tirsdag 30. juni 2015

På topp i Norge - senior, menn - pr. 30. juni 2015

Først av alt: Oversikten nedanfor har ein viktig mangel - nemleg resultata frå Hardanger Friidrettsfestival i Strandebarm. Dei låg ikkje inne i den offisielle statistikken pr. morgonkvisten 30. juni. Her blei det oppnådd fleire sterke resultat av Gneist i menn senior, først og fremst på 800 og 1500 meter.

Utøvarar som Kristoffer Blücher og Henrik Irgens Gravdal kjem eksempelvis dårlegare ut i oversikten enn dei fortener. (Det jamnar seg ut i neste oversikt, får me tru.)



Når det er sagt; poenget står seg med at det lokale miljøet i menn senior er i ferd med å markera seg i norgesstatistikken på måtar som ein må ganske lang tid tilbake i tid for å finna parallell til.

Lista tar for seg topp 100 i kvar øving - og parentes samanliknar med oversikten på bloggen 3. juni:

60 meter
17. Jakob Jamt Ånonli 7,60 (ny)
19. Gjert Høie Sjursen 7,61 (ny)
46. Rasmuss Wernø 8,69 (-23)

80 meter
1. Kristoffer Blücher 9,48 (-)
4. Jakob Jamt Ånonli 9,83 (-)

100 meter
59. Kristoffer Blücher 11,37 (ny)

200 meter
83. Kristoffer Blücher 23,50 (ny)

400 meter
38. Kristoffer Blücher 51,30 (ny)
52. Anders Bjørndal 52,02 (ny)

800 meter
21. Henrik Irgens Gravdal 1:55,74 (ny)
29. Anders Bjørndal 1:57,15 (-2)
43. Jens Larsen Åstveit 1:58,59 (-8)
46. Kristoffer Blücher 1:58,74 (-21)
67. Vegard Albrigtsen 2:00,70 (-29)
87. Espen Roll Karlsen 2:02,78 (-44)
100. Andreas Iden 2:03,97 (ny)

1000 meter
5. Gjert Høie Sjursen 3:15,54 (ny)

1500 meter
24. Henrik Irgens Gravdal 3:59,15 (-9)
34. Jens Larsen Åstveit 4:02,24 (ny)
36. Andreas Iden 4:02,35 (ny)
87. Ole Martin Røssland 4:18,2 (ny)
92. Stian Norheim 4:20,61 (-56)

2000 meter
13. Thomas Blücher 6:24,70 (-8)

3000 meter
21. Henrik Irgens Gravdal 8:24,11 (+4)
24. Andreas Iden 8:36,33 (-1)
40. Erlend Gjerdevik Sørtveit 8:46,41 (ny)
51. Espen Roll Karlsen 8:50,64 (ny)
59. Jens Larsen Åstveit 8:52,77 (-26)
72. Ole Martin Røssland 8:59,75 (ny)

5000 meter
12. Stian Øvergaard Aarvik 15:09,53 (ny)
23. Andreas Iden 16:05,7 (-16)
27. Stian Norheim 16:24,7 (-16)
32. Morten Seliussen 16:51,38 (-19)
35. Vegard Albrigtsen 17:00,7 (-23)

10000 meter
12. Andreas Iden 31:44,10 (-1)
33. Morten Seliussen 35:53,79 (-3)
34. Stian Norheim 49:46,53 (-3)
35. Vegard Albrigtsen 49:47,54 (-3)

2000m hinder
4. Stian Norheim 6:37,00 (ny)

Høgde
47. Gjert Høie Sjursen 1,58 (ny)

Stav
27. Gjert Høie Sjursen 2,80 (-17)

Lengde
22. Gjert Høie Sjursen 6,24 (-10)
24. Henrik Almenningen 6,19 (ny)
32. Jakob Jamt Ånonli 6,03 (-18)

Tresteg
15. Henrik Almenningen 12,77 (ny)

Spyd
40. Henrik Almenningen 40,75 (ny)

mandag 29. juni 2015

På topp i Norge - senior, kvinner - pr. 29. juni 2015

Dette er 2. utgåva denne utesesongen der me kastar eit blikk på Gneist-markeringar i norgesstatistikken. Først ute er kvinner senior. I ein sesong som så langt er prega av mykje skadeforfall og få konkurransar, er det Monika Benserud som markerer seg sterkast, med topp-plasseringar på korte sprintdistansar og med andreposisjon i tresteg, éin centimeter bak Ingri Bøtun Leganger frå Laksevåg.



Lista nedanfor tar utgangspunkt i topp 100-plassering i ei øving. I parentes endring sidan sist oversikt, 2. juni:

60 meter
1. Monika Benserud 7,89 (ny)
26. Anna Evensen 8,63 (-22)

80 meter
1. Monika Benserud 10,20 (-)

100 meter
29. Monika Benserud 12,47 (-17)
100. Malin Marie Rosvoll Olsen 13,24 (-44)

400 meter
49. Renate Lie 60,98 (-33)
69. Elina Drivenes 62,34 (-44)

800 meter
6. Martine Eikemo Borge 2:11,00 (-)

1500 meter
15. Ingvild Myking 4:33,22 (ny)

3000 meter
9. Ingvild Myking 9:57,52 (-)

Stav
18. Sanne Myrmel 2,57 (-6)

Lengde
18. Monika Benserud 5,37 (ny)
49. Anna Evensen 5,00 (-)
76. Sanne Myrmel 4,76 (-47)

Tresteg
2. Monika Benserud 12,66 (ny)

torsdag 25. juni 2015

Gneist Goes Global

Monika Benserud representerte sist helg Norge i Superligaen i friidrett i Russland. Med det følgde ho opp Amund Høie Sjursen sitt tilsvarande landslagsoppdrag frå Estland i fjor.

Stian Øvergaard Aarvik går mot ei svært spennande deltaking i EM i motbakkeløp.

Og landslagsdeltaking og kvalifiseringskrav blir markert av Gneist-utøvarar jamleg dette
segnomsuste året - 2015.



Ikkje lenger etter at me bikkar over til juli, så vil Martine Eikemo Borge - for tida oppteken med å vera leiar av idrettsleikar på Fana Stadion - gjera seg klar til å representera Norge under Universiaden i Sør-Korea.

Så er det slik at opptil fleire av utøvarane som er kvalifiserte til meisterskap i sommar dessverre, av ulike grunnar, ikkje kan delta. Men lista over kvalifiserte er likevel oppbyggeleg lesnad. For dei som må kjempa seg tilbake frå ulikt, så må det uansett vera ein inspirasjon.

U20-EM (Sverige, juli)
- Amund Høie Sjursen (kvalifisert i lengde frå innesesongen)

U18-VM (Colombia, juli)
- Ingvild Myking (1500m)
- Henrik Irgens Gravdal (1500m, 3000m)
- Pål Haugen Lillefosse (stav)

"Europeisk ungdoms-OL" (EYOF, Georgia, juli)
- Ingvild Myking (1500m, 3000m)
- Kristoffer Blücher (800m)
- Pål Haugen Lillefosse (stav)

**

Til ungdoms-VM (U18) stiller Norge berre med 1998-utøvarar. Her er såleis Pål Haugen Lillefosse heile tre år for ung, men Pål vil få mange sjansar. Han er også to år for ung til det europeiske ungdoms-OL, der det altså berre er 1999-utøvarar som stiller frå Norge. 

Men lista over kvalifiserte er uansett ein imponerande oversikt.

tirsdag 23. juni 2015

Omsider, omsider

Dette skal ikkje handla om sider, men omsider kom resultata frå Hardanger - frå Hardanger Friidrettsfestival i Strandebarm no i helga.

Nokre meldingar hadde jo tikka inn til oss frå den vene bygda mellom fjell og fjord, men du verda, her var mykje meir spennande også.



Topp-nyhendet er alt annonsert: Henrik Irgens Gravdal sin nye pers på 1500 meter: 3:57,62. Dermed er Henrik kvalifisert til ungdoms-VM i Colombia på to distansar! Men, ikkje nok med det: Med dette løpet sletta Henrik Sigve Stenersen sin 28 år gamle klubbrekord i G17 (3:58,09).

På 1500 meter persa elles Jens Larsen Åstveit til sterke 4:00,40, nesten to sekund ned frå løpet på Jessheim tidlegare i juni. 3-talet er veldig nært også for Jens no, med andre ord. Og Erlend Gjerdevik Sørtveit hadde sin pers på distansen frå Stjørdal i fjor haust. No blei persen i staden hordalandsk for vår utsende medarbeidar i det trønderske: Den blei senka frå 4:04,58 til 4:01,29. Det kan bli ein heil bukett med utøvarar som er i 3-klubben på 1500 meter når sesongen er over.

Litt meir mellomdistanse i same slengen. Her blir det eit manuelt hjørne, sidan det var stoppeklokkene som rådde grunnen lørdagen i Strandebarm. Men likevel: Anders Bjørndal pressa persen sin ned med åtte tidelar frå Tyrvinglekene sist helg - til 1:56,3. Og målet om hovud-NM nærmar seg. 16 år gamle Kristoffer Blücher kvalifiserte seg til det europeiske ungdoms-OL med sitt 800 meter-løp på 1:56,9 - og alt nemnde Jens Larsen Åstveit kom seg ned på 1:57,9 på 800 meter, ned seks tidelar frå Framolekene. Thomas Blücher pynta også på sin 800-pers, sett så seint som under Tyrvinglekene, frå 2:10,42 til 2:10,1.

Håvard Rinde betra eigen klubbrekord i spyd i G14 frå 43,54 til 45,13. Og jammen klarte ikkje to 12 år gamle jenter å tangera ein 37 år gammal (!) klubbrekord i J12 på 100 meter! Marianne Sæverås sprang på 13,5 i 1978. Og det samme gjorde Emma A. Voldsund og Hilda-Lovise Riisnes Riise den manuelle lørdagen i Hardanger.

Så, til sist, ein serie svært hyggelege persar for Torbjørn Knag: På 100 meter blei det 13,3, pers med 1,2 sekund frå Strandebarm for eitt år sidan. På 200 meter blei også persen senka monaleg, her med 1,3 sekund, frå 29,31 til 28,04, medan 800-persen blei betra med over 4 sekund - til 2;37,4!

søndag 21. juni 2015

Veidekke: For ein tropp!

Éin einaste utøvar frå Gneist stilte til start i årets Veidekkelekene. Var det då muleg å markera seg? Ja, så til dei grader. Andreas Haara Bakketun (G14) sprang to distansar, vann begge og sette norsk aldersrekord på begge!


På 60 meter lørdag sprang Andreas på 7,31. Det er tangering av aldersrekorden, sett i 1986. Det er også ny kretsaldersrekord. Erlend Sæterstøl frå Turn- og idrettslaget Hovding hadde den gamle, frå 1989 (7,35). Og så er det - på toppen av alt - ny klubbrekord i G14 i Gneist. Her hadde Andreas og Pål Haugen Lillefosse rekorden saman før Tyrvinglekene, på 7,45. Då betra Pål den ned til 7,36, før Andreas altså no sprang heilt ned på 7.31!

Men det var ikkje nok med det: Søndag knuste Andreas all motstand på 100 meter. I forsøket hadde han optimal vind (+1,8), nytta sjansen og sprang på råsterke 11,53! Det er eitt hundredel under den gamle norske aldersrekorden, sett i 1995. Kristoffer Blücher hadde elles her både den gamle klubbrekorden og den gamle kretsaldersrekorden, på 11,65.

I finalen blei det elles 11,59 - og suveren siger for Andreas. (Han har no elles klart kvalifiseringskravet både på 100 meter og 200 meter til neste års junior-NM på Brandbu...)

torsdag 18. juni 2015

Rapport frå FRISKE VILJER (FV)

Eg veit om opptil fleire som ikkje klarer å følgja med i svingane rundt forkortingane til det eg kallar "gjengen min". Me var "PU", som blei til "FU. Nett no driv eg og lanserer "FV"! Det vil seia det fulle namnet er FRISKE VILJER, inspirert av den kjende (...) skihopp-klubben Friska viljor frå Örnsköldsvik i Sverige.

Fabelaktig namn!

(Det er også namn på eit svensk band, visstnok.)



Me har lagt bak oss det 8. semesteret med denne gjengen. Til saman har me hatt 133 økter i denne perioden. Aller flest på eit halvår hadde me faktisk no våren 2015.

Rett i underkant av 40 utøvarar har vore innom treningane, medan den faste medlemskjerna nett no er på 30 utøvarar. Flest treningar denne våren hade Sofie og Heine. Og stor takk til mine med-trenarar Eline, Anna Serine, Anders og Ole Martin!

I sommar dreg Kaj Ragnar til Special Olympics på Brandu for 2. året på rad. Han gjorde stor suksess i fjor. I år prøver han seg  på 100 meter, det blir spennande!

Og så har me rekordar, naturlegvis:

Jenter:
60 meter: 12,86
Lengde: 1,80
Kule (mjuk): 9,36
Liten ball: 14,80

Gutar
60 meter: 8,44 (Kaj) og 11,70
Lengde: 4,64 (Kaj) og 2,16
Kule: 10,80 (4 kg), 11,51 (2kg)  (Kaj) og 14,70 (mjuk)
Liten ball: 56,60 (Kaj) og 26,20

... Og så ei heil røys med persar...

Og til Gneistspelen i august blir det nye.

onsdag 17. juni 2015

UM-kvalifiserte pr. 17. juni 2015

Det slår meg kor få startar ungdommane i Gneist har hatt så langt denne sesongen. Det er rett og slett svært mange av dei som enten berre så vidt har prøvd seg, eller som ikkje har prøvd seg i det heile - så langt.

Når det gjeld kvalifiserte til Ungdomsmeisterskapet på Lillestrøm midt i september, så er det følgjeleg ikkje mange endringar frå etter innesesongen. Det skal framleis vera 28 kvalifiserte - 15 gutar og 13 jenter. 



Lettast å legga merke til er kan henda at ni-kjemparen Gjert Høie Sjursen er kvalifisert i... 9 øvingar!

Dei heilt nye på mi liste gjeld faktisk UM i Sandnes i 2016. Her er det dei to 14-åringane Håvard Rinde og André Seliussen som er ferskaste tilskota på lista, som kvalifiserte i G15 til neste år. Til saman er det 20 utøvarar som alt er kvalifiserte til 2016-UM.

Her er oversikten for 2015:**

J15
Anna Evensen (100m, 200m, 80m hekk, lengde, tresteg)

J16
Ingvild Myking (800m)
Sanne Myrmel (Stav)
Malin Marie Rosvoll Olsen (100m, 200m)
Nora Øvergaard Aarvik (høgde)

J17
Renate Lie (100m, 200m, 400m, 800m)
Maren Haugen Lillefosse (100m, 100m hekk, lengde)

J18/19
Monika Benserud (100m, 200m, lengde, tresteg)
Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, 400m)
Elina Drivenes (200m, 400, 800m)
Thyra Hevrøy (800m)
Eline Myking (800m)
Anna Serine Røssland (800m)

G15
Thomas Blücher (800m, 2000m)
Gjert Høie Sjursen (100m, 200m, 100m hekk, stav, lengde, kule, diskos, spyd, slegge)

G16
Kristoffer Blücher (100m, 200m, 400m, 800m, 100m hekk, 300m hekk)
Jakob Jamt Ånonli (100m, 200m, lengde)

G17
Vegard Albrigtsen (400m, 800m)
Henrik Irgens Gravdal (400m, 800m, 3000m)
Eirik Leikvoll (Høgde, stav)
Sondre Rinde (100m, 200m, 110m hekk, 300m hekk, lengde, tresteg)

G18/19
Henrik Almenningen (lengde, tresteg)
Emil Engelsen Holm (200m)
Magnus Leikvoll (høgde, stav)
Stian Norheim (3000m)
Amund Høie Sjursen (100m, 200m, høgde, lengde)
Stian Øvergaard Aarvik (800m, 3000m)
Jens Larsen Åstveit (800m, 3000m)

** Igjen er det viktig å minna om at her er fleire øvingar med fri påmelding, ikkje minst gjeld dette lengre distansar for jenter. Her er med andre ord potensial for fleire deltakarar, som i og for seg er godt kvalifiserte (utan å ha klart eit konkret krav).

tirsdag 16. juni 2015

Kvalifiserte, junior- og hovud-NM - pr. 16. juni

No tikkar det inn meldingar om både skadar og karriere-avslutning, men dersom me set ein parentes rundt nett det nett her og no, så er tala på kvalifiserte til dei invidiudelle norgesmeisterskapa ganske gode. Heile 13 utøvarar er kvalifiserte til hovud-NM i Haugesund i månadsskiftet juli/august. Svært spesielt er det i nyare ytrebygdsk friidrettshistorie at heile 5 av desse er mannlege utøvarar.

Til junior-NM i Byrkjelo to veker etterpå det finst det 30 namn på kvalifiserte-lista så langt. Her er det 13 jenter og 17 gutar.

Til sist; alt no er det 9 utøvarar som er kvalifiserte til neste års "langtur" til hovud-NM på Askøy. Og det er 21 utøvarar som er kvalifiserte til junior-NM på Brandbu i 2016. Mellom desse er 14-åringane Andreas Haara Bakketun og Pål Haugen Lillefosse (sistnemnde er naturlegvis også kvalifisert til hovud-NM neste år).

Kor mange av utøvarane nedanfor som faktisk stiller i meisterskapa på seinsommaren, det gjenstår å sjå. Her er det både kortids- og langtidsskade. Vilde Lund Bjørnsen, som nyleg varsla at ho legg opp, står i parentes i oversikten nedanfor - ho er jo uansett kvalifisert.



Her er namnelista akkurat no:

Hovud-NM 2015 (Haugesund, 31. juli - 2. august)
- Monika Benserud
- Martine Eikemo Borge
(- Vilde Lund Bjørnsen)
- Renate Lie
- Maren Haugen Lillefosse
- Eline Myking
- Ingvild Myking
- Anna Serine Røssland
- Henrik Irgens Gravdal
- Andreas Iden
- Espen Roll Karlsen
- Amund Høie Sjursen
- Erlend Gjerdevik Sørtveit

Junior-NM 2015 (Byrkjelo, 14. - 16. august)
- Monika Benserud
(- Vilde Lund Bjørnsen)
- Elina Drivenes
- Thyra Hevrøy
- Ingrid Næss Johansen
- Renate Lie
- Maren Haugen Lillefosse
- Eline Myking
- Ingvild Myking
- Sanne Myrmel
- Anna Serine Røssland
- Linn Seliussen
- Nora Øvergaard Aarvik
- Vegard Albrigtsen
- Henrik Almenningen
- Kristoffer Blücher
- Henrik Irgens Gravdal
- Emil Engelsen Holm
- Eirik Leikvoll
- Stian Norheim
- Sondre Rinde
- Amund Høie Sjursen
- Gjert Høie Sjursen
- Jakob Jamt Ånonli
- Stian Øvergaard Aarvik
- Jens Larsen Åstveit
- Anders Bjørndal (U23)
- Andreas Iden (U23)
- Ole Martin Røssland (U23)
- Erlend Gjerdevik Sørtveit (U23)

mandag 15. juni 2015

Rekord-nytt frå Tyrvinglekene - dag 3

Frogner/Nadderud/Heima:

Det starta med full sommar i Oslo og Bærum torsdag, heldt fram fredag og det meste av lørdag. Søndag smakte me på litt haust også austpå, inkludert ei saftig regnbyge over Nadderud utpå ettermiddagen. Men me skal ikkje klaga, som dei godt vaksne seier det.

3. dag av Tyrvinglekene gav oss fleire sterke resultat - og meir nytt til Rekord-magazinet:



Eg startar med dette ungdomsportrettet av Kristoffer Blücher. Kristoffer har ikkje markert seg like sterkt så langt denne sesongen som me har vore vane med. På den andre sida har me vore plukkande bortskjemde med uhyre sterke resultat frå Kristoffer tidlegare. Søndag fekk me eit par sterke lysglimt: På 100 meter blei det 11,37 i forsøket, og dermed betra han to ting frå 11,41 - både eigen pers (frå Nadderud i fjor) og Amund Høie Sjursen sin G16-klubbrekord. Amund er langt frå nokon smågut å bli samanlikna med på 100 meter. På 400 meter smelte Kristoffer til med 51,30 - like så godt i 17 års-klassen - og smadra med det persen (52,07 inne frå i januar og 52,18 ute frå i fjor vår). Det er også betring av Marius Benserud sin 10 år gamle G16-klubbrekord elektronisk. Den var på 51,34. I tilleg sprang Rodgeir Vigestad på 51,1 manuelt, tilbake i 1980.

Eitt av høgdepunkta søndag var ein svært sterk 4 x 60 meter stafett i jenter 10-12 år. Mellom 12 års-jentene er det mange som er svært jamne på den korte sprint-distansen. I tillegg fekk dei fire på laget vekslingane til å sitja som eit skot. Dermed notete me solid siger og 33,43 som slutt-tid. Det er over sekundet betre enn den noterte klubbrekorden, tilbake frå 1996! Dei fire på laget var Emma Dahl Sørbo, Emma A. Voldsund, Hilda-Lovise Riisnes Riise og Una Haukanes.

Emma A. Voldsund gjorde også fleire sterke ting i helga. I Rekord-magazinet høyrer det først og fremst heime at ho betra klubbrekorden sin i spyd i J12 - til 37 meter beint (frå 35,19).

Også Håvard Rinde dreiv og betra eigen spyd-rekord. Han vann spyd-konkurransen med ein halvmeter - og betra G14-rekorden sin frå 43,54 til 46,87.

Til sist eit par persar:

Anna Evensen betra sin på 100 meter frå 13,57 - sett tidleg i mai i år - til 13,48.

Og så kunne eg ha skrive ei bok om Anders Bjørndal og hans jakt på deltaking på 400 meter søndag. (Vel, eg kunne ha skrive ei bok om Anders Bjørndal, punktum.) Her får me nøya oss med å seia at det ordna seg til sist - og Anders fekk tida 52,02. Det er betring av ute-persen frå UM i Haugesund i haust med to tidelar og berre fire hundredelar bak tida hans frå innesesongen.

lørdag 13. juni 2015

Rekord-nytt frå Tyrvinglekene - dag 2

Først av alt i dag: Sjølvskryt skal ein lytta til, for det kjem frå hjartet: I dag var det langtur: Først 1,5 km frå Bygdøy Allé til Majorstua. Så ein kvil på Sognsvann-banen opp til endestoppet, før sjølve langturen tok til: Sognsvan - Ullevålseter - Frognerseter - Midtstuen. Godt med stigning, flott trasé. Me var flinke - både eldstemann og eg.

Så, over til Nadderud Stadion:

Pål Haugen Lillefosse fossar vidare i stavsprang, men det var på 60 meter den nybakte 14-åringen imponerte aller mest lørdag: Han sprang på råsterke 7,36, Det er pers med ni hundredelar - og ny klubbrekord. Pål hadde tidlegare denne saman med Andreas Haara Bakketun, på 7.45. Andreas sjølv sprang ein fantom-200 meter hekk på 26,50, dessverre med for mykje medvind (+2,7).



På kveldens 800 meter gjorde den evige nabo, Anders Bjørndal, sitt beste løp for sesongen og kom i mål på 1:57,15. Det er pers med sju hundredelar - pers-er-pers. Den gamle var frå 29. juni i fjor - i Gøteborg. Og nettopp Gøteborg er neste stoppestad for Bjørndal-ekspressen denne sommaren.

Thomas Blücher (G15) persa fredagskvelden på 2000 meter - og persa igjen på 800 meter lørdag. Med 2:10,42 blei utepersen flytta nøyaktig halvtanna sekund frå Stordleikane i fjor. Inne hadde Thomas 2:11,15  - frå inne-UM.

Vilde Lund Bjørnsen

7. november i fjor innleia eg serien med mini-portrett av Gneist-utøvarar. Eg innleia med Vilde Lund Bjørnsen. 12. juni la Vilde sjølv ut meldinga på sin Instagram-konto om at ho gir seg med friidrett.




Det var ei vemodig melding.

Vilde var ei av dei første friidrettsungdommane som verkeleg imponerte meg, då eg sjølv kom inn i den lokale friidreten - som forelder. Ingen sprang meir elegant enn Vilde. Spesielt var hennar 600 meterar veldig kjekke å sjå på. I 2008 var eg på mine første tyrvingleikar - og såg mellom anna Vilde knusa all motstand på sin 600 meter. Ho sette ny stemnerekord og slo nr. 2 med tre sekund!

Det andre storløpet eg tenker på - og som eg fekk oppleva live - var 300-meteren under Världsungdomsspelen i Gøteborg tre år seinare, i 2011. Med haugevis av deltakarar vann Vilde som ho ville, med sterke 39,77 som resultat.

15-årssesongen var i det heile strålande. Ei rekkje av persane til Vilde er frå 2011.

Til saman har eg notert følgjande medaljefangst:

1 NM-sølv
2 NM-bronse
2 jr-NM- gull
3 jr-NM-sølv (1inne)
1 jr-NM-bronse
6 UM-gull (3 inne)
4 UM-sølv (2 inne)
2 UM-bronse (1 inne)

Etter mykje skadar og motgang siste åra er det ikkje noko sjokk at Vilde no seier at nok er nok.

Takk for innsatsen!

fredag 12. juni 2015

Rekord-nytt frå Tyrvinglekene - dag 1

Nei, sommaren lever. Å gå ut av flyet på Gardermoen, etter ein tur frå haustlege Bergen, var som å gjera det i Syden vinterstid. Varmen slo imot ein. Eg skal ikkje seia at dette fortente me, men dette fortente me.

Så til Rekord-magazinet frå Tyrvinglekene:

Først: Pål Haugen Lillefosse sitt fantastiske 200 meter-løp, godt under gjeldande norsk aldersrekord i G14, men dessverre med littegrann for mykje medvind (+2,3). 22,89 var den smått sensasjonelle tida. Og Andreas Haara Bakketun følgde opp med sterke 23,32.



Så har eg Henrik Irgens Gravdal rett i nærleiken, her på Oslos beste vestkant - så eg får sjå til å få tak i eit meir oppdatert bilete av han. Men ok, fredag kveld presterte Henrik å senka 3000-persen sin med heile 12 sekund frå Elitestemnet på Hamar for tre veker sidan. Ny bestetid er sterke 8:34,11 - som også er nesten ti sekund under kravet til U18-VM i Colombia i juli!

... Så må eg få legga til at eg synest det er symbolsk kjekt på ein slik aften at me camperer eit halvlangt stigningsløp frå Torstein Erichsens barndomsheim... Torstein er byggjaren av grunnmuren til Henrik - og til fleire, til dømes nestemann:

Andreas Iden, som var eit lite hakk betre enn Henrik på Hamar, følgde opp med å senka persen sin med nesten seks sekund på 3000 - til 8:36,33. Det smakar av fugl.

Så har me Erlend Gjerdevik Sørtveit på heimlån frå det trønderske - og han fekk ny pers med solid margin han også. Ny bestetid er 8:46,41.

I G15 spring dei 2000 meter som lengste distanse og her var Thomas Blücher Gneist-representanten. Thomas, som er ein av mange med trøblete skadehistorie i det seinaste, kom seg i mål til ny pers: 6:24,70. Den gamle var på 6:26,28 - frå årets Karabinlekene.





tirsdag 9. juni 2015

På topp i Norge, gutar - pr. 9. juni 2015

Det er ei imponerande liste med namn og prestasjonar som finst nedanfor. Det er lista over Gneist-gutar (11-19 år) med topp 20-markeringar i norgesstatistikken akkurat no. Her er det også solid representasjon i alle årsklassar, så dette er særs positivt. Spesielt imponerande er G14-klassen, med ei røys topp 3-plasseringar, fordelt på 5 utøvarar.

Følgjande har topp-plassering i minst ei øving: Ole-Alexander Padøy, Tobias Allers-Hansen, Andreas Haara Bakketun, Pål Haugen Lillefosse, Hans-Magnus Haukøy, André Seliussen, Gjert Høie Sjursen, Kristoffer Blücher, Henrik Irgens Gravdal, Vegard Albrigtsen og Stian Norheim.


G11
1. Ole-Alexander Padøy, 80 meter (12,14)
3. Kasper Oanæs Andersen, 60m hekk (11,04)
5. Ole-Alexander Padøy, 60m hekk (11,11)
6. Ole-Alexander Padøy, 200 meter (31,11)
7. Jon-Anders Haukøy, tresteg (7,78)
7. Thomas Brattaule, kule (8,47)
7. Thomas Brattaule, liten ball (37,10)
8. Ole-Alexander Padøy, 600 meter (1:53,45)
9. Ole-Alexander Padøy, spyd (19,56)
12. Thomas Brattaule, spyd (17,35)
13. Thomas Brattaule, lengde (3,93)
14. Kasper Oanæs Andersen, 80 meter (13,57)
15. Kasper Oanæs Andersen, liten ball (33,78)
15. Ole-Alexander Padøy, 60 meter (9,32)
15. Thomas Brattaule, 80 meter (13,72)
19. Ole-Alexander Padøy, høgde (1,10)
18, Thomas Brattaule, høgde (1,10)

G12
1. Tobias Allers-Hansen, 40 meter (6,32)
6. Tobias Allers-Hansen, liten ball (41,69)
7. Tobias Allers-Hansen, lengde (4,38)
9. Tobias Allers-Hansen, 60m hekk (11,36)
9. Tobias Allers-Hansen, høgde (1,30)
10. Tobias Allers-Hansen, 60 meter (9,00)

G13
2. Herman Ellingsen, 200 meter (26,82)
2. Herman Ellingsen, 60m hekk (10,02)
3. Herman Ellingsen, 100 meter (13,28)
5. Herman Ellingsen, 60 meter (8,40)
6. Andreas August Kyte, 80 meter (12,23)
6. Erlend Borsholm, 1500 meter (5:58,68)
7. Johan Johnsen, 1500 meter (6:05,69)
8. Herman Ellingsen, 600 meter (1:43,45)
9. Erlend Borsholm, 800 meter (3:00,29)
10. Johan Johnsen, 800 meter (3:04,44)
20. Mathias Algrøy, 100 meter (14,89)



G14
1. Andreas Haara Bakketun, 60 meter (7,45)
1. Andreas Haara Bakketun, 80 meter (9,70)
1. Andreas Haara Bakketun, 200 meter (23,74)
1. Pål Haugen Lillefosse, 60 meter (7,45)
1. Pål Haugen Lillefosse, 100 meter (11,68)
1. Pål Haugen Lillefosse, 80m hekk (11,23)
1. Pål Haugen Lillefosse, høgde (1,67)
1. Pål Haugen Lillefosse, stav (4,65)
1. Pål Haugen Lillefosse, lengde (6,21)
1. Hans-Magnus Haukøy, 1500 meter (4:32,98)
1. André Seliussen, 3000 meter (10:26,4)
1. André Seliussen, 5000 meter (17:48,7)
1, André Selliussen, 10000 meter (37:15,70)
2. Pål Haugen Lillefosse, 80 meter (9,74)
2. Pål Haugen Lillefosse, 200 meter (23,72)
2. André Seliussen, 1500 meter (4:34,46)
2. André Seliussen, 2000 meter (6:14,75)
2. Andreas Haara Bakketun, 80m hekk (11,57)
2. Håvard Rinde, kule (12,04)
2. Håvard Rinde, diskos (34,78)
3. Håvard Rinde, spyd (43,54)
3. Hans-Magnus Haukøy, 800 meter (2:14,46)
4. Andreas Haara Bakketun, 100 meter (12,18)
4. Håvard Rinde, 80m hekk (12,50)
6. Håvard Rinde, slegge (29,65)
10. André Seliussen, 600 meter (1:39,20)

G15
1. Gjert Høie Sjursen, 100m hekk (14,40)
1. Gjert Høie Sjursen, lengde (6,24)
1. Gjert Høie Sjursen, diskos (44,31)
1. Gjert Høie Sjursen, 9-kamp (5116)
2. Gjert Høie Sjursen, 60 meter (7,61)
2. Gjert Høie Sjursen, 1000 meter (3:15,54)
2. Gjert Høie Sjursen, kule (13,18)
3, Gjert Høie Sjursen, 100 meter (11,85)
3. Gjert Høie Sjursen, stav (2,80)
4. Gjert Høie Sjursen, høgde (1,58)
4. Thomas Blücher, 2000 meter (6:26,28)
7. Gjert Høie Sjursen, spyd (42,36)

G16
1. Kristoffer Blücher, 80 meter (9,47)
2. Jakob Jamt Ånonli, 60 meter (7,60)
2. Jakob Jamt Ånonli, 80 meter (9,83)
2. Jakob Jamt Ånonli, lengde (6,03)
3. Kristoffer Blücher, 800 meter (1:58,74)
4. Jakob Jamt Ånonli, 100 meter (11,71)
8. Jakob Jamt Ånonli, 200 meter (24,48)

G17
1. Henrik Irgens Gravdal, 800 meter (1:55,74)
1. Henrik Irgens Gravdal, 1500 meter (4:04,11)
1. Henrik Irgens Gravdal, 3000 meter (8:46,24)
1. Vegard Albrigtsen, 5000 meter (17:00,7)
1. Vegard Albrigtsen, 10000 meter (49,47,54)
4. Vegard Albrigtsen, 800 meter (2:00,70)
9. Andreas Jensen, 1500 meter (4:35,18)
13. Vegard Albrigtsen, 3000 meter (10:00,3)
14. Andreas Jensen, 3000 meter (10:05,09)

G18/19
1. Stian Norheim, 2000m hinder (6:37,00)
2. Jens Larsen Åstveit, 1500 meter (4:04,21)
3. Stian Norheim, 3000 meter (16:24,7)
4. Stian Norheim, 10000 meter (49:46,53)
5. Jens Larsen Åstveit, 800 meter (1:58,59)
5. Jens Larsen Åstveit, 3000 meter (8:52,77)
5. Henrik Almenningen, lengde (6,19)
10. Rasmuss Wernø, 60 meter (8,69)
12. Stian Norheim, 1500 meter (4:20,61)

søndag 7. juni 2015

KM - dag 3

Dette KM har tilsynelatande vore sponsa av Den Nationale Scene - i alle fall er resultatlistene, kanskje særleg frå dag 3, krydra av "DNS"-ar.

Vel, vel, så fint som sommarveret er no for tida, så er det forståeleg at ein del prioriterer annleis enn KM i friidrett.



Junior-norgesmeisteren i motbakke, Stian Øvergaard Aarvik, skal nemnast først. Han er no også senior-kretsmester på 5000 meter. Og han blei det med stil: Med 15:09,53 knuste Stian tida si frå junior-NM på Lisleby i fjor sommar - med 45 sekund. Han følgde også opp Ingvild Myking sin nye trend med å ta gamle klubbrekordar på langdistanse: G18-rekorden på 5000 hadde stått i 35 år (!), då Stian tok den søndag. Terje Sejrup sprang på 15:19,0 i 1980.

Andre forbetringar:

Ingvild Myking kan seia akkurat det same. Ho er komen ned i flotte 9:57,52 ute. Ho har jo 9:53 innomhus frå januar. Med det er Ingvild heilt oppe på 3. plass på Adelskalenderen i Gneist-historia på distansen. Ingvild har no då definitivt J16-rekorden på distansen i Gneist.

- Andreas Jensen utepersa på 3000 meter, til 9:59,74. Dermed er Andreas - som Ingvild - under 10 på distansen både inne og ute.

- Unnskyld meg, Morten Seliussen, men han persa med smått utrulege 20 sekund på 5000 meter - til 16:51,78.

KM-gulla siste dag:

- Emma Dahl Sørbo, J12 (60m)
- Anna Evensen, J15 (80m hekk)
- Ingvild Myking, KS (3000m)
- Ole-Alexander Padøy, G11 (60m)
- Tobias Allers-Hansen, G12 (høgde, 60m)
- Andreas Haara Bakketun, G14 (60m)
- Andreas Jensen, G17 (3000m)
- Henrik Almenningen, G18/19 (spyd)
- Stian Øvergaard Aarvik, MS (5000m)

Til saman har eg notert meg 10 KM-gull siste dag og 21 totalt.

**

Og frå vår utsende i Trøndelagen noterer me debut-løp og flott pers for Erlend Gjerdevik Sørtveit på 5000 meter: 15:19,15.

KM - dag 2

Ein travel seinsommardag er tilbakelagt - hausten står for døra. Det blei lite Fana Stadion for underteikna i dag. Det blei tur til Ulriken og til Søvikbanen i staden. Schizofrene meg heia der på Søreide mot Gneist. Det blei klar siger, 5-1...

HER burde det ha vore eit bilete av Andreas Haara Bakketun - men det har eg ikkje vore kar om å stela. Dersom listene er rette, så presterte Andreas 27,02 på 200 meter hekk under KMs 2. dag. Det er i så fall ei av dei beste tidene i G14 gjennom alle tider - og det i solid motvind! I Gneist er det klubbrekord i årsklassen med over sekundet.



I staden får me "nøya" oss med Jens Larsen Åstveit, som har vakse mykje dei siste åra. Så vaksen er han blitt at han lørdag blei kretsmester i senior på grom-distansen 800 meter. Det blei han framfor tre andre frå Gneist, så dette var ein god distanse.

Samla oversikt over KM-gull til Gneist dag 2:

- Nora Helene Kjerland Kristensen, J13 (600m)
- Andreas Haara Bakketun, G14 (200m hekk)
- Herman Ellingsen, G13 (600m)
- Pål Haugen Lillefosse, G14 (stav)
- Jens Larsen Åstveit, MS (800m)

Etter to dagar er såleis fasiten 11 gull - vil eg meina...

fredag 5. juni 2015

KM - dag 1

Aaah, endeleg 3/4 sommardag! Den eine sommardagen i år (?) fall også saman med dag 1 av KM på Fana Stadion - i fin regi av Fana IL.

Eg må vedgå at det på meg blei ein serie med 1500 meterar (og litt kappgang før det, i tillegg til tresteg medan eg venta), men du verda, det var kjekk underhaldning, det. Og aller best gjorde Ingvild Myking det. Ho blei like så godt kretsmester for senior i øvinga, etter eit durableg oppgjer med Christina Ellefsen Hopland frå Varegg,



Dei skifta på å dra undervegs. Då det drog seg til på oppløpet, så sprang dei parallelt i fleire ti-meterar før Ingvild klarte å finna eit ekstra gir inn mot mål. Imponerande av begge og aller mest av Ingvild. Tida blei strålande 4:33,22. Det er ny utepers med 12 sekund (!) og det er også fem sekund under persen frå inne-UM i mars. Det finst mange "spøkelse" i Gneist-historikken, i form av løparar frå litt tilbake som har sprunge fort, spesielt på lengre distansar. Her har me ikkje minst Sejrup- og Kleppe-familien, men fredagskvelden sletta Ingvild Kjersti Kleppe sin 34 år (!) gamle J16-rekord på 1500 meter. Ho er også nest-best på distansen i Gneist gjennom alle tider.

Pål Haugen Lillefosse betra eigen klubbrekord i G14 på 80 meter hekk, då han flytta den ned frå 11,23 til 11,17.

**

Og her er Gneist sine ferske kretsmesterar frå dag 1:

- Hilda Lovise Riisnes Riise, J12 (200 meter)
- Ingvild Myking, KS (1500 meter)
- Ole-Alexander Padøy, G11 (60 meter hekk, tresteg)
- Andreas Haara Bakketun, G14 (200 meter)
- Pål Haugen Lillefosse, G14 (80 meter hekk)

Ein ny prestasjonskultur

Nei, nei, dette er for så vidt ikkje innleiing til debatt. Det er midt i friidrettssesongen - og debattar har me for vane å ta i mellomperioden på hausten/vinteren. Det er no likevel ein påstand, så får ein ta det som ein vil:

Gneist Friidrett har i fleire år representert ein prestasjonskultur, frå dei ganske unge og oppover. Prestasjonar som klubb i Tyrvinglekene, Världsungdomsspelen og UM har fortalt at denne prestasjons- og vinnarkulturen har vore gjeldande til og med aldersbestemt nivå - 19 år.

No er det grunn til å utvida dette, også til seniornivået. Det er rett og slett godt og realistisk håp om at denne kulturen har smitta over på den seniorsatsinga Gneist frå og med 2015 er i gang med.

Det er rett og slett kjekt - som sunnhordlendingar og hardingar seier det når ein verkeleg skal trøkka til - når det blir skipa til eliteløp på Jessheim og me har Gneist-arar som presterer!

Torsdag kveld var det slikt løp i nærleiken av hovudflyplassen - og det var 1500 meter som stod på agendaen.



Henrik Irgens Gravdal er på milepæl-jakt. Torsdag heldt han fram med å subba. No er han blitt "sub 4"-løpar på 1500 meter. På godt norsk: Han sprang på 3-talet for første gongen, ein svær milepæl! Tida blei 3:59,15. Det var pers med nye fem sekund frå Framolekene. Det er fattige 15 hundredelar frå U18-VM- kravet (Colombia midt i juli). Her går fristen ut 4. juli, nøyaktig éin månad etter gårsdagens løp. Her er framleis sjansar, i høg grad. Med tida si dansar Henrik også inn på 9. plass på Adelskalenderen for senior i Gneist gjennom alle tider. Her har han store namn som klubbrekord-haldar Hans Jakob Berge, Rune Hovlandsdal, Sigve Stenersen og Rodgeir Vigestad framom seg. Vigestad har U20-rekorden i Gneist, Stenersen har den i G17. Den siste er på 3:58,09 - den kan stå for fall den også.

Jens Larsen Åstveit knuste gamlepersen sin under Framolekene, då han sprang på 4:04,21. Torsdag blei det nye to sekund ned - til 4:02,24. Det er like før han tar til å subba han også - også på 1500 meter.

Og Andreas Iden, då, som levererte eit nytt sterkt 2015-løp. Under Framolekene sprang Andreas fornuftig, medan unge Ingebrigtsen sprang sine vidgjetne rundetider. Då var Andreas minimalt bak den tre år gamle persen. Torsdag flytta han tida frå Gøteborg i 2012 ned med solide sju sekund - og noterte seg 4:02,35 som ny. Nye milepælar nærmar seg også for unge Iden.

torsdag 4. juni 2015

På topp i Norge, jenter - pr. 4. juni 2015

Det er eit litt blanda inntrykk ein får når ein studerer den årsbestemte landsstatistikken for jenter så langt: For det første er det svært gledeleg at det er eit par svære gjengar i dei to yngste klassane. Spesielt i J12 florerer det med Gneist-jenter. Men så er det langt stillare i dei eldre klassane. For nokre årgangar er det all grunn til å tru at dette vil endra seg ein god del utover sesongen, for andre vil det nok vera eit holrom i 2015.

Følgjande er på topp i minst éi øving i Norge akkurat no: Emma A. Voldsund, Emma Dahl Sørbo, Ingvild Myking, Renate Lie og Monika Benserud.

Det er topp 20 det gjeld i den enkelte øvinga.


J11
2. Emilie Hestad, 100 meter (16,09)
3. Camilla Hoddevik Sunnset, 100 meter (16,34)
5. Emilie Hestad, 80 meter (13,06)
8. Ada Ringheim, 80 meter (13,29)
8. Sofie Ellingsen, 100 meter (18,00)
9. Emilie Hestad, lengde (3,76)
14. Camilla Hoddevik Sunnset, 200 meter (33,83)
15. Emilie Hestad, 200 mester (33,86)
16. Emma C. Posner, 80 meter (14,15)
16. Ada Ringheim, 200 meter (34,05)
19. Sofie Ellingsen, 60 meter hekk (13,12)

J12
1. Emma A. Voldsund, spyd (35,19)
1. Emma A. Voldsund, liten ball (52,57)
1. Emma Dahl Sørbo, 80 meter (11,57)
2. Hilda Lovise Riisnes Riise, 80 meter (11,64)
2. Emma A. Voldsund, tresteg (9,18)
3, Una Haukanes, 60 meter hekk (10,93)
3. Emma A. Voldsund, lengde (4,58)
3. Line Ludvigsen, spyd (24,58)
4. Una Haukanes, lengde (4,45)
4. Una Haukanes, tresteg (8,85)
5. Emma A. Voldsund, 80 meter (11,77)
6. Line Ludvigsen, liten ball (38,18)
7. Hilda Lovise Riisnes Riise, 200 meter (29,78)
7. Pernille Michelsen, 80 meter (12,17)
7. Emma Dahl Sørbo, tresteg (8,34)
9. Emma A. Voldsund, 60 meter hekk (12,39)
9. Lea Låstad, liten ball (34,59)
10. Emma A. Voldsund, høgde (1,25)
11. Emma Dahl Sørbo, 200 meter (30,12)
12. Marie Seliussen, 600 meter (1:53,60)
15. Hilda Lovise Riisnes Riise, 60 meter (9,01)
16. Una Haukanes, 60 meter (9,05)
17. Una Haukanes, 200 meter (30,56)
17. Emma Dahl Sørbo, lengde (4,19)
18. Emma A. Voldsund, 60 meter (9,07)
18. Emma Dahl Sørbo, høgde (1,20)
20. Emma Dahl Sørbo, 60 meter (9,10)
20. Pernille Michelsen, 200 meter (30,94)

J13
7. Nora Helene Kjerland Kristensen, 100 meter (14,36)
7. Nora Helene Kjerland Kristensen, 600 meter (1:48,04)
9. Nora Helene Kjerland Kristensen, 80 meter (12,08)
13. Jenny-Marie Wold, 80 meter (13,61)

J14
- ingen

J15
2. Anna Evensen, 60 meter (8,63)
10. Anna Evensen, lengde (4,50)
14. Anna Evensen, 100 meter (13,57)
14. Anna Evensen, 200 meter (28,16)



J16
1. Ingvild Myking, 3000 meter (10:23,87)
2. Sanne Myrmel, stav (2,57)
8. Sanne Myrmel, lengde (4,76)
14. Malin Marie Rosvoll Olsen, 100 meter (13,24)

J17
1. Renate Lie, 400 meter (60,98)

J18/19
1. Monika Benserud, 80 meter (10,20)
1. Monika Benserud, 100 meter (12,47)
8. Elina Drivenes, 400 meter (62,34)

onsdag 3. juni 2015

På topp i Norge - senior, menn - pr. 3. juni 2015

Den elektroniske statistikkens far og executive producer, Trond Engevik, legg inn resultat i den offisielle norgesstatistikken for harde livet. Det er ikkje nok at eit arrangement er avvikla, heller ikkje at det ligg resultat ute på nettet, på heimesider og andre sider. Arrangøren går gjennom resultata og sjekkar dei, før dei blir offisielt innsendt. Først då er dei klare for innlegging.

Det inneber, naturleg nok, at ein undervegs i ein sesong vil finna at resultat ikkje er med, om ein går inn og fryser fast statistikken på eitt tidspunkt. Inntil om kort tid manglar til dømes Framolekene - noko ein vil sjå på lista nedanfor. Dei, saman med ei røys andre resultat, er innbakt når me studerer statistikken på eit seinare høve. Men noko vil gjerne mangla, heilt til ein set strek ved sesongslutt.

I dag er det Gneist-markeringar i norgesstatistikken for menn det gjeld - slik dei framstod akkurat då eg gjekk inn og fraus fast statistikken her på morgonkvisten, 3. juni. Ei slik tidleg utgåve gir ein del utøvarar eit blogg-innlegs fame. (På 10 000 meter er det til dømes muleg å vera topp 32 med ei tid oppunder 50 minutt, eg skulle ha nytta sjansen...)

** Eit dobbel-stjernepunkt: Pål Haugen Lillefosse ville ha vore nr. 1 i stav, i og for seg, men senior-statistikken omfattar 15 år og oppover - så Pål får inn og dominera også denne statistikken frå og med komande innesesong. (På førehand: gratulerer med 14-årsdagen torsdag til Pål!)

(topp 100)


60 meter
23. Rasmuss Wernø 8,69

80 meter
1. Kristoffer Blücher 9,47
4. Jakob Jamt Ånonli 9,83

100 meter
64. Jakob Jamt Ånonli 11,71
95. Henrik Almenningen 12,06

200 meter
84. Henrik Almenningen 25,06
85. Jakob Jamt Ånonli 25,12

800 meter
25. Kristoffer Blücher 1:58,74
27. Anders Bjørndal 1:58,83
35. Jens Larsen Åstveit 2:00,21
38. Vegard Albrigtsen 2:00,70
43. Espen Roll Karlsen 2:02,78
55. Steffen Algrøy Boga 2:07,78
65. Thomas Blücher 2:12,71

1500 meter
15. Henrik Irgens Gravdal 4:06,11
36. Stian Norheim 4:20,61
44. Morten Seliussen 4:32,95
45. Andreas Jensen 4:35,18

2000 meter
5. Thomas Blücher 6:26,28

3000 meter
23. Andreas Iden 8;42,13
25. Henrik Irgens Gravdal 8:46,24
33. Jens Larsen Åstveit 8:52,77

5000 meter
7. Andreas Iden 16:05,7
11. Stian Norheim 16:24,7
12. Vegard Albrigtsen 17:00,7
13. Morten Seliussen 17:31,5

10000 meter
11. Andreas Iden 31:44,10
30. Morten Seliussen 35:53,79
31. Stian Norheim 49:46,53
32. Vegard Albrigtsen 49:47,54

Stav
10. Gjet Høie Sjursen 2,67

Lengde
12. Gjert Høie Sjursen 6,10
14. Jakob Jamt Ånonli 6,03

tirsdag 2. juni 2015

På topp i Norge - senior, kvinner - pr. 2. juni 2015

Det er framleis svært tidleg i utesesongen. Ja, det er så tidleg at det nærmast er vinterleg - endå me skriv 2. juni. Men nokre resultat har tikka inn i statistikken og me noterer dei første markeringane i norgesstatistikken - i denne omgang for kvinner.

Utgangspunktet er teke i den offisielle statistikken i skrivande stund - sjølv om fleire av helgas større stemne manglar, men slik vil det vera til ei kvar tid i løpet av sesongen.

(topp 100)

60 meter
4. Anna Evensen 8,63

80 meter
1. Monika Bensuerd 10,20

100 meter
12. Monika Benserud 12,47
56. Malin Marie Rosvoll Olsen 13,24
78. Anna Evensen 13,57

200 meter
77. Anna Evensen 28,16

400 meter
16. Renate Lie 60,98
25. Elina Drivenes 62,34



800 meter
6. Martine Eikemo Borge 2:11,00

3000 meter
9. Ingvild Myking 10:23,87

Stav
12. Sanne Myrmel 2,57

Lengde
29. Sanne Myrmel 4,76
49. Anna Evensen 4,50