søndag 31. mai 2015

Kronprinsen av Skuggenatten

Nei, det er ikkje tittelen på ein ungdomsroman, dette: "Kronprinsen av Skuggenatten". Det kunne sikkert vore det, i alle fall kunne det vore det på 1970-talet, den gongen eg frekventerte ungdomsbok-hyllene til Kvinnherad Folkebibliotek.

Nei, det handlar naturlegvis om Stian Øvergaard Aarvik, som forsvarte U23-tittelen sin i motbakkeløp frå fjoråret, då han vann NM i klassen. Det skjedde nettopp i motbakkeløpet Skuggenatten Opp i Treungen i Nissedal kommune, ved sørenden av Nisser-vatnet.


Det såg ikkje slik ut som på biletet lørdag - det var snjo på vegen opp, over svaberga - og like vinterleg i Vest-Telemark som i landet elles.



Kronprins er Stian både i eigenskap av junior-vinnar og fordi tida hans faktisk hadde halde til solid 3. plass også i seniorklassen - ja, svært nær sølvet. Stian er ein hardtarbeidande og likandes kar, så då er det godt å veta at kronprinsar har for vane å bli kongar - etter kvart.

Søndag såg eg ein annan likandes og hardtarbeidande kar, Espen Roll Karlsen, slita seg rundt på 3000 meter under Framolekene, berre døgeret etter at han kom heilt oppe på 4. plass i seniorklasen i NM i motbakkeløp. Både 3000-løpet og 4. plassen var imponerande. Espen var berre tre sekund bak bronsen i Treungen.

Så var det to Gneist-jenter med i U23-klassen for kvinner: Ingrid Næss Johansen, med god Ulriken Opp-deltaking helga før, kom heilt oppe på 6. plass i klassen i debuten i NM i motbakke. På 11. plass i same klassen kom jamaldringen Thea Johanne Slethaug.

**

Og eg, eg får ta meg ein tur opp på Skuggenatten i sommar og nyta utsikten - når snjoen vonleg er borte.

Framolekene søndag

Det aller gjævaste i helga opplevde vel Gneist-delegasjonen som var til vene Treungen og Skuggenatten Opp - ja, den heiter det, toppen i Treungen, Nissedal. (Ja da, eg har ein gong vore til Skuggenatten - utan snjo - og vrikka foten skikkeleg på tur ned.) Motbakkeløpet var også NM dette året, der Stian Øvergaard Aarvik igjen markerte seg, ved å vinna gull i U23-klassen. Dei offisielle resultatlistene let venta på seg, så me får studera dei meir når dei måtte dukka opp.

**

Så til Framolekene dag 4. Først: I den kalde våren me har så var eg mindre til stades på stadion på dette stemnet dette året enn eg har vore sidan 2007. Men eg har då studert resultatlister, og det er sjeldan Gneist har markert seg såpass lite - ikkje minst i breidda som dette året. Så er det nemnt.



Dag 4 startar me med å skriva heim om den nybakte ungdomsmeisteren i mangekamp, Gjert Høie Sjursen. Gjert persa solid på 100 meter - i perfekt medvind. Han hadde 12,28 sist helg i Nittedal. Denne gongen kom han seg heilt ned på 11,85. Litt meir smålåten persing, også det frå Nittedal-helga, blei det i lengde. Med 6,24 blei det to centimeter lengre enn gamlepersen og den gamle klubbrekorden hans i G15.

André Seliussen (G14) sprang 2000 meter i G15. Den vann han på 6:18,30 - noko som betyr at André er kvalifisert på distansen - med solid margin - i G15 til neste års UM i Sandnes.

Anna Evensen persa på 100 meter, til 13,50 - sju hundredelar raskare enn under Opningsstemnet.

Og nykomaren, som eg stadig arbeider med å gjera meg kjent med - også namnet, Rasmuss Wernø, persa solid på sin 100 meter - frå 13,73 under Fanalekene til 13,09 denne gongen.

lørdag 30. mai 2015

Framolekene lørdag

Det handla om eit etter måten kort løp og eit mellomlangt på Framolekene lørdag - dersom me ser på stemnets 3. dag med statistikk- og rekordauge, noko jo denne bloggaren gjer.

For å ta det korte først:

* Monika Benserud sprang 60 meter på 7,89, som skal vera utepers og klubbrekord i J19 (ho har endå nokre hundredelar raskare innomhus denne vinteren).

* Fredag blei det klubbrekord i G14 for Andreas Haara Bakketun. Då tok han Pål Haugen Lillefosse sin ferske på 200 meter. Lørdag "slo Pål tilbake". Han sprang 60-meteren på 7,45 - og dermed har begge dei to i radarparet G14-rekorden i Gneist, på nettopp 7,45.

* Gjert Høie Sjursen sette ny utepers på 60 meter, med 7,61. Han hadde 7,79 frå Tyrvinglekene i fjor sommar og har 7,59 inne frå UM i Ulsteinvik.

* Jakob Jamt Ånonli flytta sin utepers på 60 meter endå meir ned - til 7,60. Han sprang på 7,94 i fjor sommar, men han har 7,61 frå Leikvanghallen i vinter.

Så til 1500 meter, der to av pers-gutane frå 800 meter fredagskvelden slo til igjen, Henrik Irgens Gravdal og Jens Larsen Åstveit:



Henrik var, i alle fall ved dette høvet, systematisk og flytta persen ned med nøyaktig to sekund, frå Opningsstemnet for tre veker sidan. Ny pers på 1500 meter er dermed 4:04,11.

Jens var også nede på 4:06 innandørs i vinter, medan utepersen blei knust ettertrykkeleg, då også han kom inn på 4:04-talet - rett bak Henrik, med 4:04,21.

(Og eit unntak for ein nesten-pers: Andreas Iden sprang sin 1500 meter på 4:09,47 - eitt fattig hundredel bak persen, frå Gøteborg i 2012.)

fredag 29. mai 2015

Framolekene fredag

Det var ein smålåten start på Framolekene torsdagen, sett med Gneist-auge, denne kalde, kalde våren. Me noterte oss eit fint KM-gull til Stian Norheim på 2000 meter hinder i G18/19 - og me merka oss fråveret til opptil fleire som normalt ville markert seg ein slik dag.

Fredagen skjedde det derimot store ting.



Den største - og høgaste - var naturlegvis Pål Haugen Lillefosse sin nye kjempe-prestasjon i stavsprang. Hans nye verdsrekord for 13-åringar (han fyller 14 om kort tid) er på heile 4,65! Kor skal dette enda? Skal det enda?

*

Medan Pål var i stavgropa dansa Andreas Haara Bakketun om ikkje på bordet, så i alle fall galant gjennom sin 200 meter i G14. Med 23,57 overtok han nemleg Pål sin ferske G14-klubbrekord.

Særs flotte 800 meter-løp fekk me også, ikkje minst i seniorklassen, der Henrik Irgens Gravdal kom seg heilt ned på 1:55,74, ny pers med nesten to sekund - og dermed endå ein som nærmar seg veldig kravet til hovud-NM. NM-kontingenten kan etter kvart utvikla seg frå ein gruppetto, som sykkel-Erlend ville ha sagt det, til ein heil gjeng, som me sa det i den hardkokte delen av Sunnhordland på 1980-talet.

Men det stoppa ikkje der: Jens Larsen Åstveit melde seg inn i under 2-klubben på 800 meter, då han flytta persen med 1,7 sekund til 1:58,59. Og Steffen Algrøy Boga blei også 800-persar. Han betra tida si frå Opningsstemnet med eit nytt sekund - til 2:06,85.

Malin Marie Rosvoll Olsen sprang sin 200 meter på 27,76, som er halvsekundet betre enn ho har gjort tidlegare på distansen.

Ein noko overraskande klubbrekord fekk me i J14. Mest overraska er kan henda ho som tok den sjølv, nemleg Maren Kathinka Myrmel, for diskos-rekorden med 0,75-diskosen stod heilt ledig. Maren kasta 18,36 meter.

Ferskingen Rasmuss Waage Wernø (G18) fekk notert seg sin første 200 meter, då han sprang inn på 27,14.

Jakob Jamt Ånonli sprang eit nytt solid 200-meterløp, i solid mtovind (G16). Han sprang på 24,48. Jakob var nede på 24,33 innomhus, medan utepersen var på 25,12 frå Fanalekene.

mandag 25. mai 2015

Gull og rekordar i Nittedal

Gjert Høie Sjursen brukte pinsehelga i vene Nittedal, på det nye friidrettsanlegget på Rotnes. Det gjorde han lurt i. Han vann nemleg UM-gull i mangekamp - 9-kamp!


Poengsummen blei så god som 5116, noko som er solid ny klubbrekord i G15. Rettnok er kast-reiskap og hekkehøgder stadig i endring, slik at samanlikninga med tidlegare prestasjonar haltar noko, men dette er heilt utvilsamt beste 9-kamp- prestasjonen i klubben si historie i G15.

Gjert presterte også fleire gode individuelle prestasjonar. Mellom dei var:

* Ny pers og ny G15-klubbrekord i lengde, med 6,22. Gjert hadde sjølv den gamle på 6,10.

* I spyd (600 g) blei det også ny pers og klubbrekord. Her var lengda 42,36. Gjert sin eigen gamle klubbrekord var på 40,82.

* Ny pers på 100 meter med 12,28. Gjert hadde 12,31 frå Bergenslekene i fjor haust.

* Ny pers i stav med 2,80. Den gamle - på 2,67 - var sett under Opningsstemnet 5. mai.

* Pers i høgde med 1,58.

* Debut på "maraton"-distansen 1000 meter, med 3:15,54.


Mangekjemparar har me ikkje hatt kjempemange (...) av. Dette var strålande av Gjert.


lørdag 23. mai 2015

Halvvegs til Haugesund og heilt til Hamar

I 1997 kom den kjende (...) filmen Halvveis til Haugesund på norske kinoar - med den udødelege historie-tråden "Det er eit helvete å ikkje ha bil i Telemark".

Kvifor eg nemner dette no? Har ikkje peiling, anna enn at eg kom på det - her eg sit, heime i Søvikheia, etter sju år på rad (??) på Mailekene i Haugesund.

Nokre frå Gneist er det der i år også. Me har notert oss at 2001-gutane i klubben er svært sterke - og at sprintesset Andreas Haara Bakketun markerte seg lørdag med å setja ny klubbrekord i G14 på 60 meter, med 7,45. Den gamle hadde Kristoffer Blücher på 7,53 frå 2013. Dette er sterke saker - her er fleire solide namn som har sprunge 60 meter i Gneist som 14-åringar, for å seia det varsamt.

Det var elles, som vanleg, vindfullt i Haugesund.

Så - over til Hamar: Ikkje til skeiser denne gongen, men til friidrett og elitestemne på splitter ny stadion - og take me back to little Iden (Henning Kvitnes, som vanleg omskriven):



Jada, me får fornya "biletparken" på Andreas Iden med det første, men i alla fall: Lørdag blei det solid ny pers på den ferske NM-kvalifiserte, denne gongen på 3000 meter. 8:42,13 har me notert oss som ny 3000-pers på Andreas, 17 sekund under gamletida. Den er 3 år gammal - frå Tyrvinglekene i 2012. Det fortel at a) det var på tide og b) det har vore a long and winding road for unge Iden.

Henrik Irgens Gravdal er endå yngre, så hans nye pers på 8:46,24 er også svært imponerande. Dette er nesten 10 sekund ned frå tida under Framolekene tilbake i 2013, så også Henrik har vore littegrann i motbakke.

Elles noterer me oss at Martine Eikemo Borge var ni tidelar unna å setja sin første klubbrekord - ute - i Gneist, då ho sprang på 2:11,00 på 800 meter. Det er uansett nest-beste tida på distansen i Gneist gjennom tidene for kvinner.

fredag 22. mai 2015

Utøvarportrett: Steffen Algrøy Boga

2014 gav oss like godt (minst) to somrar - både den for 2014 og den for i år. Så no er den lange hausten alt i full gang. 

Når det er sagt, her er eitt nytt mini-portrett:

Steffen Algrøy Boga
, med bakgrunn frå Kalandseid, har vore i BFG- og Gneist-miljøet i fleire sesongar alt. Han er medlem av den innsatsfylte 1995-årgangen - og nærmar seg 20 noko veldig.


Steffen har i fleire år har vist seg å vera ein av dei som kan litast på til Holmenkollstafetten - og for så vidt til fleire lokale stafettar. Han har habile tider på bane - og er framleis i framgang, noko 800-meteren under Opningsstemnet seinast viste. Då blei persen på nøkkel-distansen flytta ned til 2:07,78.


Persar

600 meter (i)
1:30,59 (Haukås, 9. februar 2014)
800 meter
2:07,78 (Fana, 5. mai 2015)
800 meter(i)
2:10,32 (Haukås, 18. januar 2014)
1500 meter
4:29,61 (Fana, 8. august 2012)
1500 meter (i)
4:29,77 (Haukås, 8. februar 2014)
3000 meter
10:01,02 (Fana, 1. august 2012)

tirsdag 19. mai 2015

Utøvarportrett: Morten Seliussen

Ein av utøvarane i Gneist i den utvida eldre junior-klassen, er Morten Seliussen (44 - snart). Morten er viktig. Av fleire grunnar. Dersom eg ikkje hugsar feil, så sprang Morten i 2014 den 650 meter lange "Gressbanen"-etappen i Holmenkollstafetten for BFG Bergen sitt elitelag. I år fekk han tildelt sjølve sprint-etappen, den 12. på 390 meter - framleis på elitelaget, no til Gneist. Morten er ei holmenkollstafettsk potet; han spring opptil fleire etappar på opptil fleire andre lag når han først er i Oslo - og kan steppa inn både her og der for elitelaget - framleis. Det i seg sjølv er imponerande.



Morten er også viktig fordi han bidrar tungt til rekrutteringa i klubben: Linn (17), André (14) og Marie (12) er alle løpstalent. Dei spring gjerne betre og betre jo lengre distansane er. Det er faktisk i likskap med faren - trass i etappane i Holmenkollstafetten. Endeleg er Morten viktig både som generell bidragsytar i miljøet og som vikar og assistent på trenarsida.


Oversikten nedanfor meiner eg er Morten sine persar - i så fall alle sett i svært så ny tid.


Persar

400 meter
62,17 (Fana, 27. august 2013)
600 meter
1:38,56 (Leirvik, 16. august 2013)
800 meter
2:15,73 (Strandebarm, 6. juli 2013)
800 meter (i)
2:16,89 (Haukås, 19. januar 2013)
1500 meter
4:31,80 (Ravnanger, 22. juni 2014)
1500 meter (i)     
4:37,99 (Haukås, 20. januar 2013)
3000 meter
9:50,46 (Fana, 1. juni 2014)
5000 meter
17:11,64 (Fana, 31. august 2014)
10000 meter
35:53,79 (Fana, 12. april 2015)



mandag 18. mai 2015

Pål og Erlend

Pål Haugen Lillefosse hoppa 4,46 i stav innomhus. Fredag blei det 4,47 utomhus - og dermed nye rekordar på globalt nivå for Pål. Her må eg ha støtte og hjelp frå Paavo for å få detalj-oversikten :)

Superlativa er brukt opp - og det er berre 18. mai.

Me får sjå til å finna opp nokre nye etter kvart.

Pål er, månaden før han blir 14, kvalifisert for hovud-NM i 2016 - på Askøy.



Den portretterte før helga, Erlend Gjerdevik Sørtveit, blei på 17. mai klar for hovud-NM dette året - i Haugesund, då han sprang 10.000 meter på 31:45,57. Dette var naturlegvis ein sterk prestasjon i seg sjølv. Endå betre blir det av at Erlend aldri har sprunge lenger enn 3000 meter på bane, før dette løpet på Trondheim stadion.

Då har Gneist tre, på papiret, jamgode løparar på 10.000 meter klare for Haugesund-NM: Espen Roll Karlsen på 31:50 frå fjoråret, Andreas Iden med 31:44 frå april i år og no Erlend med 31:45. Kva dei deltar i når dei kjem til sildabyen, det gjenstår å sjå, naturlegvis.

PS: Den brukande skiløparen Petter Northug blei nr. 10 under KM for Sør-Trøndelag på 10.000 meter 17. mai. Han var tre kvart minutt bak sjettemann, Erlend.

fredag 15. mai 2015

Utøvarportrett: Erlend Gjerdevik Sørtveit

Nei da, me skal ikkje utvida repertoaret til å portrettera kven det skal vera. Dagens portrett-objekt er jo då også langt ifrå "kven det skal vera". Erlend Gjerdevik Sørtveit (20) er ein av våre, same kor han no måtte vera å finna.


La biletet stå som eit symbolsk uttrykk: Her er det nye-klubben til Erlend, Strindheim, sin representant som jagar Gneist-utøvaren. No er det slik at Trondheim er ein attraktiv studiestad framleis, det får me berre leva med. Og kva er då kjekkare enn at Gneist får seg ein vennskapsklubb der oppe, i trenar Tommy Gjølgas rike? Og så er planen at Erlend - og etter kvart andre? - held kontakten med gamlelandet gjennom såkalla ferierepresentasjon, så då ser me fram til at supporteren av den blå delen i Manchester bytter ut den blå Strindheim-trøya med den blå Gneist-trøya for ei stund. No ja.

Idrettsleg er Erlend kjent for å ha sprunge aller flest løp i det lokale miljøet mellom 2:00,29 og 2:03 på 800 meter. 1-talet står og ropar, naturlegvis. Han er også ein habil 1500 meter-løpar, der han var svært nære sin første individuelle junior-NM- medalje under meisterskapet i Fredrikstad sist sommar (4. plass). I stafett har han to junior-NM- medaljar på 4 x 1500 meter. Og så er det etter kvart kanskje endå lengre løp Erlend siktar seg inn mot.

Persar


400 meter
56,38 (Arna, 2. juli 2014)
600 meter
1:28,07 (Fana, 28. april 2012)
800 meter
2:00,29 (Strandebarm, 6. juli 2013)
800 meter (i)
2:02,97 (Steinkjer, 9. mars 2013)
1500 meter
4:04,58 (Stjørdal, 20. september 2014)
1500 meter (i)
4:10,10 (Leikvang, 28. desember 2014)
2000 meter
5:54,63 (Fana, 15. september 2013)
3000 meter
8:59,42 (Fana, 2. juni 2013)
3000 meter (i)
9:05,43 (Leikvang, 18. januar 2013)

Medaljefangst i nasjonale mesterskap

NM

SØLV, 4 x 1500m, jr-NM, 2013
BRONSE, 4 x 1500m, jr-NM, 2012

torsdag 14. mai 2015

Kollen - ei oppdatering

Onsdag kom meldinga om at Varegg sitt elitelag for menn er blitt diskvalifisert frå sin 6. plass under årets Holmenkollstafetten. Det betyr at Gneist sitt lag offisielt er nr. 6. Det noterer me.

Så: Denne bloggens offisielle kommentar:

Varegg er ein rasande kjekk klubb, som Bloggen berre har gode ord å seia om.



Bloggen er heilt viss på at denne haldninga blir allment delt i det bergenske friidrettsmiljøet – og vel så det.

Når ein møtest til enten lokale eller nasjonale nappetak i stafett-sesongen, så skal det vera sportsleg kniving og det skal vera viktig å koma før bergenske naboar.

Bloggen forstår at Gneist-utøvarane hadde ei kjensle av noko urimeleg etter nederlaget for Varegg sist laurdag.

Samtidig var inntrykket at ein rista dette av seg og var klare for å gå vidare – i godt naboskap – med sesongen.

Bloggen er glad for at det ikkje er protestar frå Gneist eller andre nærståande til Bloggen som står bak eventuell protest i samband med Holmenkollstafetten.


Soga om Holmenkollstafetten 2015 er ei isolert soge for seg. Bloggen registrerer at Varegg-utøvarane som sprang i Oslo hadde det veldig kjekt. Det kan ingen ta frå dei, uansett.

tirsdag 12. mai 2015

Utøvarportrett: Michelle Floor Heggeland

Michelle Floor Heggeland kom til Gneist frå Kalandseid hausten 2011. Då var ho berre i ferd med å bli 12 år gammal. Michelle viste sitt talent alt første sesongen i Gneist, med fleire sterke 13 års-resultat både inne og ute. Sidan har ho slite mykje med ulikt. Me håpar ho etter kvart finn vegen tilbake til tidlegare takter.



Michelle har først og fremst vore sprintar, men hadde brukbare løp både på 600 meter og 800 meter som 12-/13-åring. Seinast har det vore kjekt å registrera henne som viktig bidragsytar i stafettar - aller seinast på 3. etappen, bort frå Bislett (i nærleiken av eit av mine favoritt-antikvariat...), under Holmenkollstafetten.

Persar

60 meter
8,54 (Lillehammer, 23. juni 2012)
60 meter (i)
8,58 (Haukås, 25. februar 2012)
100 meter
13,47 (Fana, 3. juni 2012)
200 meter
28,34 (Fana, 31. mai 2013)
200 meter (i)
28,50 (Stange, 3. februar 2013)
400 meter (i)
69,16 (Haukås, 19. januar 2014)
600 meter
1:50,21 (Fana, 3. juni 2012)
600 meter (i)
1:54,49 (Haukås, 12. februar 2012)
800 meter
2:38,63 (Strandebarm, 7. juli 2013)
Lengde
4,21 (Fana, 25. august 2013)
Lengde (sone)           
4,57 (Ulvik, 28. mai 2012)
Lengde (i)
3,38 (Haukås, 9. februar 2014)
Lengde (sone) (i)
4,45 (Haukås, 12. februar 2012)


søndag 10. mai 2015

Fanalekene dag 3

Nye BT (Bloggens Tidende):

På Fana Stadion blei det søndag sett opptil fleire aldersbestemte klubbrekordar i Gneist på den etter måten sjeldne distansen 80 meter. Men framfor alt var det igjen Pål Haugen Lillefosse som stod i fokus, med sin strålande 200 meter i G14 på 23,72. Dette er mellom dei aller beste i landet gjennom alle tider og vel berre bak Fana sin Filip Bøe i Hordaland. Tida er nesten fire tidelar under Kristoffer Blücher sin gamle klubbrekord i G14 (frå 2013).



Kristoffer Blücher sjølv hadde bytta ut findressen frå broderen sin konfirmasjon med konkurransedrakta. Og dermed blei det klubbrekord på 80 meter i G16 med 9,47. Den gamle var det Amund Høie Sjursen som hadde frå 2012 - på 9,76.

Me held fram med klubbrekordar på 80 meter. Og yngstemann Sjursen, Gjert, mista også sin i G14 (sett i fjor) - til Andreas Haara Bakketun, som sprang heilt ned på 9,70.

Til sist i klubbrekord-gjennomgangen på 80 meter: Monika Benserud sprang på 10,20 og fyller inn ledig plass i J19 på distansen.

Fleire av sprintløpa søndag gjekk i motvind. Det gjorde også Jakob Jamt Ånonli sin 200 meter, men med 25,12 flytta han utepersen på distansen ned frå 25,51 (sett i Strandebarm i fjor). Han var langt nede på 24-talet i vindstille Leikvanghallen i januar.




Oppvarming, Bergens Tidende og (fri-)idrettsdekning

Er det slik at det er vel så interessante ting å lesa om (fri-)idrett i Bergens Tidendes opptrykk frå 8. mai 1945 som det er i dagens utgåve?

Ja da, det stemmer det.

I opptrykket, som naturleg nok er prega av topp-oppslaget «Våpenfred i Europa», kan me også lesa om nyare, dansk forsking – på side 3: «Kroppen må oppvarmes foran idrettskonkurransene. To danske læger beviser oppvarmingens betydning for gode resultater».

Interessant!


Før Holmenkollstafetten skreiv Bergens Tidende – som vanleg – berre om Idrottslaget Gular. I dag, etter Holmenkollstafetten og ein etter måten skuffande stafett for Gular, så skriv Bergens Tidende så godt som berre om Gular.

For her har to andre bergensklubbar fått vera med i ein kvar sin heil setning! «Bak Gular løp Varegg inn til en sjetteplass med tiden 53,52. Gneist fulgte etter med 54.15.»

Ikke dårlig. Eller…

Tilbake til 8. mai 1945: «Med andre ord: Dr. Erling Asmussen og dr. Ove Bøje har bevist at oppvarming forbedrer prestasjonene i samme grad som de arbeidende musklers temperatur settes opp, men oppvarmingsarbeidet må ikke gjøres for hardt.»

Bergens Tidende kom med spennande ny kunnskap og forskingsnytt – i 1945.

I 2015 beviser Bergens Tidende i staden manglande kunnskap og sin hang til enkle konvensjonar i sporten: sport er fotball, friidrett er Gular.

Til sist: Ja, eg veit eg har vore inne på dette temaet før. Det er vel på tide å gi opp no.


Men, så tenker eg: Dette er berre oppvarminga.

lørdag 9. mai 2015

Fanalekene - dag 2 (og 1)

Korte drypp kom på Facebook frå fredagens Karabinlekene/Fanalekene:

Fanalekene dag 1: Ny klubbrekord i J12 av EMMA A. VOLDSUND i liten ball. Med 52,57 sletta ho Kari Lyse Rydland sin 25 år gamle rekord! Konfirmanten sjøl, THOMAS BLÜCHER, debuterte på 2000 meter med flotte 6:26,28.

... og PÅL HAUGEN LILLEFOSSE (G14) sette europarekord utomhus i stav med 4,31. Han har 4,46 frå innesesongen.

***


Og Pål Haugen Lillefosse herja vidare lørdagen, i langt betre (i alle fall varmare) ver. Det er faktisk slik at Pål atter ein sesong presterer så godt og i så mange øvingar at det er uråd å få med alle detaljar. Men, i alle fall: Det blei klubbrekord på 80 meter hekk i G14 med 11,23. Her hadde Sondre Rinde den gamle, frå 2012. Det blei også rekord i lengde, med sterke 6,21. Det er mellom dei aller lengste hoppa i årsklassen i landet gjennom alle tider. Gjert Høie Sjursen hadde 5,97 i G14 frå fjoråret. Lengdekongen i Gneist (og i landet) Amund låg godt bak desse lengdene som 14-åring.

Gjert Høie Sjursen sjølv både mista og tok rekord - begge deler i spyd. I G15 kasta Gjert 40,82, som er 9 meter lengre enn det broderen gjorde tilbake i 2011. Så mista han G14-rekorden sin til Håvard Rinde, som kasta flotte 43,54, to meter lengre enn Gjert sitt lengstekast i fjoråret. Men i tillegg blei det pers i lengde på Gjert, til 6,10 - det er 13 centimeter lengre enn den gamle utepersen og éin centimeter lengre enn i innesesongen (UM). Det betyr også at Gjert sletta Per Liland sin 52 år (!) gamle klubbrekord i G15 i lengde.

Klubbrekord nr. 2 på eitt døger blei det på Emma A. Voldsund. Denne gongen blei det solid forbetring av J12-rekorden i spyd, til 35,19. Cathrine Harris hadde den gamle frå 2010.

Kometen Jakob Jamt Ånonli (G16) held fram med å knusa gamlepersar. Sist var det på 100 meter, denne gongen i lengde, Rettnok har Jakob 5,92 frå inne-UM, men utepersen blei overhoppa med 70 (!) centimeter - frå 5,33 til 6,03.

Sanne Myrmel (J16) hadde sin gamle lengdepers frå Opningsstemnet på splitter nye Husnes Stadion i september i fjor. Denne gongen blei det betring frå 4,62 til 4,76 - i solid motvind.

Flotte markeringar i Holmenkollen

Akkurat ved opprop i J10 i lengdegropa under Karabinlekene starta Martine Eikemo Borge og kvinnelaget sin stafett i Holmenkollen. Seinare gjekk det slag i slag i gropa, før resultata frå Kollen tikka inn via resultatmann for dette høvet, medstatistikar, Trond.

Resultata: Strålande 6. plass til gutane/mennene og fin 13. plass til jentene/kvinnene.

Dette er gode utgangspunkt for dei komande åra!



Korleis vurderer ein dette elles? Vel, dette er jo første året i nymoderne tid at Gneist har elitelag i Holmenkollen. Slik sett er dette historiske markeringar i Oslo-gatene, uansett. Samtidig er det rimeleg med samanlikning med friidrettsrepresentanten frå Ytrebygda frå siste åra også:

Herrelaget har ikkje gjort det så bra som i år på så langt som eg har oversikt over - det 21. hundreåret. BFG vaka rundt nedrykk i fire sesongar, før ein tok eit godt jafs oppover listene og kom på 8. plass i 2012. Deretter har laget vore stabilt på 8. og 9. plass, før altså årets Gneist-utgåve kom seg opp på 6. plassen. Avstanden opp til vinnar Tjalve var på 4 minutt og 20 sekund.

Kvinnelaget hadde opptil fleire forfall og 13. plass og fornya eliteplass med god margin var såleis strålande.

Her er mange imponerande etappe-prestasjonar og to solide lag-prestasjonar. Flott jobb også av lagleiarar og UK!

torsdag 7. mai 2015

Ein heilt vanleg dag i Oslo: Før Holmenkollstafetten


Hver eneste dag er en Oslo-dag - for alle som elsker vår by.

(-med sjølvaste Jens Book-Jenssen)
Då nærmar det seg ein ny historisk Gneist-dag: For første gong i nymoderne tid stiller Gneist komande lørdag lag i seniorklassane - eliteklassane - i den 92 år gamle Holmenkollstafetten. Stafetten held seg godt - med stadig nye deltakarar i stadig fleire klassar.

At Gneist er på plass med lag er av ein viss verdi i seg sjølv, naturlegvis.

I fjor kom BFG Bergen sine lag høvesvis på 5. plass (kvinnelaget) og 9. plass (laget for menn). Kvinnelaget til Gneist er nok noko svekka, samanlikna med fjoråret. Her handlar det om å få seg ei første Gneist-plassering og -tid, og så måla seg opp mot det igjen i 2016. Mennene sitt lag er sterkt og godt, også samanlikna med fjoråret.

Spennande blir det.

Detaljane i laga skal ikkje kommenterast her, anna enn at det er rasande kjekt å sjå breidda som laga trass alt representerer - og det må vera litt av vitsen med å stilla lag, det også. Og her er ungdommar i alle aldrar. Dei to lagas eldste utøvar er fødd same året som underteikna - det er jo oppmuntrande!

Her er laga, slik dei låg føre torsdag:

Kvinner:
1. Martine Eikemo Borge
2. Thea Slethaug
3. Michelle Floor Heggeland
4. Elina Drivenes
5. Renate Lie
6. Ingrid Næss Johansen
7. Torun Øvergaard Aarvik
8. Hege Eikemo
9. Nora Øvergaard Aarvik (inn for Anna Evensen)
10. Ingvild Myking
11. Thyra Hevrøy
12. Monika Benserud
13. Linn Seliussen
14. Maria T. Berg
15. Malin Olsen

Menn
1. Henrik Irgens Gravdal
2. Espen Roll Karlsen
3. Vegard Albrigtsen
4. Andreas Iden
5. Anders Bjørndal
6. Stian Øvergaard Aarvik
7. Casper Stenersen
8. Torsten Heitmann
9. Aleksander Lie
10. Jens Larsen Åstveit
11. Stian Norheim
12. Morten Seliussen
13. Ole Martin Røssland
14. Steffen Algrøy Boga
15. Henrik Almenningen

tirsdag 5. mai 2015

Vindfull opning

Det var som om mai-vinden røska tak i bussen på veg heim frå jobb, tirsdagskvelden. Ja da, eg skofta Fana Stadion denne gongen. Ein sjeldan gong må ein prioritera jobben, men lørdag er eg på plass i ei lengdegrop "nær deg".

Men sabla kjekt var det å få flott resultatservice "live" på bussen. Dette uniket samarbeidet (...) mellom Gneist og Skyss blei høgt verdsett!

Ein del resultat var openbart prega av vinden. Samtidig var det fleire overraskande sterke resultat, etter forholda.



Høgast på mi liste kjem JAKOB JAMT ÅNONLI (G16), som sette ny 100 meter-pers med 1,01 sekund! Han hadde 12,72 frå Strandebarm i fjor sommar. No blei det under junior-NM- kravet for Jakob, med sterke 11,71.

Ny mann under 2 blank på 800 meter fekk me også: Kristoffer Blücher vann like så godt distansen, på 1:58,74 - fire sekund (nesten) under gammal utepers og to sekund betre enn tida frå inne-UM i mars.

Monika Benserud sprang ein god 100 meter, med 12,47, berre sju hundredelar bak persen. Dette er ny klubbrekord i J19 med god margin. Anne Skudal Dolvik hadde 12,90 frå 2007 (og Nanna Gjerde 12,9 frå 1978).

Malin Marie Rosvoll Olsen held fram med å flytta persen. På 100 meter er det no blitt fine 13,24 - som er berre fire hundredelar frå junior-NM- kravet.

Anna Evensen persa på 100 meter til 13,57, to hundredelar under gamlepersen.

Henrik Almenningen nærmar seg 11-talet på 100 meter. Ny pers er 12,06 (12,18 frå Tyrvinglekene i fjor).

Henrik Irgens Gravdal utepersa på 1500 meter til 4:06,11 - berre åtte hundredelar bak innepersen, frå Pingvinlekene. (Den gamle utepersen var nettopp frå Opningsstemnet i mai for to år sidan.)

Andreas Jensen persa på 1500 meter til 4:35,18, to sekund under den gamle, frå i fjor haust.

Steffen Algrøy Boga persa på 800 meter til 2:07,78, fire tidelar under gammal pers.

Så noterer me at vårt ferske bekjentskap, Torsten Heitmann, fekk seg tida 9:28,77 på 3000 meter - og at Gjert Høie Sjursen fekk seg ganske flotte 2,67 i stavsprang (!).

Heilt til slutt: Aleksander Lie gjorde harejobb på 800 meter og er klar for stafett i Oslo til helga. Og dessverre var Martine Eikemo Borge blitt sjuk og fekk ikkje gjort eit spennane come back på 1500 meter. Persen er på 5:08, sett hausten 2004...

mandag 4. mai 2015

Utøvarportrett: Quo vadis, Aleksander Lie?

Ok, aller først: 4. juni 1987 var eg på Wrigley Field Stadium i Chicago. Der såg eg nokre inningar av kampen mellom Chicago Cubs og St. Louis Cardinals. Baseball, altså. I oktober 2009 var eg tilbake i Chicago, utan å sjå baseball, men eg fann det likevel for godt å kjøpa Cubs-genserar til sønene mine som suvenir. DET er mitt positive forhold til baseball. Punktum.

I helga okkuperte baseball Fana Stadion, både då eg hadde FU-gjengen min på trening lørdagen og då det skulle springast viktige intervallar søndag. Baseball - go home! Til Chicago, eller deromkring.

***



Så, til dagens mann: Aleksander Lie er blitt 19 år etter kvart. Aleksander har ei rekke gode resultat i ung alder. Han var mellom anna med på bronselaget på 4 x 1500 meter i junior-NM i 2012.

Så har det i periodar gått tynge, men Aleksander er sentral i miljøet og har arbeidd seg godt tilbake fleire gongar. Eitt mål gjennom vinteren dei siste par sesongane har gjerne vore deltaking i Holmenkollstrafetten. Aleksander har hatt svært gode mellomdistanse-løp. Eitt av dei beste var då han sprang i den rykande ferske Leikvanghallen i januar 2012. Han har også brukande 1500 meter hinder-løp, mellom anna det aller første, på Avslutningsstemnet i september 2009. Sist sommar var det så debut på 400 meter hekk, i Gøteborg, som innebar eit ublidt møte med ein hekk om lag midtvegs. 

No er Aleksander påmeldt 200 meter, 400 meter og 800 meter til Opningsstemnet tirsdagskvelden. Så får tida visa, kor vegen går vidare for karen som tidleg blei kjent som sjølvaste Aleksander Lie.

Persar:

60 meter
8,20 (Haukås, 7. mai 2011)
60 meter (i)
8,01 (Høiehallen, 7. januar 2011)
100 meter
12,55 (Haugesund, 27. mai 2012)
200 meter
25,07 (Fana, 29. april 2012)
200 meter (i)
25,11 (Haukås, 18. januar 2013)
300 meter
40,24 (Fana, 1. august 2012)
400 meter
53,78 (Fana, 30. juli 2013)
400 meter (i)
54,85 (Haukås, 19. januar 2013)
600 meter
1:27,14 (Leirvik, 16. august 2013)
600 meter (i)
1:29,37 (Haukås, 10. februar 2013)
800 meter
2:02,16 (Gøteborg, 28. juni 2013)
800 meter (i)
2:03,43 (Haukås, 8. januar 2012)
1000 meter
3:04,45 (Fana, 26. september 2012)
1500 meter
4:24,88 (Fana, 8. mai 2012)
1500 meter (i)
4:25,00 (Sandnes, 9. mars 2012)
3000 meter
10:12,03 (Fana, 10. juni 2012)
200 meter hekk
29,23 (Fana, 15. september 2012)
400 meter hekk
74,34 (Gøteborg, 27. juni 2014)
Høgde
1,50 (Haugesund, 22. mai 2011)
Lengde
5,01 (Fana, 15. september 2012)
Lengde (i)
4,56 (Høiehallen, 4. februar 2011)
Lengde u.t.
2,48 (Laksevåg, 8. januar 2011)
Tresteg
10,47 (Fana, 7. september 2011)

Medaljefangst i nasjonale mesterskap:

NM
BRONSE, 4 x 1500m, jr-NM, 2012

lørdag 2. mai 2015

Utøvarportrett: Malin Marie Rosvoll Olsen

Nokre er come back kids, andre er kometar. Eg har sans for begge variantar - og fleire, for den saks skuld. I 2014-sesongen dukka brått Malin Marie Rosvoll Olsen opp i Gneist-drakta - som ein komet.


Førebels høgdepunkt er så ferskt som frå 1. mai - då Malin sprang 1. etappen på Gneist sitt kvinnelag - over 4 etappar - under Askstafetten. Laget vann og Malin var med på å skapa grunnlaget med ein solid 1. etappe.

Det er ein sprintar me snakkar om, i alle fall så langt, med persar på 60 meter, 100 og 200 meter. Meisterskapsdebuten kom på 60 meter under inne-UM i Ulsteinvik i mars. Der stilte Malin i J16, sjølv om det først er mot slutten av året ho fyller år.

Persar finst nedanfor, men som for andre kometar så var framgangen på sprint-distansane merkbare alt første året. På 100 meter sprang ho ned frå 13,94 til 13,45 og på 200 meter frå 28,70 til 28,21 (27,59 med for mykje medvind).

Persar

60 meter
8,70 (Fana, 31. mai 2014)
60 meter (i)
8,42 (Haukås, 31. januar 2015)
100 meter
13,45 (Haukås, 20. september 2014)
200 meter
28,21 (Fana, 1. oktober 2014)
200 meter (i)
28,32 (Haukås, 31. januar 2015)