onsdag 24. august 2016

Klubbrekordar

Klubbrekord-oversikten senior og U20 er no "oppdatert". Hermeteikna inneber at oppdateringa baserer seg på resultata som har nådd den offisielle, elektroniske statistikk-databasen. Her manglar det framleis ein del gode resultat frå lokale stemne i det siste. Men dei kjem på plass dei også, med tid og stunder.

Anne Skudal Dolvik har hatt ein eventyrleg sesong i come backet i Gneist-trøya. På 100 meter sletta Anne den 29 år gamle (!) klubbrekorden til Kjersti Ristesund (Bjørndal) under eit sommarstemne på Bislett i juli. Den nye rekorden er på 11,90, Kjersti si tid frå 1987 var på 12,03.

På 200 meter og 400 meter har Anne pynta på eigne rekordar: På 200 meter blei den kraftig forbetra, også det på Bislett, til 23,89. Den nye rekorden på 400 meter (igjen er det Bislett som er favoritt-arenaen) er på 55,03.

Monika Benserud har betra eigen tresteg-rekord (KS og U20) frå 12,66 til 12,81. Det skjedde under junior-NM på Brandbu.

Til sist: Henrik Irgens Gravdal betra også eigen rekord (MS og U20), då han sprang 600 meter på 1:22,22 på Osterøy midt i juli. Tidlegare hadde Henrik 1:23,03.

Brandbu 2016

Det er nesten ikkje muleg å skildra den suksesshistoria som årets Sommerleker på Brandbu i Oppland blei for Friske Viljer. Etter at Kaj på glitrande vis åleine hadde representert gruppa i 2014 og 2015, så blei deltakinga åttedobla dette året - vårt jubileumsår. Me fekk ei rekkje strålande resultat, haugevis med edelt metall og topp innstilling gjennom heile helga.










Sofie var einsleg svale på jentesida. Ho representerte oss på eminent vis, sjølv om me - av fleire ulike grunnar - treng fleire jenter med neste år! Spesielt på 60 meter presterte Sofie veldig godt, med to optimale løp - og med superpers søndagen.


På 60 meter for gutane slo Trygve til med smått utrulege 8,0 søndag, men det var lett å sjå at dette var eit løp der alt klaffa for Trygve. Både Adrian og Erik sneik seg under 11 blank, Henrik - som feira sine 13 år på Hadeland - og Heine persa også solid og er no godt nede på 11-talet.


Trygve hadde også sin debut på 100 meter og Kaj sprang sterkt på same distansen, rundt tangering av pers (elektronisk tidlegare, manuelt denne gongen).


I lengde strekte Trygve seg til 4,17 lørdag og er dermed - saman med Kaj - vår andre 4 meters-mann. Henrik og Frode hoppar omtrent like langt og god forbetring også for Heine i lengdegropa.


Frode støtte tyngre kule enn han nokon gong har gjort før, i ein kulekonkurranse som blei uhyre jamn og spennande og der Kaj var 2 centimeter bak sigeren.


I liten ball var det Heine som slo til med nesten 30 meter (28,70) - fin pers også på Henrik her.


Gruppa har vore med karusell-stafettar frå Fana Stadion i fleire år, men søndag blei ein merkedag - med debut på 1000 meter stafett. Me stilte med to lag, alle var altså med - og fantastisk innsats og topp plasseringar på begge laga!: Henrik (100 meter), Frode (200 meter), Kaj (300 meter) og Trygve (400 meter) på det eine laget - og Sofie (100 meter), Erik (200 meter), Heine (300 meter) og Adrian (400 meter) på det andre.




Svær helg . Eg har tårer i augo framleis.