lørdag 28. februar 2015

Adelskalender, Gneist: Stav

Ok, først ei gjentaking: Dette er ein adelskalender for utandørs resultat. Det er spesielt viktig å understreka når me er komne til stavsprang. Dette er i større grad enn noko anna friidrettsøving ein heilårsidrett, med gode og sterke innomhus-resultat også.

Så: Ja, Pål Haugen Lillefosse er den beste Gneist-stavhopparen gjennom alle tider.



Men: Pål fyller 14 år først om ein tre-fire månaders tid. Han er dermed ikkje verken junior- eller seniorutøvar før tidlegast ved oppstarten av neste inne-sesong. På biletet har Pål nett sett alle rekordar som finst med sitt inne-hopp som 13 1/2-åring.

Også på kvinnesida er det fleire på lista under 15 år, eit par av dei vesentleg yngre enn 15 år. Stav er ein ung idrett for kvinner, så her er resultatgrensa så låg som 2,01, medan den er på 3,50 for menn og dermed kjem også Eirik Leikvoll innanfor, med sitt 3,60-hopp frå i fjor vår.

Sanne Myrmel finst høgt oppe på kvinnelista. Ho har alt vore 15 centimeter høgare i vinterens innesesong enn utepersen frå Knarvik i mai i fjor.

Her er listene:

Stav, kvinner
1. Marianne Benserud 3,31 (2012)
2. Ingvild Mundal Andersen 3,07 (2007)
2. Monika Benserud 3,07 (2010) (*)
4. Amalie Tefre Skage 3,02 (2005) (*)
5. Sanne Myrmel 2,86 (2014)
6. Tina Therese Jensen 2,71 (2010)
7. Siri Aadland 2,70 (2000) (*)
8. Synne Våge Opheim 2,41 (2011)
9. Eirin Lilletvedt 2,32 (2005)
10. Anne-Marte Aldal Sætre 2,30 (2011)
11. Katrine Skage 2,20 (2004) (*)
11. Madeleine Viken 2,20 (2006)
13. Cathrine Harris 2,01 (2009 (*)

Stav, menn
1. Kristian Haga 4,20 (1989)
1. Erlend Gjøa 4,20 (1985)
3. Pål Haugen Lillefosse 4,06 (2014) (*)
4. Knut Thorbjørnsen 4,00 (1980)
4. Roar Haugland 4,00 (1983)
6. Eirik Leikvoll 2,60 (2014)


onsdag 25. februar 2015

Adelskalender, Gneist: 3000 meter

Først - og for ordens skuld: Adelskalenderen i denne versjonen tar berre for seg utandørs resultat. Kanskje ein vakker dag blir det ein innandørs versjon også, men i denne omgang er det ute som gjeld.

Eg har sagt det før - og eg seier det igjen: det er mykje å gå på når det gjeld langdistanse for dagens aktive.

Eg har sagt det før - og eg seier det igjen: det ser etter måten lyst ut når eg ser på dagens tropp.

På listene for 3000 meter er det nyleg stadig nemnde Anna Serine Røssland som dukkar først opp, på 3. plass for kvinner, medan det hev vore Gneist-medlemmet og den noverande Sandviken-fotballspelaren Ingrid Helene Nyhus også sniker seg innanfor tids-limiten på 10:42,00 for kvinner.

På herresida må ein under 8:40 for å koma med - og her er det mange godt vaksne namn som pregar listene. Her er det berre å hiva seg med, for til dømes Espen Roll Karlsen (8:45 ute i fjor) og Stian Øvergaard Aarvik, som med 8:42 innandørs som pers er den som er aller nærmast av dagens aktive. På biletet nedanfor ser me ein svært glad Stian på Skansemyren, der han for høvet slo Stord sin Lars Lunde. Lars er blitt ein svært sterk 3000 meter-løpar etter dette, så her er det berre å hiva seg på også for andre.




3000 meter kvinner
1. Torunn Sandvoll 9:36,2 (1980)
2. Ingrid Sandvoll 9:56,8 (1980)
3. Anna Serine Røssland 10:03,22 (2014)
4. Kjersti Kleppe 10:16,67 (1980)
5. Ingrid Helene Nyhus 10:41,98 (2012)

3000 meter menn
1. Hans Jakob Berge 8:17,2 (1979)
2. Petter Kleppe 8:27,5 (1980)
3. Carl Eirik Michelsen 8:29,6 (1983)
4. Terje Sejrup 8:31,55 (1979)
5. Øyvind Liland 8:31,66 (1983)
6. Anders Røssevold 8:35,83 (1987)
7. Sigve Stenersen 8:36,63 (1987)
8. Hans B. Sejrup 8:37,73 (1982)

mandag 23. februar 2015

Adelskalender, Gneist: 1500m kvinner

Ein rask titt på 1500 meter kvinner i Adelskalenderen i dag. Den blir toppa av Torunn Sandvoll, med sin klubbrekord på 4:28,73 - frå Øvre Årdal, seinsommaren 1984, følgt av tvillingsøstera Ingrid. På lista som tel 6 namn (resultatgrense 4:49) finn me to av dagens aktive, Begge er rykande ferske 18-åringar. Anna Serine Røssland - her i eit heilt ferskt bilete frå Monte Gordo, på den første joggeturen på månadsvis, etter skadetrøbbelet.


Den andre av dagens aktive på lista er Eline Myking - på biletet frå ein av inne-UM- triumfane på distansen.


Arne Dag Myking


Og her er lista:

1. Torunn Sandvoll 4:28,73 (1984)
2. Ingrid Sandvoll 4:35,0 (1980)
3. Beate Sejrup 4:373 (1981)
4. Anna Serine Røssland 4:40,32 (2014)
5. Kjersti Kleppe 4:41,6 (1981)
6. Eline Myking 4:42,92 (2014)

fredag 20. februar 2015

Adelskalender, Gneist: 800 meter

Ein kan seia mykje fint om hinder, det er ei kjekk øving, heilt klart, men den er vel spesielt kjekk for underteikna av familiær årsaker.

Og 100 meter? Jo da, 100 meter er grei den, men definitivt ein oppskrytt distanse. Det er alltid mykje hype før 100 meter i meisterskapa - og den er fort over. Og rett som det er får me doping-nyhende kortare eller lengre tid etterpå.

Då vil eg i staden trekka fram 800 meter som sjølve gromdistansen. Her må en vera rask og uthaldande - og denne kombinerte kompetansen lokkar utøvarar frå 200 nasjonar.

Kvar gong ein norsk utøvar gjer det brukande i ein idrett for tida, så er det tidenes beste norske idrettsprestasjon. Det gjeld ho der som spelar golf og han der som spelar sjakk, til dømes. Petter Northug gjorde det brukande i poker også. For ikkje å snakka om herverande Osloavis-kommentator som meinte at signeringa til Martin Ødegaard, der nede i Madrid, var tidenes norske idrettsprestasjon. Jo da, der var det ein sportsjournalist som (igjen) hadde teke for mykje Møllers tran.

Nei da, Vebjørn Rodal sitt OL-gull frå 1996 er heva over alt. For å seia det på anna vis: At ein nordmann skulle gå bort og vinna 800 meter i OL, nei det var - og er - temmeleg utruleg. (Det blei, den gongen, olympisk rekord i tillegg.)

Det er kjekt å sjå at Norge no er i ferd med å få fram opptil fleire dugande 800 meter-løparar igjen - for begge kjønn.

I Gneist sin Adelskalender finn me to aktive løparar i kvinne-oversikten, med Renate Lie på 5. plass.



For menn går resultatgrensa på 1:55,50. Det betyr at det er grunn til å håpa på at nokon frå Bjarte Eikangers disiplar vil melda seg på denne lista i løpet av 2015. ("Bjarte Eikangers disiplar" høyrest elles ut som eit band frå den gongen eg var vanleg gjest i Hulen. No ja.)

Her er listene:

800 meter kvinner
1. Torunn Sandvoll 2:10.1 (1982)
2. Kjersti Kleppe 2:14,7 (1981)
3. Beate Sejrup 2:15,15 (1981)
4. Jannicke Damm 2:15,9 (1981)
5. Renate Lie 2:17,06 (2013)
6. Mai Britt Torkildsen 2:17,9 (1983)
7. Mary Ann Nordeide Hårklau 2:18,27 (1981)
8. Eline Myking 2:19,04 (2014)

800 meter menn
1. Thor Gjesdal 1:51,11 (1984)
2. Rodgeir Vigestad 1:52,7 (1984)
3. Øyvind Liland 1:52,88 (1983)
4. Rune Hovlandsdal 1:53,0 (1984) - 1:53,11 (1982)
5. Rune Dolvik 1:53,41 (1986)
6. Carl Eirik Michelsen 1:54,0 (1984)
7. Øyvind Ytrehus 1:54,3 (1981)
8. Petter Kleppe 1:54,9 (1981)

onsdag 18. februar 2015

Adelskalender, Gneist: 3000 meter hinder


Nei da, det er ikkje heilt tilfeldig at det blir hinder i Adelskalender-gjennomgangen i dag, 18. februar. Ole Martin Røssland fekk sitt portrett før jul ein gong, så då får det bli hinder i dag. Med litt tillemping så sniker Ole Martin seg inn på 11. plassen på Adelskalenderen, med sitt så-som-så- løp frå junior-Nordisk i Finland i 2013. Biletet nedanfor er frå UM-gullet på 2000 meter hinder på Askøy året før. Der sigra han over ein annan Portugal-farar, Kristian Tjørnhom.



Tilbake til at det ikkje er tilfeldig; dagens 20 års-jubilant treng ikkje vera utålmodig. På lista nedanfor finn ein både ein 40-åring (Aage Odfjell) og ein 43-åring! (Hans B. Sejrup), så dette er ikkje noko øving for dei aller yngste. (Hans B. Sejrup og Øyvind Ytrehus sprang mot kvarandre, på Fana Stadion i oktober 1982; Sejrup var då 21 år eldre enn konkurrenten.) Sjølv om Sigve Stenersen, klubbrekordhaldaren, motbeviser dette. Hans 9:05-løp er frå året han fylte 19.

1. Sigve Stenersen 9:05,74 (1989)
2. Vicente Modahl 9:10,35 (1981)
3. Carl Eirik Michelsen 9:16,6 (1983)
4. Terje Sejrup 9:21,3 (1979)
5. Arild Nordeide 9:25,5 (1981)
6. Torkjell Solbø 9:33,2 (1985)
7. Øyvind Gausvik 9:34,4 (1979)
8. Hans B. Sejrup 9:48,7 (1982)
9. Øyvind Ytrehus 9:52,3 (1982)
10. Aage Odfjell 9:53,2 (1986)
11. Ole Martin Røssland 10:01,84 (2013)

**

På kvinnesida er hinder-historikken i landet svært kort. Susanne Wigene - den gongen springar for Haugesund, no administrator i same klubben - blei tidenes første NM-vinnar på distansen, så seint som i år 2000.

Her er såleis Anna Serine Røssland åleine i Adelskalenderen så langt, med si 10:42,56-tid frå 2014.

tirsdag 17. februar 2015

Adelskalender, Gneist: 400 meter menn

Det er strenge resultatgrenser på "Adelskalenderen" i ein del øvingar. Det handlar først og fremst om at jobben i dei historiske arkiva skal vera handterleg. På 400 meter menn er den sett til 51,00. Det betyr at det er endå ei grense for unge, framoverstormande i Gneist-miljøet å strekka se etter. Det er neppe den viktigaste grensa, men likevel: i jakta på den endå meir magiske 50 blank-grensa, så er det greitt å ta med seg 51-grensa på vegen, for til dømes Kristoffer Blücher og Anders Bjørndal (sistnemnde kom seg under 52 under inne-NM i Steinkjer nyleg).



Av "historiske størrelsar" i Gneist-soga, som fell utanfor denen grensa, er Rune Hovlandsdal (51,2 - 1979), Øyvind Liland (51,27 - 1983) og Dagfinn Hårklau (51,4 - 1978).

Når det er sagt, her er lista over dei 9 som er innanfor:

1. Rune Dolvik 48,24 (1983)
2. Thor Gjesdal 49,45 (1984)
3. Espen Liland 49,65 (2008)
4. Marius Benserud 49,92 (2006)
5. Morten Benserud 50,40 (2003)
6. Tor Inge Vikane 50,43 (1986)
7. Erlend Gjøen 50,70 (1979)
8. Kristoffer Grindedal Janson 50,72 (2008)
9. Rodgeir Vigestad 50,8 (1981)

mandag 16. februar 2015

Adelskalender, Gneist: 300 meter

Eg veit ikkje om det er noko med 16. februar som skulle krevja det, eg veit ikkje om me kan kalla tidene me er inne i for ukurante, men i dag følgjer i alle fall den lite kurante øvinga 300 meter. Dette er ei øving som alltid er blitt sprunge lite, av få. No for tida er det stort sett ungdommar, av rette typen og i rett alder, som spring distansen - og gjerne i den svenseke friidrettsmetropolen Gøteborg.

Listene nedanfor - begge kjønn i dag - inneheld ikkje mange namna, og fleire av dei som er høgt oppe var særs unge då dei hamna på 300-lista: Både Vilde Lund Bjørnsen (biletet) og Renate Lie var 15 då dei sprang sine sterke tider i nettopp Gøteborg.



300 meter kvinner
1. Vilde Lund Bjørnsen 39,77 (2011)
2. Renate Lie 40,47 (2013)
3. Helene Risti Bergaas 42,83 (2003)
4. Helene Aarland Holm 43,91 (2002)

300 meter menn
1. Espen Liland 36,48 (2005)
2. Marius Benserud 36,59 (2005)
3. Morten Benserud 36,91 (2003)
4. Håvard T. Hasås 36,98 (2005)
5. Kristoffer Blücher 37,06 (2014)
6. Kristoffer Gridendal Janson 37,07 (2006)

fredag 13. februar 2015

Utøvarportrett: Jens Larsen Åstveit


Første gongen eg registrerte namnet til Jens Larsen Åstveit (18 til våren) i friidrettssamanheng, då var Jens sprintar. I alle fall var det på dei kortaste distansane han stilte. Under Framolekene i 2011 blei Jens nr. 12 på 100 meter i G14, med tida 13,90 (elles like framfor Henrik Almenningen). Året etter forbetra Jens 100 meter-persen sin - også det under Framolekene - til 13,74. Den lengste distansen han sprang det året var 600 meter.



Så, som 16-åring, blei Jens mellom- og langdistanseløpar. Vel, først og fremst var han blitt triatlet - og triatletar spelar ikkje tennis. I alle fall spring dei ikkje 100 meter. I staden for blei det stadige persar på dei lengre distansane, der Jens heile tida har nærma seg dei beste. Framgangen har førebels kulminert med to UM-bronsar på tampen av 2014-sesongen: På 3000 meter under UM i Haugesund, på perstida 8:51,09, og på 4 km terrengløp på heimebane på Stend.

1500 meteren under Pingvinlekene nyleg tydar på at 2015 kan gi ytterlegare framgang.


Persar
100 meter
13,74 (Fana, 28. april 2012)
600 meter
1:27,94 (Fana, 11. mai 2013)
600 meter (i)
1:31,56 (Haukås, 10. februar 2013)
800 meter
2:03,98 (Lillehammer, 7. september 2013)
800 meter (i)
2:02,52 (Haukås, 24. januar 2015)
1500 meter
4:22,58 (Fana, 1. juni 2013)
1500 meter (i)     
4:06,68 (Haukås, 31. januar 2015)
3000 meter
8:51,09 (Haugesund, 5. september 2014)
3000 meter (i)     
9:03,65 (Haukås, 25. januar 2015)
5000 meter
16:03,70 (Lisleby, 8. august 2014)


Medaljefangst i nasjonale mesterskap


UM
BRONSE, 4 km terrengløp, UM, 2014

BRONSE, 3000m, UM, 2014

torsdag 12. februar 2015

Adelskalender, Gneist: Tresteg, kvinner

Monika Benserud vann NM-gull i innandørs tresteg i Steinkjer nyleg, så var det definitivt Gneist sitt første NM-gull innomhus i historien. Sist Gneist stilte eigne utøvarar i seniorklassen i NM inne, så fanst det ikkje norske meisterskap av den offisielle sorten inne.


Når me kjem til Haugesund til sommaren, så er Monika også mellom kandidatane til å skaffa meir edelt metall til Gneist, også ute.

I tresteg har Monika hoppa vesentleg lengre inne enn ute. I januar i fjor hoppa ho heile 12,78 i Leikvanghallen, medan det har blitt 12,51 så langt denne vinteren.

Adelskalenderen tar for seg ute-resultat og her er det framleis Amalie Tefre Skage som har vore lengst i tresteg-gropa og dermed har klubbrekorden, sju centimeter lengre enn Monika. Like bak der er Benedikte Liland.

Her er lista:

1. Amalie Tefre Skage 12,34 (2007)
2. Monika Benserud 12,27 (2013)
3. Benedikte Liland 12,20 (2004)
4. Sandra Tennøy 11,56 (2005)
5. Hilde Hovlandsdal 11,14 (2004)
6. Madeleine Viken 10,98 (2007)
7. Cathrine Harris 10,90 (2012) (*)
8. Sunniva Nordeide Svello 10,52 (1999)
9. Synne Våge Opheim 10,33 (2011)
10. Mona Lundvang 10,06 (1988)

(*) i J14.



tirsdag 10. februar 2015

Utøvarportrett: Espen Roll Karlsen

Det er mange ungdommar i denne portrettserien som har plukka opptil fleire nasjonale medaljar. Men det er naturlegvis ein smule enklare å gjera det når ein har vore med på opptil ti ungdomsmeisterkap (inne og ute, frå 15 års alder) enn når ein kjem inn i friidretten som senior, som tilfellet er med dagens utvalte, Espen Roll Karlsen.



Espen sprang nemleg sitt første baneløp i friidrett som 21-åring, i 2013. Debuten var overbevisande nok: 9:05,07 på 3000 meter under Nornalekene i Leikvanghallen.

Men dette er også ein av grunnane til at Espen har ei viktig rolle i miljøet; Espen er, trass i at han "berre" fyller 24 på seinsommaren, noko av det vaksnaste me har å oppdriva i klubben. Det er svært viktig for ungdommar, som stadig kjem nedanifrå, at det finst slike ressursar i klubben som det Espen er. 

Den andre grunnen til den viktige rolla, er naturlegvis at Espen spring fort. Motoren har ikkje minst blitt utvikla gjennom orienteringssporten. Han har alt fått ei nøkkelrolle i Holmenkollstafetten.

Espen har, trass i kort banekarriere, sprunge under 2 blank på 800, under 4 blank på 1500 og han blei i 2014 den første distanseløparen på mange år i BFG som kvalifiserte seg til NM, då han sprang under kravet på 10.000 meter. (I NM sprang Espen 5000, tett bak persen.)

Til sist: ryktet går om at Espen også er dugande til å velja fotball-lag i England...


Persar
800 meter
1:59,53 (Fana, 1. oktober 2014)
800 meter (i)
2:01,90 (Haukås, 28. desember 2013)
1500 meter
3:58,24 (Bislett, 2. august 2014)
1500 meter (i)
4:05,37 (Haukås, 31. januar 2015)
3000 meter
8:45,00 (Fana, 6. mai 2014)
3000 meter (i)     
8:55,70 (Steinkjer, 8. februar 2015)
5000 meter
15:18,36 (Haugesund, 16. juli 2014)
10000 meter
31:51,40 (Indre Arna, 2. juli 2014)

mandag 9. februar 2015

Utøvarportrett: Anna Serine Røssland

Landås, 9. februar 1997: Det er søndag, det er morsdag, det er fastlavnssøndag. Det er til og med grytidleg søndag morgon. Nokon har lyst på fastlavnsbolle. Andre har lyst på å bli fødd. Helst så tidleg som muleg.

Og Anna Serine fekk viljen sin, slik med ein gong.

Gratulerer med 18-årsdagen!

Nadderud, 7. juni 2008: Ei nervøs 11 år gammal jente prøver så godt ho kan å førebu seg til 600 meter under Tyrvinglekene. Det er debut. Ho kjem seg i gang. Dei andre spring fort, i fortaste laget. Først når det er 55 meter igjen til mål finn Anna Serine eit ukjent gir og spring fortare enn alle dei andre (inkludert dei som er i mål for ei stund sidan alt). Tida blei 2:17,62, som gav 361 tyvingpoeng . Ein stad skal ein begynna.



Sesongen 2014 var eit eventyr for friidrettsutøvaren Anna Serine. Vinteren 2014-2015 har vore svært trøblete og utfordrande, men på eit eller anna tidspunkt kjem det nye sjansar. Ja, erfaringa fortel at dei nye sjansane av og til kjem på uventa tidspunkt.

Høgdepunkt: deltaking i junior-VM i Eugene sommaren 2014, hinder-gull i UM i 2012 og 2013 og medaljane – også det på hinder – i junior-NM og hovud-NM i 2012 og 2013.


Persar
600 meter
1:49,80 (Fana, 13. august 2011)
600 meter (i)
1:57,27 (Haukås, 12. februar 2012)
800 meter
2:24,08 (Nadderud, 14. juni 2014)
800 meter (i)
2:26,18 (Haukås, 18. januar 2014)
1500 meter
4:40,32 (Gøteborg, 28. juni 2014)
1500 meter (i)
5:08,00 (Haukås, 8. februar 2014)
2000 meter
6:54,16 (Fana, 15. september 2013)
3000 meter
10:03,22 (Nadderud, 13. juni 2014)
3000 meter (i)
11:21,65 (Haugesund, 3. februar 2013)
2000 meter hinder
7:21,91 (Fana, 25. september 2013)
3000 meter hinder
10:42,56 (Eugene, 24. juli 2014)

Medaljefangst i nasjonale mestersdkap

NM
BRONSE, 3000 meter hinder, NM, 2013

SØLV, 2000 meter hinder, jr-NM, 2012

UM
GULL, 1500m hinder, UM, 2012
GULL, 1500m hinder, UM, 2013
SØLV, 4 km terrengløp, UM, 2012
SØLV, 3000m, UM, 2013
BRONSE, 2 km terrengløp, UM, 2014




søndag 8. februar 2015

Inne-NM - dag 2: Tøffe tider

Eg er glad eg ikkje treng heilt direkte å forhalda meg til Gular og til Marius Vedvik etter søndagens 3000 meter under inne-NM. Marius Vedvik leia absolutt heile løpet. Så kom Tjalve sin Erik Udø Pedersen med ein sterk spurt og var svært nære å ta igjen Vedvik. Eit par meter før mål kom Vedvik over i den banen Pedersen var i - og juryen fann ut at dette var ureglementert. Eg kan vel seia at dersom det hadde vore ein med endå nærare klubbtilhørysle, så hadde eg blitt svært oppbrakt over denne avgjerda.

No ja. Monika Benserud fekk beste Gneist-plasseringa også søndag og var uhyggeleg nære medalje nr. 2. Ho blei nr. 4 i lengde med 5,57, same lengda som bronsevinnaren, men med fem centimeter kortare nest-beste hopp.

Anders Bjørndal var eit stykke frå medaljar i helga, men leverte likevel to svært sterke løp. På 800 meter søndag blei det ny innepers med 1:57,78. Dermed er både ute- og innepersen på 1:57-talet. Til det eventuelt ligg andre opplysningar føre, så styrka også Anders med dette eigen innerekord i Gneist på distansen. (Det er muleg det finst betre tid frå før 1987, men dette gjenstår å få verifisert.) Det blei elles offisielt 10. plass til Anders på distansen.


3000 meter sprang Stian Øvergaard Aarvik og Espen Roll Karlsen habile løp. Stian blei nr. 15 på 8:49,37, medan det blei 20. plass og ny innepers på Espen med 8:55,70.

lørdag 7. februar 2015

Inne-NM - dag 1: historisk gull

Det er lovleg og muleg å protestera mot det følgjande, men min i alle fall førebelse påstand er at Monika Benserud sitt tresteg-gull i hallen i Steinkjer lørdag er tidenes første individuelle Gneist-gull i banefriidrett i seniorklassen.

Monika vann konkurransen klart, med dei tre beste hoppa i konkurransen og eit bestehopp på 12,25.



(saksa frå Gneist Friidrett Elite)


Martine Eikemo Borge tok 5. plassen i finalen på 400 meter. Her fekk Martine 57,81 i forsøket og 57,47 i finalen, tett bak tida frå Pingvinlekene sist helg.

Ein liten, men ny barriere blei broten for Anders Bjørndal, som persa på sin 400 meter til 51,98. Med det blei Anders nr. 9 på distansen. Flott NM-debut.

**

Dessverre blei det skadeforfall for Amund Høie Sjursen til dette inne-NM. Han kjem sterkare igjen seinare i 2015.

torsdag 5. februar 2015

Før inne-NM

Det er ein nesten uvanleg sterk og god tropp som reiser til inne-NM i Steinkjer til helga. Får håpa helsa til utøvarane held. Underteikna har nett karra seg på beina, og har teke til å registrera at folk i verda rundt driv med sine vanlege, løgne greier - heilt uavhengig av om eg ligg under dyna eller ikkje. No ja.

Veret skal bli surt i helga, også i Nord-Trøndelag. Så det er godt at inne-NM går innomhus, i ein god og framleis ny friidrettshall.


Troppen tel følgjande namn:

* Monika Benserud
* Martine Eikemo Borge
* Anders Bjørndal
* Espen Roll Karlsen
* Amund Høie Sjursen
* Stian Øvergaard Aarvik

Monika, Martine og Amund er utøvarane som kan markera seg høgast på resultatlistene, men heile gjengen er i brukande slag:

* Monika er påmeldt 60 meter (37 påmelde), lengde (22 påmelde) og tresteg (11 påmelde), der det er tresteg ho har største sjansane i, sjølv om ho også hoppa godt i lengde i Leikvanghallen sist helg.

* Martine er med på 400 meter og 800 meter. På 400 meter er det 15 påmelde utøvarar, på 800 er det 12 påmeldt. Det er til sommaren det skal springast skikkeleg fort. Det mest spennande er om Martine er i fortsatt framgang etter løpa i Sandnes og Leikvanghallen (på 800) nyleg.

* Amund er påmeldt 200 meter, saman med 46 andre (!). Amund har faktisk ikkje veldig mange 200 meter-løp bak seg, men han har vist at han har mykje å fara med også på den distansen. Når det er sagt, det er på 60 meter og i lengde sjansane er aller størst for Amund. På 60 meter kom eg ut av teljinga, men slik om lag 65 (!!) påmelde er det i øvinga. I lengde er det meir oversiktleg, med 16 på startlista, men det er gode sjansar for tette duellar for Amund her, slik han til dømes opplevde under inne-UM i Bærum i fjor.

* Espen spring 1500 meter, der det er 29 påmelde utøvarar. Her er det særs tøft selskap for Espen, På 3000 meter, der Espen får selskap av Stian, er det like mange på startlista, men her er det truleg muleg å koma seg høgare på plasseringslista for våre. Begge viste god form i dei lokale stemna nyleg. Elles får Stian og Espen selskap av Erlend Gjerdevik Sørtveit, den mest kjente Strindheim-utøvaren, sett frå Bergen sør, på 1500 og 3000. Erlend er i ferd med å bli omskulert til langdistanse-utøvar der oppe i det trønderske.

* På 800 meter er det Anders som er vår mann (Anders Bardal er elles frå Steinkjer, så det er gode voner om at Anders B. kan bli ein populær kar der oppe). 22 utøvarar er påmeldt - og her er det berre mulegheter.


... Eg spår meir når resultata ligg føre...

tirsdag 3. februar 2015

FU-rapport etter pingvinane

Me er ikkje så reint lite krye av at me no i fire år har fått lov til å opna Pingvinlekene i Leikvanghallen. Dei første heata på 60 meter har, kvart år, vore med våre utøvarar: Ein stor takk til Arve og Trond for det!

Me likar også å tenka at me bidrar til både fest og moro-delen av Pingvinlekene, men også til at det ikkje berre skal handla om topp-prestasjonar, tyrvingpoeng og rekordar.

Det handlar også om stil og eleganse, som Heine til dømes viser her:



Når det er sagt, me i FU-gruppa til Gneist Friidrett er ikkje uinteresserte i personlege bestenoteringar. Me ønskjer sjølvsagt at treninga også skal føra med seg noko i betre prestasjonar for den enkelte.

Me var 19 utøvarar på plass denne fine vinterlørdagen, den siste i januar. Det i seg sjølv er me godt nøgde med.

60 meter er det alltid eit visst alvor over dette med startar og startpistol, sjølv om underteikna forsøker å agera pistol med mine PANG! i Høiehallen kvar lørdag. Det blei 7 persar, der Fredrik si forbetring på 2,7 sekund var imponerande!

Dette var jo flott, men i kule blei det ikkje mindre enn 17 bestenoteringar! Emilie si forbetring med 5 meter var iaugnefallande, naturlegvis. I tillegg noterer me oss Frode sitt støt med 2 kilos-kule - eminent teknikk!

Lengde er det me som gruppe har størst utfordringar med, men ingenting er kjekkare enn store utfordringar. 10 persar seier at ting er på gang her også. Me fekk også to nye over 2-meteren! Og Daniel persa med 80 centimeter!

... Og enno er det to treningar før vinterferien...

mandag 2. februar 2015

Pingvinlekene 2015: mykje stor idrett, lite vagging

Årets Pingvinlekene var dei fjerde i rekkja (av fire mulege, i Leikvanghallen), dei var dei største - og dei var ganske sikkert dei beste. Sjølv er eg lykkeleg for å ha kome i mål med min gjeng lørdag føremiddag. Etter det blei det pleiing av helsa resten av helga. Mange av utøvarane synest derimot å vera ved god helse...



Først litt til dei under 15: Me er blitt så vane med Pål Haugen Lillefosse (G14) sine fantastiske rekordhopp no, at det er lett føre at prestasjonane ikkje får den merksemda dei fortener. 4,34 høgt er det blitt no. På 60 meter hekk sette Pål ny G14-klubbrekord med 8,63 (Sondre Rinde hadde den gamle, på 9,19, frå 2012.) Pål var også berre ein einaste hundredel bak Kristoffer Blücher sin G14-klubbrekord på 60 meter, med sine 7,54. Denne helga blei det ein ny centimeter opp i stavsprang, til 4,34 (framleis europarekord). Så må Hans-Magnus Haukøy (også G14) sine stadige sterke forbetringar nemnast. Spesielt søndagens 600 meter-løp på 1:32,16 var sterkt. Til sist mellom dei unge nemner eg Emma A. Voldsund sin solide siger i lengde i J12, med 4,70. Det er fattige sju centimeter bak Vilde Lund Bjørnsen sin J12-klubbrekord. Og det er jo litt igjen av året...

Så til dei på 15 eller eldre:

Amund Høie Sjursen hadde ei ny, sterk helg. På 200 meter blei det betring av eigen klubbrekord, sett under Romjulsstemnet, med 21,91 (berre ni hundredelar bak utepers). 7,41 i lengde er klubbrekord i G19.

Ingvild Myking følgde opp det sterke 3000 meter-løpet frå Nornalekene sist helg, med 4:43,07 på 1500 meter. Det er nesten tre sekund under utepersen frå Stockholm seinsommaren 2013 og åtte sekund betre enn innepersen frå Pingvinlekene i fjor. (Tida er berre 1,4 sekund bak den sterke J16-rekorden i Gneist, sett tilbake i 1981.)

Sjølv om Ingvild sprang godt under den gamle klubbrekorden innomhus, så fekk Eline Myking behalda denne, då ho sprang heilt ned på 4:42,35. I tillegg til ni sekund betre enn Eline sin gamle inne-klubbrekord, så er det også godt og vel halvsekundet under utepersen frå Ravnanger i juni i fjor.

Martine Eikemo Borge har no klubbrekordane innomhus både på 800 meter og 400 meter. 800 meter-tida blei pynta på med eit halvsekund frå Sandnes for 14 dagar sidan - til 2:11,94, medan Martine sprang på 57,33 på den halve distansen. Renate Lie sine 59,69 blir ståande som U20-rekord.

Monika Benserud sette nye innepers i lengde, med 5,76, berre 12 centimeter bak utepersen frå Tyrvinglekene i fjor.

Også Espen Roll Karlsen er no klubbrekord-innehavar i Gneist, med 4:05,47 på 1500 meter. Espen sin gamle innepers var på 4:11,30, frå Stange i fjor.

Henrik Irgens Gravdal sette klubbrekord på 600 meter, på 1:24,02, og betra den i U20 på 1500 meter, til 4:06,03 (frå 4:09,95).

Anders Bjørndal skal ha æra for å ha drege opp tempoet på den nemnde 600-meteren. Anders fekk seg 1:24,49 som tid, som er over sju sekund betre enn den tre år gamle innepersen og svært tett på utepersen. På 1500 meter dagen før blei det 4:14,15 på Anders - nøyaktig åtte sekund betre enn den gamle innepersen, også den sett tilbake under dei aller første Pingvinlekene, i 2012.

Ein av tre ungdommar på 1:24-talet på 600 meter var også Kristoffer Blücher, som sprang på 1:24,92. Kristoffer leverte også sterkte løp på 60- og 200 meter.

Gjert Høie Sjursen betra seg med to nye tidelar på 200 meter frå sist helg, til 24,46. Også på 60 meter blei det betring frå Nornalekene, her med åtte hundredelar, til ny pers 7,68. Gjert betra også eigen G15-klubbrekord på 60 meter hekk (84 cm) til 8,68.

Litt ubemerka er Jakob Jamt Ånonli i ferd med å veksa seg fram mellom dei sterkaste namna i klubben i sprint og no også i lengde. I helga blei det 24,33 på 200 meter (pers med heile firetidelar frå Nornalekene og godt over sekundet framfor utepers), 7,61 på 60 meter (pers med 12 hundredelar) og 5,66 i lengde.

Jens Larsen Åstveit sprang heilt ned på 4:06,68 på 1500 meter, pers med om lag åtte sekund (frå Pingvinlekene i fjor).

Vegard Albrigtsen knuste sin 1500 meter-pers, då han fekk seg 4:22,68 (hadde 4:34 inne og har 4:29,85 ute). Også på 600 meter blei det pers på Vegard, med 1:28,42 - rettnok berre innepers - sju tidelar bak bestetida utandørs.

Henrik Almenningen kom seg over 6-meteren også innomhus, med 6,01. På 60 meter blei det 7,69 på Henrik, pers med fem hundredelar.

Også Magnus Leikvoll fekk notert seg 7,69 på 60 meter, som er tre hundredelar betre enn under Nornalekene.

Malin Marie Rosvoll Olsen meiner eg debuterte på 200 meter innomhus, med 28,32, tett bak utepersen, medan ho knuste gamlepersen på 60 meter, med 8,42 (8,70 ute og 8,75 inne frå i fjor).

Andreas Jensen sette innepers på 1500 meter med 4:43,66. Den gamle var frå UM i Bærum i mars i fjor.

Stian Norheim pynta aldri så lite på sin ferske innepers på 1500 meter, no til 4:20,22.

Halldor Espe kan gratulerast med sitt første registrerte baneløp, med flotte 4:21,45 på 1500 meter.

Det blei 8,10 på 60 meter og 1,55 i høgde på Andreas Brage Olsen. Og me noterer oss følgjande innetider på Torbjørn Knag: 28,76 på 200 meter, 8,54 på 60 meter og 1:48,89 på 600 meter.