mandag 31. mars 2014

Før NM/UM i terrengløp

Me har hatt eit fantastisk vårvér siste dagane. Aller finaste dagen var truleg då det var KM i terrengløp på Stend lørdag. Ifølgje vermeldarane skal dette ta slutt, om ikkje så altfor lenge.

Nærare bestemt synest både dei trauste i Yr og dei nyrike i Storm at det skal ta slutt på lørdag. Det er dagen når ein del av våre lokale heltar skal ta den korte vegen med ferjo over Bjørnafjorden, for å springa NM/UM i terrengløp, kort løype, ved golfklubben på Stord (Haga).

Parkløpet på Stord gjekk i NM-løypene for eit år sidan, og som Kondis-reportasjen viser, så er det svært tøffe løyper når regnet får gjera sitt. Så får me håpa at veromslaget og lågtrykksfronten blir utsett dei nødvendige timane, men frykta det motsette...

Her er ein kort gjennomgang av klassane der det er BFG-/moderklubb-utøvarar med førstkomande lørdag (i alle fall etter startlistene):

I jenter 16 blir det medalje til Gneist! Her er det nemleg ikkje meir enn 4 utøvarar på startlista. Favoritt er sølv-vinnar frå tilsvarande konkurranse i fjor, Else Bratteland frå Sørild i Grimstad. Bak henne blir det ein ny duell mellom lagvenninnene Renate Lie og Linn Seliussen. Lørdag vann Renate KM, knepent framfor Linn. Då var distansen halvparten så lang som den vil vera på Stord. Dermed bikkar tipset i retning Linn denne gongen, men det blir spennande - og det bør bli to medaljar til Gneist, i alle fall.

Det blir langt tøffare konkurranse i jenter 17. Her er det 11 namn på startlista - heile 5 av dei frå IL Gneist. Gneist-jentene skal lada opp med tur over Hardangerjøkulen i veka, så får me sjå korleis det gir seg utslag lørdag. Hordaland dominerer, både på startlista og mellom favorittane. Nr. 1 og 2 på Stend lørdag må finna seg i å vera favorittar også under UM: Ingrid Halvorsen Folvik (Bergen Turn) og Christina Ellefsen Hopland (Varegg). Bak der er det fleire Gneist-jenter, saman med Kristine Gundersen (Selsbakk) som vil kjempa: Ingrid Næss Johansen, Eline Myking, Anna Serine Røssland, Thyra Hevrøy og Elina Drivenes.

I menn, junior er det endå fleire påmelde - heile 24 utøvarar. 3 av dei er frå BFG Bergen: Andreas Iden, Ole Martin Røssland og Stian Norheim. I skrivande stund er Ole Martin mellom dei usikre til start, medan Andreas og Stian sprang brukbare KM-løp lørdag og vil bita godt frå seg i ei tung og lengre løype på Stord. Men favorittane finst frå andre klubbar ved dette høvet: Kristian Tjørnhom (Kristiansand), heimefavoritten Lars Jonassen Føyen, Edvard Kamperud Nygaard (Tjalve), Magnus Hannevig Pettersen (Sturla) er nokre av dei sterkaste namna.

I menn, senior har 33 utøvarar meldt seg på. Her er kretsmester i U23, Erlend Gjerdevik Sørtveit og Espen Roll Karlsen BFG-namna på lista, men Espen er også mellom dei mindre sikre til start på mi liste. Også her er det lokale namn mellom favorittane, ikkje minst i KM-vinnar Marius Vedvik (Gular). Morten Velde (Haugesund - han med bloggen), Tom Erling Kårbø (Stord), Hans Kristian Fløystad (Tjalve) er andre brukbare tips til plassar høgt oppe.


søndag 30. mars 2014

Sommartid

God sommar! Sommartida er innført, både på klokka og i veret. Aller mest sommarleg var det lørdag, då KM i terrengløp blei arrangert på Stend.

Ingvild Myking vann jenter 15-klassen som ho ville. Det var Ingvild sitt andre KM-gull i terrengløp.

Renate Lie tok sitt sjette strakte KM-gull i terreng då ho vann J16-klassen, men denne gongen var det nett så vidt. Linn Seliussen kom sterkt på slutten og var rett bak Renate i mål. Hedda Grønhaug (Bjarg) tok bronsen.

I J17 var det Anna Serine Røssland som blei den lokale medaljevinnaren, då ho tok bronsen, bak Ingrid Folvik (Bergen Turn) og Christina Hopland (Varegg).

Vegard Albrigtsen overbeviste då han tok sitt første KM-gull og vann G16-klassen.

I gutar 18/19 blei det tredje KM-gullet i terreng til Jørgen Tvedt frå Norna-Salhus - det første vann han på Stend som 15-åring. Sølvet i klassen gjekk til Andreas Iden, som blir endå sterkare når det blir baneløp.

I fjor blei det sølv i 18/19, bak nemnde Jørgen Tvedt, for Erlend Gjerdevik Sørtveit, men denne gongen gjekk han til topps i U23-klassen, med eit godt løp over 3 km.

I tillegg blei det også KM-gull på Petter Rasmussen i 40-44- klassen.

torsdag 27. mars 2014

Før KM i terrengløp

Aaah, for ein vår...! Markene på Stend/Stavollen er rett som det er skrekkeleg blaute. Denne gongen er dei det ikkje. Eg ser framleis for meg at det kan bli svært mykje tyngre forhold - i tillegg til lengre løyper - når me kjem til NM i terrengløp på same markene 11. oktober. Men til KM komande lørdag blir det tørre bakkar og tosfira tal grader!

Gneist er arrangøren ved dette høvet (og BFG Bergen til hausten).

Det er berre 15 år og eldre det blir arrangert KM for denne helga, medan Frisk i Fyllingsdalen tar seg av dei yngre første helga i mai.

Her er BFG-klubbane sine deltakarar:

Jenter 15
Her er det 3 påmelde utøvarar - medalje til alle... - og Ingvild Myking (Bjarg) er storfavoritt til KM-gullet.

Gutar 15
Her debuterer Jan Jakobsen (Bjarg) i denne typen løp. Det blir spennande å sjå korleis treningsivrige Jan får det til i desse løypene. Han har fire andre i startfeltet i klassen.

Jenter 16
Her stiller det 4 jenter - 3 av dei frå IL Gneist. Sidan det "berre" er 1000 meter i terrenget, så får Renate Lie vera favoritt til å ta sitt sjette strake KM-gull i terrengløp, men Linn Seliussen vil truleg ikkje vera langt unna. Og så blir det kamp om 3. plassen mellom Maria Josefine Berg og Bjarg-jenta Hedda Grønhaug.

Gutar 16
5 deltakarar er påmeldt i denne klassen. Orienteringsløparen Markus Kjærner-Semb frå Varegg er favoritt, men ein Vegard Albrigtsen i stadig framgang bør vera kandidat til plassen bak der, truleg i hardast konkurranse med Magnus Heggøy (Ask).

Jenter 17
Heile sju sterke 1997-jenter finst på startstreken i denne klassen. Varegg har favoritten i klassen i Christina Ellefsen Hopland - nyleg kjent frå tosiders-oppslag i BA. Også løpsferske Ingrid Halvorsen Folvik (Bergen Turn) og ei røys med Gneist-jenter er med i medaljekampen: Eline Myking, Ingrid Næss Johansen, Anna Serine Røssland, Thyra Hevrøy og Elina Drivenes.

Gutar 18/19
Lørdagens største felt finst i denne klassen: Her finst 10 namn på startlista. Dersom eg er småfeig og tippar kven som er i topp 6, så finst alle tre Gneist-utøvarane der, i tillegg då til 3 andre: Jonas Gjesdal (Varegg) er knepen favoritt, medan både Jørgen Tvedt (Norna-Salhus) og Tom Skjæråsen (Norna-Salhus) blir å rekna med, i tillegg til Andreas Iden, Ole Martin Røssland og Stian Norheim.

U23 - menn
Her er det 3 frå kretsen på lista, i tillegg til at Dag Einar Bøtun frå Stavanger Friidrettsklubb (Spirit) også finst her. Det er gode grunnar til å tru at dette blir eit jamt felt, der vår mann, Erlend Gjerdevik Sørtveit, bør ha sjanse til å hevda seg, saman med Espen Joensen (Fri) og Morten Aadland Fossmark (Varegg).

Menn senior
Dette er eit 8 mann sterkt felt - og då meiner eg sterkt. Her er utøvarar som også kjem til å prega NM-konkurransen på Stord om ei god veke. Det skal springast 3000 meter, noko som gjer konkurransen endå meir open. Marius Vedvik (Gular) har vist kanonform i vinter, medan den ferske Varegg-løparen Halfdan-Emil Færø, Jonas Lurås Hammer (Gular) og Erik Hovlandsdal (Norna-Salhus) også vil vera med og prega dette. BFG-representanten er Espen Roll Karlsen. Espen er ein av fleire BFG-påmelde som har slite med skade i det siste, så her er det håpet at Espen startar og er i gang igjen.

**

Så er Petter Rasmussen og Egil Johan Hessen påmelde i sine respektive veteranklassar. Begge skal - dersom det ikkje kjem eit renn med etterpå-påmeldingar i finaveret - vera sikra medalje: Petter har éin konkurrent, Egil to ved påmeldingsfristens utløp.

onsdag 26. mars 2014

Kvalifiseringsoversikt, BFG Bergen, pr. 26. mars 2014

Når innesesongen er avrunda, er det på tide med ein statusrapport når det gjeld BFG-kvalifiserte til norgesmeisterskapa i 2014 (og 2015). Det er i tillegg eit par utøvarar som har realistiske håp om å kvalifisera seg til internasjonalt meisterskap denne sommaren, så dette ser bra ut.

Hovud-NM 2014 (Jessheim, 22. - 24. august)
** Her har det ikkje skjedd endringar i kven som er kvalifiserte. Me snakkar framleis om 7 kvinner og 1 mann. Klubbens håp - og mål - er at talet skal auka noko utover våren.

For kvinner er det heilt klart ein fordel å ha etternamn på B:

- Marianne Benserud
- Monika Benserud
- Sara Berrefjord
- Martine Eikemo Borge
- Vilde Lund Bjørnsen
- Renate Lie
- Elise Una Mikkelsen

- Amund Høie Sjursen

Junior-NM 2014 (Fredrikstad, 8. - 10. august)
** Sidan oversikten ved nyttår her på bloggen så har talet på kvalifiserte auka frå 29 til 31: 16 jenter og 15 gutar, så her er kjønnsfordelinga betre enn for hovud-NM. Lista er over kvalifiserte, heilt utan omsyn til kva for satsing utøvarane har akkurat no (eller for den saks skuld; utan omsyn til kort- eller langvarig skadesituasjon):

- Marianne Benserud
- Monika Benserud
- Sara Berrefjord
- Vilde Lund Bjørnsen
- Elina Drivenes
- Thyra Hevrøy
- Ingrid Næss Johansen
- Renate Lie
- Maren Haugen Lillefosse
- Elise Una Mikkelsen
- Eline Myking
- Ingvild Myking
- Sanne Myrmel
- Ingrid Helene Nyhus
- Anna Serine Røssland
- Nora Øvergaard Aarvik

- Henrik Almenningen
- Anders Bjørndal
- Kristoffer Blücher
- Henrik Irgens Gravdal
- Emil Engelsen Holm
- Andreas Iden
- Eirik Leikvoll
- Magnus Leikvoll
- Sondre Rinde
- Ole Martin Røssland
- Amund Høie Sjursen
- Stian Øvergaard Aarvik
- Jens Larsen Åstveit

- Jørgen Austvik
- Erlend Gjerdevik Sørtveit

***

Frå og med innesesongen, som nett er tilbakelagt, så er det også muleg å kvalifisera seg til meisterskapa i 2015 - då hovud-NM skal gå i Haugesund sommarstid og junior-NM i Byrkjelo.

4 kvinner og 1 mann (totalt 5) er kvalfisert til hovud-NM i 2015 alt no.

10 jenter og 7 gutar (til saman 17) er kvalifiserte til junior-NM i Byrkjelo.

Så då skulle me ha det.

tirsdag 25. mars 2014

Adelskalender, BFG - 400 meter

Då prøver me å koma oss i mål med "adelskalender"-gjennomgangen for denne gongen. Nest siste distansen på mi blokk er 400 meter. Mona Karin Riisnes (Riise) er alt nemnt som klubbrekordinnehavar i sprint over heile fjøla. På 400 meter pustar likevel Martine Eikemo Borge henne i nakken. Også Vilde Lund Bjørnsen og Renate Lie av dagens utøvarar er høgt oppe på lista for kvinner:

1. Mona Karin Riisnes 53,88
2. Martine Eikemo Borge 54,05
3. Anne Skudal Dolvik 56,14
4. Vilde Lund Bjørnsen 57,73
5. Renate Lie 57,77
6. Irene Mildestveit 58,74
7. Maren Hjelle 59,02
8. Christine Bjelland Jensen 59,10
9. Elin Mildestveit 59,22
10. Helene Risti Bergaas 59,41
11. Synne Dragesund Rørvik 59,58
12. Lise R. Hovlandsdal 59,76
13. Anne Bjelland Jensen 60,61
14. Vibecke R. Kvale 61,26
15. Elina Drivenes 61,28

For menn er 400 meter langt frå den sterkaste distansen for dagens utøvarar - sjølv om det stadig er håp om betring. Atle Douglas tronar øvst (1990), medan Espen Liland og Marius Benserud er dei ferskaste på lista (2008 og 2006):

1. Atle Douglas 47,64
2. Jens Storhaug 48,88
3. Torbjørn Schjøtt 49,61
4. Espen Liland 49,65
5. Bjørn Soltvedt 49,91
6. Marius Benserud 49,92
7. Thomas Green 50,03
8. Morten Benserud 50,40
9. Tormod Sveen 50,51
10. Thorbjørn B. Unhammer 50,62

lørdag 22. mars 2014

Hopp og sprett

Det blei nesten vår før det tradisjonsrike hoppstemnet på Ytrebygda skole blei arrangert av Gneist denne innesesongen. Fredag kveld var det på plass, og ein god gjeng hoppa både langt og høgt.

Her er BFG-resultata å melda om:

Stille lengde

* Amund Høie Sjursen hoppa heile 2,80. Frå før hadde han 2,61 (frå Ytrebygda-stemnet i fjor.)

* Kristian Schjønningsen hoppa så langt som 2,58.

* Same lengde - 2,58 - blei det på Magnus Leikvoll, som hadde 2,50 frå KM på Osterøy i 2012.

* Eirik Leikvoll betra seg med 14 cm frå tilsvarande stemne i fjor - til 2,56.

* Stian Norheim blei målt til 2,44. Han hadde 2,29 alt som 14-åring under Gneist-stemnet i 2011.

Stille høgde

* Amund Høie Sjursen svinga seg over 1,40. Han hadde 1,35 frå tilsvarande stemne i 2012.

* Stian Norheim kom seg over 1,05.

---

Og elles blei det fleire fine resultat frå mini-troppen på Bamselekene på Stange lørdag: Elina Drivenes vann 600 meter i J17, med 1:43,14, og Sondre Rinde (G16) vann klart lengde i sin klasse med 6,06 - 1 cm bak pers.

onsdag 19. mars 2014

BFG i Norge (inne) - menn, pr. 19. mars 2014

Framleis med atterhald om eit par-tre uteståande inneresultat, så kjem her oversikten over BFG-markeringar i norgesstatistikken etter innesesongen 2013-2014 for menn. Her er det utvilsamt Amund Høie Sjursen som skil seg ut, heilt i norgestoppen som han er, både på 60 meter og i lengde - og så godt som også i høgde.

Her er oversikten

(topp 50 - endringar i parentes frå presentasjonen her på bloggen 7. februar):

60 meter
5. Amund Høie Sjursen 6,88 (+6)

150 meter
2. Magnus Leikvoll 18,80 (-)

600 meter
17. Vegard Albrigtsen 1:30,39 (ny)
18. Stian Øvergaard Aarvik 1:30,59 (ny)
24. Stian Norheim 1:31,99 (ny)

800 meter
36. Espen Roll Karlsen 2:09,90 (-15)
37. Jørgen Møklebust Austvik 2:02,10 (-15)

1500 meter
31. Stian Øvergaard Aarvik 4:10,34 (-11)
34. Espen Roll Karlsen 4:11,30 (-16)
37. Jørgen Møklebust Austvik 4:12,91 (-17)
41. Jens Larsen Åstveit 4:14,62 (-12)
43. Erlend Gjerdevik Sørtveit 4:16,20 (-19)

3000 meter
9. Stian Øvergaard Aarvik 8:42,08 (-)
42. Jens Larsen Åstveit 9:19,21 (-2)

Høgde
6. Amund Høie Sjursen 1,98 (+7)
19. Eirik Leikvoll 1,83 (-2)
22. Magnus Leikvoll 1,80 (-5)

Høgde utan tilløp
43. Eirik Leikvoll 1,38 (-14)

Stav
20. Eirik Leikvoll 3,60 (-)
23. Magnus Leikvoll 3,13 (-1)
26. Ole Hartvig Nissen Viken 2,95 (-2)

Lengde
2. Amund Høie Sjursen 7,46 (ny)
26. Sondre Rinde 6,07 (-13)
31. Henrik Almenningen 6,01 (-14)

Tresteg
6. Sondre Rinde 13,36 (-2)
7. Henrik Almenningen 13,03 (-1)

Tresteg utan tilløp
20. Magnus Leikvoll 7,65 (-4)
23. Eirik Leikvoll 7,36 (-4)

tirsdag 18. mars 2014

BFG i Norge (inne) - kvinner, pr. 18. mars 2014

Utanom nokre få enkeltresultat (heilt lokalt og frå Stange, vil eg tru) så kan me lukka inne-boka for denne gongen.

Og her er BFG-markeringane i norgesstatistikken frå innesesongen 2013/2014

(topp 50 - endringar i parentes frå presentasjonen her på bloggen 6. februar)

60 meter
12. Monika Benserud 7,79 (-1)

150 meter
1. Monika Benserud 18,61 (-)

200 meter
27. Sara Berrefjord 25,80 (ny)
35. Vilde Lund Bjørnsen 26,05 (ny)
38. Renate Lie 26,09 (-18)

400 meter
20. Renate Lie 59,69 (-11)

600 meter
2. Renate Lie 1:40,41 (ny)
7. Ingrid Næss Johansen 1:43,70 (ny)
8. Ingvild Myking 1:44,08 (ny)
24. Michelle Floor Heggeland 1:55,42 (ny)

800 meter
25. Ingvild Myking 2:20,99 (ny)
34. Renate Lie 2:23,31 (ny)
37. Elina Drivenes 2:23,79 (ny)
39. Eline Myking 2:23,91 (-20)
50. Anna Serine Røssland 2:26,18 (-21)

1500 meter
21. Eline Myking 4:51,44 (ny)
22. Ingvild Myking 4:51,68 (ny)
31. Ingrid Næss Johansen 5:02,15 (ny)
34. Anna Serine Røssland 5:08,00 (ny)

3000 meter
15. Ingvild Myking 10:17,94 (-1)
24. Ingrid Næss Johansen 11:04,88 (-2)

60 meter hekk
28. Elise Una Mikkelsen 9,80 (ny)

Høgde
24. Nora Øvergaard Aarvik 1,58 (+2)

Høgde utan tilløp
2. Marianne Benserud 1,35 (-)

Stav
16. Sanne Myrmel 2,72 (-2)

Lengde
24. Monika Benserud 5,21 (-12)

Lengde utan tilløp
2. Vilde Lund Bjørnsen 2,65 (-)

Tresteg
4. Monika Benserud (-3)
30. Marianne Benserud 10,14 (ny)

Tresteg utan tilløp
1. Monika Benserud 7,49 (-)
5. Marianne Benserud 6,96 (-1)
7. Sanne Myrmel 6,59 (-1)

mandag 17. mars 2014

Veterankonkurransen 2014

Om fire dagar arrangerer Gneist sitt hopp utan tilløp-stemne - ein del seinare enn vanleg. På dette stemnet er det ein viss tradisjon for at ein del menn (ja, det er vel ikkje sjeldan det er kvinner - så langt er det vel meir som aldri) over 35 år stiller både i bortover- og oppover-hopping utan fart. Og dermed plukkar dei også poeng i Veterankonkurransen.

Denne konkurransen blei jo ganske klart vunnen av Bjarte Eikanger i 2013. Han har slite med skade ei god stund no, men før det plukka han nok poeng til å trona på toppen etter innesesongen (sett bort frå det nemnde hoppstemnet):

1. Bjarte Eikanger 1046 poeng
2. Ole Viken 486 poeng
3. Petter Rasmussen 430 poeng
4. Egil Johan Hessen 318 poeng

Det er ganske smålåte enno, altså, men det kjem seg nok etter kvart. Mellom anna er det ein del ivrige kastarar i klubben, sjølv om dei ikkje heilt veit sjølve kor ivrige dei er. 

Og så har det blitt tradisjon for utfordrar-konkurransar for gamle folk. Det er vel ingen grunn til å tru at ikkje den kjem opp igjen - når gradene blir såpass varme at også dei 35+ synest det går an å bevega seg utandørs.

torsdag 13. mars 2014

Adelskalender, BFG - 200 meter

Det er like før me rullar saman arkivmappene for mellomsesongens presentasjon av "Adelskalenderen" i BFG. Som sagt; her er komne nokre korrigerande innspel. Så satsar me på at opptil fleire av dagens aktive kjem til å slå seg inn på listene til me tar dei fram igjen.

I dag er me komne til ei øving der det finst mange resultat, men så er det også ei øving som er temmeleg sentral i friidretten - 200 meter.

Først til kvinnene:

Ein av dei sentrale Gneist-trenarane akkurat no, Mona Karin Riisnes (Riise) har jo klubbrekorden langs heile sprint-fjøla - og naturleg nok også på 200 meter. Kjekt er det at me på lista finn fleire av dagens aktive - som bør ta mål av seg til å klatra på den alt i 2014:

1. Mona Karin Riisnes 23,97
2. Anne Beth Espetvedt 24,55
3. Anne Skudal Dolvik 24,67
4. Camilla Dahle 24,74
4. Iren Vevatne Isaksen 24,74
6. Christine Bjelland Jensen 25,05
7. Kjersti Ristesund 25,14
8. Martine Eikemo Borge 25,22
9. Vilde Lund Bjørnsen 25,51
10. Monika Benserud 25,60
11. Renate Lie 25,79
12. Sara Berrefjord 26,04 (** under dette inne sist helg)

OPPDATERT:
Thor Gjesdal har med rette peika på at den opphavlege 200-lista for menn på Bloggen hadde ein del manglar. Ja, dei var vel såpass omfattande at det nedanfor kjem ei oppdatert topp 12-liste. Den totale lista for menn inneheld faktisk heile 26 namn.

 Men framleis er det Johan Sørstrønen, som toppar som klubbrekord-innehavar:

1. Johan Sørstrønen 21,75
2. Thomas Green 21,95
3. Geir Sjursen 22,31
4. Bjørn Soltvedt 22,40
5. Ketil Espetvedt 22,47
6. Rune Dolvik 22,48
7. Amund Høie Sjursen 22,54
8. Marius Heggholmen 22,55
9. Eivind Skare 22,56
9. Jens Storhaug 22,56
11. Kjetil Bakketun 22,65
12. Jørn Birknes 22,69



onsdag 12. mars 2014

Adelskalender, BFG - korthekk

Målet er å koma igjennom denne "adelskalender-oversikten" før utesesongen er over oss. Og då meiner eg naturlegvis bane-utesesongen, for terrengløp og stafettar er i høg grad over oss ganske snart. (Det er vel difor eg ser snø og minusgrader i enden av mitt langtidsvarsel?)

No ja, eg er i alle fall komen til korthekken - ja, det blir heitande så, sidan det her er 10 meter skilnad mellom kvinner og menn. Sjølv om det er ein del skilnader i vekt og hekkehøgder mellom kjønna i friidretten, så er korthekken spesiell på akkurat dette viset.

For kvinner er det då 100 meter hekk det gjeld om, og her har eg spadd fram 9 namn, der Anne Beth Espetvedt er klubbrekord-innehavar - endå ein av desse klubbrekordane frå stiftingsåret, 1987. Anne Beth Espetvedt og Kjersti Ristestund (no Bjørndal) er i ein eigen klasse på oversikten, og dei einaste under 14 blank:

1. Anne Beth Espetvedt 13,39
2. Kjersti Ristesund 13,98
3. Anne Skudal Dolvik 15,27
4. Benedikte Liland 16,03
5. Anne Bjelland Jensen 16,15
6. Torill Untiedt Bjørgan 16,26
7. Linn Oppedal Strann 16,28
8. Eline Bruce 16,58
9. Hilde Hovlandsdal 16,63

For menn er det færre namn og det er etter måten sjeldan me har hatt utøvarar i øvinga i det siste - sjølv om det truleg er folk på veg her!

1. Kjetil Espetvedt 14,5/14,87
2. Erlend Gjøen 15,68
3. Thor Gjesdal 15,86
4. Johan Sørstrønen 16,37
4. Morten Benserud 16,37

tirsdag 11. mars 2014

UM-medaljar

Trond Leikvoll har laga den heilt uoffisielle, men likevel naturlegvis pålitelege, medaljestatistikken etter årets inne-UM.

Der er Gneist nest-beste klubben, bak svære Tyrving..

Det er Gneist si beste plassering i eit inne-UM i "moderne tid" (som eg har oversikt over).

Først, her er topp 10- klubbane i 2014 - frå Trond sin oversikt:


GULL
SØLV
BRONSE
TOTALT
TYRVING
11
4
9
24
GNEIST
8
7
3
18
TJALVE
7
4
4
15
ORION
5
3
1
9
ÅLESUND
5

3
8
BUL
5

3
8
DIMNA
4
4
4
12
SANDNES
4
3
2
9
SØRILD
4
2
3
9
FRI
3
5
2
10


Gneist har - beviseleg - endå fleire strengar å spela på når ein kjem til ute-UM. Etter innomhus-meisterskapet i Steinkjer i fjor skreiv den herverande Snåsa-bloggen om Gneist at klubben var "...Snart Norges beste ungdomsklubb" (11. mars 2013). Det var tittelen. I sjølve teksten heitte det:

"...Det kan bli ny kraftig markering i ute-UM på Lillehammer til hausten, for ikkje å snakka om 2014. Barometerpila peikar stadig oppover..."

Og me veit jo korleis det gjekk på Lillehammer.

Det er lov å nyta dette, naturlegvis. Ingen må tru at det blir lett å forsvara topp-plassen på medaljestatistikken frå UM på Lillehammer, når me kjem til Haugesund i september. Men der det nok var litt overraskande at Gneist kom heilt til topps i fjor, så bør det eventuelt vera mindre overraskande om det same skjer i 2014.


I 2014 blei det altså 2. plass på inne-UM- statistikken.

I 2013 var Gneist nr. 4 i inne-UM i Steinkjer (bak Tyrving, Dimna og BUL).

I 2012 var Gneist nr. 15 i inne-UM (Tyrving best)

I 2011 var Gneist nr. 10 i inne-UM (Dimna var best, Tyrving berre nr. 9, like framom Gneist)


søndag 9. mars 2014

Inne-UM - dag 3

Det er nesten som om ein kan bli frisk av dette - eg meiner; desse resultata som tikkar inn frå storstova i Bærum. Rettnok blei det ikkje totalt så mange medaljar som i fjor, men det blei mange - og det blei mange storslagne prestasjonar. Og me snur på flisa og brukar den offisielle reknemåten, der talet på gull er gjævare enn det totale talet på medaljar. Og 8 gull er fantastisk bra - og altså 3 fleire enn i 2013.

Eg kom til 3 nye GULL siste dagen:

* Kristoffer Blücher (G15) dundra av garde. Først sprang han under 24 blank og fekk 23,83 i forsøket på 200 meter, før han verkeleg knuste til og sprang på 23,47 i finalen. Det er seks tidelar raskare enn utepersen frå Peab-lekene og åtte tidelar betre enn innepersen frå Romjulsstemnet. Og med det har Kristoffer endå ei øving der han er klart under junior-NM- kravet.

* Eline Myking (J17) har gjort det til vane å vinna 1500 meter i inne-UM. Det er ein god vane! Tida denne gongen blei 5:04,07.

* Eirik Leikvoll (G16) vann gullet i stav med tangering av pers - 3,60.

Strålande!

Og så kom eg til 3 nye SØLV-medaljar også:

* Amund Høie Sjursen (G18/19) hoppa utruleg sterke 7,46 i lengde - fattige éin centimeter bak vinnaren Karsten Warholm frå Dimna. 7,46 er betring av eigen klubbrekord i BFG med 10 centimeter (frå Pingvinlekene).

* Nemnde Eirik Leikvoll (G16) fekk med seg sølvet i høgde, då han persa til 1,83. Han hadde 1,80 frå Nornalekene frå tidlegare.

* UM-debutant Nora Øvergaard Aarvik (J15) sesongbetra seg med åtte centimeter i høgde - og det var nok til å vinna sølvet. 1,58 er også innepers med éin centimeter.

Så blei det 1 ny bronse siste dagen - sett med Gneist-auge:

* Ingrid Næss Johansen (J17) blei dømt likt i mål med Målfrid Pettersen Lunde på 1500 meter og fekk med det - og med tida 5:07,45 - bronsen.

Dermed har eg kome til (men eg stolar ikkje heilt på meg sjølv denne helga)

8 GULL - 7 SØLV - 3 BRONSE!

MEN det blei også to nye medaljar til BFG Bergen, slik at det blei ein av kvar sort også for junior-/seniorklubben:

* Ingvild Myking (J15) var annonsert som storfavoritt på 1500 meter, men me ana tøffare konkurranse då dei sterke tidene frå 800 meteren lørdag tikka inn. For det blei alt anna enn suverent. Men med 21/100 margin blei det 4:52,10 og første UM-gullet til Ingvild. Solid var det uansett!

* Og så blei det sølv til jentene på 4 x 200 meter stafett i J18-22, like bak Sandnes. Tida 1:42,71 er også relativt klar ny klubbrekord i BFG. Den gamle blei sett i Ranheimhallen under inne-NM i 2011 (Monika Benserud, Christine Bjelland Jensen, Anne Bjelland Jensen og Anne Skudal Dolvik). Dei fire jentene på sølv-laget var Sara Berrefjord, Renate Lie, Vilde Lund Bjørnsen og Monika Benserud.

**

Og elles:

-- Ingrid Sortland (J15) sprang 200 meter på 28,65 - som er innepers med fire hundredelar (frå Pingvinlekene i 2013).

-- Henrik Almenningen (G17) sprang 200 meteren sin heilt ned på 24,68. (Sprang på 25,26 under Romjulsstemnet.)

-- Renate Lie (J16) innepersa solid på sin 200 meter, til 26,09 (hadde 26,40 frå Nornalekene). I finalen blei det 26,23 og 4. plass.

-- Sara Berrefjord (J18/19) var fattige to hundredelar frå Christine Bjelland Jensen sin U23-klubbrekord i BFG, då ho sprang sin 200 meter på 25,80. Det er uansett ny solid pers for Sara.

-- Andreas Jensen (G16) sprang 1500 meter på 4:48,28.

-- Og stafettpålaget i G15-17 på 4 x 200 meter kom på 4. plass, tett bak både sølvet og bronsen. Men det blei ny BFG-klubbrekord på dsse fire: Sondre Rinde, Henrik Almenningen, Kristoffer Blücher og Eirik Leikvoll. Tida: 1:37,38.

Inne-UM - dag 2

Alt går sakte. Alt er på etterskot. Men det er berre i heimen og i hjernen min.

I friidrettsparken i Bærum går det raskt, veldig raskt. Og det er lokale heltar som står for mykje av moroa.

Lørdagen førte Gneist-fangsten opp i 11 medaljar så langt, så no tar det til å koma seg. Og gull-fangsten er alt tangert frå fjoråret. I tillegg kom det ein bronse til Bjarg.

Først og fremst var det Amund Høie Sjursen som stal overskriftene. Han tok GULL i eit knalltøft 18/19-heat på 60 meter, og det gjorde han med å flytta persen ned til 6,88 (frå 6,99). Det er også ny klubbrekord i BFG Bergen.

Kristoffer Blücher (G15) tok TO GULL, like så godt, på UMs andre dag. På 60 meter blei det solide 7,32, etter å ha persa til 7,39 og i semifinalen og 7,41 i forsøket. Kristoffer vann klart. På 800 meter sprang Kristoffer i mål på 2:07,36 - ny innepers med nesten fire sekund.

Det fjerde og siste GULLET lørdag stod Sanne Myrmel (J15) for i stav. I ein tett konkurranse vann ho på færre riv, med 2,70 - to centimeter bak den ferske persen til Sanne.

Så blei det to nye sølvmedaljar:

Amund Høie Sjursen er - i tillegg til mykje anna - no også blitt ein høgdehoppar å rekna med. Med 1,98 lørdag vann han sølvet i 18/19-klassen - og persa med nye 2 centimeter frå Pingvinlekene. Dermed sletta han eigen U20-klubbrekord i BFG også.

Renate Lie vann sølv på 800 meter i J16, med tida 2:23,31. Det er også to sekund under den gamle innepersen på distansen, sett under NM i Haugesund i fjor.

Og, endeleg, blei det meisterskapets første bronsemedaljar:

Sondre Rinde (G16) vann bronse i lengde. Han var berre éin centimeter bak sølvet, men på den andre sidan berre tre centimeter framfor nr. 4.

Og medaljefangsten i inne-UM held fram for Henrik Almenningen (G17). Han bryt også nye barrierar. Denne gongen kom han over 6 meter i lengde for første gongen, hoppa 6,01 og vann altså bronsen med det. Gamlepersen blei sett under Nornalekene i januar (5,96).

Så tar me med bronse også til Ingvild Myking (J15). Bjarg-jenta, som er superfavoritt på søndagens 1500 meter, sprang i mål på 2:20,99 på 800 meter. Det er solid ny innepers.

**

Og elles:

* Sondre Rinde persa til 7,49 på 60 meter.

* Vegard Albrigtsen sprang på solide 2:07,13 på 800 meter - innepers med to sekund og også eitt sekund under utepersen frå Lillehammer i haust. Vegard blei nr. 8 totalt, men her var det svært tett oppover lista.

* Ingrid Sortland (J15) sprang på 8,50 på 60 meter - som er betring av innerpsen frå Nornalekene i januar (8,64).

* Monika Benserud fekk 4. plassen på 60 meter i J18/19 med 7,88.

* ...og Elina Drivenes sprang sitt første konkurranseløp på lenge, då ho kom i mål på 2:23,79 på 800 meter i J17.


** Og då har eg notert 5 gull, 4 sølv og 2 bronse så langt til Gneist - og altså ein bronse til med BFG-auge (Bjarg). Og søndagen gjenstår.

fredag 7. mars 2014

Inne-UM - dag 1

Jaja, det får bli som det blir, dette innlegget. I løpet av dagen har eit eller anna blitt kasta over meg, slik at denne rapporten kjem ikkje berre heimefrå - som tidlegare annonsert - den kjem også i form av feberfantasiar.

Men eg har forsøkt å ta lange pausar i resultatgjennomgangen og trur ikkje det skal vera så hakkande gale:

Det blei litt stang-ut denne første UM-dagen, men det blei jammen høgdepunkt også:

GULL blei det til Sondre Rinde i G16 på 60 meter hekk - og det med solid margin. Sondre vann øvinga med eit kvart sekund framfor nr. 2, og det er temmeleg mykje på ein så kort distanse. Tida til Sondre: 8,53.

SØLV blei det til Henrik  Almenningen, som fornektar seg ikkje: inne-UM er noko Henrik likar. Denne gongen blei det i tillegg - endeleg! - over 13 meter i tresteg i G17 - og dermed er Henrik 31. BFG-utøvaren som er kvalifisert til årets junior-NM! Henrik sin utepers er på 12,68 (frå UM ute på Lillehammer i haust, ei lengd som var to centimeter bak junior-NM-kravet). Innepersen var på, sett opp mot fredagens resultat, smålåtne 12,35 - frå Nornalekene i vinter.

SØLV blei det også på Monika Benserud i tresteg i 18/19 (jada, for raske lesarar vil ein sjå at Monika er blitt oppgradert frå 4. plass på bloggen - men (trur eg) det skjedde også i resultatservicen, og ikkje berre i min feberfantasi. Tru eg). Ho landa på 11,69 - 30 centimeter bak gull-vinnaren, men fire centimeter framfor bronsen.

Sanne Myrmel beit godt frå seg i UM-debuten sin på 60 meter hekk i J15. Det blei ny pers på 9,91 (to tidelar under den gamle, også det frå Nornalekene.)

Stang ut blei det på Kristoffer Blücher, som ikkje fekk fullført sitt hekkeløp i G15 - der han hadde understreka seg sjølv som medaljekandidat i forsøket.

Gneist står altså med medaljar etter dag 1, så det må bli mykje medaljesanking dei to neste dagane om blogg-spådommen skal nåast... Men i mine feberfantasiar er det meste muleg.

(Må ha i meg nokre parcet no - det er jo trening med gjengen min lørdag...)

onsdag 5. mars 2014

Konsolidering

I full fart kjem her eit oppsummerande førehands-innlegg før inne-UM:

Fjorårets inne-UM i Steinkjer blei ein stor suksess for Gneist - og bar bod om endå sterkare markering under ute-UM på Lillehammer, der Gneist blei aller beste klubb.

Men det begynte med 4. plass på medaljeoversikten under inne-UM, bak Dimna, Tyrving og BUL.

Fangsten i fjor blei på 5 gull, 11 sølv og 5 bronse.

Det blei altså 21 medaljar. I god Olympiatopp-ande skal me snakka om talet på medaljar i målsetnad her - det kan jo bikka både opp og ned og inn og ut mellom dei ulike valørane slik i praksis.

I tillegg til dei utøvarane som er presentert i dei fem føregåande innlegga, så stiller Gneist/BFG med tre stafettlag på 4 x 200 meter:

* BFG i G15-17 og i J18-22

* Gneist i J15-17

Her er det svært vanskeleg å spå godt, men eg forventar at dei tre laga vil vera høgt oppe i sine respektive klassar.

Førehandstipset for medaljar til GNEIST er dermed på 23 medaljar, altså to meir enn i Steinkjer.

Det kjem til å bli eit godt Gneist-år dette også.

Og tar me BFG-brillene på, så kan me plussa på ytterlegare tre medaljar, slik at me snakkar om 26 inkludert desse.

Så får me nett sjå.

God reise - og lykke til!

Før inne-UM (V)

Det er to dagar att til inne-UM. Eg har studert tidsskjemaet, og det blir lange dagar og seine kveldar. Men ikkje for meg denne gongen. Når det er inne-UM har eg framleis tribunefri, men når det blir skikkeleg sommarhalvår, så er det ikkje mange helger utan friidrett frå tidleg til seint.

I inne-UM er det ein spesialklasse for dei frå 20 til 22 år - ein slags "eldre junior"-klasse, som ikkje finst i UM utandørs. Innimellom har BFG Bergen hatt nokre med i denne klassen, men ikkje dette året. Difor er det dei eldste jenteklassane med Gneist-utøvarar som er innhaldet i denne siste førehands-bloggen: jenter 17 og jenter 18/19.

I jenter 17 er det på 800 meter (lørdag kveld) og 1500 meter (søndag ettermiddag) me har utøvarar på startstrek.

Først til 800-meteren: Her er det 18 utøvarar som skal slåst om posisjonar i eit par heat. To av dei representerer Gneist: Elina Drivenes og Anna Serine Røssland. Elina har ikkje sprunge skikkeleg konkurranse på lange tider, så dette blir spennande. Anna Serine, på si si side, har hatt sitt klart beste løp i vinter på 800 meter då det framleis var romjul. Går me etter ei blanding av gamle og nye merittar, blir Elina rangert som nr. 9 og Anna Serine som  nr. 14. Det er mange i toppen, med gode persar. Aller best utgangspunkt (ser ein vekk frå min sterkt avgrensa kunnskap om vinterformen til dei enkelte) har Nora Kollerød Wold (Fredrikstad), Kristine Gundersen (Selsbakk), Benedicte Myhre (Sem), Johanne Jansson (Selsbakk) og Ingrid Hjelle Roset (Sandane).

1500 meter i klassen er fjerdedelen av feltet frå Gneist: Eline Myking, Ingrid Næss Johansen og Anna Serine Røssland. Det er med andre ord 12 med totalt. Fjorårsvinnar Eline er med i gullkampen også i år - og igjen i duell med Selsbakk-duoen Kristine Gundersen og Johanna Jansson. Ingrid er 5. og Anna Serine 6. rangert på førehand.

Heilt til sist til eit par-tre hoppøvingar i eldste klasse med Gneist-deltakarar, J18/19.

I lengde stiller Monika Benserud som medaljeutfordrar (6. rangert på førehand) mellom 14 påmelde. Klar favoritt er Nadia Akpana Assa (BUL), framfor Mai Brit Berge (Iveland) og Sigrid Semmingsen (BUL-Tromsø).

Men det er først og fremst i tresteg det er store forventningar til Monika. Her har ho hoppa lengst i landet i kvinner senior i vinter, og er såleis grei favoritt mellom 8 påmelde i denne øvinga. Mai Brit Berge og Sofie Olsholt (Tyrving) er nærmast på papiret. Her stiller også Marianne Benserud - om enn litt bak dei beste.

For det er i stav Marianne presterer best, sjølv om ho er utan resultat så langt i vinter. I stav er det 6 påmelde utøvarar. Også her er det ein klar favoritt, i Lene Retzius frå Moelven, medan Paula Nedberge Llano er like klar nest-favoritt. Bak der kan det bli tett om bronsen, sjølv om Malin Vik Gregor (Orion) normalt er sterkast av desse.

tirsdag 4. mars 2014

Før inne-UM (IV)

Då er me over halvvegs i førehands-gjennomgangen før inne-UM til helga. Men det er berre tre dagar igjen til første øvingane, så me får sjå til å koma oss i mål med dette snart.

No er det berre jenter som gjenstår på lista mi - først til dei yngste:

Nora Øvergaard Aarvik er mellom dei som debuterer i UM - J15- jente som ho er for første gongen. I høgde er det heile 16 påmelde i klassen, og her er Nora éi av ein god bukett som både kan vinna og i alle fall ta medalje. Fremste favoritten heiter Thea Leirfall Bremset (Stjørdal), men ho er berre litt framfor i alle fall tre utøvarar som er heilt jamne: Nora, Ingrid Færøvik Mork (Norna-Salhus) og Ida Eikeng (Urædd). Også bak der er det svært jamt. Nora må nok opp til pershøgda frå utesesongen i fjor (1,60) for å kapra medalje, vil eg tru.

I lengde er det heile 43 J15-jenter med. Her er Nora 18. rangert på førehand, men også her er det rimeleg jamt på lista - både oppover og nedover. Favoritt er Live Haugstad Hilton (Bergens TF), med Karoline Daland (Sørild), Kaja Skarland (Overhalla), Thale Leirfall Bremset (Stjørdal - nær slektning av høgde-favoritten) og Tone Sandtorv Brakedal (Fitjar) tett bak der.

Til endå ein UM-debutant no: Sanne Myrmel. Ho stiller både på 60 meter hekk og i stav. Hennar sjansar på førehand er temmeleg ulike i dei to øvingane: På hekken er det heile 25 jenter med og her er mange flinke utøvarar. Sanne er nr. 21 på førehand her, medan Karine Jakobsen (Bækkelaget), Tone Sandtorv Brakedal, Marie Skjæggestad (Tyrving), Live Haugstad Hilton og Ida Eikeng vil kjempa om medaljar.

I stav, derimot, er Sanne 2. rangert av dei 5 på startlista, ikkje langt bak Birgitte Kjuus frå Raumnes & Årnes. Anja Ljusic (Orion) er like bak der igjen. Og Sanne er i form: Lørdag persa ho til 2,72, berre tre centimeter bak persen til Kjuus.

Til sist i dag til J16-jentene - og først for dei til 1500 meter, med både Renate Lie og Linn Seliussen mellom dei 9 påmelde jentene. Renate er det litt vanskeleg å vurdera på distansen - ho har vel ikkje sprunge den sidan det var inne-UM i Steinkjer for eitt år sidan. I mellomtida er det kome fleire sterke konkurrentar på distansen. Renate er såleis utfordrar til medalje denne gongen, med Mari Drabløs (Tyrving), Christine Sekkesæter (Skjalg) og Else Bratteland (Sørild) som sterke konkurrentar. Linn er rangert hakket bak Renate igjen.

200 meter i J16 er det klare medaljekandidatar melom dei 29 påmelde - og her er Renate Lie 3. rangert - bak Helene Rønningen (Tyrving) og Linn Oppegaard (Moss). Men også her er det medaljeutfordrarar, til dømes i Hedda Hauge Hornes (Tyrving) og Kristine Berger Akervold (Fagernes).

Så til 800 meter, der Renate får med seg Maria Josefine Berg, slik at Gneist har ein sjettedel av dei påmelde. På denne distansen er me tryggare på Renate og plasserer ho som nr. 2 på rankinglista på førehand, bak Mari Drabløs, men framfor Christine Sekkesæter. For Maria sin del handlar det om å vera i gang igjen, etter fleire trøblete periodar.

Aller sist i dag til kule (!), der Maren Haugen Lillefosse er påmeldt for Gneist i J16. Det er naturlegvis fordi Maren enno ikkje er klar til å delta i klarare favorittøvingar. Det er 14 påmeldt øvinga, så får me sjå korleis persen til Maren på 8,22 står seg. Favoritt er Berit Stunes Isene (Sturla).

mandag 3. mars 2014

Før inne-UM (III)

Så blir det tid til ein liten førehandsporsjon før inne-UM også i dag, sjølv om det er mandag aldri så mykje.

Aller først i dag til Henrik Almenningen sine øvingar i G17:

* På 200 meter har Henrik vore i veldig framgang i vinter. Her er det 34 utøvarar i klassen og Henrik blir rangert like over midten - som nr. 16. Abou Granli Diomandé (Orion), Sebastian Gullien Perez (Lambertseter) og Markus Einan (Ullensaker/Kisa) er mellom dei ypperste favorittane.

* 60 meter har endå fleire på startlista, heile 47. Også her har Henrik hatt god framgang denne vinteren og også her er han om lag midt i laget i førehandsrangering - som nr. 24. I tillegg til dei nemnde favorittane frå 200 meter, så må me her ta med den lokalt forankra Christoffer Sandven (AKS-77) som ein utfordrar.

* I lengde gjorde Henrik det strålande i dei to ungdomsmeisterskapa i 2013. Innomhus i Steinkjer blei det sølv. Då var det temmeleg overraskande, i alle fall på underteikna. Men dette året må Henrik finna seg i å vera medaljekandidat alt på førehand. Størst favoritt er hopp-esset i klassen, Erik Lund frå Brandbu. Bak der er Odin Hallquist (Koll) rangert, medan Henrik og Kristoffer Perry Aas (Sturla) er temmeleg likt på papiret.

* I tresteg er Henrik utfordrar til medalje, mellom dei 8 på startlista. Igjen er Erik Lund favoritt, medan Ulrik Sæther Langvik (Fredrikstad) og Markus Nikolai Berner (Tyrving) er solide kandidatar til medalje dei og - men Henrik har absolutt sjansen til to hopp-medaljar.

Så til ein bunke med startar i 18/19-klassen. Først til 1500 meter, der Andreas Iden og Ole Martin Røssland er påmeldt til innesesongens første start. Heile 24 utøvarar er påmeldt. Ingen av dei store under 4 blank-kanonene er med, så her er sjansar for mange. På førehand plasserer me Ole Martin som 12 og Andreas som 13. Abduljaleel Hir (Selsbakk), Jørgen Elisenberg (Orion), Kristian Tjørnhom (Kristiansand LK), Mathias Berntzen Engevik (Tjalve) og Sigurd Blom Breivik (Ullensaker/Kisa) er nokre mulege medaljekandidatar.

Amund Høie Sjursen er nyleg fylt 18 år, men det hindrar han ikkje i å vera mellom favorittane i fleire øvingar i 18/19-klassen. På 60 meter er han rangert like bakom favoritten Jonas Halonen (Tyrving), saman med Karsten Warholm (Dimna). Heile 54 utøvarar er påmeldt den kortaste øvinga.

I lengde er Amund favoritt, med sitt 7,36-hopp frå Pingvinlekene som utgangspunkt. Her er det 14 med, og normalt er det ein tett duell mellom Amund og Karsten Warholm om sigeren.

Til sist; høgde, der Amund blei UM-vinnar i G17 ute i haust, og der han stadig hoppar høgare. Her er Warholm favoritt, tett følgt av Martin Fagelund (Sturla), med Amund som 3. rangert på førehand (1,96 som pers frå innesesongen). Magnus Leikvoll er også påmeldt i høgde og med 1,80 frå innesesongen og 1,83 ute i fjor, så er Magnus om lag midt på lista mi, som nr. 7 av dei 12.

søndag 2. mars 2014

Før inne-UM (II)

Jaja, litt orden må det vera - så me får i alle fall begynna denne andre bolken med å få Kristoffer Blücher (G15) i mål med sine to siste - av fem - øvingar til inne-UM:

Kva som kjem til å bli Kristoffer si aller sterkaste øving etter kvart, det er vanskeleg å vera sikker på. Kanskje blir det 400 meter? Han er solid på 200 meter, men du verda så god han også kan vera på 800 meter. På den distansen er det 14 påmelde i G15 neste helg - og Kristoffer er favoritt, med Kristian Skage Nordlund (Trones) og Erik Houm (Gausdal) nærmast.

Så, til sist (i alle fall i denne gjennomgangen), er det lengde på programmet for Kristoffer. Dette er endå ei medaljeøving for han, slik at han er favoritt eller medaljekandidat i alle dei fem øvingane han er påmeldt i. Han er rangert som nr. 2 i lengde, mellom dei totalt 24 påmelde. Frederik Øvereng (Overhalla) og Alexander Eric Burlin (Ski) er andre sterke lengdenamn i klassen.

Vegard Albrigtsen skal springa 800 meter komande lørdag i G16. Der er han rangert heilt midt på - som nr. 9 - av dei 18 på startlista. Klar favoritt er også her Thomas Jefferson Byrkjeland (Tjalve).

Så til Sondre Rinde (G16) sine UM-øvingar. Han ligg éi etter Kristoffer Blücher og er såleis påmeldt i fire øvingar:

200 meter finst det 33 namn på startlista og Sondre er rangert som nr. 10. Bjørnar Lie (Orion), Daniel Nikolai Pedersen (Skjalg) og Mathias Hove Johansen (også Skjalg) er mellom mange solide namn i sprint i klassen.

Same Bjørnar Lie er også favoritt mellom dei 39 på 60 meter i klassen. Her plussar me på med Johannes Enli Kalleberg (BUL) og Andreas Mowinckel-Nilsen (Os Turn) på medaljekandidat-oversikten. Sondre er her rangert som nr. 7.

Så bevegar me oss over til øvingane der Sondre har størst medaljesjansar: På 60 meter hekk må han vera favoritt mellom dei 6 påmelde. Men når det er få påmelde, så er det også gjerne kvalitet gjennom heile feltet - og det er også tilfellet her. Så godt som alle er medaljekandidatar, men Vetle Sørstrand Haugen (Florø), Åsmund Fornes Sand (Verdal) og Toralv Opsal (Ålesund) verkar sterkast imot.

I lengde er det så mange som 18 påmelde - og også her er Sondre medaljeaspirant, men her er det tett og ein må ha dag og marginar og slikt. Toralv Opsal, Christopher Lawther (Fana) og Sindre Olsvik (Lista) er mellom dei sterkaste konkurrentane.

Så avsluttar me G16-gjennomgangen med å ta for oss Eirik Leikvoll sine sjansar i høgde og stav:

Flest konkurrentar har Eirik i høgde. Her er det 9 solide høgdenamn i G16. I alle fall fire (og kanskje vel så det) kjempar om meisterskapet: Inge Eide Johansen (Fana), Storm Håkon Koksvik (Grue), Toralv Opsal (Ålesund) og Eirik Leikvoll frå Gneist. Eirik har vist seg som sterk i meisterskapssamanheng før og hentar truleg ein ny medalje i høgde. Det gjer han definitivt i stav, sidan det her er tre påmelde: Sannsynlegvis snakkar me om sølv her: Audun Bakke Jensen (Koll) er i utgangspunktet i ein klasse for seg, medan Jan Robert Nijmeijer (Urædd) normalt er eit lite hakk bak Eirik (men i stavsamanheng er ikkje dette hakket noko stort).

Heilt til sist i denne bolken: Formsterke Stian Øvergaard Aarvik sine løp i G17. Stian har levert sterkt både på gate og bane innomhus så langt i vinter. Nyss heimkomen frå treningsleir på Lanzarote er han no klar til å testa formen skikkeleg i hallen til Tyrving.

800 meter er det 22 påmelde utøvarar og her hamnar, uansett seeding, Stian i eit godt og spennande heat - som 10. rangert på førehand. Her er ei rekkje løparar som vil kjempa om gullet, ein stad under 2 blank, men det er vanskeleg å koma utanom Abdurrahman Hir (Selsbakk) og Markus Einan (Ullensaker/Kisa) som to av dei sterkaste.

1500 meter, derimot, vil Stian normalt kjempa om UM-medalje. Her er det 17 påmelde - og det er sterke utøvarar imot: Eivind Trym Wikshåland (Bækkelaget), Joakim Sødal (Kyrksæterøra), Abdurrahman Hir og Andreas Wathne (Skjalg). Eg tippar medalje til Stian, men vil ikkje våga meg på valør.

Den største favoritten på begge G17-distansane der Stian er med, er likevel utvilsamt norsk-svenske Andreas Kramer (Sävedalen/SK Vidar), som har 3:54 på 1500 meter og 1:53 på 800 meter.

Før inne-UM (I)

Komande helg - 7. - 9. mars - er det inne-UM i den splitter nye friidrettshallen til IL Tyrving i Bærum. Då er det grunn til å forventa at det blir fint og storlsagent, naturlegvis. Og det har starta med rekord-påmelding, i alle fall.

No er det alltid vanskeleg å spå. Innandørs meisterskap er verre enn noko. Her stiller nokre, andre ikkje, her er det sjukdom og skadar, her er det fullstendig ulike treningsopplegg og varierande grad av formtopping. Innandørsstemne er kjekt, men det er utandørssesongen det blir trent mot.

Når alt dette er sagt - det hindrar naturlegvis ikkje Bloggen å spå - likevel:

Ingvild Myking (J15) meisterskapsdebuterer i og med dette Ungdomsmeisterskapet. Bjarg-jenta kjem til å vera storfavoritt på éin distanse og vera klar utfordrar på ein annan: På 1500 meter manglar Inga Skår frå Førde, som Ingvild har hatt mange tøffe duellar med. Det inneber at Ingvild har nærmare halvminuttet (!) betre pers enn nr. 2 på lista, mellom dei 12 startande. Ho er med andre ord soleklar favoritt på den lengste UM-distansen. På 800 meter er det over dobbelt så mange med (26) og her er Ingvild utfordrar til favoritten Karoline Daland (Sørild). Daland hadde så sterk tid som 2:15 ute i fjor, medan Ingvild hadde (også det sterke) 2:17.

Me held fram med Bjarg-jenter og UM-debutantar: Ingrid Sortland er påmeldt dei to kortaste løpsøvingane i J15. På 60 meter er det heile 56 påmelde utøvarar (!). Her er Ingrid høgast rangerte av dei lokale heltane, på ein 12. plass, medan Michelle Floor Heggeland og Nora Øvergaard Aarvik blir plassert som høvesvis nr. 20 og 30. Ingvild Meinseth (Sørild) er favoritten, medan Live Haugstad Hilton frå Bergens Turnforening er på papiret sterkaste frå Bergen. På 200 meter i jenter 15 er det nokre færre (men ikkje få!) påmelde: 44. Her finn me våre eigne midt i laget på førehandsrangeringa: Ingrid nr. 21 og Michelle nr. 28. Favoritt er også her Ingvild Meinseth.

Me hoppar vidare: Denne gongen til tre øvingar i 18/19-klassen for jentene:

60 meter i 18/19 for jenter er det temmeleg bra at heile 36 utøvarar står på startlista. Monika Benserud er medaljekandidat og i utfordrarposisjon, medan Caroline Kuvaas (Vidar) og Sigrid Semmingsen (BUL-Tromsø) er andre sterke namn i medaljekampen. Elles blir Sara Berrefjord rangert som nr. 10, Elise Una Mikkelsen som nr. 13 og Vilde Lund Bjørnsen som nr. 15.

200 meter i same klassen er me nede i 31 påmelde utøvarar - også det eit brukande høgt tal i eit innomhus stemne i 18/19-klassen. Mari Forbord Anderssen (Kristiansand) blir valt ut til favoritt, medan våre tre deltakarar er i utfordrarsjiktet: Monika Benserud (6), Vilde Lund Bjørnsen (7) og Sara Berrefjord (9).

Til sist i denne klassen til 60 meter hekk. Der er Elise Una Mikkelsen mellom dei 16 påmelde. Elise er ikkje kjent som hekkeløpar, men er faktisk innomhus UM-meister i øvinga i J16-klassen, tilbake frå UM i Ranheim-hallen i 2011. Mari Forbord Anderssen er favoritt også i denne øvinga, med Sidsel Bjørgo Adam (Fagernes) og Caroline Kuvaas (Vidar) som andre medaljekandidatar. Elise finn me ein stad bakom der...

Me gir oss ikkje så lett: På 1500 meter i gutar 16 er saknet stort etter ein av fjorårets sterkaste namn i klassen, Henrik Irgens Gravdal. Han kjem naturlegvis sterkare igjen. I staden har me gode utøvarar i Vegard Albrigtsen og Andreas Jensen (Kalandseid). Mellom dei 12 utøvarane på lista skal både Vegard og Andreas (i utgangspunktet har dei vore temmeleg jamne) bita godt ifrå seg. Vegard blir rangert som nr. 5 og Andreas som nr. 6 på førehand, men eg blir ikkje veldig overraskande om i alle fall Vegard er i stand til å blanda seg inn i medaljekampen. Klar favoritt i Henrik sitt fråvær er Thomas Jefferson Byrkjeland (Tjalve) - han som alltid får meg til å tenka på den svenske gruppa Imperiet sin låt "Du ska va president" frå mi eiga ungdomstid.

Aller sist i dette lange innlegget (det er mange som skal presenterast og det er jo søndag og greier) til litt Kristoffer Blücher-extra:

Kristoffer er påmeldt i fem øvingar (!) i G15, så me får nøya oss med tre av dei i dag: dei tre kortaste løpsøvingane:

* På 60 meter har eg kome til 35 namn på startlista. Her er det dødt løp i utgangspunktet mellom Kristoffer og kometen frå Moss, Abdurazak Sharif. Begge har 7,46. Mykje løye skal skje om ikkje den eine tar gullet og den andre sølvet.

* 200-meteren skal i utgangspunktet - basert på fjoråret - Sharif ta seg av. Han var i ein klasse for seg då, med Kristoffer i ein soleklar toarposisjon. 25 utøvarar er påmeldt denne distansen.

* Også på 60 meter hekk er Kristoffer klar medaljekandidat, mellom dei 10 påmelde utøvarane. Men også her er det på papiret frykteleg jamt med ein annan - denne gongen Marcus Theodor Moen frå Ullensaker/Kisa.

-- Sølv eller gull i alle desse tre øvingane er førehandstipset for Kristoffer, med andre ord.