torsdag 31. oktober 2013

Alle Tider - Jenter og gutar 18: Tøffare tider

Det er ikkje i nærleiken så mange som konkurrerer i 18/19-klassane som det er i 13-klassane, til dømes. På den andre sida er dei historiske prestasjonane temmeleg sterke i svært mange av øvingane i dei eldste klassane. Dei beste resultata er stort sett svært sterke også i dei yngre klassane, men det er nok jamnare og tøffare i toppen mellom dei eldste. Spesielt gjeld det i klassiske øvingar, som det har vore konkurrert i gjennom mange år.

I denne siste gjennomgangen av lokale markeringar i "Alle tider-statistikken" handlar det om 18-åringane. Det er til og med 18 år det finst slike oversikter for gutar og jenter.

For jentene er det i ei øving som ikkje er fullt så klassisk i denne tydinga at det finst ei topp 10-plassering mellom dei eldste. Det er Marianne Benserud, som finst på 7. plass, med sitt 3,20-hopp i stav. (Til samanlikning hoppa "Skal vi danse"-stjerna Cathrine Larsåsen 3,50 som 18-åring.)

Elise Una Mikkelsen sin 100 meter på 12,52 plasserer henne på ein 90.plass, medan Sara Berrefjord, som sprang på 12,55 på same distansen i 2013, finst på 100. plass for 18-åringar på 100 meter "gjennom alle tider".

Ole Martin Røssland er representanten mellom gutar på 18 år. Begge markeringane er i hinder:
* 68. plass på 3000 meter hinder (10:01,84)
* 96. plass på 2000 meter hinder (6:12,78)

tirsdag 29. oktober 2013

Alle Tider - Gutar 17: Amund opp mellom dei beste

Amund Høie Sjursen er  talentet som har gått frå å ligga eit hakk bak dei aller beste i Hordaland til å vera mellom dei aller beste i landet. Ja, ikkje berre mellom dei aller beste i landet i gutar 17 i 2013, men også "gjennom alle tider".

100 meter er Amund heile oppe på 8. plass gjennom alle tider etter si tid på 10,89 i år. Og det er ein sterk årgang han er del av, for han er "berre" nr. 3 i år med denne tida. Også Karsten Warholm (10,86) og Even Meinseth (10,88) er heilt i toppen på den historiske lista. På toppen av G17-lista på 100 meter er kjente namn som Aham Okeke (10,62), Fernando Ramirez (10,73) og John Ertzgaard (også 10,73). Ein utøvar som åtte år etter 17års-sesongen var Europas beste på 200 meter, Geir Moen, ligg nede på 35. plass med 11,14 på 100 meter som 17-åring.

I lengde plasserer Amund seg på ein 10. plass etter det barrierebrytande hoppet på 7,02 i 2013. Her er det også to andre av årets 17-åringar som plasserer seg framfor: Karsten Warholm (7,30) og Ingar Kiplesund (7,17). Hoppet til Warholm er aldersrekord i G17, så (også) her er Amund i godt selskap.

Endeleg plasser han seg på ein 37. plass (før jamføring av ute- og inneresultat er gjort) på 60 meter, med tida 7,20. Dette er til dømes same tida som bestemann på 100 meter, Aham Okeke, hadde som 17-åring og det er hundredelen raskare enn John Ertzgaard si tid.

mandag 28. oktober 2013

Alle Tider - Jenter 17: Monika og Vilde

Som i fleire år tidlegare er det Monika Benserud og Vilde Lund Bjørnsen som markerer Gneist på kartet i 1996-årgangen for jenter. Dei er å finna på til saman åtte plassar i Alle tider-statistikken i jenter 16 etter 2013-sesongen - seks markeringar for Monika og to for Vilde:

Monika:
* nr. 4 i tresteg (12,27)
* nr. 42 i stav (2,63)
* nr. 48 i lengde (5,65)
* nr. 56 (*) på 60 meter (7,98) (* her blir inne- og uteresultata i øvinga kombinerte i den endelege oversikten)
* nr. 58 på 100 meter (12,42)
* nr. 64 på 200 meter (25,60)

Vilde:
* nr. 21 på 300 meter (42,37)
* nr. 90 på 200 meter (25,84)

lørdag 26. oktober 2013

Alle Tider - Gutar 16: Tre gutar, fire markeringar

Medan det i andre klassar er ein eller to enkeltutøvarar som dominerer oversikten over kven frå Gneist som etter 2013-sesongen er å finna i Alle tider-statistikken, så er det tre utøvarar som til saman har fire markeringar i Gutar 16.

Pittelitt spreiing på øvingane er det også - i alle fall innanfor den løpsdominerte klubben som Gneist er. For medan tre av dei fire markeringane er på hinder og 3000 meter, så finst det også ei på 200 meter:

Stian Øvergaard Aarvik
* 18. plass på 1500 meter hinder (4:28,45)
* 90. plass på 3000 meter (9:00,89 - utandørs; Stian hadde 8:55,73 innomhus i januar)

Jens Larsen Åstveit
* 48. plass på 1500 meter hinder (4:42,46)

Emil Engelsen Holm
* 53. plass på 200 meter (23,06)

fredag 25. oktober 2013

Alle Tider - Jenter 16: Hinder med noko attåt

Det er hinderøvingar som verkeleg dominerer når Gneist-jentene sine markeringar i J16 i den historiske Alle tider-statistikken skal presenterast.

Anna Serine Røssland har til saman 4 markeringar, 3 av dei i hinder:
* 2. plass på 3000 meter hinder (11:35,57 - kretsaldersrekord)
* 5. plass på 1500 meter hinder (5:08,49)
* 8. plass på 2000 meter hinder (7:21,91)
* 9. plass på 2000 meter (6:54;16 - kretsaldersrekord)

Men også alle dei fire andre markeringane i årsklassen er komne på hinder, tre av dei på 1500 meter hinder og den fjerde på 2000 meter hinder:

Eline Myking: 7. plass på 1500 meter hinder (5:13,36)

Thyra Hevrøy: 9. plass på 1500 meter hinder (5:14,25)

Ingrid Næss Johansen:
* 11. plass på 2000 meter hinder (8:01,91)
* 29. plass på 1500 meter hinder (5:32,99)

... Så her var hinder ingen hindring...

torsdag 24. oktober 2013

Alle Tider - Gutar 15: Ein heil bråte

Dette innlegget må gå rett på sak, ikkje noko utanomsnakk og snikk-snakk: For i gutar 15-klassen er det såpass mange markeringar i den historiske Alle tider-statistikken etter 2013-sesongen at det ikkje er nokon veg utanom.

Flest besøk i historikken er det Henrik Irgens Gravdal som har - 6 i talet:
* nr. 3 på 2000 meter (5:40,13 - kretsaldersrekord)
* nr. 5 på 1500 meter hinder (4:27,72 - kretsaldersrekord)
* nr. 7 på 600 meter (1:25,40)
* nr. 7 på 3000 meter (8:56,92)
* nr. 14 på 800 meter (1:57,85)
* nr. 15 på 1500 meter (4:07,12)

Svært sterk sesong - ikkje minst i hekk - var det også på Sondre Rinde, som har fått seg 4 plasseringar i "All Time Best":
* nr. 9 på 200 meter hekk (28,08)
* nr. 13 på 300 meter hekk (41,00)
* nr. 17 i tresteg (13,17)
* nr. 20 på 100 meter hekk (14,36)

Ein framifrå sesong kan også Eirik Leikvoll sjå tilbake på. Han var over 3,50 innomhus, men med 3,40 ute er han å finna som nr. 50 i stav i den historiske oversikten.

Til sist tar me også med oss Andreas Jensen (Kalandseid), som med 5:10,59 på 1500 meter hinder er nr. 85 på distansen.

onsdag 23. oktober 2013

Alle Tider - Jenter 15: Renate og Maren

Eg er gjort merksam på at eit par av årsklassane ikkje er vidare oppdatert på landsbasis. Mellom anna var det fleire av våre som presterte godt under Bergenslekene midt i september, medan fleire av årsklassane ikkje er oppdatert sidan tidleg i september.

Dette får me gøyma i hjartet og ha i bakhovdet i gjennomgangen...

To J15-jenter har markert seg i Alle tider-statistikken i denne årsklassen i 2013. Den eine kan me kan henda tilføya eit faktisk til, nemleg Maren Haugen Lillefosse, som fekk ein god del av sesongen øydelagt av skadetrøbbel. Men trass i dette er ho - altså - faktisk inne på ein 20. plass på 80 meter hekk (11,88), ein distanse (korthekk) som så langt synest å vera ei favorittøving. Men kven veit, når Maren er heilt i orden igjen, så kan det fort bli andre øvingar der ho også markerer seg sterkt.

Renate Lie har hatt ein ny sterk sesong. Tidlegare er det omtalt korleis ho har blitt etter måten sterkare i sprint denne sesongen, men rettare er det å seia at Renate framstår som ein framifrå langsprintar. Så får me sjå korleis utviklinga blir dei komande åra, men bakom lokkar nok solide framsteg på 800 meter, vil eg tru.

Her er Renate sine Alle tider-markeringar i jenter 15:
* 4. plass på 300 meter (40,47)
* 10. plass på 400 meter (57,77)
* 14. plass på 600 meter (1:37,66)
* 31. plass på 200 meter (25,79)
* 59. plass på 60 meter (8,11)
* 105. plass på 800 meter (2:17,06)

tirsdag 22. oktober 2013

Alle Tider - Gutar 14: Kristoffer x 9!

Eg må vedgå at det alt er ei god stund sidan eg trudde taket var nådd for Kristoffer Blücher. Då tenker eg ikkje på tider, der kjem han til å bryta nye barrierar lenge enno, men i nærmast total dominans. No ja, eg veit han har fått seg nokre nye konkurrentar gjennom 2013-sesongen, men ein 14-åring som set tre aldersrekordar ein og same sesong er ikkje kvardagskost. Og til saman har Kristoffer pressa seg inn heile 9 stader i Alle tider-statistikken for 14-åringar. Sterke saker.

Først, dei tre nasjonale aldersrekordane - der det for to av dei var nærmast utklassing av dei gamle rekordane:
* 300 meter: 37,23 (den gamle var på 38,49)
* 400 meter: 52,44 (den gamle var på 53,58)
* 300 meter hekk: 41,85 (her var den gamle på 41,87)

Og her er dei seks andre markeringane i G14-historikken for Kristoffer:
* nr. 4 på 100 meter (11,65)
* nr. 9 på 600 meter (1:28,23)
* nr. 13 på 200 meter (24,11 - kretsaldersrekord)
* nr. 28 på 200 meter hekk (29,54)
* nr. 32 på 60 meter (7,53)
* nr. 32 på 800 meter (2:04,32)

... Og i 2014 når Kristoffer UM- og junior-NM- alder (og for så vidt senior-NM- alder...)

mandag 21. oktober 2013

Alle Tider - Jenter 14: Håp i hopp

Nokre stader tar dei det heilt ut - og etablerer eigne løpeklubbar, som tilfellet har vore i Klæbu, Namdal og Tromsø, til dømes.

Gneist er i manges auge først og fremst ein løpeklubb, og det er rett at dei aller fleste driv med springing og dei aller fleste startane er i løpsøvingar.

I periodar finst det nokre kastarar, men nokon kasteklubb er Gneist svært sjeldan.

I hopp, derimot, har klubben jamleg hatt utøvarar som har markert seg - alt frå øvingane i hopp utan fart vinterstid, til gode lengde- og tresteghopparar utandørs. Dei siste sesongane har fleire stavhopparar markert seg i gruppa til Paavo, i tillegg til at all denne spensten fører til gode høgderesultat også.

I jenter 14 er det nettopp to hopparar som har markert seg i Alle tider-statistikken etter 2013-sesongen:

Debutanten av året, Sanne Myrmel, susar inn på ein 26. plass i stavsprang, med sitt besteresultat på 2,60.

Og Nora Øvergaard Aarvik, som sette ny klubbrekord i år med 1,60, er å finna på 65. plass i høgde etter 2013-sesongen.

søndag 20. oktober 2013

Alle Tider - Gutar 13: Gjerts gjennombrot

13-åringane er dei yngste som finst på Alle Tiders-statistikkane - i alle fall dei offisielle. Det er altså Anna Evensen og Silje Stenersen sine aller første markeringar i denne oversikten, det dei oppnådde for 2013-sesongen. For gutane er det Gjert Høie Sjursen som susar inn på dei historiske listene - med heile seks markeringar.

Det er sagt ein god del om Gjert sin 2013-sesong tidlegare. Gjert har i fleire år vist at han er Gneist sin store kastar. I ein klubb der store kastarar er sjeldne og mangelvare, så har han vist svært så lovande taktar sidan han kasta sin første, vesle ball for fleire år sidan. 

Den styrken har Gjert framleis, men i 2013 har han også følgt i broder Amund sine sko og prestert både i hopp og i sprint. Og det er i sprintøvingar og i kast Gjert no er inne på Alle Tider-statistikken, slik:

107. plass - 200 meter: 26,81
94. plass - 100 meter: 12,92
86. plass - kule: 13,62
76. plass - 60 meter hekk: 10,27
13. plass - slegge: 39,44
12. plass - diskos: 40,65

lørdag 19. oktober 2013

Alle Tider - Jenter 13: Anna og Silje

Etter 2013-sesongen har Anna Evensen (x 3) og Silje Stenersen snike seg inn på oversikten over dei beste gjennom "alle tider" for jenter 13.

"Alle tider" er jo ei veldig overdriving naturlegvis, men i alle fall gjeld oversikten alle dei godkjende resultata i dei aktuelle øvingane i "moderne tid". For nokre øvingar for jenter, til dømes tresteg og stav, er "alle tider" berre nokre få år tilbake.

Aller høgast klatrar Anna, med sin 21. plass på 60 meter hekk (9,73).

Ho er etter denne sesongen elles nr. 42 i tresteg (10,21) og nr. 58 på 200 meter hekk (68cm) med 33,03.

Silje har skrive seg inn i J13-historiebøkene med si tid på 4:53,59 på 1500 meter. Det gir henne ein 26. plass gjennom - altså "alle tider".

Bloggen

It's my life and I'll do what I want 
Don't push me
It's my mind and I'll think what I want 
It's my life
It's my life and I'll do what I want 
And I can do what I want
It's my mind and I'll think what I want 
You can't tell me
It's my life and I'll do what I want


The Animals



Vyrde blogg-lesarar!

Dette er IKKJE eit lyrikk-innlegg.

Dette er ei programerklæring.

Ja, sjølv om det tidleg i desember vil vera 3 år sidan Bloggen starta opp, så er det no behov for ei programerklæring:

1. Dette er MIN blogg!

2. Bloggen er ikkje i regi av IL Gneist Friidrett

3. Mi tilknyting til Gneist pr. dato: Eg er trenar i Gneist Friidrett si PU-gruppe og eg har til og med utomhus-sesongen 2013 ført statistikk for Gneist.

3. Bloggen er heller ikkje i regi av BFG Bergen Friidrettsklubb.

4. Det siste punktet må presiserast ein gong til: Eg er styremedlem i BFG – som ein av ti. Det er altså ikkje eg åleine som bestemmer det som skjer i BFG…

5. ALL innsasts i Gneist og BFG er 100 prosent basert på dugnadsinnsats. Eit kvart reknestykke økonomisk går i kraftig minus. Det er andre typar reknestykke som går i solid pluss, når eg skal vurdera om det «er verdt det».

6. Bloggen er mitt con amore prosjekt innan friidretten.

7. Det inneber at eg har drive den fordi eg har glede av den.

8. Bloggen skal ikkje og kan ikkje bli ein arena for friidrettsk krangel og ufred. Og tru meg; den finst.

9. Har eg det ikkje kjekt med Bloggen, så sluttar eg – eller tar lengre pausar, saman med mine venner i musikken J

10. I Bloggen kan ingen og ingenting bli «utegløymt» i seg sjølv. Den treng ikkje vera uttømmande på alt og alle. HER er det EG som bestemmer. Eg skriv om akkurat det eg vil til ei kvar tid.

***

Og Bloggen?

Bloggen vil bli langt mindre ein «nyhetsblogg».

Her vil bli statistikk og analysar og oversikter.

Og så tar me det som det kjem.


Lars Arve
Kjellaren, 19. oktober 2013



tirsdag 15. oktober 2013

Spørsmål og svar

Kva synest du om at Drillo måtte gå før dei to siste kvalik-kampane?

BÅDE TÅPELIG OG FORKASTELIG. SAMTIDIG.

Er Bloggen hacka av ein eller annan på Litteraturhuset ("Lyrikkbloggen")?

NEI.

Kjem Bloggen tilbake, slik me kjenner den?

VEIT IKKJE. KANSKJE. KANSKJE IKKJE.

Kjem det noko Clash-sitat med det første?

JA!:

Always tease tease tease
You're happy when I'm on my knees
One day is fine, next is black
So if you want me off your back
Well come on and let me know
Should I stay or should I go?


The Clash

tirsdag 8. oktober 2013

Springe på - heilt tom



I don't know where I'm running now, I'm just running on
Running on - running on empty
Running on - running blind
Running on - running into the sun
But I'm running behind


Jackson Browne



søndag 6. oktober 2013

Håp om sol


It's rainin' but there ain't a cloud in the sky
Musta been a tear from your eye
Everything'll be okay
Funny thought I felt a sweet summer breeze
Musta been you sighin' so deep
Don't worry we're gonna find a way

I'm waitin', waitin' on a sunny day
Gonna chase the clouds away
Waitin' on a sunny day


Bruce Springsteen




fredag 4. oktober 2013

Retur



Truth is an arrow and the gate is narrow that it passes through
He unleashed His power at an unknown hour that no one knew
How long can I listen to the lies of prejudice?
How lang can I stay drunk on fear out in the wilderness?
Can I cast it aside, all this loyalty and this pride?
Will I ever learn that there'll be no peace, that the war won't cease
Until He returns?

Bob Dylan

tirsdag 1. oktober 2013

Oktober




Så er det blitt oktober -
og siste ferja er gått.


Ragnar Hovland