onsdag 27. januar 2016

Historietime: Gneistspelen 1980

1980-åra har jo no fått sin renessanse. Det var på tide. Lenge var dei det miskjente tiåret, men no er alt annleis. No spelar ein heil haug med radiokanalar så godt som berre musikk frå 1980-åra, til dømes. Det er til å bli galen av. Ja, eit par av dei er ganske flinke til å spela Bruce Springsteen også, men dei spelar berre frå Born in the USA (1984). Det er til å bli galen av.

Men, men... Resultatlistene frå Gneistspelen i september 1980 er ei lita gullgruve. Her finst mange namn, meir eller mindre kjente. Noko av det slåande er at her er utøvarar frå heile fylket - og vel så det, ikkje berre frå Bergen og pittelitt omland, som ofte er tilfellet i dag:

Osterøy, Vaksdal, Vossar, Korlevoll, Ålvik, Gro (Åkrafjorden), Jarl, Rosendal, Jotun, Viking, Breim, Fenring, Tambarskjelvar, Norna-Salhus, Kvernbit, Gneist (!), Leirsund, Bergen Turn, Laksevåg, Ulvik, Stord, Ørnar, Hordabø, Nest, Nornen, Fana, Eid, Bjarg, Arna, Voss, Os, Norheimsund, Vestvind, Eidsvåg, AKS-7, Jondal, Osterøy, Samnanger, Gular, Selbjørn, Svint, Hovding, Fri, Strandebarm, Loddefjord, Ask, Bolstadøyri...



Og på resultatlistene finn me store namn som Jostein Lie, Peter Blücher og Geirmund Drivenes - og opptil fleire andre interessante. Her er eit utval:

100 meter hekk, G16
1. Lars Jørgen Ytrehus, Gneist 13,8
2. Roar Haugland, Gneist 14,3
3. Rodgeir Vigestad, Gneist 14,3

Høgde, J15
1. Anita Bolstad, Bolstadøyri 1,61 (bestemannspremie, hopp)
2. Marianne Bergesen, Eidsvåg 1,50

1500m, G17
1. Bjarte Bogstad, Breim 408,4
2. Hans Magnus Gjøen, Gneist 4:14,8
3. Inge Andersen, Loddefjord 4:16,1

1500m, J17
1. Torunn Sandvoll, Gneist 4:37,0
2. Ingrid Sandvoll, Gneist 4:44,1

1500m, J16
1. Kjersti Kleppe, Gneist 4:46,7
2. Helga Øvsthus, Ørnar 4:51,8

400m, G17
1. Lars Ove Strømø, Fri 52,0

100 meter, G16
6. Peter Blücher, Eidsvåg 12,2

800 meter, G16
1. Rodgeir Vigestad, Gneist 2:02,3

Høgde, G16
8. Gisle Ellingsen, Jarl 1,65

800m, G14
1. Geir Søgnebotten, Laksevåg 2:07,2
4. Jostein Lie, Norheimsund 2:13,0

800m, G15
1. Helge Drange, Fana 1:57,5 (bestemannspremie)
2. Jostein Skeie, Viljar 1:59,8
3. Geirmund Drivenes, Selbjørn 2:02,1

100 meter, J14
3. Marianne Sæverås, Gneist 14,0

Høgde, J11
1. Eli Lundal, Gro 1,45 (bestemannspremie)
2. Anne Beth Espetvedt, Jarl 1,25
3. Eli Soltvedt, Rosendal 1,25
4. Åslaug Lundal, Gro 1,15

Spyd, G13
3. Kjetil Næs, Rosendal 34,86

Lengde, G13
2. Kjetil Næs, ROsendal 5,19

800m, G13
5. Arne Tømmernes, Loddefjord 2:25,8

Lengde, J13
10. Hege Eikemo, Korlevoll 4,31

100m, G11
4. Sigve Stenersen, Gneist 15,1

søndag 24. januar 2016

Nornalekene - dag 2

Det er jo nesten ikkje eit einaste stemne gjennom året der det ikkje blir sett klubbrekordar av Gneist-utøvarar. Dette er ein regel som først og fremst gjeld aldersbestemt. Der opererer me med ni årsklassar og ei rekkje øvingar, så sjansane er gode. Men no blir det jamleg sett klubbrekordar også på seniornivået: Jens Larsen Åstveit innleia innesesongen med rekord på 1500 meter under Romjulsstemnet, så heldt Anne Skudal Dolvik fram med si tid på 200 meter i går, før Jens leverte ein sterk 3000 meter søndag.


Jens si 3000-tid, 8:36,02, var seks sekund under Stian Øvergaard Aarvik sin gamle rekord, sett under Nornalekene for to år sidan. Samtidig var det innepers med nær på 27 sekund (!) for Jens. Tida er også sju og eit halvt sekund under utepersen frå fjorårets UM. Klubbrekorden i G19 på distansen bør også stå for fall denne sesongen. Den er på 8:34,9 og sett av Øyvind Gausvik så langt tilbake som i 1979.

Andreas Haara Bakketun var ein annan med flott helg på Leikvang. Søndag blei det 7,29 på 60 meter i ein super B-finale for senior - med usikker status. Andreas sprang på 7,30 under Romjulsstemnet. Tida er klubbrekord i G15.

Håvard Rinde kom seg under 8 blank på 60 meter, med sine 7,97. Han hadde 8,07 frå det omtalte Romjulsstemnet frå tidlegare. På 400 meter sprang Håvard på gode 56,11, som er kjempepers. Han hadde 58,66 ute og 58,40 inne frå tidlegare.

Gjert Høie Sjursen sette innepers i lengde, med 6,16. Han hadde 6,09 frå UM i Ulsteinvik frå tidlegare (har 6,26 ute).

Anna Evensen sneik seg under sin innepers på 60 meter med eitt hundredel, til 8,51 (har 8,38 ute).

... og Vegard Alberigtsen kom seg ned på 9-talet på 3000 meter i sin innedebut på distansen. Tid: 9:53,65.

Nornalekene - dag 1

Nei da, eg er ikkje komen heilt i siget enno. No får me håpa det ikkje blir fullt så bratt som 1965 var, ifølgje Øystein Sunde, men 2016 hvar vore litt bratt så langt.

Når det er sagt; her er nokre registrerte prestasjonar frå årets første stemne av ein viss storleik, Nornalekene:


Ja, for heimkomne Anne Skudal Dolvik sette sin første seniorrekord i Gneist, då ho sprang 200 meter på 24,90. Vilde Lund Bjørnsen - som framleis har U20-rekorden inne - hadde den gamle, på 25,81, sett under UM i Ranheimhallen for fem år sidan. 24,90 skal også vera innandørs pers for Anne.

I andre enden av aldersskalaen for våre junior- og seniorutøvarar finn me Andreas Haara Bakketun. For dei som likar kuriositetar; det er nøyaktig 13 år mellom Anne og Andreas. Lørdag senka han eigen klubbrekord i G15 på 60 meter hekk til 8,32 - frå 8,46. I tillegg innepersa han på 200 meter til 23,59, berre to hundredelar bak utepers frå Framolekene i fjor.

Til sist på mi liste eit par fine 800 meter-løp: Det blei ein del sigrar og pall-plasseringar under Nornalekene - og dermed blei det også KM-gull og -medaljar. Dette har eg ikkje heilt oversikt over, men eg registrerer eit gjævt KM-gull til Jens Larsen Åstveit i seniorklassen. Han sprang på 1:59,68, som er innepers med nesten tre sekund frå tilsvarande stemne i fjor.

Pers - inne som ute - blei det på Steffen Algrøy Boga. Han sprang i mål på 2:04,57 på sin 800 meter. Det er nesten seks sekund betre enn innepersen, sett under Nornalekene for to år sidan. Men det er også nesten halvtanna sekund betre enn utepersen, frå opningsstemnet på Kuventræ i september i fjor.

onsdag 20. januar 2016

Kvalifiserte til junior-NM

Årets junior-NM går på Brandbu, ein stad i Oppland med ein fin arena og godt med arrangør-erfaring frå dei siste par åra. I minus tosifra har eg børsta støv av oversikten over junior-NM- kvalifiserte, slik at den ligg og godgjer seg no når 2016-sesongen startar, i alle fall innomhus. Junior-NM blir arrangert 5. - 7. august.



Og her er lista over Gneist-kvalifiserte:

U20, kvinner
- Elina Drivenes
- Ingrid Næss Johansen
- Renate Lie
- Eline Myking
- Ingvild Myking
- Sanne Myrmel
- Malin Marie Rosvoll Olsen
- Anna Serine Røssland
- Ingrid Sortland

U20, menn
- Vegard Albrigtsen
- Henrik Almenningen
- Andreas Haara Bakketun
- Kristoffer Blücher
- Henrik Irgens Gravdal
- Pål Haugen Lillefosse
- Gjert Høie Sjursen
- Jakob Jamt Ånonli
- Stian Øvergaard Aarvik
- Jens Larsen Åstveit

U23, kvinner
- Monika Benserud

U23, menn
- Anders Bjørndal
- Andreas Iden
- Stian Norheim (Strindheim)
- Ole Martin Røssland
- Amund Høie Sjursen
- Erlend Gjerdevik Sørtveit (Strindheim)


søndag 17. januar 2016

Kvalifiserte til hovud-NM på Askøy

Alt no, like før det første større innandørsstemnet her lokalt i 2016, er 13 Gneist-utøvarar kvalifiserte til hovud-NM på Askøy heilt i slutten av juli månad. Det er vel grunn til å tru at dette talet kan stiga utover i dette så langt kalde året.


Her er lista over kvalifiserte - så langt, Den tel 4 kvinner og 9 menn:

** Monika Benserud
** Anne Skudal Dolvik
** Eline Myking
** Ingvild Myking
** Anders Bjørndal
** Henrik Irgens Gravdal
** Andreas Iden
** Espen Roll Karlsen
** Pål Haugen Lillefosse
** Amund Høie Sjursen
** Erlend Gjerdevik Sørtveit *)
** Stian Øvergaard Aarvik
** Jens Larsen Åstveit

*) Strindheim-utøvar på fritida

torsdag 14. januar 2016

Utøvarportrett: Ingrid Sortland

Det har ikkje vore så store omveltningane med overgangar dette året - og det er litt godt det og. Ei av tre nykomarar i Gneist (så langt eg har registrert) er Ingrid Sortland, frå naboklubben Bjarg. Ingrid er sprintar og er J17-jente dette året. Ho har hatt jamn og god framgang i fleire år, ein framgang som vel nådde ein førebels topp med UM-finale på 100 meter på Lillestrøm i fjor haust (7. plass), i ein klasse med svært høg sprint-kvalitet.

Som ein ser nedst, så er persane til Ingrid i ferd med å bli høgst habile - ho nærmar seg 7-talet på 60 meter, er komen godt ned på 12-talet på 100 meter (har sprunge ned på 12,72 med litt for mykje medvind) og nærmar seg 25-talet på 200 meter.



 Persar 
60 meter
8,41 (Fana, 30. mai 2015)
60 meter (i)
8,18 (Leikvang, 31. januar 2015)
80 meter
10,88 (Fana, 10. mai 2015)
100 meter
12,89 (Lillestrøm, 11. september 2015)
200 meter
26,29 (Lillehammer, 19. juni 2015)
200 meter (i)
27,14 (Leikvang, 24. januar 2015)
600 meter
2:13,66 (Leikvang, 12. februar 2012)
1000 meter kappgang
7:18,20 (Byrkjelo, 29. juni 2013)

mandag 11. januar 2016

Utøvarportrett: Anne Skudal Dolvik

Godt nytt år også frå Bloggen! Den har vore sydpå og kjent at det kan henda kan koma vår igjen i år også, at varmen kjem tilbake ein gong - for den finst der, der ute.

No ja, nytt år, nye sjansar. Nytt år, nye namn. Ein stor takk for besøket til Martine Eikemo Borge, som frå nyttår vandra vidare til Sportsklubben Vidar og elles til det store utland. Masse lykke til vidare til Martine - me skal følgja med, naturlegvis.

Og der ein lagkaptein (om ikkje først-i-alt) forlet Gneist, så kjem kan henda ei ny inn: Anne Skudal Dolvik, med Gneist-bakgrunn solid som nokon, har vendt tilbake til moderklubben (og faderklubben) etter nokre år i "utlendighet" i Gular. Det er gjævt! Gjævt var det også for Anne, då ho var med i Universiaden i Sør-Korea sist sommar (mellom fleire saman med nemnde Martine) - og gjorde sine saker temmeleg bra.


Dei elektroniske arkiva mine fuskar for tida, så eg har ikkje full kontroll på Anne sine prestasjonar, men nokolunde oversikt finst nedanfor. Ho er sprintar, med solide merittar særleg på 100 meter, 200 meter og i stafett.

Dette er ein kjekk tilvekst, både i kraft av dei kvalitetar Anne innehar, men også fordi det alltid er kjekt når ein vender heim, slik allment.


Persar
60 meter
8,33 (Fana, 1. august 2005)
60 meter (i)
7,98 (Høiehallen, 20. januar 2010)
100 meter
12,11 (Gwangju, KOR, 8. juli 2015)
100 meter (i)
12,57 (Drammen, 14. februar 2010)
150 meter
18,25 (Lonevåg, 10. august 2013)
200 meter
24,58 (Bislett, 11. juni 2015)
200 meter (i)
24,99 (Leikvang, 19. januar 2013)
300 meter
40,01 (Lonevåg, 10. august 2013)
400 meter
55,66 (Fana, 30. juli 2013)
400 meter (i)
58,72 (Ranheim, 12. februar 2011)
60m hekk (i)
9,09 (Høiehallen, 2. februar 2010)
100m hekk
15,27 (Fana, 6. juni 2010)
200m hekk
29,82 (Fana, 16. september 2009)
Lengde
4,60 (Bislett, 5. september 2009)
Lengde u.t.
2,36 (Laksevåg, 13. januar 2007)
Tresteg
10,65 (Bislett, 4. september 2009

Medaljefangst i nasjonale mesterskap

NM
SØLV, 1000 meter stafett, NM, 2009
Sølv, 1000 meter sfafett, NM, 2014
BRONSE, 200m, NM, 2010

BRONSE, 200m, inneNM, 2011

SØLV, 100 meter, junior-NM, U23, 2010
BRONSE, 200m, junior-NM, U23, 2010