tirsdag 22. desember 2015

B og F og G - etter 2015-sesongen

Det er tidleg å summera opp dette, men sidan blogg og bloggar straks søker seg til varmare strok og først dukkar opp att eit stykke utpå nyåret, så kjem det her eit bidrag.

2015 var første året på tre decennium at dei opphavlege klubbane, Bjarg, Fana og Gneist, var tilbake og foredla eigne utøvarar heile vegen frå rekrutt til og med seniornivået.

Generelt er biletet slik: Bjarg stadfestar inntrykket av at klubben, med eit par hyggelege unntak aldersbestemt, ikkje er tungt framme i friidrett for tida. Fana er i imponerande vekst og framgang, medan Gneist konsoliderer stillinga, men har klare utfordringar, spesielt på jentesida, i åra framover.

Heilskapsinntrykket er likevel positivt. Gneist ser, generelt, ut til å reindyrka profilen med eigen-rekruttering og å ta vare på eigne utøvarar. Fana har skaffa seg tilvekster utanfrå på topp-nivå innan hopp, ikkje minst i stavsprang. Utanom desse synest Fana også primært å vera oppteken av å ta vare på eigne ungar og ungdommar.

Eg har hatt mykje kontakt med ein god del av Fana-miljøet, fordi gruppa mi har trent til dels samtidig i Høiehallen lørdagar. I starten var dei mest til irritasjon, fordi mange av oss opplevde at dei oppfatta oss som å vera i vegen, at dei rett og slett var viktigare enn det me var. Det er dei naturlegvis ikkje, og over tid har me klart å tilpassa oss kvarandre på greie vis. No er Fana-ungdommane i fremste rekkje til å heia på og applaudera våre eminente utøvarar i Friske viljer.

Det er naturlegvis ein viss konkurranse mellom Fana og Gneist. Det er viktig at denne konkurransen er og blir verande sunn. Her er mange ungdommar på tvers av klubbane som har eit godt kompisforhold. Ein usunn konkurranse vil berre vera i vegen for eiga satsing. Og ein skal ha store problem med synet dersom ein ikkje ser at hovudprofilen til Fana (hopp) og hovudprofilen til Gneist (løp) kan utfylla kvarandre på gode måtar.



Først: God jul og takk for det gamle og slikt.


Nedanfor litt fakta, basert  på lagseriar (og litt meir) i 2015.


Bjarg
Ikkje lag for menn i lagserien, senior, Hordaland.

Ingen lag i lagserien for gutar, Hordaland.

Ingen lag i lagserien for jenter, Hordaland.


Fana
I senior-lagserien på nasjonalt nivå er Fana framleis i dei bakre rekker, men her er det potensial til jamn klatring dei komande åra. I kretsserien på seniornivå blei det 4. plass i 2. divisjon for Fana sitt 1. lag, både for menn og kvinner.

I lagserien i Hordaland er gutelaget til Fana heilt oppe på 2. plass, med ein sterk poengsum. Berre Gneist, som sette ny poengrekord, var framom. 2. laget rykka opp til Eliten, noko som betyr at både Fana og Gneist har 2 lag i Eliten i 2016, til saman halvparten av dei 8 laga som finst der. For jenter er Fana på 4.plass, også her i ryggen på Gneist.


Gneist
Første året med seniorsatsing: Kvinnelaget blei nr. 11 i toppdivisjonen, 1. divisjon., i landsserien. Det betyr nedrykk til 2. divisjon i 2016. Dette var ikkje overraskande. Kvinnene har hatt ein liten og skadeforfølgt tropp i 2015. Det bør vera sjansar for å vera i toppen i 2. divisjon igjen neste år. I Holmenkollstafetten blei det 13. plass i Eliten. Her er det spenning rundt om breidda dei komande åra er god nok til at det kan stillast lag.

I lagserien for senior i Hordaland for kvinner blei det 3. plass.

Herrelaget gjorde ein imponerande innsats, med 9. plass i 1. divisjon. Her er det gode framgangar i mellom- og langdistanse som står fram. Her er det grunn til å tru at grunnlaget for ei endå sterkare plassering ligg der, ikkje minst med viktige aktørar ute i hopp og sprint dette året. Herrelaget i Holmenkollstafetten imponerte også med 6. plass, og her er forventningane ytterlegare skrudd opp før utgåva 7. mai 2016.

I lagserien for senior i Hordaland blei det ein «råsterk» 3. plass, i følgje Stein Fossen. I tillegg tok 2. og 3. laget dobbelt i 3. divisjon.


Det same skiljet mellom gutar og jenter kan ein sjå på rekrutteringsnivået i Gneist: Gutane har både teke vare på sin dominans i Hordaland og har greitt potensial også i dei komande åra. Jentene er på defensiven, både i breidde, i samanlikning med andre hordalandsklubbar og med omsyn til komande rekruttering.


torsdag 17. desember 2015

Historietime: Det Nye Lekene, 1987

Som alle veit (...), så er magasinet Det Nye under lupen i Pressens Faglege Utval nett i dag, 17. desember. Klagen gjeld eit intervu med bloggaren og frue til ein fotball, Caroline Berg Eriksen. Dette kunne me sikkert sagt mykje om, men poenget er altså Det Nye.

Det Nye er eit blad som faktisk har halde det gåande sidan 1957. Ikkje så mange erindrar at bladet var sponsor for norsk friidrett i si tid, til dømes i 1987. Då gjekk Det Nye-lekene på Raufoss første helga i september.

Nedanfor ser ein programhelten frå Gneistspelen hausten før, 1986, som også markerte seg sterkt på Raufoss i 1987, Kjersti Ristesund.


Kjersti vann soleklart 100 meter hekk i J17 på 14,00. Ho vann også 100-meteren på 12,22. Her blei venninna Gerd Lise Nybråt nr. 6 på 13,11, men Gerd Lise vann favoritt-øvinga si, lengde, med 5,88. Også ho var ein klar vinnar.

Det var eit par Det Nye-piker. Her kjem eit knippe Det Nye- gutter:

Tommy Gjølga (Mandal-Gjølga) frå Strindheim vann 800 meter i G18 med 1:53,31. På den halve distansen, 400 meter, blei det andreplass med 50,16.

På 3000 meter i G17 blei den seinare skiløparen og "asylbaronen", Geir Skari frå Lena rett borti der ein plass, nr. 2 med 8:51,56, medan Eiliv Gjesdal frå Varegg hamna like utanfor pallen med 8:53,50. Skari gjekk til topps på 2000 meter hinder med 6:11,30. Her kom Eiliv Gjesdal seg opp på på pallen, på 3. plass med 6:14,53. Den kjende smismørar Knut Nystad frå Fauske blei nr. 7 (6:27,34) og broder og landslagstrenar i langrenn no for tida, Trond Nystad nr. 8 (6:34,70). På 800 meter i denne klassen blei det 3. plass på Hans Jørgen Borgen frå Hauerseter på 1:54,99.

På same distanse, 3000 meter, i G18, var det Tor Øyvind Ødegård frå Fredrikstad som vann, med 8:44,78. Bjarte Vik frå Osterøy blei nr. 10 på 9:26,84.

100-meteren i denne klassen, G18, var det Aham Okeke frå BUL som vann på 10,48, framfor Geir Moen frå Moss, på 10,80. Moen blei sjettemann i lengde med 6,31.

Til slutt eit par representantar frå min gamle og nye klubb, IL Trio: Frank Henriksen blei nr. 6 i slegge i G17, med 34,34, medan den seinare fotballspelaren, politimannen, Vålerenga-sentrale og Verdens Beste SFO-skodespelaren, Håvard Lunde, tok andreplassen i stav i G17 med 3,70. Her var det ikkje så mykje å gjera med Trond Barthel, som nesten på heimebane vann med 4,30.

**

Og korleis det gjekk med Det Nye i PFU, kan ein til dømes lesa her.



tirsdag 15. desember 2015

Historietime: Gneistspelen 1985

Me må først ta eit kortare tilbakeblikk i dag, nemleg til Hardanger Friidrettsfestival i 2009. Søndag 5. juli 2009 står naturlegvis fram som ein av dei verkeleg svære dagane i nyare gneist friidrettsk soge. Ja, hadde eg vore bokmålsk av meg, så ville eg vel kalla dagen bemerkelsesverdig. No er eg ikkje bokmålsk av meg, så det får vera som det er. Men denne dagen fekk me ein 200 meter for veteranar inne i Strandebarm som ein del av oss kjem til å snakka om på gamleheimen. Sjølv var eg altfor stiv og støl etter min eminente 800 meter same staden dagen i førevegen til å vera med, men Geir Harris, Terje Norheim, Arne Lillefosse og Morten Frode Bjørndal sette kvarandre stemne, så det suste etter. Me som trudde at Morten først og fremst var ein slitar måtte tru om igjen: Utpå langsida var han uimotståeleg og vann på sterke 27,50 for den i 2009 39 år gamle karen frå Søvikheia.




På ein sterk 2. plass kom så Arne Lillefosse, med 27,92. Som biletet over viser, så har Arne teke meir og meir livet med ro, etter som åra har gått. Men den opphavlege Fitjar-buen Arne har ei fortid som friidrettsutøvar for Stord IL. I 1985 vann han 100-meteren under Gneistspelen på 12,38 i G16. Så her går det ei slags linje. Den sterke sprintaren Rune Kyrkjebø frå Trio måtte ta til takke med 2. plassen, på 12,52. Rune Kyrkjebø delte elles 1,60 som resultat med namnebror Rune Haugsvær i høgde; førstnemnde fekk 4. plassen og Gneist-reprsentanten 5. plassen.

Og apropos Morten Bjørndal: Kjersti Ristesund vann sin 100 meter som ho ville, tilbake i 1985 - i J15 - på 12,9. I tillegg fekk ho seg ein noko meir overraskande 3. plass i kule, med 7,97.

Og apropos Trio: Lars Åke Andersen (G15) stakk av med eit par bestemannspremiar: Både på hekken og i lengde. I lengde blei det 6,53 som vinnar-resultat (med litt medvind).

På 1500 meter i G17/18 blei det ein fin 4. plass til Egil Johan Hessen frå Fana IL med 4:25,1. Han var plassen framom Nils Hetleflåt frå Stord.

Og elles - av alt det spennande på 1985-listene: Helga Reigstad frå Osterøy blei nr. 2 i spyd i J13 med 18,80, Terje Simmenes frå same klubben blei nr. 2 på 800 meter i G12 med 2:30,1 og nr. 3 i høgde med 1,25. Hege Kjærgård frå Laksevåg blei nr. 6 på sin 800 meter i J12, på 2:45,9. Og me finn fleire interessante plasseringar i J11 på Vibecke Kvale (den gongen knytt til Friidrettslaget Jarl). Vibecke har i 2015 vore knytt til eit fotball-lag i Gneist i nettopp J11. Jo da, tida går.

fredag 11. desember 2015

Historietime: Gneistspelen 1992

Me hoppar og sprett litt i den gneistspelske soga, i denne førjulstida - men me er framleis tabloide:


England_Måkestad_Daegu_2011.jpg - Erik van Leeuwen (WikiMedia Commons)

Ingvill Måkestad (Bovim) starta ein stad ho også. Vel, ho starta for så vidt ikkje under Gneistspelen i 1992, men i startgropa er det rett å seia at ho var. Ho stilte i J11-klassen den gongen. Dette var i dei tider det var kurant med 800 meter i J11-klassen. Den vann Ingvill frå Korlevoll på overtydande vis. Tida hennar, 2:36,51, var ni sekund betre enn nr. 2 si. I tillegg vann ho 60-meteren på 9,07 og så blei det ein 6. plass i lengde med 3,80.

Johan Sørstrønen frå Os er me alt kjent med at dominerte resultatlistene på tidleg 1990-tal (og deromkring). Han vann gjerne i spyd. 1992 og 17/18-klassen den gongen var ikkje noko unntak. Lengda var på 54,20. Han vann også 100-meteren (11,63). Spesielt verdt å merka seg, no når Kuventræ er oppgradert for friidrett, er at Os tok 4-dobbelt på 100-meteren i 17/18 i 1992! Det har ikkje skjedd kvart år.

Lite Gneist i dag, men den i visse kretsar nær meg kjende fotball-trenaren i Søreide Idrettslag, Jonny Andersen frå Fri, vann i alle fall 400 meter i 17/18-klassen med brukbare 55,01.

torsdag 10. desember 2015

Historietime: Gneistspelen 1998

Bloggen goes tabloid: Desta Marie Beeder er i desse dagar meir kjent for å presentera veret. I si tid har ho også ei fortid med praksisveke på min arbeidsplass, og med anar i det etiopiske (springemiljøet) var det også godt rimeleg at ho i si tid fekk besøk av sjølvaste Haile Gebrsalassie.



Men alt dette er altså (nesten) berre eit billeg blikkfang: Desta Marie var med i Gneistspelen i 1998. Ho var i rekruttalder og sprang 60 meter (11,67) og hoppa lengde (2,89). Mellom rekruttane var det også andre kjente, om enn ikkje tv-kjente: Erik Hovlandsdal (10,45 og 3,10), Espen Liland (10,03 og 3,29), Sandra Tennøy (9,77 og 3,87), Ingvild Mundal Andersen 11,35 og 3,03).

Mellom dei litt eldre utøvarane gjekk ein av bestemannspremiane til Mette Benserud i høgde, for sitt hopp på 1,40 i J12.

Benedikte Liland vann både 60 meter (9,51), 60 meter hekk (12,50) og kule (7,13) i J11. Spesielt sigeren i hekk var overtydande.

I J13 noterer me oss at Fana-jenta Iren Isaksen blei nr. 3 i lengde med 4,04 og nr. 4 på 60 meter hekk med 11,63.

Den kjende gjestebok-redaktøren Morten Velde frå Haugesund utmerka seg med to solide 4. plassar i G14 i Gneistspelen i 1998: På 800 meter sprang han på 2:25,19 og i høgde blei det 1,42. Seinare blei det vel så som så med høgde-karrieren, men så bra som NM-gull både på 800 og 1500 meter.

Morten Benserud sprang 800 meter i klassen under Velde, og sprang fortare - då han vann på 2:24,40. Han var over åtte sekund framfor nr. 2 i G13.

Brede Ellingsen frå Norna-Salhus blei vinnaren i høgde i G11, på 1,30.

Elles markerte Marius og Mats Benserud seg i G11-klassen, sjølv om dei var høvesvis to og eitt år yngre enn det klassen tilsa.

onsdag 9. desember 2015

Rekruttar

Norges Friidrettsforbund har teke ut sine rekrutteringslandslag for 2016-sesongen. Hordalands-klubbar er rikt representert. Gneist har følgjande med på listene:

Gjert Høie Sjursen er med i mangekamp. Gjert vann eit flott UM-gull i mangekamp i sin første UM-sesong i 2015. Trenar er Geir Sjursen.




I kategorien hopp er broder Amund Høie Sjursen med. Han missa så godt som heile 2015 med skadetrøbbel, men var seniorlandslagsutøvar i lengde og mellom landets aller beste på 100 meter før skadane sette inn. Pappa Geir er trenar. Amund er naturleg også heimehøyrande i sprintgruppa.

I tillegg er også Sondre Rinde med i hopp-gruppa. Her er ein annan pappa, Arve Rinde, mellom trenarane, saman med Heidi Benserud. Sondre har sine fremste hopp-resultat i tresteg.

Anna Serine Røssland blir verande i gruppa for mellom- og langdistanse. Til liks med Amund hadde ho eit trøblete 2015, men satsar med friskt mot i retning ein ny sesong, saman med trenar og broder, Ole Martin Røssland. Ny i denne gruppa er juniornorges-meister (med meir) av året, Henrik Irgens Gravdal, med Bjarte Eikanger som trenar. Heimehøyrande her er også motbakke- og terrengekspert Stian Øvergaard Aarvik.

tirsdag 8. desember 2015

Historietime: Gneistspelen 1991

1991 er i nyare historie mest kjent som det året då Kong Olav V døydde og den første Golfkrigen braut ut (den hadde ingenting med golf å gjera). 1991 var også det året då osingen Johan Sørstrønen var ein av forgrunnsfigurane under Gneistspelen i månadsskiftet august/september.

I 1991 deltok Johan i G16. Her er han i ein seinare, men framleis sprek augneblink:



Johan vann 100 meter på 11,96, men det var i spyd han vann bestemannspremien i kast 15-18 år. Der kasta han spydet 52,42 og var med det nesten tre meter framfor ein annan kjent kastar..., Erlend Sæterstøl frå Hovding.

Bestemannspremiar - ja, to i talet - blei det også på Ingvild Larsen frå Laksevåg. Ho vann lengde i J17/18 suverent med 5,89, nesten 90 centimeter framfor nr. 2. Bestemannspremie blei det også i løp, for 100-meteren på 12,52. I tillegg vann ho høgde på 1,68.

I retteleg gamle dagar - altså i 1991 - vanka det premiar også i 9/10-års klassen. På 40 meter var det den seinare tresteg-einaren Maria Høgheim frå Lysekloster som vann på 6,8. På 4. plassen kom Lise Hovlandsdal frå arrangørklubben, på 7.1.

Og i J15 oppnådde Gina Jamt frå IL Fri fleire fine plasseringar. Ho vann høgde med 1,40 og blei nr. 3 på 100 meter med 14,18. Bestemannspremie blei det også, i eldste jenteklasse. Der fekk ho den som Ingvild Larsen ikkje fekk, nemleg i kast, med eit kulestøt på 9,74.

onsdag 2. desember 2015

Gratulerer og gratulerer

Eg må nesten skriva eit innlegg for å markera kroninga av ein svær sesong for Stian Øvergaard Aarvik. På sjølvaste 1. desember blei Stian teken ut i troppen til EM i terrengløp i Frankrike på Santa Lucia.  Så inn i vårt mørke hus.. stiger med tente lys...

Svære gratulasjonar til Stian!



Og så er det, på denne dagen, nøyaktig 5 år sidan eg skreiv det aller første blogg-innlegget. Dette er nr. 1261. (Min gode kollega Paavo utklassar meg.)

Dei er fordelt slik:

2010 (frå 2.12 og ut året): 27
2011: 285
2012: 324
2013: 267
2014: 155
2015: 203 (med dette)

2012 var altså det store skriveåret, 2014 det store kvileåret. Pausane ser ut til å bli lengre, men pausar kjem gjerne med alderen.

Det har skjedd svært mykje desse fem åra, både med utøvarar og på det organisatoriske nivået. Bloggaren var medlem av styret i Gneist Friidrett då bloggen blei starta opp, og den direkte grunnen til at den kom til var at Gneist i 2010 skifta nettsider, og brått var det slutt på "stort-og-smått"- nettsida som Jostein Lie administrerte i si tid. Det oppstod eit tomrom og bloggen forsøkte fylla det.

I tre år var eg styremedlem i BFG Fana/Bergen, og bloggen blei på ulike vis prega av dette. På utøvarsida blei eg meir oppteken av utøvarar frå 15 år og oppover enn det eg hadde vore tidlegare. Organisatorisk skjedde det jo ting...

Siste ni månadene har eg vore offisiell frifant. Ja, bortsett frå at eg sidan september 2011 har vore trenar og ansvarleg for gjengen som no heiter Friske viljer i Gneist, då, men der er er me alle frifantar.

Og 2016? Den som lever, den får sjå. Og elles får me møtast hist ved bloggen.

tirsdag 24. november 2015

Historietime: Gneistspelen 1972

17. september 1972 var sikkert ein fin dag. Eg hadde framleis høyrsel på to øyre på den tida. Dette har naturlegvis ikkje så mykje å seia for dagens tema. Det er no berre nemnt.

Lite ante eg den gongen, sjølv med høyrsel på to øyre, at 17. september 1972 var ein historisk dag på Fana Stadion. Der gjekk nemleg den aller første Gneistspelen av stabelen nett denne dagen. Dette var elles same dagen som den framifrå situasjonskomedien M*A*S*H* hadde sin aller første episode i Amerika.

Men til idretten denne historiske dagen. Eg har ikkje bilete frå G14-klassen sin høgdekonkurransen. Nedanfor er i staden eit nyare eit av Johnny Ådland, som altså tok ein 3. plass i nettopp høgde i denne klassen den 17. september 1972. Han kom seg over 1,53.



Rune Hovlandsdal blei nr. 4 på 600 meter i G13 med 1:45,1. I diskos blei det 6. plass på han, med eit kast på 15,24. Han fekk også ein brukande 9. plass på 100 meter, med 14,5.

I G12 finn me Eikanger-gutane Helge Færø og Arvid Hauge på høvesvis 6. og 9. plass på 600 meter, med tidene 1:52,2 og 1:59,4.

Øyvind Liland deltok også i G12. I kule blei han nr. 8 med 7,53. På 60 meter blei det ein plass opp - altså til nr. 7 - med 8,9 som slutt-tid. Bjørn Fluge frå Ask blei nr. 13 med 9,3 i same klasse og han blei nr. 8 i lengde med 3,82.

**

Det var jo ein del som vann sine øvingar også, men det har ikkje same historiske interessa. Det har derimot klubben Vestvind, som eg må finna meir ut om, men som hadde opptil fleire deltakarar - ein god del av dei på pallen og i alle fall éin som eg har gjort eit stykke forskingsarbeid saman med eit kvar hundreår seinare.

Askøy var godt representert, naturlegvis med Ask, men også med Strusshamn og Askøy O-lag. Lengst vekke frå kom kontingenten frå Skjalg i Stavanger.

Og, igjen, i Gneist Friidrett si soge er 17. september 1972 ein dato å merka seg.

torsdag 19. november 2015

Historietime: Gneistspelen 1987

Berre nokre få veker før Tunnel of Love kom ut i 1987, blei Gneistspelen avvikla. Det er altså blitt over 28 år sidan. Her er nokre utvalte resultat frå spelen tilbake i `87:

Johan Sørstrønen vann 60 meter i G12 på 8,83. Her var det tett: andreplassen fekk 8,85 og tredje 8,86. Johan fekk seg sølv i lengde med 4,54, fattige fem centimeter bak vinnaren frå Laksevåg.

100 meter i G15 blei det bronse på Tommy Damm med 12,95. Same resultatet fekk Tommy på 100 meter hekk, med 15,75.



I lengde i J14 blei det ein fin bronse til Hege Kjærgård (Laksevåg), med 4,57. Ho hadde målarane på si side - éin centimeter som ho var framfor nr. 4. Tredjeplass blei det også i høgde på Hege, med 1,45. Her blei det same høgde både på nr. 1, 2, og 3!

På 7. plass i finalen på 100 meter i G13 finn me Eirik Skjælaaen frå Norna-Salhus. Seinare er han meir kjent som Brann-spelar, mellom anna på det segnomuste 1997-laget som gjekk uverkeleg langt i UEFA-cupen. Det gjekk langt betre i lengde for den framtidige midtbane-spelaren. Der vann han på 4,85.

Husnesingen Gøran Moen, som alt i ung alder tok til å representera Gular, vann høgde på 2,02 i G16. Gøran fekk også bestemannspremien i hopp. Det fekk han for prestasjonen i lengde, med heile 7,07 - 1 meter og 35 centimeter framfor nr. 2. Gøran var flink i mykje. Han vann også spyd, med 52,44. Her var han nesten to meter framfor den framleis regjerande sportssjefen i friidrettsforbundet, Ronny Nilsen frå Norna-Salhus, som blei noko flinkare enn Gøran i spyd etter kvart.

800 meter i G16 blei vunnen av Sverre Morten Slethaug frå Hovding på 2:06,34.

I løp for dei eldste gutane var det Kristian Haga som fekk bestemannspremien, for sitt løp på 100 meter hekk, med 15,17. Erlend Sæterstøl frå Hovding fekk bestemannspremie i yngste aldersgruppe - i kast, med eit kulestøt i G12 på 13,94.

Jo da, det var tider.


torsdag 12. november 2015

Nasjonale og internasjonale medaljar 2015

Nyss heimkomen frå årets viktigaste løp for underteikna, der det blei ein gjennomsolid 424. plass, så fekk eg det for meg at eg ville presentera Gneist-arar som har plukka medaljar i nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap i året 2015.

Det er faktisk ganske mange på lista nedanfor, med Stian Øvergaard Aarvik og Henrik Irgens Graval sine internasjonale bragder aller øvst - sjølv om lista nedanfor er i alfabetisk rekkefølgje.




(Som vanleg tar eg rettingar på bestilling.)


Monika Benserud
GULL, tresteg, inne-NM
GULL, tresteg, inne-UM
GULL, lengde, inne-UM
SØLV, 60 meter, inne-UM

Anna Evensen
SØLV, 80 meter hekk, UM
BRONSE, 60 meter hekk, inne-UM

Eline Myking
SØLV, 1500m, inne-UM,

Ingvild Myking
SØLV, 1500m, inne-UM

Sanne Myrmel
SØLV, stav, UM
GULL, stav, inne-UM

Vegard Albrigtsen
SØLV, 800 meter, inne-UM

Henrik Almenningen
BRONSE, tresteg, inne-UM

Kristoffer Blücher
GULL, 800 meter, UM
GULL, 300 meter hekk, UM
SØLV, 100 meter, UM
GULL, 60 meter, inne-UM
GULL, 800 meter, inne-UM
SØLV, 200 meter, inne-UM
SØLV, 4x200 meter, inne-UM

Henrik Irgens Gravdal
BRONSE, 1500m, junior-nordisk
GULL, 1500m, junior-NM
BRONSE, 800m, junior-NM
GULL, 800m, UM
GULL, 3000 meter
GULL, 5 km terrengløp, UM
GULL, 1500m, inne-UM
GULL, 800m, inne-UM
SØLV, 4x200 meter, inne-UM

Andreas Iden
GULL, halvmaraton, U23
SØLV, 5000m, jr-NM (U23)

Sondre Rinde
SØLV, 300 meter hekk, UM
SØLV, 100 meter hekk, UM
SØLV, 60 meter hekk, inne-UM
BRONSE, tresteg, inne-UM

Gjert Høie Sjursen
GULL, 100 meter hekk, UM
GULL, lengde, UM
BRONSE, diskos, UM
BRONSE, kule, UM
GULL, 60 meter hekk, inne-UM
GULL, lengde, inne-UM
GULL, mangekamp (9-kamp), UM
SØLV, 4x200 meter, inne-UM
BRONSE, kule, inne-UM
BRONSE, 60 meter, inne-UM

Jakob Jamt Ånonli
SØLV, 4x200 meter, inne-UM
BRONSE, lengde, inne-UM

Stian Øvergaard Aarvik
GULL, motbakkeløp, U23
GULL, nordisk, terrengløp, lagkonkurranse junior
SØLV, nordisk, terrengløp, junior
GULL i junior-NM (U23), motbakke
BRONSE, UM, terrengløp, 6 km
BRONSE, 1500m, inne-UM

Jens Larsen Åsveit
GULL, 2000 meter hinder, UM

SØLV, 3000 meter, UM

søndag 1. november 2015

Alle tider, Hordaland, menn - endringar etter 2015

Først av alt: Den offisielle nettbaserte statistikken - både på lands- og kretsplan - lir under store hol og manglar. Det skaper eit behov for heimespøta utgåver og forsøk på oppdateringar. Dette er eit døme på eit slikt heimespøta forsøk.

Som i det meste annna følgjer eg mine eigne prinsipp, og eg opererer med eigne grenser for feilmarginar.

Dette gjeld altså endringar i Alle tider-listene, senior, i Hordaland etter 2015-sesongen - og då gjeld det topp 100 i hovud-øvingane. Me legg lett merke til at import-gruppa til Norna-Salhus har gjort merkbare markeringar i sprint-øvingane.

Følgjande Gneist-arar finst på lista nedanfor (er også utheva, som ein ser): Kristoffer Blücher, Anders Bjørndal og Andreas Iden. Ein openbar "mangel": Pål Haugen Lillefosse ville med 4,83 vore nr. 4 gjennom alle tider (!) i stavsprang, men 14-åringen er altså ikkje på seniorlistene før komande innesesong. Me gler oss til det!




100 meter
4. (4) Salum Ageze Kashafali, Norna-Salhus 10,49
14. (ny) Sebastian Salas Guillen Perez, Norna-Salhus 10,78
16. (18) Martin Roe, Fri 10,78
18. (ny) Josh-Kevin Ramirez Talm, Norna-Salhus 10,79
19. (ny) Samuel Gyedu, Norna-Salhus 10,80
21. (31) Sondre Loftås Kåstad, Osterøy 10,84
32. (38) Joakim Dang, Gular 11,00
39. (44) Jonathan Varela Byrkjenes, Norna-Salhus 11,03
46. (ny) Filip Bøe, Fana 11,12
63. (ny) Daniel Johnsen, Ask 11,23
69. (97) Vegard Fluge, Ask 11,28
69. (97) Kristoffer Blücher, Gneist 11,28

200 meter
3. (ny) Josh-Kevin Ramirez Talm, Norna-Salhus 21,18
7. (ny) Sebastian Salas Guillen Perez, Norna-Salhus 21,48
10. (19) Sondre Loftås Kåstad, Osterøy 21,69
27. (26) Martin Roe, Fri 22,05
28. (ny) Samuel Gyedu, Norna-Salhus 22,12
45. (ny) Filip Bøe, Fana 22,42
45. (86) Vegard Fluge, Ask 22,42
67. (ny) Daniel Johnsen, Ask 22,66

400 meter
3. (ny) Josh-Kevin Ramirez Talm, Norna-Salhus 47,09
28. (63) Sondre Dingsør Skogen, Gular 48,96
31. (46) Martin Roe, Fri 49,00
56. (ny) Christian Steen Orbekk, Laksevåg 49,87

800 meter
68. (ny) Trygve Feidje Mjelde, Osterøy 1:53,12
100. (ny) Anders Bjørndal, Gneist 1:53,84

3000 meter
24. (33) Bjørnar Sandnes Lillefosse, Gular 8:11,35
78. (ny) Per Svela, Gular 8:24,96

5000 meter
4. (7) Marius Vedvik, Gular 13:45,21
24. (31) Bjørnar Sandnes Lillefosse, Gular 14:14,40
68. (ny) Per Svela, Gular 14:38,30
75. (ny) Lars Lunde, Stord 14:40,72

10 000 meter
38. (ny) Per Svela, Gular 30:37,53
46. (ny) Kristian Blummenfelt, Viking 30:45,89
47. (ny) Gustav Iden, Norna-Salhus 30:54,83
51. (ny) Casper Stornes, Ask 31:00,78
89. (ny) Andreas Iden, Gneist 31:44,10

110 meter hekk
18. (33) Martin Roe, Fri 15,35

3000 meter hinder
63. (ny) Bjørnar Sandnes Lillefosse, Gular 9:21,08

Høgde
73. (ny) Erlend Bolstad Raa, Fana 1,92
82. (ny) Vetle Raa Ellingsen, Fana 1,90
82. (ny) Inge Eide Johnsen, Fana 1,90

Stav
2. (2) Eirik Greibrokk Dovle, Fri 5,50
9. (12) Martin Roe, Fri 4,45

Lengde
8. (21) Martin Roe, Fri 7,42

Kule
3. (5) Sven Martin Skagestad, Norna-Salhus 18,07
12. (13) Martin Roe, Fri 15,56

Diskos
3. (3) Sven Martin Skagestad, Norna-Salhus 61,53
19. (26) Martin Roe, Fri 47,24

Slegge
10. (15) Jon Nerdal, Norna-Salhus 57,45
13. (14) Markus Villanger, Ask 54,61
15. (29) Sondre Kolbjørnsen, Norna-Salhus 53,28
68. (69) Endre Reigstad, AKS-77 - 41,27

lørdag 31. oktober 2015

Alle tider, Hordaland, kvinner - endringar etter 2015

Nedanfor finst namn på slike som etter 2015-sesongen (utandørs) markerer seg med endringar topp 100 i ei øving Alle tider i Hordaland.

Her er fleire sterke namn. Det er lett å legga merke til slike som Ingrid Halvorsen Folvik på mellomdistanse og Ingrid Bøthun Leganger i hopp.

Ingvild Myking, Monika Benserud og Eline Myking er Gneist-namna på denne oversikten etter 2015. Her finst altså fleire frå Gneist topp 100, men det er desse som har prestert resultat som utgjer endringar etter denne sesongen.


Her er oversikten. I parentes endring i posisjon frå 2014.

100 meter
7. (28) Live Haugstad Hilton, Bergens TF 12,01
11. (13) Anne Skudal Dolvik, Gular 12,11
16. (66) Julie Viken, Fri 12,27
72. (ny) Ingrid Sortland, Bjarg 12,72
86. (ny) Elise Sanden Søvik, Norna-Salhus 13,00

200 meter
11. (11) Anne Skudal Dolvik, Gular 24,58
12. (26) Live Haugstad Hilton, Bergens TF 24,64
24. (43) Julie Viken, Fri 25,23
64. (ny) Ingrid Sortland, Bjarg 26,29
82. (ny) Tuva Skulstad, Stord 26,69
85. (ny) Elise Sanden Søvik, Norna-Salhus 26,73

800 meter
18. (30) Ingrid Halvorsen Folvik, Gular 2:10,55

1500 meter
6. (15) Ingrid Halvorsen Folvik, Bergens TF 4:19,20
33. (61) Ingvild Myking, Gneist 4:33,22
34. (ny) Christina Ellefsen Hopland, Varegg 4:33,42
56. (56) Eline Myking, Gneist 4:42,52
71. (ny) Kjersti Fresvik, Gular 4:46,85
75. (ny) Silje Lindstad, Norna-Salhus 4:47,38
88. (ny) Ingrid Kristiansen, Gular 4:50,55

3000 meter
20. (26) Ingrid Halvorsen Folvik, Bergens TF 9:37,83
34. (43) Ingvild Myking, Gneist 9:57,52
36. (47) Kjersti Fresvik, Gular 9:58,00
42. (48) Eli Anne Dvergsdal, Gular 10:03,72
52. (ny) Frida Sommervold, Bergens TF 10:19,59
59. (ny) Silje Lindstad, Norna-Salhus 10:25,75
78. (99) Vigdis Gaupholm Reigstad, Fri 10:41,80

5000 meter
16. (ny) Eli Anne Dvergsdal, Gular 17:06,84
18. (30) Kjersti Fresvik, Gular 17:18,97

10 000 meter
8. (11) Eli Anne Dvergsdal, Gular 34:52,28
10. (17) Kjersti Fresvik, Gular 36:01,50

3000 meter hinder
1. (ny) Frida Berge, Gular 10:09,84
8. (ny) Silje Lindstad, Norna-Salhus 11:40,14

Høgde
25. (48) Ingrid Færøvik Mork, Norna-Salhus 1,64
38. (ny) Brita Mehl Lode, Bergens TF 1,60
54. (60) Julie Woie Flølo, Bergens TF 1,57

Stav
20. (56) Tuva Vika Tholo, Bergens TF 2,76
49. (ny) Maja Bjorheim Wikjord, AKS-77 - 2,21
51. (ny) Tina Tunes, Fri 2,20

Lengde
14. (44) Ingri Bøthun Leganger, Laksevåg 5,83
27. (ny) Live Haugstad Hilton, Bergens TF 5,55

Tresteg
5. (20) Ingri Bøthun Leganger, Laksevåg 12,85
10. (12) Monika Benserud, Gneist 12,66
21. (13) Mari S. Aarø, Norna-Salhus 12,38
30. (ny) Julie Woie Flølo, Bergens TF 11,36
51. (ny) Ingrid Færøvik Mork, Norna-Salhus 10,90
64. (ny) Elise Sanden Søvik, Norna-Salhus 10,65
84. (ny) Ine Si Stalheim, Fana 10,36
92. (ny) Ingrid Cecilia Hartveit, Fana 10,32

Kule
5. (5) Matilde Roe, Fri 13,17
6. (18) Beatrice Nedberge Llano, Laksevåg 13,01
7. (7) Mona Ekroll Jaidi, Norna-Salhus 12,86
12. (12) Helene Sofie Ingvaldsen, Norna-Salhus 12,24
25. (ny) Paula Nedberge Llano, Laksevåg 11,45

Diskos
14. (18) Beatrice Nedberge Llano, Laksevåg 40,04
49. (71) Vilde Emilie Ingvaldsen, Norna-Salhus 32,72

Slegge
2. (2) Beatrice Nedberge Llano, Laksevåg 67,05
3. (4) Helene Sofie Ingvaldsen, Norna-Salhus 58,39
13. (16) Vilde Emilie Ingvaldsen, Norna-Salhus 47,25
14. (15) Matilde Roe, Fri 46,86
19. (ny) Inga Amalie Iversen, Norna-Salhus 40,87
26. (28) Helene Olsen Austnes, Fri 34,89
51. (ny) Anne Gunn W. Eriksen, Fana 25,63

Spyd
1. (1) Sigrid Borge, Osteøry 55,72
7. (7) Matilde Roe, Fri 43,25
18. (ny) Vilde Emilie Ingvaldsen, Norna-Salhus 35,06

tirsdag 27. oktober 2015

Krets og land: gutar, 2015

Medan jentene langs fleire dimensjonar var noko smålåtne i rekord-setjinga i 2015-sesongen, så kan ikkje det same seiast om gutane. Her er sett mange krets- og nasjonale aldersrekordar i aldersgruppa 13- 18 år. Og ein god del av dei er sett av heilt lokale heltar. Sandnes sin store snakkis i G15, Jakob Ingebrigtsen, sette imponerande fem aldersrekordar, alle av svært solid type. Men sjølv unge Ingebrigtsen må trekka det kortaste strået innimellom, som i rekord-konkurransen mot G14-einaren Pål Haugen Lillefosse. På éin sesong har Pål sett smått utrulege sju aldersrekordar!

Imponerande nok er dessutan både Andreas Haara Bakketun og Herman Ellingsen å finna på lista over nye bestenoteringar aldersbestemt på nasjonalt nivå i 2015.





Nasjonale aldersrekordar
* Herman Ellingsen, Gneist, 300m, G13 - 40,15
* Andreas Haara Bakketun, Gneist, 60m, G14 - 7,31
* Pål Haugen Lillefosse, Gneist, 80m, G14 - 9,37
* Pål Haugen Lillefosse, Gneist, 100m, G14 - 11,47
* Pål Haugen Lillefosse, Gneist, 200m, G14 - 22,80
* Pål Haugen Lillefosse, Gneist, 300m, G14 - 36,57
* Pål Haugen Lillefosse, Gneist, 80m hekk, G14 - 11,10
* Andreas Dixon, Fana, 300m hekk, G14 - 40,62
* Pål Haugen Lillefosse, Gneist, stav, G14 - 4,83
* Pål Haugen Lillefosse, Gneist, lengde, G14 - 6,50
* Filip Bøe, Fana, 100m, G15 - 11,12
* Filip Bøe, Fana, 200m, G15 - 22,42
* Jakob Ingebrigtsen, Sandnes, 800m, G15 - 1:52,60
* Jakob Ingebrigtsen, Sandnes, 1500m, G15 - 3:48,37
* Jakob Ingebrigtsen, Sandnes, 2000m, G15 - 5:24,41
* Jakob Ingebrigtsen, Sandnes, 3000m, G15 - 8:25,90
* Jakob Ingebrigtsen, Sandnes, 1500m hinder, G15 - 4:15,80
* Petter Myhr, Orion, 2000m hinder, G15 - 6:07,31
* Marcus Moen, Ullensaker/Kisa, 110m hekk (91,4), G16 - 14,51
* Thomas J. Byrkjeland, Tjalve, 2000m hinder, G17 - 5:49,30
* Marcus Thomsen, Tjalve, kule, 5kg, G17 - 20,71
* Marcus Thomsen, Tjalve, kule, 6kg, G17 - 18,68
* Alexander Skorpen, Halden, spyd, 700g, G17 - 70,18


Kretsaldersrekordar
* Herman Ellingsen, Gneist, 300m, G13 - 40,15
* Herman Ellingsen, Gneist, 600m, G13 - 1:31,69
* Andreas Haara Bakketun, Gneist, 60m, G14 - 7,31
* Pål Haugen Lillefosse, Gneist, 80m, G14 - 9,37
* Pål Haugen Lillefosse, Gneist, 100m, G14 - 11,47
* Pål Haugen Lillefosse, Gneist, 200m, G14 - 22,80
* Pål Haugen Lillefosse, Gneist, 300m, G14 - 36,57
* Pål Haugen Lillefosse, Gneist, 80m hekk, G14 - 11,10
* Andreas Haara Bakketun, Gneist, 200mhekk, G14 - 27,02
* Andreas Dixon, Fana, 300m hekk, G14 - 40,62
* Pål Haugen Lillefosse, Gneist, stav, G14 - 4,83
* Pål Haugen Lillefosse, Gneist, lengde, G14 - 6,50
* Håvard Rinde, Gneist, spyd (e. 1999), G14 - 49,92
* Filip Bøe, Fana, 60m, G15 - 7,21
* Filip Bøe, Fana, 100m, G15 - 11,12
* Filip Bøe, Fana, 200m, G15 - 22,42
* Erlend Bolstad Raa, Fana, høgde, G15 - 1,92
* Fabian Filip Rimestad, Bergens Turn, spyd, G15 - 60,54
* Vetle Bergsvik Thorn, Norna-Salhus, 5000m, G16 - 15:36,72
* Vetle Bergsvik Thorn, Norna-Salhus, 10000m, G16 - 32:16,39

fredag 23. oktober 2015

Krets og land: jenter, 2015

Rekordmagasinet fornektar seg ikkje. Her kjem min eigen oversikt over nye krets- og aldersrekordar 13- 18 år etter 2015-sesongen - først for jentene. Eg held meg i så stor grad som muleg til det offisielle øvingsprogrammet i dei ulike aldersgruppene. Feil og manglar reknar eg med det kan vera - me held ope for opprettingar gjennom helga.

Martine Hjørnevik frå Norna-Salhus har plukka ei fin lita rekke med norske aldersrekordar i J14. På kretsnivå har Ingrid Næss Johansen skaffa Gneist ein ny ein i 2015, på 2000 meter i J18. Her har, ved sida av nemnde Hjørnevik, også Live Haugstad Hilton rekord-markert seg på kretsnivået,ho i J16.

Nasjonale aldersrekordar
* Emma Kirkeberg Mørk, Sturla, 2000m, J13 - 6:41,71
* Vibeke Engen, Oppegård, spyd (400g), J13 - 49,84
* Martine Hjørnevik, Norna-Salhus, 80m, J14 - 10,21
* Martine Hjørnevik, Norna-Salhus, 60m hekk, J14 - 8,91
* Martine Hjørnevik, Norna-Salhus, 80m hekk, J14 - 11,40
* Martine Hjørnevik, Norna-Salhus, 200m hekk, J14 - 28,81
* Hedda Marie Kjølberg, Moss, stav, J14 - 3,37
* Kaia Mørch Pettersen, Larvik Turn, spyd (400g), J14 - 51,42
* Ingvild Meinseth, Sørild, 100m, J16 - 11,74
* Ingvild Meinseth, Sørild, 200m, J16 - 24,41
* Malin Edland, Larvik Turn, 800m, J16 - 2:03,44
* Karoline Daland, Sørild, 300m hekk, J16 - 42,77
* Karoline Daland,Sørild, 400m hekk, J16 - 59,32
* Arianne Duarte Moaris, BUL, spyd (500g), J16 - 53,69
* Stella Weinberg, Mandal & Halse, spyd (500g), J17 - 57,11
* Beatrice Nedberge Llano, Laksevåg, slegge, J18 - 67,05



Kretsaldersrekordar
* Mia Andersen, Bergens TF, liten ball, J13 - 45,89
* Martine Hjørnevik, Norna-Salhus, 80m, J14 - 10,21
* Martine Hjørnevik, Norna-Salhus, 200m, J14 - 25,60
* Martine Hjørnevik, Norna-Salhus, 60m hekk, J14 - 8,91
* Martine Hjørnevik, Norna-Salhus, 80m hekk, J14 - 11,40
* Martine Hjørnevik, Norna-Salhus, 200m hekk, J14 - 28,81
* Tuva Andersen, Bergens TF, spyd (500g), J15 - 32,38
* Live Haugstad Hilton, Bergens TF, 60m, J16 - 7,90 (utandørs, elektronisk)
* Live Haugstad Hilton, Bergens TF, 100m, J16 - 12,01
* Live Haugstad Hilton, Bergens TF, 200m, J16 - 24,64
* Vilde Emilie Ingvaldsen, Norna-Salhus, spyd (500g), J16 - 31,80
* Mari Sellevåg Aarø, Norna-Salhus, tresteg, J17 - 12,38
* Ingrid Næss Johansen, Gneist, 2000m, J18 - 7:00,85
* Beatrice Nedberge Llano, Laksevåg, slegge, J18 - 67,05

onsdag 21. oktober 2015

Geir Sjursen

Det er nokre personar det er sagt altfor lite om. Det er nokre personar som går rundt mellom oss og berre gjer tinga, utan å gjera så mykje ut av det. Som berre gjer dei rette tinga.

Ein slik er dagens 50-årsjubilant Geir Sjursen.

Geir er ein mann som har ytt enormt mykje til klubb og miljø i mange år. Han har fått fram utøvarar på topp-nivå, ikkje minst sine eigne to søner, men han har også bidrege til ei stor breidde. Han har stilt opp og trent utøvarar i alle aldrar, og han har stilt opp som startordnar og ordnar av det meste på stemne.

Her er eit bilete frå då Geir blei kåra til årets trenar i Hordaland, i 2014 – medan son og elev Amund fekk utøvarpris.



Det er ikkje så lenge sidan Geir enno kunne hamla opp med sønene på ein 100 meter. Framleis er han i svært habil form, men delvis går det ikkje fullt så fort lenger for han – og delvis er Amund og Gjert blitt for gode. Takk vera pappa Geir. Men 12,41 så seint som i 2012 er solide saker!

Persen på 100 meter er elles på 11,06 frå 1987 – og på 200 meter er den på 22,31 frå 1989.

Det var ei stor ære å vera del av Søvikens tropp til junior-VM i Eugene sommaren 2014, saman med familien Sjursen. Håpet er at Søviken og omland skal bli representert fleire stader etter kvart.

50 år. Vel, då er det slik som Torstein og Bruce pleier seia det: Då er siste del av ungdomstida i gang.


Til lykke med dagen!

tirsdag 20. oktober 2015

Nytt på Adelskalenderen - 2015 (III)

Her kjem så tredje og siste bolken med oppdaterte lister på Gneist senior sin adelskalender etter 2015-sesongen.

Med eit lite, ikkje uviktig, unntak så handlar det i dag om mellom- og langdistansegjengen sine innhogg på listene.



3000 meter har tre løparar i år kome inn på listene - der grensa er på 8:40. (Grensene er der, fordi det det er under desse eg er nokolunde trygg på å ha fanga opp alle utøvarar - gjennom "alle tider".)

1. Hans Jakob Berge 8:17,2 (1979)
2. Petter Kleppe 8:27,5 (1980)
3. Carl Eirik Michelsen 8:29,6 (1983)
4. Terje Sejrup 8:31,55 (1979)
5. Øyvind Liland 8:31,66 (1983)
6. Andreas Iden 8:32,81 (2015)
7. Henrik Irgens Gravdal 8:33,86 (2015)
8. Anders Røssevold 8:35,83 (1987)
9. Sigve Stenersen 8:36,63 (1987)
10. Erlend Gjerdevik Sørtveit 8:36,82 (2015)
11. Hans B. Sejrup 8:37,73 (1982)

5000 meter har heile fire utøvarar kome seg inn på lista, seinast Stian Øvergaarrd Aarvik med sitt sterke løp i Arna no i oktober.

1. Hans Jakob Berge 14:05,4 (1979)
2. Terje Sejrup 14:24,3 (1981)
3. Øyvind Gausvik 14:31,0 (1979)
4. Petter Kleppe 14:36,30 (1981)
5. Stian Øvergaard Aarvik 14:49,25 (2015)
6. Hans B. Sejrup 14:49,9 (1981)
7. Andreas Iden 14:52,97 (2015)
8. Torkjell Solbø 15:06,85 (1984)
9. Espen Roll Karlsen 15:08,96 (2015)
10. Erlend Gjerdevik Sørtveit 15:09,54 (2015)

Andreas Iden markerte tidleg at 2015 kom til å bli eit sterkt år. Alt 12. april sprang han ein god 10.000 meter, som held til 4. plass på Adelskalenderen.

1. Hans Jakob Berge 29:29,5 (1979)
2. Øyvind Gausvik 30:06,3 (1979)
3. Hans B. Sejrup 31:05,7 (1982)
4. Andreas Iden 31:44,10 (2015)
5. Aage Odfjell 32:01,4 (1983)
6. Torkjell Solbø 32:26,1 (1985)

Så sprang Espen Roll Karlsen ein høgst respektabel 3000 meter hinder under NM i Haugesund, med ei tid som fører han inn på 8. plass på distansen:

1. Sigve Stenersen 9:05,74 (1989)
2. Vicente Modahl 9:10,35 (1981)
3. Carl Eirik Michelsen 9:16,6 (1983)
4. Terje Sejrup 9:21,3 (1979)
5. Arild Nordeide 9:25,5 (1981)
6. Torkjell Solbø 9:33,2 (1985)
7. Øyvind Gausvik 9:34,4 (1979)
8. Espen Roll Karlsen 9:43,08 (2015)
9. Hans Be. Sejrup 9:48,7 (1982)
10. Øyvind Ytrehus 9:52,3 (1982)
11. Aage Odfjell 9:53,2 (1986)
12. Ole Martin Røssland 10:01,84 (2013)

Heilt til sist til det viktige unntaket, for Pål Haugen Lillefosse har hoppa desidert høgast i stavsprang i Gneist-soga. Det einaste men-et er at Pål ikkje før komande innesesong har senioralder. Difor er det Kristian Haga og Erlend Gjøa som har offisiell senior-rekord, medan Pål toppar adelskalenderen.

1. Pål Haugen Lillefosse 4,83 (2015)
2. Kristian Haga 4,20 (1989)
2. Erlend Gjøen 4,20 (1985)
4. Knut Thorbjørnsen 4,00 (1980)
4. Roar Haugland 4,00 (1983)
6. Eirik Leikvoll 3,60 (2014)

mandag 19. oktober 2015

Nytt på Adelskalenderen - 2015 (II)

I denne andre bolken med "Nytt frå Adelskalenderen", Gneist, senior - etter 2015-sesongen - er det øvingar for menn det gjeld, fire i talet denne gongen - og resten ved neste høve.




100 meter har Kristoffer Blücher snike seg inn i toppen:

1. Amund Høie Sjursen 10,45 (2014)
2. Rune Dolvik 11,22 (1983)
3. Kristoffer Blücher 11,28 (2015)
4. Jonathan Haugland 11,37 (2005)

På den tredoble distansen, 300 meter, er det også Kristoffer som er den som har klart å markera seg i 2015. Det gjorde han så grundig at han berre var eitt einaste hundredel frå klubbrekorden til Espen Liland:

1. Espen Liland 36,48 (2005)
2. Kristoffer Blücher 36,49 (2015)
3. Marius Benserud 36,59 (2005)
4. Morten Benserud 36,91 (2003)
5. Håvard T. Hasås 36,98 (2005)
6. Kristoffer Grindedal Janson 37,07 (2006)

800 meter må ein inn under 1:55,50 for å koma inn på Adelskalenderen, og det klarte både Anders Bjørndal og Henrik Irgens Gravdal dette året:

1. Thor Gjesdal 1:51,11 (1984)
2. Rodgeir Vigestad 1:52,7 (1984)
3. Øyvind Liland 1:52,88 (1983)
4. Rune Hovlandsdal 1:53,0/1:53,11 (1984/1982)
5. Rune Dolvik 1:53,41 (1986)
6. Anders Bjørndal 1:53,83 (2015)
7. Henrik Irgens Gravdal 1:53,94 (2015)
8. Carl Eirik Michelsen 1:54,0 (1984)
9. Øyvind Ytrehus 1:54,3 (1981)
10. Petter Kleppe 1:54,9 (1981)

Og, til sist, i denne bolken, til distansen som verkeleg markerer årets suksess - 1500 meter. Her har så mange som seks av 2015-utøvarane fått seg plass topp 15 i Adelskalenderen:

1. Hans Jakob Berge 3:52,9 (1979)
2. Rune Hovlandsdal 3:53,89 (1987)
3. Øyvind Liland 3:54,20 (1983)
4. Carl Eirik Michelsen 3:54,74 (1984)
5. Henrik Irgens Gravdal 3:54,76 (2015)
6. Rodgeir Vigestad 3:55,49 (1983)
7. Terje Sejrup 3:55,75 (1981)
8. Espen Roll Karlsen 3:55,96 (2015)
9. Petter Kleppe 3:56,0 (1980)
10. Stian Øvergaard Aarvik 3:57,47 (2015)
11. Sigve Stenersen 3:58,09 (1987)
12. Anders Bjørndal 3:58,15 (2015)
13. Erlend Gjerdevik Sørtveit 3:58,66 (2015)
14. Øyvind Ytrehus 3:58,6 (1982)
15. Jens Larsen Åstveit 3:59,52 (2015)

søndag 18. oktober 2015

Nytt på Adelskalenderen - 2015 (I)

Først kjapt til samtida: Stor gratulasjon til Stian Øvergaard Aarvik med bronsen i junior-NM i terrengløp, lang løype, lørdag!

**

Så til statistikken. Her følgjer første bolken i ein gjennomgang av endringar i Adelskalenderen i Gneist - senior etter 2015-sesongen. Dei øvingane som har fått endringar blir presentert og, som vanleg, først ut er kvinnene.

Her er det endringar i fem øvingar. I 2015-sesongen har Gneist hatt Martine Eikemo Borge "på besøk" i klubben. Det har naturlegvis vore eit hyggeleg besøk, og Martine fekk markert seg med eit par klubb-rekordar, mellom anna på 800 meter.

Slik ser Adelskalenderen på 800 meter for kvinner ut etter 2015-sesongen:

1. Martine Eikemo Borge 2:09,49 (2015)
2. Torunn Sandvoll 2:10,1 (1982)
3. Kjersti Kleppe 2:14,7 (1981)
4. Beate Sejrup 2:15,15 (1981)
5. Jannicke Damm 2:15,9 (1981)
6. Renate Lie 2:17,06 (2013)
7. Mai Britt Torildsen 2:17,9 (1983)
8. Mary Ann Nordeide Hårklau 2:18,27 (1981)
9. Eline Myking 2.19,04 (2014)

1500 meter er det to blad Myking som har plassert seg inn i Adelskalenderen, Ingvild så høgt oppe som nr. 2:

1. Torunn Sandvoll 4:28,73 (1984)
2. Ingvild Myking 4:33,22 (2015)
3. Ingrid Sandvoll 4:35,0 (1980)
4. Beate Sejrup 4:37,3 (1981)
5. Anna Serine Røssland 4:40,32 (2014)
6. Kjersti Kleppe 4:41,6 (1981)
7. Eline Myking 4:42,52 (2015)

Også på 3000 meter klarte Ingvild Myking å plassera seg topp 3 på Gneist sin Adelskalender:

1. Torunn Sandvoll 9:36,2 (1980)
2. Ingrid Sandvoll 9:56,8 (1980)
3. Ingvild Myking 9:57,52 (2015)
4. Anna Serine Røssland 10:03,22 (2014)
5. Kjersti Kleppe 10:16,67 (1980)
6. Ingrid Helene Nyhus 10:41,98 (2012)



På den noko ukurante senior-distansen 200 meter hekk suste Anna Evensen opp til 3. plass med sitt løp seint i sesongen:

1. Anne Beth Espetvedt 27,69 (1987)
3. Kjersti Ristesund 27,82 (1987)
3. Anna Evensen 30,07 (2015)
4. Benedikte Liland 30,41 (2002)
5. Monika Benserud 30,58 (2010 - *)
6. Maren Haugen Lillefosse 30,64 (2012 - *)
7. Anne Skudal Dolvik 30,67 (2007)
8. Bente Lervik Liland 30,8 (1977)
9. Mary-Ann Nordeide Hårklau 31,0 (1985)
10. Hilde Hovlandsdal 31,25 (2004)
11. Kristin Liland 32,91 (2003 - *)

(* = under senior-alder)

Endeleg sette Monika Benserud klubbrekord i tresteg tidleg i sesongen:

1. Monika Benserud 12,66 (2015)
2. Amalie Tefre Skage 12,34 (2007)
3. Benedikte Liland 12,20 (2004)
4. Sandra Tennøy 11,56 (2005)

torsdag 15. oktober 2015

Rekord-statistikk, gutar: Kristoffer knepent framfor Pål

Kristoffer Blücher overtok som "kongen på haugen" i 2014, i den forstand at han blei den med flest aldersbestemte klubbrekordar i Gneist. I år har Kristoffer mista éin rekord netto, medan Pål Haugen Lillefosse har fått seg heile 12 i pluss (!), noko som gjer at den to år yngre no berre ligg éin rekord bak leiar Kristoffer.

Dette er titanane sin kamp...



Her er så oversikten over dei gutane som har flest klubbrekordar i Gneist (11-19 år), topp 10 - etter 2015-sesongen:

1. Kristoffer Blücher 31 (-1)
2. Pål Haugen Lillefosse 30 (+12)
3. Roar Haugland 28 (-)
4. Gjert Høie Sjursen 26 (+8)
5. Steffen Nerdal 23 (-)
6. Sondre Rinde 22 (-5)
7. Henrik Irgens Gravdal 21 (+4)
8. Marius Benserud 19 (-1)
8. Amund Høie Sjursen 19 (-)
10. Sigve Stenersen 15 (-1)

Som ein ser, så er det særs mange av dagens aktive som er på topp 10- lista, men her er uansett ei eiga topp 10-liste med berre dagens aktive:

1. Kristoffer Blücher 31 (-1)
2. Pål Haugen Lillefosse 30 (+12)
3. Gjert Høie Sjursen 26 (+8)
4. Sondre Rinde 22 (-5)
5. Henrik Irgens Gravdal 21 (+4)
6. Amund Høie Sjursen 19 (-)
7. Herman Ellingsen 6 (+4)
8. Håvard Rinde 5 (+1)
8. Andreas Haara Bakketun 5 (+3)
8. Aleksander Lie 5 (-1)
8. Ole Martin Røssland 5 (-)

tirsdag 13. oktober 2015

Rekord-statistikk, jenter: Monika suverent i tet

Sidan bloggen i løpet av 2015 utvikla seg til å bli ein versjon av Rekordmagasinet,  med spesielt fokus på det meste frå pers og oppover og med spesielt fokus på klubbrekordar i Gneist, ja så får me ta den årvisse øvinga med rekord-statistikk. Det gjeld oversikt over dei med flest aldersrekordar 11-19 år.



Monika Benserud avslutta sin aldersbestemte karriere i 2015 og det gjorde ho med å plukka ei handfull rekordar også i J19. Dermed forsvarte ho - med glans - den topp-plassen ho overtok etter 2014-sesongen. Heile 42 rekordar har Monika plukka aldersbestemt. Renate Lie, som framleis kan plukka rekordar aldersbestemt i eit par-tre år, er nr.2.

Her er oversikten over dei jentene med flest klubbrekordar i Gneist (11-19 år) etter 2015-sesongen, topp 10:

1. Monika Benserud 42 (+5)
2. Renate Lie 31 (-)
3. Bente Lervik (Liland) 27 (-)
4. Vilde Lund Bjørnsen 24 (-)
5. Benedikte Liland 21 (-1)
6. Kjersti Ristesund 18 (-1)
7. Marianne Benserud 15 (-2)
8. Torunn Sandvoll 12 (-)
9. Ingrid Næss Johansen 9 (+3)
9. Anna Serine Røssland 9 (-)

Og her er oversikten (framleis topp 10) over dei av dagens Gneist-aktive  jenter som har flest klubbrekordar:

1. Monika Benserud 42 (+5)
2. Renate Lie 31 (-)
3. Ingrid Næss Johansen 9 (+3)
3. Anna Serine Røssland 9 (-)
5. Emma A. Voldsund 7 (+4)
5. Maren Haugen Lillefosse 7 (-)
7. Elina Drivenes 5 (-)
7. Eline Myking 5 (-)
9. Anna Evensen 4 (+1)
10. Hilda-Lovise Riisnes Riise 3 (+3)
10. Ingvild Myking 3 (+3)
10. Sanne Myrmel 3 (+1)

fredag 2. oktober 2015

Ei tid for alt


Om den vyrde lesar no tar fram sin bibel og slår opp i Forkynnaren, kapittel 3 og frå vers 1.

Der ja. Takk.

Eller; ein kan setja på plata med The Byrds, der dei syng den songen av Pete Seeger, min gamle ven.

Den ja. Fint.

Alt har si faste tid, alt som hender under himmelen, har si tid: ei tid til å fødast, ei tid til å døy, ei tid til å planta, ei til å riva opp; ei tid til å drepa, ei tid til å lækja, ei tid til å riva, ei til å byggja; ei tid til å gråta, ei til å le, ei tid til å sørgja, ei til å dansa; ei til å kasta steinar, ei til å samla dei, ei tid til ta i famn, ei til å la det vera; ei tid til å leita, ei til å missa, ei tid til å gøyma, ei til å kasta; ei tid til å riva sund, ei til å bøta, ei tid til å teia, ei til å tala; ei tid til å elska, ei tid til å hata, ei tid til krig og ei til fred.

Desse versa var naturlevis inspirasjonen til songen Turn! Turn! Turn!, skriven i 1959 av Pete. Ein gong på slutten av 1960-talet høyrde ein ung Seeger-fan ved namn Roger McGuinn songen og spurde om lov til å spela den inn. Det blei The Byrds sin vidgjetne versjon og ein av dei symbolmetta låtane frå og med 1960-talet.

*

Det er blitt oktober – og siste ferja har gått. Dette er ei av dei strofene frå Ragnar Hovland, som vil leva vidare naturlegvis, så sann som den alltid vil vera for ein ekte sunnhordlending.

Det er blitt oktober og melankolien, men også ettertanken kjem sigande.

Bloggen går inn i sin meir eller mindre vanlege dvale.

Den blir nok ikkje lagt ned igjen. Glir den ut av historia, så kjem den til å gjera nett det – gli ut av historia – slip slidin’ away – meir eller mindre umerkeleg.

Kanskje blir den gjenkjenneleg i nye sesongar, kanskje ikkje. I 2015 har mi einaste offisielle – eller «offisielle» - rolle vore å følgja med på rekordane i Gneist. Her kjem det sikkert knallharde forhandlingar med ansvarlege i klubben før me veit korleis dette ansvarsforholdet blir vidare. Elles har eg ein haug historikk å gå gjennom. Det er der eg er nett no.

Elles vil det kribla i dei delane i kroppen som ønskjer å markera seg, innimellom. Av og til må eg tvinga meg til å la vera, av og til kjem det no eit kvart ut. Og då er det kjekt at bloggen finst.

Av og til er det kjekt å heidra kjekke friidrettsfolk, enten det er utøvarar eller nokon av dei rundt. Her finst det veldig mange å ta av!

Av og til er ein berre nøydd til å peika på noko av idiotien rundt friidretten også. Her skal gudane veta at det finst for mykje å ta av…

Men no, no skal om ikkje bloggen, så i alle fall bloggaren på treningsleir, på høgdeopphald, må veta, og sikta mot nye mål for gamle folk. Eg skal bli kretsmester ein gong, så enkelt er det.

Så får dei kjekke folka ta seg ein velfortent sesongpause. Og idiotien kan godt ta ein permanent pause, men det er å håpa på for mykje, naturlegvis.

Så no skal eg teia (i alle fall ei lita stund), men eg veit at det kjem ei tid då eg kjem til å kjenna meg igjen i Pete Seeger sine ord: «For mi eiga helse si skuld veit eg at eg berre er nøydd til å synga. Eg trur ikkje eg kjem til å leva lenge dersom eg ikkje syng.» Pete blei 94.

Det er ei tid for å teia, det er ei tid for å synga ut. 

Det er ei tid for alt.

God oktober.


LA

2.10.15

torsdag 1. oktober 2015

Svimmel på Fana Stadion

Eg blei svimmel i går, på Fana Stadion, og eg stod i ro. Det var om lag 20 andre som sprang - 10.000 meter - 25 rundar. Dei kom no i mål, dei fleste, til slutt. Og dermed er, med eit par smular igjen, banesesongen 2015 i ferd med å bli avrunda også.

Igjen var det ein fæla gjeng på 1500 meter som stal dei lokale overskriftene. Ja da, det var mange flinke av dei aller beste - eg kjem tilbake til dei, men først til Hans-Magnus Haukøy (G14), som persa formidabelt til 4:18,45. Det er tett bak junior-NM- kravet og det er berre to sekund bak klubbrekorden i klassen, som ein som heiter Henrik Irgens Gravdal - og er ein brukande 1500 meter-løpar også i norsk seniorsamanheng - har.

Til dei aller beste:



Espen Roll Karlsen persa til 3:55,96 - tre hundredelar under NM-kravet på 1500 meter!

Stian Øvergaard Aarvik utepersa med nesten 20 sekund (!) og blei nr. 6 under 4 minutt på distansen i 2015. Tid: 3:57,47.

Solid pers også på Steffen Algrøy Boga, frå 4:24,32 - til 4:16,90.

Halldor Espe hadde eit 1500 meter-løp innaomhus i januar frå tidlegare, no blei det halvanna sekund betre i utedebuten - på 4:19,75.

Gigant-pers på Thomas Blücher: Han har, som relativt fersk 15-åring, konsentrert seg om 2000 meter i år. På 1500 meter blei det utepers med 26 sekund (!) - til 4:22,29.

**

Til slutt eit par prestasjonar som ikkje var på 1500 meter: Herman Ellingsen sprang ein svært god 80 meter i G13. 10,38 er nesten halvsekundet under Sondre Rinde sin klubbrekord på distansen. Dessverre var vinden på +2,3 i dette heatet.

Og apropos det: Vindmåling og tidtaking var onsdagskvelden på bortre langside - der Mads Holm stod for kveldens kanskje største prestasjon - under kummerlege arbeidsforhold i tidtakarbua.




fredag 25. september 2015

Rekordar under radaren

Eg var naturlegvis oppteken av å spela Bruce Springsteen-songar onsdagskvelden, på Sjefens 66-årsdag. 

Andre var opptekne av å smadra rekordar på Fana Stadion: personlege, klubb-, krets og norske rekordar.

Eg forsøker meg på ein oversikt. Her har Herman Ellingsen gått litt under radaren. Eg meiner også han sette ny norsk aldersrekord på 300 meter (i G13), då han sprang på 40,15. 




NASJONALE REKORDAR
-
Herman Ellingsen: 40,15 på 300 meter, G13 (Kristian Tokstad, Lørenskog, 40,36, 2013)
- Pål Haugen Lillefosse: 36,57 på 300 meter, G14 (Kristoffer Blücher, 37,23 frå 2013)

KLUBBREKORDAR:
- Anna Evensen: 30,07 på 200 meter hekk, J15 (Benedikte Liland 30,41 frå 2002)

PERSAR:
- Sondre Rinde: 27,59 på 200 meter hekk (27,83 frå i fjor haust)
- Kristoffer Blücher: 7,31 på 60 meter (utepers, har 7,29 inne)
- Kristoffer Blüicher: 36,49 på 300 meter (37,06 frå i fjor sommar - elles eitt hundredel frå seniorrekorden i Gneist på distansen)
- Gjert Høie Sjursen: 38,79 på 300 meter (debut)
- Jens Larsen Åstveit: 1:57,31 på 800 meter (1:57,9 frå Strandebarm i sommar)

**

Og så har resultatlista frå Sandnes i sist veke kome meg offisielt i hende - og dermed kan me også her konstatera at nr. 8 (!) i Gneist under 2 minutt på 800 meter i 2015 er Espen Roll Karlsen. Espen bevega seg ned til 1:58,95. Det var første gong under 2 i 2015, men det var også ny pers. Den gamle var på 1:59,53, sett på seinhausten i fjor.


torsdag 24. september 2015

Bjarte Eikanger

Me hugsar alle Bjarte Eikanger som ein uhyre sterk løpar, både på bane, gate og i skog og mark - ei god stund gjerne i konkurranse med ungdommane - og gjerne, slik som på biletet, med det resultat at han viste dei yngre ryggen.




Dette er den korte soga om Gamp-en som blei topp-trenar. Bjarte Eikanger har sjølv titulert seg som "Gamp" og gruppa si som Team Gamp, eller deromkring, men siste året har denne omtalen blitt monaleg nedtona. I staden har ei offensiv, målretta satsing prega treningsgruppa til Bjarte. Ja, i tillegg til at det er bygt opp eit svært godt miljø mellom gutane (jada, dei er no gutar, sjølv om dei veks til). Til saman har dette gjort 2015 til eit nesten usannsynleg vellykka år for nett denne gruppa. Når ein god del andre (ikkje alle!) har slite, så har Bjarte si gruppe stått fram og markert Gneist på kartet. Bokstavleg talt. Henrik Irgens Gravdal kvalifiserte seg for og deltok i ungdoms-VM i Colombia. Meisterskap og medaljar både i junior- og ungdomsmeisterskap finst også på lista.

Men først og fremst er det ei betydeleg betring i breidda i toppen, som er lett å legga merke til.

For her har ikkje ein og to, men ein god gjeng kvalifisert seg til hovud-NM, seinast med Jens Larsen Åstveit sitt flotte hinder-løp under UM.

Men så er det altså slik at det for denne typen utøvarar ikkje minst finst to nøkkeldistansar - 800 meter og 1500 meter - der ein gjerne har milepælar for under 2 og under 4 minutt. I fleire år har Gular dominert, med mange utøvarar i desse sub-kategoriane. BFG-miljøet hadde veldig få, om nokon, i mange år.

I 2015 har vinden snudd. På 800 meter har Gneist i skrivande stund åtte utøvarar under 2 minutt! Anders Bjørndal tronar øvst, i røynda saman med nemnde Henrik, på 1:53,84 (og 1:53,94). På 1500 meter er det fem utøvarar som har kome seg under 4 blank, med Henrik øvst på lista, med 3:54,76 frå den nyaste ullevien.

3000 meter er det åtte utøvarar som er under 9 blank, ei anna grense ein har slite med tidlegare - seks av dei frå Team Bjarte.

Det finst mange flinke trenarar. Av og til er det på sin plass med ein ekstra honnør til nokon av dei. I 2015 er det i høg grad rett å gi symbolske blomar til Bjarte - samtidig som eg er overtydd om at her ikkje blir noko kviling på laurbær, verken for utøvarane eller for trenar.

tirsdag 22. september 2015

Lite proft

Idrettslaget Gneist fekk seg altså ein vaskekte junior-norgesmeister i halvmaraton (U23) lørdag. Det var Andreas Iden som klarte den bragden - på strålande 1.11,01 i den indianske sommaren i september-Oslo.


Prestasjonen var svært proff!

Men omtalen av det innlagde norgesmeisterskapet i halvmaraton i årets Oslo maraton har ikkje vore proff eller skikkeleg.

Gneist har ikkje klart det, Kondis har ikkje klart det, Sportsmanden har enno ikkje klart det, Oslo Maraton har ikkje klart det, arrangøren Norges Friidrettsforbund har ikkje klart det. Ingen har så langt klart å gje oss skikkelege lister i dei ulike klassane i NM i halvmaraton!

Sportsmanden.no - som elles har greie reportasjar - er den einaste staden der eg har funne eit bilete av junior-norgesmeister Andreas (over).

Men her er biletteksten:

Harald Solhaug Næss i rød Vidardrakt ble nummer 9 i NM på 1.09.15, mens Kristian Tjørnhom fra Kristiansand Løpeklubb til høyre var en av flere gode løpere som stod av etter passering 10 km. I tillegg til Tjørnhom og Burass, gjaldt dette også Gishe Abdi Wako.

Andreas Iden - norsk meister i U23 - er ikkje nemnt med eit ord, anna enn at han finst i resultatlista, men den er altså ikkje ordna etter klasse, berre etter offisielle tider uansett alder på utøvarane.

Så: Sterk prestasjon av Andreas, uproft av opptil fleire andre.


søndag 20. september 2015

Prestasjonar i Fana

Lørdag var det prestasjonar  Fana (stadion). Søndag var det i Fana, for då handla det om turar (heil-mil og halv-mil) rundt om i Fana-bygda i Fanamilen.

No er det, så langt, berre ved unntakstilfelle at denne bloggen har besøkt løp utanfor bane - enten om dei er i meir eller mindre flate løyper eller oppover fjellsider.

Men no er det naturlegvis mange som har lurt på om bloggarens overgang til Idrettslaget Trio var vellukka, reint sportsleg. Og det kan ein vel ganske klart slå fast at den var. Det blei fanamil-pers med 43 sekund og 2. plass mellom Trio-deltakarane (naturlegvis tre i talet).


Heine Eide Røssland, flanktert av Trio sitt nyaste medlem og ein nøgd bømling frå Hauglandshella.

Og så får Stian Øvergaard Aarvik (med løyperekord på 5 km) og Marius Vedvik (med løyperekord på 10 km) orsaka meg. Den største prestasjonen - men utan noko parkett i premie, berre ein 3-4 bananer - stod Heine Eide Røssland for. Rettnok har Heine trent jamleg i fire år i Gneist, men på løpssida har all trening vore sprint-basert, det same har stemndeltaking vore; 40 meter og 60 meter er han brukande på. Å gå frå 60 meter til 5 kilometer er litt av ein overgang. Men ved frukostbordet søndag blei avgjerda teken; han skulle springa 5 km. Han starta i eit drepande tempo: etter 500 meter hang han over gjerdet og var berre  sliten. Deretter gjennomførte han i intervall-stil; med solide løp og solide (gå-) pausar, før han avslutta med ein skikkeleg spurt siste 30 meter.

Ein stor dag!

lørdag 19. september 2015

Krav og kriterier 2016

Ein førebels oversikt over "Krav og kriterier" til dei internasjonale meisterskapa ligg no føre frå Norges Friidrettsforbund. Detaljar kan lesast HER.

Pr. september i år er det nokre lokale utøvarar som bør blinka seg ut krav og ha til motivasjon gjennom vinteren. Kvalifiseringsperioden startar først ved nyttår.

Eit raskt blikk blinkar ut fire meisterskap som aller mest aktuelle:

* EM for senior i Amsterdam, 6. - 10. juli. Her er det først og fremst håp om at ein skadefri Amund Høie Sjursen kan melda seg på i kampen om plassane på 100 meter. Amund, som har 10,45 frå fjoråret, er berre sju hundredelar frå kravet. Men Norge er no i den gode situasjonen at her er opptil fleire unge sprint-talent som tar mål av seg å klara dette kravet.

* U20-VM i Kazan, Russland, 19. - 24. juli. Her er det utøvarar som er fødde i 1997 og 1998 som kan delta for Norge. På jentesida kan me håpa på at utøvarar som Renate Lie og Eline Myking kan ta steg i 2016-sesongen og melda seg på. Også her er det håp til come back for Anna Serine Røssland, som har pers åtte sekund under kravet på 3000 meter hinder. På gutesida er det ikkje urovekkande langt ned til krava på 800 og 1500 for Henrik Irgens Gravdal, medan 10 000-meter kravet kan vera aktuelt for ein Jens Larsen Åstveit og kan henda Stian Øvergaard Aarvik.

* U18-EM i Tblisi, Georgia, 14. - 17. juli. Her det slik at det er utøvarar fødde i 1999 eller 2000 som kan delta for Norge. Dermed er me i den spesielle situasjonen at Pål Haugen Lillefosse alt no har overhoppa kravet i stav med 23 centimeter, men er fødd eitt år for seint...  På jentesida peikar Ingvild Myking seg ut. Ho har pers som er betre enn kravet på 1500 meter og er heller ikkje langt unna på 3000 meter. I tillegg er Kristoffer Blücher aktuell på eit par distansar, til dømes på 800 meter. Og så kan me ikkje sjå vekk frå mulegheten for at Gjert Høie Sjursen kan tikjempa seg til plass?

* VM i motbakkeløp, Bulgaria, 4. september. Her er Stian Øvergaard Aarvik sjølvskriven.

**

Og så her er rom for overraskingar, naturlegvis! Men me tar berre imot positive overraskingar i 2016.