fredag 31. juli 2015

Rekordstatus - G16

Marius Benserud sprang i 2005 på 39,54 på 300 meter hekk (91,4cm). Det har ingen andre norske 16-åringar gjort raskare, sjøl om det er 84cm dei stort sett har sprunge på seinare. Men han er slett ikkje åleine frå Hordaland med norsk rekord som 16-åring.

Her er aldersrekord-innehavarar frå Hordaland i G16:
- Emil André Erstad, AKS-77 (600 meter)
- Kjetil Hodnekvam, AKS-77 (800 meter)
- Geir Søgnebotten, Laksevåg (1000 meter)
- Ragnar Bergheim, Norna-Salhus (200m hekk)
- Erlend Sæterstøl, Hovding (200m hekk - manuelt)
- Erlend Sæterstøl, Hovding (300m hekk, 76,2)
- Markus Loftås, Osterøy (300m hekk, 84)
- Marius Benserud, Gneist (300m hekk, 91)
- Markus Loftås, Osterøy (400m hekk)
- Eirik Greibrokk Dolve, Fri (stav)
- Rune Fantoft, Gular (tresteg)
- Sven Martin Skagestad, Norna-Salhus (diskos, 1,75)
- Jørgen Olsen Austnes, Fri (slegge, 5)



Det finst også ei handfull andre frå Gneist - utanom nemnde Marius Benserud - som har kretsaldersrekord i G16:
- Rodgeir Vigestad, 1500 meter
- Terje Sejrup, 5000 meter (*)
- Kjetil Espetvedt, 100m hekk
- Sondre Rinde, 110m hekk (100, elektronisk)
- Tommy Damm, 110m hekk (100, manuelt)
- Marius Benserud, 300m hekk (91)

(*) Terje Sejrup si 5000-tid er den klart raskaste for 16-åringar i kretsen (15:11,9), men den blei sett på eit tidspunkt då 5000 ikkje var (lovleg) distanse for 16-åringar. Raskaste tid i "lovleg" periode har Harald Kårbø frå Stord (15:50,26).

torsdag 30. juli 2015

Rekordstatus - J16

Malin Edland frå Larvik Turn er ei av dei fremste deltakarane i den sterke norske troppen til det europeiske ungdoms-OL i Georgia i desse dagar. Ho er også norsk aldersrekord-setjar i inneverande sesong. Ho slo mange sterke tider og mange sterke utøvarar, då ho sprang 800 meter på uhyre sterke 2:03,44 i juni. I tillegg så er det etter måten ferske 500 gram-spydet kasta langt i år.

Hordaland-utøvarar med norske aldersrekordar, J16:
- Ingvill Måkestad, Korlevoll (600 meter)
- Isabelle Pedersen, Norna-Salhus (100m hekk og 200m hekk)
- Frida Berge, Strandebarm (1500m hinder)
- Katrine Haarklau, Bergens TF (stav)
- Christiane H. Gjerde, Norna-Salhus (tresteg)
- Beatrice Nedberge Llano, Laksevåg (slegge, 3kg + 4kg)



På kretsnivået er det to naboar i Søviken, i ulik generasjon, som har kretsaldersrekord i Gneist-drakt:
- Kjersti Ristesund (60m, manuelt)
- Anna Serine Røssland (2000 meter og 3000m hinder)

onsdag 29. juli 2015

Før Haugesund-NM

Noko så sterkt uvanleg som ein kvintett menn og ei einsleg kvinne er på startlista frå Gneist til årets hovud-NM. Største medaljesjansane av dei som står på lista ville kvinne nr. 2, Monika Benserud, hatt - i hoppøvingane. Men etter det me forstår, på politisk hald, så er Monika ute med skade.



Dermed er det den einaste gjenverande kvinna på lista, Martine Eikemo Borge, som på papiret er nærmast medaljesjanse. Martine er rangert som nr. 4 på 800 meter og nr. 8 på 400 meter på førehand. Sjølv om det er eit par openbare manglar på 800-lista - som Ingvill Måkestad og Trine Mjaaland - så er det framleis svært tøff konkurranse. På 400 er det Benedicte Hauge (Kristiansand) og Emilye Rose Norum (Steinkjer) som er sterkast på førehand, medan Yngvild Elvemo (Strindheim) og Ida Fillingsnes (Herkules) verkar tøffast på 800.

Så til gutta:

800 meter stiller ikkje haren og skilpadda, men i alle fall haren Henrik og unge hr. Bjørndal. 800 meter for menn er alltid ei tøff NM-øving, men etter måten kort veg frå årsbeste til dei på toppen til dei som nyss har kvalifisert seg. Her handlar det om å springa fornuftig i forsøka, for å nå lengst muleg. Anders Bjørndal er rangert som nr. 16 og Henrik Irgens Gravdal som nr. 17 på førehand. Roth og Ingebrigtsen og slike gjer opp om medaljar, med haugevis av utfordrarar.

Colombia-farar Henrik Irgens Gravdal er også påmeldt 1500 meter, her er Henrik 14. rangert på førehand, med namnebror Henrik Ingebrigtsen øvst på lista og med Sindre Løchting (Tjalve) og Sindre Buraas (Vidar) som andre med sterke tider.

The come back kid, Andreas Iden, er på førehand sterkaste kortet på 5000 meter. Han er 17. rangert med si tid like over 15 blank, men Espen Roll Karlsen og Erlend Gjerdevik Sørtveit er forventa å vera i same sjiktet. Litt usikkert om kven som stiller av dei store kanonene, men ei av dei største er Sondre Norstad Moen ( Vidar).

Espen Roll Karlsen er også påmeldt 3000 meter hinder. Her er det litt meir smålåten påmelding, men Espen må nok stilla litt i køen, bak eit par brør frå Bømlo i Stord-drakt, Tom Erling og Harald Kårbø, og Sandnes sin Bjørnar Ustad Kristensen.

Veret? Heilt vanleg sommar i Haugesund. Så får ein tolka det som ein vil.

mandag 27. juli 2015

Rekordstatus - G15

I G15 er det ein 14-åring som har stole overskriftene denne sommaren - ein viss Jakob Ingebrigtsen frå Sandnes. Han har sett ny norsk aldersrekord på 800 meter, 1500 meter og 3000 meter. Men han er ikkje åleine dette året. Petter Myhr frå Orion sette ny norsk rekord på 2000 meter hinder og Fana sin Filip Bøe har gjort det same på 200 meter (22,42).

I G15 skal framleis Marius Benserud ha den norske rekorden i G15 på 400 meter hekk, sett i 2004.

Her er heile lista med norske rekordhaldarar i G15 frå Hordaland:
- Øyvind Hagen, Florvåg (60 meter, manuelt)
- Erlend Sæterstøl, Hovding (60 meter, manuelt)
- Filip Bøe, Fana (200 meter)
- Øystein Kandal, Hovding (200 meter hekk)
- Erlend Sæterstøl, Hovding (200 meter hekk, manuelt)
- Øystein Kandal, Hovding (300 meter hekk)
- Marius Benserud, Gneist (400 meter hekk)
- Eirik Greibrokk Dolve, Fri (stav)
- Marius Bull Hjeltnes, Ulvik (lengde)
- Rune Fantoft, Gular (Tresteg)
- Sven Martin Skagestad, Loddefjord (kule, 5kg)
- Jørgen Olsen Austnes, Fri (slegge, 4kg, 5kg, 6kg, 7,2kg)



kretsnivået har følgjande Gneist-utøvarar rekordar i G15:
- Kristoffer Blücher (600 meter)
- Henrik Irgens Gravdal (2000 meter)
- Terje Sejrup (5000 meter)
- Sondre Rinde (110 hekk, 91,4)
- Sondre Rinde (110m hekk, 100)
- Kristoffer Blücher (300m hekk)
- Marius Benserud (400m hekk)
- Henrik Irgens Gravdal (1500m hinder)
- Sigve Stenersen (2000m hinder)
- Per Åge Liland (spyd, 800)

Rekordstatus - J15

Me får venta litt med å studera startlistene til NM i Haugesund. Dei har fått det travelt med å behandla dispensasjonssøknader og skriva om listene der nede, etter 800 meter-bragden på Fana Stadion søndag, der mellom andre Anders Bjørndal kvalifiserte seg til NM, 19 år etter at mamma Kjersti hadde si siste NM-deltaking (100 meter hekk, Kristiansand stadion - nr. 7, trur eg).

**

Så, i staden: her er litt rekordstatus for jenter 15.

I dei eldste klassane er det ikkje kvardagskost med rekordar - i alle fall ikkje norske aldersrekordar. Super-talentet Malin Edland frå Larvik sette ny 600-rekord i fjor, med 1:31,41, i tillegg til at det blei kasta langt med det etter måten nye 500 gram-spydet. Det er vel dei ferskaste.

I denne klassen - i motsetnad til nyss presenterte G14 - har Gneist ingen norske aldersrekordar, men Hordaland har då nokre:

- Isabelle Pedersen, Norna-Salhus (300m hekk)
- Mona Ekroll Jaidi, Norna-Salhus (kule)
- Beatrice N. Llano, Laksevåg (slegge, 3kg + 4kg)



kretsnivået har derimot Gneist ei handfull rekordar:
- Kathrin Sandvik (60m, manuelt)
- Vilde Lund Bjørnsen (300m)
- Beate Sejrup (1500m)
- Ingvild Myking, Bjarg (2000m)
- Ingvild Myking, Bjarg (3000m)
- Ingrid Næss Johansen (5000m)
- Anna Serine Røssland (2000m hinder)

** Nyss VM-klare Isabelle Pedersen har ikkje kretsaldersrekorden på 100 meter hekk i J15 (Anne-Beth Espetvedt), men ho har den altså på 300m hekk, 80m hekk og i høgde (saman med Espetvedt).

søndag 26. juli 2015

1500-duellar

Etter nokre dagars pause frå friidrett og det meste anna, i eit sjølvpålagt indre eksil i Telemark, er eg tilbake til resultatlister og andre lister.

Det er jo ferie og rolegare farvatn for mange enno - og det ser faktisk framleis ut til at sommaren er på veg, til dømes til NM-byen Haugesund og festidalen-dalen Uskedalen komande helg.

Eitt av ferieutslaga er at utøvarar relativt ufrivilleg har "skifta" klubb. Den velkjende Varegg-løparen Jonas Gjesdal har hamna i Gneist og Gjert Høie Sjursen i Fana - ifølgje resultatlista frå Stemnekarusellen på Fana Stadion onsdag.

Vel, vel. Det var i tillegg fleire gode resultat på listene - og eg trekker fram 1500-meteren. 1500-meteren teiknar til å bli den som både symboliserer den breie framgangen til mellom- og langdistanseløparane i Gneist, og samtidig at gjengen er (super-)jamn.



Espen Roll Karlsen presterte årsbeste med 3:59,83 - sekundet bak persen frå i fjor. Så har Erlend Gjerdevik Sørtveit teke til på ein ny runde - ??? - med å balansera på ei "blank-grense". Lenge gjorde han det på 2 blank på 800 meter, før han avliva det spøkelset i Sverige i sommar. Onsdag blei det 4:00,44 på 1500. Følg med, følg med... Tida er fire hundredelar bak persen til Jens Larsen Åstveit. På 4:01-talet finn me også to utøvarar etter onsdagen. For der sneik Andreas Iden seg inn, med ny pers på 4:01,13, framfor kompis Anders Bjørndal, som har 4:01,40 - frå Göteborg tidlegare i månaden. På toppen av lista tronar framleis Henrik Irgens Gravdal, med sine 3:54,76, også det frå Göteborg. Men her er altså ein gjeng på seks utøvarar i tett kamp om 1500-posisjonane i klubben.

onsdag 22. juli 2015

Rekordstatus, G14

G14 er ein årsklasse der Hordaland - og særleg Gneist Friidrett - dominerer i rekordoversikten. Heile 10 norske aldersrekordar finst det på mi liste i skrivande stund i Gneist. I tillegg finst det fem hordalandske rekordar til på lista. Her måtte Jakob Ingebrigtsen (Sandnes) trø til i fjoråret for å skaffa eit par på utan-hordalandske hender.



Norske aldersrekordar på Hordaland-utøvarar, G14;
- Andreas Haara Bakketun, Gneist (60m)
- Erlend Sæterstøl, Hovding (60m, manuelt)
- Pål Haugen Lillefosse, Gneist (80m)
- Andreas Haara Bakketun, Gneist (100m)
- Pål Haugen Lillefosse, Gneist (200m)
- Kristoffer Blücher, Gneist (300m)
- Kristoffer Blücher, Gneist (400m)
- Jostein Skeie, Viljar (800m)
- Henrik Irgens Gravdal, Gneist (3000m)
- Pål Haugen Lillefosse, Gneist (80m hekk)
- Andreas Dixon, Fana (300m hekk)
- Pål Haugen Lillefosse, Gneist (stav)
- Pål Haugen Lillefosse, Gneist (lengde)
- Trond Spurkeland, Seim (tresteg)
- Jon Nerdal, Norna-Salhus (slegge)

Imponerande!

Her er då samla liste over kretsaldersrekordar i Gneist i G14:
- Andreas Haara Bakketun (60m)
- Pål Haugen Lillefosse (80m)
- Andreas Haara Baketun (100m)
- Pål Haugen Lillefosse (200m)
- Kristoffer Blücher (300m)
- Kristoffer Blücher (400m)
- Henrik Irgens Gravdal (600m)
- Henrik Irgens Gravdal (2000m)
- Henrik Irgens Gravdal (3000m)
- Pål Haugen Lillefosse (80m hekk)
- Andreas Haara Bakketun (200m hekk)
- Pål Haugen Lillefosse (stav)
- Pål Haugen Lillefosse (lengde)
- Håvard Rinde (nytt spyd)

Imponerande II - !

tirsdag 21. juli 2015

Rekordstatus - J14

Først ei repetisjonsøving: Desse rekord-oversiktene er hundre prosent mine, ikkje kretsen eller NFIF sine. Med alt det som det medfører.

Me går vidare.

Først utanriks: norske aldersrekordar i J14:

Her er det store namnet Martine Hjørnevik frå Norna-Salhus, som har slege fleire segnomsuste rekordar i årsklassen denne sesongen. Ho er norsk aldersrekord-innehavar no på 80 meter (10,21), 60m hekk (8,91), 80m hekk (11,40) og 200m hekk (28,88).

Andre norske aldersrekordar i årsklassen frå Hordaland:
- Benedicte Abrahamsen, Norna-Salhus (60m)
- Trine Eilertsen, Eidsvåg (600m)
- Christine H. Gjerde, Norna-Salhus (Tresteg)
- Mona Ekroll Jaidi, Norna-Salhus (diskos)
- Beatrice Nedberge Llano, Laksevåg (slegge)
- Mona Ekroll Jaidi, Norna-Salhus (spyd)

Nokre Gneist-jenter har krets-aldersrekordar i J14, i tillegg til ei Bjarg-jente som no er i Gneist:



- Kathrin Sandvik (100m, manuelt)
- Kjersti Kleppe (1500m)
- Ingvild Myking (2000m)
- Ingvild Myking (3000m)
- Marianne Benserud (stav)

** Ingvild Måkestad har ikkje kretsaldersrekorden på 800 meter eller 1500 meter, men ho har den på 400m i J14 (59,06).

mandag 20. juli 2015

Rekordstatus - G13

Dei ferskaste aldersrekordane i Gutar 13 er frå fjoråret, 2014. To av dei blei sett av Pål Haugen Lillefosse - i stavsprang (4,06 - ute) og 60 meter hekk (8,92).

Oversikten over lokale rekord-innehavarar ser slik ut:

Norske aldersrekordar, Hordaland-utøvarar, G13:
- Pål Haugen Lillefosse, Gneist (60m hekk)
- Pål Haugen Lillefosse, Gneist (stav)
- Jon Nerdal, Norna/Salhus (slegge)
- Fabian Filip Rimestad, Bergens TF (spyd)

Heller ikkje på kretsnivået er det sett nye aldersrekordar i 2015, men i fjoråret sette Pål Haugen Lillefosse også kretsrekord på 200m hekk (29,19), i tillegg til dei ovanfornemnde. Endeleg sette Andreas Haara Bakketun kretsrekord i G13 på 100 meter (12,23) i 2014-sesongen.

Men desse er ikkje åleine som krestsaldersrekord-innehavarar i G13 frå Gneist. Her er oversikten:



- Andreas Haara Bakketun, 100m
- Kristoffer Blücher, 200m
- Kristoffer Blücher, 300m
- Kristoffer Blücher, 600m
- Pål Haugen Lillefosse, 60m hekk
- Pål Haugen Lillefosse, 200m hekk
- Sondre Rinde, 300m hekk
- Aleksander Lie, 1500m hinder
- Pål Haugen Lillefosse, stav

** Og ein av landets fremste klimaforskarar (Fana IL) har kretsaldersrekorden på 1000m og 1500m i G13.

lørdag 18. juli 2015

Rekordstatus - J13

Ein må etter kvart vera enten arkeolog eller meir enn spesielt interessert for å grava fram oversikter over rekordar i aldersbestemte klassar. Oppdateringstakten offisielt er ikkje som den var. Men kva er no det.

EG har ikkje på nokon måte "teke på meg" å gjera dette betre, men eg har ei eigainteresse av å føra eit slags skuggerekneskap.

Difor kjem denne midt-i-sesongen- serien med rekord-oppdateringar - på krets- og landsnivå.

Det betyr også at så lenge denne er personleg snikra, så er den langt frå offisiell.

Heilskaplege oversikter får koma når sesongen er over, her er berre highlights:

Aldersrekordar - J13
Her har eg berre notert éin ny i 2015: Vibeke Engen frå Oppegård som kasta 400 gram-spydet 46,37 på Nadderud.



Aldersrekordar, Hordaland-utøvarar, J13:
- Martine Hjørnevik, Norna/Salhus 200 meter hekk
- Renate Lie, Gneist (1500m hinder)
- Paula Nedberge Llano, Laksevåg (stav)
- Christiane Gjerde, Norna/Salhus (tresteg)
- Mona Ekroll Jaidi, Norna/Salhus (kule)
- Mona Ekroll Jaidi, Norna/Salhus (diskos)
- Beatrice Nedberge Llano, Laksevåg (slegge)

Alle desse har naturlegvis også kretsaldersrekordar. Av nye her har eg notert meg Mia Andersen, Bergens Turnforening, som kasta liten ball 45,89 under Karabinlekene.

***

Gneist har følgjande kretsaldersrekordar i J13:

- Renate Lie, 400m
- Vilde Lund Bjørnsen, 600m
- Silje Stenersen, 1500m
- Renate Lie, 1500m hinder

** Kuriositeten: Ein Farmen-vinnar har sprunge raskaste registrerte 3000 meter i Hordaland i J13.



torsdag 16. juli 2015

Sommartankar

17. juli er det eitt år sidan Coach Ole Martin og eg sette oss på flyet til Portland (via Amsterdam). I USA blei me godt kjent med Oregon og lommekjent med Eugene. Det var rett og slette ei svær oppleving. 24. juli sprang Anna Serine 3000 meter hinder i junior-VM.

I desse dagane er det junior-EM i Eskilstuna i Sverige. Der skulle vi ha vøri. I staden følgjer me spent med både på vår sleggekastar-kompis frå Norna-Salhus, Jon, og løpsvenninnene til Anna Serine. I tillegg så er me jo sjølvsagt tilhengarar av super-sunnhordlending Lars – som har gode minne frå Sverige alt denne sommaren. Lars Lunde sitt løp i Göteborg fekk meg til å minna ungdommane mine om at dei er 100 % sunnhordlendingar.

Søndag skal så nokre få utøvarar etter planen springa stemne på Husnes – i det som er lova å bli eit ausande regnver.





Eugene, Eskilstuna – Husnes. Det eine gjævare enn det andre.

tirsdag 14. juli 2015

Nytt frå Lonevågen

Mandags kvelden var det ein av dei klassiske karusellane til Osterøy - den som går midt i juli månad, når sola skin og det er ein del som hungrar etter stemne.



Eg begynner med ein som ikkje var heilt heldig med vinden, nemleg Andreas Haara Bakketun, som igjen sprang på rekord-nivå. Denne gongen var det på 200 meter hekk, der han sprang på fantastisk sterke 26,16, som ville ha vore ny norsk aldersrekord i G14 med god margin, men vinden var her på knepne +2,3. Ny sterk prestasjon var det uansett for Andreas.

Den andre i rekordform var Thomas Blücher, som sprang på sterke 1:30,35 på 600 meter. Det er ny pers med ganske nøyaktig 3 sekund (3,02 for å vera pirkete).

*

...Og Anders Bjørndal må jakta vidare på NM-kravet på 800 meter...


lørdag 11. juli 2015

Superfart i Skaone

Pål Haugen Lillefosse beviste lørdag igjen at han kan (mykje) meir enn å setja rekordar i stavsprang. Han kan gjera det også på 200 meter, til dømes. I Pojkar 17 tok 14-åringen ein imponerande 2. plass under Öresundspelen i Helsingborg. I finalen sprang Pål på 22,93 - og kom dermed under 23 blank for andre gong på nokre timar. Og dermed meiner eg Pål skal ha dei to raskaste tidene for ein gut på 14 år i Norge gjennom alle tider! (Filip Bøe frå Fana sprang på 23,18 i fjor.)



Over ser me Pål i lengdesvevet, men no svevar an altså av garde - både her og der. I forsøket sette Pål den fantastiske aldersrekorden på 22,80! Det er så fort at det berre er 15 hundredelar bak kvalifiseringskravet til hovud-NM på distansen.

**

Også familien Sjursen er representert i Sør-Sverige: Gjert betra "svenskepersen" sin på 80 meter hekk til 10,89 - frå 11,07, som han sprang i Göteborg sist helg.

onsdag 8. juli 2015

Ukvemsord - og hyllest

Det har slege meg – igjen og igjen – kor mykje skit og padda, eder og galle som finst i friidrettsmiljøet – i friidrettsandedammen. Så godt som alt som går føre seg, er basert på dugnad. Evna til å sjå den innsatsen som ligg bak små og store stemne, små og store utøvarar, er hos slåande mange så godt som fråverande. Evna til å setja pris på denne innsatsen er følgjeleg heller ikkje til stades.

Evna til å spytta ut sure oppstøt og til å skriva tvers gjennom vondsinna innlegg på gjestebøker og andre sosiale medium er tilsvarande stor.

Friidrettsmiljøet er eit bortskjemt miljø – med mange medlemmer som klarer seg meir enn rimeleg godt i samfunnet elles. Kvifor det er nett i slike miljø at ukvemsorda sit lausast, er meg ei gåte.

Det er alt for mykje respektløyse for utøvarar, trenarar og leiarar.

Ein tar alt for lite omsyn til at dei fleste utøvarar er svært unge og at svært mange leiarar arbeider utan godtgjersle.

For å bruka ungdommane si språkdrakt: Av ein eller annan sjuk grunn haglar det innimellom ukvemsord over dei som står bak all denne fantastiske innsatsen. Det er heldigvis andre, oppegåande. Ein av dei har kalla slike haldningar – heilt rett – for uverdig.



Dette er ein hyllest til alle dei som stemne etter stemne, år etter år, stiller opp – heilt vederlagsfritt – for at det skal eksistera eit tilbod til dei som vil hoppa, kasta eller springa. Her lokalt. Stemne som går jamleg, slik innimellom alle dei store, svære.

For me kan ikkje berre ha dei store, svære stemna. Idretten overlever ikkje då. Me er hundre prosent avhengig av seriestemna og karusellane.

Personleg har eg eit veldig godt forhold til Osterøy Stadion, på Hatland, ved Lonevåg. Der har det vore arrangert kretsmesterskap og kretsleikar (NCC, Peab og no Bendit), men først og fremst blir det jamleg skipa til serie med karusell-stemne. Det ligg ein fantastisk entusiasme og dugnadsinnsats bakom.

Men tilbodet finst i Arna – på det framleis nye og flotte stadionet der – på Askøy, på Knarvik og Skansemyren.

Og hadde det ikkje vore for våre vener i Norna-Salhus, så ville stemne-tilbodet på den vestlandske houdarenaen, Fana Stadion, ikkje vore all verda – på den tida når utøvarane er i form og kan og vil prestera som best.

All ære!

(PS!: Gratulerer med 20-årsdagen til Anders! - og god tur til karusellstemne på Osterøy den 13.!)

tirsdag 7. juli 2015

Gneist Goes Global - part II

La oss tenka oss dette som eit svært hyggeleg stafett-løp, der Amund Høie Sjursen tok med seg stafettpinnen til U18-VM i den seinare ulykksalege byen Donetsk i 2013. Amund tok den like så godt med seg også til Eugene til U20-VM i 2014, saman med Anna Serine Røssland. I tillegg sende dei ein stafettpinne av garde til Stian Øvergaard Aarvik, som tok turen til VM i motbakkeløp og kom heim med ein 5. plass.

I 2015 er kontinuiteten representert ved nettopp Stian, som altså i helga presterte å bli junior-europameister i motbakkeløp på Madeira, Portugal!



Men dessutan er Martine Eikemo Borge på plass i Sør-Korea, til Universiaden der, og mandag blei Henrik Irgens Gravdal utteken til U18-VM i Colombia seinare i månaden.

Dette er viktige markeringar! Her satsar me på kontinuitet også framover - både frå enkeltutøvarar og frå klubb og miljø.

søndag 5. juli 2015

Göteborg dag 3: Grattis grabbar!



Tjejer: Ni måste koma stärkt tillbaka!

För nu gäller: Grattis grabbar!


Eg sette meg ned på stadion for min dag tre
akkurat i det Herman Ellingsen verkeleg presterte
Han svinga seg gjennom - just det - bortre sving
og sprang 26 blank på 200 nesten som ingenting
Henrik Almenningen nådde 13 meter for første gong i år
Kanskje er han i gang med ein heilt ny vår?


For det var desse grabbane: Før eg kom til ettermiddagens økt, så hadde høvesvis Pål Haugen Lillefosse og Gjert Høie Sjursen sprunge glitrande korthekkar (80 meter hekk) - og vunne kvar sin klasse. I og for seg er løpa dei raskaste i høvesvis G14 og G15 i Norge gjennom tidene, men så er det slik at svenskane ikkje følgjer heilt same hekke-regimet som i gamlelandet. Så dette får me finstudera i finaveret heime i bergenstraktene. Uansett: Gjert sprang på sterke 11,07 og Pål hundredelen raskare - på 11,06!

Så til kveldens grabbar:

Nemnde Henrik Almenningen først: Han hadde sesongens desidert beste tresteg-serie, enda opp med 13,31 og ny pers!

Thomas Blücher har hatt ei fantastisk fin Göteborg-helg. Etter storveis 800 meter lørdag blei det pers med 24 sekund (!) på 2000 meter søndag. Han sprang ned tida frå Tyrvinglekene frå 6:24,70 til 6:10,50 - eminent sekundert av pappa Peter.

Og så rosina i pølsa, Världsungdomsspelens siste sprell - 800 meter for menn. Dette er øvinga der eg har vore van med at Gular-utøvarar finst overalt, i heat etter heat. No er det Gneist-utøvarar. Og dei markerer seg skikkeleg!

Henrik Irgens Gravdal er no nede på sterke 1:53 - 1:53,94, for å vera presis. Han kan like så godt velja og vraka øvingar i U18-VM i Colombia. Han er rett og slett i kjempeform.

Anders Bjørndal vil gjerne til Haugesund. Og klarer nokon å produsera ein 800 meter med skikkeleg gode opptrekkarar, så er Anders i NM. Han vann sitt heat på imponerande vis med ny pers (igjen): 1:55,73! (Kravet til NM er 1:54,99.)

Og så - mine damer og herrer - sjølvaste 2 blank-løparen vår, Erlend Gjerdevik Sørtveit, har - etter tre års kamp - blitt "sub 2"-løpar! Hans nye pers er på 1:59,25. Stort å vera ringside til ei slik hending!

Og det stoppa ikkje der. For det stoppa i staden med eit nytt sterkt 2015-løp av Andreas Iden. Med 2:00,44 blei det også solid ny pers på 800 meter - tre år (!) etter at han sprang 2:03,41 under UM på Ravnanger. Og Andreas lovar at han ikkje skal forbli like lenge på 2 blank som kompis Erlend.

(PS: Biletet er denne gongen ei gåve frå pappa Jon Iden!)

lørdag 4. juli 2015

Göteborg dag 2: jaja, men sann

Sorry, jenter, men det er forfortande pojkarna som stel overskriftene her i Göteborg.

På biletsida stel denne bloggen som ei god gammaldags ramn. Denne gongen hentar me frå eit dagsfersk foto teke av mamma Gravdal av dagens fremste mann, Henrik Irgens Gravdal.



Henrik sprang på imponerande 3:54,76 på sin 1500 meter. Dermed er han kvalifisert til NM på sin andre distanse. Han er også tett opp til Geir Søgnebotten sin kretsaldersrekord i G17. Men rekordar blei det: I tillegg til betring av eigen klubbrekord i G17, så sletta Henrik med dette segnomsuste Rodgeir Vigestad sin U20-rekord i Gneist, sett tilbake i 1983 (3:55,49). Henrik sin gamle-pers (to veker gammal) var på 3:57,62. Colombia next!

Norsk aldersrekord blei det i G14 - igjen, denne gongen på 80 meter. Først var det Andreas Haara Bakketun, som gjekk under den gamle med eitt hundredel, då han sprang på 9,49 i forsøket (Fana sin Filip Bøe hadde den gamle frå  i fjor). Så slo Pål Haugen Lillefosse til og betra denne igjen til 9,37 i finalen. Han blei rettnok slegen der, men vinnaren sette like så godt ny VUspel-rekord, så her var det kvalitet.

Håvard Rinde slo til med ny spyd-siger i Världsungdomsspelen i G14. Han betra også eigen klubbrekord - og nådde nesten 50 meter-barrieren: 49,92!

Gjert Høie Sjursen sette ny klubbrekord på 80 meter i G15, med sine 9,87. Der hadde Sondre Rinde den gamle (10,14) frå 2013.

Så til sterke persar: 

Anders Bjørndal sprang eit nytt kanonløp, denne gongen på 1500 meter. Han senka persen sin frå 4:07,62 til 4:01,40!

Thomas Blücher overbeviste stort og vann sitt heat på 800 meter. I tillegg senka han persen frå 2:10,1 til 2:06,56.

Og, til sist, var det spenning rundt 1500 meter-starten til Eline Myking, men ho stilte og tok ein flott 3. plass i flickor 19. I tillegg blei det knepen utepers med 4:42,52, rett bak innebeste på 4:42,35.

fredag 3. juli 2015

Göteborg dag 1: Pojkarna med guldbyxorna

Det er mange trevliga flickor i Gneist, men nett no er det stor grunn til å trekka fram gutane - eller pojkorna, som me seier det her i Göteborg.

Me får ta klubbrekordane først:

Pål Haugen Lillefosse - kjent frå stavgropa - imponerte fredag også i lengdegropa i glovarme Göteborg. 6,50 nådde han i finalen og dermed betra han pers og eigen klubbrekord i G14 monaleg, frå 6,21. Dette er også norsk aldersrekord i G14 med planke! Berre éin utøvar har hoppa lenger i Norge gjennom alle tider som 14-åring, men då med satssone.

Andreas Haara Bakketun - den andre i G14-radarparet (vel, det finst fleire G14-radarpar) - følgde opp med imponerande 41,05 på 300 meter hekk. Det er åtte tidelar raskare enn G14-rekroden sett av Kristoffer Blücher i forfjor.



Så til kveldens siste evenement, 5000 meter. Der var det fleire sterke prestasjonar, både frå representantar for vene Sunnhordland og andre, men me trekker fram litle Iden - Andreas Iden - som no også har ein 5000-rekord på nivå med 3000- og 10000-løpa sine. 15:01,25 let den nye persen på. Det er ned med 42 sekund (!) frå junior-NM i Sigdal seinsommaren 2012. 

Gamle-persen til den nybakte 19-åringen, Stian Norheim, er ikkje så gammal, berre frå april i år. Men den blei uanssett betra med nye 12 sekund - til 16:10,61 fredagskvelden.

Brukande start, dette.

torsdag 2. juli 2015

På topp i Norge gutar - pr. 2. juli 2015

Gøteborg:

Det er veldig - nei, veldig (altså med strek under) - mange Gneist-markeringar i norgesstatistikken i aldersbestemte klassar for gutar så langt i år. Nedanfor er dei som er topp 3 i ei øving kursivert. Spesielt er det uhyre sterke resultat i gutar 14 - med Andreas Haara Bakketun og Pål Haugen Lillefosse som dei fremste krumtappane.

Men i dag - den 2. juli - tar eg den redaksjonelle fridomen fatt og illustrerer med han som toppar på 2000 meter hinder i gutar 18/19, og som den 2. juli fyller 19 år: Stian Norheim.



(topp 20, framleis minus Strandebarm-resultata...)


G11
1. Ole-Alexander Padøy, 80 meter (12,14)
2. Ole-Alexaner Padøy, tresteg (8,84)
5. Ole-Alexander Padøy, 60m hekk (11,03)
6. Kasper Oanæs Andersen, 60m hekk (11,04)
7. Ole-Alexander Padøy, 200 meter (31,11)
7. Thomas Brattaule, kule (8,47)
9. Thomas Brattaule, diskos (17,90)
11. Thomas Brattaule, spyd (21,74)
11. Jon-Anders Haukøy, tresteg (7,78)
13. Ole-Alexander Padøy, 600 meter (1:53,45)
13. Ole-Alexander Padøy, høgde (1,30)
13. Thomas Brattaule, høgde (1,30)
13. Kasper Oanæs Andersen, tresteg (7,62)
14. Thomas Brattaule, lengde (3,93)
14. Thomas Brattaule, tresteg (7,52)
14. Ole-Alexander Padøy, lengde (3,93)
14. Kasper Oanæs Andersen, 80 meter (13,57)
15. Ole-Alexander Padøy, spyd (19,56)
15. Thomas Brattaule, liten ball (37,10)
15. Thomas Brattaule, 80 meter (13,72)

G12
1. Tobias Allers-Hansen, 40 meter (6,32)
8. Tobias Allers-Hansen, liten ball (41,69)
11. Tobias Allers-Hansen, lengde (4,38)
13. Tobias Allers-Hansen, 600 meter (1:46,79)
14. Tobias Allers-Hansen, 60m hekk (11,36)
16. Tobias Allers-Hansen, høgde (1,30)

G13
2. Herman Ellingsen, 600 meter (1:37,27)
3. Herman Ellingsen, 60m hekk (10,02)
5. Herman Ellingsen, 200 meter (26,82)
6. Herman Ellingsen, 100 meter (13,28)
8. Andreas August Kyte, 80 meter (12,23)
10. Herman Ellingsen, 60 meter (8,39)
14. Erlend Borsholm, 800 meter (3:00,29)
14. Herman Ellingsen, 1500 meter (5:03,91)
15. Johan Johnsen, 800 meter (3:04,44)

G14
1. Andreas Haara Bakketun, 60 meter (7,31)
1. Andreas Haara Bakketun, 80 meter (9,70)
1. Andreas Haara Bakketun, 200 meter (23,57)
1. Andreas Haara  Bakketun, 100 meter (11,53)
1. Andreas Haara Bakketun, 200m hekk (27,02)
1. Pål Haugen Lillefosse, 80 m hekk (11,17)
1. Pål Haugen Lillefosse, stav (4,70)
1. Pål Haugen Lillefosse, lengde (6,21)
1. André Seliussen, 5000 meter (17:48,7)
1. André Seliussen, 10000 meter (37,15,70)
2. Pål Haugen Lillefosse, 60 meter (7,36)
2. Pål Haugen Lillefosse, 100 meter (11,68)
2. Pål Haugen Lillefosse, høgde (1,67)
2. Pål Haugen Lillefosse, 80 meter (9,74)
2. Pål Haugen Lillefosse, 200 meter (23,72)
2. André Selussen, 3000 meter (10:26,4)
2. André Seliussen, 2000 meter (6:14,75)
2. Håvard Rinde, kule (12,04)
2. Håvard Rinde, diskos (34,78)
2. Håvard Rinde, spyd (46,87)
2. Hans-Magnus Haukøy, 600 meter (1:31,92)
3. Hans-Magnus Haukøy, 1500 meter (4:32,63)
3. Andreas Haara Bakketun, 80m hekk (11,57)
5. André Seliussen, 1500 meter (4:33,37)
5. Håvard Rinde, tresteg (10,83)
6. Håvard Rinde, slegge (29,65)
7, Hans-Magnus Haukøy, 800 meter (2:14,46)
7. Håvard Rinde, 80m hekk (12,50)
17. André Seliussen, 600 meter (1:37,59)

G15
1. Gjert Høie Sjursen, 100m hekk (14,16)
1. Gjert Høie Sjursen, lengde (6,24)
1. Gjert Høie Sjursen, diskos (45,46)
1. Gjert Høie Sjursen, 9-kamp (5116)
2. Gjert Høie Sjursen, 60 meter (7,61)
2. Gjert Høie Sjursen, 1000 meter (3:15,54)
3. Gjert Høie Sjursen, kule (13,18)
4. Gjert Høie Sjursen, stav (2,80)
6. Gjert Høie Sjursen, 100 meter (11,85)
6. Gjert Høie Sjursen, slegge (37,80)
8. Gjert Høie Sjursen, høgde (1,58)
10. Gjert Høie Sjursen, spyd (42,36)
11. Thomas Blücher, 2000 meter (6:26,28)
13. Thomas Blücher, 800 meter (2:10,42)

G16
1. Kristoffer Blücher, 80 meter (9,47)
1. Kristoffer Blücher, 400 meter (51,30)
2. Kristoffer Blücher, 100 meter (11,37)
2. Jakob Jamt Ånonli, 80 meter (9,83)
3. Jakob Jamt Ånonli, 60 meter (7,60)
3. Jakob Jamt Ånonli, lengde (6,03)
3. Kristoffer Blücher, 800 meter (1:58,74)
6. Kristoffer Blücher, 200 meter (23,50)
13. Jakob Jamt Ånonli, 100 meter (11,71)

G17
1. Henrik Irgens Gravdal, 800 meter (1:55,74)
1. Henrik Irgens Gravdal, 1500 meter (3:59,15)
1. Vegard Albrigtsen, 5000 meter (17:00,7)
1. Vegard Albrigtsen, 10000 meter (49:47,54)
2. Henrik Irgens Gravdal, 3000 meter (8:34,11)
6. Vegard Albrigtsen, 800 meter (2:00,70)
13. Andreas Jensen, 1500 meter (4:35,18)
18. Andreas Jensen, 3000 meter (9:57,74)
19. Vegard Albrigtsen, 3000 meter (10:00,3)

G18/19
1. Stian Norheim, 2000m hinder (6:37,00)
2. Henrik Almenningen, tresteg (12,77)
4. Stian Norheim, 10000m (49:46,53)
4. Stian Øvergaard Aarvik, 5000 meter (15:09,53)
5. Jens Larsen Åstveit, 1500 meter (4:02,24)
7. Stian Norheim, 5000 meter (16:24,7)
7. Henrik Almenningen, lengde (6,19)
10. Jens Larsen Åstveit, 800 meter (1:58,59)
10. Jens Larsen Åstveit, 3000 meter (8:52,77)
11. Henrik Almenningen, spyd (40,75)
13. Rasmuss Wernø, 60 meter (8,69)

onsdag 1. juli 2015

På topp i Norge, jenter - pr. 1. juli 2015

Nedanfor finst oversikt over Gneist-markeringar i norgesstatistikken nett no for jenter, aldersbestemt. Jenter 12 står i ei særstilling, med mange utøvarar og mange markeringar topp 20. Her er også både Emma A. Voldsund og Emma Dahl Sørbo heilt på toppen i minst ei øving. Det same er Ingvild Myking og Monika Benserud i høvesvis J16 og J18/19.

(topp 20)

J11
3. Emilie Hestad, 100 meter (16,09)
4. Camilla Hoddevik Sunnset, 100 meter (16,34)
5. Ada Ringheim, 40 meter (6,89)
8. Emilie Hestad, 80 meter (13,06)
10. Sofie Ellingsen, 100 meter (18,00)
13. Ada Ringheim, 80 meter (13,29)
19. Kaia Lind Aasen, 40 meter (7,71)
20. Emma C. Posner, 40 meter (7,74)



J12
1. Emma A. Voldsund, spyd (37,00)
1. Emma A. Voldsund, liten ball (52,57)
1. Emma Dahl Sørbo, 80 meter (11,57)
2. Hilda Lovise Riisnes Riise, 80 meter (11,64)
2. Hilda Lovise Riisnes-Riise, 40 meter (6,89)
3. Emma A. Voldsund, tresteg (9,34)
3. Una Haukanes, 40 meter (6,42)
3. Marie Seliussen, 1500 meter (5:17,55)
4. Emma A. Voldsund, lengde (4,69)
4. Hilda Lovise Riisnes Riise, tresteg (9,16)
5. Line Ludvigsen, spyd (24,58)
5. Emma A. Voldsund, 60m hekk (10,64)
6. Emma A. Voldsund, 80 meter (11,77)
8. Una Haukanes, tresteg (8,85)
9. Una Haukanes, 60m hekk (10,93)
9. Una Haukanes, lengde (4,48)
9. Pernille Michelsen, 80 meter (12,17)
9. Pernille Michelsen, 60m hekk (10,65)
10. Emma A. Voldsund, 200 meter (29,49)
11. Line Ludvgisen, liten ball (38,18)
11. Emma Dahl Sørbo, tresteg (8,64)
12. Lea Låstad, spyd (21,03)
13. Lea Låstad, 40 meter (7,27)
14. Emma Dahl Sørbo, høgde (1,30)
14. Hilda Lovise Riisnes Riise, 200 meter (29,70)
14. Hilda Lovise Riisnes Riise, lengde (4,37)
17. Hilda Lovise Riisnes Riise, 60 meter (8,78)
18. Una Haukanes, 60 meter (8,81)
18. Lea Låstad, liten ball (34,59)
18. Emma Dahl Sørbo, 200 meter (30,01)
20. Pernille Michelsen, lengde (4,30)

J13
9. Adele Henriksen, 1500 meter (5:22,2)
13. Nora Helene Kjerland Kristensen, 80 meter (12,08)
16. Nora Helene Kjerland Kristensen, 600 meter (1:48,04)
18. Jenny-Marie Wold, 80 meter (13,61)

J14
- ingen.

J15
5. Anna Evensen, 60m hekk (12,45)
7. Anna Evensen, lengde (5,00)
10. Anna Evensen, 60 meter (8,63)

J16
1. Ingvild Myking, 1500 meter (4:33,22)
1. Ingvild Myking, 3000 meter (9:57,52)
3. Sanne Myrmel, stav (2,57)
20. Sanne Myrmel, lengde (4,76)

J17
7. Renate Lie, 400 meter (60,98)

J18/19
1. Monika Benserud, 80 meter (10,20)
1. Monika Benserud, 60 meter (7,89)
1. Monika Benserud, tresteg (12,66)
5. Monika Benserud, 100 meter (12,47)
5. Monika Benserud, lengde (5,37)