mandag 29. februar 2016

Medaljeboom

Gneist vann medaljestatistikken under inne-UM i Steinkjer - suverent.



Dersom ein studerer medaljeutviklinga under inne-UM i dette tiåret, frå det iskalde inne-UM i Drammen i 2010, så er eitt ord treffande: formidabel. Dette må sjølvsagt først og fremst vera til inspirasjon, for å prøva halda oppe innsatsen i åra framover - og ikkje ei sovepute. Det er grunn til å tru at denne Gneist-klondyken nærmar seg sin absolutte topp - og at det blir noko magrare år.

Til så lenge: Her er oversikten over medaljar til Gneist i inne-UM, 2010-2016: 


GULL
SØLV
BRONSE
TOTALT
2010

2
1
3
2011
3
4
4
10
2012
2
2
2
6
2013
5
11
5
21
2014
8
7
3
18
2015
9
7
7
23
2016
15
7
2
24



Gneist blei nr. 2 på medaljestatistikken både i 2014 og i 2015, medan klubben altså gjekk heilt til topps i 2016.

søndag 28. februar 2016

Inne-UM dag 3

Gneist opplevde tidenes gull-fangst under inne-UM i Steinkjer i helga. Ja, for det blei faktisk berre så vidt fleire medaljar enn i 2015 (24 mot 23), men vinnarviljen i klubben må vera stor for tida - for gull skal dei ha, ungdommane. heile 15 - femten! - blei det til saman, etter 6 nye gull siste dag. Det blei 4 sølv og 1 bronse også, totalt heile 15 gull, 7 sølv og 2 bronse - uhyre sterkt.





GULL 1: Andreas Haara Bakketun i ny millimeterduell med Pål Haugen Lillefosse i G15, denne gongen på 200 meter - og med fantastiske tider, 22,65 og 22,66! Andreas knuste gamlepersen med 65 hundredelar.

GULL 2: Nemnde Pål Haugen Lillefosse vann lengde i G15 med 5,99.

GULL 3 og 4: Suverent lengdegull blei det også på Gjert Høie Sjursen, i G16, med 6,47 - klar ny pers. Gjert har 6,26 ute og hadde 6,16 innomhus frå tidlegare. I tillegg vann Gjert kule med sterke 13,70.

GULL 5: Monika Benserud tok med seg sitt andre hopp-gull for helga, då ho også vann lengde i J20/22, med 5,70 - tett på innepersen sin.

GULL 6: 4 x 200 meter-laget i G15-17. På laget sprang Andreas Haara Bakketun, Pål Haugen Lillefosse, Gjert Høie Sjursen og Kristoffer Blücher. Tida 1:34,12 er klar ny klubbrekord i Gneist.

SØLV 1: Pål Haugen Lillefosse sitt uhyre knepne sølv på 200 meter i G15 er alt nemnt - på glitrande tid: 22,66. Også Pål persa. Han har 22,80 ute og hadde 22,76 inne frå tidlegare.

SØLV 2: Hans-Magnus Haukøy vann sin andre sølvmedalje for helga, då det blei 2. plass på 1500 meter. Tida blei 4:25,30.

SØLV 3: Broder Kristoffer har fått velfortent omtale for sine bravadar i helga, men søndag blei det også flott sølv til Thomas Blücher på 1500 meter i G16. Thomas sprang inn på 4:33,47, som er ny innepers. (Klar vinnar blei elles Martin Berntzen Engevik frå Nittedal - og pittelitt Gneist...)

SØLV 4: Det blei litt bakvendtland for Stian Øvergaard Aarvik: Han tok flott gull lørdag på 800 meter, men når det blei nesten dobbelt så langt måtte han "nøya" seg med sølv, på tida 4:10,41 - på 1500 meter i G18/19. Uansett ei glitrande UM-helg for motbakkekongen.

BRONSE: Jakob Jamt Ånonli innleia sin nasjonale medaljefangst då han tok bronse i lengde inne-UM i fjor. Søndag følgde han opp med ny bronsemedalje i same øvinga, i G17, med eit hopp på 5,70.

**

Og elles:

Malin Marie Rosvoll Olsen sprang sin 200 meter i J17 på 27,55, som er innepers med 19 hundredelar (ho har 27,40 ute).

Elina Drivenes var uhyre tett på bronse på 1500 meter i J18/19, men med 4:57,93 blei det i alle fall pers med åtte tidelar.

Maike Verhofstad persa solid på same distanse i same klasse, då ho braut 5 minuttsgrensa og sprang i mål på 4:58,88. Maike har 5:07,20 frå Fana Stadion i juni i fjor og hadde 5:18 inne frå tidlegare.


lørdag 27. februar 2016

Inne-UM dag 2

Wow: stor medaljefangst i Steinkjer - og nesten berre gull! I dag har eg kome fram til 5 gull og 2 sølv - og dermed 9 gull, 3 sølv og 1 bronse etter to dagar - sterke saker.



Sidan det er vinter ute - og sidan Treungen framleis er ein av dei finaste stadene i landet - så hentar eg biletet av Stian Øvergaard Aarvik frå fjorårets Skuggenatten Opp, for å illustrera Stian sitt GULL på 800 meter i G18/19. Stian var plassert i det midterste av dei tre heata. Det vann han, og klarte snika seg framfor alle dei som var i det presumptivt sterkaste heatet. Tid: 2:00,31 -  og ny innpers.

GULL 2 og 3: Kristoffer Blücher tok to nye gull på dag 2: Han vann 60-meteren i G17 på 7,21, som er ny pers for Kristoffer. I tillegg blei det gull på 800 meter, med 2:02,84.

GULL 4: Pål Haugen Lillefosse vann sitt første UM-gull, då han oppskriftsmessig vann stav i G15, med 4,70.

GULL 5: Ein ny knall-tett kamp mellom Andreas Haara Bakketun og Pål Haugen Lillefosse gav førstenemnde sigeren på 60 meter i G15: Tid 7,20.

SØLV 1: Og sølvet gjekk då til Pål Haugen Lillefosse - hundredelen etter klubbkompis Andreas.

SØLV 2: Aller første meisterskapsmedaljen blei det på Hans-Magnus Haukøy, som med 2:05,80 på 800 meter i G15 fekk sølvet på det. Det var også solid innepers.

**

Og elles:

Jakob Jamt Ånonli sprang 60 meter på 7,56, som er ny pers.

André Seliussen sprang sin 800 meter på 2:16,12 - også det ny pers.

Thomas Blücher var tett på pallen på 800 meter i G16, men han sette i alle fall klar ny innepers,med 2:05,46.

fredag 26. februar 2016

Inne-UM dag 1

I kveld har eg prøvd å forstå meg på ungdommen: eg har sett på X Games på TV 2. Eg har ikkje forstått meg på ungdommen. "Fantastiske prestasjoner", seier kommentatorane. Men eg er av den gammaldagse typen og finn først og fremst fantastiske prestasjonar frå inne-UM i Steinkjer.

Her er ein fin bukett:



Dag 1 gav, så vidt eg har fått med meg: 4 gull, 1 sølv og 1 bronse til Gneist. Det er ein svært sterk start.

Aller mest imponerande var nok dobbeltsigeren på 60 meter hekk i G15. Andreas Haara Bakketun vann GULLET og Pål Haugen Lillefosse sølvet i sin meisterskapsdebut. Og det gjorde dei på uanstendig sterke tider: 7,98 på Andreas og 8,08 på Pål er tider ein ikkje har sett maken til.

GULL 2: Gjert Høie Sjursen på 60 meter hekk i G16, på flott tid: 8,36.

GULL 3: Kristoffer Blücher på 400 meter i G17 på 51,72.

GULL 4: Monika Benserud i tresteg i J20-22 med 12,29.

BRONSEN: Sondre Rinde på 60 meter hekk i G18/19 med 9,19.


Så der, der var Gneist i gang med sine X-Games i Steinkjer - og desse ungdommane forstår eg meg på.

torsdag 25. februar 2016

Kretsrekordar, UTE, gutar

Rundt 0 grader og litt snø i UM-byen Steinkjer i helga. Heldigvis er det inne-UM. Til så lenge, her til kretsrekordar for gutar:

Om det er ein god del Gneist-kretsrekordar aldersbestemt i jenteklassane, så er det fleire mellom gutane. Spesielt er det mange i dei to yngste klassane det blir ført rekord-oversikter i, G13 og G14. Ja, i G14 har Gneist heile 18 kretsaldersrekordar etter 2015-sesongen!


G13
- Sondre Rinde, 40 meter - 5,90
- Andreas Haara Bakketun, 100 meter - 12,23
- Kristoffer Blücher, 200 meter - 24,92
- Herman Ellingsen, 300 meter - 40,15
- Kristoffer Blücher 400 meter - 57,33
- André Seliussen, 3000 meter - 9:48,82
- Pål Haugen Lillefosse, 60 meter hekk - 8,92
- Pål Haugen Lillefosse, 200 meter hekk (68) - 29,19
- Sondre Rinde, 300 meter hekk (76) - 47,59
- Aleksander Lie, 1500 meter hinder - 4:59,86
- Pål Haugen Lillefosse, stav - 4,06
- Håvard Rine, spyd (600, nytt) - 41,07



G14
- Andreas Haara Bakketun, 60 meter - 7,31
- Pål Haugen Lillefosse, 80 meter - 9,37
- Pål Haugen Lillefosse, 100 meter - 11,47
- Pål Haugen Lillefosse, 200 meter - 22,80
- Pål Haugen Lillefosse, 300 meter - 36,57
- Kristoffer Blücher, 400 meter - 52,44
- Henrik Irgens Gravdal, 600 meter - 1:27,72
- Hans-Magnus Haukøy, 1 engelsk mil - 4:51,79
- Henrik Irgens Gravdal, 2000 meter - 5:54,09
- Henrik Irgens Gravdal, 3000 meter - 9:06,01
- Pål Haugen Lillefosse, 80 meter hekk - 11,10
- Sondre Rinde, 100 meter hekk (91) - 15,88
- Pål Haugen Lillefosse, 100 meter hekk (84) - 13,84
- Andreas Haara Bakketun, 200 meter hekk (76) - 27,02
- Marius Benserud, 400 meter hekk (84) - 55,27
- Pål Haugen Lillefosse, stav -4,83
- Pål Haugen Lillefosse, lengde - 6,50
- Håvard Rine, spyd (600, nytt) - 49,92

G15
- Sondre Rinde, 150 meter - 18,11
- Kristoffer Blücher, 600 meter - 1:24,83
- Henrik Irgens Gravdal, 2000 meter - 5:40,13
- Gjert Høie Sjursen, 80 meter hekk - 10,89
- Gjert Høie Sjursen, 100 meter hekk (84) - 13,66
- Sondre Rinde, 110 meter hekk (100) - 16,77
- Sondre Rinde, 110 meter hekk (91) - 16,31
- Kristoffer Blücher, 300 meter hekk (76) - 39,76
- Marius Benserud, 400 meter hekk (91) - 57,15
- Henrik Irgens Gravdal, 1500 meter hinder - 4:27,72
- Sigve Stenersen, 2000 meter hinder - 6:25,8
- Per Åge Liland, spyd (800) - 46,54

G16
- Rodgeir Vigestad, 1500 meter - 3:58,8
- Terje Sejrup, 5000 meter - 15:11,9
- Kjetil Espetvedt, 100 meter hekk (91) - 13,58/13,5
- Sondre Rinde, 110 meter hekk (100) - 15,92
- Marius Benserud, 300 meter hekk (91) - 39,54

G17
- Amund Høie Sjursen, 80 meter - 8,96
- Amund Høie Sjursen, 100 meter - 10,89
- Terje Sejrup, 5000 meter - 14:42,0
- Kjetil Espetvedt, 110 meter hekk (100) - 14,5
- Sigve Stenersen, 2000 meter hinder - 5:55,08
- Terje Sejrup, 3000 meter hinder - 9:21,3

G18
- Amund Høie Sjursen, 100 meter - 10,45
- Jens Larsen Åstveit, 1 engelsk mi - 4:20,72
- Morten Benserud, 100 meter hekk (91)  - 13,87
- Kjetil Espetvedt, 110 meter hekk (106) - 14,87/14,5
- Kjetil Espetvedt, 110 meter hekk (100) - 14,43/13
- Steffen Nerdal, diskos (2) - 48,69

tirsdag 23. februar 2016

Kretsrekordar, UTE, jenter

Det kjem ikkje førehandsstoff om inne-UM komande helg på bloggen denne gongen. Delvis går det på kapasitet, delvis er vurderingsgrunnlaget mitt tynt. Me får sjå korleis det blir til meisterskapa ute, men resultata frå komande helgs UM i Steinkjer skal naturlegvis studerast nøye.

I dag kjem i staden, midt på vinteren og midt i inne-sesongen, ein oversikt over kretsrekordar UTE, jenter 13-19 år, for Gneist-utøvarar. Mange kjentfolk på desse listene - inkludert dagens 18-årsjubilant, Renate Lie:




J13
- Vilde Lund Bjørnsen, 40 meter - 5,88
- Vilde Lund Bjørnsen, 600 meter - 1:40,41
- Silje Stenersen, 1500 meter - 4:53,59
- Bente Lervik, 100 meter hekk (84) - 17,5
- Renate Lie, 1500 meter hinder - 5:29,66

J14
- Kathrin Sandvik, 100 meter - 12,4
- Kjersti Kleppe, 1500 meter - 4:44,2
- Ingvild Myking (Bjarg), 1500 meter - 6:26,25
- Ingvild Myking (Bjarg), 3000 meter - 10:15,52
- Marianne Benserud, stav - 3,22

J15
- Kathrin Sandvik, 60 meter - 7,7
- Vilde Lund Bjørnsen, 300 meter - 39,77
- Beate Sejrup, 1500 meter - 4:37,3
- Ingvild Myking (Bjarg), 1500 meter - 6:24,49
- Ingvild Myking (Bjarg), 3000 meter - 10:07,77
- Ingrid Næss Johansen, 5000 meter - 19:06,68
- Anna Serine Røssland, 2000 meter hinder - 7:49,35

J16
- Anna Serine Røssland, 2000 meter - 6:54,16
- Anna Serine Røssland, 3000 meter hinder - 11:35,57

J17
- Monika Benserud, 80 meter - 10,39
- Torunn Sandvoll, 3000 meter - 9:36,2
- Kjersti Ristesund, 200 meter hekk - 27,82
- Anna Serine Røssland, 1500 meter hinder - 4:57,97
- Anna Serine Røssland, 3000 meter hinder - 10:42,56

J18
- Monika Benserud, 60 meter - 7,93
- Monika Benserud, 80 meter - 10,25
- Anne Beth Espetvedt, 200 meter - 24,55
- Anne Beth Espetvedt, 200 meter hekk  27,69

J19
- Monika Benserud, 80 meter - 10,20

lørdag 20. februar 2016

Historietime: Internasjonalt jubileumsstemne 1980

Ein sommarkveld i 1980 arrangerte Idrettslaget Gnest noko så stofint som "Internasjonalt jubileumsstemne" på Fana Stadion. No var det ikkje gjævare enn 35 års-"jubileum", men stemnet var gjævt nok. Det var først mot slutten av 1960-åra og inn i 1970-åra at friidretten var blitt noko å rekna med i Gneist. Det hang naturleg saman med bygginga av Fana Stadion, som stod ferdig i 1969.

Det blir sikkert nye besøk til 1980-stemna, for det skal ha vore to av dei (juni og august), seinare i eit slikt tilbakeblikk, men i dag har eg funne fram nokre namn på startlistene. Rolf Haugsvær var stemneleiar og tok imot den største gjesten, Steve Ovett frå England, som blei olympisk meister i Moskva same året.



Og alt i 1980 var Odd Lahn-Johannessen jury for stemnet.

Og her, altså, frå startlistene:


MENN

800 meter
Steve Ovett
Anfin Rosendal, Gular
Torstein Brox, Helles
Knut Aarbakke, Bjarg
Ståle Jan Frøynes, BSI

3000 meter
Brendan Foster, England
Jan Fjærestad, Fana
Petter Kleppe, Gneist
Øyvind Gausvik, Gneist
Lars Frode Leknes, Haugesund
Kåre Osnes, Haugesund
Stig Roar Husby, BUL

Tresteg
Ståle Jan Frøynes, BSI
Lars Jørgen Ytrehus, Gneist

100 meter
Dagfinn Jensen, Trio

1500 meter
Olav Terum, Sogndal

400 meter
Rune Dolvik, Gneist

Stav
Erlend Gjøen, Gneist
Tor Haugland, Gneist
Arne Gjesdal, Gneist
Roar Haugland, Gneist
Knut Thorbjørnsen, Gneist
Henning Hofstad, Gular

Diskos
Tor Haugland, Gneist
Ronald Hamarsland, Gneist
Henning Hofstad, Gular
Jørund Årdal, Viing

400 meter hekk
Dagfinn Hårklau, Gneist

800 meter junior
Rodgeir Vigestad, Gneist
Øyvind Liland, Gneist
John Harris Christenen, Haugesund
Kjetil Hildeskor, Sogndal
Morten Warland, Skjalg
Helge Drange, Fana

2000m hinder junior
Vicente Modahl, Geist
Øyvind Ytreus, Gneist



KVINNER

1500 meter
Torunn Sandvoll, Gneist
Ingrid Snadvoll, Gneist
Kjersti Kleppe, Gneist
Hilde Stavik, Aksla

Høgde
Heidi Benserud, Fana
Mary-Ann Haarklau, Gneist
Anita Bolstad, Boltadøyri
Anne-Brit Skjæveland, Sandnes

100 meter
Heidi Benserud, Fana
Nanna Gjerde, Gneist

400 meter hekk
Bente Lervik, Gneist


tirsdag 16. februar 2016

Friske viljer-rapport etter Pingvinlekene

Dei 5. Pingvinlekene er over. Dei 5. Pingvinlekene var også femte gongen at gruppa med ulike former for funksjonsnedsettingar deltok. I løpet av 2015 fekk me oss namnet Friske viljer. Og gruppa levde i høg grad opp til dette namnet lørdag.




60 meter
Vel, som tidlegare omtalt; her fekk me ein hektisk start: Éin kom akkurat for seint til sitt heat, ein annan valte å stå igjen på streken då heatet hans gjekk. Men me fekk begge av garde i det neste heatet! Eit viktig mål er alltid at flest muleg klarer å springa i sin rette bane heile vegen - og lørdag sette me i alle fall ny rekord her, veldig bra!

Våre to "stjerner", Kaj og Trygve, stilte i eit av heata i G14-klassen - og kom først i mål der. Med Trygve sitt løp på 8,76 har me no to "sub 9"-løparar. Hovudtrenar for desse to, Anders Bjørndal, kan godt vera nøgd med dette.

Til saman 9 utøvarar persa på 60-meteren i Leikvanghallen.

Lengde
I lengde nærmar Kaj seg 5-meteren. Han sette ny pers med 4,83 lørdag. Også Trygve persa, til 3,95 - og har dermed ein naturleg barriere å strekka seg mot, han også.

Totalt 10 utøvarar sette ny pers.

Kule
Vel, her blei det mange "persar", i og for seg, sidan den nye kula vår veg 600 gram, mot 800 gram på den gamle, som forsvann i Høiehallen ein stad i haust. Men, men. Lengste 600 gram-støtet (eller "kastet") var så langt som 16,24 meter. Også fem andre kom over 10 meter. I tillegg støtte Trygve med 2 kilo-kule og Kaj med 4 kilo.

Så her er breidde, her er kvalitet og forbetringar. Og her er rasande godt humør - og friske viljer!

søndag 14. februar 2016

Pingvinleikane - den andre dagen

Det var ein fin vinterdag - og eg må vedgå at eg var i skiløypene på Gullbotn det meste av denne dagen. Men i Leikvanghallen gledde alle hjarte seg på alle hjarters dagen over ein ny dag med mykje god friidrett.



Kristoffer Blücher sette ny bestenotering i Gneist, eller det me vel å kalla klubbrekord, då han sprang 600 meter på sterke 1:22,69. Dermed sletta han Henrik Irgens Gravdal sin årsgamle rekord, på 1:24,05. Dette er solid ny pers også på Kristoffer, som hadde 1:24,92 inne og 1:23,81 ute frå tidlegare. Kristoffer fekk også med seg ny pers på 60 meter, med 7,26 (7,29 frå inne-UM i fjor frå før).

G15-tospannet Andreas Haara Bakketun og Pål Haugen Lillefosse leverte sakene igjen søndag, då dei sprang sin 60 meter hekk på høvesvis 8,09 og 8,18 - og dermed overtok Andreas Pål sin ferske klubbrekord - og vel så det. Uhyre sterke prestasjonar av desse to, jamleg.

Herman Ellingsen har gjort store bravdar siste par sesongane. Innimellom kjem han litt i skuggen av sterke andre namn i klubben, men kanskje skjer dette sjeldnare etter kvart. No har Herman også prestert sterkt i høgde. Søndag hoppa han 1,70, som er tangering av G14-klubbrekorden til Pål Haugen Lillefosse!

Ei anna tangering stod Gjert Høie Sjursen for. Han sprang sin 60 meter hekk på 8,53, som er likt med Sondre Rinde sin to år gamle G16-klubbrekord.

Emma A. Voldsund sprang ein sterk 60 meter hekk i J13. Med 9,70 var ho tre hundredelar under Anna Evensen si tid i same klasse for tre år sidan. Det året var Anna best i landet på distansen i klassen.

Hans-Magnus Haukøy leverte eit nytt sterkt løp med 1:28,90 på 600 meter. Det er nesten sekundet under utepersen på distansen og solid ny innepers (1:29 og 1:32 høvesvis frå tidlegare). Også kompis André Seliussen persa på distansen. Han sprang på 1:36,02, og han har 1:37,59 ute og 1:44,25 inne frå før.

Også søndag blei det eit sterkt løp av Jens Larsen Åstveit. Han sprang sin 600 meter på 1:24,28, tre tidelar under utepersen frå i fjor sommar - og langt betre enn gammal innerpers.

Vegard Albrigtsen var like bak sin utepers på same distanse, då han sprang på 1:26,24. Det er godt og vel to sekund betre enn tidlegare innepers, sett under fjorårets pingvinleikar.

Også Steffen Algrøy Boga persa på 600 meter. Han sprang på 1:27,51, tre sekund betre enn under Pingvinleikane i 2014.

Pål Haugen Lillefosse innepersa i lengde med 6,35. Det er 10 centimeter lenger enn Pål hoppa under juleturneen til Finland. Han har 6,50 utomhus. Også Andreas Haara Bakketun innepersa i lengde, han med 5,85 (5,50 frå tidlegare - og 5,92 ute).

Henrik Irgens Gravdal spring kort, medan han ventar på å koma seg i skikkeleg slag igjen. Søndag blei det 7,95 på 60 meter, tre hundredelar raskare enn han gjorde under ein tur til hallen på Leirvik for to år sidan.

Så gjer eg eit untak frå "tangering av pers"-regelen også i dag: Kjekt å notera tangering av pers, nemleg, på nykomar Ingrid Sortland. Ho sprang 60 meter på gode 8,18, same som ho hadde frå leikane i fjor.

Elina Drivenes har sprunge littegrann fortare på 600 meter tidlegare, men jammen var ikkje klubbrekorden i J19 på distansen ledig. No er den Elina sin, på 1:42,94.

Torbjørn Knag persa i lengde til 4,88 - og innepersa på 600 meter til 1:47,55.

lørdag 13. februar 2016

Pingvinleikane - den første dagen

Dei fleste resultata frå første dagen av Pingvinlekane årgang V har tikka inn. Eitt viktig resultat manglar på mi liste; 60 meter i FU-klassen. No var det no slik at løpar i bane 3 i første heat kom akkurat for seint - og dermed måtte stilla i bane 2 i det andre heatet. Og løpar i bane 4 i første heatet kom akkurat til å tenka på noko då skotet gjekk, og då han kom på at han skulle springa var dei andre i mål. Så dermed måtte han springa i bane 3 i det andre heatet, for ho som skulle ha sprunge der hadde andre ting fore nett denne dagen. No ja.

Me hadde det rasande kjekt. Meir om dette følgjer ein av dagane.




Jens Larsen Åstveit og Stian Øvergaard Aarvik sin 1500 meter mot slutten av dag 1 får  koma først: Jens flytta pers og innomhus klubbrekord i Gneist ned med nesten seks sekund, til sterke 3:56,37. Jens har altså 3:59 frå utesesongen i fjor. Stian var ikkje stort dårlegare: 3:58,35 er hans nye pers på - fem sekund ned frå inne-UM i Ulsteinvik i mars i fjor.

Ein ny klubbrekord til for senior noterer me: Andreas Iden sprang si første engelske mil. Det gjorde han på 4:27,45. Dermed blei Andreas nr. 2, bak underteiknas namnebror frå Stord. Sterkt mil-løp blei det også på Steffen Algrøy Boga. Han også innedeuterte på distansen, men med 4:40,74 var han også godt og vel fem og eit halvt sekund raskare enn tida si under Gneistspelen i haust.

Det var eit durabeleg oppgjer i G15 på 60 meter. Det blei same tid på Pål Haugen Lillefosse og på Andreas Haara Bakketun: 7.19. Dermed persa Andreas solid, eitt tidel betre enn han sprang under Nornalekene for eit par veker sidan. Andreas sprang 200 meter på 23,30, som er knappe tre tidelar under gamlepersen.

Gode lengdeprestasjonar fekk me frå Anna Evensen og Malin Marie Rosvoll Olsen. Anna hoppa 5 meter beint, noko som er første gongen over 5-meteren inne. Malin Marie hoppa 4,80. Det er første gongen eg noterer inne-lengde på henne. Ho har 5,01 utomhus. Malin sprang elles på 27,74 på 200 meter, som er innomhus pers på henne.

Hans-Magnus Haukøy sprang ein flott 1500 meter på 4.18,61. Det er innepers med nesten sju sekund og like bak utepersen.

André Seliussen sprang også ein solid 1500 meter, på 4:27,86 - klart under både ute- og innepers (høvesvis 4:33 og 4:41).

Eg har ikkje for vane å nemna tangeringar, men gjer eit unntak i dag: Etter lang tid på sidelinja så hoppa Eirik Leikvoll 3,60 i stav. Det er tangering av pers frå 2014.

Henrik Irgens Gravdal sprang sin raskaste 200 meter. Han fekk tida 24,88, som er tidelen raskare enn han hadde frå tidlegare.

Gjert Høie Sjursen sprang heilt ned på 23,78 på 200 meter. Det er solid pers, ute som inne. Han hadde 24,40 frå UM i Ulsteinvik frå tidlegare. Det blei 7,51 på 60 meter. Det er innpers med åtte hundredelar (frå UM i fjor) og berre to hundredelar bak utepersen. Gjert slengde også kula i veg til 12,80.

Torbjørn Knag sprang sin 60 meter på 8,41, 13 hundredelar betre enn under Pingvinleikane i fjor. På 200 meter blei det 27,57, også det god pers på Torbjørn, halvsekundet betre enn utepersen frå Strandebarm i fjor og over sekundet raskare enn under fjorårets pingvinleikar.

mandag 8. februar 2016

Påls supersesong - episode I

Medan underteikna har lege nede for teljing, så er det andre som har vist atletisk kraft. Tobias Allers-Hansen gjorde ikkje på nokon måte skam på den to manns sterke troppen til helgas Tyrvinglekene innomhus. Han plukka med seg ei rad fine plasseringar i G13.

Men den andre halvdelen av troppen, Pål Haugen Lillefosse, stal overskriftene.



60 meter sprang Pål på 7,13 i forsøket. Det er to hundredelar betre enn tidlegare raskaste noterte tid i G15 i Norge. Lars-Jacob Woie frå Sørfjell sprang på 7,15 godt og vel fire år før Pål blei fødd.

På 200 meter blei det 22,76, som er høgt oppe på lista i landet det også - gjennom alle tider - og nærare halvsekundet raskare enn klubbrekorden i G15 i Gneist. Det er også fortare enn Pål sin utepers (22,80). Gamle innepersen var 24,21 frå januar i fjor, så då er det muleg å skru opp forventningane for denne sesongen.

60 meter hekk gjekk unna på uhyre raske 8,21 - også det ny klubbrekord i Gneist - og vel så det.

Litt spesielt at ikkje stavsprang blir nemn når me snakkar om Pål. Jo da, han vann der også (4,70). For sjølvsagt blei det (til dels soleklart) klare sigrar i alle dei nemnde øvingane.

Og då var friidrettsessongen 2016 for Pål i gang.