – etter totalt tal medaljar
TYRVING
23 MEDALJAR
GNEIST
21 MEDALJAR
BUL
16 MEDALJAR
DIMNA
15 MEDALJAR
LAKSEVÅG
14 MEDALJAR
TJALVE
12 MEDALJAR
MOELVEN
10 MEDALJAR
ORION
10 MEDALJAR
RANHEIM
10 MEDALJAR
SANDNES
9 MEDALJAR


søndag 10. mars 2013

UM - dag 3

La meg aller først få lov til å rekapitulera medaljetipset i denne bloggen frå før helga:

6 - 10 - 5 - og altså 21 medaljar totalt.

Og kva blei den fantastiske fasiten - den beste inne-UM- innsatsen for Gneist sidan steinalderen? Jo:

5 - 11- 5 - og altså 21 medaljar totalt!

La no gå med at eg blingsa i sola i Søviken, slik at det eine sølvet såg ut som eit gull.

Først, medaljane siste dag:

GULL:
* Eit fantastisk gledeleg gull til Eline Myking (J16) på 1500 meter. Ho sprang inn på 4:56,98 (910 poeng), som er fattige sju tidelar bak klubbrekorden til Silje Arnøy i BFG!

* Det andre gullet stod Henrik Irgens Gravdal (G15) for, også han på 1500 meter. Det var også Henrik sitt andre gull i hans første UM. Tida blei 4:12,44, ei lita pynting på super-tida frå NM i Haugesund (1052 poeng).


SØLV:
- Og så ein ny haug med sølv i dag:

* Eit fantastisk sølv til Henrik Almenningen (G16) i lengde, med eit superhopp på 5,86 (892 poeng).

* Eit strålande sølv og pers på Emil Engelsen Holm (G16) på 200 meter. 23,89 i semifinalen (23,90 i finalen) gir 966 poeng.

* Eit forventa sølv til Magnus Leikvoll (G17) i kule. Resultat: 11,49.

* Sølv nr. to blei det på Renate Lie (J15) i hennar UM-debut. Også på 1500 meter måtte ho sjå seg slegen av Mari Drabløs frå Tyrving. Tida til Renate blei 5:08,93 (862 poeng).

* Sondre Rinde (G15) blei belønna med sølv for sitt flotte lengdehopp på 5,73 (916 poeng).

* Stafettlaget for jenter 15-17 vann også ein flott sølvmedalje (4 x 200 meter). På laget sprang Maren Haugen Lillefosse, Renate Lie, Monika Benserud og Elina Drivenes. Og tida blei 1:47,13.


BRONSE:
* Linn Seliussen (J15) sikra seg bronse på 1500 meter med tida 5:12,04 (843 poeng).


* Og Amund Høie Sjursen (G17) vann den forventa bronseduellen med Hovding (og Ulvik) sin Marius Bull Hjeltnes i lengde - med 2 centimeter. Amund hoppa 6,54 (988 poeng).


*
I tillegg til medaljane vankar det skryt til følgjande på siste dag:
- Elina Drivenes (J16) blei nr. 6 på 200 meter (26,98 i forsøket gav 935 poeng).
- Ole Martin Røssland (G18) blei nr. 6 også han, på 1500 meter, med ny pers, 4:14,91 (909 poeng).
- Marianne Benserud (J18) tok 4. plass i stav med tangering av sesongbeste, 3,10 (920 poeng).
- Jens Larsen Åstveit (G16) persa igjen på 1500 meter, med 4:29,41 (878 poeng).

Heilt til slutt tar me med to gnistrande bronsar til BFG:
- Sara Berrefjord (J18/19, Bjarg) overraska, sprang seg heilt ned på 26,30 på 200 meter og vann bronsen på det.
- Jørgen Austvik fekk seg bronse i 20-22 klassen med fin tid, 4:05,55 - beste tida i BFG i vinter på 1500 meter.


lørdag 9. mars 2013

UM - dag 2

Dag 2 i inne-UM i Steinkjer er offisielt avslutta, og me kan konkludera med eitt og anna:

Det blei eitt GULL i dag. Det gjekk til Henrik Irgens Gravdal (G15) på 800-meteren, der Henrik - ifølgje rapportane - imponerte også med løpsgjennomføringa, der han styrte ståket frå start. Imponerande var også slutt-tida på 2:02,90 (1019 tyrvingpoeng)!

Så blei det 3 SØLV-medaljar. To av dei stod like så godt Eirik Leikvoll (G15) for. Rettnok var sølvet i stavsprang venta, sidan det berre var to deltakarar og gullvinnaren var klar favoritt, men Eirik slo til med eit hopp på heile 3,50, som er verdt 1000 blanke tyrvingpoeng. Og det meiner eg er aller første besøket i 1000 poengsklubben for Eirik. Det er også heile 20 centimeter over kravet til junior-NM!

Eirik vann også sølv i høgde, der det var tøffare konkurranse. Også her persa Eirik - til 1,74 (958 poeng)!

Tredje sølvmedaljen sikra Renate Lie (J15) seg, då ho tapte duellen mot Mari Drabløs (Tyrving) på 800 meter. Det gjekk sakte undervegs og tida blei - til Renate å vera - ordinære 2:32,02.

Det var bronsefattig fredag i Gneist-leiren, men lørdagen blei det 3 medaljar også i BRONSE:

Aller mest imponerande bronsemedalje var det Amund Høie Sjursen (G17) som oppviste, då han i eit sylskarpt felt sprang inn til 7,16 i finalen på 60 meter - og kopierte persen han sette i semifinalen (1037 poeng)!

Maren Haugen Lillefosse (J15) fekk seg bronse i lengde med eit hopp på 5,19.

Og Magnus Leikvoll (G17) henta ny inne-UM- medalje i stav, denne gongen med eit hopp på 3 meter jamt. Magnus har betre pers i stav, men pers blei det derimot i høgde, der han blei nr. 5 på 1,81 (916 poeng).

Elles blei det noker fine sesongbeste i tillegg:

- Erlend Gjerdevik Sørtveit (G19) sprang inn til 5. plass i sin klasse på 800 meter med den fine tida 2:02,97 (838 poeng).

- Stian Øvergaard Aarvik (G16) sprang på 2;08,84 på sin 800 meter (840 poeng), medan Jens Larsen Åstveit (G16) vann førsteheatet i årsklassen sin på 2:09,54 - som må vera ny offisiell pers for Jens (828 poeng).


Dersom eg har følgt med i teljinga har me no kome til 11 medaljar totalt, 

3 GULL, 5 SØLV og 3 BRONSE

Og eg vil tru det vankar noko meir søndagen før heimreisa.

fredag 8. mars 2013

UM - dag 1

Det kjennest litt løye; eg har vore på dei siste seks ungdomsmeisterskapa, men denne gongen følgjer eg med via ulike infokjelder heime i Søvikheia. Lørdag har Heine og eg ei viktig trening i Høiehallen også. Eg kjem naturlegvis sterkare igjen på Lillehammer i september.

Det er knytt svære forventningar til troppen på 29 utøvarar - og fredagen starta gjengen med å innfri:

Sondre Rinde (G15) levde opp til forventningane og vann GULL på 60 meter hekk. det gjorde han med tida 8,77, som er betring av eigen klubbrekord med 6/100.

GULL blei det også på Monika Benserud (J17) i tresteg, med 11,63 (943 poeng). Det er også sju centimeter lengre enn Sandra Tennøy sin klubbrekord for 2005.

Monika fekk også med seg sølv på 60 meter hekk. Her blei tida til Monika 9,13.


Maren Haugen Lillefosse (J15) vann sølv på 60 meter hekk. Det var nett som venta, men Maren slo til med ny bestetid; 9,12: Det er tangering av Monika Benserud sin klubbrekord frå 2011!

Marianne Benserud (J18) blei nr. 4 i tresteg med 10,20 (780 poeng). Det er godt over halvmeteren betre enn gjeldande klubbrekord i Gneist i aldersklassen (Ingrid Flesland, 9,65 frå 1997).

Så, medajefasiten etter dag 1 er såleis:

2 gull, 2 sølv, 0 bronse.

(Det er såpass bra fangst første dag at eg minnar om total-tipset til Bloggen: 6 - 10 - 5...)


torsdag 7. mars 2013

Før inne-UM - IX

Siste kvelden før UM i Steinkjer startar så tar me også med oss to blad Jørgen, som representerer BFG Bergen i 20-22- klassen - ein klasse som berre finst i inneversjonen av UM. 

Både Jørgen Jensen Axelsen - fleirårig Gneist-ar - og Jørgen Austvik stiller på 800 meter og 1500 meter i helga.

800 meter er det ni utøvarar påmeldt. Her er det tre krystallklare medaljekandidatar i Filip Ingebrigtsen (Sandnes), Andreas Roth (Ullensaker/Kisa) og Vegard Løberg Gjelsvik (Ullensaker/Kisa). Våre to er rangert som nr. 7 (Austvik) og 8 (Axelsen). 

1500 meter er Filip Ingebrigtsen ein like stor gullfavoritt, men bak han er det sjansar for mange. Totalt er det sju på startstrek søndag ettermiddag. Her må det springast fort dersom flyet heim til Bergen skal nåast...Og Jørgen Austvik er klar medaljekandidat på distansen. Eg tippar bronse til denne Jørgen. Eg er usikker på Axelsen sin form, men han er i utgangspunktet rangert som nr. 4 av dei 7.


Heilt til sist - i førehandseksersisen: Kva blir medaljefangsten til IL Gneist i dette UM-et basert på mine førehandstips? Vel, først må eg seia at til vanleg blir genereringa av medaljar basert på slike tips noko høgare enn den reelle fangsten; ikkje minst skadar og sjukdom har sett ein stoppar for gode medaljar tidlegare, men så har det også vanka ei og anna overrasking.

Tipset er uansett ein rikare medaljefangst enn på svært mange år: Til saman 21 medaljar seier førehandstipset at det blir totalt. Skal eg drista meg til - og det skal eg jo - å fordela dei 21 på medaljetypane, så er tipset 6 gull, 10 sølv og 5 bronse.

Fasiten kjem søndag kveld.

onsdag 6. mars 2013

Før inne-UM - VIII

Då er me komne til siste runde med Gneist-utøvarar til inne-UM - og i dag vankar det nokre sikre medaljar.

Først i dag til gutar 15 og til lengde: Her er det mange jamne utøvarar mellom dei 22 påmeldte. Sondre Rinde er definitivt utfordrar til medalje. Aller sterkast på papiret er Toralv Opsal (Ålesund), Christopher Lawther (Fana) og Henrik Skulevold (Sandnes).

60 meter hekk, derimot, er Sondre klar favoritt. Nærmast imot blir truleg Vetle Sørstrand Haugen (Florø) og Vegard Hope Bjørge (Eiker-Kvikk). Til saman 9 utøvarar er påmeldt i hekk.

Klar medaljesjanse har også Eirik Leikvoll i høgde, gutar 15. Her det 14 med. Eirik er rangert som nr. 4 på førehand, men det er tett bak medaljekandidatane. Berre Toralv Opsal (Ålesund) er klar favoritt. Andre topprangerte er Mathias Wester (Overhalla), Håvard Sæther Pedersen (Haugesund) og Erik Solbakken Ring (Gausdal).

Den siste øvinga for gutar 15 er stav og her er det spesielt tynt på lista, nemleg berre to deltakarar, og Eirik Leikvoll skal såleis vera sikra medalje. I utgangspunktet er han også sikra sølvmedalje, sidan Audun Bakke Jensen (Koll) er klar favoritt.

Heilt til sist to medaljeøvingar også for broder Magnus Leikvoll i gutar 17: I begge øvingane er Magnus sølvkandidat mellom dei tre på startlista: I kule er Thor Olav Rosvold (Asker) soleklar favoritt, framfor Magnus og Joachim Heier (Laksevåg). I stav er det Jonas Bergkvist Melå (Moelven) som er (ikkje fullt så) klar favoritt, medan det er heilt jamnt mellom Magnus og Jon Simen Mangseth Hilstad (Moelven) om andreplassen.


tirsdag 5. mars 2013

Før inne-UM - VII

Då er me komne til romartal sju - det er ei utfordring å halda tunga beint i munnen - og det nærmar seg slutten på UM-gjennomgangen, men ein del gjenstår då framleis:

Først i dag til dei lengste distansane for jenter 16 år. På 800-meteren lørdag stiller det 24 jenter (i alle fall har dei no meldt seg på), og mellom dei 24 finst det tre Gneist-jenter og ei venninne frå Fana (Os). Og det er grunn til å tru at lokale krefter vil vera med på å prega øvinga. Både Målfrid Pettersen Lunde (Fana) og Elina Drivenes er medaljefavorittar, saman med Emilie Larsen (Orion). Dei to andre Gneist-jentene er på førehand rangert som nr. 9 - Ingrid Næss Johansen  - og 10 - Anna Serine Røssland.

1500-meteren for jenter 16 er det 11 utøvarar på startlista. Heile fire av dei er frå Gneist, og i tillegg er også her Målfrid frå Fana med. Etter sitt løp 1500-løp under Pingvinlekene er Ingrid Næss Johansen heilt i favorittsjiktet. Også Målfrid Pettersen Lunde (Fana) kan ta medalje, medan Johanna Jansson (Børsa) og Inger Emilie Mathisen (Askim) er andre - mellom fleire - sterke namn. Bak der blir Thyra Hevrøy (5), Anna Serine Røssland (6) og Eline Myking (7) rangerte på ei fin rekkje.

Også for gutar 15 er det dei to lengste distansane som er i fokus denne vår-tirsdagen: Først må det slåast fast at det er relativt svak påmelding til desse distansane i dei yngste klassane: Både for jentene og for gutane er det tynt. På 800 meter er det i alle fall så mange som 9 påmeldt. Her er Henrik Irgens Gravdal ein klar medaljekandidat, med Thomas Jeffersom Byrkjeland (Tjalve) som stor utfordrar og Daniel Nikolai Pedersen (Skjalg) bak der. På 1500-meteren er det berre fire (!) påmeldt. Det hender jo at det er eit forfall eller to i løpet av UM-helga og skulle det råka denne øvinga, ja så er det berre å spasera seg til medaljar. Uansett så er Henrik klar favoritt på 1500-meteren, også her med Thomas Jefferson Byrkjeland som nærmaste utfordrar.

To øvingar også for gutar 17 i dagens gjennomgang: Aleksander Lie spring 800 meter lørdag, som ein av til saman 22 utøvarar. 1996-årgangen er sterk på mellomdistanse. Her må i alle fall nemnast fire medaljekandidatar: Sigurd Blom Breivik (Sandvin), Mathias Berntzen Engevik (Nittedal), Haavard Lien (Tyrving) og Sondre Dingsør Skogen (Bergens TF). Det blir spennande å sjå formen til Aleksander. På førehand blir han rangert som nr. 13.

I høgde for 17-åringane er Magnus Leikvoll Gneist-representanten mellom dei 9 som er påmeldt. Med sitt 1,80-hopp i vinter har Magnus meldt seg på mellom i alle fall utfordrarane til medalje, men då må han minst like høgt også i Steinkjer. Dei tre medaljeaspirantane er etter måten klare som det; Karsten Warholm (Dimna), Sverre Blom Breivik (Sandvin) og Eric Alberto Marhaug (Bodø).


mandag 4. mars 2013

Før inne-UM - VI

Å koma til årgang 15 og få lov til å vera med i eit UM er ein milepæl for svært mange friidrettsutøvarar. I dag er det ein god gjeng av desse sine øvingar i Steinkjer som skal presenterast:

1500 meter, jenter 15 er det berre sju deltakarar på startlista, men til gjengjeld er smått fantastiske fire av desse sju frå IL Gneist! Det betyr med andre ord at Gneist er sikra minst éin medalje i øvinga, men det kan fort bli to. På papiret er meisterskapet ein kamp mellom Renate Lie og Mari Drabløs frå Tyrving. Bak der kjempar Linn Seliussen om ein bronsemedalje. Her er me også spente på Eline Sandnes Fosse frå Strandebarm, som ikkje har så mange lengre baneløp bak seg, men som spring fort i Strandebarm sin eigen karusell. Også Tuva Straume og Maria Josefine Berg stiller til start i øvinga.

800 meter, jenter 15 er det to av dei fire på den lengste distansen, Renate Lie og Maria Josefine Berg, som er med. Her er Renate favoritt, men også her er det Mari Drabløs (Tyrving) sm er nærmaste utfordrar. Madeleine Rettore (Sandnes) er også medaljekandidat. Totalt er det 13 utøvarar med i denne øvinga.

Sondre Rinde er vår ungdom på 200 meter, gutar 15, der det totalt er 19 utøvarar med. Her er Sondre mellom dei fremste på papiret, men stiller i utfordrarrolle til medalje: Bjørnar Lie (Orion), Åsmund Fornes Sand (Verdal) og Henrik Skulevold (Sandnes) er på førehand dei sterkaste. På 60 meter, gutar 15 er det nesten blåkopi: Skilnaden er at det her er 26 utøvarar påmeldt, elles er det dei same fire som er dei fire topprangerte, i same rekkefølgje: Lie, Sand, Skulevold og Sondre.

Til sist i dag til ei anna realistisk medaljeøving for Gneist, 200 meter, gutar 16. Her er Abou Granli Diomandé frå Orion favoritt, men fremste utfordraren er Emil Engelsen Holm.

søndag 3. mars 2013

Før inne-UM - V

Dagens fem øvingar går i stigande rekkefølgje når det gjeld alder, og først ut er jenter 15, 200 meter, der Maren Haugen Lillefosse er Gneist-representanten mellom totalt 21 utøvarar. Her er det slik at det er tre relativt klare medlaljekandidatar, med Maren som 4. rangert. Dei tre framfor ho er Helene Rønningen (Tyrving), Kristi Strømmen Kjerpeset (Florø) og Nathalie O. Johnsen (Sørild).

I tresteg, jenter 17 har me ikkje så mykje anna val enn å leggja til grunn at Monika Benserud  har kome i fin spenstform under treningsleiren på Lanzarote. I så fall er Monika favoritt i øvinga, med Julie Gaustad (BUL) og Sofie Olsholt (Tyrving) bak der. Til saman 11 utøvarar er påmeldt øvinga.

Søster Marianne Benserud er ei av 6 jenter som skal vera med i stav, jenter 18/19. Stav er stav, men her er det - til liks med 200-meteren i jenter 15 - tre klare medaljekandidatar og så Gneist-utøvaren som 4. rangert. Dei tre framfor Marianne i utgangspunktet er Julie Farseth berg (BUL), Malin Vik Gregor (Orion) og Paula Nedberge Llano (Laksevåg).

Marianne er også påmeldt i tresteg, jenter 18/19, der det skal vera sju utøvarar med. Her er Andrea Breilid (Kristiansand) klar favoritt, medan Marianne blir rangert som nr. 6.

Til slutt i dag til 800 meter, jenter 18/19, der det er Vilde Omholt som skal springa. Ho har spesialisert seg på 800 meter dei siste par sesongane. Ho har også hatt ein særs god treningsleir, så dette blir spennande. Vilde er rangert som nr. 8 av dei 9 på startstrek på førehand. Favorittar er Veronica Undseth (Herkules), Aurora Dybedokken (Tyrving) og Ida Elise Eltervaag (Skjalg).

lørdag 2. mars 2013

Før inne-UM - IV

Fire øvingar når eg over i dag:

Først skal me sjå på lengde, gutar 17 der Amund Høie Sjursen er eit spennande og sterkt Gneist-kort. Karsten Warholm (Dimna) og Ingar Kiplesund (Trondheim) er i utgangspunktet dei to sterkaste, og i så fall får me ein ny duell om bronsen mellom Marius Bull Hjeltnes (Hovding) og Amund. Amund har 6,42 inne i vinter, men bør ha meir å gå på. Til saman er det 11 påmeldt i øvinga

1500 meter, gutar 18/19 er det ikkje mindre enn fire Gneist-gutar på startstrek mellom totalt 20 utøvarar. Her er det i utgangspunktet tre sterke medaljekandidatar i Magnus Sirnes Hjellum (Haugesund), Roald Hagbart Frøskeland (Steinkjer) og Ådne Andersen (Hareid), men bak der kan det vera muleg å finna Gneist-arar. Erlend Gjerdevik Sørtveit er rangert som nr. 4, Andreas Iden som nr. 5, Ole Martin Røssland nr. 11 og Anders Strømblad Hansen nr. 12.

Til sist i dag to øvingar der Monika Benserud er deltakar - og då snakkar me om jenter 17. På 60 meter hekk er det ni påmelde utøvarar og her er Monika gullkandidat. Utfordrarar er Mari Forbord Anderssen (Kristiansand), Naomi van den Broeck (Hovding) og Caroline Fleischer (Ski).

I lengde, jenter 17 er også Monika medaljekandidat, dersom ho får hoppinga til å sitja slik ho kan. Igjen blir Naomi van den Broeck (Hovding) sterk. Ei anna som kan få seg medalje er Sofie Olsholt frå Tyrving. Til saman 15 jenter er med i lengde i aldersklassen.

fredag 1. mars 2013

Før inne-UM - III

Då er det blitt mars og det er nøyaktig éi veke igjen til inne-UM startar der oppe i Trøndelagen. Det blir mykje øvngar for gutar fødde i det solfylte året 1997 i dette blogginnlegget:

800 meter, gutar 16 har Gneist to deltakarar med, nemleg Jens Larsen Åstveit og Stian Øvergaard Aarvik. Jens har debutert på bane på lengre distansar denne innesesongen og blir vanskeleg å plassera mellom dei 27 påmeldte. Målet må vera å få seg ein anstendig innepers. Stian, derimot, bør ha høgare amisjonar etter ein råsterk vinter. På førehand er han rangert som nr. 11 på 800 meter, så topp ti er eit naturleg mål. Abdurrahman Hir (Selsbak), Lars Lunde (Stord) og Marius-Emil Salvanes (Åkra) er mellom favorittane. På 1500 meter i same årsklassen, gutar 16, er det dei same to frå Gneist som stiller til start, og her er Stian klar medaljekandidat. Han er rangert som nr. 3 på førehand, bak Lars Lunde og Abdurrahman Hir. Jens blir 15. rangert av dei 17 påmeldte.

Me held oss til gutar 16, denne gongen i lengde. Her er det Henrik Almenningen som er vår lokale representant. Også her er det 17 som er påmeldt øvinga, og Henrik er rangert som nr. 6 på førehand, så her er det med andre ord håp om ei svært anstendig plassering. Erik Lund (Brandbu), Odin Hallquist (Koll) og Abou Granli Diomandé (Orion) er medaljekandidatane.

60 meter, gutar 16 får Henrik selskap av Emil Engelsen Holm. Og her er det heile 37 på startlista. Emil er i strålande framgang og er rangert heilt oppe på 4. plass på førehand, så her bør finaleplass vera innan rekkevidde i første omgang. Abou Granli Diomandé (Orion), Marius Kristoffersen (Koll) og Tobias Skavnes Våge (Dimna) er sterkast på papiret på førehand, medan Henrik er rangert rundt nr. 30.

I 4 x 200 meter stafett, gutar 15-17 er det registrert både ein utøvar for BFG Bergen (Emil Engelsen Holm) og ein frå Gneist (Amund Høie Sjursen). Lag blir det no uansett. Her er det fleire sterke konkurrentar - i alle fall frå Ullensaker/Kisa, BUL og Dimna. Igjen: Her er det uråd å spå, men gutelaget er i sterk framgang frå tidlegare UM-forsøk på distansen!