tirsdag 22. desember 2015

B og F og G - etter 2015-sesongen

Det er tidleg å summera opp dette, men sidan blogg og bloggar straks søker seg til varmare strok og først dukkar opp att eit stykke utpå nyåret, så kjem det her eit bidrag.

2015 var første året på tre decennium at dei opphavlege klubbane, Bjarg, Fana og Gneist, var tilbake og foredla eigne utøvarar heile vegen frå rekrutt til og med seniornivået.

Generelt er biletet slik: Bjarg stadfestar inntrykket av at klubben, med eit par hyggelege unntak aldersbestemt, ikkje er tungt framme i friidrett for tida. Fana er i imponerande vekst og framgang, medan Gneist konsoliderer stillinga, men har klare utfordringar, spesielt på jentesida, i åra framover.

Heilskapsinntrykket er likevel positivt. Gneist ser, generelt, ut til å reindyrka profilen med eigen-rekruttering og å ta vare på eigne utøvarar. Fana har skaffa seg tilvekster utanfrå på topp-nivå innan hopp, ikkje minst i stavsprang. Utanom desse synest Fana også primært å vera oppteken av å ta vare på eigne ungar og ungdommar.

Eg har hatt mykje kontakt med ein god del av Fana-miljøet, fordi gruppa mi har trent til dels samtidig i Høiehallen lørdagar. I starten var dei mest til irritasjon, fordi mange av oss opplevde at dei oppfatta oss som å vera i vegen, at dei rett og slett var viktigare enn det me var. Det er dei naturlegvis ikkje, og over tid har me klart å tilpassa oss kvarandre på greie vis. No er Fana-ungdommane i fremste rekkje til å heia på og applaudera våre eminente utøvarar i Friske viljer.

Det er naturlegvis ein viss konkurranse mellom Fana og Gneist. Det er viktig at denne konkurransen er og blir verande sunn. Her er mange ungdommar på tvers av klubbane som har eit godt kompisforhold. Ein usunn konkurranse vil berre vera i vegen for eiga satsing. Og ein skal ha store problem med synet dersom ein ikkje ser at hovudprofilen til Fana (hopp) og hovudprofilen til Gneist (løp) kan utfylla kvarandre på gode måtar.



Først: God jul og takk for det gamle og slikt.


Nedanfor litt fakta, basert  på lagseriar (og litt meir) i 2015.


Bjarg
Ikkje lag for menn i lagserien, senior, Hordaland.

Ingen lag i lagserien for gutar, Hordaland.

Ingen lag i lagserien for jenter, Hordaland.


Fana
I senior-lagserien på nasjonalt nivå er Fana framleis i dei bakre rekker, men her er det potensial til jamn klatring dei komande åra. I kretsserien på seniornivå blei det 4. plass i 2. divisjon for Fana sitt 1. lag, både for menn og kvinner.

I lagserien i Hordaland er gutelaget til Fana heilt oppe på 2. plass, med ein sterk poengsum. Berre Gneist, som sette ny poengrekord, var framom. 2. laget rykka opp til Eliten, noko som betyr at både Fana og Gneist har 2 lag i Eliten i 2016, til saman halvparten av dei 8 laga som finst der. For jenter er Fana på 4.plass, også her i ryggen på Gneist.


Gneist
Første året med seniorsatsing: Kvinnelaget blei nr. 11 i toppdivisjonen, 1. divisjon., i landsserien. Det betyr nedrykk til 2. divisjon i 2016. Dette var ikkje overraskande. Kvinnene har hatt ein liten og skadeforfølgt tropp i 2015. Det bør vera sjansar for å vera i toppen i 2. divisjon igjen neste år. I Holmenkollstafetten blei det 13. plass i Eliten. Her er det spenning rundt om breidda dei komande åra er god nok til at det kan stillast lag.

I lagserien for senior i Hordaland for kvinner blei det 3. plass.

Herrelaget gjorde ein imponerande innsats, med 9. plass i 1. divisjon. Her er det gode framgangar i mellom- og langdistanse som står fram. Her er det grunn til å tru at grunnlaget for ei endå sterkare plassering ligg der, ikkje minst med viktige aktørar ute i hopp og sprint dette året. Herrelaget i Holmenkollstafetten imponerte også med 6. plass, og her er forventningane ytterlegare skrudd opp før utgåva 7. mai 2016.

I lagserien for senior i Hordaland blei det ein «råsterk» 3. plass, i følgje Stein Fossen. I tillegg tok 2. og 3. laget dobbelt i 3. divisjon.


Det same skiljet mellom gutar og jenter kan ein sjå på rekrutteringsnivået i Gneist: Gutane har både teke vare på sin dominans i Hordaland og har greitt potensial også i dei komande åra. Jentene er på defensiven, både i breidde, i samanlikning med andre hordalandsklubbar og med omsyn til komande rekruttering.


torsdag 17. desember 2015

Historietime: Det Nye Lekene, 1987

Som alle veit (...), så er magasinet Det Nye under lupen i Pressens Faglege Utval nett i dag, 17. desember. Klagen gjeld eit intervu med bloggaren og frue til ein fotball, Caroline Berg Eriksen. Dette kunne me sikkert sagt mykje om, men poenget er altså Det Nye.

Det Nye er eit blad som faktisk har halde det gåande sidan 1957. Ikkje så mange erindrar at bladet var sponsor for norsk friidrett i si tid, til dømes i 1987. Då gjekk Det Nye-lekene på Raufoss første helga i september.

Nedanfor ser ein programhelten frå Gneistspelen hausten før, 1986, som også markerte seg sterkt på Raufoss i 1987, Kjersti Ristesund.


Kjersti vann soleklart 100 meter hekk i J17 på 14,00. Ho vann også 100-meteren på 12,22. Her blei venninna Gerd Lise Nybråt nr. 6 på 13,11, men Gerd Lise vann favoritt-øvinga si, lengde, med 5,88. Også ho var ein klar vinnar.

Det var eit par Det Nye-piker. Her kjem eit knippe Det Nye- gutter:

Tommy Gjølga (Mandal-Gjølga) frå Strindheim vann 800 meter i G18 med 1:53,31. På den halve distansen, 400 meter, blei det andreplass med 50,16.

På 3000 meter i G17 blei den seinare skiløparen og "asylbaronen", Geir Skari frå Lena rett borti der ein plass, nr. 2 med 8:51,56, medan Eiliv Gjesdal frå Varegg hamna like utanfor pallen med 8:53,50. Skari gjekk til topps på 2000 meter hinder med 6:11,30. Her kom Eiliv Gjesdal seg opp på på pallen, på 3. plass med 6:14,53. Den kjende smismørar Knut Nystad frå Fauske blei nr. 7 (6:27,34) og broder og landslagstrenar i langrenn no for tida, Trond Nystad nr. 8 (6:34,70). På 800 meter i denne klassen blei det 3. plass på Hans Jørgen Borgen frå Hauerseter på 1:54,99.

På same distanse, 3000 meter, i G18, var det Tor Øyvind Ødegård frå Fredrikstad som vann, med 8:44,78. Bjarte Vik frå Osterøy blei nr. 10 på 9:26,84.

100-meteren i denne klassen, G18, var det Aham Okeke frå BUL som vann på 10,48, framfor Geir Moen frå Moss, på 10,80. Moen blei sjettemann i lengde med 6,31.

Til slutt eit par representantar frå min gamle og nye klubb, IL Trio: Frank Henriksen blei nr. 6 i slegge i G17, med 34,34, medan den seinare fotballspelaren, politimannen, Vålerenga-sentrale og Verdens Beste SFO-skodespelaren, Håvard Lunde, tok andreplassen i stav i G17 med 3,70. Her var det ikkje så mykje å gjera med Trond Barthel, som nesten på heimebane vann med 4,30.

**

Og korleis det gjekk med Det Nye i PFU, kan ein til dømes lesa her.



tirsdag 15. desember 2015

Historietime: Gneistspelen 1985

Me må først ta eit kortare tilbakeblikk i dag, nemleg til Hardanger Friidrettsfestival i 2009. Søndag 5. juli 2009 står naturlegvis fram som ein av dei verkeleg svære dagane i nyare gneist friidrettsk soge. Ja, hadde eg vore bokmålsk av meg, så ville eg vel kalla dagen bemerkelsesverdig. No er eg ikkje bokmålsk av meg, så det får vera som det er. Men denne dagen fekk me ein 200 meter for veteranar inne i Strandebarm som ein del av oss kjem til å snakka om på gamleheimen. Sjølv var eg altfor stiv og støl etter min eminente 800 meter same staden dagen i førevegen til å vera med, men Geir Harris, Terje Norheim, Arne Lillefosse og Morten Frode Bjørndal sette kvarandre stemne, så det suste etter. Me som trudde at Morten først og fremst var ein slitar måtte tru om igjen: Utpå langsida var han uimotståeleg og vann på sterke 27,50 for den i 2009 39 år gamle karen frå Søvikheia.




På ein sterk 2. plass kom så Arne Lillefosse, med 27,92. Som biletet over viser, så har Arne teke meir og meir livet med ro, etter som åra har gått. Men den opphavlege Fitjar-buen Arne har ei fortid som friidrettsutøvar for Stord IL. I 1985 vann han 100-meteren under Gneistspelen på 12,38 i G16. Så her går det ei slags linje. Den sterke sprintaren Rune Kyrkjebø frå Trio måtte ta til takke med 2. plassen, på 12,52. Rune Kyrkjebø delte elles 1,60 som resultat med namnebror Rune Haugsvær i høgde; førstnemnde fekk 4. plassen og Gneist-reprsentanten 5. plassen.

Og apropos Morten Bjørndal: Kjersti Ristesund vann sin 100 meter som ho ville, tilbake i 1985 - i J15 - på 12,9. I tillegg fekk ho seg ein noko meir overraskande 3. plass i kule, med 7,97.

Og apropos Trio: Lars Åke Andersen (G15) stakk av med eit par bestemannspremiar: Både på hekken og i lengde. I lengde blei det 6,53 som vinnar-resultat (med litt medvind).

På 1500 meter i G17/18 blei det ein fin 4. plass til Egil Johan Hessen frå Fana IL med 4:25,1. Han var plassen framom Nils Hetleflåt frå Stord.

Og elles - av alt det spennande på 1985-listene: Helga Reigstad frå Osterøy blei nr. 2 i spyd i J13 med 18,80, Terje Simmenes frå same klubben blei nr. 2 på 800 meter i G12 med 2:30,1 og nr. 3 i høgde med 1,25. Hege Kjærgård frå Laksevåg blei nr. 6 på sin 800 meter i J12, på 2:45,9. Og me finn fleire interessante plasseringar i J11 på Vibecke Kvale (den gongen knytt til Friidrettslaget Jarl). Vibecke har i 2015 vore knytt til eit fotball-lag i Gneist i nettopp J11. Jo da, tida går.

fredag 11. desember 2015

Historietime: Gneistspelen 1992

Me hoppar og sprett litt i den gneistspelske soga, i denne førjulstida - men me er framleis tabloide:


England_Måkestad_Daegu_2011.jpg - Erik van Leeuwen (WikiMedia Commons)

Ingvill Måkestad (Bovim) starta ein stad ho også. Vel, ho starta for så vidt ikkje under Gneistspelen i 1992, men i startgropa er det rett å seia at ho var. Ho stilte i J11-klassen den gongen. Dette var i dei tider det var kurant med 800 meter i J11-klassen. Den vann Ingvill frå Korlevoll på overtydande vis. Tida hennar, 2:36,51, var ni sekund betre enn nr. 2 si. I tillegg vann ho 60-meteren på 9,07 og så blei det ein 6. plass i lengde med 3,80.

Johan Sørstrønen frå Os er me alt kjent med at dominerte resultatlistene på tidleg 1990-tal (og deromkring). Han vann gjerne i spyd. 1992 og 17/18-klassen den gongen var ikkje noko unntak. Lengda var på 54,20. Han vann også 100-meteren (11,63). Spesielt verdt å merka seg, no når Kuventræ er oppgradert for friidrett, er at Os tok 4-dobbelt på 100-meteren i 17/18 i 1992! Det har ikkje skjedd kvart år.

Lite Gneist i dag, men den i visse kretsar nær meg kjende fotball-trenaren i Søreide Idrettslag, Jonny Andersen frå Fri, vann i alle fall 400 meter i 17/18-klassen med brukbare 55,01.

torsdag 10. desember 2015

Historietime: Gneistspelen 1998

Bloggen goes tabloid: Desta Marie Beeder er i desse dagar meir kjent for å presentera veret. I si tid har ho også ei fortid med praksisveke på min arbeidsplass, og med anar i det etiopiske (springemiljøet) var det også godt rimeleg at ho i si tid fekk besøk av sjølvaste Haile Gebrsalassie.



Men alt dette er altså (nesten) berre eit billeg blikkfang: Desta Marie var med i Gneistspelen i 1998. Ho var i rekruttalder og sprang 60 meter (11,67) og hoppa lengde (2,89). Mellom rekruttane var det også andre kjente, om enn ikkje tv-kjente: Erik Hovlandsdal (10,45 og 3,10), Espen Liland (10,03 og 3,29), Sandra Tennøy (9,77 og 3,87), Ingvild Mundal Andersen 11,35 og 3,03).

Mellom dei litt eldre utøvarane gjekk ein av bestemannspremiane til Mette Benserud i høgde, for sitt hopp på 1,40 i J12.

Benedikte Liland vann både 60 meter (9,51), 60 meter hekk (12,50) og kule (7,13) i J11. Spesielt sigeren i hekk var overtydande.

I J13 noterer me oss at Fana-jenta Iren Isaksen blei nr. 3 i lengde med 4,04 og nr. 4 på 60 meter hekk med 11,63.

Den kjende gjestebok-redaktøren Morten Velde frå Haugesund utmerka seg med to solide 4. plassar i G14 i Gneistspelen i 1998: På 800 meter sprang han på 2:25,19 og i høgde blei det 1,42. Seinare blei det vel så som så med høgde-karrieren, men så bra som NM-gull både på 800 og 1500 meter.

Morten Benserud sprang 800 meter i klassen under Velde, og sprang fortare - då han vann på 2:24,40. Han var over åtte sekund framfor nr. 2 i G13.

Brede Ellingsen frå Norna-Salhus blei vinnaren i høgde i G11, på 1,30.

Elles markerte Marius og Mats Benserud seg i G11-klassen, sjølv om dei var høvesvis to og eitt år yngre enn det klassen tilsa.

onsdag 9. desember 2015

Rekruttar

Norges Friidrettsforbund har teke ut sine rekrutteringslandslag for 2016-sesongen. Hordalands-klubbar er rikt representert. Gneist har følgjande med på listene:

Gjert Høie Sjursen er med i mangekamp. Gjert vann eit flott UM-gull i mangekamp i sin første UM-sesong i 2015. Trenar er Geir Sjursen.




I kategorien hopp er broder Amund Høie Sjursen med. Han missa så godt som heile 2015 med skadetrøbbel, men var seniorlandslagsutøvar i lengde og mellom landets aller beste på 100 meter før skadane sette inn. Pappa Geir er trenar. Amund er naturleg også heimehøyrande i sprintgruppa.

I tillegg er også Sondre Rinde med i hopp-gruppa. Her er ein annan pappa, Arve Rinde, mellom trenarane, saman med Heidi Benserud. Sondre har sine fremste hopp-resultat i tresteg.

Anna Serine Røssland blir verande i gruppa for mellom- og langdistanse. Til liks med Amund hadde ho eit trøblete 2015, men satsar med friskt mot i retning ein ny sesong, saman med trenar og broder, Ole Martin Røssland. Ny i denne gruppa er juniornorges-meister (med meir) av året, Henrik Irgens Gravdal, med Bjarte Eikanger som trenar. Heimehøyrande her er også motbakke- og terrengekspert Stian Øvergaard Aarvik.

tirsdag 8. desember 2015

Historietime: Gneistspelen 1991

1991 er i nyare historie mest kjent som det året då Kong Olav V døydde og den første Golfkrigen braut ut (den hadde ingenting med golf å gjera). 1991 var også det året då osingen Johan Sørstrønen var ein av forgrunnsfigurane under Gneistspelen i månadsskiftet august/september.

I 1991 deltok Johan i G16. Her er han i ein seinare, men framleis sprek augneblink:



Johan vann 100 meter på 11,96, men det var i spyd han vann bestemannspremien i kast 15-18 år. Der kasta han spydet 52,42 og var med det nesten tre meter framfor ein annan kjent kastar..., Erlend Sæterstøl frå Hovding.

Bestemannspremiar - ja, to i talet - blei det også på Ingvild Larsen frå Laksevåg. Ho vann lengde i J17/18 suverent med 5,89, nesten 90 centimeter framfor nr. 2. Bestemannspremie blei det også i løp, for 100-meteren på 12,52. I tillegg vann ho høgde på 1,68.

I retteleg gamle dagar - altså i 1991 - vanka det premiar også i 9/10-års klassen. På 40 meter var det den seinare tresteg-einaren Maria Høgheim frå Lysekloster som vann på 6,8. På 4. plassen kom Lise Hovlandsdal frå arrangørklubben, på 7.1.

Og i J15 oppnådde Gina Jamt frå IL Fri fleire fine plasseringar. Ho vann høgde med 1,40 og blei nr. 3 på 100 meter med 14,18. Bestemannspremie blei det også, i eldste jenteklasse. Der fekk ho den som Ingvild Larsen ikkje fekk, nemleg i kast, med eit kulestøt på 9,74.

onsdag 2. desember 2015

Gratulerer og gratulerer

Eg må nesten skriva eit innlegg for å markera kroninga av ein svær sesong for Stian Øvergaard Aarvik. På sjølvaste 1. desember blei Stian teken ut i troppen til EM i terrengløp i Frankrike på Santa Lucia.  Så inn i vårt mørke hus.. stiger med tente lys...

Svære gratulasjonar til Stian!



Og så er det, på denne dagen, nøyaktig 5 år sidan eg skreiv det aller første blogg-innlegget. Dette er nr. 1261. (Min gode kollega Paavo utklassar meg.)

Dei er fordelt slik:

2010 (frå 2.12 og ut året): 27
2011: 285
2012: 324
2013: 267
2014: 155
2015: 203 (med dette)

2012 var altså det store skriveåret, 2014 det store kvileåret. Pausane ser ut til å bli lengre, men pausar kjem gjerne med alderen.

Det har skjedd svært mykje desse fem åra, både med utøvarar og på det organisatoriske nivået. Bloggaren var medlem av styret i Gneist Friidrett då bloggen blei starta opp, og den direkte grunnen til at den kom til var at Gneist i 2010 skifta nettsider, og brått var det slutt på "stort-og-smått"- nettsida som Jostein Lie administrerte i si tid. Det oppstod eit tomrom og bloggen forsøkte fylla det.

I tre år var eg styremedlem i BFG Fana/Bergen, og bloggen blei på ulike vis prega av dette. På utøvarsida blei eg meir oppteken av utøvarar frå 15 år og oppover enn det eg hadde vore tidlegare. Organisatorisk skjedde det jo ting...

Siste ni månadene har eg vore offisiell frifant. Ja, bortsett frå at eg sidan september 2011 har vore trenar og ansvarleg for gjengen som no heiter Friske viljer i Gneist, då, men der er er me alle frifantar.

Og 2016? Den som lever, den får sjå. Og elles får me møtast hist ved bloggen.