lørdag 28. september 2013

So long



So long, it's been good to know yuh;
So long, it's been good to know yuh;
So long, it's been good to know yuh.
This dusty old dust is a-gettin' my home,
And I got to be driftin' along.



Woody Guthrie

tirsdag 24. september 2013

Med PU på treningsleir

Lørdag og søndag var 10 av PU-gjengen i Gneist Friidrett på sin aller første treningsleir. Turen gjekk til Strandebarm Idrettspark og sportellet der inne ved Hardangerfjorden.

Medan me vanlegvis er vane med den eine økte i veka, så blei det denne gongen fire økter på litt over eitt døger. Så det må vera bra! Og då har eg ikkje nemnt at ein god gjeng dansa i timesvis på lørdagskvelden!

Lørdagen starta me med ei nokolunde tradisjonell baneøkt. Mot slutten av økta kom striregnet og tok oss og det var berre Kaj som gjennomførte sugande sprintløp. Etter lunsj var det éin time i flott idrettshall, på diverse aktivitetar, før dei fleste avslutta dagen med 1-2 timar i bassenget.

Søndagen blei det éi økt, til gjengjeld blei den på 1 1/2 time i idrettshallen. Flott helg, flinke utøvarar, god mat!




Og nett i dag, den 24. september, er det nøyaktig 2 år sidan PU-gruppa starta opp, med 7 utøvarar ved ridebanen i Hordnesskogen!

mandag 23. september 2013

Amund i Lonevågen

Amund Høie Sjursen (G17) har hatt ein eventyrleg sesong. "Årets mest framgangsrike" i BFG Bergen i 2012 har halde fram i 2013, mot nye høgder - og lengder.

Sesongen blei krona med tur til U18-VM i Donetsk, Ukraina, i juli. Etter det blei det ein liten downperiode med skade, før Amund kom sterkt tilbake med medaljefest under UM på Lillehammer i starten av september.

Og sesongen var enno ikkje over: For på Osterøy i helga blei det to knallsterke resultat på Amund:

På 80 meter sprang han på 8,96 (1107 tyvingpoeng!), og i lengde flytta han den sterke persen sin nye 4 centimeter bortover i gropa - til 7,06 (1092 poeng). Det er naturlegvis betring av eigen klubbrekord i G17 i Gneist, men det er også tangering av U23-rekorden i BFG Bergen. Den har han no saman med Kjetil Espetvedt, som hoppa same lengde tilbake i 1989.

Hoppet er også tredje lengst i Hordaland i G17 gjennom alle tider. Berre Thomas Mellin-Olsen (7,16) og Husnes-guten Gøran Moen (7,12) har vore lengre.

fredag 20. september 2013

PU til Strandebarm

Det er jo i desse tider mykje snakk om 1000 poengsklubb, "Årets mest framgangsrike", medaljestatistikkar og store mål for komande år.

I helga reiser ein gjeng med utøvarar til Strandebarm med det eine målet for auga - å ha det rasande moro.

10 av utøvarane i Gneist Friidrett PU skal endeleg få koma seg på treningsleir! Det blir 3-4 gode fellesøkter og mykje tid til å gjera nett ein kva vil. Og lørdagskvelden blir det berre fest og moro. Me får seia det som det er.

Og ei meir passande helg kunne me heller ikkje finna - eg tenkjer ikkje på veret, men på det faktumet at komande tirsdag er det nøyaktig 2 år sidan me starta opp første treninga i det som då var titulert som eit "prosjekt".

Me kan vel trygt fastslå at prosjektet har kome inn i andre, meir varande former no.

Og no er det tid for å innta den gamle husmorskulen - sportellet - i Strandebarm for full musikk!

God helg!

torsdag 19. september 2013

Vått farvel til Norna

Nei da, Norna-Salhus består - det er ikkje det.

Men årets siste Norna-karusell på Fana Stadion blei avvikla i skikkeleg haustver onsdag kveld. Og deltakinga stod vel slik nokolunde i stil med veret - og at det er heilt på slutten av sesongen.

Men ein kan alltid stola på ein Seliussen - eller tre - og også eit par andre Gneist-arar stilte gladeleg opp:

André Seliussen (G12) har hatt ein strålande førstesesong i Gneist-drakta - og spesielt har hausten vore fin for André. Onsdag blei det god tid på 1000 meter: 3:08,83.

Etter Tyrvingtabellen var Thyra Hevrøy (J16) og Linn Seliussen (J15) så godt som jamngode på 1000 meter: Thyra sprang på 3:21,98 (820 poeng) og Linn på 3:24,89 (816 poeng).

Pappa Morten Seliussen vann KM-bronse på 10.000 meter (innlagt i stemnet) - og det er slett ikkje dårleg berre det! Morten sprang i mål på 36:51,40.

*

Både representantar fo familien Seliussen og alle andre er naturlegvis velkomne til den skikkelege løpsavslutninga på Fana Stadion neste onsdag, 25. september, når BFG avviklar sitt løpsstemne.

onsdag 18. september 2013

Kvalifiserte, senior-NM 2014

Til vanleg har eg for vane å kasta blikket på kvalifiserte til neste års meisterskap - enten om det er UM, junior-NM eller senior-NM - med ein gong inneverande års meisterskap er over. Såleis er oversikten over kvalifiserte til senior-NM 2014 noko forseinka.

Men her kjem den. Hovud-NM i 2014 skal gå i august månad på den framleis etter måten nye stadion til Ullensaker/Kisa på Jessheim - med hotella på Gardermoen som nærmaste overnattingsstader.

Desse er kvalifiserte så langt:

KVINNER
Marianne Benserud (stav)
Monika Benserud (100m, 200m, lengde, tresteg)
Sara Berrefjord (100m, 200m)
Martine Eikemo Borge (200m, 400m, 800m)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, 400m)
Renate Lie (200m, 400m)
Elise Una Mikkelsen (100m)

MENN
Amund Høie Sjursen (100m, 200m, lengde)

Øvingane i parentes er dei øvingane utøvarane har klart kvalifiseringskravet i. Framleis er det slik at ein i prinsippet kan delta i kva for øvingar som helst, når ein først har klart kravet.

**

Til sist - her kjem ei utfordring til oss sjølve i BFG Bergen: Etter mitt syn bør det vera rom for ei vesentleg auke av NM-kontingenten i 2014. Det er såpass mange utøvarar som ligg i vass-skorpa til å klara kvalifiserinskrava at med ei rimeleg heving av nivået i klubben gjennom vinteren, så bør dette sjåast igjen på Jessheim neste august:

HER bør BFG (i alle fall) ha som mål å få kvalifiserte i 2014 - i tillegg til dei som alt er på lista:

* Sprint for menn
* Mellomdistanse for menn
* Langdistanse/hinder for menn
* Sprint for kvinner
* Mellomdistanse for kvinner
* Langdistanse (3000) for kvinner
* Høgde/lengde for kvinner

Eg veit ikkje om det er mitt tips, men det er i alle fall mitt råd om kva som bør vera målet for BFG til 2014: Eit tal på mellom 15 og 20 kvalifiserte til NM.

tirsdag 17. september 2013

Senior-markeringar, menn, pr. 17. september

Sjå der, der var me tilbake til det som det skal handla om.

I denne omgang er det mennene (eller gutane) sine markeringar i norgesstatistikken utandørs så langt i 2013. Og når eg seier "så langt", så er det ikkje mange justeringane som vil bli gjort før dette er endeleg, men nokre vil det vel bli.

På topp 10 innanfor mesterkapsøvingane finn me Ole Martin Røssland (3000 meter hinder) og Amund Høie Sjursen (lengde).

(I parentes: endring sidan sist oversikt den 14. august).

60m
8. Amund Høie Sjursen (-2)

100m
21. Amund Høie Sjursen (-3)

200m
85. Emil Engelsen Holm (ny)

300m
15. Kristoffer Blücher (-4)

400m
90. Kristoffer Blücher (-13)

800m
70. Henrik Irgens Gravdal (-7)
98. Anders Bjørndal (-4)

1500m
35. Jørgen Austvik (-2)
47. Espen Roll Karlsen (-3)
53. Erlend Gjerdevik Sørtveit (-2)
63. Henrik Irgens Gravdal (-6)

2000m
2. Henrik Irgens Gravdal (-1)

3000m
40. Jørgen Austvik (-5)
61. Henrik Irgens Gravdal (-10)
67. Bjarte Eikanger (-11)
72. Erlend Gjerdevik Sørtveit (-13)

5000m
44. Ole Martin Røssland (-10)
62. Andreas Iden (-12)

10000m
24. Espen Roll Karlsen (-6)
25. Yngve Kiserud (-6)
26. Bjarte Eikanger (-6)

110m hekk (100cm)
9. Sondre Rinde (-)

2000m hinder
3. Ole Martin Røssland (+2)
8. Stian Norheim (-)

3000m hinder
8. Ole Martin Røssland (ny)

Høgde
16. Amund Høie Sjursen (ny)
29. Magnus Leikvoll (-6)
44. Eirik Leikvoll (-6)

Stav
30. Eirik Leikvoll (-2)
30. Pål Haugen Lillefosse (-2)
41. Magnus Leikvoll (-3)
41. Ole Viken -3)

Lengde
10. Amund Høie Sjursen (-1)

Tresteg
15. Sondre Rinde (-2)
23. Henrik Almenningen (-6)

Fana - og ferdig med det (vonleg)

Eg har lyst til å lova at dette er siste gongen denne bloggen blir brukt til å skriva noko om Fana, men dessverre kan eg ikkje lova slikt. 

Det er til ein viss grad utanfor min kontroll. Som når friidrett.no i dag presenterer NECON-klubben Fana. Det er vel og bra, Fana må gjerna få vera Necon-klubb, for min del. 

Slike klubbpresentasjonar har friidrett.no hatt mange av, både i 2012 (då ordninga starta opp) og i 2013. Dette er gjerne rosemalte framstillingar av dei aktuelle klubbane, av status og av framtidsplanar. Heilt ok det også.

Men i denne presentasjonen av Fana finst namnet "BFG" heile 8 - åtte - gongar! 

BFG er nok kvitt Fana, men Fana er tydelegvis ikkje kvitt BFG.

Sagt på ein annan måte: Fana klarer ikkje presentera seg utan å snakka om BFG – heile åtte gongar.

BFG Bergen klarer fint å presentera seg utan å gjera det motsette:

BFG Bergen har utvikla og integrert samarbeidet med samarbeidsklubbane monaleg. Alle tre klubbane er formelt integrert i BFG sitt styre, med fulle rettar.

BFG Bergen legg til grunn at BFG si rekruttering i svært stor grad er samarbeidsklubbane. Både Bjarg og Kalandseid har gode miljø, som leverer utøvarar til BFG-gruppene. Gneist er landets beste barne- og ungdomsklubb. Klubben har 24 utøvarar som har nådd 1000 poeng inneverande sesong.

Det er krevjande å ha gode barne- og ungdomsmiljø (til og med 19 år). Difor finst BFG Bergen, for å tilby ressursar for eldre ungdommar og seniorar.

BFG Bergen er ikkje ein konkurrent til Bjarg, Kalandseid og Gneist.

BFG Bergen spelar på lag med samarbeidsklubbane.

Det er ikkje noko problem om utøvarar stiller på BFG-trening i utstyr frå samarbeidsklubbane. Det er ikkje noko problem om utøvarar stiller på trening i samarbeidsklubbane med BFG-utstyr.


For ungdommane i BFG sine samarbeidsklubbar i dag skal det vera ei ære å kunna kvalifisera seg for Holmenkollstafett, for junior- og senior-NM - og dermed kunna ikle seg BFG Bergen-drakta. 

Ok, så må eg seia noko om Fana også – heilt til slutt:

Ein stad i den famøse artikkelen heiter det:

"Det som skjedde på årsmøtet for rundt regnet et[t] år siden, har gjort Fana utelukkende godt."

Det som skjedde på årsmøtet til Fana for eitt år sidan, har gjort BFG utelukkande godt.

Og det har styrka Gneist på fleire vis. 

Pr. i dag samanliknar me epler og kaniner: Fana er pr. i dag ingen konkurrent på junior- eller seniornivå for BFG Bergen.

(Fana har visst også, ifølgje artikkelforfattaren, flyttta til "Bergens beste vestkant". Jaja, John Olav Nilsen treng no ein ny gjeng der ute.)

Då var eg ferdig med det. Neste blogginnlegg handlar om Gneist og BFG Bergen!

Og artikkelen om F finst her.

mandag 16. september 2013

Senior-markeringar, kvinner, pr. 16. september 2013

Her kjem det nest-siste blikket på Gneist- og BFG-utøvarane (kvinner i dag) sine markeringar i den nasjonale statistikken utomhus i 2013. Den siste kjem når me dei første snøfloksene har kome i lufta og me er heilt sikre på at utesesongen er definitivt over.

I sentrale meisterskapsøvingar er det Martine Eikemo Borge (400m, 800m), Monika Benserud (tresteg) og Anna Serine Røssland (3000m hinder) som er inne topp 10.

(I parentes i oversikten nedanfor er endring sidan sist presentasjon, 13. august.)

60m
5. Monika Benserud (-)
10. Elise Una Mikkelsen (-1)
15. Renate Lie (-3)
27. Maren Haugen Lillefosse (-3)

80m
1. Monika Benserud (ny)
2. Vilde Lund Bjørnsen (ny)
3. Elise Una Mikkelsen (ny)

100m
32. Monika Benserud (-8)
41. Elise Una Mikkelsen (-8)
45. Sara Berrefjord (-9)
60. Vilde Lund Bjørnsen (+18)
68. Maren Haugen Lillefosse (-9)
68. Renate Lie (-9)

200m
23. Martine Eikemo Borge (-3)
41. Monika Benserud (ny)
49. Renate Lie (-1)
52. Vilde Lund Bjørnsen (-4)
62. Sara Berrefjord (-8)
111. Elise Una Mikkelsen (-9)

300m
3. Renate Lie (-1)
13. Vilde Lund Bjørnsen (ny)
16. Iren Vevatne Isaksen (ny)

400m
4. Martine Eikemo Borge (-)
23. Renate Lie (-1)
37. Vilde Lund Bjørnsen (+7)
78. Elina Drivenes (-4)

600m
7. Renate Lie (+3)
35. Silje Stenersen (ny)

800m
4. Martine Eikemo Borge (-3)
34. Renate Lie (+1)
69. Elijna Drivenes (-11)
87. Thyra Hevrøy (-2)
90. Eline Myking (-16)
95. Silje Stenersen (-17)
101. Ingrid Næss Johansen (-14)
103. Vilde Omholt (-13)

1000m
8. Renate Lie (ny)

1500m
39. Eline Myking (-3)
44. Silje Stenersen (-3)
50. Ingrid Næss Johansen (-4)
57. Thyra Hevrøy (-2)
58. Anna Serine Røssland (-2)

2000m
11. Linn Seliussen (-2)

3000m
29. Anna Serine Røssland (-7)
35. Eline Myking (ny)
37. Ingrid Næss Johansen (-12)
53. Torun Øvergaard Aarvik (-18)
58. Thyra Hevrøy (-19)
61. Linn Seliussen (-19)

2000m hinder
5. Anna Serine Røssland (-)
9. Ingrid Næss Johansen (-)

3000m hinder
8. Anna Serine Røssland (ny)

Høgde
20. Nora Øvergaard Aarvik (+6)

Stav
10. Marianne Benserud (+1)
20. Monika Benserud (-1)
22. Sanne Myrmel (-2)

Lengde
11. Monika Benserud (-)
71. Maren Haugen Lillefosse (-6)

Tresteg
5. Monika Benserud (-2)

Kule
21. Benedikte Liland (ny)

Diskos
38. Benedikte Liland (ny)

Slegge
40. Benedikte Liland (ny)

Spyd
56. Benedikte Liland (ny)

søndag 15. september 2013

Bergenslekene - dag 2

Då var årets siste helgestemne over på Fana Stadion. Symbolsk nok enda det med vind, regn og temmeleg frostig, både på tribune og på konkurranseplass. Det blir godt med ein pause no, både for den eine og den andre. MEN: Heilt slutt er det ikkje. Mellom fleire småstemne finst det mest tradisjonsrike (...), nemleg det avsluttande løpsstemnet siste onsdagen i september - i år den 25.

Men (II): haust ingen hindring. Her var fine resultat å rapportera heim om også frå siste dag av årets Bergenslekene:

Silje Stenersen (J13) sprang 1500 meter på 4:53,59 (1068 poeng). Det blei ny pers og betring av eigen klubbrekord i J13. Det er også kretsaldersrekord, som ho no må seiast å ha saman med Marit Aarre frå Eidsvåg, som sprang - manuelt - på 4:53,5 i 1974.

Amund Høie Sjursen (G17) sprang (endeleg) 200 meter. Og det gjorde han med bravur. Tida blei 22,54 (1039 poeng). Det er seks tidelar betre enn Marius Benserud sin gamle klubbrekord i G17. Det er også fattige sju hundredelar bak U20-rekorden i BFG.

Pål Haugen Lillefosse (G12) persa med eitt hundredel på 60 meter hekk - til 9,96 (1048 poeng) - og betra dermed også klubbrekorden med det same hundredelet. Pål tangerte også lengde-persen sin på 4,88 (986 poeng).

Håvard Rinde (G12) følgde opp på same distansen - 60 meter hekk, altså - og sprang på 10,06 (1028 poeng). Håvard betra seg til 4,69 i lengde (948 poeng).

Endå eit nytt medlem i 1000 poengs klubben! Dei nye flotte lokala til IL Bjarg på Stavollen må truleg til for å halda "medlemsmøta" no! Dagens medlem heiter André Seliussen (G12), som har betra seg jamnt og trutt på 1500 meter utetter sesongen. Søndag blei det 4:53,39 - og altså 1004 tyrvingpoeng.

Herman Ellingsen (G11) hadde ein ny fin dag: Han hoppa 4,49  i lengde (988 poeng), sprang 60 meter hekk på 10,82 (936 poeng) og 80 meter på 12,03 (894 poeng).

Sjølv om målet var ei endå sterkare tid, så blei det no rekord både av det eine og det andre slaget for Anna Serine Røssland (J16) på 2000 meter. Tida 6:54,16 (935 poeng) er nøyaktig 22 sekund betre enn den gamle J16-klubbrekorden til Vilde Omholt. Men det er også kretsaldersrekord, nokre tidelar betre enn Synne Visnes si tid frå 2010.

Erlend Gjerdevik Sørtveit (G19) har hatt eitt år i Gneist-drakta og sprang truleg sitt siste baneløp som Gneist-ar søndag. (Neste år blir det "berre" BFG for Erlend.) Avslutninga førte med seg 5:54,63 på 2000 meter (916 poeng), og dermed blei det klubbrekord i G19 for Erlend (den var ledig).

Gjert Høie Sjursen (G13) sprang ein, for han, sjeldan 60 meter hekk. Det blei 10,27 i tid (906 poeng).

Emma Dahl Sørbo (J10) sprang på 6,89 på 40 meter (898 poeng). I tillegg hoppa ho 3,61 i lengde (897 poeng).

Eit godt lengderesultat blei det også på Amalie Ellingsen Nyheim (J11), som hoppa 3,73 (869 poeng).

Stian Norheim (G17) sprang sin 2000 meter på 6:14,98 (869 poeng).

Trym Andresen (G15) sprang 2000 meter på 6:41,40 (836 poeng).

lørdag 14. september 2013

Bergenslekene - dag 1

Jammen sa eg "Sees i regnet"...

Om dette var motto og mål for Bergenslekene, ja så var det fullklaff aldeles første dag, lørdag. Men midt i alt dette striregnet blei det altså prestert nokre forrykande resultat. I sprintøvingane var det noko så sjeldan på Fana Stadion som lillehammersk medvind!

Dagens klart sterkaste enkeltresultat serverte Kristoffer Blücher (G14), då han sprang 100 meter heilt ned på 11,65! Det er verdt heile 1119 poeng, det er ny kretsaldersrekord og berre knapt (eit tidel) bak den norske aldersrekorden.

Sondre Rinde (G15) slo til med 28,08 (1019 poeng) på 200 meter hekk. Då sletta han klubbrekorden til Marius Benserud frå 2004 (28,59) og Lars Jørgen Ytrehus frå 1979 (28,3, manuelt). Sondre persa også med to nye centimeter i lengde, til 6,05 (980 poeng).

Herman Ellingsen (G11) presterte ein fantastisk 60 meter på 8,79. Den er også verdt 1002 poeng og gir dermed fullt medlemskap i den vidgjete klubben. 2013-sesongen har vore eit lite eventyr for Herman.

Silje Stenersen (J13) persa på 800 meter med tre tidelar, til 2:24,19.

Pål Haugen Lillefosse (G12) sprang sin 60 meter på 8,44 (989 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G12) flytta 100 meter-persen sin heilt ned til 12,92 (979 poeng).

Høgde er mellom øvingane ein ikkje reknar med gode resultat i når regnet strøymer ned. Håvard Rinde (G12) trassa denne gamle visdommen og persa til heile 1,44 (958 poeng).

Emma Dahl Sørbo (J10) sprang 60 meter på 9,64 (894 poeng. Verdifulle kastpoeng blei det på også på Emma: Ho støtte kula 5,09 meter (876 poeng).

Eline Myking (J16) har teke godt vare på UM-formen og persa på 800 meter til 2:23,69 (884 poeng).

Ingeborg Strandenes (J10) sprang 60-meteren på 9,98 (802 poeng).


... og så "sees vi i... vinden" søndag...


Årets mest framgangsrike, Gneist, 2013 - pr. 14. september

Då kjem eit nest-siste blikk på "Årets mest framgangsrike" i Gneist i 2013. Det tar til å utkrystallisera seg nokre klare kandidatar til årets tittel. Sidan sist (4. juli) har det ikkje skjedd store endringar, det er, altså, snarare ei forsterkning av tidlegare trendar.

Før neste - og siste - oversikt - kjem helgas bergensleker, nornakarusell og diverse småstemne rundtom. Spesielt det siste kan føra til viktige lagseriepoeng og viktige endringar også i denne oversikten. Eg håpar ikkje minst Gneist kjem med sitt september-kaststemne!

Desse er dei mest framgangsrike i Gneist i 2013, ikkje lenge før sesongslutt (hugs at der det er 1000 poengsklubb-medlemmer mellom "topp 5", blir det fylt på med utøvarar under 1000 poeng):

JENTER
Løp
Vilde Omholt, Sara Tyssebotn Berg, Ida Karoline Michelsen, Gina Birkeland Milde, Amalie Ellingsen Nyheim.

Hekk/hinder
Anna Serine Røssland, Maren Haugen Lillefosse, Ingrid Næss Johansen, Anna Evensen

Hopp
Vilde Lund Bjørnsen, Ida Karoline Michelsen, Nora Øvergaard Aarvik, Anna Evensen, Silje Stenersen, Charlotte Harris, Malin Henrii (ny), Sara Tyssebotn Berg (ny)

Kast
Charlotte Harris, Victoria R. Bruun, Maren Haugen Lillefosse (ny)

GUTAR
Løp
Jens Larsen Åstveit, Gjert Høie Sjursen, Herman Ellingsen, Torbjørn Knag, Kristoffer Blücher, Thomas Blücher

Hekk/hinder
Erlend Borsholm, Espen Bjørndal, Ole Martin Røssland, Stian Øvergaard Aarvik, Stian Norheim, Kristian Schjønningsen

Hopp
Gjert Høie Sjursen, Magnus Leikvoll, Håvard Rinde, Pål Haugen Lillefosse, Amund Høie Sjursen, Herman Ellingsen, Espen Bjørndal (ny), Herman Hovland (ny), Erlend Borsholm (ny)

Kast
Håvard Rinde, Magnus Leikvoll, Kristian Schjønningsen, Amund Høie Sjursen (ny), Gjert Høie Sjursen, Erlend Borsholm, Henrik Irgens Gravdal (ny), Hans-Magnus Haukøy (ny)


fredag 13. september 2013

Best i Norge: UM i tal

Då har eg no site her og venta på offisielle tal og statistikkar etter UM på Lillehammer. Det er akkurat som om slikt kjem kvikkare dersom Tyrving toppar listene - eller er eg ufin no?

Her kjem i staden ein heilt uoffisell versjon, forfatta av bloggaren denne haustlege septemberfredagskvelden.

I 2011 var Gneist 30. beste klubben i UM.

I 2012 hadde Gneist klatra til 12. plass i klubboversikten.

I 2013 er Gneist BEST.

Som kjent vann GNEIST medaljestatististikken - både med flest gull og med flest medaljar totalt.

Her er topp 12-lista:

GNEIST
8 GULL
7 SØLV
9 BRONSE
TYRVING
7 GULL
5 SØLV
9 BRONSE
FRI
7 GULL
4 SØLV
3 BRONSE
NORNA-SALHUS
6 GULL
4 SØLV
4 BRONSE
STURLA
5 GULL
3 SØLV
4 BRONSE
BUL
5 GULL
1 SØLV
3 BRONSE
ÅLESUND
5 GULL
1 SØLV
1 BRONSE
DIMNA
5 GULL
0 SØLV
2 BRONSE
STORD
4 GULL
2 SØLV
2 BRONSE
SANDANE
4 GULL
1 SØLV
1 BRONSE
HOLUM
4 GULL
1 SØLV
0 BRONSE
LAKSEVÅG
4 GULL
0 SØLV
2 BRONSE


Ein ser her ein veldig vestlandsdominans. Bergensklubbane tar første, tredje og fjerdeplass på lista. I tillegg finn me Ålesund, Dimna, Stord, Sandane og Laksevåg her. Altså er til saman 8 av 12 klubbar frå vest. 

I tillegg til medaljeoversikt er det gjerne populært også å studera ein poengoversikt, bygt på ein klassisk olympisk poengskala for dei seks beste (der det er så mange) i kvar øving: 7-5-4-3-2-1. Og ganske rett: Her er kampen frå Tyrving langt tøffare, her spelar størrelsen til troppen til Tyrving så til dei grader inn. (Tyrving plukka ganske mange poeng - med opptil fleire lag - på dei avsluttande stafettane - der Gnesit-utøvarane stilte i BFG-drakt.)

MEN: Gneist gjekk til topps også i denne oversikten, med knepne 2 poeng (med høgde for feilmargin!) framor nettopp Tyrving. Dei to klubbane var heilt suverene.

Her er TOPP 15 - etter poeng:


GNEIST
155 poeng
TYRVING
153 poeng
FRI
90 poeng
NORNA-SALHUS
87 poeng
STURLA
77 poeng
BUL
70 poeng
ORION
69 poeng
MOELVEN
62 poeng
STORD
58 poeng
SKJALG
56 poeng
KRISTIANSANDS
54 poeng
ÅLESUND
51 poeng
DIMNA
51 poeng
KOLL
48 poeng
FAGERNES
46 poeng


No skal ein ikkje kvila på sine laurbær, men desse oversiktene må ein få lov til å kosa seg med i Gneist-leiren gjennom hausten (og halve vinteren).

Her er mykje å forsvara til 2014. Det "verste" er at eg trur utsiktene er gode for å klara det!

tirsdag 10. september 2013

Før Bergenslekene

"Vi sees i regnet", heiter det så kjekt i informasjonsmateriellet frå arrangørane av Bergenslekene. Det er jo ei slags heilgardering. Blir det regn, så er det i tråd med det arrangørane la opp til. Blir det fint, ja, så blir det fint...

Bergenslekene er årets siste helgestemne lokalt på bane. Det går alt komande helg og... vermeldarane heilgarderer dei og - med brukande ver lørdag og mindre brukande søndag, akkurat no.

Her er dei påmelde frå Gneist til årets siste helgestemne på Fana Stadion (10 år og eldre):

J10
- Una Haukanes: 40m, 60m, 600m, lengde
- Lea Låstad: 40m, 60m, lengde
- Emma Dahl Sørbo: 40m, 60m, 600m, lengde, kule
- Emma A. Voldsund: 40m, 60m, 600m, lengde

J11
- Amalie Ellingsen Nyheim: 60m, 80m, lengde

J12
- Maren Kathinka Myrmel: høgde

J13
- Anna Evensen: 100m, 200m, 60m, hekk, 200m hekk, lengde
- Silje Stenersen: 800m (J15), 1500m, 2000m (J15)

J14
- Sanne Myrmel: 60m hekk, høgde

J15
- Renate Lie: 200m, 800m
- Linn Seliussen: 800m, 2000m

J16/17 (eigen klasse i Bergenslekene)
- Thyra Hevrøy: 800m, 2000m
- Anna Serine Røssland: 800m, 2000m

G11
- Herman Ellingsen: 60m, 80m, 600m, 60m hekk, høgde, lengde, spyd

G12
- Pål Haugen Lillefosse: 60m, 80m, 60m hekk, 200m hekk, lengde
- Håvard Rinde. 60m, 80m, 60m hekk, høgde, lengde, spyd
- André Seliussen: 600m (G13), 1500m (G13)

G13
- Espen Bjørndal: 60m hekk, høgde, lengde
- Gjert Høie Sjursen: 100m, 60m hekk, lengde, kule, slegge, spyd

G15
- Trym Andresen: 800m, 2000m
- Eirik Leikvoll: høgde
- Sondre Rinde: 100m, 200m, 100m hekk, 200m hekk, lengde

G16/17 (eigen klasse i Bergenslekene)
- Herman Almenningen: spyd
- Magnus Leikvoll: høgde
- Amund Sjursen: 100m, 200m, høgde, lengde




Klare for Haugesund - og vel så det: UM-kvalifiseringsoversikt 2014

Eventyret på Lillehammer (eller heiter det "i Lillehammer"?) er over. Det er ein del av det ibuande i sporten at ein stadig rullar vidare, som ein evig såpeopera. Neste år er det Haugesund IL - ein av dei ivrigaste arrangørane i landet for tida - som overtar stafettpinnen som UM-arrangør utomhus.

Mykje vatn skal renna i havet, mykje sild skal fortærast, jazz skal spelast, film skal sjåast, osb. før den tid. MEN, alt no er det fleire Gneist-utøvarar som er kvalifiserte for Haugesund-UM enn det var Gneist-deltakarar på Lillehammer - 29 mot 28.

GUTAR

G18/19
Anders Bjørndal (800m)
Andreas Iden (3000m)
Magnus Leikvoll (stav, høgde)
Aleksander Lie (800m)
Stian Norheim (3000m)
Håvard Våge Opheim (stav)
Ole Martin Røssland (3000m)
Amund Høie Sjursen (100m, høgde, lengde)

G17
Henrik Almenningen (lengde, tresteg, spyd)
Emil Engelsen Holm (100m, 200m)
Stian Øvergaard Aarvik (800m, 3000m)
Jens Larsen Åstveit (800m, 3000m)

G16
Henrik Irgens Gravdal (800m, 3000m)
Eirik Leikvoll (Stav, høgde)
Sondre Rinde (100m, 200m, 100mh, lengde, tresteg, 300mh(* - høgare hekkar i G16))

G15
Kristoffer Blücher (100m, 200m, 800m, 300mh, lengde, tresteg)
Kristian Schjønningsen (300mh)

JENTER

J18/19
Marianne Benserud (stav, tresteg)
Monika Benserud (100m, 200m, stav, lengde, tresteg)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, 400m, 800m)
Vilde Omholt (800m)

J17
Elina Drivenes (200m, 400m, 800m)
Thyra Hevrøy (800m)
Ingrid Næss Johansen (800m)
Eline Myking (800m)

J16
Renate Lie (100m, 200m, 800m)
Maren Haugen Lillefosse (100m, 200m, 80mh, lengde)

J15
Sanne Myrmel (stav)
Nora Øvergaard Aarvik (høgde)

**

I tillegg må ta for gitt Anna Serine Røssland (ikkje kvalifisert enno, men 2000 meter hinder og 3000 meter er utan kvalifiseringskrav) og Linn Seliussen (gjeld det same for henne).

mandag 9. september 2013

UM-festen dag 3

Siste dag av årets UM blei den varmaste og finaste på tribunen, medan Gneist-gjengen var noko fredelegare i medaljefatet. Ingen gull den siste dagen, men ei handfull medaljar til blei det no - og nokre framifrå prestasjonar også.

På 2000 meter i G15 fekk me sjå ein fantastisk duell mellom Henrik Irgens Gravdal og Thomas Jefferson Byrkjeland frå Tjalve, der sistnemnde overraskande trekte det lengste strået. Men begge sprang inn på fantastiske tider - som høvesvis nr. 2 og nr. 3 på Alle tider-statistikken. Berre Sondre Nordstad Moen - med aldersrekorden på 5:35 har vore betre. Og det er ei røys sterke namn på lista bak søndagens kumpanar. Løpet til Henrik er verdt heile 1111 (stilig) poeng. Og det er klubbrekord både i G15 i Gneist, men også i BFG Bergen på distansen.

Renate Lie (J15) vann bronsen på 200 meter med 25,79, og ho sette med det også ein fin ny pers (1055 poeng).

Monika Benserud (J16) blei nr. 4 på 200 meter, men det gjorde ho på den gode tida 25,60 (1023) poeng. Her blei det også endå ein sesongbeste for Vilde Lund Bjørnsen (J16), med 25,84 (1004 poeng).

Jens Larsen Åstveit (G16) persa med nesten halvminuttet (!) på 3000 meter, då han sprang inn på 9:19,51 - altså berre fire og eit halvt sekund bak junior-NM- kravet (979 poeng).

Det blei to nye solide løp av Anna Serine Røssland (J16) og Eline Myking (J16), denne gongen på 3000 meter. Anna Serine persa til 10:35,00 (977 poeng), medan Eline debuterte på distansen på sterke 10:44,33 (955 poeng).

Vegard Albrigtsen (G15) persa endå ein gong, denne gongen med 6:28,61 på 2000 meter (893 poeng).

Henrik Almenningen (G16) fekk to sure 4. plassar i hoppøvingane tresteg og lengde i hegla. I lengde blei det tangering av pers (frå innesesongen), på 5,86 (892 poeng).

Det blei sesongbeste på 800 meter for Andreas Iden (G18) med 2:06,34 (804 poeng).

Magnus Leikvoll (G17) oppnådde sesongbeste i stav med 3,01 (555 poeng), det same gjorde Håvard Våge Opheim (G17) med sinde 2,91 (485 poeng).


Ingen Gneist-gull siste dagen, altså, men totalt blei det 8 GULL, 7 SØLV og 9 BRONSE! Det blir 24 medaljar til saman og dermed blei Gneist aller beste klubben i årets UM - ein strålande prestasjon. Men det er også ein unik breidde. Trond Leikvoll har laga ein oversikt som fortel at 21 ulike utøvarar har teke individuelle medaljar i UM/NM i 2013 - i tillegg til 6 stafettlag. Det er også så mange som 9 ulike utøvarar som har teke individuelle gullmedaljar i år.

MEDALJAR siste dag:
- SØLV: Anna Serine Røssland, J16, 3000 meter
- SØLV: Henrik Irgens Gravdal, G15, 2000 meter

- BRONSE: Renate Lie, J15, 200 meter
- BRONSE: Eline Myking, J16, 3000 meter

Når det gjeld spørsmålet om Bloggaren er beskjemma over at tipset mitt stoppa på 20 medaljar, så vil eg seia at eg er beskjemma på ein veldig positiv måte...

**

OG SÅ... blei det jo GULL også siste dagen. For heilt på tampen vann BFG Bergen sitt stafettlag 1000 meter stafett i jenter 17-19. Her var tre av fire jenter frå Gneist, den fjerde var startjenta Elise Una Mikkelsen, medan dei andre på laget var Monika Benserud, Vilde Lund Bjørnsen og Renate Lie.

UM-festen dag 2

Lørdag heldt UM-festen på Stampesletta fram med uforminska styrke. Det aller meste gjekk stolpe-inn for Gneist-troppen.

Sondre Rinde (G15) vann 100 meter hekk på 14,36 (1070 poeng), og med det sletta Sondre Marius Benserud sin 9 år gamle klubbrekord på distansen.

1000 poengs-klubben får stadig heilt nye medlemmer. Fredag blei Eline Myking og Thyra Hevrøy ønskt velkommen. Lørdag var turen endeleg komen til Emil Engelsen Holm (G16), som sprang persen sin på 200 meter heilt ned på 23,06 (1037 poeng). Det er også sletting av Espen Liland sin 8 år gamle klubbrekord i G16.

Renate Lie (J15) sprang ein flott 800 meter, persa til 2:17,06 (1021 poeng) og fekk med seg ein bronse attpå.

Monika Benserud (J17) vann gull i lengde på 5,65 (1021 poeng). I tillegg sprang ho 200 meter-kvalifiseringa si på 25,72 (1014 poeng).

Det har lete venta på seg med medlemskapet i den nemnde 1000 poengs-klubben i år for Ole Martin Røssland (G18). Men med pers med 11 sekund på 2000 meter hinder - til 6:12,78 - blei det sikra (1009 poeng).

Nøyaktig 1000 poeng er den nye høgde-persen til Amund Høie Sjursen (G17) verdt. Han hoppa 1,93 då han vann eit ganske klart UM-gull. Det er også ny U20-rekord i øvinga i BFG Bergen.

Stian Norheim (G17) har opplevd å vera like utanom dei 1000 poenga tidlegare, med 999 poeng. Denne poengsummen blei det på Stian også lørdag, då han persa skikkeleg på 2000 meter hinder, til 6:25,06. I tillegg blei det bronse.

Eirik Leikvoll (G15) gjekk heilt til topps i høgde, med ny pers 1,77 (979 poeng).

Henrik Almenningen (G16) har jakta junior-NM- kravet i tresteg mykje av sesongen. Etter UM er han no berre to fattige centimeter unna: 12,68 oppnådde han der (938 poeng).

Jens Larsen Åstveit (G16) persar som ein vane. På 800-meteren er bestetida no flytta ned til 2:03,98 (928 poeng).

Vegard Albrigtsen (G15) presterte eit nyt solid løp. Det blei pers med 3 sekund på 800 meter - med tida 2:08,19 (924 poeng).

Thyra Hevrøy (J16) hadde meir futt i beina etter kanonløpet på hinder fredag. 2:23,79 på 800 meter er pers med nesten to sekund (883 poeng).


** Etter 2 dagar av UM hadde så Gneist oppnådd heile "kvoten" på 20 medaljar!

8 gull, 5 sølv og 7 bronse var fasiten lørdagskvelden.

MEDALJAR:
- GULL: Monika Benserud, J17,l lengde
- GULL: Sondre Rinde, G15, 100 meter hekk
- GULL: Henrik Irgens Gravdal, G15, 800 meter
- GULL: Eirik Leikvoll, G15, høgde
- GULL: Amund Høie Sjursen, G17, høgde
- GULL: Amund Høie Sjursen, G17, lengde

- SØLV: Marianne Benserud, J18/19, stav

- BRONSE: Renate Lie, J15, 800 meter
- BRONSE: Stian Norheim, G17, 2000 meter hinder
- BRONSE: Ole Martin Røssland, G18/19, 2000 meter hinder

Best i Norge! - UM-festen dag 1

Trygt heime igjen - både familien og Caravellen - frå tidenes UM i friidrett for IL Gneist. Gneist toppar medaljestatistikken framfor Norges største klubb, Tyrving. Tyrving hadde 82 kvalifiserte utøvarar, Gneist hadde 28 deltakarar på Lillehammer. Sterke saker, svært sterke saker.

Sidan det skal skje opptil fleire saker og ting denne mandagen, 9. september, så blir gjennomgangen stykkevis og delt - det skal jo stemmast, mellom anna, i løpet av dagen.

Først til dag 1 - fredag 6. september:

Framfor alt symboliserte 1500 meter hinder-løpet i J16 Gneist-dominansen det skulle bli denne helga. Tredobbelt siger var over all forventning, men det skjedde også i eit felt der utøvarane imponerte med sterke tider, alle som ein. Anna Serine Røssland vann på 5:08,49 (1075 poeng). Det er betring av eigen J16-klubbrekord i Gneist med 13 sekund, det er også ny klubbrekord i BFG Bergen på distansen. Eline Myking persa også med 13 sekund og tok ein glimrande 2. plass på 5:13,36 (1053 poeng), medan Thyra Hevrøy persa med godt over 20 sekund (!), då ho spurta forbi dei aller fleste og vann tredjeplassen på målstreken med tida 5:14,25 (1049 poeng).

Sondre Rinde (G15) sletta eigen klubbrekord i tresteg då han kom seg over 13-meteren for første gong. Han hoppa 13,17 (vann sølv) og plukka med seg 1037 tyrvingpoeng.

Jens Larsen Åstveit (G16) persar og persar i denne jubelsesongen. På 1500 meter hinder var det rettnok debut, men den gjekk svært godt for seg: Jens sprang på 4:42,46 (986 poeng).

Vilde Lund Bjørnsen (J17) fann formtoppen på Lillehammer. På 100 meter blei det årsbeste på 12,74 (977 poeng). Årsbeste blei det også på 400 meter (der det i tillegg blei sølvmedalje!) med 58,85 (967 poeng).


Og så blei det heile 10 medaljar første dag - og mitt førehandstips var på god veg til å bli dømt alt for smålåte (20 medaljar totalt):

MEDALJAR:
- GULL: Anna Serine Røssland, J16, 1500 meter hinder
- GULL: Monika Benserud, J17, tresteg

- SØLV: Eline Myking, J16, 1500 meter hinder
- SØLV: Vilde Lund Bjørnsen, J17, 400 meter
- SØLV: Sondre Rinde, G15, tresteg
- SØLV: Amund Høie Sjursen, G17, 100 meter

- BRONSE: Thyra Hevrøy, J16, 1500 meter hinder
- BRONSE: Monika Benserud, J17, 100 meter
- BRONSE: Sondre Rinde, G15, 300 meter hekk
- BRONSE: Eirik Leikvoll, G15, stav

torsdag 5. september 2013

UM - Live og ikkje live

Fredag startar årets UM på Lillehammer. Dit skulle eg i skrivande stund vore på veg, men tradisjonen tru trøblar Caravellen med bremsene før langturar i friidrettssamanheng til Austlandet (sist: før junior-NM i Sigdal i 2012).

No satsar me på at det er slik nokolunde fiksa og at me klarer å koma oss av garde om ikkje så alt for lenge.

Destinasjon: Øyfjellvegen, Tretten, Øyer kommune.

Igjen utanfor folkeskikken, straum, vatn, internett, osb.  Men mykje elg, det er det.

Dermed blir det ingen tett-på- oppdatering frå UM på denne bloggen. I staden blir det naturlegvis rikhaldig(e) oppsummering(ar) like over helga - parallelt med innspurten på Stortingsvalet. (Det er no eg skulle ha sagt "utan samanlikning elles", men kven veit.)

Heilt live kan ein i staden følgja meisterskapet på nett-tv via denne lenka.

Då skal eg ut og sveiva i gang bilen.

onsdag 4. september 2013

Veterankonkurransen 2013 - pr. 4. september

Apropos veteranar... Dette blir siste blikket på Veterankonkurransen for i år, før den høgtidlege avrundinga ved årsslutt.

Då får dei involverte ta denne presentasjonen av stillinga til inspirasjon som best dei kan. No på slutten av sesongen finst det mange småstemne der det er muleg å slenga seg på. Fleire har vore flinke på dei par-siste Norna-karusellane. Ja, årets veteransesong er mellom dei beste i hypermoderne tid (altså sidan eg tok til å følgja med på 35+).

Bjarte Eikanger styrka stillinga si i toppen etter 10.000-meter- løpet sitt på Bislett i juli. Jostein Lie sesongdebuterte seint, men godt og har hoppa inn på ein 5. plass, medan Petter Rasmussen har klatra opp på pall-plass.

Her er stillingen (med poeng- og plass- endringar frå presentasjonen 9. juli i parentes):

1. Bjarte Eikanger 2582 poeng (+654) (-)
2. Morten Seliussen 1790 poeng (+355) (-)
3. Petter Rasmussen 1374 poeng (+172) (+1)
4. Robert Hisdal 1219 poeng (-) (-1)
5. Jostein Lie 1158 poeng (ny)
6. Geir Sjursen 931 poeng (-) (-1)
7. Egil Johan Hessen 848 poeng (+6) (-1)
8. Trond Leikvoll 719 poeng (+329) (+3)
9. Yngve Kiserud 659 poeng (-) (-2)
10. Sigve Stenersen 645 poeng (-) (-2)
11. Torun Øvergaard Aarvik 573 poeng (-) (-2)
12. Ole Viken 502 poeng (+2) (-2)
13. Bente Rosvold Midtun 388 poeng (+53) (-1)
14. Øyvind Liland 355 poeng (ny)
15. Arve Rinde 325 poeng (-) (-2)
16. Arne Lillefosse 170 poeng (-) (-2)

Veterantreff

Den mykje omtalte (-) kampen i den eldre generasjonen - mellom Jostein Lie, Morten Seliussen og Petter Rasmussen overskugga naturlegvis det meste anna under tirsdagens Norna-karusell på Fana Stadion. Denne gongen var det på 800 meter dei møttest til dyst. Og denne gongen var det Morten som var sterkast. Men tidene imponerer storleg: Morten sprang på 2:16,28, eldstemann Jostein på 2:17,39 (!) og Petter på 2:25,25.

1-1 mellom Morten og Jostein, der Jostein vann 400 og Morten no altså 800. Tips: Ta finalen på ein 600 meter!

På 300 meter fekk me 44,29 på 12-åringen Pål Haugen Lillefosse og 42,90 på "mosjonisten" Iren Vevatne Isaksen.

Maren Kathinka Myrmel (J12) betra seg i høgde til 1,25 (857 poeng).

Og ungdommen slo veteranen i kulekampen i familien Leikvoll. Der har no Magnus Leikvoll beste kuleresultatet i BFG i år, med 9,33, medan Trond støtte kula 8,44 meter.

tirsdag 3. september 2013

Før UM - 7. og siste bolken

Då tar me resten og kjem i mål, før Indian Summer kjem over oss, både her vestpå og på Austlandet: Det er ikkje måte på kva for september-temperaturar me blir lova!

I diskos, gutar 17 går Amund Høie Sjursen broderen i næringa. Han er ein av 8 på startlista og Amund er faktisk 6. rangert. Favoritt er Thor Olav Rosvold (Asker), med solide kastgener, medan Tarald Strømsnes (Ask) og Erlend Ulvestad (Brodd) er andre medaljefavorittar.

Sondre Rinde er gullfavoritt på 100 meter hekk, gutar 15. Toralv Opsal (Ålesund), som er favoritt i så mange andre øvingar, er hakket bak på førehand, medan Vegard Hope Bjørge (Eiker-Kvikk) er bronsekanddidat. Totalt 5 er påmeldt korthekken.

I stav, gutar 15 blir det medalje på alle som stiller - berre 3 er påmeldt. Audun Bakke Jensen (Koll) er soleklar favoritt, medan Eirik Leikvoll er sølvkandidaten. Tredjemann på lista er Jan Robert Nijmeijer (Urædd).

Siste individuelle øving eg har på lista mi er stav, gutar 17, der Gneist stiller med 2 av 5 utøvarar. Mangt og mykje kan skje i stav, men våre to, Magnus Leikvoll og Håvard Våge Opheim er rangert som nr. 4 (Magnus) og 5 (Håvard) på førehand. Jon Simen Mangseth Hilstad (Moelven) har hatt fin framgang i år og er favoritt, med Jonas Bergkvist Melå (også Moelven) og Steinar Sollien Nicolaisen (Horten) rangert framfor våre to.

Heilt til sist til stafettane:

Her er det BFG som stiller lag - sjølv om brorparten av utøvarane vil koma frå Gneist: Eit gutelag i G15-16 og eit jentelag i J17-19. I begge høva er det snakk om 1000 meter stafett. No har eg naturlegvis finvurdert alle aktuelle kandidatar og kan spå om kven som blir trøyttast når me kjem til avslutninga søndagen for kvart enkelt lag.

Vel, å spå om 1000 meter stafett er vanskeleg, uhyre vanskeleg. For gutane er det 8 lag påmeldt, for jentene heile 12 lag. Eg nøyer meg med å fastslå at BFG er medaljekandidat i begge klassar, om alt klaffar. For gutane er det heile 5 lag som kan kjempa om medaljane, slik eg ser det. Her er normalt Dimna klarast favoritt, medan det synest ganske jamnt mellom Koll, BFG, Ullensaker/Kisa og Tyrving sitt førstelag. For dei eldste jentene verkar Tyrving aller sterkast, Steinkjer kan bli gode om 400-meteren sit som den skal, medan lag som Kristiansand, Selsbakk, Sandnes og Haugesund også kan bli utfordrarar til BFG i kampen om medalje.


Heilt til sist: Etter vurderingane kan det vanka 6 gull, 8 sølv og 6 bronse til Gneist (inkludert eventuelle stafettmedaljar til BFG). No kryssar me fingrane og satsar på at alle er så godt som skadefrie og friske når me kjem til helga. Likevel: I praksis vil det bli stang-ut her og der, men det blir etter erfaringa også ein del stang-inn. 

DIFOR: Mitt utgangspunkt er at Gneist (/BFG) kan nå opp i 20 medaljar i årets UM, noko som vil vera ei knallsterk bragd - og føra klubben opp mot dei aller beste i landet.

Og stigninga har vore bratt: I 2011 blei det 3 medaljar til Gneist i UM (alle i bronse). I 2012 steig det til 7 medaljar (3 gull og 4 bronse). 

Men først skal det no konkurrerast då...

mandag 2. september 2013

Før UM - 6. bolken

Det er ikkje heilt Deadline Day, eg treng i alle fall éin dag til før eg er i mål med alle Gneist-startane til årets UM.

I høgde, gutar 15 er Eirik Leikvoll utfordrar til medalje - 4. rangert som han er. Han er ein av fleire som er éin fattig centimeter bak 3. rangerte Inge Eide Johnsen (Fana). Favoritt er (også her) Toralv Opsal (Ålesund), med Mathias Wester frå junior-NM- arrangør Overhalla bak der. Her det 9 påmelde.

Stian Norheim skal på lørdag jakta medalje på 2000 meter hinder i gutar 17. Stian er hinderspesialist og bør absolutt ha sjansar her. Eg rangerer han på bronseplass på førehand, bak Mathias Berntzen Engevik (Nittedal) og Sigurd Mjøen (Vollan). Stian er ein av seks på startlista.

Meir hinder: Både Stian Øvergaard Aarvik og Jens Larsen Åstveit er påmeldt 1500 meter hinder, gutar 16. I denne klassen har det kome 11 påmeldingar. Lars Lunde (Stord) synest å vera i god formstigning og er favoritt, framfor Stian og med Sondre Strøm (Laksevåg) på 3. plass. Jens har mindre erfaring med hinder, men blir rangert på ein 6. plass på førehand.

Endå meir hinder: I jenter 16 blir det også sprunge 1500 meter. Medan det tragisk nok er 0 deltakarar i jenter 15 si hinderøving (!), så er det fine 11 utøvarar på lista i J16. Her er dei to Børsa- jentene Johanna Jansson og Kristine Gundersen favorittar, etter fine tider i deira hinderdebut på Trondheim Stadion nyleg. Fjorårsvinnar Anna Serine Røssland er 3. rangert. Også Eline Myking (5) er medaljeutfordrar. I tillegg er Ingrid Næss Johansen (6) og Thyra Hevrøy (7) med frå Gneist, så sjølv om trønderane har favorittane, så er det Fana Stadion som har hinder-miljøet i Norge nett no.

Også dagens siste øving er for jenter 16, nemleg 3000 meter, som går på søndag og som har så mange som 14 namn på startlista. Tre av desse er frå Idrettslaget Gneist si friidrettsgruppe. Her må Anna Serine Røssland finna seg i å vera favoritt, med dei tre beste tidene på distansen så langt i år. Ingrid Næss Johansen har nest-beste bestetid. Både 3000-debutant Kristine Gundersen (Børsa), Marthe Klausen (Sturla) og også 3000-debutant Eline Myking har medaljesjansar.


Eg er i ferd med å mista teljinga, men vurderingane skal no tilseia følgjande medaljefangst:

5 - 7 - 4

søndag 1. september 2013

1000 - og litt til

Me har oppført oss fint i helga. Me blei nøydde til det, omgitt som me var av politifolk. BFG Bergen var teknisk arrangør av årets Politimesterskap - der det blei kåra politimesterar (ja, dei blei kalla det) i ei rekkje øvingar.

Svært positivt var det at Benedikte Liland i løpet av mesterskapet serverte BFG nærare 3000 poeng (!) heilt åleine i årets lagserie, og - altså - på eiga hand løfta BFG-damene opp frå nedrykksplass til ein plass på øvre halvdel av landsseriens øvste divisjon. Fantastisk!

Heilt på slutten av Politimesterskapet blei det lagt inn eit par løpsøvingar for ikkje-politifolk i eit offisielt treningsstemne.

80 meter sprang Monika Benserud på 10,39 (970 poeng) og Vilde Lund Bjørnsen på 10,68 (909 poeng). Monika si tid er ny klubbrekord i Gneist i J17 - der det ikkje var notert nokon 80 meter-rekord frå tidlegare, men me er storsinna og noterer ein no.

1000 meter var det Renate Lie (J15) som hadde sterkaste prestasjonen. Ho vann kvinneklassen på 3:10,09 (914 poeng).

Men det var Eline Myking (J16) og Vilde Omholt (J18) som sette kvar sin klubbrekord. Eline sletta like så godt Vilde sin to år gamle rekord i J16, då ho sprang i mål på 3:15,74 (882 poeng), medan Vilde sette ein splitter ny rekord i J18, då ho fekk tida 3:25,02.

Ein løpar sprang 1000 meter på gutesida. Det var Ole Martin Røssland (G18), som fekk tida 2:46,73 (848 poeng).

*

... Og litt til: Det var ein sur avslutningsdag av Peab-leikane på Osterøy søndag. Det blei mange flotte Gneist-plasseringar, men eg har berre notert meg ei forbetring. Det var Anna Evensen som sprang 200 meter hekk på 33,01 (969 poeng).

Før UM - 5. bolken

800 meter, gutar 18/19 stiller Gneist med heile 5 av dei 32 utøvarane på startlista under neste helgs UM på Lillehammer. Det er naturlegvis sterkt. Men ingen av dei 5 kan gjera seg realistiske voner om å kjempa i toppen. Anders Bjørndal er høgast rangert som nr. 18 - og Anders har slite med skade dei siste vekene. Elles stiller Erlend Gjerdevik Sørtveit (20), Anders Strømblad Hansen (24), Ole Martin Røssland (26) og Andreas Iden (28).

Jentene sin 400 meter i klasse 17 år har 14 namn på startlista. Mellom dei er Vilde Lund Bjørnsen. Vilde er 5. rangert og medaljekandidatane er årets komet på distansen, Sara Dorthea Jensen frå Bryne, Anna Sofie Førre (Haugesund), Caroline Fleischer (Ski) og Irene Johansen (Sørum).

I eit par blogginnlegg før UM er det gjort eit poeng av at U18-VM- fararen Amund Høie Sjursen har slite med ein skade i andre del av sesongen. Han har gått glipp av både junior-NM og hovud-NM. Til UM skal Amund, men favorittøvingane 100 meter og lengde heng i ein tynn tråd. I lys av det er det gledeleg å fastslå at Amund kjempar om gullet i høgde, gutar 17! Karsten Warholm står over høgdekonkurransen denne gongen, noko som betyr ein svært spennande og jamn konkurranse mellom dei 13 påmelde og, altså, at Amund absolutt har gullsjanse. Han har, saman med Eric Alberto Marhaug (Bodø), årsbeste på startlista med sine 1,90. Om ikkje det var nok, så er Magnus Leikvoll utfordrar til medalje. Marius Skauen (Fredrikstad) er berre eitt av fleire namn som også vil kjempa om medalje. Dette er på papiret ein av dei mest opne og spennande konkurransane under UM.

Sondre Rinde er som vanleg ein travel kar når det er stemne og meisterskap. Både i tresteg og 300 meter hekk i gutar 15 er Sondre medaljekandidat. I tresteg er det 8 namn på startlista. Sondre er 3. rangert, bak Toralv Opsal (Ålesund) og Henrik Skulevold (Sandnes). På langhekken er det berre fire påmelde, og det er etter måten tett mellom dei fire, med Opsal eit lite hakk framfor Sondre, og med Thomas Jefferson Byrkjeland (Tjalve) og Thomas Svendsen (Fredrikstad) bak der.

Til slutt i dag til 800 meter, jenter 16, der 97-gjengen i klubben blir representert av Thyra Hevrøy. På denne distansen er det høg kvalitet og solid breidde i toppen. Thyra er rangert som nr. 17 av 23 utøvarar på førehand, men får gode ryggar uansett heat. Nora Kollerød Wold (Fredrikstad), Kristine Gundersen (Børsa) og Benedicte Myhre (Sem) har best tider på førehand.


Etter rangeringa er medaljetipset så langt:

4 - 6 - 1