onsdag 30. april 2014

Framfor Askstafetten

April - månaden til Bjørnstjerne Bjørnson - er straks over. Den til Henrik Wergeland, sjølvaste mai, kan ta over.

Og mai blir som vanleg innleia med den første - og med hagearbeid og tog og greier - og med stafett på Ask på Askøy.

Det er 62. gongen dei skipar til Askstafetten der ute. Det skulle innebera at dei kan dette i Ask Friidrett. Vel, dei kan fleire ting - dei har arrangert UM og junior-NM på Ravnanger dei seinaste åra, og i 2016 blir det sjølvaste hovud-NM på stadion der ute.

Men først er det landevegen på Ask.

Veret? Det blir nordavind og kaldt, i alle for tilskodarane, men sola skal skina brukande utpå dagen, så det skal ikkje bli så altfor ille for dei som skal springa. I fjor var det regn av suraste slaget, og for to år sidan - då alle snakka om det tragiske dødsfallet i Flagstaff, Arizona timar før - var det fin sol (men også då nordavind).

BFG Bergen stiller med fire lag. Det står rettnok fem lag på startlista, men det femte laget fekk ein ikkje fylt opp.

I kvinner senior finst det to stafettvariantar - ein på fire etappar og ein på seks. Her stiller BFG lag i begge variantane. På 4 etappar blei det løyperekord for to år sidan (6.18) og årets lag er på papiret på høgde - og vel så det - med dei fire frå den gongen. Det er heile 9 lag på startlista totalt her. På 6 etappar  er det til gjengjeld berre tre lag med - BFG og to frå Gular.

I menn senior B er det også tre lag igjen på lista, etter at det eine BFG-laget er stroke. Dei to andre er Gular (B - dei har to lag i A-klassen i tillegg) og Varegg.

I juniorklassen er BFG eitt av seks lag. Dei to herrelaga er jamne og gode lag.

Korleis det enda i fjor:

* 2. plass til kvinner junior (ikkje lag i år)
* 2. plass til kvinner senior, 4 etappar
* 1. plass til kvinner senior, 6 etappar
* 1. plass til menn junior (for første gongen på 5 år)
* 1. plass til menn senior B

torsdag 24. april 2014

Nye hopp i Holmenkollen?

Lørdag 10. mai er det Holmenkollstafetten i Oslo. Det er ei stor oppleving for mange tusen utøvarar kvart einaste år.

Det offisielle laguttaket til BFG Bergen ligg no føre. Etappefordelinga vil venta på seg til etter Ask-stafetten 1. mai og Opningsstemnet på Fana Stadion 6. mai. For elitelaget for menn er det slik at fleire forventa bidragsytarar er ute med skade. På den andre sida opnar det opp for fleire spennande debutantar. Det blei 8. plass i 2012 og 8. plass i 2013, men i realiteten var det betring - både i tid og fordi BFG heva seg frå 8. til 6. plass mellom dei beste norske laga. I år er me litt meir tilbakehaldne med tipsa til herrelaget, men håpet er at det viser stabilitet innanfor topp 10.

Kvinnelaget, derimot, er forventningane stigande til. Laget gjekk frå 10. plass i 2012 til 6. plass i 2013 - og nærma seg teten med over halvtanna minutt. På papiret stiller BFG med eit sterkare lag enn dette i 2014.

Så får me kryssa fingrane for at dei uttekne held seg skadefrie og friske fram til avreise til Oslo 9. mai.

Her er laga (i alfabetisk rekkefølgje):

KVINNER
- Monika Benserud 
- Vilde Lund Bjørnsen
- Martine Eikemo Borge
- Elina Drivenes
- Hege Eikemo
- Thyra Hevrøy
- Iren Vevatne Isaksen 
- Ingrid Næss Johansen
- Renate Lie
- Eline Myking
- Ingvild Myking 
- Anna Serine Røssland
- Linn Seliussen
- Pernille Thomassen
- Torun Øvergaard Aarvik

MENN
- Vegard Albrigtsen
- Håvard Austevoll
- Anders Bjørndal
- Steffen Algrøy Boga
- Henrik Irgens Gravdal
- Emil Engelsen Holm
- Andreas Iden
- Espen Roll Karlsen
- Aleksander Lie
- Miguel Blanco Maldonado
- Stian Norheim
- Casper Stenersen
- Erlend Gjerdevik Sørtveit
- Stian Øvergaard Aarvik
- Jens Larsen Åstveit

søndag 13. april 2014

Ser bra ut dette

I 2012 og 2013 laga eg ein oversikt over aldersprofilen i BFG. Den var basert på utøvarane som hadde markert seg i den offisielle statistikken i sist ute- og innesesong.

For 2014 blir samanlikninga litt feil - sidan det frå og med sist innesesong er innført elektronisk statistikk som inkluderer alle resultat, og ikkje berre dei me manuelt førande statistikarar fann plass til.

Dette medfører at det i seg sjølv er fleire BFG-arar som finst i statistikken frå 2013/2014-sesongen enn tidlegare.

Men skit og: Slik er det - og når oversikten etter dette viser positive tal, så er det jo fine greier:

Gjennomsnittsalder på baneutøvarane pr. april 2012:

Kvinner: 18,6 år
Menn: 19,7 år

Gjennomsnittsalder på baneutøvarane pr. mars 2013:

Kvinner: 17,8 år
Menn: 16,3, år

Gjennomsnittsalder på baneutøvarane pr. april 2014:

Kvinner: 19,7 år
Menn: 23,9 år (!)

Det er altså då ein god del fleire utøvarar (og ein del eldre) som utgjer grunnlaget i 2014. Her må ein hugsa på at talet på utøvarar gjekk monaleg ned frå 2012 til 2013, etter at Fana IL ville klara seg sjølv:

Totalt tal på utøvarar 2012: 52 (35 kvinner, 17 menn)
Totalt tal på utøvarar 2013: 34 (21 kvinner, 13 menn)
Totalt tal på utøvarar 2014: 58 (28 kvinner, 30 menn)

Ei samanlikning når me kjem til 2015 vil også vera skeiv: Det vil vera første året at begge sesong-statistikkane er elektronisk og inkludera alle. (Årets er altså ei blanding av gamlemåten for utesesongen 2013 og nyemåten for innesesongen 2013-2014).

Men skit i atterhalda: Det ser bra ut dette...

fredag 11. april 2014

Adelskalender, BFG - 1500 meter

Då er det like før påskeferie for mange - sjølv om ein del av oss arbeider aldri så lite eit par dagar i neste veke også. Etter påske er banesesongen over oss, med ei rekkje seriestemne alt første veka.

Difor skulle det passa slik nokolunde å avslutta Adelskalender-gjennomgangen i denne omgangen for BFG Bergen - med 1500 meter.

Så får me koma tilbake med nye versjonar - både med korreksjonar og med nye bidrag frå ungdommane - etter kvart.

Her er lista for kvinner:

1. Veslemøy Hausken 4:13,04
2. Hilde Marit Fjelltveit 4:17,94
3. Irene Mildestveit 4:21,48
4. Stine Larsen 4:22,24
5. Lene Hove 4:24,88
6. Kirsten Melkevik Otterbu 4:26,69
7. Anne Sofie Engan 4:29,11
8. Hilde Askeland 4:32,05
9. Kjersti Sognnes 4:36,69
10. Helene Strømblad Hansen 4:41,20
11. Pernille Thomassen 4:43,26
12. Grethe Indredavik 4:45,50

For menn finst rekordhaldaren ikkje så langt unna der eg sit no (i alle fall slik i det daglege):

1. Helge Drange 3:44,34
2. Øyvind Fretheim 3:45,66
3. Fred Runar Fjelltveit 3:48,17
4. Eiliv Gjesdal 3:48,7
5. Jan Erik Christiansen 3:49,76
6. Endre Evensen 3:51,43
7. Anders Røssevold 3:51,56
8. Audun Bruflot 3:53,50
9. Rune Hovlandsdal 3:53,89
10. Torstein Frantzen 3:57,0
11. Sigve Stenersen 3:58,09

tirsdag 8. april 2014

Geografi og terrengløp

Først av alt får me registrera dei to medaljane som blei dei lokale heltane til del under UM i terrengløp på Stord lørdag: Linn Seliussen vann bronse i J16 og Anna Serine Røssland fekk same typen medalje i J17.

Så til den store snakkisen etter helga: Mangelen på deltakarar, spesielt i stafetten søndag. Der enda det opp i parodi då ein trio med handballspelarar frå Fitjar innkasserte bronsen i kvinneklassen - eit temmeleg drygt stykke etter dei to andre laga som var med. Og då skal ikkje eit vondt ord seiast om Fitjar eller fitjarbuen; initiativrike er dei der! (Og eg har opptil fleire kjekke slektningar i Fitjar - ja da, der også.)

Terrengløp er ikkje ut. Det ser berre slik ut når det er vestlandsbygder som står som arrangørar! Av ein eller annan grunn klarer ikkje austlendingane å finna vegen til Strandebarm eller Haga på Stord. Det er ikkje til å undra seg over at eg i desse dagar minnast den salige pressemannen Per Håland, som 16. juli 1949 spurde i ein petitartikkel i Verdens Gang om "Kvifor er Oslo-folk så dumme?" Og då var det ikkje minst den manglande geografikunnskapen han tenkte på. Me her vest veit skilnad på aust og vest i Oslo, austlendingar slit med å skilja mellom noko som helst vestpå. Dei kallar det store landet i vest for - ja, nettopp - "Vestlandet". Om dei møter på ein frå dette landet, så spør dei oss gjerne om me kjenner "...Fagnstøl, som jeg møtte i Forsvaret" - sjølv om Fagnstøl kom frå Egersund og det er ein frå Førde i Sunnfjord som er samtalepartner. "Dere er jo fra Vestlandet begge..."

Jo da. Sidan 2010 har kortløype-NM vore tre gongar på Austlandet og to gongar på Vestlandet. Mønsteret er soleklart: Ein god del vil trass alt framleis vera med på terrengløp - ein vågar seg berre ikkje på å reisa så langt. Og i særleg grad gjeld altså dette austlendingar som nektar å reisa vestover. Nei, her er ikkje indianarar på krigsstien. Berre Fjorden Cowboys.

Under meisterskapa på Austlandet har austlendingane hatt ein deltakingsprosent på 55 (Tønsberg), 60 (Modum) og 57 (Hønefoss) - altså jamn og god deltaking.

Under meisterskapa på Vestlandet har austlendingane hatt prosent-deltaking på 10 (Strandebarm) og 9 (Stord)!

Kva med motsett veg? Finn me, vestlendingane vegen austover? Ja, i klart større grad i alle fall: 31 prosent av deltakarane i Tønsberg, 28 på Modum og 31 igjen på Hønefoss.

*

Dette heng også saman med denne underlege stafetten andredag: No  jo andre enn gutungen sjå at keisaren er naken?!

Dersom ein har eit todagarsopplegg, er det kan henda lettare å få fleire til å ta ut på den farlege reisa vestover. (Til Ås til neste år finn nok austlendingane vegen igjen.) Då må deltakarane nødvendigvis på førehand veta at dei skal delta både lørdag og søndag; ein må planlegga for dette. Og stafetten må vera på klubbnivået, der ein har tilhøyrsle.

Her er Varegg sine terrengstafettar ein mal:

1. Klubbstafett med 2 deltakarar på kvart lag.
2. Kvar klubb kan stilla med så mange lag dei vil
3. 2 klassar: senior og U23
4. 3 x 1000m (som harmonerer best både med løypa frå det individuelle løpet og med kapasiteten til dei fleste av desse løparane): 2 løparar spring altså 1000 meter 3 gongar.

Dette må NFIF ta tak i no - dersom ikkje dette arrangementet, som på sitt beste kan vera ein flott inngang til utomhus-sesongen - skal døy heilt hen.

Og austlendingar: 11. oktober arrangerer BFG Bergen NM i langløypa. Eg veit det går visse rykte om at løpet går på noko som heiter "Stend". Gløym det! Det går i Bergen. Det går fly til Bergen. Me skal visa vegen til løypa derifrå.

Nedst - oversikt over talet på deltakarar i dei fem siste kortløype-meisterskapa:

2010 - TØNSBERG
Totalt
180




Vestlandet
57
31.6 %
Austlandet
99
55 %
Midt-Norge
18
10 %
Sørlandet
6
3,3 %


2011 - MODUM
Totalt
191




Vestlandet
55
28,7 %
Austlandet
116
60,7 %
Midt-Norge
15
7,8 %
Sørlandet
5
2,6 %


2012 - STRANDEBARM
Totalt
119




Vestlandet
88
73,9 %
Austlandet
12
10,0 %
Midt-Norge
13
10,9 %
Sørlandet
6
5,0 %


2013 - HØNEFOSS
Totalt
154




Vestlandet
48
31,1 %
Austlandet
89
57,7 %
Midt-Norge
9
5,8 %
Sørlandet
8
5,1 %


2014 - STORD
Totalt
109




Vestlandet
85
77,9 %
Austlandet
10
9,1 %
Midt-Norge
12
11 %
Sørlandet
2
1,8 %

torsdag 3. april 2014

Fristafetten

For dei som var til stades på Espeland onsdagskvelden, så var det ein vemodig aften. Dette var siste gongen Fristafetten blei avvikla i området rundt idrettsplassen der. Ved seinare høve blir det ny løype - enno ikkje detaljbestemt - i området rundt idrettsparken i Indre Arna.

No ja. Det var over 100 deltakande lag totalt, så stafetten har framtida føre seg - også ved ei flytting, vil eg tru.

Mykje god springing av Gneist- og BFG- laga også dette året:

Jenter 11-14- laget hadde vunne stafetten dei 5 siste åra, men blei denne gongen slege av Fana. Fana sette ny løyperekord (som då blir ståande), men Gneist var berre 5 sekund bak, og både AKS og Bergen Turn sine lag på tredje og fjerde var med på å gjera dette til ein historisk god stafett i klassen.

Gutar 11-14- laget vann, derimot, Fristafetten for 6. året på rad. Også her blei det ny løyperekord for evig og alltid, godt og vel ti sekund framfor Fana. Desse to laga var i ein eigen klasse.

I Mix 11-17 blei det 4. sigeren på rad for Gneist - heile 44 sekund framfor nr. 2, Viking.

Aller mest suverene har Gneist vore i Mix 11-14. Her har det blitt siger alle dei siste 7 åra (i alle fall)! Også her får Gneist sitt lag i 2014 bli ståande som løyperekord-haldar for ettertida. Det var 5 sekund ned til Ask på 2. plass og 18 sekund til Gneist sitt 2. lag.

*

For BFG Bergen var det utvilsamt kvinner senior- laget som imponerte mest. Det blei ein 2. plass til slutt, 17 sekund bak Gular. Tidene til både Gular og BFG er svært sterke i historisk samanheng for Fristafetten. I fjor stilte ikkje BFG seniorlag, men årets lag var om lag 50 sekund betre enn beste juniorlaget i fjor - og årets lag hadde 5 juniorar med, så dette var svært lovande.

I menn junior blei det denne gongen 2. plassen, 8 sekund bak Norna-Salhus - etter sigeren i 2013.

Menn senior B- laget gjekk til topps i sin klasse, etter at det blei 4. plass i fjor. Avstanden ned til Gular sitt B-lag var på 18 sekund.


Fristafetten 

2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
J11-14
2
1
1
1
1
1
2
G11-14
2
1
1
1
1
1
1
Mix11-17
5
-
3
1
1
1
1
Mix11-14
1
1
1
1
1
1
1








KJ
1
1
4
3
2
2
-
KS
1
2
2
-
2
-     
2
MJ
1
1
4
3
3
1
2
MS-B
1
2
2
2
1
4
1



tirsdag 1. april 2014

Flyplass-rekordar

Vinterkarusellen 2013-2014 blei avslutta mandag kveld, med det 8. løpet for sesongen. Det var jo på tide, all den tid våren har herja i eit par veker alt - sjølv om det var nattefrost og overfrose på "utebilen" tirsdag morgon.

Løpsbølgja finst framleis, noko ein merkar bra i Vinterkarusellen. Det er naturlegvis enno rom for fleire deltakarar. Og det er ei flott tid å trena på no - fram til 3. november og 1. løpet i Vinterkarusellen 2014-2015!

Mange flotte løp har blitt prestert denne vinteren. Karusellen blei lagt i ny løype - langs Flyplassvegen - frå og med Vinterkarusellen 2011-2012. Det er ei løype som det er mange meiningar om, ikkje minst no når det blir bygt trasé for bybanen og Ytrebygdsvegen med omland har hatt stengingar og masse krumspring.

Men me har no uansett ført offisielle rekordar i den nye løypa og kan fastslå at opptil fleire er blitt slegne denne vinteren - nokre også fleire gongar:

5 KM
Her blei jo hovudrekorden for menn knust under sist løp, den 10. mars, då Marius Vedvik sprang heilt ned på 14,43.

Ingvild Myking sprang på 18,17 i november og har no rekorden for dei jentene som er 14 år eller yngre.

Christina Ellefsen Hopland har 18,14 frå siste løpet før jul, som er rekorden i J15-19- klassen.

Stian Øvergaard Aarvik har slite med mangt og mykje denne seinvinteren, men før den tid - i januar - var han i kanonform og sprang 5-kilometeren på 15,57, som er rekorden i G15-19.

Linda Gröning sprang på 20,13 i K35-39 i januar.

Ragnhild Korneliussen har pynta på sin rekord i K60-64 fleire gongar, seinast med 22,32 den 10. mars.

Eilif Villanger sprang på sterke 19,44 før jul i M60-64.

10 KM
På den lengste distansen kom det fleire svært sterke prestasjonar den siste løpsdagen, 31. mars:

Superspringaren André Seliussen frå Gneist flytta rekorden for gutar som er 14 år eller yngre ned med nesten to minutt (!), då han sprang på 36,22.

Gustav Iden knuste også den gamle rekorden i sin klasse, G15-19, då han sprang på 32,28 - den gamle var på 33,45.

Bjørn Tore Kronen Taranger pynta på sin egen rekord i M35-39, då han kom seg under 35 minutt - og sprang på 34,53.

Og tidlegare i vinter:

Christian Ellefsen Hopland har no rekorden i K15-19, både på 5 og 10 km. På den lengste distansen har ho 37,29 frå februar.

Rebecca Hilland sprang littegrann fortare enn det - 37,22 - under første løpet over nyttår. Det er då rekorden i seniorklassen - K20-34.

Bjarte Eikanger sprang på 33,46 i M40-44 på det første løpet i sesongen - den første mandagen i november.

Den gamle BFG-løparen (og med mange andre funksjonar i BFG-systemet) Anders Røssevold kan også springa godt framleis: 27. januar blei det 35,19 i M45-49.

Elise Orten sprang på 42,05 i K50-54 i februar.

Carol Bruce fekk seg rekorden i K55-59, med 49,17 i slutten av januar.

Ragnvald Kanebog sprang på 40,08 i M55-59 den 10. mars.

Same dagen - 10. mars - sprang også Helga Jonsdottir på ny rekord i K60-64: 58,21.


Alle rekordar i Vinterkarusellen kan studerast her.