mandag 30. mai 2016

Meir smålåtne i Gneist (KM 11-14 år)

Med atterhald om at resultatlistene er så komplette som dei påstår - det manglar vel nokre stafett-resultat i oversikten som finst så langt i alle fall - så har Gneist sitt KM 11-14 år vore av det smålåtne slaget, målt opp mot dei siste ni åra.

Gneist har til tider dominert Kretsmesterskapet i friidrett 11-14 år sidan eg tok til å følgja nøye med - i 2008. Det året var det framleis Norna-Salhus og Laksevåg som var dei to store, med Gneist på plassen deretter. Men 39 medaljar var ikkje gale det heller og 13 av dei var i gull.

I 2009 var Gneist på toppen, med heile 30 gull - og med 78 medaljar totalt.

Året etter, i 2010, blei dette toppa med 32 gull - og 73 medaljar.

I 2011, då me hadde ein fin tur til Voss og KM, så var dominansen svært sterk: 40 gull og heile 88 medaljar totalt plukka Gneist med seg.

Pila peikte framleis oppover i 2012. Då vann Gneist 65 medaljar - heile 41 av dei var i gull.

Så bar 2013-sesongen bod om ei endring. Då var Gneist, for første gongen sidan 2008, detronisert. Både Fana og Bergens Turnforening kom framom. Etter fleire sesongar med ein nesten total Gneist-dominans, så var medaljefangsten totalt på smålåtne 31, men 16 var i gull.

Året etter, i 2014, var klubben likevel tilbake i toppen, med 54 medaljar og 30 i gull - eit år som minna om stordomstida, sjølv om det ikkje var fullt så sterkt som perioden 2009-2012.

Også i 2015 var Gneist på toppen, sjølv om Fana, Ask, Bergens Turnforening og AKS-77 var hakk i hæl. Totalt blei det 46 medaljar til Gneist i fjor, 16 i gull.


Men i 2016 er biletet radikalt annleis. Talet på medaljar er på smålåtne 24 - totalt - for Gneist, 7 av dei i gull. Både Norna-Salhus, Viking (!), Laksevåg og Bergens Turnforening er framfor på lista. (Også andre normalt større klubbar, som Fana og Fri, er langt nede  på årets medaljestatistikk.)

11-14 år er ein viktig målestokk for kva for klubbar som bevegar seg, sjølv om KM-helga har mange tilfeldige sider ved seg. Men likevel: Gneist sitt hegemoni er over (for denne gong), Laksevåg er på god fart tilbake til noko som er i nærleiken av gamle høgder, Norna-Salhus har fått ein ny, grei base, det same har Bergens Turnforening, medan Viking brått har fått fleire spennande utøvarar mellom dei yngste.

søndag 29. mai 2016

KM: dag 2 og 3

Eg må nesten koma tilbake til nett den dimensjonen, men på overflata ser årets KM ut til å vera mellom dei svakaste i nyare Gneist-soge - ikkje minst om me ser på dei viktige 11-14- klassane. Men som sagt; dette får eg koma tilbake til, ved høve.

Dag 2 (lørdagen) noterte eg at Andreas Haara Bakketun persa med eitt hundredel på 100 meter, til 11,49.



Frå siste dag er det meir å skriva heim om. På 800 meter for senior blei det mange fine tider. Jens Larsen Åstveit sprang heilt ned på 1:55,56 - pers med nesten to sekund. Vegard Albrigtsen persa med om lag like mykje, målt mot tida hans frå UM i haust. Den nye persen er på 1:58,16. Thomas Blücher sprang på 2:01,91 - også den persbetringa er i slekt i kvalitet med Jens og Vegard si; Thomas hadde 2:03,73 frå før - også det frå UM på Lillestrøm i fjor. Endeleg betra Hans-Magnus Haukøy si 800-tid, frå 2:03,35 (Karabinlekene tidlegare i mai) til 2:03,08.

Jentene/kvinnene (dei stilte i KS) leverte nye solide løp på 800 meter søndag: Maike Verhofstad knuste sin heilt ferske pers på distansen, og sprang heilt ned på 2:21,16. Ingrid Næss Johansen held fram med å slå 2013-persane sine. Denne gongen blei det 2:24,61 (2:25,51 frå mai 2013 frå før).

Andreas Jensen sprang 800 meter i eigen klasse (G18/19). Der blei det 2:06,86, solid ny pers det også - frå 2:09,12 under Opningsstemnet på Kuventræ i september i fjor.

I skrivande stund har eg ikkje vind på 200 meter for Andreas Haara Bakketun, men eg tar vel for gitt at vinden var (meir enn) godkjent. Andreas sprang på 23,39, som er utepers (han har sterke 22,65 frå inne-UM).

Pål Haugen Lillefosse betrar stadig den offisielle seniorrekorden i stav, sjølv om han enno har betre pers. Søndag kom han seg over 4,66.

Gjert Høie Sjursen sette ny utepers på 200 meter, med 23,87 (24,46 frå før; han har 23,78 frå innesesongen). Gjert betra også eigen klubbrekord i G16 med 5 kilos-kula, frå 12,42 til 12,60.


lørdag 28. mai 2016

KM: dag 1

Andreas Iden var det fremste medlemmet av The Come Back Kids' Club i 2015. I år får han i alle fall følgje av Ingrid Næss Johansen. Under første dag av KM på Fana Stadion stadfesta ho at 2016 blir eit godt Ingrid-år, etter fleire års motgang. Ja, for då ho sprang inn til KM-sølv på 1500 meter på 4:49,42, så persa ho med nærare åtte sekund - og persen var ganske nøyaktig tre år gammal. Dette var veldig kjekt.



Ingrid fekk følgje, bokstavleg talt, av Maike Verhofstad, som persa på distansen til 4:52,05. Det var 15 sekund ned ut frå utepersen frå i fjor, og nesten sju sekund betre enn innpersen frå i vinter.

Det var ein varsam start, med få øvingar, fredagskvelden. Gneist fekk seg éin kretsmester: Håvard Rinde i spyd i G15, og der betra Håvard eigen klubbrekord med nesten to meter - til 47,57.

onsdag 25. mai 2016

Kvalifiseringsoversikt, NM

Årets banesesong er så smått i gang - og den er i ferd med å ta av, med KM til helga og Framoleikar helga deretter. Om litt over to månader kjem årets store arrangement, både nasjonalt og lokalt; NM på Askøy.

Her er ein oppfriska oversikt over kvalifiserte til årets norske meisterskap - sett med Gneist-auge:



Etter årets innesesong sneik ein ny førsteårsjunior/-senior seg med på lista - Andreas Haara Bakketun, som sprang på kvalifiseringskravet akkurat på 200 meter: 22,65. NM-lista for 2016 tel nett no dermed 14 namn (4 kvinner, 10 menn);

** Monika Benserud
** Anne Skudal Dolvik
** Eline Myking
** Ingvild Myking
** Andreas Haara Bakketun
** Anders Bjørndal
** Henrik Irgens Gravdal
** Andreas Iden
** Espen Roll Karlsen
** Pål Haugen Lillefosse
** Amund Høie Sjursen
** Erlend Gjerdevik Sørtveit (feriekvoten)
** Stian Øvergaard Aarvik
** Jens Larsen Åstveit


Til junior-NM berre ei veke etter er det dobbelt så mange på lista mi:




U20, kvinner (10)
** Elina Drivenes
** Ingrid Næss Johansen
** Renate Lie
** Eline Myking
** Ingvild Myking
** Sanne Myrmel
** Malin Marie Rosvoll Olsen
** Anna Serine Røssland
** Ingrid Sortland
** Maike Verhofstad

U20, menn (11)
** Vegard Albrigtsen
** Henrik Almenningen
** Andreas Haara Bakketun
** Kristoffer Blücher
** Henrik Irgens Gravdal
** Eirik Leikvoll
** Pål Haugen Lillefosse
** Gjert Høie Sjursen
** Jakob Jamt Ånonli
** Stian Øvergaard Aarvik
** Jens Larsen Åstveit

U23, kvinner (1)
** Monika Benserud

U23, menn (6)
** Anders Bjørndal
** Andreas Iden
** Stian Norheim (gjestearbeidar)
** Ole Martin Røssland
** Amund Høie Sjursen
** Erlend Gjerdevik Sørtveit (gjestearbeidar - II)

** ** **

... Sidan både innesesong og årets utesesong er kvalifiserande for neste års meisterskap; her er ein tal-oversikt i alle fall, så langt:

Til NM i Sandnes i august 2017 er 5 utøvarar alt kvalifiserte (to kvinner, tre menn).

Til junior-NM i Harstad i same månad er alt 16 utøvarar kvalifiserte (2 jenter, 14 gutar)

onsdag 18. mai 2016

Fine prestasjonar på Hamar

Etter ei knallsterk helg på Fana Stadion heldt Anne Skudal Dolvik fram sin, bokstavleg talt, nye vår i Gneist-drakta onsdag kveld. Då sprang ho på 55,36 på 400 meter under Grand Prix-stemnet på Hamar. Dermed sletta ho gamlepersen med tre tidelar, ein gamlepers sett tilbake i 2013. I tillegg sette ho ny senior-klubbrekord i Gneist. Vilde Lund Bjørnsen hadde den gamle på 56,43 - noko som framleis er U20-rekord.



Pål Haugen Lillefosse hoppa 4,60 i stav - og er på veg oppover, rett og slett. Det er noko bak persen til Pål, men likefullt betring av eigen offisiell seniorrekord i Gneist.

Jens Larsen Åstveit sprang på sterke 8.28 inne i vinter. Onsdag blei det 8:42,04 på 3000 meter, noko som er utepers, like under tida frå UM sist haust. 

Og så tar me med at Anders Bjørndal sesongdebuterte på 800 meter - med 1:58,45.

tirsdag 17. mai 2016

Karabinlekene dag 3 (søndagen)

Søndagen under Karabinlekene var heilt sikkert hendingsrik, mellom anna med ei heil rekkje resultat for dei aller yngste. Sett med Gneist-auge var det ikkje same kvantiteten denne siste dagen, men det var no aldri så lite kvalitet.



For Anne Skudal Dolvik, som berre var for sterk vind frå å bli rekordsetjar på 100 meter lørdagen, ho gjorde det søndagen - på den doble distansen. Då persa ho til 24,51, sju hundredelar under tida ho sprang på frå Bislett i fjor sommar. Men det var samtidig også fire hundredelar betre enn det Anne-Beth Espetvedt klarte tilbake under NM på Nesbyen i 1987 - og dermed altså ny senior-klubbrekord i Gneist!

Pål Haugen Lillefosse knuste gamlerekorden på 80 meter i G15, då han sprang på 9,30. Den gamle hadde Gjert Høie Sjursen frå fjoråret, på 9,86.

Og så blei det eit nytt flott løp for Jakob Jamt Ånonli. Denne gongen blei det under 24 blank på 200 meter for første gongen: 23,94 er over halvsekundet under tida frå Framolekene i fjor.

Karabinlekene dag 2 (lørdagen)

Det er midt på natta, strengt tatt er det 17. mai også, men det kan eg nesten ikkje dvela ved. Verre er det at det rasande gode 100 meter-løpet eg registrerte nett, det var i røynda eit ikkje så veldig langt spydkast. No ja, det er harde tider.

Lørdag under Karabinlekene blei det likevel både klubbrekordar og persar. Her er, etter beste evne, nokre:



Pål Haugen Lillefosse sette ny klubbrekord i lengde i G15 med 6,41 - sjølv om det er ni centimeter opp til Pål sin eigen pers. Det var Gjert Høie Sjursen som hadde den gamle i årsklassen, med 6,26 frå fjoråret (i tillegg hadde Pål 6,35 inne i vinter).

Håvard Rinde kasta spydet 45,76 i G15, som er betring av same Gjerts gamle klubbrekord i årsklassen (42,36).

Men Gjert Høie Sjursen sjølv sette ny klubbrekord på 110 meter hekk (91,4 cm) på 14,92. Der hadde Sondre Rinde den gamle, med 15,10, frå 2014.

Emma A. Voldsund heldt fram si rekord-sletting i kast i J13. Denne gongen blei det ny i spyd, med heile 34,50. Her var den gamle frå 2004 - Lene Drange med 27,44.

Og så var det berre litt for mykje vind i vegen frå at Anne Skudal Dolvik sette ny seniorrekord på 100 meter. Ho sprang på 11,95 i +2,6. Kjersti Ristesund (Bjørndal) har klubbrekorden på 12,03, heilt tilbake frå 1987.

Persar:

Andreas Haara Bakketun sprang 100 meter på 11,50 (11,53 frå i fjor).

Jakob Jamt Ånonli var også heilt nede på 11,65 på 100 meter (11,71 frå fjoråret).

Maike Verhofstad sprang ein sterk 800 meter, ned til 2:27,36 (2:35,09 ute og 2:33,84 inne frå tidlegare).

Hans-Magnus Haukøy persa på sin 800 meter, til 2:03,35. Han hadde 2:04,99 frå opninga av nye-stadion på Kuventræ i fjor haust frå tidlegare.

mandag 16. mai 2016

Karabinlekene dag 1 (fredagen)

Eg har køyrt bil - ikkje i ein månad, berre i ei helg. Og eg har vore i vene Nissedal, i bygda der Jan Gunnar Solli vaks opp og der Stian Øvergaard Aarvik faktisk er eit nokolunde kjent namn, i alle fall i visse kretsar, etter Skuggenatten Opp 2015.

I mellomtida, ein heilt annan stad, altså på Fana Stadion, kom stemnesesongen 2016 i gang - med Karabinlekene.

For min eigen del får eg ta det dag-for-dag - slik nokre dagar etter:



Andreas Haara Bakketun er ein av dei som kom solid gang, med 39,29 på 300 meter hekk i G15. Dermed var han nesten halvsekund under Kristoffer Blücher sin klubbrekord frå to år tilbake.

Pål Haugen Lillefosse vann stav på 4,40. Han har vore ein del høgare tidlegare, men dette er faktisk offisiell (eller; "offisiell", det er no ikkje eg som bestemmer, med mindre det er eg som bestemmer) klubbrekord for seniorar i Gneist - utomhus. Den gamle var på 4,20, sett av Erlend Gjøen i 1985 og Kristian Haga i 1989. Pål sine høgare høgder er frå før-senior-alder.

Emma A. Voldsund sette ny klubbrekord i liten ball i J13. Ho kasta så langt som 55,31, over ti meter lengre enn Ingvild Mundal Andersen gjorde for 13 år sidan,

Adele Henriksen sette ny klubbrekord på 2000 meter i J14, då ho sprang på 7:04,92. Ingrid Næss Johansen hadde den gamle, frå 2011, på 7:08,35.

Ingrid Næss Johansen sjølv sette ein gledeleg ny pers på 3000 meter, med 10:39,45, nesten ti sekund under gamlepersen frå sommaren 2013.

André Seliussen knuste sin gamlepers på 3000 meter, då han sprang inn på 9:18,27, tett bak junior-NM- kravet.

Ny pers blei et vel også på Steffen Algrøy Boga på same distanse, etter det eg har i mine notat. Han sprang i mål på 9:50,93.