tirsdag 30. desember 2014

Fjesbok

Gjennom all fritida denne jula har eg lete meg inspirera av andre friidrettsbloggar og gitt bloggen ein heim nr. 2 på Fjesboka:

LAs friidrettsblogg


Lars Arve
30.12.14

Årskavalkade 2014


Sidan starten mot slutten av 2010 har eg vel berre hatt éin årskavalkade på Bloggen - eller; ein slags årskavalkade. I år har liksom behovet meldt seg på ein litt annan måte, sidan Bloggen kvilte seg frå mai til september. Å kvila seg frå mai til september når ein driv med friidrett er - for å seia det mildt - noko spesielt.

Difor blir det ein kavalkade dette året.

Vel, éin grunn til: Bloggaren blir av og til trøtt, men no er det 2014-årets lokale komet, Anna Serine, som har trøtthetsbrot, og korleis 2015-sesongen blir, det er me usikre på, både utøvar, trenar og hovudsponsor. Men til trøyst og oppmuntring er eit tilbakeblikk på 2014-sesongen ikkje av vegen.

Nedanfor har ho lagt opptil fleire bak seg i heatet sitt på 3000 meter hinder på Hayward Field i Eugene, Oregon, under U20-VM. (Foto: Geir Sjursen.)



* I januar gav Amund Høie Sjursen eit første prov på kva sesongen ville bringa, då han braut 7 blank-grensa på 60 meter i Leikvanghallen, under Nornalekene: 6,99.

* I februar vann Marianne Benserud sitt 4. strake junior-NM- gull i stille høgde.

* I mars var det mange sterke resultat under inne-UM i Bærum.

* I april blei det UM-bronsar i terrengløp på Stord for Linn Seliussen (J15) og Anna Serine (J17).

* I mai blei det ny rekord i 4 etappars-løypa under Ask-stafetten, for Renate Lie, Martine Eikemo Borge, Vilde Lund Bjørnsen og Monika Benserud.

Martine sprang på 1:31,02 på 600 meter under Opningsstemnet på Fana Stadion.

I Holmenkollstafetten blei det 5. plass for kvinnelaget og 9. plass for mennene.

Amund hoppa 7,58 i lengde og kvalifiserte seg for U20-VM. Seinare sette han aldersrekord på 100 meter for 18-åringar med 10,61 (som så blei forbetra til 10,45).

Anna Serine vann først bestemannspremien under Mailekene i Haugesund (for sin 1500 meter), før ho fire dagar seinare persa med 53 sekund og kvalifiserte seg til U20-VM på 3000 meter hinder under Framolekene.

Det blei sølv på 4 x 400 meter for kvinnelaget under NM i banestafettar i Grimstad.

* I månadsskiftet mai/juni blei det NM-gull i U23-klassen i motbakkeløp for Stian Øvergaard Aarvik.

* I juni var Amund deltakar på seniorlandslaget under Europacupen for landslag i Tallinn, Estland. Han blei nr. 6 i lengde og var med på laget på 4 x 100 meter, som blei nr. 3. Landslaget rykka opp til Superligaen i 2015.

Nærmare 100 ungar var med på Idrettsleker på Fana Stadion.

* I juli vann både Kristoffer Blücher, Amund, Monika og Anna Serine øvingar under Världsungdomsspelen i Gøteborg.

Martine sette ny klubbrekord i BFG på 800 meter, med 2:05,04. Den gamle var frå 1997.

Amund og Anna Serine deltok i U20-VM i Eugene. Anna Serine persa på 3000 meter hinder, medan Amund var med og tok ein 11. plass og sette ny norsk juniorrekord på 4 x 100 meter.

Espen Roll Karlsen kom seg under 4 blank-grensa på 1500 meter: 3:58,21.

* I august blei det to NM-gull for juniorar til Amund.

3 Gneist-utøvarar blei uttekne til Nordisk meisterskap: Monika, Amund og Anna Serine. Amund fekk med seg eitt gull og to sølv.

Stian tok 3. plassen i Motbakkecupen samanlagt.

* I september blei Gneist nest-beste klubben under UM i Haugesund.
 Stian tok ein sterk 5. plass i U23-klassen under VM i motbakkeløp i Italia.

* I oktober blei Ingvild Myking (J15) ungdomsmester i terrengløp på Stend. Det blei sølv til Henrik Irgens Gravdal (G16) og Jens Larsen Åstveit (G17).


Godt nytt år!

Romjulsstemnet - heilt offisielt

Aller først supplement til 1. bolken frå Romjulsstemnet:

* Jakob Jamt Ånonli sprang sin første innomhus 200 meter, og det gjorde han på 25,43 - som er åtte hundredelar betre enn utandørs-persen frå Strandebarm i sommar.

* Så datt det også inn eitt heat til på 60 meter hekk. Der noterer me alders-klubbrekordar på Gjert Høie Sjursen i G15, med 8,93. Her skal Kristoffer Blücher ha sprunge på 8,65 med 91 cm-hekkar sist vinter, medan Gjert sprang på 84 cm.

* Sondre Rinde noterer me med klubbrekord i G17. Han sprang på 8,92 med 91,4 cm-hekkar.

So var det på plass.

**

Så er det slik at Romjulsstemnet blei avvikla for 4. gong, stemnet var noko av det første som skjedde offisielt i Leikvanghallen, då den var splitter ny. Kven veit, om nokre år vil det vera dei som etterspør stemnerekordar også til dette stemnet, så her er dei nye frå 2014:

200 meter
J14 Martine Hjørnevik, Norna-Salhus 27,35 (Kristiane S. Terum, Aurland, hadde 27,66 frå i fjor)

J17 Frida Hopland, Ask 28,53 (Solene Cordonnier, Voss, hadde 28,81 frå 2011)

G17 Daniel Alejandro Johnsen, Ask 24,02 (Emil Engelsen Holm, Gneist, hadde 24,12 frå i fjor)

400 meter (ny øving!)
J11 Marthilde Jensen, Fana 84,32
J14 Hanne Arstein, Bergens Turn 65,05

G11 Jonas Hugenholtz, Viking 79,92
G12 Thomas Strømstad-Løseth, Viking 73,89
G15 Håvard Rinde, Gneist 58,40
G18/19 Christian Steen Orbekk, Laksevåg 51,08
MS Torbjørn Lysne, Gular 50,31

1500 meter
J17 Frederia Kjær Pedersen, Frederic Triathlon 4:37,34 (ledig!)

G14 Ole Lyngbø, Ask 4:32,88 (ledig!)

G17 Henrik Irgens Gravdal, Gneist 4:09,95 (Stian Øvergaard Aarvik, Gneist, hadde 4:12,91 frå i fjor)

MS Erlend Gjerdevik Sørtveit, BFG Bergen 4:10,10 (Jørgen Austvik, BFG Bergen hadde 4:12,91 frå i fjor - ja, lik tid som Stian Aarvik, sjå over)

60 meter hekk (ny øving!)
J11 (68) Mathilde Jensen, Fana 14,18
J12 (76) Linnea Thorsheim, AKS-77 13,51
J14 (76) Martine Hjørnevik, Norna-Salhus 9,59
J15 (76) Anna Evensen, Gneist 10,03

G11 (68) Thomas Hugenholtz, Viking 18,40
G14 (84) Håvard Rinde, Gneist 9,48
G15 (84) Gjert Høie Sjursen, Gneist 8,93
G16 (91) Kristoffer Blücher, Gneist 8,96
G17 (91) Sondre Rinde, Gneist 8,92

mandag 29. desember 2014

Adelskalender, Gneist: høgde, kvinner

Medan me ventar på dei heilt offisielle resultatlistene frå Romjulsstemnet, så blir det eit lite sideblikk til Adelskalenderen for seniorar i Gneist. Denne gongen er det høgde for kvinner. Ein del vil stussa over at vår noverande høgdestjerne Nora Øvergaard Aarvik står med 1,58 i oversikten nedanfor, trass i at persen hennar er 1,60. Det blir sikkert blingsa her og der med eldre resultat, men ideen er at lista skal gjelda resultat oppnådd frå og med 15 års-sesongen og dermed i junior-/senioralder. Her har Nora 1,58 frå UM i Haugesund i haust. Så er det sagt.

Klubbrekorden er det Mary-Ann Nordeide som har, med 1,75 frå Malmø i Sverige sommaren 1981:

1. Mary-Ann Nordeide 1,75 (1981)
2. Hilde Hovlandsdal 1,73 (2004)
3. Sandra Tennøy 1,60 (2003)
3. Amalie Tefre Skage 1,60 (2006)
5. Mette Benserud 1,59 (2001)
6. Nora Øvergaard Aarvik 1,58 (2014)
7. Iris Fosse 1,56 (1977)

søndag 28. desember 2014

Romjulsstemnet (1. bolken)

Dei første uoffisielle resultata frå det årvisse og etter kvart tradisjonsrike Romjulsstemnet i Leikvanghallen har tikka inn. Ein får bera over med eventuelle feil i første runde. Dei vil eventuelt bli retta opp ved første høve.

Amund Høie Sjursen var ein mellom fleire som var etter måten travel denne romjulssøndagen. Men han fekk i alle fall med seg opptil fleire klubbrekordar på sine to løp: På 60 meter blei det 6,93. Det er fem hundredelar bak hans eigen klubbrekord innomhus i Gneist, men det er over fire tidelar raskare enn klubbrekorden for 19-åringar (Jonathan Hauglands 7,37 frå 2005). På 200 meter debuterte Amund, så vidt eg veit, innandørs. Det gjorde han på 22,06, som er nøyaktig sekundet raskare enn Espen Liland sin gamle klubbrekord inne, frå 2007. (Amund har elles 21,82 frå august i år, ute.)

Aller travlast var Anders Bjørndal, med heile tre løp på etter måten kort tid. Resultatet blei tre solide innepersar! På 60-meteren var den gamle innepersen sett under UM på Ranheim i mars 2011, så at den blei knust med 98/100 er ikkje så løye. Ny bestetid er 7,60. På 400 meter debuterte Anders inne, med høgst respektable 52,28 - berre fem hundredelar bak utepersen, frå UM i Haugesund. Og på 800 meter sprang naboen i nr. 8 på 2;07,59, nesten tre sekund betre enn gamlepersen inne, sett under UM i Sandnes i mars 2012.

Ny klubbrekord i Gneist blei det også på Henrik Irgens Gravdal, som sprang i mål på 4:09,95 på 1500 meter. Det er fire tidelar under Stian Øvergaard Aarviks gamle innerekord. Det er også hyggeleg å sjå at Henrik er i gang så tidleg på sesongen denne gongen, etter alternative øvingar det aller meste av innesesongen i fjor. Den gamle innepersen til Henrik - 4:12,44 - var då også frå UM i Steinkjer i 2013.

Henrik Almenningen var hundredelen bak innepersen på 60 meter (7,75), men han forbetra seg solid på 200 meter, til 24,26 (gamlepersen var på 24,68 frå UM i Bærum i år).

Jakob Jamt Ånonli debuterte innomhus på 60 meter med 7,90. Det er like så godt også fire hundrelar under utepersen, frå midtsommars i år.

Innepers blei det på Vegard Albrigtsen på 800 meter. Hans tid blei 2:05,81, medan gamlepersen var på 2,07,13 frå årets UM.

Kristoffer Blücher sesongdebuterte med 7,40 (har 7,32 frå tidlegare) på 60 meter og 23,94 på 200 meter (har 23,47 frå inne-UM i år).

Steffen Algrøy Boga sprang inn til 2:11,32 på 800 meter, sekundet bak innepersen frå Nornalekene i 2014.

Innepers blei det derimot på Stian Norheim på 1500 meter. Der sprang han på 4:20,37, to og eit halvt sekund under tida frå Pingvinlekene i år. (På 800 meter blei det meir moderate 2:16,24 i sesongdebuten for Stian.)

Sondre Rinde sesongdebuterte på 60 meter med 7,73.

Gjert Høie Sjursen sprang på 7,91 på 60 meter (fem hundredelar bak innepersen, frå årets Pingvinlekene), medan han kom seg ni hundredelar under innepersen på 200 meter med 25,10 (25,19 frå Pingvinlekene i år).

Anna Evensen sesongdebuterte på 60 meter meed 8,67, hundredelen bak innepersen.

Thomas Blücher sprang sin 800 meter på 2:17,29, eit halvsekund bak innepers.

1. januar er Erlend Gjerdevik Sørtveit Strindheim-medlem, men me noterer fine 4:10,10 frå julebesøket.

lørdag 27. desember 2014

Adelskalender, Gneist: 1500 meter menn

Jaja, tidene dei endrar seg, som han song Bob Dylan. Sist vinter var det Adelskalender for BFG som var pausefyllet på bloggen. Denne vinteren blir det tilsvarande adelskalender for senior - utomhus - for Gneist i staden.

Me startar med 1500 meter for menn.

Eg håpar på drahjelp frå dei som har levd ei stund, for å få dette så rett som muleg etter kvart. På 1500 meter for menn er alle tidene på mi liste frå før BFG-tida. Det er rett og slett ei stund sidan sist ein Gneist-ar sprang fort på 1500 meter - altså under 4 blank.

Klubbrekord-innehavaren er kvinnheringen Hans Jakob Berge, som på fleire andre distansar. Tida er 3:52,9, sett på Bislett i juli 1979, medan Rune Hovlandsdal er nr. 2 på lista, med 3:53,89 frå sommaren 1987. Då skulle Rune eigentleg vore BFG-ar, men han vegra seg og stilte i Gneist-drakt også etter januar 1987.

Her er lista:

1. Hans Jakob Berge 3:52,9 (1979)
2. Rune Hovlandsdal 3:53,89 (1987)
3. Øyvind Liland 3:54,20 (1983)
4. Carl Eirik Michelsen 3:54,74 (1984)
5. Terje Sejrup 3:55,75 (1981)
6. Petter Kleppe 3:56,0 (1980)
7. Sigve Stenersen 3:58,09 (1987)
8. Rodgeir Vigestad 3:58,2 (1982)
9. Øyvind Ytrehus 3:58,6 (1982)

Det bør absolutt vera eit mål for opptil fleire i Gneist-drakt å slå seg inn på denne lista i 2015-sesongen.

tirsdag 23. desember 2014

Gutane sitt 1. lag: Best i Hordaland

Siste innlegget om årets lagserie tar, naturleg nok, for seg laget som vann serien i Hordaland for gutar. Det gjorde laget med ny poengrekord (60932), den gamle sett av Gneist i 2013. Det var over 4.000 poeng meir enn Fana på 2. plass. Men all honnør til Fana, som stadfestar sin plass som nest-best for gutar.

Utsiktene?

Utsiktene er svært gode for at gutane kjem til å halda på topp-plassen også i 2015 - og vel så det.

Her er ei påminning om kva som gjeld i gutane sin Elitedivisjon:

* 60 noteringar totalt
* 24 løp/gang
* 6 hekk
* 18 hopp
* 12 kast

Og dette er Gneist-gutane som plukka poeng for 1. laget i 2014:

- Henrik Almenningen
- Kasper Oanæs Andersen
- Andreas Haara Bakketun
- Kristoffer Blücher
- Thomas Brattaule
- Herman Ellingsen
- Tobias Sedberg Garden
- Henrik Irgens Gravdal
- Hans-Magnus Haukøy
- Eirik Leikvoll
- Pål Haugen Lillefosse
- Ole-Alexander Padøy
- Håvard Rinde
- Sondre Rinde
- Amund Høie Sjursen
- Gjert Høie Sjursen
- Stian Øvergaard Aarvik
- Jens Larsen Åstveit

lørdag 20. desember 2014

Jentene sitt 1. lag: nr. 2 i Elitedivisjonen

Då er jentene i mål: 1. laget i 2014 skal presenterast. Dette året måtte jentene gi frå seg topp-plassen til fjorårs-toar Norna-Salhus med knepen margin. Men det er tett mellom toppane: Bak Gneist er det ikkje langt til Bergens Turnforening sine jenter. Og bak der igjen veks Fana seg stadig større og sterkare.

Og eg vågar ikkje seia at Norna-Salhus berre har topp-plassen til låns, men Gneist kjem til å vera oppi der også i 2015. Til og med i kast-øvingane er det positive tegn å sjå!

Framleis er det følgjande som gjeld i jentene sin Elitedivisjon:

* 50 noteringar
* 20 løp/gang
* 5 hekk
* 15 hopp
* 10 kast

Og desse Gneist-jentene var poeng-plukkarar på det som blei 1. laget, når statistikarane fekk kosa seg og gjera individuelle resultat om til lag-resultat på slutten av sesongen:

- Marianne Benserud
- Monika Benserud
- Vilde Lund Bjørnsen
- Anna Evensen
- Una Haukanes
- Renate Lie
- Maren Haugen Lillefosse
- Line Ludvigsen
- Lea Låstad
- Pernille Michelsen
- Eline Myking
- Sanne Myrmel
- Nora Møllerup
- Sidsel Møllerup
- Hilda-Lovise Riisnes Riise
- Anna Serine Røssland
- Emma Dahl Sørbo
- Emma A. Voldsund
- Nora Øvergaard Aarvik

fredag 19. desember 2014

Gutane sitt 2. lag: nr. 4 i Elitedivisjonen

Ein god del av oss sliter med så mangt. Difor er det gjerne eit ekstra stort ønske om ei fredfylt julehøgtid.

På eit vis kjenner eg at det nærmar seg jula når me no også nærmar oss avslutninga på gjennomgangen av årets lagserie i Hordland for jenter og gutar.

Og det er gutane det handlar om i dag, i tredje siste innslaget for dette året.

Nærmare bestemt er det snakk om 2. laget til gutane. Det enda så høgt oppe som på 4. plass i Elitedivisjonen, på ingen måten lagt unna pallen, der det var Ask Friidrett sitt 1. lag som fekk det lågaste trinnet dette året.

2. laget var sterkt også i fjor - også då blei det 4. plass i Elitedivisjonen.

I gutane sin Elitedivisjon er det framleis dette som gjeld:

* 60 noteringar totalt
* 24 løp/gang
* 6 hekk
* 18 hopp
* 12 kast

Og desse Gneist-gutane plukka poeng for 2. laget i 2014:

- Vegard Albrigtsen
- Tobias Allers-Hansen
- Henrik Almenningen
- Kasper Oanæs Andersen
- Jonas Tyssebotn Berg
- Anders Bjørndal
- Kristoffer Blücher
- Thomas Blücher
- Thomas Brattaule
- Herman Ellingsen
- Tobias Sedberg Garden
- Henrik Irgens Gravdal
- Jon-Anders Haukøy
- Emil Engelsen Holm
- Eirik Leikvoll
- Magnus Leikvoll
- Pål Haugen Lillefosse
- Stian Norheim
- Ole-Alexander Padøy
- Håvard Rinde
- Sondre Rinde
- André Seliussen
- Gjert Høie Sjursen
- Stian Øvergaard Aarvik
- Jens Larsen Åstveit

torsdag 18. desember 2014

Jentene sitt 2. lag: nr. 6 i Elitedivisjonen

Det er alt røpa at 1. laget til jentene ikkje nådde heilt til topps i årets lagserie i Hordaland - "berre" nesten. Til gjengjeld klarte 2. laget - som rykka opp frå divisjonen under, 1. divisjon i 2013 - å halda på plassen sin i Elitedivisjonen - faktisk med brukbar margin.

Dermed er altså to av åtte lag i Elitedivisjonen på jentesida også i 2015 frå Gneist, i tillegg til at gutane har tre av åtte.

I jentene sin Elitedivisjon gjeld følgjande:

* 50 noteringar totalt
* 20 løp/gang
* 5 hekk
* 15 hopp
* 10 kast

Desse Gneist-jentene plukka poeng for 2. laget i 2014:

- Kaya Knutsdotter Balgobin
- Vilde Lund Bjørnsen
- Victoria Bruun
- Elina Drivenes
- Anna Evensen
- Katrine Holm Gjeraker
- Charlotte Harris
- Una Haukanes
- Michelle Floor Heggeland
- Emilie Hestad
- Thyra Hevrøy
- Marte Håland
- Ingrid Næss Johansen
- Renate Lie
- Maren Haugen Lillefosse
- Lea Låstad
- Pernille Michelsen
- Eline Myking
- Maren Kathinka Myrmel
- Sanne Myrmel
- Sidsel Møllerup
- Amalie Ellingsen Nyheim
- Malin Marie Rosvoll Olsen
- Jenny Rajkumar
- Hilda-Lovise Riisnes Riise
- Linn Seliussen
- Marie Seliussen
- Rakel Smaadal
- Camilla Sunnseth
- Emma Dahl Sørbo
- Emma A. Voldsund
- Nora Øvergaard Aarvik

Long Walk Home

Det er dagen derpå dagen derpå.

Det er sikkert dei som lurer på om Bloggen skal meina noko etter det ekstraordinære årsmøtet i BFG Bergen 16. desember. Det skal den for så vidt ikkje.

Bloggen har tru på friidretten i Bergen sør og friidrettsutøvarane der. At det er krise, er ei så stor overdriving at det ikkje er verdt å kommentera.

Nokre utfordringar ligg for døra, naturlegvis.

Berre éin ting; eg er referent frå årsmøtet og arbeider med å gjera protokollen derifrå så rett og sannferdig som muleg.

Eg heldt eitt kort innlegg i møtet. Det var ei saksopplysning. I motsetnad til det som blei påstått frå ei anna røyst, overfor dei mellom 90 og 100 til stades (93 med stemmerett og nokre utan), så var innhaldet i innlegget mitt 100 prosent sant og rett:

Hordaland Idrettskrets har heilt klart understreka at det berre finst éin medlemskategori i idrettslag: enten er du medlem, med fulle rettar, eller så er du det ikkje.

At me har operert med ulike kategoriar, det handlar om at ulike medlemmer har hatt ulike rabattordningar. Det har ikkje innverknad på deira status som medlem.

Igjen: Dette er 100 prosent sant og rett.


Ok. Så er det dei som lurer på om Bruce Springsteen har noko å seia om alt dette. Det har han naturlegvis.

(Henta frå geni-albumet Magic, 2007:)


Last night I stood at your doorstep
Trying to figure out what went wrong
You just slipped something into my palm and you were gone

I could smell the same deep green of summer
'Bove me the same night sky was glowin'
In the distance I could see the town where I was born

It's gonna be a long walk home
Hey pretty darling, don't wait up for me
Gonna be a long walk home
A long walk home

tirsdag 16. desember 2014

Gutane sitt 3. lag: nr. 6 i Elitedivisjonen

Gutane sitt 3. lag blei i 2013 nr. 2 i 1. divisjon og rykka dermed opp i Elitedivisjonen. Det inneber at Gneist i 2014 hadde 3 av 8 lag i Elitedivisjonen for gutar. Endå sterkare blir det når alle desse tre laga etter 2014-sesongen held på plassen i Eliten. Rett nok var det svært knepent at 3. laget kom framfor nedrykksklare Osterøy 1, men likevel.

I gutane sin elitedivisjon i lagserien i Hordaland gjeld følgjande:

* 60 noteringar totalt
* 24 løp/gang
* 6 hekk
* 18 hopp
* 12 kast

Så sjølv om det er 3. laget det er snakk om, så plukka utøvarane nedanfor altså poeng på eit elitelag:

- Vegard Albrigtsen
- Mathias Algrøy
- Tobias Allers-Hansen
- Henrik Almenningen
- Kasper Oanæs Andersen
- Anders Bjørndal
- Thomas Blücher
- Thomas Brattaule
- Tobias Sedberg Garden
- Henrik Irgens Gravdal
- Jon-Anders Haukøy
- Andreas Iden
- Andreas August Kyte
- Eirik Leikvoll
- Henrik Nesheim
- Stian Norheim
- Ole-Alexander Padøy
- Håvard Rinde
- Sondre Rinde
- Ole Martin Røssland
- Kristian Ingstad Schjønningsen
- Amund Høie Sjursen
- Gjert Høie Sjursen
- Emil A. Valentin
- Jakob Jamt Ånonli
- Stian Øvergaard Aarvik


lørdag 13. desember 2014

Jentene sitt 3. lag: nr. 5 i 1. divisjon

Då er julabordet i hamn, Lucia har (ikkje) vore her og livet går vidare. Og me går vidare også med lagserie-presentasjonen. Me var visst komne til 3. laget til jentene. Og då snakkar me konsolidering; det blei 6. plass i 1. divisjon i fjor - og eit lite hakk opp, til 5. plass i 1. divisjon i år.

Dette er ei stadfesting på den store breidda i toppen i Gneist. Norna-Salhus sine jenter vann kretsserien (nr. 1 i Elitedivisjonen), men Norna-Salhus hadde ingen andre lag enn dette eine med i årets lagserie. Gneist har (som vanleg) fire lag med og 3. laget er altså så høgt oppe som nr. 5 i 1. divisjon.

I 1. divisjon gjeld følgjande:

* 40 noteringar totalt
* 15 løp/gang
* 3 hekk
* 12 hopp
* 10 kast

Og desse Gneist-jentene plukka poeng for 3. laget i 2014:

- Kaya Knutsdotter Balgobin
- Anne Marie Bruun
- Emma Vollen Bø
- Elina Drivenes
- Sofie Ellingsen
- Yvonne Eriksen
- Una Haukanes
- Helene Stensen Heggdal
- Michelle Floor Heggeland
- Emilie Hestad
- Thyra Hevrøy
- Ingrid Næss Johansen
- Madeleine Kroondijk
- Maren Haugen Lillefosse
- Lea Låstad
- Maren Kathinka Myrmel
- Nora Møllerup
- Ada Ringheim
- Malin Marie Rosvoll Olsen
- Anna Serine Røssland
- Andrine Sanguanpong
- Linn Seliussen
- Marie Seliussen
- Silje Stenersen
- Camilla Sunnseth
- Emma Dahl Sørbo
- Emma A. Voldsund
- Nora Øvergaard Aarvik

onsdag 10. desember 2014

FU-rapport

På den omtalte grautfesten sist fredag blei underteikna spurd om kor mange me no var i FU-gruppa vår. Eg svarte bramfritt "28", for dette var eit tal som hadde festa seg ein gong i tida. Først etterpå blei eg i tvil om kor vidt dette stemte.

Og det, det gjorde det ikkje.

Vel, det stemte "ein gong i tida" - nærmare bestemt våren 2014.

Hausten 2014 er talet i staden kome opp i 31. Det er ein auke på godt over 400 prosent (...) sidan aller første økta vår, 24. september 2011.

Men sjølv om me "berre" var 7 utøvarar den første økta, så kom det i løpet av første halvåret - hausten 2011 - med heile 18 utøvarar i gjengen. Så meir reelt er det ein auke frå desse 18 til dei noverande 31. (Også denne prosent-auken er brukande.)

Halvår for halvår har talet på deltakarar utvikla seg slik:

Hausten 2011: 18
Våren 2012: 22
Hausten 2012: 20
Våren 2013: 23
Hausten 2013: 23
Våren 2014: 28
Hausten 2014: 31

Me vågar å slå fast at dette er eit populært tilbod blitt.

Eit siste uttrykk for deltaking i denne omgang er snitt-talet på utøvarar pr. trening. Her har det ikkje vore dramatiske endringar, men i staden ei gradvis auke, slik:

Hausten 2011: 10,2
Våren 2012: 9,3
Hausten 2012: 10,4
Våren 2013: 11,4
Hausten 2013: 12,3
Våren 2014: 13,7
Hausten 2014: 14,8

**

Så då er me ajour og meir presise.

Kaj, Sofie og Heine hadde aller flest trenings-frammøte denne hausten.

Og så er det velfortent ferie fram til 10. januar.

Utøvarportrett: Amund Høie Sjursen

Då pressar me inn eit aldri så lite utøvarportrett igjen. Amund Høie Sjursen skal presenterast under Vinterkarusellen komande mandag - og her er bloggen sitt bidrag til denne presentasjonen:

Amund Høie Sjursen (blir 19 i januar) har vore eit talent sidan han starta med friidrett, men det verkelege gjennombrotet kom likevel våren 2013, då han persa på nytt og på nytt på 100 meter. Lenge var han uheldig med vindforholda, men til sist klarte han også kravet til U18-VM i Donetsk, Ukraina, og fekk sitt første internasjonale oppdrag. Derifrå har pila berre halde fram med å peika oppover.

I 2014 blei det først landslagsdeltaking på seniornivå i Europacupen for landslag, før Amund var deltakar i U20-VM i Eugene, USA, der han hoppa lengde og var med på det norske laget som blei nr. 11 på 4 x 100 meter stafett – og som samtidig sette ny norsk juniorrekord.

Amund har vore uheldig med skadar opp mot ein del nasjonale mesterskap, men har likevel fått med seg:

* Jr, Nordisk: 1 gull, 2 sølv
* Junior-NM: 2 gull, 1 bronse
* UM: 3 gull, 2 sølv, 1 bronse
* inne-UM: 1 gull, 3 sølv, 2 bronse

Amund har halde fram med å flytta persar og rekordar. I 2014 kom tida heilt ned på 10,45 på 100 meter, som er ny norsk aldersrekord for 18-åringar og tett på den norske juniorrekorden. Det er sterkt i ei øving der det er tett mellom dei beste og der svært mange har delteke gjennom åra. Medan det var 100 meter som blei kvalifiseringsøvinga til ungdoms-VM i 2013, så var det lengde som var øvinga til junior-VM i 2014 (og til europacupen for seniorar). Persen er no på 7,60, sett under Världsungdomsspelen i Göteborg i sommar.


På 200 meter er tida flytta ned til sterke 21,82, trass i at Amund har sprunge svært få løp på distansen. Også i høgde er det blitt svært akseptable 2,02. 

Persar
60 meter
7,08 (Fana, 31. mai 2014)
60 meter (i)
6,99 (Haukås, 19. januar 2014)
80 meter
9,76 (Fana, 29. april 2012)
100 meter
10,45 (Lisleby, 8. august 2014)
200 meter
21,82 (Fana, 2. august 2014)
Høgde
2,02 (Fana, 31. mai 2014)
Høgde (i)
1,98 (Bærum, 8. mars 2014)
Høgde u.t.
1,40 (Ytrebygda, 21. mars 2014)
Lengde
7,60 (Gøteborg, 28. juni 2014)
Lengde (i)            
7,46 (Bærum, 9. mars 2014)
Lengde u.t.
2,80 (Ytrebygda, 21. mars 2014)
Tresteg
12,88 (Fana, 28. april 2012)
Spyd (800)
36,81 (Fana, 30. september 2014)

Medaljefangst i mesterskap (nasjonale+)

NORDISK
GULL, 4 x 100m, jr-nordisk, 2014
SØLV, lengde, jr-nordisk, 2014
SØLV, 100 meter, jr-nordisk, 2014

NM
GULL, lengde, junior-NM, 2014
GULL, 100 meter, junior-NM, 2014
BRONSE, 4 x 100m, jr-NM, 2013

UM
GULL, høgde, UM, 2013
GULL, lengde, UM, 2013
GULL, 100 meter, UM, 2014
SØLV, 100 meter, UM, 2013
SØLV, lengde, UM, 2014
BRONSE, lengde, UM, 2012

GULL, 60 meter, inne-UM, 2014
SØLV, lengde, inne-UM, 2012
SØLV, lengde, inne-UM, 2014
SØLV, høgde, inne-UM, 2014
BRONSE, lengde, inne-UM, 2013

BRONSE, 60 meter, inne-UM, 2013

mandag 8. desember 2014

Årets mest framgangsrike, Gneist, 2014

For 5. året på rad blei utmerkinga "Årets mest framgangsrike" delt ut på Gneist sin grautfest fredag.

Det ligg visse statuttar til grunn for utdelinga: Dette gjeld utøvarar som har utvikla seg i sjiktet av dei som ikkje er medlemmer i 1000 poengs-klubben. Så ser ein på utviklinga i tyrvingpoeng i dei ulike øvingsgreinene, samanlikna med året før. Då kjem ein årvisst fram til ei rekkje verdige kandidatar.

Ein må vera 11 år for å kunna oppnå prisen. Det er som 10-åring ein første gongen kan plukka tyrvingpoeng, dermed er det som 11-åring ein første gongen kan samanlikna med eit år tidlegare.

Og det var ein 11-åring, Lea Låstad, som blei vinnar på jentesida for 2014.

* Lea har forbetra seg for 7,83 til 7,30 på 40 meter
* ... frå 10,79 til 10,25 på 60 meter
* ... frå 14,54 til 13,77 på 80 meter
* ... frå 2,97 til 3,45 i lengde

Gratulerer med ein flott sesong til Lea!

Desse har vunne prisen for jenter sidan 2010:

2010: Vilde Omholt
2011: Silje Stenersen
2012: Pia Hovland
2013: Sara Tyssebotn Berg
2014: Lea Låstad

For gutane stakk Henrik Almenningen (G17) av med prisen som "Årets mest framgangsrike".

Her er utvalde forbetringar for Henrik frå 16 års- til 17 års-sesongen:

* Frå 12,67 til 12,18 på 100 meter
* Frå 5,86 til 6,29 i lengde
* Frå 12,68 til 13,60 i tresteg

Og det er ikkje minst i tresteg Henrik har vakse seg til nye høgder, for ikkje å seia lengder.

Gratulerer med ein flott sesong til Henrik!

Og desse har vunne prisen for gutar sidan 2010:

2010: Stian Norheim
2011: Eirik Leikvoll
2012: Emil Engelsen Holm
2013: Jens Larsen Åstveit
2014: Henrik Almenningen


Is the Sky the Limit?

Som sagt; absolutt brukande graut fredagskvelden. Men at den skulle vera så god at den åleine skulle føra til segnomsuste stavresultat alt lørdagen, nei, det ville eg nok ikkje trudd.

Men Pål Haugen Lillefosse har ikkje tenkt å gi seg med rekordjaget i stavsprang med det første. Kvar gong eg ser Pål no, så får eg slike gospel-refreng i hovudet - slike med "higher and higher" og slikt, og naturlegvis lurer Bruce sin versjon av "Jacob's Ladder" der også.

4,31, folkens! Og då hadde me nett skrytt av 4,07. 4,31 er sjukt bra. Tidenes høgaste av ein 13-åring i heile Europa - og då følgjer det naturlegvis at det er rekord under det igjen over heile fjøla.

Noko i skuggen av Pål nærmar Sanne Myrmel seg 3-meteren. Ho kom seg over 2,91 lørdag. Ny pers igjen var det. Sanne hoppa 2,80 sist stemne for ei veke sidan, som då var innepers, medan ho har 2,86 utandørs frå i vår.

Og så noterer me også ny pers på evigunge Ole Viken, med sine 3,08.

fredag 5. desember 2014

Gutane sitt 4. lag: nr. 6 i 1. divisjon

Ah..., for ein graut! For ein fest!

Det er lett å bli inspirert av Gneist Friidrett sin tradisjonsrike grautfest, avhalden som den blei fredagskvelden.

Inspirasjonen på denne bloggen inneber framhald av presentasjonen av ein ny fantastisk innsats i lagserien for jenter og gutar i Hordaland.

I dag er me komne til 4. laget til gutane.

4. laget til gutane rykka i 2013 opp frå 2. divisjon - etter 2. plass der. Dermed skulle det vera ein prestasjon å halda plassen i 1. divisjon. 4. laget heldt plassen med brukbar margin, blei nr. 6 av 10 lag (nr. 6 av dei 8 som heldt plassen i divisjonen). Ein prestasjon! Nei, ein stor prestasjon!

I gutane sin 1. divisjon gjeld det følgjande rammer:

* 50 noteringar totalt
* 20 løp/gang
* 5 hekk
* 15 hopp
* 10 kast

Og følgjande Gneist-gutar var med på å halda 4. plass i 1. divisjonen - og altså; 4. laget til Gneist er 16. beste laget totalt i Hordaland i 2014:

* Tobias Allers-Hansen
* Henrik Almenningen
* Kasper Oanæs Andersen
* Jonas Tyssebotn Berg
* Kristoffer Blücher
* Thomas Blücher
* Erlend Borsholm
* Henrik R. Dahle
* Herman Ellingsen
* Tobias Sedberg Garden
* Henrik Irgens Gravdal
* Hans-Magnus Haukøy
* Jon-Anders Haukøy
* Andreas Iden
* Torbjørn Knag
* Andreas August Kyte
* Eirik Leikvoll
* Henrik Leikvoll
* Magnus Leikvoll
* Aleksander Lie
* Pål Haugen Lillefosse
* Henrik Nesheim
* Stian Norheim
* Håvard Våge Opheim
* Håvard Rinde
* Sondre Rinde
* Kristian Ingstad Schjønningsen
* Amund Høie Sjursen
* Emil A. Valentin
* Oliver Vallklev
* Jakob Jamt Ånonli
* Stian Øvergaard Aarvik

torsdag 4. desember 2014

Lagserien: Jentene sitt 4. lag: nr. 5 i 2. divisjon

Denne mini-serien med presentasjon av Gneist sine lag i lagserien i Hordaland for jenter og gutar startar med tradisjonsrike sitering av eige blogginnlegg frå tidlegare års oppstart av denne presentasjonen:

Friidrett er - med eit par-tre småunntak - ein individuell idrett. Når så sesongen er slutt gjer ein den likevel om med eit lagfokus. Me snakkar i denne samaheng om Hordaland Friidrettskrets. For 10- 19 år skjer dette slik:

Dei beste resultata etter Tyrvingtabellen for kvar enkelt utøvar gjeld. Det vil altså seia at ein utøvar berre kan ha eitt resultat med i ei enkeltøving, men kan vera representert med ei rekkje ulike øvingar.

Kvar klubb kan melda på fleire lag i serien. Dei individuelle resultata blir omgjort til del av eit lag. Ein har på førehand bestemt kor mange resultat som tel i kvar øvingsgrein (løp/hekk/hopp/kast) i kvar divisjon. Dei enkelte laga har si plassering i divisjonar basert på fjorårsresultat.

Fristen for innsending av serieresultat er 20. oktober. Så tar det ein del veker deretter før resultata blir offentlegjort.

Elitedivisjonen har åtte lag, 1. til 4. divisjon har ti lag. (Resten, under der, er i 5. divisjon.)


Jo meir eg har sett meg inn i dette, jo viktigare tenker eg at lagserien er: Vel, først må det seiast at eg er ingen tilhengar av krampaktig samling av poeng mot slutten av ein sesong - her får ein telja saman den reelle innsatsen undervegs. Men det å gjera den til vanleg høgst individuelle friidretten om til lag og til fellesskap har svært mange positive sider ved seg.

Gneist har 8 lag - 4 for kvart kjønn.

Jentene sitt 4. lag har klart det kunststykket å hamna på 5. plass i 2. divisjon dei tre siste åra etter kvarandre, så der har me dei.

I 2. divisjon for jenter tel 30 noteringar totalt; 12 løp/gang, 2 hekkeløp, 10 hopp og 6 kast.

Det er kjekt å sjå opptil fleire heilt nye namn på listene. Følgjande Gneist-utøvarar plukka poeng for 4. laget i 2014:

* Kaya Knutsdotter Balgobin
* Marianne Benserud
* Sofie Ellingsen
* Stine Eriksen
* Yvonne Eriksen
* Una Haukanes
* Charlotte Harris
* Emilie Hestad
* Marte Håland
* Nora Helene Kjerland Kristensen
* Line Ludvigsen
* Pernille Michelsen
* Camilla Myrdal
* Maren Kathinka Myrmel
* Jenny Rajkumar
* Hilda-Lovise Riisnes Riise
* Ada Ringheim
* Linn Seliussen
* Marie Seliussen
* Camilla Sunnseth
* Emma Dahl Sørbo
* Kaia Lind Aasen

onsdag 3. desember 2014

Samarbeid

Samarbeid er så mangt. Store aktørar kan samarbeida med kvarandre, slik at dei til saman blir endå større. Små aktørar kan søka den trygge famnen til større, for å sikra seg og sitt.

Det siste er modellen i friidretten: Små klubbar søker samarbeid med større, for å sikra sitt og sine - ikkje minst for å sikra junior- og seniorutøvarar gode vilkår. Barneidretten klarer små klubbar til vanleg fint sjølve.

Det andre typiske trekket er at samarbeid ikkje inneber etablering av heilt nye klubbar. Som sagt; ein søker seg til alt etablerte klubbar, trygge klubbar med solid forankring på så ulike vis.

Så finst det eit par døme frå friidretshistoria på at det har blitt etablert eigne, nye klubbar for å ta seg av samarbeid mellom alt eksisterande klubbar. Desse ny-etableringane har stort sett forsvunne ut av historia etter relativt kort tid. BFG Bergen, opphavleg BFG Fana, er mellom dei klubbane av ein slik type som har eksistert desidert lengst; det vil vera 28 år sidan klubben blei stifta i januar 2015.

Men når klubbane som "fann på" BFG - Bjarg, Fana og Gneist - frå 1. januar 2015 alle er ute av samarbeidet, så er det altså langt frå unikt. Snarare tvert om.

På lista over samarbeidande klubbar i 2014 finst det ein god del halvstore, som har fått besøk av nokre mindre klubbar. Så finst det to spesielt store klubbar - Gular frå Bergen og Tjalve frå Oslo - som er velrenommerte norske friidrettsklubbar, og som har samarbeid med opptil fleire klubbar i sine respektive område. Hovding og Bergens Turnforening er samarbeidspartar over lang tid med Gular, Lambertseter og Koll er klubbar under Tjalve sine venger.

Til saman 29 klubbar står på NFIF si liste over klubbar som i 2014 har søkt samarbeid under ein annan, større klubb. Av desse skil Idrettslaget Gneist seg ut som ein unaturleg stor klubb til å søka samarbeid under ein større paraply. Det er mange måtar å måla størrelse på klubbar. Ein enkel måte er kor mange resultat klubbar har i statistikken utandørs i 2014, i alderen 11 til og med 19 år. Både Hovding, Koll og Bergens Turnforening kjem etter måten høgt på lista, men alle desse har spesielt store kull og spesielt mange resultat i dei heilt yngste årsklassane. Gneist skil seg ut med resultat i absolutt alle årsklassar, for jenter og gutar.

Det er høgst naturleg at Gneist trer ut av eit underordna samarbeid, for å kalla det for det, og i staden tar styringa og inviterer mindre klubbar i nærområdet til samarbeid med seg. Eit samarbeid i ein annan, fjerde klubb mellom klubbar som har høvesvis 429, 40 og 2 resultat i den aktuelle aldersgruppa er pr. definisjon skeivt og "urettvist", i den forstand at det er den store klubben som må og skal ta det store ansvaret - den er jo klart størst.

Så vil tida visa om ein med eit slikt grep får gjort noko med det veldige spriket mellom Gneist som ein av landet største og beste barne- og ungdomsklubbar og den svært smålåtne posisjonen BFG har på junior- og seniornivå.

Her er lista over klubbar som i 2014 har søkt samarbeid med andre, større klubbar ("paraplyklubbar", "overbygningsklubbar"), målt etter tal på resultat i landsstatistikkane utandørs dette året (i parentes den - til vanleg større - klubben ein har søkt samarbeid med):

(Eg garanterer på ingen måte tala. Dei illustrerer likevel skilnaden mellom små, mellomstore og store klubbar.)

1. Gneist 429 (BFG Bergen)
2. Hovding 279 (Gular)
3. Koll 277 (Tjalve)
4. Bergens Turnforening 191 (Gular)
5. Bremnes 162 (Stord)
6. Lambertseter  149 (Tjalve)
7. Overhalla 129 (Namsen)
8. Sola 127 (Skjalg)
9. Hyen 89 (Gloppen)
10. Sandane 72 (Gloppen)
11. Strandebarm 71 (Gular)
12. Nesodden 66 (BUL)
13. Breimsbygda 59 (Gloppen)
14. Selbu 57 (Selsbakk)
15. Børsa 51 (Selsbakk)
16. Brodd 47 (Gloppen)
17. Bjarg 40 (BFG Bergen)
18. Fjellhug/Vereide 35 (Gloppen)
19. Loddefjord 30 (Norna-Salhus)
20. Straumsnes 29 (Tingvoll)
21. Beitstad 21 (Steinkjer)
22. Sørum 9 (Ullensaker/Kisa)
23. Hurdal 3 (Ullensaker/Kisa)
24. Kalandseid 2 (BFG Bergen)
25. Heming 1 (Tjalve)
26. Korlevoll-Odda 0 (Gular)
26. Triumf 0 (Tingvoll FIK)
26. Tingvoll IL 0 Tingvoll FIK)
26. Eidsvold Turn 0 (Ullensaker/Kisa)

tirsdag 2. desember 2014

Strålande innestart

Dei som har levd ei stund vil kan henda minnast at det aller første blogg-innlegget her, for altså fire år sidan i dag, handla om innomhus stavhopp.

Det skal det handla om her også - pluss tresteg utan fart, som det også er blitt tradisjon for omtrent på denne tida i Gneist-regi.

I Leikvanghallen i helga hoppa Pål Haugen Lillefosse (G14) 4,07 i stav. Det er rekord over heile fjøla, lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Pål er knapt 13 1/2 år. Han kan ikkje setja senior-rekordar før han er i 15 års-sesongen sin (altså om eitt år), men 4,07 er 17 centimeter betre enn senior-klubbrekorden i Gneist innandørs. Det seier seg sjølv at dette er klubbrekord i G14... Den gamle var det nettopp senior-rekordhaldar Kristian Haga som hadde, sett i 1986. Pål hoppa også 7,45 i tresteg utan fart, som er ny klubbrekord i G14. Sondre Rinde hadde den gamle, på 7 meter beint, sett i 2012.

Sanne Myrmel (J16) sette ny innepers i stav med 2,80. Den gamle var på 2,72, sett i same hallen i februar i år. Sanne har 2,86 som utandørs pers. Så vidt eg veit debuterte Sanne i tresteg utan fart søndag. Det enda med 6,82, som er ny klubbrekord i J16. Der hadde Marianne Benserud 6,77 frå 2011.

4 år

2. desember 2010 tok eg til å krota ned dei første linjene i denne bloggens liv. Då var eg styremedlem i friidrettsgruppa i Idrettslaget Gneist, i tillegg til at eg dreiv manuell statistikkføring for Norges Friidrettsforbund - temmeleg mange timeverk i løpet av eit år.

Men begynnelsen av desember er ei roleg tid. Denne rolegare tida nytta eg så til å etablera ein blogg, som har levd sitt liv i det lokale miljøet, i kompaniskap med andre informasjonskanalar. Det er ingen hemmeleghet at oppstarten også kom av at dei gode, gamle nettsidene til friidrettsgruppa i Gneist då var ein saga blott - og erstatta av mindre gode og sentralt styrte sider. Dei gamle sidene romma alt frå smått og stort, frå det høgtidlege til det uhøgtidlege, frå dei store nyhetene til den vesle, praktiske informasjonen. Då dei gamle nettsidene forsvann var det rett og slett eit tomrom som kunne fyllast - mellom anna av denne bloggen.

Det er produsert over 1000 blogg-innlegg i desse fire åra (dette er nr. 1037). Eit par korte og ein lengre pause er det også blitt, den siste i inneverande år.

No står friidretten i miljøet rundt Fana Stadion på ny oppe i store val og omstillingar. Men det skjer i ei tid der barne- og ungdomsfriidretten i området står veldig sterkt.

Det blir no ein pause frå utøvarportretta. Ja da, det er opptil fleire som manglar, men dei er ikkje gløymte!

I staden blir det, etter kvart, den årvisse gjennomgangen av serielaga til Gneist, der gutane knuste all motstand (også) i år, medan jentene var i ein ny uhyre jamn batalje med Norna-Salhus og Bergens Turnforening og der Norna blei sterkast dette året, med Gneist like bak.

Til så lenge blir det feiring med ei pepperkake til kaffien i ettermiddag.

mandag 1. desember 2014

Utøvarportrett: Ole Martin Røssland

Første luka i adventskalenderen for eldstemann i huset, Ole Martin (20 i februar), er altså å få utøvarportrettet sitt på denne bloggen. Ole Martin er mellom dei som er ferdig med U20, blir senior på skikkeleg - med U23-klassen som mellomstasjon (i inne-UM og junior-NM, til dømes). Han har til mål å tre ut av eigen skugge, den han har skapt som trenar for søstera si. Etter ein trøblete 2014-sesong som utøvar håpar han å prestera på godt nivå igjen i 2015. Av ein eller annan grunn er det hinder som synest som sterkaste øvinga. Heile seks av meisterskapsmedaljane hans er på hinder - inkludert einaste gullet, frå UM på Askøy i 2012.

Persar
200 meter
29,38 (Fana, 28. juli 2010)
400 meter
60,34 (Fana, 27. august 2013)
600 meter
1:33,82 (Fana, 24. august 2013)
800 meter
2:04,38 (Indre Arna, 12. august 2013)
800 meter (i)
2:07,94 (Haukås, 30. desember 2011)
1000 meter
2:46,73 (Fana, 31. august 2013)
1500 meter
4:11,63 (Fana, 13. august 2014)
1500 meter (i)    
4:14,91 (Steinkjer, 10. mars 2013)
2000 meter
5:55,02 (Fana, 5. juni 2011)
3000 meter
8:59,36 (Bislett, 19. august 2012)
3000 meter (i)    
9:01,46 (Haukås, 6. januar 2012)
5000 meter
15:35,93 (Gøteborg, 9. juli 2012)
10000 meter
33:06,61 (Fana, 29. april 2012)
2000 meter hinder
6:12,78 (Lillehammer, 7. september 2013)
3000 meter hinder
10:01,84 (Espoo, FIN, 18. august 2013)
Høgde u.t.
1,00 (Ytrebygda, 26. februar 2010)
Lengde u.t.
1,95 (Ytrebygda, 26. februar 2010)

Medaljefangst (nasjonale mesterskap+)

NM
SØLV, 4 x 1500 meter, jr-NM; 2013
BRONSE, 4 x 1500 meter, jr-NM, 2011
BRONSE, 2000 meter hinder, jr-NM, 2013

UM
GULL, 2000 meter hinder, UM, 2012
SØLV, 1500 meter hinder, UM, 2010
SØLV, 4 km terrengløp, UM, 2011
BRONSE, 1500 meter hinder, UM, 2011
BRONSE, 3000 meter, UM, 2012
BRONSE, 2000 meter hinder, UM, 2013
BRONSE, 2000 meter hinder, UM, 2014

BRONSE, 1500 meter, inne-UM, 2011