torsdag 30. mai 2013

Framo dag 1 - strålande hinderstart

Det blei ein sommarleg start på Framolekene torsdag. Deltakinga i hovudøvinga på første dag, hinder, var ikkje all verda, men det var i alle fall Gneist-utøvarar som stort sett markerte seg i denne øvinga, der det også blei kåra kretsmeistrar.

Aller mest imponerande var - igjen - Henrik Irgens Gravdal, som med 4:27,72 på 1500 meter hinder sette ny kretsaldersrekord i G15. Dermed sletta Henrik Lars Lunde sin eitt år gamle rekord, frå Gøteborg i fjor. Heile 1111 tyrvingpoeng plukka også Henrik med seg.

Stian Øvergaard Aarvik (G16) gav Henrik kamp heile vegen inn på hinderløpet. Med 4:28,45 plasserer Stian seg på 3. plass i Hordaland gjennom alle tider for årsklassen. Det inneber også at han sletta Andreas Iden sin to år gamle klubbrekrod (4:39). Løpet var verdt 1063 tyrvingpoeng.

Eline Myking (J16) blei kretsmester på 1500 meter hinder i sitt debut-løp på distansen. Tida blei 5:26,15. Det er verdt heile 994 poeng og Eline sikra seg med det den ledige klubbrekorden i J16 på distansen.

Nr. 2 på 1500 meter hinder i J16 blei Ingrid Næss Johansen, som persa med nesten ni sekund frå sitt UM-løp på Askøy i fjor. Tida denne gongen blei 5:32,99 (963 poeng).

Ole Martin Røssland (G18) hadde sett seg større mål, men fekk slutt-tida 6:24,31 (961 poeng) på sitt 2000 meter hinder-løp.

Stian Norheim (G17) debuterte på 2000 meter hinder på ein flott måte. Tida blei 6:36,44 (953 poeng).

Thyra Hevrøy (J16) imponerte i første del av sitt debut-løp på 1500 meter hinder, men ho var uheldig med eit par hinderpasseringar og ei vassgrav og måtte dermed "nøya" seg med 5:39,97 (931 poeng), men samtidig kan ho vera trygg på at her er det ein god del å gå på.

Anna Serine Røssland (J16) hadde denne gongen meldt seg opp til 2000 meter hinder i J17. Ho vann distansen på 7:23,13, som er pers med 26 sekund frå junior-NM i Sigdal i fjor. Anna Serine fekk seg den ledige klubbrekorden i Gneist, men tida er også tredje best i Hordaland gjennom alle tider for 16-åringar, bak Frida Berge og BFG-klubbrekordhaldar Helene Strømblad Hansen (7:19).

Og så til slutt til noko som ikkje var hinder: Gjert Høie Sjursen (G13) betra eigen klubbrekord i spyd (400g) då han kasta 37,92. Gjert hadde 35,55 frå før. Kastet er også verdt 858 tyrvingpoeng.

mandag 27. mai 2013

Eg registrerer

Eg registrerer at Gneist/BFG Bergen leverte eit strålande stafett-UM/NM i Sandnes i helga.

Eg registrerer at speaker Jo Nesse gav fleire flotte kommentarar til den framoverstormande banegenerasjonen i klubben(-ane). Det var kjekt å høyra.

Eg registrerer at Amund Høie Sjursen no ikkje berre er kvalifisert for hovud-NM, men med 11,00 i Sandnes i går på 100 meter beviste han at han også i høg grad kan markera seg i Tønsberg i august. Og no lokkar 10-talet i det nære.

Eg registrerer at det er eit hav av påmelde lokale heltar til komande langhelgs Framolekene.

Eg registrerer, ergo er eg.


Bloggen er etter planen tilbake i tilnærma vanleg drift frå og med Framolekene.




fredag 24. mai 2013

Oppdatert

Då er både Gneist-statistikken og BFG-statistikken oppdatert pr. i dag, 24. mai 2013.

Gneist-statistikken finst her.

BFG-statistikken finst her.


Som alltid: Ikkje sit og vent på at underteikna skal oppdaga feil og manglar sjølv. Resultat som er lesne og gjennomgått, er lesne og gjennomgått. Det skal noko til å oppdaga nytt utan at utøvarar sjølve, foreldre eller andre nærståande finn feil og manglar og rapporterer!

tirsdag 21. mai 2013

Pappa

Friidretten stoppar utan mødrene og fedrene.

21. mai gjekk min pappa ut av livet.

Denne bloggen tar no ein liten pause, men den kjem sterkt tilbake.




Til minne om pappa og farfar
17. august 1930 - 21. mai 2013.

torsdag 16. mai 2013

Ein liten tur til Arna

Nokre Gneist- og BFG-utøvarar (gutar/menn) tok turen til Arna og friidrettsparken der onsdag kveld. Som vanleg er, så samla springarane i BFG seg om éin distanse - denne gongen blei det 800 meter. Og her var det mykje bra å henta, trass i at verforholda ikkje blei dei aller beste (etter strålande start på dagen).

Me fekk dei to beste 800 meter-løpa i BFG så langt i utesesongen: Erlend Gjerdevik Sørtveit sprang på 2:01,46 (865 tyrvingpoeng) og Jørgen Austvik kom i mål på 2:02,52. No nærmar 2-grensa seg for begge to.

Stian Øvergaard Aarvik (G16) sprang på 2:05,80 (895 poeng).

Jens Larsen Åstveit (G16) held fram det som alt teiknar til å bli ein stor sesong. Han sprang 800-tida si ned til 2:06,07 (890 poeng) då han vann "B-heatet" for menn senior.

Stian Norheim (G17) persa på nytt og er no under 2.10 for første gong. Ny bestetid er 2:09,45 (784 poeng).

... Og så ein klubbrekord i Gneist i kast: Gjert Høie Sjursen (G13) betra den to år gamle rekorden til Sondre Rinde med godt og vel to meter i diskos (0,75kg). Diskosen landa på 29,99. I tillegg blei det 11,73 i kule på Gjert (893 poeng).

mandag 13. mai 2013

Før Mailekene

Det er jo veldig kjekt, naturlegvis, at det er eit rush av banedekke-legging på friidrettsbanar rundt om. Det kan ein sjølvsagt ikkje klaga på - i seg sjølv. No er det slik at dette arbeidet krev nokolunde stabilt finaver og då blir det straks verre.

I fjor opplevde me at Stord ikkje fekk lagt sitt nye dekke i tide, slik at Stordleikane måtte avlysast.

I Haugesund har det vore store omveltningar sidan sist me var på Mailekene, på gamle Haugesund Stadion, for nesten eitt år sidan. Haugesund Stadion er blitt til ein rein fotballstadion og den nye banen på Haraldsvang, like ved innomhushallen i Haugesund, skulle etter planen stå klar til årets leikar i byen.

Det gjer den ikkje. Og årsaka er den same som på Stord i fjord: Ein har ikkje fått verforhold gode nok til å få dekket lagt på nyebanen.

Løysinga er blitt at dei tradisjonsrike Mailekene er flytta over på hi sida av Karmsundet, til Torvastad på Karmøy. Og det er, skal me tru arrangøren, inga dårleg erstatning. Banen på Torvastad fekk nemleg nytt dekke i 2012, har åtte løpebanar, og tribune der det blir skikkeleg tett og koseleg (plass til 100 personar...). Garderobetilbod er her også. Parkeringsplassar finst det om lag 100 meter frå banen.

Så dette blir bra. Siste eg har høyrt er at arrangørstaben arbeidar tett opp mot meteorologane for å byggja opp eit solid høgtrykk. Det blir ikkje klart til den 17., men slik uti pinsen så skulle det vara klart - seiest det.

Og årets Mailekene går 1. og 2. pinsedag - altså komande søndag og mandag.

Og dette er dei påmelde frå Idrettslaget Gneist til storhendinga på Torvastad (10 år og eldre):

J13
- Anna Evensen (60m, 200m, 60m hekk, lengde)
- Silje Stenersen (800m, J14, 1500m, J14)

J15
- Renate Lie (100m, 800m)

J16
- Elina Drivenes (800m)
- Thyra Hevrøy (800m, 1500m)
- Ingrid Næss Johansen (800m, 1500m)
- Anna Serine Røssland (800m, 1500m)

G12
- Håvard Rinde (60m, 200m, 60m hekk, lengde, kule, liten ball)

G13
- Thomas Blücher (60m, 600m)

G14
- Kristoffer Blücher (60m, 800m, 80m hekk, lengde)

G15
- Eirik Leikvoll (lengde)
- Sondre Rinde (100m, 200m, 100m hekk, lengde)

G16
- Henrik Irgens Gravdal (800m, G17, 3000m, G17)

G17
-  Magnus Leikvoll (høgde)
- Aleksander Lie (100m, 800m)
- Stian Norheim (3000m)

G18/19
- Ole Martin Røssland (800m, 3000m)

Fanalekene - dag 3

Då blei det nesten vårver siste dagen av Fanalekene, der mellom anan rekruttane fekk boltra seg - denne gongen med svært smålåten deltaking frå dei yngste i Gneist.

Mellom dei eldste var det eitt og anna å notera seg også frå siste dag av første store stemne på Fana Stadion:

Kristoffer Blücher (G14) sprang endå fortare på distansen inne i vinter,men det blei då 24,68 på 200 meter (1010 poeng) - i god motvind, som det var på dei aller fleste sprintløpa søndag.

Pål Haugen Lillefosse (G12) hoppa 10,40 i tresteg (1030 poeng) og sprang på 11,61 på 80 meter (843 poeng).

Over 1000 poeng blei det også på Anna Evensen (J13). Det skjedde i tresteg, der det blei 10,40 på Anna (1001 poeng). På 200 meter blei det 29,01 (897 poeng) og på 80 meter fekk ho tida 11,63 (836 poeng).

Emil Engelsen Holm (G16) har ei gjævare tid på 200 meter frå innesesongen, men sprang på 24,27 søndag - i heile 3,5 sekundmeter motvind. Det gir 934 tyrvingpoeng. På 80 meter blei det 10,12 på Emil (885 poeng).

Herman Ellingsen (G11) sprang ned på den kjekke tida 29,99 på 200 meter (932 poeng).

Sondre Rinde (G15) sprang på 10,14 på 80 meter (925 poeng), noko som er den første klubbrekorden på distansen i årsklassen som er notert i Gneist. Han hoppa også 11,92 i tresteg (912 poeng).

Tobias Allers-Hansen (G10) hopa 7,34 i tresteg (914 poeng).

Ny (ledig) klubbrekord på 80 meter blei det også på Maren Haugen Lillefosse (J15). Tida hennar blei 11,01 (892 poeng).

Emma A. Voldsund (J10) sprang 80-meteren på 12,74 (886 poeng).

Og i serien av (splitter nye) klubbrekordar på 80 meter noterer me oss også Magnus Leikvoll (G17) som sprang på 10,53.

... Og neste gong det er storstemne heime på Fana Stadion er det Norna-Salhus sine Framoleker det handlar om, i månadsskiftet mai/juni. Vågar me håpa på betre ver, ja til og med Framover til dess?...


lørdag 11. mai 2013

Fanalekene - dag 2

Ryktene om det fina veret til Fanalekene var monaleg overdrivne. Rettnok skein det over utpå ettermiddagen, men då var det meste over og utøvarar og publikummar gode og våte.

Pål Haugen Lillefosse (G12) hoppa heile 4,87 i lengde (984 poeng), noko som er berre 2 centimeter bak ein 27 år gammal klubbrekord. Her er mange sjansar utover til å ta den! Han har vore endå raskare innomhus, men det blei då flotte 10,09 på 60 meter hekk (1022 poeng). Det var ikkje høgdever lørdag, men det blei no 1,40 på Pål (930 poeng).

Klubbrekord blei det også lørdag på Kristoffer Blücher (G14). Han senka Sondre Rinde sin eitt år gamle rekord på 100 meter med tre hundredelar til 12,28 (1011 poeng). På 600 meter blei det "smålåtne" 1:33,16 (943 poeng) på Kristoffer. I lengde hoppa han 5,41 med godkjent vind (932 poeng).

Det var for mykje vind imot på lørdagens 100 meter for Amund Høie Sjursen, men i staden nytta han sjansen til å starta årets jakt på hovud-NM- kravet i lengde. Det blei 6,52 (984 poeng).


Anna Evensen (J13) sprang 60 meter hekk på 10,27 (967 poeng), hoppa 4,55 i lengde (905 poeng) og sprang 100 meter på 14,39 (841 poeng).


Jens Larsen Åstveit (G16) held fram med å springa på eit jamt høgt nivå. Denne gongen blei det 1:27,94 på 600 meter (949 poeng).

Det er svært sjeldan at Thomas Blücher (G13) er så nær broderen i tid på 600 meter som han var lørdag. Thomas kom seg nemleg heilt ned på 1:37,33 (926 poeng).

Herman Ellingsen (G11) har så langt vore uheldig med ikkje å få opp vindmålingar på løpa sine, sikkert ikkje hans feil, men i høgde slapp han det problemet. Der vann han på 1,25 (909 poeng). I lengde fekk Herman seg så endelg vindmåling. Her blei det 4,07 (904 poeng).

Mathias Algrøy (G11) blei nr. 2 i høgde på 1,20 (874 poeng). I lengde blei det 3,69 på Mathias (828 poeng).

Emma Dahl Sørbo (J10) hoppa fine 3,47 i lengde (867 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G13) hoppa 4,65 i lengde (860 poeng) og betra seg til 13,87 på 100 meter (818 poeng). I spyd blei det like så godt klubbrekord også: Her kasta Gjert 35,55 (802 poeng), noko som er sju meter lengre enn Stian Norheim - den kjende spydkjempen - sitt kast frå 2009.

Kristian Schjønningsen (G14) sprang 600 meter på 1:38,25 (811 poeng).

Fantastisk innsats i Holmenkollstafetten

Me synest det gjekk veldig bra under Holmenkollstafetten i fjor.

Og så gjekk det endå betre i år.

Først: kvinnelaget blei nr. 10 i 2012 og var då 7 minutt og 14 sekund bak vinnartida til Sportsklubben i Vidar.

I år blei det ein fantastisk fin 6. plass til BFG-laget og gapet til Vidar - som også i år blei vinnar - er nede i 5 minutt og 35 sekund. Det er altså redusert med 1 minutt og 39 sekund! Glitrande!

I år har BFG-kvinnene lagt bak seg både Orion, Kristiansand, Ren-Eng og Vidar sitt 2. lag. 6. plassen er også beste plassering sidan 2009.

Herrelaget klatra åtte plassar frå 2011 til 2012, det var då den beste plasseringa på om lag eit tiår. Slik sett var det viktig å stabilisera seg i år - og det blei ein ny 8. plass. Men forbetringa var på ti sekund - frå 2:58 til 2:48 - samanlikna med vinnarlaget, frå i fjor til i år. I tillegg har BFG klatra frå 8. plass til 6. plass mellom dei norske laga. I år var det nemleg to svenske lag framfor BFG. BFG har klatra forbi både BUL og Tyrving.

BFG sin frammarsj held med andre ord fram. Og: Det er all grunn til å tru at framgangen skal halda fram i 2014.

Gratulerer til utøvarar og trenarar!

Nedanfor BFG-elitelaga sin innsats dei siste 10 stafettane:


MENN
2013
8. plass, Eliten
2012
8. plass, Eliten
2011
16. plass, Eliten
2010
17. plass, Eliten
2009
19. plass, Eliten
2008
17. plass, Eliten
2007
3. plass, Menn senior (under Eliten)
2006
10. plass, Menn senior (unde Eliten)
2005
6. plass, Menn senior (under Eliten)
2004
(1, Menn junior – ingen lag i senior)


KVINNER:
2013
6. plass, Eliten
2012
10. plass, Eliten
2011
7. plass, Eliten
2010
7. plass, Eliten
2009
6. plass, Eliten
2008
3. plass, Eliten
2007
6. plass, Eliten
2006
9. plass, Eliten
2005
11. plass, Eliten
2004
6. plass, Eliten






Fanalekene - dag 1

Fana ser ut til å få ei betre vårhelg til sine leikar enn det dei kunne frykta tidlegare i veka. Og resultata følgjer veret. Ei rekkje strålande prestasjonar er å finna i listene frå dag 1. Eit par av dei aller sterkaste var det Gneist-utøvarar om stod for. Dei var på mange måtar ikkje overraskande likevel:

Pål Haugen Lillefosse (G12) heldt fram der han slapp i vinter: Betra persen i stav frå 3,31 til 3,32 - som altså er best i Europa for 11-åringar. 1122 tyrvingpoeng er det også verdt.

Kristoffer Blücher (G14) var den andre som sprengde skalaen, men også frå den kanten har me blitt godt vande dei siste åra. Denne gongen blei det sterke 42,18 på 300 meter hekk (1115 poeng). Det er godt over sekundet betre enn Sondre Rinde sin klubbrekord i fjor. Det er også 3. beste i landet i årsklassen gjennom alle tider og berre 23/100 bak Markus Loftås frå Osterøy sin kretsaldersrekord. Kristoffer sprang også 60-meteren på 7,60 (1040 poeng). Også det er ny klubbrekord (ute - Kristoffer sprang på 7,60 også innomhus), tre hundredelar framfor Fredrik Nesslin sin gamle rekord får 2002.

Sondre Rinde (G15) følgde opp med ein solid 300 meter hekk, også han. Han sprang på 41,83 (1053 poeng).

Amund Høie Sjursen (G17) sprang sin 60 meter på 7,20 (1027 poeng).

Eirik Leikvoll (G15) fekk til 3,40 i stav (965 poeng), og han sprang 60-meteren på 8,23 (816 poeng).


Emma A. Voldsund (J10) kasta 150g-ballen så langt som 36,07 (961 poeng) og ho sprang 60 meter på 9,76 (862 poeng).

Maren Haugen Lillefosse (J15) utesesong-debuterte med 8,32 på 60 meter (954 poeng).


Jens Larsen Åstveit (G16) kom seg fint under UM-kravet på 3000 meter, då han vann øvinga med 9:47,40 (904 poeng).

Anna Evensen (J13) sprang sin 60 meter på 8,78 (897 poeng).

Marianne Benserud (J18) kom seg over akkurat 3 meter i stav (880 poeng).

Tobias Allers-Hansen (G10) kasta den vesle ballen 38,51 meter (857 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J14) kom i mål på 8,86 på sin 60 meter (835 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G13) sprang ein ny solid sprint. Denne gongen blei det 8,69 på 60 meter (813 poeng).

Magnus Leikvoll (G17) sprang inn til 8,02 på 60 meter (805 poeng).

(Så noterer me at Herman Elllingsen (G11) sprang 60 mete på 9,24, som er verdt 881 tyrvingpoeng. Førebels manglar det vindmåling på Herman sitt løp, men alt tyder på godkjent vind (sannsynlegvis litt imot).)

fredag 10. mai 2013

Uttak er verdas lønn

Det er mange flinke idrettsutøvarar som må til for at ein kan stilla lag i Holmenkollstafetten. Det er heile 15 utøvarar på kvart av elitelaga, det blir 30 til saman. I tillegg er det kanskje ein reserve eller to. For ting kan skje. Og ting skjer. Nesten alltid. Det kan vera snakk om små skadar eller store skadar - eller sjukdom. Men den våren me har hatt så langt, er det godt gjort å ikkje pådra seg eit eller anna.

Og så er det nokon som arbeider hardt med uttak. Ein skal få tak i motiverte løparar og ein skal plassera og balansera lag på beste viset.

Her er det berre å rosa uttakskomité på beste vis!

I 12. time måtte Rebecca Wade kasta inn handkledet på BFG sitt kvinnelag. Det var naturlegvis veldig synd; Rebecca har vist kanonform så langt i vinter/vår.

Men inn har kome vår gamle slitar på dei lengste distansane, Pernille Thomassen. Pernille leverte så seint som i 2012 på høgt nivå, både i stafettar og på bane for BFG, så dette var ei god løysing! Ei veldig sporty innstilling  frå Pernille, som no har gjort vestfolding av seg, berre halvtanna døger før starten (som no er i morgon ettermiddag).

Det er også gjort ei lita rokering elles på laget, slik at det no ser slik ut for kvinner: Renate Lie - Thyra Hevrøy - Vilde Lund Bjørnsen - Eline Myking - Ingrid Næss Johansen - Therese Sjursen - Ragnhild Andersson - Ingrid Helene Nyhus - Linn Seliussen - Pernille Thomassen - Anna Serine Røssland - Monika Benserud - Elina Drivenes - Vilde Omholt - Sara Berrefjord.

torsdag 9. mai 2013

Før Holmenkollstafetten - II

Ok. No til idretten.

Det var to - må eg vedgå - overraskande sterke prestasjonar frå BFG-elitelaga i 2012:

Elitelaget for kvinner tok ein fin 10. plass. Det var rettnok den svakaste plasseringa på ein god del år, men halvparten av laget bestod av førsteårsjuniorar. Det var symbolsk då framleis berre 14 år gamle Ingrid Næss Johansen la ut på første-etappe. Her var det unge, talentfulle jenter som plasserte BFG trygt og godt på kartet.

Det er framleis eit ungt og godt lag. Dei fleste førsteårsjuniorane frå i fjor er no blitt andreårsjuniorar og har alt bevist at dei har teke eit nytt steg. Inn på laget kjem dette året to førsteårsjuniorar, der Renate Lie seinast tirsdag viste at ho er i kanonform. På resultatlista i 2012 var det eit stykke opp til laga framfor BFG, men tett bakover. Slik sett er det eit rimeleg mål å forsvara 10. plassen og ta det som ein solid bonus om laget klatrar ytterlegare - dette året.

Her er laget - i etapperekkefølgje: Ingrid Næss Johansen - Thyra Hevrøy - Vilde Lund Bjørnsen - Eline Myking - Renate Lie - Therese Sjursen - Ragnhild Andersson - Ingrid Helene Nyhus - Linn Seliussen - Rebecca Wade - Anna Serine Røssland - Monika Benserud - Elina Drivenes - Vilde Omholt - Sara Berrefjord.

Mennenes elitelag slo skikkeleg til i 2012: Dei klatra heilt opp frå 16. plass til 8. plass, den beste BFG-plasseringa i Holmenkollstafetten siste tiåret. Det er dessverre slik at to av dei største talenta i BFG, Stian Øvergaard Aarvik og Henrik Irgens Gravdal, ikkje kunne delta dette året. No ser me framover og tenker at me har dei i bakhand og at framtidsutsiktene er endå betre i 2014. Men mellom dei som faktisk deltar i år, er det heilt klart ein god porsjon formløparar.

Mennene sitt lag var tettare på 5. plassen i fjor enn det var å falla ned på 9. plass. No endrar ting seg, dette er ein relativ konkurranse - som all stafett er - og det kan skje ekstra mykje når det er heile 15 etappar som skal fordelast på ulike lag. Men også her er forsvar av 8. plass eller betre eit naturleg mål. Men det er også snakk om å vera stabil topp 10 i Eliten. Dei fire føregåande åra har BFG vore svært nær nedrykk.

Årets lag er: Erlend Gjerdevik Sørtveit - Robert Hisdal - Anders Strømblad Hansen - Espen Roll Karlsen - Ole Martin Røssland - Thorbjørn T. Ludvigsen - Miguel Blanco Maldonado - Anders Daltveit - Sondre Fagerås Hope - Bjarte Eikanger - Jørgen Austvik - Aleksander Lie - Andreas Iden - Vegard Austevoll - Steffen Algrøy Boga.

OPPDATERT: Skadar kjem til å endra lagoppstillinga - surprise, surprise - heilt inn mot fristen fredag morgon. Følg med, følg med...

Før Holmenkollstafetten - I

Eg registrerer at Bergens Tidende igjen har eit einsidig fokus på Idrottslaget Gular når friidrett - spesielt friidrett som lag-/stafettidrett - skal omtalast her lokalt. Det skjedde før Askstafetten og det skjer igjen no før Holmenkollstafetten.

I gårsdagens papiroppslag er det Gular sine vinnarsjansar og Gular sin historikk i Holmenkollstafetten som er tema. Det er ikkje nemnt eitt ord om at det finst andre lag frå Bergen med. Ja, sjølvaste BERGEN-laget, BFG Bergen, er ikkje nemnt av Bergens Tidende.

Men paradokset stoppar ikkje der.

Gular er ein klubb av innflyttarar. Rettnok er det denne gongen ein god del hordalendingar utanom Bergen som prydar laget, og slikt kan nok vera alibi godt nok for "Vestlandets storavis" - men bergensarar er det dei færraste på laget som er. Halfdan-Emil Færø frå Ostereidet er profilen i oppslaget, men på laget finn me også  Terje Aggvin frå Varaldsøy i Kvinnherad, Thomas Solberg Eide og Kjetil Måkestad frå Odda, Marius Vedvik frå Førde, Bjørnar Sandnes Lillefosse frå Strandebarm, Jonas Lurås Hammer er frå Lørenskog og Peter Quarcoo er frå det nordlege Austland.

BFG Bergen derimot har éin gjesteartist - frå sjølvaste Malaga, Espana. Men elles er det bergensarar og dei aller fleste er oppala i lokalmiljøet rundt Fana Stadion attpå. Utanom Miguel har me vel ikkje strekt oss lengre enn at me har henta Vegard og Steffen på nest-siste og siste etappe frå Kalandseid IL - vår nye samarbeidsklubb. Kalandseid er, sist eg såg etter, framleis innanfor Bergen by sine grenser.

Og: BFG Bergen har også eit gjennomgåande ungt lag, i tillegg til at me har to av våre fremste ungdommar i bakhand til neste høve. (Ja da, me har også Bjarte med - men han er definitivt ung i sinn.)

Det einsidige fokuset på Gular er for meg i slekt med oppslaga frå i fjor vår om "sensasjonsløp" frå den "ukjente" Henrik Ingebrigtsen, då han sletta 1500m-rekorden til Lars Martin Kaupang. Enten så følgjer ein ikkje med, eller så følgjer ein berre med på ein så snever del av friidretten at ein ikkje skjønar kva som skjer.

Før ein veit ordet av det, så kjem sensasjonsoppslaget om at BFG Bergen har slege Gular i Holmenkollstafetten. Kor det kjem?

I BA.


Før Fanalekene

Nei, nei, det er ikkje fordi eg er imot sponsing at eg insisterer på å bruka "Fanalekene" om Fanalekene komande helg. Men Fanalekene er for ungar og då er "K-lekene" sterk kost. I solidaritet med Obama, som har kjempa i motvind mot våpenlobbyen i USA i vår, så blir K-lekene omtalt som Fanalekene på denne bloggen.

Når eg seier at Fanalekene er for ungar, så er det også fordi arrangementet kolliderer med Holmenkollstafetten (meir om denne følgjer på ein blogg nær deg - vel, for den del, sikkert på fleire bloggar nær deg), noko som inneber at ein god bataljon av eldre friidrettsutøvarar i området er i Oslo komande helg og ikkje på Fana Stadion. Etter vermeldingane gjer dei også rett i det - ok ver i Oslo, ikkje ok ver på Fana Stadion.

Vel, vel. Her er dei påmelde frå IL Gneist til Fanalekene våren 2013 (10 år og eldre). Me kan trygt slå fast at Gneist-gjengen er i gang no:

J10
Lea Låstad (60m, 80m, liten ball)
Emma A. Voldsund (60m, 80m, liten ball)

J11
Amalie Ellingsen Nyheim (80m, 200m)

J12
Sara Tyssebotn Berg (600m, lengde)

J13
Anna Evensen (60m, 80m, 100m, 200m, 60m hekk, lengde, tresteg)
Charlotte Harris (80m, kule)

J14
Sanne Myrmel (60m hekk, lengde)
Nora Øvergaard Aarvik (60m, 200m)

J15
Maria Josefine Berg (60m, 200m, 600m)
Maren Haugen Lillefosse (60m, 80m)
Tuva Straume (600m)

J17
Monika Benserud (80m)

J18/19
Marianne Benserud (stav)

G10
Tobias Allers-Hansen (60m, 80m, 200m, 60m hekk, høgde, lengde, liten ball)
Jonas Tyssebotn Berg (200m, 600m, 60m hekk, kule, liten ball)

G11
Mathias Algrøy (60m, 200m, 600m, 60m hekk, høgde, lengde)
Herman Ellingsen (60m, 200m, 600m, 60m hekk, høgde, lengde)

G12
Hans-Magnus Haukøy (60m, 200m, 600m, høgde, lengde, tresteg, spyd)
Pål Haugen Lillefosse (60m, 80m, 60m hekk, høgde, stav, lengde, tresteg)
Håvard Rinde (60m, 80m, tresteg, kule, liten ball)
André Seliussen (60m, 80m, 200m, 600m)

G13
Espen Bjørndal (60m, 60m hekk, høgde, lengde)
Thomas Blücher (60m, 100m, 200m, 600m)
Gjert Høie Sjursen (60m, 100m, lengde, spyd)

G14
Kristoffer Blücher (60m, 100m, 200m, 600m,300m hekk, lengde, kule)
Kristian Schjønningsen (600m, 80m,hekk, 300m hekk, lengde)

G15
Eirik Leikvoll (60m, 80m, stav)
Sondre Rinde (80m, 300m hekk, tresteg)

G16
Henrik Almenningen (100m, 200m, lengde, tresteg, spyd)
Emil Engelsen Holm (80m, 100m)
Jens Larsen Åstveit (600m, 3000m)

G17
Magnus Leikvoll (60m, 80m, stav, kule)
Amund Høie Sjursen (60m, 100m, lengde)

onsdag 8. mai 2013

På frammarsj

Ein minivår og minisommar  ligg over oss - og den starta rett før Opningsstemnet til BFG på Fana Stadion tirsdag ettermiddag og kveld. Det var rett og slett strålande forhold for springing - og det utnytta opptil fleire av utøvarane. Kvelden gav ei flott rekke med gode resultat:

Henrik Irgens Gravdal (G15) er vårt svar på Sandnes sin friidretts-Henrik. Tirsdag kveld sletta han legendariske Rodgeir Vigestad sin klubbrekord frå 1979 (!) på 1500 meter. Med 4:07,12 slo han den med tre sekund, like godt. Det gir 1090 tyrvingpoeng. Tida er 15. beste i landet gjennom alle tider i årsklassen og 4. best i Hordaland - og enno er det mange løp igjen i 2013.

Stian Øvergaard Aarvik (G16) var godt nede på 8-talet på 3000 meter innomhus. Denne gongen blei det berre nesten 8. Han stoppa på 9:00,92, solid utepers og heile 1029 tyrvingpoeng.

Strålande løp var det også av Amund Høie Sjursen (G17), som med 11,37 på 100-meteren framleis nærmar seg hovud-NM- kravet også i denne øvinga. Løpet var verdt 1022 tyrvingpoeng, men det er også ny klubbrekord i G17 i Gneist. Den gamle hadde Kjetil Espetvdt, på 11,41, sett i 1988. Prestasjonen er også den beste i BFG så langt i 2013 - utanom USA-farar Martine Eikemo Borge.

Renate Lie (J15) sprang ein glitrande 800 meter, der ho kom i mål på 2:18,49 (1000 tyrvingpoeng).

Pål Haugen Lillefosse (G12) sprang 200 meter på 27,84 (979 poeng).

Anna Serine Røssland (J16) sprang sin tredje 3000 meter. Andre gongen persa ho med 25 sekund, denne gongen "nøya" ho seg med 23. Det enda på 10:42,01 (960 poeng).

Erlend Gjerdevik Sørtveit (G19) jaktar på fleire grenser i år - både 2 minutt på 800 og no også 4 minutt på 1500 meter. Tirsdag kveld blei det 4:05,68 (960 poeng).

Ole Martin Røssland (G18) persa med nye tre sekund frå inne-UM i Steinkjer, då han sprang på 4:11,96 på 1500 meter (930 poeng).

Det var eit nytt solid løp frå Jens Larsen Åstveit (G16) på 1500-meter. No er han heilt nede på 4:24,12 (915 poeng), og det er ingen grunn til å tru at det stoppar der.

André Seliussen (G12) er i gang også ute på 1500 meter. Denne gongen blei det 5:07,54 (905 poeng).


Emil Engelsen Holm (G16) sprang 200 meter på 24,63 (903 poeng) og 100-meteren sin på 12,58 (850 poeng).


Sondre Rinde (G15) kom i mål på 25,41 på 200 meter (880 poeng) og 12,69 på 100-meteren (874 poeng).

Anna Evensen (J13) sprang 200 meter på 29,24 (879 poeng).

Eline Myking (J16) følgde opp inne- og terrengformen med 2:24,20 på 800 meter (877 poeng).

Andreas Iden (G18) fekk det tungt mot slutten på 1500-meteren sin, men kom i mål på 4:19,66 (876 poeng).

Det blei ein solid ny 800-pers på Thyra Hevrøy (J16). Ho kom i mål på 2:25,51 (859 poeng).

Og då spurtslo ho Ingrid Næss Johansen (J16), som også persa godt på 800-meteren - til 2:25,51 (857 poeng).

Vegard Albrigtsen (G15) sprang sn 1500m-debut i vind og regn på Osterøy mandagskvelden. Tirsdag fekk han flotte forhold på heimebane og persa solid, til 4:41,87 (846 poeng).

Anders Strømblad Hansen (G19) leverte ein godt gjennomført 800-meter på 2:03,43 (830 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J14) sprang sin 200 meter på 29,34 (825 poeng).

Vilde Omholt (J18) fekk solid pers på favorittdistansen, 800 meter, også ho: 2:26,50 (797 poeng).

Og så tar me med Thomas Blücher (G13) sin fine 800 meter på 2:20,21. Det blir ikkje utdelt tyrvingpoeng i øvinga i 13års-klassen, men dette var eit godt løp, Thomas!

mandag 6. mai 2013

Grand Opening

BFG sitt opningsstemne skal - ifølgje meteorologane - gå av stabelen i ei lomme av full vår tirsdag ettermiddag/kveld. Det er i så fall vel fortent for utøvarar (og oss andre), som har trassa kuling og regn i vekesvis og månadsvis.

Det er bra deltaking sånn generelt tirsdag kveld, medan det er glitrande deltaking på rosina-i-pøla- øvinga denne kvelden, nemleg 1500 meter for menn senior. Her er det ikkje mindre enn 30 (!) påmelde utøvarar, med Morten Velde frå Haugesund og - same kva klubbnamnet fortel - vår eigen Erik Hovlandsdal i spissen. Andre solide utøvarar i feltet er Jonas Lurås Hammer (Gular), Halfdan-Emil Færø (Gular), Bjørnar Lillefosse (Gular) og Magnus Sirnes Hjellum (Haugesund).

Men det er sterke BFG-arar med også, som me håpar alt tirsdag kan visa at dei er på veg til å ta nye steg. Fremste håpa på distansen er Jørgen Austvik, Erlend Gjerdevik Sørtveit, Andreas Iden og Henrik Irgens Gravdal.

Stor interesse knyter det seg også til 800-metrane, fordi desse er sentrale i siste rest av uttak før Holmenkollstafetten til helga. På 800 meter for menn, senior er det 14 påmelde utøvarar. BFG-håpa her er Steffen Boga, Anders Strømblad Hansen, Aleksander Lie, Robert Hisdal, Magnus Pettersen Lunde og Stian Norheim.

På jente-/kvinnesida er det også blitt såpass som 11 påmelde. Også her er brorparten våre eigne: Maria Josefine Berg, Thyra Hevrøy, Ingrid Næss Johansen, Renate Lie, Eline Myking, Vilde Omholt, Linn Seliussen og Tuva Straume.

Det blir også arrangert spennande konkurransar på 100m, 200m og 3000m.

Me gler oss.

søndag 5. mai 2013

I gang

Utesesongen er så smått i gang. Det var berre ei handfull resultat på Leikvang lørdag, då Hovdingleikane gjekk av stabelen, men det var ein passande start i eit elles surt vårver. Sjølv prioriterte eg vene Sunnhordland denne gongen.

Men, først: Monika Benserud har starta utesesongen i Danmark. Der sprang ho 100 meter under Tårnby Games lørdag. I forsøket blei det 12,94 i god motvind, medan det blei 12,73 og 2. plass i finalen (også det i motvind, 0,6). Etter Tyrvingtabellen gir det Monika 979 poeng.

Så, til banen ved sidan av innehallen, der ute i nærleiken av ferja til Osterøy:

Renate Lie (J15) sprang ein flott 600 meter, på 1:38,56 (998 poeng). Det er ny klubbrekord i J15-klassen (Renate sprang sjølv på 1:39,02 inne i vinter).

Aleksander Lie (G17) var under 1,30 innomhus på 600-meter. Lørdag blei det 1:31,04 (816 poeng) i ikkje heilt optimale forhold for Aleksander.

Tobias Allers-Hansen er komen i 10års-klassen og dermed mellom poengplukkarane. På 40 meter blei det 7,16 (804 poeng).

(I lengde blei det ikkje notert vind, og der er reglane innskjerpa i år: ingen resultat blir godkjende med mindre det er brukt vindmålar.)

Heilt til sist: I følgje de førebelse resultatliste frå Hovding representerer Ingrid Næss Johansen no Laksevåg Turn- og idrettslag. Det får me ta med ei  stor klype salt.

fredag 3. mai 2013

Historietime: banestafettar og terreng 2006

Me skal, seiest det, prøva læra noko av historia - og kanskje til og med av vår nære historie.

To viktige BFG-lærdommar:

* Skap miljø og breidde.

* Ta vare på ungdommane.

I 2006 blei det, som no, arrangert to NM i terrengløp, eit i kort løype på våren og eit i lang løype på hausten. BFG sin einaste deltakar var husnesingen Kirsten Melkevik (Otterbu). Sjølv då kortløypa gjekk i regi av Gular på Storetveit, fekk ho ikkje selskap av andre frå klubben sør i byn. Når det er sagt: Kirsten representete klubben godt: I kortløypa tok ho bronse, berre sekundet bak sølvvinnar Ingvild Måkestad. Og i langløypa i Halden på haustparten vann Kirsten klart, over minuttet framfor nr. 2. 2006 var i det heile ein flott sesong for Kirsten.

I 2013 skal NM i banestafettar gå i Sandnes. For sju år sidan gjekk meisterskapet i byen like nordom Sandnes - Stavanger. Her var det betre BFG-deltaking enn for terrengløpa.

På 1500 meter for menn junior, der BFG har vore jamleg medaljekandidat dei siste åra (inkludert dette året), så blei det 5. plass, med to som i dag representerer andre bergensklubbar, Kristoffer Grindedal Janson og Erik Hovlansdal på dei to siste etappane. Dei to andre på laget var Håvard Hasås og Marius Søvik.

Håvard, Kristoffer og Marius var også med på 4 x 400 meter-laget (MJ), saman med Mats Benserud. Her blei det 4. plass.

Det blei to sølvmedaljar på BFG i 2006. Begge var det jentelag som henta og tre utøvarar var med på begge laga:

På 4 x 400 meter (KJ) sprang Katrine Fjærestad, Ane F. Zakariassen, Synne Rørvik og Martine Eikemo Borge.

På den doble distansen (også det i kvinner junior) var Katrine Fjærestad bytta ut med Karen Hansen.


Tilbake til utgangspunktet:
Denne førre generasjonen i BFG var for liten og ein evna ikkje å bringa den over - som eit miljø - til BFG som ein seniorklubb. Framleis har me Martine Eikemo Borge i klubben, men elles er det svært tynt på seniorsida. No finst det nye sjansar - og dei må gripast.

torsdag 2. mai 2013

Veterankonkurransen 2013

På ein dag då nokre av oss håpar på å unngå for mykje haglbyger under vår innsats i det tredje løpet av Bedriftskarusellen, så er det på tide å kikka på veteraninnsatsen innhomhus i Bloggens eigen "veterankonkurranse".

Nytt av året er at me definerer konkurransen som ein BFG-konkurranse, det vil seia alle dei som er 35 år og eldre - veteranar, altså - som plukkar seriepoeng for BFG. Utanom det gjeld det same regel; det er berre å legga saman poeng i flest muleg øvingar. Så sjølv om me har eit par veteranstjerner i falden vår, så kan dei takast igjen dersom andre spring, hoppar og kastar for harde livet.

Vel, vel, det er Petter Rasmussen som ligg høgast på lista mi, etter tre habile løp innandørs på 800, 1500 og 3000. Bak der følgjer ei anna veteranstjerne, trenar Bjarte Eikanger, medan ein annan trenar, Geir Sjursen, er tredjemann etter hoppinnsatsen på Ytrebygda i februar.

Med denne utvidinga av konkurransen finst alt no 12 namn på lista - det er bra! Mindre bra er det naturlegvis at det er 12 menn...

Dette er stillingen - etter innandørssesongen (pluss eit par 10.000-metrar utandørs):

1. Petter Rasmussen 1164p
2. Bjarte Eikanger 1075p
3. Geir Sjursen 931p
4. Morten Seliussen 911p
5. Yngve Kiserud 659p
6. Sigve Stenersen 645p
7. Egil Johan Hessen 607p
8. Robert Hisdal 574p
9. Ole Viken 460p
10. Trond Leikvoll 390p
11. Arve Rinde 325p
12. Arne Lillefosse 170p

onsdag 1. mai 2013

Torsteins generasjon

Askstafetten føregjekk under full haust den 1. mai. Alle slags versortar møttest, omtrent samtidig, men utøvarane dei dreiv no berre på og sprang, dei - med nokre unntak.

Årets Askstafett blei ein ganske vellykka affære for BFG. Tre sigrar og to andreplassar for senior- og juniorlaga talar sitt tydelege språk.

I kvinner, junior har det vore litt av og på med deltakinga. Andreplass har ikkje dette laget hatt sidan 2009.

Kvinner, senior har no to variantar under Askstafetten, ein tradisjonell stafett med fire etappar og ei nyvinning (frå i fjor) med seks etappar. Fire-etappars-laget til BFG hadde siger dei siste fem åra, men i år blei det andreplass, godt bak AKS-77 sitt lag.

På den andre sida var det jo strålande at seks-etapparslaget gjekk heilt til topps. Rettnok var det Gularjenter som slutta å springa, men det handlar jo nettopp om det, å springa og å koma til neste veksling og til slutt i mål!

Menn, junior- laget vann klart - den første sigeren i juniorklassen sidan 2008! Og tida til juniorlaget var også glitrande, berre to sekund bak Skjalg si tid på 4. plass i senior A.

Og juniorlaget var også 13 sekund framfor vinnarlaget i senior B, som også var BFG Bergen sitt lag. Her har BFG to sigrar dei siste åra, i 2011 og no i år, i 2013.

Alt i alt viser dette ein solid framgang for BFG-utøvarane og -laga.

Det er no berre på denne tida på året ein opplever det, men nett no glødar bloggar og andre nettstader over av "Gular mot BFG"-retorikk, seinast - om enn indirekte - i dette innlegget på Vidar Dahle, Gular, sin blogg.

Men, men. Chrissie Hynde i Pretenders sa det ein gong i ein song, I guess action speaks louder than words.

Og handlingane til BFG vil venteleg snakka tydelegare for seg etter kvart.

Og kven er det som "kjem" i BFG? Jo, det er ungdommane. Og det er i stort monn Gneist-ungdommar frå Torstein Erichsens regime - oppvaksne som dei er med bakkeløp på Siljustøl og opp mot Skeie skole, turar i Hordnesskogen og intervallar på Fana Stadion.

Duellen Torstein Erichsens generasjon - Gular blir spennande den, dei komande åra.



Ask-stafetten

2008
2009
2010
2011
2012
2013
KJ
1
2
-
3
-
2
KS (4etp.)
1
1
1
1
1
2
KS (6etp.)




2
1
MJ
1
3
2
2
3
1
MS-B
2
3
4
1
3
1