tirsdag 20. mai 2014

Lykke til med sesongen!

Hausten 2013 var eg i sterk tvil om eg ville halda fram med denne bloggen. Det var mykje "skit og padda" der ute, som min gamle kollega i Kvinnheringen ville sagt det.

Det var ein del som sleit veldig med å skilja mellom denne bloggen som mitt personlege uttrykk, med eigne synspunkt og med feil og manglar, og offisielle versjonar frå Gneist eller BFG Bergen. 

Konspirasjonsteoriar er overraskande nok mykje framme i friidrettens andedam. 

Sjølv om dei svært ofte ikkje har noko der å gjera, målt mot røyndommen.


Eg skreiv ei "programerklæring" for Bloggen 19. oktober i fjor - eller "Nye bloggen", om ein vil:

1. Dette er MIN blogg!

2. Bloggen er ikkje i regi av IL Gneist Friidrett

3. Mi tilknyting til Gneist pr. dato: Eg er trenar i Gneist Friidrett si PU-gruppe og eg har til og med utomhus-sesongen 2013 ført statistikk for Gneist.

3. Bloggen er heller ikkje i regi av BFG Bergen Friidrettsklubb.

4. Det siste punktet må presiserast ein gong til: Eg er styremedlem i BFG – som ein av ti. Det er altså ikkje eg åleine som bestemmer det som skjer i BFG…

5. ALL innsasts i Gneist og BFG er 100 prosent basert på dugnadsinnsats. Eit kvart reknestykke økonomisk går i kraftig minus. Det er andre typar reknestykke som går i solid pluss, når eg skal vurdera om det «er verdt det».

6. Bloggen er mitt con amore prosjekt innan friidretten.

7. Det inneber at eg har drive den fordi eg har glede av den.

8. Bloggen skal ikkje og kan ikkje bli ein arena for friidrettsk krangel og ufred. Og tru meg; den finst.

9. Har eg det ikkje kjekt med Bloggen, så sluttar eg – eller tar lengre pausar, saman med mine venner i musikken J

10. I Bloggen kan ingen og ingenting bli «utegløymt» i seg sjølv. Den treng ikkje vera uttømmande på alt og alle. HER er det EG som bestemmer. Eg skriv om akkurat det eg vil til ei kvar tid.


I dag, 20. mai 2014, tar eg den fridomen som er gitt meg gjennom Bloggaranes uskrevne fridomscharter og nyttar punkt 9 ovanfor - og tar ein pause på ubestemt tid.

Det er ikkje kjekt lengre.

Lykke til med sesongen!

søndag 18. mai 2014

Nordre bydel og vel så det

Vel overstått 17. - og god sommar!

Det starta i løpet av den syttande - og i løpet av den attande har vergudane gått av skaftet. Veka som kjem skal bli av Syden-kaliber. Og me er i vårmånaden mai. Jo da.

Me får starta med "...og vel så det": AKS-leikane gjekk av stabelen på den gamle NM-arenaen i Knarvik søndag. Dette er eit etter måten lite stemne no. To BFG-utøvarar stilte i alle fall:

Sanne Myrmel var med på stavfesten, der Eirik Greibrokk Dolve hoppa 3,81 og Pål Haugen Lillefosse (G13) hoppa over 3,86. På Sanne blei det solid ny pers med 2,86. Den gamle utepersen var på 2,70 frå tidlegare i månaden, og ho har 2,72 ute.

Godt under pers blei det også på Emil Engelsen Holm 100 meter. Dessverre blei tida 11,34 oppnådd med heile 3,6 sekundmeter medvind - og det er i meste laget. Positivt var det uansett for Emil, som har slite med småskadar tidlegare i vår.

Så til nordre bydel der ein del av våre heltar sprang 5 km (og eit par slengarar også halvmaraton) under Åsaneløpet. På 5 km blei det to 4. plassar: Anna Serine Røssland i kvinneklassen og Stian Norheim i herreklassen. Silje Stenersen blei nr. 6 i kvinneklassen og Morten Seliussen, ungdomsalibiet, blei nr. 7 mellom mennene.

søndag 11. mai 2014

Fanalekene - dag 3

Den tredje og siste dagen av leikane til Fana er over. Nokre få i BFG-alder var i elden - og me noterer oss nokre persar søndagen også:

Ingrid Sortland braut 28 blank-grensa på 200 meter, akkurat så vidt, då ho fekk 27,99 i slutt-tid. Tida er 16 hundredelar betre enn gamlepersen, sett under Framolekene i fjor.

Sokalla debutpers blei det også denne dagen på Malin Marie Rosvoll Olsen. Tida på 200 meter blei respektable 28,50.

Henrik Almenningen var over 13 meter i tresteg innomhus i vinter, men 12,79 er ny utepers, 11 centimeter lengre enn det Henrik oppnådde under UM på Lillehammer sist haust. I for mykje vind var Henrik over 12,94. Han kom elles rett frå kort-etappen under Holmenkollstafetten lørdag.

Emil Engelsen Holm sette sesongbeste på 200 meter, då han kom seg ned på 23,85 (persen er på 23,06 frå UM på Lillehammer).

Sesongdebut var det  på 200 meter for Michelle Floor Heggeland. Tida blei 29,40. Ho har godt og vel sekundet betre frå tidlegare (Framolekene i fjor).

Fanalekene - dag 2

Dei er gode bussar med vergudane i Fana IL - det skal dei ha. Medan nærare 50.000 sprang stafett i Oslos gater lørdag, var det liv og røre - særleg mellom dei yngste - på Fana Stadion. Nokre i alder BFG-alder stilte også til start dag 2:

Sondre Rinde persa i lengde til 6,11 - i solid motvind. (Han hadde 6,05 ute frå i fjor haust.) Kraftig motvind blei det også på 100 meter for Sondre, der årsdebuten blei på 12,22.

Ingrid Sortland tangerte sin pers på 100 meter, sett i fjor sommar, då ho sprang på 13,54.

Debut-persar - som naturlegvis også er pers - fekk me på Malin Marie Rosvoll Olsen og Jan Jakobsen. Malin Marie sprang på 13,94 på 100 meter, medan Jan fekk notert seg 2:44,27 på 800 meter. (Jan debuterte for så vidt på 800 meter under Opningsstemnet tirsdag, men var då svært uheldig og blei utan tid.)

Og sesongdebutar elles:

* Eirik Leikvoll hoppa 1,72 i høgde.

* Nora Øvergaard Aarvik hoppa 1,46 i sin høgdekonkurranse, der Sanne Myrmel oppnådde 1,42.

* Maria Josefine Berg sprang 600 meter på 2:03,04.

* Petter Rasmussen sprang 800 meter på 2:23,87, medan det blei 3:00,04 på Egil Johan Hessen på same distansen.

lørdag 10. mai 2014

Prestasjonar av høg klasse i Oslos gater

Det blei to sterke BFG Bergen-prestasjonar under Holmenkollstafetten lørdag.

Kvinnelaget er no svært nære å vera eit pall-lag. Laget - som med nokre få unntak - framleis er svært ungt jafsar i seg av det forspranget som dei beste laga har hatt.

Frå 2012 til 2013 hoppa laget frå 10. plass til 6. plass. Forspranget til vinnarlaget blei kutta ned frå 7 minutt og 14 sekund til 5 minutt og 35 sekund.

Men dette kvinnetoget stoppar ikkje der. Frå 2013 til 2014 klatrar laget ytterlegare i plassering - frå 6. til 5. plass. Det er den beste plasseringa sidan 3. plassen i 2008. Men - viktigast - avstanden oppover er kutta med nytt jafs. Til vinnarlaget Vidar er avstanden no nede i 3 minutt og 34 sekund. Det er altså ein reduksjon i avstanden på over to minutt sidan i fjor! Avstanden til Gular - som klatra frå 3. til 2. plassen i år - er jo alltid spennande å følgja med på. Den var på 3 minutt og 55 sekund i 2013. I år er den kutta til 1 minutt og 9 sekund!

Strålande. Veldig mange av utøvarane sprang svært sterke etappar - og var mellom dei aller beste på etappane sine. Martine Eikemo Borge sitt come back på Homenkoll-laget - etter fleire år i USA - var eit solid pluss. Det er mange som bør nemnast. Eg har valt ut følgjande, i tillegg til nemnde Martine:

* Eline Myking med eit nytt sterkt løp, denne gongen på 2. etappe.

* Vilde Lund Bjørnsen, som knuste fjoråstida si på 3. etappe og stadfestar at ho er i rekordgod vårform.

* Debutant Ingvild Myking, som fauk opp Besserud-bakkane. Imponerande!

* Evigunge Pernille Thomassen, som imponerte på lang-etappen.

* Thyra Hevrøy, som sprang uhyre sterkt i Frognerparken.

* Elina Drivenes, som sprang 15 sekund fortare enn på same etappe i fjor - Elina er i gang igjen for fullt

Men 5. plassen kom etter solide prestasjonar over heile linja. Og desse utøvarane er i stadig framgang. Det er ingen grunn til å senka ambisjonane i 2015.

KVINNER:
2014
5. plass, Eliten
2013
6. plass, Eliten
2012
10. plass, Eliten
2011
7. plass, Eliten
2010
7. plass, Eliten
2009
6. plass, Eliten
2008
3. plass, Eliten
2007
6. plass, Eliten
2006
9. plass, Eliten
2005
11. plass, Eliten
2004
6. plass, Eliten


Herrelaget klarte å stabilisera prestasjonen topp 10. Det blei ein 9. plass, etter to 8. plassar dei siste to åra. I tillegg klarte laget å slå Stord, noko som blei eit viktig poeng, etter at sunnhordlendingane hadde gått høgt ut på førehand.

Både i tid og i avstand til teten går herrelaget noko tilbake frå i fjor, men dette er ikkje overraskande, all den tid det blei mange forfall i forkant. 

Igjen: Herrelaget er på sitt beste nivå på mange år. Oversikten nedanfor viser at det før 2012 var kamp rundt ned-/opprykk frå Eliten. Den avstanden er trygg no. 


MENN
2014
9. plass, Eliten
2013
8. plass, Eliten
2012
8. plass, Eliten
2011
16. plass, Eliten
2010
17. plass, Eliten
2009
19. plass, Eliten
2008
17. plass, Eliten
2007
3. plass, Menn senior (under Eliten)
2006
10. plass, Menn senior (unde Eliten)
2005
6. plass, Menn senior (under Eliten)
2004
(1, Menn junior – ingen lag i senior)

Mange flotte etappar også for mennene. Det er likevel uråd å koma utanom:

* Vegard Albrigtsen si flotte 3. etappe.

* Erlend Gjerdevik Sørtveit og Espen Roll Karlsen med solid innstas på høvesvis berg-og-dal og langetappen.

* Fin 5. etappe frå Andreas Iden.

* Miguel Blanco med nytt solid løp opp Besserud.

* Fin kortetappe-debut frå Henrik Almenningen.

Fanalekene - dag 1

Eg tenkte først at eg i dag skulle skriva noko indignert om Bergens Tidende som igjen er Gular-beskuande i sin friidrettsomtale - no seinast om Holmenkollstafetten. Det gjentar seg og gjentar seg: kan nokon gjera noko med den repeat-knappen no?

Det er enklare å visa til blogginnlegget frå i fjor om same temaet - og så får ein gå vidare i livet.

Til dømes til resultatlista frå 1. dag av Fanalekene fredag:

Fanalekene er først og fremst den første store mønstringa for barn og unge på Fana Stadion i år. Til Hovdingleikane kommenterte eg at dei yngste Gneist-utøvarane var sterkt sakna. Nokon meinte dei var å finna i Fyllingsdalen på KM i terrengløp 11-14 år. Eg kvakk litt då eg fekk resultatlista derifrå hin dagen, men nei, det var ikkje slik at det var veldig mange Gneist-utøvarar der heller. Kva så med Fanalekene? Jo da, her er ein del - og langt fleire enn på Leikvang sist helg, men eg trur eg vil la den generelle bekymringsmeldinga mi stå. Spesielt gjeld det på gutesida, jentene synest å vera meir i gang.

Så må eg nesten ta eitt besøk til den yngre garde når eg skal bli konkret også: Medan pappa Morten og søster Linn er klare for elitelaga i Holmenkollen lørdag, så sprang André Seliussen eit nytt strålande baneløp fredag. 9:48,82 blei tida hans på 3000 meter. André er 13 år, og 3000 meter er ikkje offisiell øving før han er 16. (Tida er verdt 900 poeng for 16-åringar...) Men me har anna å samanlikna med: André fekk seg med dette nemleg ny klubbrekord i G13 i Gneist. Den gamle hadde Henrik Irgens Gravdal - på 9:53,07 (frå 2011), så då - om ikkje før - veit me at dette var eit kvalitetsløp.

Så likar eg gjerne å skryta av Andreas Jensen, som også nærmar seg 10 blank-grensa veldig. Andreas arbeider iherdig og målretta - og han spring mykje. For kva kan ein seia om to 3000 meterar i løpet av tre dagar? Det blei ny pers på 10:15 under Opningsstemnet tirsdag. Fredag sprang han så tida si ned til 10:02,92.

I stav blei det utepers på Sanne Myrmel med 2,70. Det er 10 cm over høgda hennar frå Tyrvinglekene i fjor, og 2 cm bak innepersen frå i vinter. Eirik Leikvoll tangerte sin utepers frå Fanalekene i fjor, med 3,40.

Ingrid Sortland sesongdebuterte på 60 meter med tida 8,58.


torsdag 8. mai 2014

Mary Chapin Goes Holmenkollen

Først av alt: Dette har absolutt ingenting med noko som helst å gjera - anna enn det som står:

Dei første platene til Mary Chapin Carpenter er faktisk svært gode.

*

Så til Holmenkollen. Laga til BFG Bergen til lørdagens stafett er offentleggjort både på Fjesboka og på nettsidene til klubben, men bloggsfæren har lege på latsida og kjem først med si offentleggjering no.

Kvinnene først:

1. Martine Eikemo Borge (1200m)
2. Eline Myking (1140m)
3. Vilde Lund Bjørnsen (600m)
4. Anna Serine Røssland (1800m)
5. Renate Lie (1250m)
6. Torun Øvergaard Aarvik (1300m)
7. Ingvild Myking (1790m)
8. Hege Eikemo (1800m)
9. Linn Seliussen (650m)
10. Pernille Thomassen (2800m)
11. Thyra Hevrøy (1520m)
12. Monika Benserud (390m)
13. Elina Drivenes (1060m)
14. Ingrid Næss Johansen (850m)
15. Iren Vevatne Isaksen (600m)

Kvinnelaget blei nr. 10 i 2012 og nr. 6 i 2013. Det er vanskeleg å finvurdera motstandarane. Eit par av dei er knallsterke, men isolert sett er det mi vurdering at årets BFG-lag er sterkare enn fjorårets. Forsvar av topp 6 er både muleg og til og med sannsynleg.

Menn

1. Henrik Irgens Gravdal (1200m)
2. Anders Bjørndal (1140m)
3. Vegard Albrigtsen (600m)
4. Erlend Gjerdevik Sørtveit (1800m)
5. Andreas Iden (1250m)
6. Stian Øvergaard Aarvik (1300m)
7. Miguel Blanco Maldonado (1790m)
8. Håvard Austevoll (1800m)
9. Morten Seliussen (650m)
10. Espen Roll Karlsen (2800m)
11. Stian Norheim (1520m)
12. Henrik Almenningen (390m)
13. Steffen Algrøy Boga (1060m)
14. Anders Strømblad Hansen (850m)
15. Aleksander Lie (600m)

Herrelaget blei nr. 17 i 2011, nr. 8 i 2012 og i 2013. Årets lag har fått 5-6 fråfall frå utøvarar som sannsynlegvis alle hadde vore inne på laget om dei var friske og i orden. Likevel bør det vera muleg å kunna forsvara plass på øvste del i Eliteklassen, i alle fall om me reknar frå dei svenske motstandarane.

**

Vel, kanskje finst det ei melding frå Mary Chapin Carpenter ein stad mellom linjene, ei melding til utøvarar langs vegane i Oslo gater og streder lørdag: A Road is just a Road... (1987 - året som var så bratt)

tirsdag 6. mai 2014

Grand Opening

Det var ikkje så altfor mange deltakarane på årets Opningsstemne i regi av BFG Bergen - men det blei likevel temmeleg mange lyspunkt i den lokale sesongopninga.

Martine Eikemo Borge sprang mutters åleine på sin 600 meter, men det gjorde ho knallgodt. Tida 1:31,02 er ei av dei beste i landet på distansen gjennom tidene. Det er ny klubbrekord - og også betre enn beste 600 meter-tida til Martine frå USA-perioden (inne - ho hadde 1:31,35 frå Arkansas i januar 2012).

Veteranen Iren Vevatne Isaksen persa også, sjølv om eg ikkje kan hugsa når ho sist hadde ei 400 meter-tid... 59,55 er i høg grad småpent.

800 meter sprang Eline Myking inn til ny solid pers - under 2:20 i eit knallsterkt løp: 2:19,04. Den gamle persen til Eline var på 2:23,69, frå Bergenslekene i fjor.

Me noterer utepers på Anne Serine Røssland 800 meter: Tida 2:28,22 er nøyaktig halvtanna sekund framfor den gamle, sett så tidleg som under Bergenslekene i 2012. (I innesesongen var ho nede på 2:26.)

Henrik Almenningen pyntar stadig på løpspersane sine. Denne gongen blei det 12,43 på 100 meter (hadde 12,67 i Strandebarm i fjor sommar).

Stian Norheim sette ny utepers på 1500 meter. Tida blei 4:23,02, nesten sekundet framfor tida frå Gneistspelen i fjor. Stian sprang 16 hundredelar fortare enn dette igjen under Pingvinlekene i februar.

Espen Roll Karlsen sprang ein strålande 3000 meter, der han knuste eigen pers med 16 sekund, braut 9 blank-grensa med solid margin og kom i mål på 8:45,00.

Andreas Jensen spring 3000 meter på eit noko anna nivå enno, men 10:15,32 er fire sekund under persen frå mai for eitt år sidan.

Anders Bjørndal kom heim frå USA i fjor vår. Det markerte han med å bli under 2 blank-løpar på 800 meter under KM i juni. Tirsdag betra han persen på distansen med eit nytt sekund, i eit svært sterkt løp. Ny bestetid: 1:58,86.

Ein annan som stadig imponerer er Vegard Albrigtsen. Med 2:04,85 på 800 meer flytta han utepersen ned med godt og vel 3 sekund frå UM på Lillehammer i haust (2:08,19). Tida er også over 2 sekund betre enn tida frå inne-UM i Bærum i mars.

I tillegg til desse rekordane av ulikt slag kom følgjande sesongbeste tirdagskvelden:

* 12,65 på Monika Benserud på 100 meter.

* 14,20 på Michelle Floor Heggeland på 100 meter.

* 5:16,93 på Linn Seliussen på 1500 meter.

* Vilde Lund Bjørnsen har ikkje vore i betre vårform sidan 2011. Med 57,99 på 400 meter var ho eit kvart sekund bak persen frå Sandnes ein sommardag for nesten tre år sidan.

* Renate Lie sprang på 58,19 på 400 meter.

* Ingvild Myking noterte seg for 2:21,91 på 800 meter.

* Det blei 2:22,98 på Elina Drivenes på 800 meter.

* Og tida til Thyra Hevrøy på 800-meteren blei 2:28,53.

* Kristoffer Blücher var fattige fem hundredelar frå persen på 100 meter, då han sprang på solide 11,70. På 400 meter blei det eit nytt løp tett på persen for Kristoffer: 52,68.

* Erlend Gjerdevik Sørtveit sprang på 4:09,29 på 1500 meter.

* Andreas Iden kom i mål på 4:17,57 på 1500 meter.

* Ein halvskada Emil Engelsen Holm fekk tida 24,32 på 200 meter.

* Eit av dei største talenta i BFG har også eit av dei klokaste hovuda: Henrik Irgens Gravdal har bygt seg svært fornuftig opp gjennom vinteren etter diverse helsetrøbbel: Det førte til eit sterkt 800 meter-løp på 1:58,06, berre eit kvart sekund bak persen frå Tyrvinglekene i fjor. Og Henrik har mykje å gå på.

* Petter Rasmussen fekk seg 10:21,83 på 3000 meter, medan Egil Johan Hessen kom i mål på 12:45,18 på same distansen.

Baneopninga er over. No blir det stafett i Oslo for ein del og 17. mai-feiring og greier, før det tar seg opp igjen med stemne frå slutten av månaden.

Opninga lovar til dels svært godt.


mandag 5. mai 2014

Opningsstemnet

Tirsdag kveld er det i gang på Fana Stadion for 2014-sesongen. Det skjer med eit totalt deltakartal som om lag tilsvarer startlista på MS 1500 meter på det tilsvarande stemnet i 2008, då profilar som Sondre Nordstad Moen og Bjørnar Ustad Kristiansen prega Opningsstemnet.

Well, the times they are a-changin'

Det er ein miks av svært små heat (1-2 utøvarar) og 3-5 øvingar der konkurransen og heata er av god kvalitet.

400 meter, KS, inneheld seks gode namn, der Renate Lie og Vilde Lund Bjørnsen skal måla seg mot BFG-veteran Iren Vevatne Isaksen.

800 meter, KS, har så mange som 9 utøvarar på startlista. Her banedebuterer Ingrid Halvorsen Folvik frå Gular, men ho har også med seg formsterke Lena Indrebø frå same klubb, som møter Ingvild Myking (med 2.17 i fjor), Eline Myking, Elina Drivenes, Thyra Hevrøy og Anna Serine Røssland som BFG-representantar.

1500 meter, MS, er - saman med 800 meter, MS, øvinga med flest påmelde - 11 i talet. På 1500 meter er Halfdan-Emil Færø (Varegg) sterkaste namnet, medan Espen Roll Karlsen, Andreas Iden, Erlend Gjerdevik Sørtveit, Stian Norheim og Stian Øvergaard Aarvik er BFG-utøvarane i feltet.

På 800-meteren er det også ein Varegg-utøvarar som på papiret er tøffast imot for våre - Jonas Gjesdal. Frå BFG stiller Aleksander Lie, Espen Roll Karlsen (vel, Espen er påmeldt det meste tirsdagskvelden - så det blir vel eit val han gjer til sist kva han stiller på), Jan Jakobsen, Anders Bjørndal, Vegard Albrigtsen, Henrik Irgens Gravdal og Steffen Algrøy Boga.

I alle fall i gang

Nokre få ungdommar ikledd Gneist-drakt fanst under dei tradisjonsrike Hovdingleikane på Leikvang lørdag. Men kor i all verda fanst ungane med Gneist-drakt? Er dette trenden, så er det all grunn til å bli uroa for etterveksten. Vonleg er det berre eit utslag av det er (alt) for tidleg på sesongen enno og at ein ikkje er komen i konkurransemodus enno. Det er til å leva med, men til Framo om fire veker må det finnast rikeleg med 10-14- åringar i moderklubb-drakter!

Når det gjeld sesongdebutane til 15+ utøvarane, så noterer me følgjande:

Henrik Almenningen fekk notert seg brukande utetider på høvesvis 60 meter og 200 meter. På den kortaste distansen blei det 7,75 (hadde 7,74 inne i hallen nokre meter unna i januar) og på den lengste 24,80 (mot 24,68 inne i Bærum i mars).

Monika Benserud fekk seg 7,99 på 60 meter. Ho sprang på 7,79 inne i vinter og har 7,93 frå Framolekene i 2011 ute.

Renate Lie sprang ein habil 600 meter med 1:39,14 - like bak innetida frå Pingvinlekene (1:39,02) og halvtanna sekund bak utepersen frå Gneistspelen i fjor (1:37,66).

Elina Drivenes er tilbake for fullt og sprang sin 600 meter på 1:41,71 - også det halvtanna sekund bak utepersen (1:40,26 - frå Fanalekene i 2012).

lørdag 3. mai 2014

Kvifor er friidrettsfolk så trege?

Banesesongen er straks i gang på ordentleg. Det finst nokre svære stemne i løpet av eit år - NM, UM og... Opningsstemnet til BFG Bergen.

Vel, kva er det desse har til felles? Jo, dei er strenge med at det ikkje blir opna for etterpå-påmeldingar. Frå og med 2014 er dette altså også tilfellet med Opningsstemnet til BFG.

Påmeldingsfristen til tirsdagens stemne er så tett på som natt til mandag (kl. 24), altså mindre enn to døger før stemnet. Likevel vil det truleg koma utøvarar som forventar at det berre er å melda seg på der og då - av gammal (u)vane.

Kvifor må det vera slik? Kvifor kan ein ikkje berre melda seg på, liksom? - som ungdommane ville sagt det.

Nei, ikkje veit eg. I store stemne (utanom meisterskap) har ein gjerne påmeldingsfrist 1 - 2 veker før stemnet. Då er det naturlegvis muleg at ein etter påmeldingsfrist blir frisk frå sjukdom eller betre av ein skade. Det er til å forstå - sjølv om det ofte kan vera vel så fornuftig å trena seg litt opp og heller melda seg på neste stemne.

Men når påmeldingsfristen er 1 1/2 døger før stemnet, så er ikkje eit slikt argument gyldig. Her er det snakk om ein ukultur som har fått utvikla seg, fordi arrangørar flest er veldig snille og sympatiske friidrettsvenner, naturlegvis. Men her ligg det også ein dose friidrettsk snillisme, som ikkje berre er av det gode.

I staden kan arrangørar godt hjelpa til med oppdragelse, hjelpa til med å få utøvarane - og trenarane! - medvitne om konkurranseplanar og at det finst fristar for å melda seg på konkurransane ein har planar om.

... Så finst det, heldigvis, også småskala karusellar, med påmeldingar der og då. Og det må finnast kunnskap om kva som er kva.

I skrivande stund blir det eit lite, oversiktleg stemne tirsdag - basert på påmeldingane. Men fristen går ikkje ut på 38 timar enno...

fredag 2. mai 2014

Lovande takter på Ask

Den 62. Askstafetten i området rundt Hop skole på Askøy 1. mai blei ein triveleg affære. I sola var det ganske ålreit, medan det utsette stader fanst ein bitande kald trekk. Utøvarane hadde, derimot, greie springeforhold.

Det var naturlegvis BFG sitt 4 etappars-lag i kvinner senior som stal overskriftene. Laget suste inn til ny rekord for denne stafetten - med 6.12. Det var BFG sjølv (rett nok i "Fana"-varianten) som hadde den gamle, med 6.18 frå 2012. Denne stafettvarianten - med akkurat desse etappane - er rettnok svært ny - slik at alle rekordar, både stafettrekrod og etapperekordar er frå dei aller siste åra. Det tar naturlegvis på ingen måte bort glansen frå fire solide etappar - av Vilde Lund Bjørnsen, Renate Lie, Martine Eikemo Borge og Monika Benserud. Dette er ein stafett som BFG har dominert dei siste åra, utanom fjoråret då det blei prioritert annleis mellom 4 etappars- og 6 etappars-stafettane.

Kvinner senior-laget over seks etappar tok mål av seg å finna plassen mellom dei to Gular-laga som var konkurrentar i klassen. Det gjekk. Det var rettnok eit godt stykke opp til 1. laget til Gular.

Mennene stilte med eitt lag i Senior B og eitt i junior-klassen. Det blei 2. plass på begge laga - og det var fleire gode etappeprestasjonar. I juniorklassen var Henrik Irgens Gravdal fattige to sekund bak sigrande Norna-Salhus på sisteetappen, etter ein framifrå etappe, og dermed to sekund bak å forsvara sigeren frå i fjor.


Ask-stafetten

2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
KJ
1
2
-
3
-         
2
-
KS (4)
1
1
1
1
1
2
1
KS (6)




2
1
2
MJ
1
3
2
2
3
1
2
MS-B
2
3
4
1
3
1
2