tirsdag 25. august 2015

Friske viljer i Gneistspelen

Kaj hadde teke seg ein velfortent ferie etter innsatsen sin på Brandbu helga før, men 13 utøvarar stilte til start for Friske viljer i årets Gneistspelen. Det blei ein glitrande start på haustsesongen.



Litt over halvparten, 7 av 13, sette ny pers på 60 meter. Me fekk også vår andre utøvar i gruppa under 10 blank, i tillegg til to nye på 11-talet. Den einaste springbare ungdommen i nr. 14 for tida persa med godt over sekundet :)

Etter ein kort pause tok me vegen over i lengdegrop sør - ei veldig kjekk lengdegrop. Det er ikkje til å stikka under nokon stol at me slit litt med spenst og hopping, ikkje minst hopping på rett stad. Gruppa nøya seg med fem fine persar i lengde denne gongen, men lengstesvevet på 3,55 er me krye over. Også her var det monaleg framgang hos fleire.

Heldigvis er vergudane (også) glade i oss, så det var eit fint ver (skya i veldig behageleg temperatur) då me venta på å få sleppa til i liten ball. Og kasting er det mange som er flinke til. Åtte persar blei det i liten ball, lengstekastet var på 31,19!

Sosialt blei dette ein innertiar.

Sportsleg blei det også ein suksess, sjølv om me har ein del å arbeida med - heldigvis!




mandag 24. august 2015

Gneistspelen - "Stemnerekordar"

Nedanfor kjem ei liste. Eg veit ikkje heilt kva for ei liste det er, men det er no ei liste. I 2013 innførte Gneist og Gneistspelen "stemnerekordar". Det var jo eit vass-skilje og ein milepæl og slikt. Alle store stemne, "med respekt for seg sjølv", har stemnerekordar. Gneistspelen fekk i 2013 ein viss respekt for seg sjølv. (I fleire år var Gneistspelen også kjent for å skifta øvingsprogram på til dels radikale vis, frå det eine året til det andre.)

For no har denne nyordninga falle ut, trur eg. Difor "stemnerekordar".

Gneistspelen er ein lang tradisjon, slik at det var ein slags "Nye Gneistspelen" som fekk stemnerekordar i 2013. I det låg det at at det var øvingsprogramminget pr. då som låg til grunn. Dessutan gjekk ein (eg) berre tilbake til 2004, i alle fall inntil vidare. (Når vinteren kjem, så blir det mulegeins nedgraving i gamle arkiv på Liland og omland.)

Skit og:

Her er dei som i min uoffisielle oversikt har sett hermeteikns-stemnerekordar i "Nye Gneistspelen" i 2015:

J12
60 meter hekk: Emma A. Voldsund, Gneist 10,22

J13
1 engelsk mil: Marie Seliussen, Gneist 5:59,52
Spyd. Mia Andersen, Bergens Turn 31,86

J14
200 meter. Katrine Ingvaldsen, Ask 26,14
60m hekk: Martine Hjørnevik, Norna-Salhus 9,47

J15
100 meter. Emilie Sandberg, Sandnes 12,83
80m hekk: Emilie Sandberg, Sandnes 12,35
Lengde. Emilie Sandberg Sandnes 5,15
Spyd: Tuva Andersen, Bergens TF 31,28

J16
100 meter: Live Haugstad Hilton, Bergens TF 12,36
1 engelsk mil: Esther Zijerveld, Laksevåg 5:35,47
80m hekk: Live Haugstad Hilton, Bergens TF 12,49
Høgde: Ingrid Færøvik Mork, Norna-Salhus 1,60
Stav: Sanne Myrmel, Gneist 2,60
Lengde: Live Haugstad Hilton, Bergens TF 5,24

J18/19
100 meter: Elise Søvik, Norna-Salhus 13,23
600 meter. Helene Thorsen, Norna-Salhus 1:45,84

KS
600 meter: Ingrid Næss Johansen, Gneist 1:49,82
1 engelsk mil: Ingrid Næss Johansen, Gneist 5:33,21
Stav: Ida Beate Østhus, Ranheim 3,70
Lengde: Mari Cecilie Hansen, Ås 4,76

G13
1 engelsk mil: Herman Ellingsen, Gneist 5:33,60

G14
60 meter: Pål Haugen Lillefosse, Gneist 7,44
600 meter: Ole Lyngbø, Ask 1:30,53
1 engelsk mil: Hans-Magnus Haukøy, Gneist 4:51,79
Stav: Pål Haugen Lillefosse, Gneist 4,30
Kule: Håvard Rinde, Gneist 11,65
Spyd: Håvard Rinde, Gneist 43,82



G15
100 meter: Pål Haugen Lillefosse, Gneist 11,51
1 engelsk mil: Jørgen Dyrhol Christensen, Fana 5:08,01
100m hekk (84): Gjert Høie Sjursen, Gneist 13,83
Høgde: Vetle Raa Ellingsen, Fana 1,85
Lengde: Gjert Høie Sjursen, Gneist 6,21
Kule: Gjert Høie Sjursen, Gneist 13,22
Spyd: Fabian Filip Rimestad, Bergens Turn 55,53

G17
1 engelsk mil: Magnus Enes Heggøy, Ask 4:47,89
110m hekk (91): Sondre Rinde, Gneist 15,38
Høgde: Inge Eide Johnsen, Fana 1,90

G18/19
200 meter: Christian Steen Orbekk, Laksevåg 23,21

MS
100 meter: Filip Bøe, Fana 11,20
600 meter. Henrik Irgens Gravdal, Gneist 1:23,03
1 engelsk mil: Erik Hovlandsdal, Norna-Salhus 4:19,03
Stav: Ole Hartvig Nissen, Fri 3,00
Lengde. Markus Loftås, Vidar 6,55
Kule: Per Åge Liland, Fana 10,83
Spyd: Gardar Johann Fridriksson, Fredrisktad 60,27


søndag 23. august 2015

Gneistspelen dag 2

Medan eg var på stavsprang-kurs hos Paavo i den heite svingen mot nord, så var det også annan spennande idrett under Gneistspelens andre og siste dag på Fana Stadion.

Me tar det siste først: Den engelske mila. Dette er jo ein veldig spesiell distanse, smålåtne 109 meter lengre enn ein heilt vanleg 1500 meter. Den er også spesiell på den måten at den blir arrangert svært sjeldan, spesielt på mindre stemne og for yngre utøvarar.

Det igjen innebar at søndagens løp førte til endå eit rekordras.



Aller best av dei frå Gneist (bak ein gammal Gneist-ar, Erik Hovlandsdal) var Jens Larsen Åstveit. Med 4:20,72 var Jens berre om lag fire sekund bak klubbrekorden i Gneist, men den i U20 var ledig og den tilhøyrer no Jens. 18-åringen er også med det G18-rekordhaldar på distansen.

U20-rekord blei det også i kvinneklassen, der Ingrid Næss Johansen tok den ledige der, med 5:33,21. (Samtidig også J18-rekord.)

Marie Seliussen har no klubbrekorden på 1 engelsk mil i J12 med 5:59,82.

Vegard Albrigtsen held frå i dag G17-rekorden på mila i Gneist, med tida 4:44,21.

Hans-Magnus Haukøy har G14-rekorden med 4:51,79.

Herman Ellingsen har G13-rekorden med 5:33,60.

Torbjørn Knag har G15-rekorden med 5:56,89.

I tillegg er det  debutar og dermed persar også på:

Espen Roll Karlsen (4:21,81),  Steffen Algrøy Boga (4:46,33) og Morten Seliussen (4:56,51). Kan henda også på Torsten Heitmann med 4:40,30 - men her har eg ikkje historisk kontroll.

That concludes the English stuff.

***

Det gjekk ikkje heilt vegen i stav for Pål Haugen Lillefosse (G14), men like i førevegen knuste han til med uhyre sterke 13,84 på 100 meter hekk (84 cm), som er rekord på alle norske nivå, også i den øvinga. Me noterer også ein habil 110 meter hekk på Sondre Rinde (91,4 cm) på 15,38 i G17.

Thomas Blücher sprang ein fin 200 meter, på 25,57, nesten sekundet fortare enn han gjorde i august i fjor.

Og Malin Marie Rosvoll Olsen fekk også til ein habil 200 meter - på 27,40, nesten fire tidelar fortare enn under Framolekene i vår.


lørdag 22. august 2015

Gneistspelen dag 1

Gneistspelen dag 1 opna faretrugande, med regn i dungar før start, men kom seg kraftig - godt med vind, men du verda for ein behageleg temperatur.

Friske viljer- utøvarane presterte på høgt nivå og fekk med seg ei rekkje persar. Dette kjem eg tilbake til.

For det var på 600 meter på slutten av dagen at dei andre rekordane fall.



Henrik Irgens Gravdal sette ny klubbrekord i Gneist med 1:23,03, nøyaktig sekundet framfor Morten Benserud sin rekord, frå 2003. Tida er då også ny G17-rekord. Henrik hadde 1:24,05 innomhus som best frå tidlegare, og sprang på 1:25,21 under Gneistspelen i fjor.

Anders Bjørndal blei knepent slegen av Henrik, og kom i mål på 1:23,11. Anders hadde gamlepersen også han frå Gneistspelen i fjor, på 1:24,33.

Som eg har sagt før; ein kjem heile tida bakifrå. Kristoffer Blücher sprang på sterke 1:23,81, pers med 1,02 sekund frå Stordleikane i fjor, men det er også ny klubbrekord i G16 ute. Der hadde nemnde Henrik 1:25,21 frå fjoråret. (Kristoffer hadde 1:24,92 frå innesesongen.)

Jens Larsen Åstveit betra sin 600-pers monaleg til 1:24,58.

Espen Roll Karlsen har vel ikkje så mange 600 frå tidlegare... Uansett er 1:24,87 ein strålande pers for milslukaren.

Vegard Albrigtsen sprang på 1:26,15, som er 1,6 sekund ned frå fjorårets gneistspel.

Og Torbjørn Knag betra sin pers med godt over sju sekund (ute), til 1:45,07.


torsdag 20. august 2015

Historisk dag, segnomsust år

Ein fantastisk seinsommar nådde mulegeins ein topp metereologisk onsdagskvelden. Sportsleg blei det også strålande på Fana Stadion under Stemnekarusellen der.

Martine Eikemo Borge markerte det historiske ved å setja sin andre klubbrekord i Gneist på fem dagar. Formen er tydelegvis på veg. Etter å ha stanga rundt 2:11 på 800 meter denne sesongen, så blei det 2:09,49 onsdagskvelden. Dermed blei Torunn Sandvoll sin klubbrekord frå 1982 slegen med godt og vel seks tidelar. Torunn Sandvoll har framleis U20-rekorden.



Men den verkeleg segnomsuste prestasjonen stod Jens Larsen Åstveit for. Med 3:59,52 blei han nr. 5 - ! - i Gneist som har sprunge under 4 blank på 1500 meter i år. Det er nærmast uverkeleg. Me må legga til at Andreas Iden fort kan bli sjettemann. Han snirklar seg nærmare og nærmare, onsdagskvelden frå 4:00,69 til ny pers 4:00,37.

** Hans-Magnus Haukøy blei sub 4:30- løpar på same distanse (4:27,49).
** Steffen Algrøy Boga persa på 800 meter til 2:06,42.


No, kva er så segnomsust med dette? 1500 meter er ein nøkkeldistanse. Og ikkje berre har andre klubbar dominert oversikten over "sub 4"-løparar, BFG har ikkje vore i nærleiken av å prega desse listene i moderne tid.

Nedanfor er ein enkel oversikt over klubbar med flest løparar under 4 blank dei siste ti åra. Det er lett å sjå at 2015 er ekstremt utypisk, samanlikna med dei ni føregåande åra - men kan henda svært typisk for dei neste...:

2006
Gular 3
Tjalve 2
Vidar 2
Ren-Eng 2

2007
Gular 6
Tjalve 5
Steinkjer 3

2008
Gular 6
Haugesund 3
Tjalve 3
Skjalg 3

2009
Haugesund 3
Steinkjer 2
Tyrving 2
Gular 2
Skjalg 2

2010
Tjalve 3
Gular 3

2011
Tjalve 6
Gular 5
Ull/Kisa 3

2012
Gular 7
Tjalve 6
Ull/Kisa 4

2013
Tjalve 5
Gular 3
Ull/Kisa 3
Stord 3

2014
Tjalve 6
Gular 5
Vidar 5
Ull/Kisa 5
Stord 4
...
BFG Bergen 1 (Espen Roll Karlsen)

2015 (så langt)
Tjalve 6
Gneist 5
Sandnes 4
Vidar 4
Ull/Kisa 4
..
Gular 2

tirsdag 18. august 2015

Kva hende med Stord?

Stordleikane er noko av det finaste vene Sunnhordland har å by  på, ikkje minst når veret er brukande.

No var det vel ikkje fullklaff denne gongen, sidan det var strålande sommarver inn mot helga og no, over helga, men, men...

Det var ein god gjeng som starta i Stordleikane også i år, men uvanleg få frå Gneist. Eg kan hugsa år der Gneist dominerte både på og utanfor banen. Pallen i dei fleste stafett-øvingar var dekorert med Gneist-utøvarar, som på ikoniske bilete peika mot himmelen - for berre den utgjorde den boltske grensa.

No ja. Me får håpa at dei store mengdene ladar opp til Gneistspelen til helga, men i gamle dagar så tok ein både Stord og gneistspel på strak arm. Og det er ikkje kvar dag ein får springa på ein flott, blå bane.

Men Paavo var der med stavgjengen sin, noko som gjorde at Pål Haugen Lillefosse markerte seg både her og der. Fine konkurransar blei det også på Tobias Allers-Hansen i G12.

Og fredagen fekk me faktisk to klubbrekordar: Martine Eikemo Borge sette sin første utomhus klubbrekord i Gneist, då ho sprang på 1:31,61 på 600 meter fredag. Renate Lie hadde den gamle, frå 2013. Renate har framleis U20-rekorden. Martine sin pers er på 1:31,02, frå Opningsstemnet i 2014.



Og så: me har hatt Andreas Iden, me har hatt Henrik Irgens Gravdal og me har hatt Kristoffer Blücher, men pass på: for no kjem Herman Ellingsen og plukkar segnomsuste klubbrekordar på 600 meter! Herman tok G12-rekorden i fjor, og fredag sprang han på sterke 1:31,69 (åtte hundredelar bak Martine...), og sletta dermed nemnde Kristoffer sin rekord i G13 (1:32,31) frå 2012.

Følg med, følg med!...

mandag 17. august 2015

Kvalifiserte til junior-NM 2016

Kaj Ragnar Landaas plukka med seg fire gull under helgas stemne på Brandbu! Me får ta det som eit forvarsel, for neste år er det junior-NM på same arena, og alt like etter at årets junior-NM er avvikla, så det 23 namn på lista over kvalifiserte frå Gneist. Det er mange sterke namn. Eitt av dei, som no snart kan seia "endelig!", er Pål Haugen Lillefosse.



U20, kvinner
- Elina Drivenes
- Renate Lie
- Eline Myking
- Ingvild Myking
- Sanne Myrmel
- Anna Serine Røssland

U20, menn
- Vegard Albrigtsen
- Henrik Almenningen
- Andreas Haara Bakketun
- Kristoffer Blücher
- Henrik Irgens Gravdal
- Pål Haugen Lillefosse
- Gjert Høie Sjursen
- Jakob Jamt Ånonli
- Stian Øvergaard Aarvik
- Jens Larsen Åstveit

U23, kvinner
- Monika Benserud

U23, menn
- Anders Bjørndal
- Andreas Iden
- Stian Norheim
- Ole Martin Røssland
- Amund Høie Sjursen
- Erlend Gjerdevik Sørtveit

søndag 16. august 2015

Eventyrets begynnelse - junior-NM dag 3

For Henrik Irgens Gravdal og Andreas Iden blei junior-NM i Byrkjelo eit eventyr. For førstnemnde blei det avslutta med å komplettera Gneist si medaljesamling; han vann bronsen på 800 meter i U20 søndag, igjen med å slå ein av desse ungdommane frå Sandnes, med etter måten knepen margin.



Totalt blei det altså 1 gull - 1 sølv - 1 bronse.

Eit aldri så lite eventyr i seg sjølv, naturlegvis, og for desse karane spesielt.

Men for Gneist bør det berre vera eventyrets begynnelse. Det er ingen tvil om at det finst eit potensiale til ei endå større breidde, også i toppen, i klubben. Og, som tidlegare etterlyst; jentene er for tida sett på sidelinja av framoverstormande gutar/unge menn.

Elles siste dag: Fleire fine plasseringar, mellom anna til Henrik Almenningen i tresteg og til Anders Bjørndal på 800 meter i eldste klasse - eit svært godt finaleheat, som det var.

Gjert Høie Sjursen meiner eg debuterte på 110 meter hekk, med 16,82 - fem hundredelar bak Sonre Rinde sin G15-klubbrekord.

Stian Norheim betra persen sin på 3000 meter hinder monaleg frå fjorårets junior-NM - no til 10:08,29.

Og endeleg blei det heilt til slutt sprunge ein habil 1000 meter stafett. Sidan eldstemann på laget er i G18, så noterer me ein klubbrekord på distansen i nettopp G18. Dei fire på laget var Henrik Almenningen, Gjert Høie Sjursen, Kristoffer Blücher og Henrik Irgens Gravdal. Tida blei 2:03,50. Og om det skulle vera tvil: Det finst ein Henrik til - Almenningen

Vel blåst!

lørdag 15. august 2015

There is only one Henrik - junior-NM dag 2

No må nokon snart ta til å misforstå meg rett; eg har ingenting imot familien Ingebrigtsen. Kjekke typar, for all del. Då har eg større problem med norske sportsjournalistar. Eg har leia ei journalist-utdanning i 6 1/2 år, så eg har litt å fara med på det området.

Eg meiner; kvifor skal alt handla om nokre få utvalde, trass alt? 4. juni 2011 skreiv eg blogg-innlegget "Henrik Rodal Gravdal", fordi den då 13 år gamle Henrik Irgens Gravdal hadde sprunge på sterke 2:11,04 på 800 meter, same tida som seinare OL-meister Vebjørn Rodal sprang på som 13-åring.



Men Henrik fortener heile namnet sitt sjølv - Henrik Irgens Gravdal. For Henrik slår stadig nye rekordar og han slår jammen meg familien Ingebrigtsen også. Lørdag blei Henrik noko så sterkt som norsk juniormeister på 1500 meter! - eitt hundredel framfor Jakob Ingebrigtsen frå Sandnes, i eit rekordtett felt, der Jens Larsen Åstveit fekk med seg ein 7. plass.

Dette er Henrik sitt første individuelle junior-gull på landsplan. (Han har stafett-sølv som 15-åring frå tidlegare.) Og det er naturlegvis Gneist sitt første junior-gull på i alle fall tre tiår. (Eg må tråla fleire historiebøker her.)

(Jada, Henrik er også høfleg og grei og rein og fin i tøyet!)

På same distansen i U23 blei det ein sterk 4. plass for Anders Bjørndal på 3:58,15 og ein 6. plass på Erlend Gjerdevik Sørtveit på 3:58,66. Begge persa, Anders med eit knapt halvsekund og Erlend med pittelitt mindre. (Andreas Iden var to små hundredelar frå å pynta på sin pers.)



fredag 14. august 2015

Sølv til eit førebilete - junior-NM dag 1

I 2010 tok eg turen heilt til Ravnanger, i 2011 var eg i Kristiansand, i 2012 i Sigdal og i 2013 i Overhalla. I 2014 var ungdommane heilt utan meg i Fredrikstad. I 2015 er både ungdommane og eg heime i Bergen under junior-NM. Slik er det.

Eldstemann har plukka med seg det meste av små og halvstore skadar og små og halvstore sjukdommar siste tre kvart året. Eg veit ikkje kva det skal vera godt for, men han har no gjort det. Den nest-eldste slit med etterdønningar etter alvorleg skade og nye slitasjar i opptreninga. Slik er det.

Dette er bakgrunnen for desse refleksjonane. Såpass ærleg må eg vera.

Det er mot ein slik bakgrunn – og i ein slik situasjon – at ein treng førebilete.

No har eg skrive ein del godt meint om han tidlegare på denne bloggen, men eg gjer det éin gong til: Andreas Iden.



Andreas Iden er det viktigaste førebiletet, for mine ungdommar og for mange andre i hans idrettslege omgangskrets.

For det første er Andreas eit førebilete, reint generelt. Han er høfleg og grei og rein og fin i tøyet. Han har noko gjennomført skikkeleg over seg – og er utprega sosial.

Så er det nemnt – sjølv om det ikkje i og for seg skulle handla om det.

For kva for førebilete treng ein når ting buttar imot, når ein kjenner seg sportsleg langt nede? Jo, då treng ein førebileta til the come back kids – dei som har vore der, som har klart å arbeida seg gjennom motgangen og kome tilbake. Kome tilbake for fullt.

Det har Andreas gjort. Han var heilt der oppe, så har han hatt årelang motgang. Og så har han kjempa seg tilbake, betre enn nokon gong før. Og han har gjort det med stil og eleganse.

Årets – og vel så det – førebilete- pris går til Andreas Iden.

Og laurdag vann han ein fantastisk SØLV-medalje under junior-NM i Byrkjelo på 5000 meter, U23! Tru det eller ei; dette er Andreas sin første individuelle medalje – utomhus – i nasjonale meisterskap.

I helga er me spent på meir, mellom anna på Andreas sin tidlegare elev i Gneist Friidrett Friske Viljer (previously PU/FU), Kaj, som forsvarer Gneist sine fargar på storstemne på Brandbu.

**

Meir spenning i Byrkjelo sikra

·         Henrik Irgens Gravdal, som gjekk vidare til finale både på 800 meter og 1500 meter.
·         Jens Larsen Åstveit som gjekk til finale på 1500 meter, U20.
·         Anders Bjørndal som gjekk til finale på 800 meter, U23.


torsdag 13. august 2015

Før junior-NM - IV

2015 gav oss ikkje nokon dårleg sommar, berre ein forbaska treig sommar. Den kjem no, for full maskin. Omgrepet "finversfri" kjem til å koma til heider og verdighet igjen.

Både i Bergen og i Byrkjelo skal sola skina som om ho er galen (kanskje utanom litt vasking først her i Bergen?).

Her er siste runde med førehandsstoff til junior-NM:



Det var éi øving igjen på lista i U20 med gneistsk deltaking - tresteg. Her er det medalje-ekspert Henrik Almenningen som stiller, mellom totalt 9 utøvarar. Henrik er rangert som 4. mann på førehand - og dermed bør ein ikkje bli sjokkert om Henrik skulle klara det igjen. Er det ikkje bronse han kan best? Tresteg-konkurransen i Göteborg kan vera eit bra utgangspunkt. Viljar Gjerde frå Norna-Salhus og Erlend Bolstad Raa frå Fana er andre lokale medaljekandidatar, saman med lengde-spesialisten Ingar Kiplesund (Trondheim) - han med slekt i vene Kvinnherad.

Så til U23-øvingane, der det er er på mellom- og langdistanse (surprise, surprise) me finn lokale heltar:

800 meter finn me 16 mann på startlista, to frå Gneist: Anders Bjørndal og Erlend Gjerdevik Sørtveit. Erlend er komen på rett side av 2-talet på 800, men må finna seg i å vera bak i køen her, medan Anders er 8. rangert - midt i laget - førehand. Men om Anders er mindre smålåten enn under NM i Haugesund, så kan slutt-plasseringa bli eit hakk betre enn som så. Håkon Mushom (Vidar), Sindre Løchting (Tjalve) og Snorre Holtan Løken (Tjalve) har best tider i år, på førehand.

1500 meter er det totalt 17 utøvarar med, tre av dei frå Gneist. Ved sidan av 800-spesialist Håkon Mushom (Vidar) er det Tjalve-utøvarar som har best tider i år på førehand: Snorre Holtan Løken, Sindre Løchting og Erik Udø Pedersen. Anders Bjørndal (6), Erlend Gjerdevik Sørtveit (8) og Andreas Iden (9) treng ikkje, med sine utgangspunkt, på nokon måte å stå med hua i handa.

Det er såpass mange som 13 påmelde på 5000 meter. Andreas Iden er i sjiktet mellom 4 og 6 førehand, eit spennande sjikt. Det same er Erlend Gjerdevik Sørtveit. Jørgen Frost Bø (Ullensaker/Kisa) har teke til å springa mindre, ifølgje ryktene, og blitt knallgod. Det kan vera eit interessant råd å følgja... Mats Bjørgum (Strindheim) og Kristian Tjørnhom (Kristiansand) må nemnast, saman med Tjalve-løparane Erik Udø Pedersen og Snorre Holtan Løken. I praksis er det spennande å sjå om dei best rangerte stiller på alt dei er påmeldt i. Det vil seia; det gjer ganske sikkert ikkje alle - noko som igjen kan opna opp større sjansar for Gneist-utøvarane enn det papiret fortel om på førehand.

**

Gneist er også påmeldt på 1000 meter stafett i U20. 10 lag er påmeldt. Kven som stiller søndag, er det vanskeleg å spå om. Men på sitt beste kan eit Gneist-lag hevda seg temmeleg bra.

onsdag 12. august 2015

Før junior-NM - III

Det er framleis menn U20 det handlar om i dagens runde med førehandsblikk på junior-NM.



800 meter er det påmeldt 32 utøvarar, ein åttandedel - det skulle bli fire - er frå Gneist. 800 meter er ei gromøving og det er kjekt å sjå mange sterke namn på lista og at fleire av dei er gneistske. Igjen er Henrik Irgens Gravdal - som på 1500 meter - i utfordrarposisjon til medalje. Edvard Kamperud Nygaard (Tjalve), Markus Einan (Ullensaker/Kisa) og Sigurd Blom Breivik (Ullensaker/Kisa) har best tider i år, men me gler oss ikkje minst til - endeleg?! - duell mellom Henrik og Jakob Ingebrigtsen. Henrik har 5. beste tida i år. Ein annan duell det er muleg å gle seg til, er den mellom 99-utøvarane Kristoffer Skage Nordlund (Trones) og Kristoffer Blücher, med høvesvis 7. og 11. beste tida i feltet på førehand. Jens Larsen Åstveit er rangert som nr. 15 på førehand. I tilegg er me spente på kva for form Vegard Albrigtsen har klart å finna fram mot helga.

Så til 5000 meter. I skrivande stund veit eg ikkje om vårt pr. startliste fremste kort her, Stian Øvergaard Aarvik, stiller. Det tok på å springa himmelløpet i Tromsø nyleg, men Stian i form kan bita frå seg i det 23 mann sterke feltet. Hans tid på 15:09 er på førehand den 6. beste tida. Her har junior-EM- fararane Lard Lunde (Stord) og Markus Borge Harbo (Skjalg) dei beste tidene i år, med Joakim Sødal (Kyrksæterøra) og kometen Mats Hauge frå Haugesund deretter. Med i tetgruppa høyrer naturlegvis også Sigurd Ruud Skjeseth (Orion), med 14:43 frå fjoråret. Også Stian Norheim er på startlista på 5000 meter.

Eit av dei ferskaste tilskota til vår delegasjon i Trondheim, Stian Norheim, er representanten vår på 3000 meter hinder. Her er det 13 mann på startlista, og sjølv om eg alltid har tru på Stian på hinder, så er det nok sterkare utøvarar med i feltet. Thomas Jefferson Byrkjeland (Tjalve), som markerte seg på 2000 meter hinder i U18-VM i sommar, Lars Lunde og Ola Martin Gåsvær (Ranheim) er gode hindernamn. Me er også spente på kva Sondre Strøm (Laksevåg) kan finna på. Og så er Jakob Ingebrigtsen påmeldt også her. Det kan bli særs spennande. Broder Henrik har mange sterke hindertider bak seg.

Til sist i dag til øvinga der Amund Høie Sjursen tok sitt 2. gull i fjorårets junior-NM. Då vann Amund lengde med om lag halvmeteren framfor nr. 2. I år er det ein klar medaljetrio på førehand, i mangekjemparane Karsten Warholm (Dimna) og Toralv Opsal (Ålesund), i tillegg til hopp-spesialist Ingar Kiplesund (Trondheim), mellom dei to i rangeringa. Gneist har faktisk så mange som 3 av 11 på startlista: Gjert Høie Sjursen (6. rangert), Henrik Almenningen (8) og Sondre Rinde (9).

tirsdag 11. august 2015

Før junior-NM - II

Då skal det altså handla om gutane dei resterande innlegga før helgas junior-NM i Nordfjord.



100 meter i U20 representerer Gjert Høie Sjursen Gneist og familien Høie Sjursen. Medan broder Amund var i junior-NM på Lisleby i fjor og henta gull, så dreg fire år yngre Gjert til Byrkjelo for å henta erfaring. Dei to som kom nærmast Amund i fjor, Jonathan Quarcoo (Orion) og Even Meinseth (Sørild) er favorittar i år, saman med mangekjempar/tusenkunstnar Karsten Warholm (Dimna).



Den doble distansen, 200 meter, har også ein frå Gneist på startlista, Kristoffer Blücher. Her er det endå fleire enn på 100 - 46 - som er påmeldt. Dei same tre som på 100 er medaljefavorittane, men her med sørrlendingen og bronsevinnar i junior-EM, Even Meinseth, høgast på rankingen på førehand.

Nokre færre - 9 i talet - er påmeldt 110 meter hekk. Både lengda og, meiner eg, høgda, er ny for Gjert Høie Sjursen, medan stadig sprekare Sondre Rinde har prøvd seg tidlegare. Her er stadig nemnde Karsten Warholm etter måten klar favoritt, med Eivind Kleven Hagen (Fagernes) og Petter Sørum Hagen (Veldre) som andre medalje-aspirantar.

Nemnde Amund Høie Sjursen sette dei lokale fargane verkeleg på kartet i fjorårets junior-NM. Ein av dei som kan gjera det i år, er Henrik Irgens Gravdal, som er ein av tre frå Gneist som er påmeldt 1500 meter i U20. Totalt er det såpass mange som 31 namn på startlista på distansen. Henrik på sitt beste er medaljeutfordrar, der Edvard Kamperud Nygaard (Tjalve), Sigurd Blom Breivik (Ullensaker/Kisa) og fenomenet Jakob Ingebrigtsen (stadig ikkje 15 år og stadig frå Sandnes) har dei beste tidene på førehand. Jens Larsen Åstveit er rangert oppe på 9. plass. Tredjemann i følget er Vegard Albrigtsen, som det er kjekt å sjå tilbake på ei startliste igjen.

mandag 10. august 2015

Før junior-NM - I (Kor e alle jenter hen?)

Dette første innlegget framfor komande helgs junior-NM i Byrkjelo tar for seg absolutt alle jentene som er påmeldt meisterskapet frå Gneist.

Tre.

3.

Og det var her eg skulle hatt ein grundig analyse av årsaksforhold og slikt. Det skal eg ikkje. Eg skal berre (igjen) peika på at jente-friidretten i Gneist, samla sett, bør vera langt oppe på saklista i dei styrande organa - når sesong skal evaluerast og ny(e) sesong(ar) skal planleggast.

Så er det nemnt.

Og det blir nok nemnt igjen.

Til jentene:

Ingrid Næss Johansen er påmeldt 3000 meter i U20. Her er det totalt 13 påmelde utøvarar. Live Solheimdal (Steinkjer) og Ingrid Folvik (Gular) peikar seg ut som favorittar. Vår Ingrid har eitt 3000-løp i år, på 11:17 i Göteborg.



Maren Haugen Lillefosse hadde ein lang, ufrivillig pause i forkant av fjorårets junior-NM. Då tok ho ein strålande bronsemedalje. Ho er påmeldt lengde også i år, saman med 31 andre utøvarar. Caroline Fleischer frå Ski, som kom på plassen bak Maren i fjor, er favoritten i år. Ei Maren i fjorårsform vil vera i finale - og kan henda vel så det.

Sanne Myrmel har vore mykje på turné med stav-gjengen, men har ikkje konkurrert på ei god stund. Ho er ei av ni jenter med i stav i U20 - gledeleg mange. Sanne er rangert bakerst i gjengen, med Lene O. Retzius frå BUL som (klar) favoritt.

Då er alle påmelde Gneist-jenter i årets junior-NM presentert. Det var tungt arbeid - i alle fall i overført tyding.

**

Gutane er ein liten bunch, naturlegvis. Kjem tilbake til dei.

søndag 9. august 2015

OBS: Rekord-skred

15-åringen i heimen er ekspert på yr.no. Han følgjer yr.no opptil fleire timar i døgeret - inga overdriving. Det han likar aller best er "OBS-varsel". Søndag burde det ha vore sendt ut OBS-varsel for rekordskredet på Bislett Stadion i Oslo!

Vel, det kom eit forvarsel: Søndag føremiddag var det ein i familien som sette ny treningspers på halvmaraton. Eg nemner ikkje namn, sidan det er å rekna som skryt og eg er rimeleg godt oppdregen. Men eg kan lova at det kjem meir om dette sidan.

Til businessen på Bislett:

Aller først til denne karen:


Søndag sprang han på rekordraske 11,47 på 100 meter i finalen (i G15). Det skjedde i optimale +1,8 i vind. Då hadde Pål Haugen Lillefosse  persa i forsøket, i motvind. Med 11,47 sette Pål endå ein ny norsk aldersrekord i G14. Den gamle var det klubbkompis Andreas Haara Bakketun som hadde, frå Veidekkelekene. Dei to er dermed 1 og 2 gjennom absolutt alle tider på sjølvaste 100 meter i G14. Det er veldig sterkt.

Er Gneist det nye Gular? Det er heilt sikkert nokon som spør seg dette, etter ein ny lag-maktdemonstrasjon frå mellom- og langdistansegjengen. Om Johnny og Bjarte er stolte no, så er det til å forstå. (Me er også stolte, både over utøvarar og trenarar!)

Nei da, Gneist er noko heilt anna enn Gular. Gneist er det nye Gneist. Etter rekordane på 1500 meter lørdag, så blei det eit nytt "alle skal få" på den doble distansen søndag.

Medan den sportslege sesongen til eldstemann i huset har vore ein del hakk under så som så, så (...) kan ingen ta frå han den analytiske evna på den sportslege arenaen. Tidleg, tidleg i vår sa han skråsikkert at Andreas Iden kom til å bli spydspissen i Gneist på distansane frå 3000 meter og oppover. Innartiar, Ole Martin! Søndag tok Andreas ein sterk 5. plass, persa til 8:32,81 og inntok 6. plassen på Gneist Senior sin aldelskalender på 3000 meter, like bak karar som Terje Sejrup og Øyvind Liland!

Under Tyrvinglekene i juni møtte eg ein skuffa Erlend Gjerdevik Sørtveit etter 3000-meteren. Han hadde persa solid, til 8:46, men meinte han burde ha sprunge fortare. Det gjorde han til gagns på Bislett. Ny pers er 8:36,82, nesten ti sekund ned frå Nadderud i juni! (Og Erlend er nr. 10 på Gneist-adelskalenderen med dette.)

Det blei "berre" pers med 1,1 sekund på Espen Roll Karlsen - til 8:43,90. Men Espen er i høgste grad med i rekordgjengen denne sesongen.

Og så eventyret i nr. 8, Anders Bjørndal. No har han subba seg godt ned under 9 på 3000 meter også. Persen på 8:46,00 er 49,04 (!) sekund betre enn gamlepersen, frå Mailekene i Haugesund i 2012!

Jens Larsen Åstveit sprang styggfort på fleire distansar tidleg i sesongen. Han har vore litt ute av "rekord-magazinet" ei stund no. Søndag var han tilbake - med 8:48,63 blei det pers med nærare to og eit halvt sekund.

**

Gjert Høie Sjursen - norgeseinar i ei rekkje øvingar i G15 - markerte seg også: med pers på 100 meter (11,80) og med ny klubbrekrod på 100m hekk (84 cm) med 13,77 - 11/100 betre enn Sondre Rinde si tid med denne hekkehøgda i 2013.

På topp i Norge, gutar - pr. 9. august 2015

August-utgåva av Gneist-markeringar i norgesstatistikken er komen til gutane i aldersbestemte klassar. Her er det blitt endå fleire på listene sidan sist (2. juli). Ja, G14-lista åleine hadde fortent eit eige blogg-innlegg. Gutane i Gneist har hatt mange solide sesongar bak seg, med total dominans i Hordaland, mellom anna. 2015 ser ut til å bli endå sterkare.

(topp 20)

G11
1. Ole-Alexander Padøy, 80 meter (12,14)
2. Ole-Alexander Padøy, tresteg (8,84)
5. Ole-Alexander Padøy, 60m hekk (11,03)
6. Kasper Oanæs Andersen, 60m hekk (11,04)
7. Ole-Alexander Padøy, 200 meter (30,09)
8. Thomas Brattaule, kule (8,47)
11. Thomas Brattaule, diskos (17,90)
11. Jon-Anders Haukøy, tresteg (7,78)
13. Ole-Alexander Padøy, 600 meter (1.53,45)
13. Kasper Oanæs Andersen, tresteg (7,62)
14. Thomas Brattaule, spyd (21,74)
14. Thomas Brattaule, tresteg (7,52)
14. Kasper Oanæs Andersen, 80 meter (13,57)
15. Ole-Alexaner Padøy, høgde (1,20)
15. Thomas Brattaule, høgde (1,20)
16. Thomas Brattaule, liten ball (37,10)
16. Thomas Brattaule, 80 meter (13,72)
18. Thomas Brattaule, lengde (3,93)
18. Ole-Alexander Padøy, lengde (3,93)
19. Ole-Alexander Padøy, spyd (19,56)

G12
1. Tobias Allers-Hansen, 40 meter (6,32)
4. Tobias Allers-Hansen, 80 meter (11,72)
11. Tobias Allers-Hansen, liten ball (41,69
12. Tobias Allers-Hansen, lengde (4,38)
14. Tobias Allers-Hansen, 600 meter (1:46,79)
16. Tobias Allers-Hansen, 60m hekk (11,36)
18. Tobias Allers-Hansen, 200 meter (29,90)
20. Tobias Allers-Hansen, høgde (1,30)

G13
1. Herman Ellingsen, 60m hekk (9,66)
2. Herman Ellingsen, 600 meter (1:37,27)
2. Herman Ellingsen, 200 meter (26,05)
3. Herman Ellingsen, 300 meter (44,41)
4. Herman Ellingsen, 800 meter (2:25,9)
6. Herman Ellingsen, 100 meter (13,28)
9. Herman Ellingsen, 60 meter (8,33)
15. Herman Ellingsen, 1500 meter (5:03,91)
10. Andreas August Kyte, 80 meter (12,23)
17. Erlend Borsholm, 800 meter (3:00,29)
18. Johan Johnsen, 800 meter (3:04,44)
19 Herman Ellingsen, diskos (20,21)



G14
1. Andreas Haara Bakketun, 60 meter (7,31)
1. Andreas Haara Bakketun, 100 meter (11,53)
1. Andreas Haara Bakketun, 200 meter hekk (27,02)
1. Andreas Haara Bakketun, 300 meter (37,96)
1. Pål Haugen Lillefosse, 80m hekk (11,10)
1. Pål Haugen Lillefosse, stav (4,83)
1. Pål Haugen Lillefosse, lengde (6,50)
1. Pål Haugen Lillefosse, 80 meter (9,37)
1. Pål Haugen Lillefosse, 200 meter (22,80)
1. André Seliussen, 5000 meter (17:48,7)
1. André Seliussen, 10000 meter (37:15,70)
1. Håvard Rinde, spyd (49,92)
2. Andreas Haara Bakketun, 80 meter (9,49)
2. Andreas Haara Bakketun, 200 meter (23,57)
2. Andreas Haara Bakketun, 300 meter hekk (41,05)
2. Pål Haugen Lillefosse, 60 meter (7,36)
2. Pål Haugen Lillefosse, 100 meter (11,64)
2. Pål Haugen Lillefosse, høgde (1,67)
2. André Seliussen, 3000 meter (9:46,98)
2. Håvard Rinde, kule (12,04)
3. André Seliussen, 2000 meter (6:14,75)
3. Håvard Rinde, diskos (34,78)
3. Andreas Haara Bakketun, 80m hekk (11,57)
3. Andreas Haara Bakketun, høgde (1,60)
3. Andreas Haara Bakketun, lengde (5,92)
4. Hans-Magnus Haukøy, 600 meter (1:31,89
4. Hans-Magnus Haukøy, 1500 meter (4:32,63)
4. Håvard Rinde, 300m hekk (43,51)
5. Håvard Rinde, tresteg (10,83)
6. André Seliussen, 1500 meter (4:33,37)
7. Håvard Rinde, slegge (29,65)
7. Håvard Rinde, 300 meter (41,78)
8. Hans-Magnus Haukøy, 800 meter (2:14,46)
8. Håvard Rinde, 80m hekk (12,50)
8. Pål Haugen Lillefosse, diskos (30,98)
9. Håvard Rinde, høgde (1,55)
19. André Seliussen, 600 meter (1:37,59)

G15
1. Gjert Høie Sjursen, 100m hekk (14,16)
1. Gjert Høie Sjursen, lengde (6,24)
1. Gjert Høie Sjursen, diskos (46,42)
1. Gjert Høie Sjursen, 9-kamp (5116)
2. Gjert Høie Sjursen, 60 meter (7,49)
2. Thomas Blücher, 600 meter (1:30,35)
3. Gjert Høie Sjursen, 1000 meter (3:15,54)
3. Gjert Høie Sjursen, 80 meter (9,86)
4. Gjet Høie Sjursen, kule (13,18)
5. Gjert Høie Sjursen, stav (2,80)
6. Gjert Høie Sjursen, 100 meter (11,85)
8. Gjert Høie Sjursen, slegge (37,80)
8. Thomas Blücher, 2000 meter (6:10,50)
8. Thomas Blücher, 800 meter (2:06,56)
9. Gjert Høie Sjursen, høgde (1,58)
10. Gjert Høie Sjursen, spyd (42,36)
11. Gjert Høie Sjursen, 200 meter (24,46)

G16
1. Kristoffer Blücher, 80 meter (9,47)
1. Kristoffer Blücher, 400 meter (51,30)
2. Kristoffer Blücher, 100 meter (11,37)
2. Kristoffer Blücher, 800 meter (1:56,9)
2. Jakob Jamt Ånonli, 80 meter (9,83)
3. Jakob Jamt Ånonli, 60 meter (7,60)
3. Jakob Jamt Ånonli, lengde (6,03)
8. Kristoffer Blücher, 200 meter (23,50)
14. Jakob Jamt Ånonli, 100 meter (11,71)

G17
1. Henrik Irgens Gravdal, 800 meter (1:53,94)
1. Henrik Irgens Gravdal, 1500 meter (3:54,76)
1. Vegard Albrigtsen, 10000 meter (49:47,54)
2. Henrik Irgens Gravdal, 3000 meter (8:34,11)
4. Vegard Albrigtsen, 5000 meter (17:00,7)
7. Vegard Albrigtsen, 800 meter (2.00,70)
8. Sondre Rinde, lengde (5,84)
12. Andreas Jensen, 1500 meter (4:29,54)

G18/19
1. Henrik Almenningen, tresteg (13,31)
3. Stian Norheim, 2000m hinder (6:37,00)
5. Jens Larsen Åstveit, 1500 meter (4:00,40)
6. Stian Øvergaard Aarvik, 5000 meter (15:09,53)
7. Stian Norheim, 10000 meter (49:46,53)
9. Henrik Almenningen, lengde (6,19)
10. Stian Norheim, 5000 meter (16:10,61)
10. Jens Larsen Åstveit, 800 meter (1:57,9)
10. Jens Larsen Åstveit, 3000 meter (8:52,77)
13. Henrik Almenningen, spyd (40,75)
13. Rasmuss Wernø, 60 meter (8,69)

lørdag 8. august 2015

Gutta Boys på Boysen

Det heilnorske Norwegian GP Boysen Memorial gjekk av stabelen på Bislett lørdagskvelden. Og gutta boys frå Gneist markerte seg skikkeleg - på 1500 meter:




Espen Roll Karlsen likar seg godt på Bislett. Han har sprunge fleire sterke løp på andre distansar der. No betra han persen sin på 1500 meter til 3:57,25 - 99/100 betre enn gamlepersen, sett på Bislett for eitt år sidan!

Anders Bjørndal flytta persen sin frå 4:01,40 (Gøteborg) til banebrytande 3:58,60!

Erlend Gjerdevik Sørtveit gjekk ikkje lenge å trakka like over 4. I staden er han også no "sub 4"-løpar, med ny pers 3:59,00!

Andreas Iden nærmar seg den magiske grensa han også. Han betra persen frå Fana Stadion for eit par veker sidan med eit halvsekund - til 4:00,69!

På adelskalenderen i Gneist-soga er Espen nr. 9, Anders 11 og Erlend 13 (og Henrik nr. 5...).

**

På Tjalvelekene på same stadion betra Pål Haugen Lillefosse eigen norsk aldersrekord på 80 meter hekk i G14, frå 11,17 til 11,10.

Gjert Høie Sjursen tangerte persen i lengde - på 6,24 (og vann konkurransen med 97 centimeter...)

På topp i Norge, jenter - pr. 8. august 2015

Nedanfor følgjer oversikten over Gneist-markeringar i norgesstatistikken for jenter, pr. 8. august, før siste innspurt av utesesongen set inn.

(topp 20)

J11
5. Emilie Hestad, 100 meter (16,09)
6. Ada Ringheim, 40 meter (6,89)
7. Camilla Hoddevik Sunnset, 100 meter (16,34)
9. Emilie Hestad, 80 meter (13,06)
14. Ada Ringheim, 80 meter (13,29)
16. Sofie Ellingsen, 100 meter (18,00)
20. Kaia Lind Aasen, 40 meter (7,71)

J12
1. Emma A. Voldsund, spyd (37,00)
1. Emma A. Voldsund, liten ball (52,57)
1. Emma Dahl Sørbo, 80 meter (11,57)
2. Hilda Lovise Riisnes Riise, 80 meter (11,64)
2. Hilda Lovise Riisnes Riise, 40 meter (6,35)
3. Emma A. Voldsund, tresteg (9,34)
3. Una Haukanes, 40 meter (6,42)
3. Marie Seliussen, 1500 meter (5:17,55)
4. Emma A. Voldsund, lengde (4,69)
4. Hilda Lovise Riisnes Riise, tresteg (9,16)
5. Line Ludvigsen, spyd (24,58)
5. Emma A. Voldsund, 60m hekk (10,64)
6. Emma A. Voldsund, 80 meter (11,77)
7. Pernille Michelsen, 60m hekk (10,85)
8. Una Haukanes, tresteg (8,85)
9. Una Haukanes, 60m hekk (10,93)
10. Una Haukanes, lengde (4,48)
10. Pernille Michelsen, 80 meter (12,17)
11. Line Ludvigsen, liten ball (38,18)
12. Emma Dahl Sørbo, tresteg (8,64)
13. Lea Låstad, spyd (21,03)
13. Lea Låstad, 40 meter (7,27)
14. Emma A. Voldsund, 200 meter (29,49)
17. Emma Dahl Sørbo, høgde (1,30)
17. Hilda Lovise Riisnes Riise, lengde (4,37)
17. Hilda Lovise Riisnes Riise, 60 meter (8,78)
18. Hilda Lovise Riisnes Riise, 200 meter (29,70)
18. Una Haukanes, 60 meter (8,81)
19. Lea Låstad, lilten ball (34,59)
20. Pernille Michelsen, lengde (4,30)



J13
12. Adele Henriksen, 1500 meter (5:22,2)
14. Nora Helene Kjerland Kristensen, 80 meter (12,08)
18. Nora Helene Kjerland Kristensen, 600 meter (1:48,04)
20. Jenny-Marie Wold, 80 meter (13,61)

J14
- ingen.

J15
5. Anna Evensen, 60m hekk (12,45)
7. Anna Evensen, lengde (5,00)
11. Anna Evensen, 60 meter (8,63)

J16
1. Ingvild Myking, 3000 meter (9:57,52)
2. Ingvild Myking, 1500 meter (4:33,22)
3. Sanne Myrmel, stav (2,57)

J17
7. Renate Lie, 400 meter (60,98)

J18/19
1. Monika Benserud, 80 meter (10,20)
1. Monika Benserud, 60 meter (7,89)
1. Monika Benserud, tresteg (12,66)
4. Monika Benserud, lengde (5,66)
6. Monika Benserud, 100 meter (12,47)
6. Eline Myking, 1500 meter (4:42,52)
13. Ingrid Næss Johansen, 3000 meter (11:17,13)
20. Anna Serine Røssland, 1500 meter (5:02,59)

fredag 7. august 2015

På topp i Norge - senior, menn - pr. 7. august 2015

I dag opnar Tjalvelekene på Bislett. Der kjem det til å skje interessante ting, sett både med nasjonale og lokale auge. Det er med det (og med eit par persar på Knarvik som ikkje er med i denne oversikten) i mente at oversikten over Gneist-markeringar i seniorstatistikken her blir presentert.

Topp 100 i ei øving - og parentesen samanliknar med oversikten på bloggen 30. juni:

60 meter
19. Jakob Jamt Ånonli 7,60 (-2)
21. Gjert Høie Sjursen 7,61 (-2)
72. Rasmuss Wernø 8,69 (-26)

80 meter
4. Kristoffer Blücher 9,48 (-3)
6. Jakob Jamt Ånonli 9,83 (-2)
7. Gjert Høie Sjursen 9,86 (ny)

100 meter
72. Kristoffer Blücher 11,37 (-13)

200 meter
99. Kristoffer Blücher 51,30 (-16)

400 meter
44. Kristoffer Blücher 51,30 (-6)
59. Anders Bjørndal 52,02 (-7)

600 meter
28. Thomas Blücher 1:30,35 (ny)



800 meter
21. Anders Bjørndal 1:53,84 (+8)
22. Henrik Irgens Gravdal 1:53,94 (-1)
39. Kristoffer Blücher 1:56,9 (+7)
49. Jens Larsen Åstrveit 1:57,9 (-6)
65. Erlend Gjerdevik Sørtveit 1:59,25 (ny)
79. Andreas Iden 2:00,44 (+21)
85. Vegard Albrigtsen 2:00,70 (-18)

1000 meter
8. Gjert Høie Sjursen 3:15,54 (-3)

1500 meter
21. Henrik Irgens Gravdal 3:54,76 (+3)
34. Espen roll Karlsen 3:59,83 (ny)
37. Jens Larsen Åstveit 4:00,40 (-3)
38. Erlend Gjerdevik Sørtveit 4:00,44 (ny)
43. Andreas Iden 4:01,15 (-7)
45. Anders Bjørndal 4:01,40 (ny)

2000 meter
13. Thomas Blücher 6:10,50 (-)

3000 meter
21. Henrik Irgens Gravdal 8:34,11 (-)
24. Andreas Iden 8:36,33 (-)
40. Erlend Gjerdevik Sørtveit 8:46,41 (-)
52. Espen Roll Karlsen 8:50,64 (-1)
60. Jens Larsen Åstveit 8:52,77 (-1)
73. Ole Martin Røssland 8:59,75 (-1)

5000 meter
27. Andreas Iden 14:52,97 (-4)
35. Espen Roll Karlsen 15:08,96 (ny)
36. Stian Øvergaard Aarvik 15:09,53 (-24)
37. Erlend Gjerdevik Sørtveit 15:09,54 (ny)
68. Ole Martin Røssland 16:07,50 (ny)
70. Stian Norheim 16:10,61 (-43)
81. Morten Seliussen 16:51,78 (-49)
85. Vegard Albrigtrsen 17:00,7 (-50)

10000 meter
26. Andreas Iden 31:44,10 (-14)
67. Morten Seliussen 35:53,79 (-34)
72. Stian Norheim 49:46,53 (-38)
73. Vegard Albrigtsen 49:47,54 (-38)

2000 meter hinder
9. Stian Norheim 6:37,00 (-5)

3000 meter hinder
7. Espen Roll Karlsen 9:43,08 (ny)

Høgde
60. Gjert Høie Sjursen 1,58 (-13)

Stav
32. Gjert Høie Sjursen 2,80 (-5)

Lengde
25. Gjert Høie Sjursen 6,24 (-3)
28. Henrik Almenningen 6,19 (-4)
37. Jakob Jamt Ånonli 6,03 (-5)

Tresteg
10. Henrik Almenningen 13,31 (+5)

Spyd
49. Henrik Almenningen 40,75 (-9)

torsdag 6. august 2015

På topp i Norge - senior, kvinner - pr. 6. august 2015

Me er komne til "august-utgåva" av blikket på norgesstatistikken - denne gongen kvinner, senior. Sidan sist (29. juni) har det ikkje skjedd mykje, men nokre resultat har då kome til - mellom anna frå Världsungdomsspelen.

Topp 100 i ei øving er det som gjeld. I parentes skilnaden frå 29. juni-oversikten:

60 meter
1. Monika Benserud, 7,89 (-)
28. Anna Evensen 8,63 (-2)

80 meter
1. Monika Benserud 10,20 (-)

100 meter
33. Monika Benserud 12,47 (-4)

400 meter
53. Renate Lie 60,98 (-4)
74. Elina Drivenes 62,34 (-5)

800 meter
9. Martine Eikemo Borge 2:11,00 (-3)



1500 meter
18. Ingvild Myking 4:33,22 (-3)
28. Eline Myking 4:42,52 (ny)
68. Anna Serine Røssland 5:02,59 (ny)

3000 meter
12. Ingvild Myking 9:57,52 (-3)
52. Ingrid Næss Johansen 11:17,13 (ny)

Stav
20. Sanne Myrmel 2,57 (-2)

Lengde
11. Monika Benserud 5,66 (+7)
52. Anna Evensen 5,00 (-3)
87. Sanne Myrmel 4,76 (-11)

Tresteg
3. Monika Benserud 12,66 (-1)

onsdag 5. august 2015

Rekordstatus - 18-åringane

Rekordstatus-serien er til veis ende for denne gongen. Me tar 18-åringane under eitt like så godt. Først jentene:

Her er det Anne-Beth Espetvedt som har norsk aldersrekord av dei med Gneist-bakgrunn. Ho har for så vidt bakgrunn annan stads også, men representerte Gneist/BFG mot slutten av tenåra. Rekorden hennar er på 200 meter hekk (27,69). Den ferskaste J18-rekorden har Beatrice Nedberge Llano, Laksevåg, i slegge - frå NM i Haugesund sist helg.

Her er norske aldersrekord-innehavarar i J18 frå Hordaland:
- Ingvill Måkestad, Korlevoll (600 meter)
- Isabelle Pedersen, Norna-Salhus (100 meter hekk)
- Anne-Beth Espetvedt, BFG Fana (200 meter hekk)
- Vilde J. Svortevik, Laksevåg (400 meter hekk)
- Ingvild Larsen, Laksevåg (lengde)
- Beatrice Nedberge Llano, Laksevåg (slegge)

Utanom 200 meter hekk har Anne-Beth Espetvedt også kretsaldersrekord på 200 meter (24,55). Det er dei to rekordane på Gneist-hender i J18. Her har Ingvill Måkestad heile fem kretsaldersrekordar (400 meter, 600 meter, 800 meter, 1500 meter, 3000 meter).



Så over til gutane, der me heller ikkje i G18 kjem utanom Amund Høie Sjursen. Amund hadde ein stor sesong i fjoråret, der han mellom anna sette norsk aldersrekord på 100 meter (10,45). Det er ingen liten prestasjon i ei etter måten populær øving. I lengde var han tett på rekorden til husnesingen Gøran Moen.

Her er norske aldersrekord-innehavarar i G18 frå Hordaland:
- Amund Høie Sjursen, BFG Bergen (100 meter)
- Geir Søgnebotten, Laksevåg (1000 meter)
- Eirik Greibrokk Dolve, Fri (stav)
- Gøran Moen, Gular (lengde)
- Ketil Hanstveit, Norna-Salhus (tresteg)
- Sven Martin Skagestad, Norna-Salhus (kule, 6 kg)

Utanom Amund sin 100 meter er det hekkerekordar for Kjetil Espetvedt kretsrekord-sida (110m hekk, både 100cm og 106,7cm, både elektronisk og manuelt). I tillegg så finst noko så sjeldan som ein kast-rekord, i og med at Steffen Nerdal hadde Gneist-drakta på seg då han kasta 48,69 i diskos (2kg) tilbake i 2003.

tirsdag 4. august 2015

Rekordstatus - G17

Eg har litt ferie igjen - og regnet kosar seg utanfor, så her susar me vidare med rekordstatus for G17. Samtidig held me fram med å gjera litt stas på dei skadde, med fokus på ein hinderløpar i ein kjellar nær meg i førre innlegg - og med litt fokus på ein sprintar/hoppar i ein vegstubbe heller ikkje langt herifrå i dette.

For me er komne til G17. På aldrsrekord-nivået er det kulekjempa, med delvis dansk base, Marcus Thomsen (Tjalve), som har sett aldersrekord i 2015: Heile 19,59 med 5 kilos-kula. Det same har klubb-kameraten Thomas Jefferson Byrkjeland gjort på 2000 meter hinder, distansen han også sprang under U18-VM i Colombia (rekord-tida: 5:49,30).

Følgjande har aldersrekord frå Hordaland i G17:
- Kjetil Hodnekvam, AKS-77 (1000 meter)
- André Bruflot, Bjarg (2000 meter)
- Eirik Greibrokk Dolve, Fri (stav)
- Rune Fantoft, Gular (tresteg)
- Sven Martin Skagestad, Loddefjord & Norna/Salhus (diskos 1,5kg og 1,75kg)



Den omtalte karen frå Søvikgeilen, Amund Høie Sjursen, er mellom Gneist-gutane som har kretsaldersrekord i G17:
- Amund Høie Sjursen (100 meter)
- Terje Sejrup (5000 meter)
- Kjetil Espetvedt (110m hekk - 100, manuelt)
- Sigve Stenersen (2000m hinder)
- Terje Sejrup (3000m hinder)

** Den ferske norgesmesteren i diskos, Sven Martin Skagestad, har (i alle fall) sju kretsaldersrekordar i ulike kastøvingar i G17.

Rekordstatus - J17

Beatrice Nedberge Llano imponerte igjen i slegge i NM i Haugesund. Hennar slegge-rekordar i J17 frå i fjor er også mellom dei ferskaste norske aldersrekordane i klassen - saman med Anna Serine Røssland sin rekord på 1500 meter hinder frå Göteborg i fjor. I tillegg så er ein av dei mange norske internasjonale medaljevinnarane denne sommaren, Stella Weinberg (Mandal) ny rekordhaldar med 500 gram-spydet. Utover det er det ein god del tilårskomne aldersrekordar i J17.





Kjersti Ristesund frå Gneist og BFG Fana er norsk rekord-innehavar på 200 meter hekk - frå hennar toppsesong i 1987.

Her er norske aldersrekordar-haldarar frå Hordaland i J17:
- Linda Hansson, Fana (60 meter, manuelt)
- Siri Bjelland, Fana (600 meter)
- Ingvill Måkestad, Korlevoll (1000 meter)
- Isabelle Pedersen, Norna-Salhus 100m hekk 76,2 + 84)
- Kjersti Ristesund, BFG Fana (200m hekk)
- Anna Serine Røssland, Gneist (1500m hinder)
- Katrine Haarklau, Gular (stav)
- Ingvild Larsen, Laksevåg (lengde)
- Gunn Torhild Johannessen, AKS-77 (kule)
- Beatrice Nedberge Llano, Laksevåg (Slege 3kg + 4kg)

Og dette er Gneist-jentene i J17 med kretsaldersrekordar:
- Kjesti Ristesund (60 meter, elektronisk, inne)
- Torunn Sandvoll (3000 meter)
- Kjersti Ristesund (200m hekk)
- Anna Serine Røssland (1500m hinder + 3000m hinder)



mandag 3. august 2015

Kvalifiserte til hovud-NM på Askøy 2016

Denne bloggen - som framleis er like der på grensa til Folkeskikken, forresten - held seg med ei rad tradisjonar etter kvart. Ein av dei er å fortelja kven som er kvalifiserte til neste års meisterskap, like etter at inneverande års meisterskap er over.

Søndag blei stafettpinnen meir eller mindre høgtidleg ført over frå Haugesund til 2016-arrangøren av hovud-NM, alliansen på Askøy.



Og dermed er det klart for første oversikt over Gneist-kvalifiserte til hovud-NM på Ravnanger heilt i slutten av juli neste år - ein juli månad som naturlegvis kjem til å bli fylt av sommar og varme grader...

Gutane (eller "mennene", som det vel heiter i seniorklassen) har på fleire vis teke over hegemoniet i seniorsamanheng, etter at jentene ("kvinnene") har hatt det i mange år. Så langt så er det 10 utøvarar kvalifiserte til Askøy '16 - seks menn, fire kvinner.

Det kjem til å bli fleire.

Her er namna - så langt:

** Monika Benserud
** Martine Eikemo Borge
** Eline Myking
** Ingvild Myking
** Anders Bjørndal
** Henrik Irgens Gravdal
** Andreas Iden
** Pål Haugen Lillefosse
** Amund Høie Sjursen
** Erlend Gjerdevik Sørtveit


søndag 2. august 2015

Eit flaggskip siglar vidare - NM dag 3




Ein gong for lenge sidan gav denne bloggen Martine Eikemo Borge tilnamnet flaggskipet. Det er ho enno. Det er Martine som over tid har vist veg og vore stabil i norgestoppen. Det er ho som har vore å rekna med i mange meisterskap.

Også i årets NM var det Martine som presterte aller best. Med 4. plass på søndagens 800 meter var ho litt over sekundet frå å sikra Gneist den første medaljen i hovud-NM på tre tiår.

I følgje Store Norske Leksikon er eit flaggskip "...det fartøy i en orlogsflåte eller eskadre hvor høystbefalende fører sitt kommandotegn. Betegnelsen brukes iblant også om den del av en rekke enheter som ansees for mest representativ, f.eks. et flyselskaps mest moderne, evt. største fly, en bedrifts mest avanserte produkt".

Denne skildringa er laga av ein fagmilitær. Difor kjem det med orlogsflåte og slikt først. For det er den siste, overførte tydinga som gjeld for dei fleste. Det handlar, i vår samanheng, om utøvaren som blir sett opp til, som er eit førebilete for dei andre.

Så takk til flaggskipet Martine, som gjennom dette NM, saman med den andre Johnny Ådland-eleven og gjengen til Bjarte Eikanger, har gitt ny inspirasjon  - for heile flåten.

lørdag 1. august 2015

The future's so bright [I gotta wear shades] - NM dag 2

(Bloggaren, no forflytta noko nærmare Folkeskikken - ved sjøen i Kvinnherad)

Lørdag 1. august var dagen då Tor med hammaren kom til NM i Haugesund - og, for så vidt, til Festidalen i Uskedalen - men det er ei anna soge.

I Haugesund blei det ei lita utsetjing av ettermiddagsprogrammet medan samtida blei lyst opp av lyn. I 1986 kom duoen (!) Timbuk 3 med songen The future's so bright [I gotta wear shades] - framtida er så lys at eg er nøydd til å bruka solbriller. Eit par år seinare høyrde eg dei på Hulen i Bergen - eg trur det var på 17. mai, til og med. Vel, vel. Dette var ironi. Det handla om faren for atomkrig og alt sånt, som det gjerne gjorde på 1980-talet. 

Når me snakkar om NM i friidrett og Gneist i 2015, så er det ikkje så mykje ironi - me har på eit vis vakse ifrå det.

I staden så snakkar me om ungdommar på full frammarsj. Så når Henrik Irgens Gravdal og Anders Bjørndal berre nesten klarte å gå vidare frå forsøka på 800 meter, så er det ein kort nedtur her og no. Det handlar meir om viktig NM-erfaring og om svære mulegheter i åra som kjem! Henrik var igjen bestemann av dei som ikkje gjekk vidare - og noterer seg for ein fin 10. plass i NM.



3000 meter hinder fekk Espen Roll Karlsen - i sin debut på distansen - med seg ein flott 6. plass i NM. Tida hans blei respektable 9:43,08. Med denne tida er Espen på 8. plass på Gneist sin aldelskalender gjennom absolutt alle tider.

Apropos hinder: Det må vera lov til å nemna at den nest-eldste i heimen (den som ligg Innanfor Folkeskikken) har betre pers enn vinnartida på 3000 meter hinder for kvinner. Gneist har også ein lengdehoppar med betre pers enn vinnarlengden i menn for lengde, osb, osb. 

Så, heilt utan ironi:

And they're only gettin' better
I'm doin' all right 
Gettin' good grades
The future's so bright
I gotta wear shades

Fy tusan for ein 5000 - NM dag 1

(Bloggaren rapporterer på grensa mellom Folkeskikken og Utanfor Folkeskikken, fjellheimen, Kvinnherad:)



Eg har brukt opp superlativa og referansane til populærmusikken frå oppveksten når det gjeld The Come Back Kid, Andreas Iden. Det er for tidleg å seia sikkert om han fredagskvelden krona sesongen med sitt 5000 meter-løp i NM, men endå ein ny barriere blei i alle fall broten. Etter 15:01,25 i Göteborg nøyaktig fire veker tidlegare, blei persen i Haugesund - i eit svært persande felt - flytta ned til 14:52,97! Den førre Gneist-aren som sprang raskare 5000 var Hans B. Sejrup i 1981. 1981 var heile seks år før Henning Kvitnes kom med plata "Take Me Back to Little [E]Iden". I 1981 kom den mindre kjende "We Like to Watch" med backing-bandet Saturday Cowboys. 

Men, som denne bloggaren seier slik innimellom, "det stoppa ikkje der": Inntil fredagen var Espen Roll Karlsen faktisk banerekord-haldar på NYE Haugesund friidrettsstadion. Det er han ikkje lenger (ein eller annan Ingebrigtsen frå Sandnes som har overteke), men Espen sletta sin gamle pers - altså sett i Haugesund - med godt og vel ni sekund: frå 15:18 til 15:08,96. Espen susar med det inn på 8. plass på distansen på Gneist-adelskalenderen gjennom absolutt alle tider - to plassar bak Andreas.

Og så - Erlend Gjerdevik Sørtveit - som Tommy Mandal-Gjølga (merk namnet) og Strindheim låner elles i året - sprang sin 5000 på 15:09,54, like bak Espen. Det er pers med om lag det same som Espen - frå 15:19,15 i Stjørdal i vår. Erlend si tid fører han inn på 10. plass på Gneist-adelskalenderen på 5000, eitt hundredel bak The Sky Man, Stian Øvergaard Aarvik. Med andre ord har no 4 av dei 10 beste 5000-løparane i Gneist-soga for menn prestert løpa sine i 2015.

**

Henrik Irgens Gravdal var den beste av dei som ikkje kvalifiserte seg til finalen på 1500 meter. Han var fattige 24 hundredelar frå NM-finale i sin debut og kan notera seg for ein fin 13. plass.

Lørdag er me ikkje minst spente på The Saturday Cowboy, Anders Bjørndal.