søndag 2. februar 2014

Nytt Marianne-gull - inne-NM dag 2

Siste års junior Marianne Benserud forsvarte NM-gullet i høgde utan fart i juniorklassen i Stangehallen søndag. Ho hoppa 1,35, som er fem centimeter høgare enn under NM i Haugesund i fjor, men samtidig fire centimeter bak persen til Marianne. Den blei sett i hallen på Ranheim for 3 år sidan.

Konkurransen var monaleg sterkare for Marianne dette året enn fjoråret i Haugesund, så dette var eit fortent gull.

Gullet til Marianne blei dagens store BFG-beholdning, men søster Monika Benserud fekk med seg ein fin 8. plass i lengde for kvinner, senior. 5,21 blei det i årsdebuten for Monika. Her var det etter måten tett oppover listene.

Ingrid Næss Johansen sprang 3000 meter på 11:12,31, noko bak sesongbeste frå Nornalekene, medan det gjekk tyngre for Erlend Gjerdevik Sørtveit i dag, då han sprang på 2:09,73 på 800 meter.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar